Prop. 51 L (2022–2023)

Endringar i rekonstruksjonslova (forlenging av tida lova skal gjelde)

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Siktemålet med forslaget om å føre vidare den mellombelse lova fram til 1. juli 2025 er å redusere risikoen for konkurs i føretak som under normale omstende er levedyktige. Sjølv om bakgrunnen for den mellombelse lova om rekonstruksjon var utbrotet av covid-19, er ikkje lovreglane knytt til smittesituasjonen konkret, men til dei økonomiske langtidsverknadene av pandemien. Det kan ha store kostnader om føretak som elles er levedyktige, ikkje overlever. Den mellombelse lova om rekonstruksjon kan redusere risikoen for unødige konkursar i levedyktige føretak som er ramma av langtidsverknadene av pandemien, men også for føretak med økonomiske problem som er forårsaka av andre omstende. Det er positivt for verksemda, kreditorane, næringslivet generelt og for samfunnet. Færre konkursar kan medverke til å redde arbeidsplassar og verdiar. For verksemda kan ein vellykka rekonstruksjon gi meir nøgde leverandørar og samarbeidspartnarar, noko som kan gjere det enklare for verksemda å komme attende til velfungerande drift. Dette er omsyn som er viktige også uavhengig av pandemien.

Blir den mellombelse lova ført vidare, kan det ha som følgje at det blir gjennomført fleire rekonstruksjonar for domstolane enn det som hadde vore tilfellet etter reglane om gjeldsforhandling i konkurslova. Det vil bli dekka innanfor gjeldande budsjettrammer.