Prop. 52 L (2016–2017)

Oppheving av lov om ferie for fiskere og endringar i ferieloven

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

2.1 Behov for endringar

Tradisjonelt har fiskarane hatt ei rekkje særreglar på fleire velferdsrettslege område, medrekna reglar for fiskarpensjon, a-trygd (dagpengar) og garantilott. Det er Garantikassen for fiskere som administrerer desse ordningane. Reglane om ferie for fiskarar er også særskilt regulerte i ei eiga lov. Lov om ferie for fiskere vart vedtatt i 1972, men tredde ikkje i kraft før 1. februar 1980 (delvis) og den attverande delen frå 17. desember 1982.

Fleire føresegner i lov om ferie for fiskere har i seinare tid mista sin aktualitet, men er likevel ikkje oppheva. Til dømes vart ordninga med statstilskot til Feriefondet for fiskarar oppheva i 1994, men § 6 om Feriefondet er likevel ikkje formelt oppheva. Store delar av dette forslaget vil derfor vere reint oppryddingsarbeid, utan faktiske realitetsendringar.

Etter at ordninga med statstilskot til Feriefondet for fiskarar vart oppheva i 1994, er det berre på nokre få områder at lov om ferie for fiskere skil seg frå ferielova. Hovudskilnaden gjeld tidsrommet for ferieavvikling og utrekningsmetoden for feriepengar.

Departementet meiner at fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste bør ha same rett til ferie som andre arbeidstakarar, og at det ikkje er tilstrekkelege argument for å føre vidare ein skilnad mellom fiskerinæringa og andre næringar når det gjeld tidsrommet for ferieavvikling og utrekningsmetoden for feriepengar. Fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste vil få dei same ferierettane som andre arbeidstakarar ved å gjere ferielova gjeldande også for fiskarar.

Det forenklar regelverket at den same ferielovgivinga gjeld for fiskarar som andre arbeidstakarar. Også arbeidstidsdirektivet, med tilhøyrande praksis frå EU-domstolen, tilseier at fiskarar som arbeidstakarar bør omfattast av ferielova.

2.2 Høyringsinstansar

Nærings- og fiskeridepartementet sendte 19. september 2015 ut eit høyringsnotat til aktuelle organisasjonar og institusjonar med forslag om å oppheve lov om ferie for fiskere og forslag om endring i lov om ferie (ferieloven). Høyringsfristen var 19. november 2015.

Følgande høyringsinstansar fekk tilsendt høyringsnotatet:

  • Arbeids- og sosialdepartementet

  • Sametinget

  • Fiskeridirektoratet

  • Garantikassen for fiskere

  • Norges Fiskarlag

  • Norges Kystfiskarlag

  • Pelagisk Foreining

  • Fiskebåt

  • Norsk Sjømannsforbund

  • Norsk Sjøoffisersforbund

  • Det norske maskinistforbund

  • Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund

  • Næringslivets Hovedorganisasjon

  • Norske Sjømatbedrifters Landsforening

  • Sjømat Norge

2.3 Generelt om høyringsfråsegnene

Høyringsinstansane er i stor grad positive til forslaga i høyringsnotatet.

Næringslivets Hovedorganisasjon, Norske Sjømatbedrifters Landsforening og Sjømat Norge har ikkje levert høyringsfråsegn.

Norsk nærings- og nytelsesmiddelarbeiderforbund skriver at dei avstår frå å gi høyringssvar på denne høyringa. Sametinget har gitt munnleg beskjed om at dei også avstår frå å gi høyringssvar.

Arbeids- og sosialdepartementet, Fiskeridirektoratet og Garantikassen for fiskere har ingen merknader til høyringsnotatet.

Pelagisk Forening støtter forslaga om oppheving av lov om ferie for fiskere, og forslag om endring av ferielova.

Sjømannsorganisasjonenes fellessekretariat skriv på vegne av Norsk Sjømannsforbund, Norsk Sjøoffisersforbund og Det norske maskinistforbund at dei er positive til at det blir utført ei opprydding i regelverket med sikte på forenkling. Dei vil samtidig understreke at mange fiskarar må reknast som arbeidstakarar i ferielova si forstand.

Norges Fiskarlag har ingen merknader til at lov om ferie for fiskere vert oppheva, og legg til grunn at det fortsatt er mogleg å fråvike utrekning av feriepengar for fiskarar ved tariffavtale.

Norges Kystfiskarlag støttar forslaget om at fiskarar som utfører arbeid i andre si teneste no skal omfattast av reglane i ferielova. Når det gjeld feriepengar må det i lovteksta kome fram at det ikkje skal utreknast feriepengar av lott.

Fiskebåt skriv at dei i utgangspunktet er positiv til at regelverket blir modernisert, men er samtidig opptekne av at konsekvensane av omlegginga må vere tydelege, og at regelverket må behalde balansen mellom partane i arbeidslivet.

  • Spørsmålet om feriepengar bør etter Fiskebåt sitt syn overlatast til partane i arbeidslivet. Prinsipalt anbefaler Fiskebåt at gjeldande finansieringsordning av feriepengar blir vidareført, så blir det opp til tariffpartane å avgjere om ein skal endre på dette. Uavhengig av om deira prinsipale standpunkt fører fram er det viktig at endringa ikkje hindrar at feriepengar kan inkluderast i hyresatsane og utbetalast fortløpande. Fiskebåt legg til grunn at ein med i medhald av ferielova § 11 vidarefører denne praksisen.

  • Når det gjeld tidsrom for ferieavvikling viser Fiskebåt til dei ulike turnusordningane innanfor fiskernæringa, og meiner at desse ordningane kan kombinerast med ein vilkårslaus rett til å ta 18 dagar ferie i tidsrommet 1. juni til 30. september, så lenge ein kan forstå ferielova § 5 slik at all avspasering og fritid skal reknast som ferietid.

  • Fiskebåt meiner at det også bør gjerast nødvendige tilpassingar i ferielova, og viser særleg til § 5 nr. 4 som gjeld tilleggsfritid ved søndags- og skiftarbeid, varierande arbeidstid mv og § 10 nr. 4 som seier at det skal betalast feriepengar av sjukepengar utbetalt av arbeidsgivar i arbeidsgivarperiodar.

Til forsida