Prop. 52 L (2016–2017)

Oppheving av lov om ferie for fiskere og endringar i ferieloven

Til innhaldsliste

3 Om lov om ferie for fiskere, ferielova og arbeidstidsdirektivet

3.1 Innleiing

Tradisjonelt har fiskarane hatt ei rekkje særreglar på fleire velferdsrettslege område, medrekna reglar for fiskarpensjon, a-trygd (dagpengar) og garantilott. Det er Garantikassen for fiskere som administrerer desse ordningane. Reglane om ferie for fiskarar er også særskilt regulerte i ei eiga lov. Lov om ferie for fiskere vart vedtatt i 1972, men tredde ikkje i kraft før 1. februar 1980 (delvis), og den attverande delen frå 17. desember 1982. Garantikassen administrerte tidlegare Feriefondet for fiskarar, jf. § 6 i lova. Ordninga med Feriefondet blir ikkje nytta lenger, sjølv om føresegna ikkje er formelt oppheva.

Ein må sjå lov om ferie for fiskere i samanheng med den alminnelege lova om ferie (ferielova). I § 2 nr. 5 i ferielova blir det bestemt at ferie for fiskarar skal regulerast i ei eiga lov. Ferielova er ei av vernelovene på det arbeidsrettslege området, og omfattar dei fleste arbeidsforhold i privat og offentleg sektor. Lova gir arbeidstakarane bestemte minsterettar som hovudsakleg berre kan fråvikast ved avtale til gunst for arbeidstakarane. Reglar for feriefritid og feriepengar er også regulerte i ferielova.

Dei mest vesentlege skilnadene mellom lov om ferie for fiskere og ferielova er i dag borte. Fleire av reglane har same karakter og innhald, og enkelte føresegner viser direkte til føresegner i den alminnelege ferielova.

3.2 Feriefondet for fiskarar

Ein tilsynelatande skilnad mellom lov om ferie for fiskere og ferielova er ordninga med Feriefondet for fiskarar som tidlegare forvalta feriepengeordninga, jf. § 6. Ordninga med Feriefondet er ikkje ført vidare i praksis, og føresegna er derfor utdatert.

3.3 Kven som har ein lovfesta rett til ferie

Lov om ferie for fiskere omfattar alle som har arbeidet sitt om bord på fartøy som fell inn under verkeområdet til lova, jf. § 1 og § 2 – både arbeidstakarar og fiskarar med annan arbeidsrettsleg status. Dette inneber at lova også gjeld for eigaren av fartøyet når han/ho arbeider om bord, og for høvedsmann/skipper.

Ferielova omfattar berre arbeidstakarar (alle som utfører arbeid i andre si teneste), slik også arbeidsmiljølova gjer.

3.4 Tidsrom for rett til ferieavvikling

Lov om ferie for fiskere gir rett til færre samanhengande feriedagar i «hovudferieperioden» enn det ferielova gjer. Fiskarane har rett til minst 12 dagar ferie i tidsrommet 16. mai til 30. september, med mindre driftsmessige grunnar gjer det nødvendig å leggje ferien utanfor dette tidsrommet.

Etter ferielova har arbeidstakarane eit vilkårslaust krav på å få ta ut 18 dagar ferie i tidsrommet 1. juni til 30. september, jf. ferielova § 7 nr. 1.

3.5 Berekne feriepengar

3.5.1 Lov om ferie for fiskere og ferieloven

Etter lov om ferie for fiskere skal feriepengane finansierast av fiskarane sjølve ved at arbeidsgivar trekkjer den gjeldande prosentsatsen i fiskarane si arbeidsforteneste og utbetalar beløpet som feriepengar når det blir ferie, jf. § 5.

Ordninga etter ferielova er at feriepengane skal utreknast som eit tillegg til den løna som blir betalt ut i oppteningsåret, jf. ferielova § 10 nr. 1. Feriepengesatsen er 10,2 prosent for arbeidstakarar opp til 60 år, med eit tillegg på 2,3 prosent for arbeidstakarar over 60 år, jf. ferielova § 10 nr. 2 og 3. Dette gjeld også for fiskarar, jf. tilvisinga til ferielova i lov om ferie for fiskere. Prosentsatsen kan fråvikast ved tariffavtale.

3.5.2 Arbeidstidsdirektivet

Arbeidstidsdirektivet (Europaparlaments- og Rådsdirektiv 2003/88/EF av 4. november 2003 om visse sider ved organisering av arbeidstida) i EU set rammer for medlemslanda si regulering av arbeidstida, medrekna ferie. Direktivet er eit minimumsdirektiv og er innlemma i EØS-avtalen. Noreg pliktar dermed å sørgje for at norsk regelverk er i samsvar med direktivet.

Tidlegare var fiskarane unntatt frå verkeområdet til direktivet. I 2000 vart direktivet endra til å omfatte ein del sektorar og verksemder som tidlegare var unntatt frå verkeområdet, og fiskarar vart også inkludert (jf. tidlegare direktiv 93/104/EF og endringsdirektivet 2000/34/EF).

I artikkel 7 i direktivet er det fastsett eit minimumskrav til årleg ferie for arbeidstakarane:

  • Medlemsstatane skal setje i verk dei nødvendige tiltaka for å sikre alle arbeidstakarar ein årleg betalt ferie på minst fire veker, i samsvar med vilkåra for rett til ein slik ferie og tildeling av ein slik ferie, fastsett i nasjonal lovgiving og/eller praksis.

  • Minimumsperioden for årleg betalt ferie kan ikkje erstattast av ei økonomisk godtgjersle, bortsett frå når arbeidsforholdet tar slutt.

EU-domstolen har tatt stilling til omgrepet «betalt ferie» i ei rekkje dommar. Domstolen har fleire gonger presisert det nærmare innhaldet i dette kravet, til dømes når arbeidstakaren blir sjuk i samband med fastsett ferie, og når arbeidstakaren berre har fått feriepengar for ein del av inntekta si. Gjennomgåande har arbeidstakarane fått medhald i domstolen, sjå særleg sak C-539/12, der domstolen slår fast at også provisjon skal inngå i feriepengegrunnlaget. Domstolen har fleire gonger uttalt at retten til årleg betalt ferie er eit særleg viktig prinsipp i EUs sosiale lovgiving som det ikkje kan gjerast unntak frå. Det er lagt vekt på at formålet med feriepengar er å stille arbeidstakarar som er på ferie i ein økonomisk posisjon som kan samanliknast med den posisjonen dei er i når dei arbeider.

3.6 Sanksjonar

Brot på eventuelle forskrifter gitt etter lov om ferie for fiskere § 10 kan straffast med bøter, jf. § 13. Brot på ferielova er ikkje straffbart utanom dei handlingar som blir ramma av dei tilknytte reglane om utbetaling av feriepengar og lønn i arbeidsmiljølova §§ 14 og 15, jf. ferielova § 11 nr. 6.

3.7 Dei andre føresegnene i lov om ferie for fiskere

Lov om ferie for fiskere inneheld elles følgjande føresegner:

  • § 1. Virksomhet som går inn under loven.

  • § 3. Definisjoner

  • § 8. Fartøy som skifter eier

  • § 9. Feriegodtgjøring ved dødsfall

  • § 10. Alternative finansieringsordninger

  • § 11. Forskrifter. Lovens ufravikelighet

  • § 12. Opplysningsplikt

  • § 14. Ikrafttreden

Etter lov om ferie for fiskere § 1 gjeld lova for «ethvert fartøy som brukes til ervervsmessig fiske eller fangst eller til føring av annens fangst sammen med egen».

Lov om ferie for fiskere § 3 definerer ferieåret som «kalenderåret».

Det følgjer av § 8 i lova at «rett til ferie eller feriegodtgjøring endres ikke om fartøyet skifter innehaver (eier eller leier)».

Etter § 9 går feriegodtgjersla inn i fiskaren sitt dødsbu ved eit eventuelt dødsfall.

Lov om ferie for fiskere har i § 10 ei føresegn om alternative finansieringsordningar. Denne føresegna har mista sin aktualitet etter at ordninga med statstilskot vart oppheva frå 1. januar 1994.

Paragraf 11 første ledd gir departementet heimel til å fastsetje forskrifter for gjennomføring av ei ferieordning for fiskarar etter denne lova. Det er likevel ikkje gitt forskrifter etter første ledd. I andre ledd kan departementet gi forskrift om bruken av lova for «utsendte arbeidstakere, jf. arbeidsmiljøloven § 1-7». Med heimel i denne føresegna er det gitt éi forskrift om utsende arbeidstakarar: forskrift 16. desember 2005 nr. 1566. Denne forskrifta har også heimel i ferielova § 2 nr. 6. Etter § 11 tredje ledd kan det i forskrifter fastsetjast at «reglene i lov om ferie helt eller delvis skal komme til anvendelse». Det følgjer av § 11 fjerde ledd at «lovens regler kan ved avtale fravikes til skade for fiskeren bare i de tilfeller hvor loven gir utrykkelig hjemmel for det». Fjerde ledd svarar til ferielova § 2 andre ledd.

Lov om ferie for fiskere § 12 om opplysningsplikt gir departementet heimel til å «kreve av den som pålegges å gjennomføre trekk etter denne lov at han godtgjør å ha betalt på riktig måte de beløp som holdes tilbake i samsvar med denne lov eller bestemmelser gitt i medhold av den». Denne føresegna har vore uaktuell etter at ordninga med statstilskot vart oppheva frå 1. januar 1994.

Paragraf 14 gjeld ikraftsetjing av lov om ferie for fiskere.

Til forsida