Prop. 55 S (2014-2015)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 188/2014 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/50/EU om minstekrav med omsyn til styrking av arbeidstakarmobiliteten mellom medlemsstatane gjennom betring av oppteninga og vidareføringa av rettane til supplerande pensjon

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/50/EU av 16. april 2014 om minstekrav med omsyn til styrking av arbeidstakarmobiliteten mellom medlemsstatane gjennom betring av oppteninga og vidareføringa av rettane til supplerande pensjon

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR –

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen, særleg artikkel 46,

med tilvising til framlegget frå Kommisjonen,

med tilvising til fråsegna frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet1,

etter den ordinære regelverksprosessen2 og

ut frå desse synsmåtane:

  • 1) Fri rørsle for personar er ein av dei grunnleggjande fridommane i Unionen. I artikkel 46 i traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen (TVEU) er det fastsett at Europaparlamentet og Rådet, etter den ordinære regelverksprosessen og etter å ha rådspurt Det europeiske økonomi- og sosialutvalet, i direktiv skal fastsetje tiltak som er naudsynte for å gjennomføre fri rørsle for arbeidstakarar slik ho er fastsett i artikkel 45 i TVEU. I artikkel 45 i TVEU er det fastsett at den frie rørsla for arbeidstakarar mellom anna inneber retten til å ta imot faktiske jobbtilbod og flytte fritt innanfor territoriet til medlemsstatane for dette føremålet. Føremålet med dette direktivet er å fremje arbeidstakarmobiliteten ved å redusere dei hindringane for slik mobilitet som oppstår som følgje av visse reglar som gjeld supplerande pensjonsordningar knytte til eit arbeidstilhøve.

  • 2) På pensjonsområdet vert den sosiale tryggleiken til arbeidstakarane sikra gjennom lovfesta trygdeordningar saman med supplerande pensjonsordningar knytte til arbeidsavtalar, noko som vert stadig vanlegare i medlemsstatane.

  • 3) Europaparlamentet og Rådet har vid fullmakt til å nytte skjønn når det gjeld å velje dei tiltaka som er mest føremålstenlege for å nå målet i artikkel 46 i TVEU. Den ordninga for samordning som er fastsett i rådsforordning (EØF) nr. 1408/713 og i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 883/20044, og særleg dei reglane som gjeld samanlegging, kan ikkje nyttast på supplerande pensjonsordningar, bortsett frå ordningar som vert definerte som lovgjeving i dei nemnde forordningane, eller som er omfatta av ei fråsegn om dette frå ein medlemsstat i medhald av dei nemnde forordningane.

  • 4) Rådsdirektiv 98/49/EF5 utgjer eit første særleg tiltak som har som føremål å gjere det enklare for arbeidstakarar å utøve retten til fri rørsle med omsyn til supplerande pensjonsordningar.

  • 5) Føremålet med dette direktivet er å lette arbeidstakarmobiliteten ytterlegare mellom medlemsstatane gjennom betring av oppteninga og vidareføringa av rettane til supplerande pensjon for medlemmer av slike supplerande pensjonsordningar.

  • 6) Dette direktivet gjeld ikkje opptening og vidareføring av rettane til supplerande pensjon for arbeidstakarar som flyttar innanfor éin og same medlemsstat. Medlemsstatane kan vurdere å nytte dei nasjonale fullmaktene sine til å utvide dei reglane som skal nyttast i medhald av dette direktivet, til dei medlemmene av ei ordning som skiftar arbeid innanfor éin og same medlemsstat.

  • 7) Ein medlemsstat kan be om at arbeidstakarar som sluttar i arbeidet og flyttar til ein annan medlemsstat, melder frå om dette til dei supplerande pensjonsordningane sine.

  • 8) Det bør takast omsyn til kjenneteikna og særtrekka ved dei supplerande pensjonsordningane og ulikskapane deira både innanfor same medlemsstat og medlemsstatane imellom. Innføringa av nye ordningar, berekrafta til eksisterande ordningar og forventingane hjå og rettane til dei noverande medlemmene av pensjonsordningar bør vernast på ein tilfredsstillande måte. I dette direktivet bør det òg takast særleg omsyn til den rolla som partane i arbeidslivet har når det gjeld utforminga og iverksetjinga av supplerande pensjonsordningar.

  • 9) Dette direktivet rører ikkje ved den retten medlemsstatane har til å leggje til rette for eigne pensjonsordningar. Medlemsstatane har framleis det fulle ansvaret for organiseringa av slike ordningar, og når dette direktivet vert innarbeidd i nasjonal lovgjeving, er dei ikkje plikta til å innføre lovgjeving om skiping av supplerande pensjonsordningar.

  • 10) Dette direktivet avgrensar ikkje handlefridommen til partane i arbeidslivet når dei er ansvarlege for skipinga og forvaltinga av pensjonsordningar, såframt dei kan sikre at dei resultata som er fastsette i dette direktivet, vert oppnådde.

  • 11) Dette direktivet bør nyttast på alle supplerande pensjonsordningar som er fastsette i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis, og som er eit tilbod om supplerande pensjon til arbeidstakarar, til dømes kollektive forsikringsavtaler, utlikningsordningar som éin eller fleire bransjar eller sektorar er vortne samde om, fondsbaserte ordningar eller pensjonstilsegner som er sikra gjennom rekneskapsmessige avsetjingar, eller kollektive ordningar eller andre tilsvarande ordningar.

  • 12) Dette direktivet bør ikkje nyttast på supplerande pensjonsordningar som ikkje tek imot nye medlemmer, eller eventuelle delar av slike ordningar, fordi ei innføring av nye reglar kan innebere ei urimeleg byrde for slike ordningar.

  • 13) Dette direktivet bør ikkje omfatte eventuelle ordningar for insolvensgaranti eller skadebotsordningar som ikkje er ein del av ei supplerande pensjonsordning som er knytt til eit arbeidstilhøve, og der føremålet er å verne pensjonsrettane til arbeidstakarar i tilfelle arbeidsgjevaren eller pensjonsordninga skulle verte insolvent. Dette direktivet bør heller ikkje omfatte nasjonale pensjonsreservefond.

  • 14) Dette direktivet bør nyttast berre på supplerande pensjonsordningar der retten til pensjon vert opptent gjennom eit arbeidstilhøve og er knytt til oppnådd pensjonsalder eller til oppfylling av andre krav, slik det er fastsett i ordninga eller i den nasjonale lovgjevinga. Dette direktivet skal ikkje nyttast på andre individuelle pensjonsordningar enn dei som er knytte til eit arbeidstilhøve. Dersom uførleik eller ytingar til etterlatne er knytte til supplerande pensjonsordningar, kan retten til slike ytingar vere underlagt særlege reglar. Dette direktivet påverkar ikkje eksisterande nasjonal lovgjeving og nasjonale reglar for supplerande pensjonsordningar med omsyn til slike særlege reglar.

  • 15) Ei eingongsyting som ikkje har samband med betaling av innskot til supplerande pensjon ved arbeidsopphøyr, som vert utbetalt direkte eller indirekte ved avslutning av eit arbeidstilhøve, og som vert finansiert eine og aleine av arbeidsgjevaren, bør ikkje reknast som supplerande pensjon slik det er definert i dette direktivet.

  • 16) Ettersom supplerande pensjon ved arbeidsopphøyr vert eit stadig viktigare middel for å sikre levestandarden i alderdomen i mange medlemsstatar, bør vilkåra for å tene opp og vidareføre pensjonsrettane betrast for å redusere hindringane for den frie rørsla mellom medlemsstatane for arbeidstakarar.

  • 17) Det faktumet at pensjonsrettane kan gå tapt i visse supplerande pensjonsordningar dersom arbeidstilhøvet for ein arbeidstakar vert avslutta før han eller ho har vore medlem av ordninga i ein minsteperiode («oppteningstid»), eller før han eller ho har nådd minstealderen («oppteningsalder»), kan hindre arbeidstakarar som flyttar mellom medlemsstatane, i å tene opp tilstrekkelege pensjonsrettar. Kravet om lang karenstid før ein arbeidstakar kan verte medlem av ei pensjonsordning, kan ha tilsvarande verknad. Slike vilkår utgjer difor hindringar for den frie rørsla for arbeidstakarar. Krava om minstealder for medlemskap utgjer derimot ikkje noko hindring for den frie rørsla og vert difor ikkje handsama i dette direktivet.

  • 18) Oppteningskrava bør ikkje jamførast med andre vilkår som er fastsette for opptening av rett til ei livrente, med omsyn til utbetalingsfasen i medhald av den nasjonale lovgjevinga eller i medhald av reglane for visse supplerande pensjonsordningar, særleg for innskotsbaserte pensjonsordningar. Til dømes utgjer ikkje den perioden som ein medlem må ha med aktivt medlemskap i ei ordning etter å ha oppnådd retten til ein supplerande pensjon, slik at han kan fremje krav om pensjon i form av ei livrente eller ein kapitalsum, oppteningstid.

  • 19) Dersom eit arbeidstilhøve vert avslutta før ein arbeidstakar som sluttar i arbeidet, er sikra opptente pensjonsrettar, og det er ordninga eller arbeidsgjevaren som ber investeringsrisikoen, særleg ved ytingsbaserte pensjonsordningar, bør pensjonsinnskota til arbeidstakaren alltid tilbakebetalast gjennom ordninga. Dersom eit arbeidstilhøve vert avslutta før ein arbeidstakar som sluttar i arbeidet, er sikra opptente pensjonsrettar, og det er arbeidstakaren som ber investeringsrisikoen, særleg ved innskotsbaserte pensjonsordningar, kan investeringsverdien av desse innskota tilbakebetalast gjennom ordninga. Verdien kan vere høgare eller lågare enn innskota som arbeidstakaren som sluttar i arbeidet, har betalt inn. Alternativt kan summen av innskota tilbakebetalast gjennom ordninga.

  • 20) Arbeidstakarar som sluttar i arbeidet, bør ha rett til å la dei opptente pensjonsrettane verte ståande som rettar til oppsett pensjon i den supplerande pensjonsordninga der rettane er opptente. Med omsyn til vidareføring av rettar til oppsett pensjon kan vernenivået vurderast som tilstrekkeleg dersom det er mogleg for arbeidstakarar som sluttar i arbeidet, særleg i samband med ei innskotsbasert pensjonsordning, å overføre verdien av dei opptente pensjonsrettane sine til ei supplerande pensjonsordning som oppfyller dei vilkåra som er fastsette i dette direktivet.

  • 21) I samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis bør det gjerast tiltak for å sikre vidareføring av rettane til oppsett pensjon eller verdien av desse. Verdien av desse rettane på det tidspunktet då medlemmen går ut av ordninga, bør fastsetjast i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis. Dersom verdien av desse rettane vert justert, bør det takast omsyn til særtrekka ved ordninga, interessene til dei framtidige mottakarane av oppsett pensjon, interessene til dei aktive medlemmene av ei ordning og interessene til pensjonerte pensjonsmottakarar.

  • 22) Dette direktivet medfører inga plikt til å fastsetje meir gunstige vilkår for rettane til oppsett pensjon enn dei vilkåra som gjeld for rettane til aktive medlemmer av ei ordning.

  • 23) Dersom dei opptente pensjonsrettane eller verdien av dei opptente pensjonsrettane til ein arbeidstakar som sluttar i arbeidet, ikkje overstig ein gjeldande terskelverdi som er fastsett av den aktuelle medlemsstaten, og for å unngå urimeleg store administrasjonskostnader som følgje av forvalting av svært mange rettar til oppsett pensjon med lav verdi, kan det innanfor pensjonsordningane gjevast høve til å ikkje vidareføre slike opptente rettar, men i staden utbetale til arbeidstakaren som sluttar i arbeidet, ein kapitalsum som svarar til verdien av dei opptente pensjonsrettane. Verdien av overføringa eller utbetalinga av summen bør i så fall fastsetjast i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis. Der det er relevant, bør medlemsstatane fastsetje ein terskelverdi for slike utbetalingar som tar omsyn til kva som er ei høveleg framtidig pensjonsinntekt for arbeidstakarar.

  • 24) Dette direktivet inneheld ingen føresegner om overføring av opptente pensjonsrettar. For å lette arbeidstakarmobiliteten mellom medlemsstatane bør medlemsstatane likevel så langt det er mogleg, og særleg ved innføring av nye supplerande pensjonsordningar, leggje vinn på å gjere det enklare å overføre opptente pensjonsrettar.

  • 25) Utan at det rører ved europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/41/EF6, bør dei aktive medlemmene av ei ordning og dei framtidige mottakarane av oppsett pensjon som utøver eller ønskjer å utøve retten til fri rørsle, få tilstrekkeleg med opplysningar om rettane sine til supplerande pensjon dersom dei ber om dette. Dersom ei ordning omfattar ytingar til etterlatne, bør dessutan mottakarane av slike ytingar ha den same retten til opplysningar som framtidige mottakarar av oppsett pensjon. Medlemsstatane bør kunne fastsetje at det ikkje er behov for å gje slike opplysningar oftare enn éin gong i året.

  • 26) Ettersom det kan vere store ulikskapar mellom dei supplerande pensjonsordningane, bør Unionen avgrense seg til å fastsetje dei allmenne måla som skal nåast, og difor er eit direktiv det mest føremålstenlege juridiske verkemiddelet.

  • 27) Ettersom målet for dette direktivet, som er å gjere det lettare for arbeidstakarar å utøve retten til fri rørsle mellom medlemsstatar, ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane og difor på grunn av at omfanget og verknadene av direktivet betre kan nåast på unionsplan, kan Unionen vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten om Den europeiske union. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje dette direktivet lenger enn det som er naudsynt for å nå dette målet.

  • 28) I dette direktivet er det fastsett minstekrav, noko som gjer det mogleg for medlemsstatane å vedta eller halde ved lag meir gunstige føresegner. Gjennomføringa av dette direktivet kan ikkje nyttast til å grunngje tilbakesteg i høve til den noverande situasjonen i kvar medlemsstat.

  • 29) Kommisjonen bør innan seks år etter at direktivet tek til å gjelde, utarbeide ein rapport om korleis dette direktivet vert nytta.

  • 30) I samsvar med dei nasjonale føresegnene som gjeld organiseringa av supplerande pensjonsordningar, kan medlemsstatane gje partane i arbeidslivet, på felles oppmoding frå desse, ansvaret for å gjennomføre dette direktivet med omsyn til føresegnene som er knytte til tariffavtalar, på det vilkåret at medlemsstatane gjer alle dei tiltaka som er naudsynte for at dei til kvar tid skal kunne garantere dei resultata som er målet for dette direktivet –

VEDTEKE DETTE DIREKTIVET:

Artikkel 1

Mål

I dette direktivet er det fastsett reglar som har som føremål å gjere det lettare for arbeidstakarar å utøve retten til fri rørsle mellom medlemsstatane, ved å redusere hindringane som oppstår som følgje av visse reglar som gjeld supplerande pensjonsordningar knytte til eit arbeidstilhøve.

Artikkel 2

Verkeområde

  • 1. Dette direktivet skal nyttast på supplerande pensjonsordningar med unntak av ordningar som er omfatta av forordning (EF) nr. 883/2004.

  • 2. Dette direktivet skal ikkje nyttast på

    • a) supplerande pensjonsordningar som, den dagen då dette direktivet tek til å gjelde, ikkje lenger tek imot nye aktive medlemmer og heller ikkje seinare vil verte opna for nye medlemmer,

    • b) supplerande pensjonsordningar som er underlagde tiltak som medfører inngrep frå forvaltingsorgan som er skipa ved nasjonal lovgjeving eller av rettsstyresmakter, der føremålet er å halde ved lag eller bøte på den økonomiske situasjonen til ordningane, medrekna framgangsmåtar for avvikling; dette unntaket gjeld berre så lenge inngrepet varer,

    • c) ordningar for insolvensgaranti, skadebotsordningar og nasjonale pensjonsreservefond, og

    • d) eingongsytingar frå ein arbeidsgjevar til ein arbeidstakar ved avslutning av arbeidstilhøvet til arbeidstakaren, som ikkje er knytte til pensjon ved arbeidsopphøyr.

  • 3. Dette direktivet skal ikkje nyttast på ytingar ved uførleik og/eller ytingar til etterlatne som er knytte til supplerande pensjonsordningar, med unntak av dei særlege føresegnene i artikkel 5 og 6 som gjeld ytingar til etterlatne.

  • 4. Dette direktivet gjeld berre for tilsetjingstid som kjem etter innarbeidinga av direktivet i samsvar med artikkel 8.

  • 5. Dette direktivet gjeld ikkje opptening og vidareføring av rettar til supplerande pensjon for arbeidstakarar som flyttar innanfor éin og same medlemsstat.

Artikkel 3

Definisjonar

I dette direktivet tyder:

  • a) «supplerande pensjon» pensjon ved arbeidsopphøyr som er fastsett ved reglane for ei supplerande pensjonsordning som er skipa i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis,

  • b) «supplerande pensjonsordning» alle tenestepensjonsordningar som er skipa i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis og knytte til eit arbeidstilhøve, der føremålet er å gje arbeidstakarar ein supplerande pensjon,

  • c) «aktive medlemmer av ei ordning» arbeidstakarar som gjennom eit noverande arbeidstilhøve har eller, når dei har oppfylt eventuelle oppteningsvilkår, kan ha rett til ein supplerande pensjon i samsvar med føresegnene i den supplerande pensjonsordninga,

  • d) «karenstid» den tilsetjingstida som vert kravd i medhald av nasjonal lovgjeving eller etter reglane for ei supplerande pensjonsordning eller av arbeidsgjevaren, før ein arbeidstakar kan verte medlem av ei ordning,

  • e) «oppteningstid» den perioden med aktivt medlemskap i ei ordning som vert kravd i medhald av nasjonal lovgjeving eller etter reglane for ei supplerande pensjonsordning, for å oppnå akkumulerte rettar til supplerande pensjon,

  • f) «opptente pensjonsrettar» alle akkumulerte supplerande pensjonsrettar som er oppnådde etter at oppteningsvilkåra er vortne oppfylte i medhald av reglane for ei supplerande pensjonsordning og eventuelt i medhald av nasjonal lovgjeving,

  • g) «arbeidstakar som sluttar i arbeidet» ein aktiv medlem av ei ordning som avsluttar det noverande arbeidstilhøvet av andre årsaker enn at vedkomande har rett til ein supplerande pensjon, og som flyttar mellom medlemsstatar,

  • h) «framtidig mottakar» ein tidlegare aktiv medlem av ei ordning som har opptente pensjonsrettar i ei supplerande pensjonsordning, men som enno ikkje mottek supplerande pensjon gjennom denne ordninga,

  • i) «rettar til oppsett pensjon» opptente pensjonsrettar som vert ståande i ordninga der ein framtidig mottakar av oppsett pensjon har opptent retten,

  • j) «verdi av rettane til oppsett pensjon» kapitalverdien av pensjonsrettane, som er rekna ut i samsvar med nasjonal lovgjeving og praksis.

Artikkel 4

Vilkår for opptening av rettar i supplerande pensjonsordningar

  • 1. Medlemsstatane skal gjere alle dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at

    • a) dersom det vert nytta oppteningstid eller karenstid eller begge delar, skal det samla tidsrommet for arbeidstakarar som sluttar i arbeidet, under ingen omstende overstige tre år,

    • b) dersom det er fastsett ein minstealder for opptening av pensjonsrettar, skal han ikkje overstige 21 år for arbeidstakarar som sluttar i arbeidet,

    • c) dersom ein arbeidstakar som sluttar i arbeidet, enno ikkje har opptente pensjonsrettar når arbeidstilhøvet vert avslutta, skal innskota som denne arbeidstakaren har betalt inn, eller som er innbetalte på vegner av denne arbeidstakaren, tilbakebetalast gjennom den supplerande pensjonsordninga i samsvar med nasjonal lovgjeving eller tariffavtaler eller andre arbeidsavtaler, eller dersom investeringsrisikoen vert boren av arbeidstakaren som sluttar i arbeidet, skal anten heile summen av innskota som er innbetalte, eller investeringsverdien av desse innskota, tilbakebetalast.

  • 2. Medlemsstatane skal ha høve til å la partane i arbeidslivet fastsetje andre føresegner gjennom tariffavtaler, såframt dei nemnde føresegnene ikkje gjev dårlegare vern og ikkje fører til hindringar for den frie rørsla for arbeidstakarar.

Artikkel 5

Vidareføring av rettar til oppsett pensjon

  • 1. Med atterhald for nr. 3 og 4 skal medlemsstatane vedta dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at dei opptente pensjonsrettane til arbeidstakarar som sluttar i arbeidet, kan verte ståande i den supplerande pensjonsordninga der dei er opptente. I medhald av nr. 2 skal den opphavlege verdien av desse rettane reknast ut på det tidspunktet då det noverande arbeidstilhøvet til ein arbeidstakar som sluttar i arbeidet, vert avslutta.

  • 2. Medlemsstatane skal, med omsyn til reglane og praksisen for pensjonsordninga, vedta dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at rettane til oppsett pensjon til arbeidstakarar som sluttar i arbeidet, og til deira etterlatne, eller verdien av desse rettane, vert jamstilte med verdien av rettane til aktive medlemmer av ei ordning, eller følgjer utviklinga innanfor dei pensjonsytingane som for tida vert utbetalte, eller vert handsama på andre måtar som vert rekna som rettvise, til dømes:

    • a) dersom pensjonsrettane i den supplerande pensjonsordninga vert opptente som ein rett til ein nominell sum, skal den nominelle verdien av rettane til oppsett pensjon tryggjast,

    • b) dersom verdien av dei opptente pensjonsrettane endrar seg over tid, skal verdien av rettane til oppsett pensjon justerast ved å nytte

      • i) ein rentesats som er integrert i den supplerande pensjonsordninga, eller

      • ii) avkastninga på investeringane i den supplerande pensjonsordninga,

      eller

    • c) dersom verdien av dei opptente pensjonsrettane vert justert, til dømes etter inflasjonstakta eller lønsnivåa, skal verdien av rettane til oppsett pensjon justerast tilsvarande i samsvar med eit proporsjonalt tak som er fastsett ved nasjonal lovgjeving eller gjennom avtale mellom partane i arbeidslivet.

  • 3. Medlemsstatane kan tillate at dei opptente rettane til ein arbeidstakar som sluttar i arbeidet, ikkje vert ståande i supplerande pensjonsordningar, men vert utbetalte, med informert samtykke frå arbeidstakaren, òg med omsyn til gjeldande gebyr, som ein kapitalsum som svarar til verdien av dei opptente pensjonsrettane til arbeidstakaren som sluttar i arbeidet, såframt verdien av dei opptente pensjonsrettane ikkje overstig ein terskelverdi som er fastsett av den aktuelle medlemsstaten. Medlemsstaten skal melde frå til Kommisjonen om terskelverdien som vert nytta.

  • 4. Medlemsstatane skal ha høve til å la partane i arbeidslivet fastsetje andre føresegner gjennom tariffavtaler, såframt dei nemnde føresegnene ikkje gjev dårlegare vern og ikkje fører til hindringar for den frie rørsla for arbeidstakarar.

Artikkel 6

Opplysningar

  • 1. Medlemsstatane skal sikre at aktive medlemmer av ei ordning på oppmoding får opplysningar om korleis avslutning av eit arbeidstilhøve vil påverke rettane deira til supplerande pensjon.

    Det skal særleg gjevast opplysningar om følgjande:

    • a) vilkåra for opptening av rettane til supplerande pensjon, og verknadene av å nytte dei når arbeidstilhøvet vert avslutta,

    • b) verdien av dei opptente pensjonsrettane eller ei vurdering av dei opptente pensjonsrettane som er utført seinast 12 månader før oppmodingsdatoen, og

    • c) vilkåra for framtidig handsaming av rettane til oppsett pensjon.

    Dersom ordninga opnar for tidleg tilgang til opptente pensjonsrettar gjennom utbetaling av ein kapitalsum, bør dei framlagde opplysningane òg innehalde ei skriftleg fråsegn om at medlemmen bør vurdere å søkje råd om investering av denne kapitalsummen i pensjon ved arbeidsopphøyr.

  • 2. Medlemsstatane skal sikre at framtidige mottakarar av oppsett pensjon på oppmoding skal få opplysningar om følgjande:

    • a) verdien av rettane til oppsett pensjon eller ei vurdering av rettane til oppsett pensjon som er utført seinast 12 månader før oppmodingsdatoen, og

    • b) vilkåra for handsaming av rettane til oppsett pensjon.

  • 3. Med omsyn til etterlatneytingar som er knytte til supplerande pensjonsordningar, gjeld nr. 2 for etterlatne mottakarar av slike ytingar.

  • 4. Opplysningane skal vere tydelege, skriftlege og gjevast innanfor eit rimeleg tidsrom. Medlemsstatane kan fastsetje at det ikkje er behov for å gje slike opplysningar oftare enn éin gong i året.

  • 5. Dei pliktene som er fastsette i denne artikkelen, rører ikkje ved og kjem i tillegg til pliktene til tenestepensjonsføretaka i medhald av artikkel 11 i direktiv 2003/41/EF.

Artikkel 7

Minstekrav og garanti mot svekking

  • 1. Medlemsstatane kan vedta eller halde ved lag meir gunstige føresegner enn dei som er fastsette i dette direktivet, med omsyn til oppteninga av rettar til supplerande pensjon for arbeidstakarar, vidareføringa av rettar til supplerande pensjon for arbeidstakarar som sluttar i arbeidet, og den retten som framtidige mottakarar av oppsett pensjon og dei aktive medlemmene av ei ordning har til opplysningar.

  • 2. Innarbeidinga av dette direktivet skal under ingen omstende nyttast som grunngjeving for å svekke eksisterande rettar til opptening og vidareføring av supplerande pensjon eller den retten som pensjonsmottakarar og medlemmer av ei ordning har til opplysningar i medlemsstatane.

Artikkel 8

Innarbeiding i nasjonal lovgjeving

  • 1. Medlemsstatane skal innan 21. mai 2018 vedta dei lovene og forskriftene som er naudsynte for å rette seg etter dette direktivet, eller sikre at partane i arbeidslivet innan denne datoen gjennom avtale innfører dei føresegnene som er naudsynte. Medlemsstatane skal gjere dei tiltaka som er naudsynte for å kunne garantere dei resultata som krevst i medhald av dette direktivet. Dei skal straks melde frå til Kommisjonen om dette.

  • 2. Når dei tiltaka som er nemnde i nr. 1, vert vedtekne av medlemsstatane, skal dei ha ei tilvising til dette direktivet, eller det skal visast til direktivet når dei vert kunngjorde. Medlemsstatane fastset korleis tilvisinga skal gjerast.

Artikkel 9

Rapport

  • 1. Medlemsstatane skal innan 21. mai 2019 sende Kommisjonen alle tilgjengelege opplysningar om bruken av dette direktivet.

  • 2. Innan 21. mai 2020 skal Kommisjonen utarbeide ein rapport om korleis dette direktivet vert nytta og sende han over til Europaparlamentet, Rådet og Det europeiske økonomi- og sosialutvalet.

Artikkel 10

Iverksetjing

Dette direktivet tek til å gjelde 20. dagen etter at det er kunngjort i Tidend for Den europeiske unionen.

Artikkel 11

Adressatar

Dette direktivet er retta til medlemsstatane.

Utferda i Strasbourg, 16. april 2014.

For Europaparlamentet

For Rådet

M. SCHULZ

D. KOURKOULAS

President

Formann

Fotnotar

1.

TEU C 185 av 8.8.2006, s. 37.

2.

Haldning frå Europaparlamentet av 20. juni 2007 (TEU C 146 E av 12.6.2008, s. 216) og haldning frå Rådet ved første handsaminga av 17. februar 2014 (TEU C 77 E av 15.3.2014, s. 1). Haldning frå Europaparlamentet av 16. april 2014 (enno ikkje offentleggjord i TEU).

3.

Rådsforordning (EØF) nr. 1408/71 av 14. juni 1971 om anvendelse av trygdeordninger på arbeidstakere, selvstendig næringsdrivende og deres familiemedlemmer som flytter innenfor Fellesskapet (TEF L 149 av 5.7.1971, s. 2).

4.

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 883/2004 av 29. april 2004 om samordning av trygdeordninger (TEU L 166 av 30.4.2004, s. 1).

5.

Rådsdirektiv 98/49/EF av 29. juni 1998 om trygging av rettane til supplerande pensjon for arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande som flyttar innanfor Fellesskapet (TEF L 209 av 25.7.1998, s. 46).

6.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/41/EF av 3. juni 2003 om virksomhet i og tilsyn med tjenestepensjonsforetak (TEU L 235 av 23.9.2003, s. 10).