Prop. 55 S (2014-2015)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 188/2014 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/50/EU om minstekrav med omsyn til styrking av arbeidstakarmobiliteten mellom medlemsstatane gjennom betring av oppteninga og vidareføringa av rettane til supplerande pensjon

Til innhaldsliste

3 Nærmare om innhaldet i direktivet

Direktivet slår i artikkel 4 fast at pensjonsrettar skal sikrast seinast etter tre års tenestetid. Minstealderen for opptak i ordninga kan ikkje setjast høgare enn 21 år. Arbeidstakarane sine eigne innskot skal betalast tilbake dersom arbeidstilhøvet vert avslutta før pensjonsrettane er sikra. Medlemsstatane kan tillate at tariffpartane avtalar andre vilkår og reglar dersom tariffavtalene gjev minst like godt vern som direktivet og samstundes ikkje er til hinder for fri rørsle for arbeidstakarar innanfor EU.

Direktivet krev i artikkel 5 at arbeidstakarane skal halde ved lag retten til pensjon som dei har tent opp. Arbeidstakaren skal halde ved lag den opptente retten sin i ordninga når han eller ho sluttar i jobben. Desse rettane skal handsamast mest mogleg likt med rettane til dei arbeidstakarane som framleis er medlemmer i ordninga.

Artikkel 6 i direktivet har nærmare reglar om kva slags informasjon arbeidstakarane har krav på. Informasjonen skal være klar og skriftleg. Arbeidstakarane har krav på informasjon om korleis skifte av arbeid påverkar rettane deira. Dei har òg krav på informasjon om verdien av og forvaltinga av rettane til pensjon. Arbeidstakarane har krav på informasjon innan ein rimeleg frist.

Etter artikkel 7 i direktivet kan statane vedta eller halde ved lag føresegner som er meir gunstige enn dei som er fastsette i direktivet. Artikkelen slår òg fast at innarbeidinga av direktivet under ingen omstende skal nyttast som grunngjeving for ei innstramming av eksisterande rettar til opptening og vidareføring av supplerande pensjon, eller til retten pensjonsmottakarar og medlemmer av ei ordning har til opplysningar i medlemsstatane.