Prop. 55 S (2014-2015)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 188/2014 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2014/50/EU om minstekrav med omsyn til styrking av arbeidstakarmobiliteten mellom medlemsstatane gjennom betring av oppteninga og vidareføringa av rettane til supplerande pensjon

Til innhaldsliste

2 Generelt om direktivet

Direktiv 2014/50/EU er eit minimumsdirektiv. Føremålet med direktivet er å gjere det lettare for arbeidstakarar å nytte retten til fri rørsle og medverke til mobilitet for arbeidstakarar, ved å redusere hindringane som oppstår som følgje av visse reglar om supplerande pensjonsrettar knytte til eit arbeidstilhøve. Direktivet har reglar om minimumsvilkår for opptening og sikring av pensjonsrettar, i tillegg til nærmare reglar om informasjon til arbeidstakarane.

Direktivet gjeld alle tenestepensjonsordningar som ikkje er omfatta av forordning (EF) nr. 883/2004 (sosiale sikringsordningar), bortsett frå lukka pensjonsordningar. Direktivet gjeld berre dersom arbeidstakarar skiftar jobb på tvers av landegrensene, og altså ikkje ved jobbskifte innanfor same medlemsstat. Direktivet byggjer vidare på rådsdirektiv 98/49/EF om trygging av rettar til supplerande tenestepensjon for arbeidstakarar og sjølvstendig næringsdrivande som flyttar innanfor Fellesskapet.

Direktivet krev at dei lovene og forskriftene som er naudsynte for å rette seg etter det, skal verte vedtekne innan 21. mai 2018, eller at partane i arbeidslivet gjennom avtale innfører dei føresegnene som er naudsynte, innan denne datoen.