Prop. 59 L (2016–2017)

Endringar i bustøttelova (tilbakebetaling av bustøtte)

Til innhaldsliste

3 Vurderingar frå departementet

Bakgrunnen for forslaget om endring i bustøttelova § 10 første ledd bokstav d er ønske om endring i bustøtteforskrifta når det gjeld inntektsgrunnlag og etterkontroll. Før endringa i bustøtteforskrifta blei bustøtte i all hovudsak rekna ut på grunnlag av likningsopplysningar, medan utrekning etter dei nye reglane som hovudregel skal gjerast med grunnlag i aktuell månadsinntekt.

Slik dette har vore praktisert tidlegare i samsvar med forskrifta, var inntektsopplysningane som blei lagde til grunn for utrekning av støtte, vanlegvis minst eit halvt år gamle, og dei omfatta inntekt for eit heilt år. Inntektsgrunnlaget etter forskriftsendringa skal vere basert på rapportering av lønns- og tilsetjingsforhold til Skatteetaten, Nav og Statistisk sentralbyrå (a-meldinga), som blir sendt inn kvar månad frå alle som betalar ut løn, pensjon og andre ytingar.

A-opplysningslova blei sett i kraft 1. januar 2015. Lova inneber at Nav, offentlege og private arbeidsgjevarar skal rapportere inn utbetaling av løn og anna kvar månad (a-ordninga). Kapitalinntekter og inntekter frå eiga næringsverksemd er døme på inntekter som ikkje blir rapportert inn gjennom a-ordninga. Opplysning om slike inntekter og om formue må framleis byggje på skatteopplysningar.

Endringa i bustøtteforskrifta vil gje mindre behov for etterkontroll og krav om tilbakebetaling. Ordninga vil vere meir føreseieleg for mottakarane, og handsaminga av sakene i kommunane vil bli enklare. Endringane i forskrifta er meinte å sikre eit meir oppdatert grunnlag for å rekne ut bustøtte, og det er ikkje meininga at dei skal gje andre endringar enn nødvendig tilpassing. Endringa om inntektsgrunnlaget gjer det likevel nødvendig å tilpasse reglane om etterkontroll og for mykje betalt bustøtte.

Departementet meiner lova slik ho lyder i dag, gjev heimel for å vedta og setje i verk endringane i bustøtteforskrifta som omtalt. Slik bustøttelova § 10 første ledd bokstav d lyder i dag, er det likevel ønskjeleg å endre ordlyden noko. Endringa synleggjer at lovteksten i § 10 første ledd bokstav d bør ha ein noko annan ordlyd, for å hindre mogleg tvil om forholdet mellom lov og forskrift. Eit anna føremål med endringa er å sikre at ikkje lova legg unødvendige bindingar for den praktiske utforminga av ordninga i forskrifta framover når det gjeld inntektsgrunnlag og etterkontroll.

Departementet føreslår vidare lovfesta i eit nytt tredje punktum til bustøttelova § 10 første ledd bokstav d at for mykje utbetalt støtte kan motreknast i seinare utbetalingar. Dette følgjer i dag av bustøtteforskrifta § 15, som har ein generell regel om motrekning. Lovforslaget inneber såleis ingen endring av gjeldande rett. Departementet føreslår at motrekningsretten blir lovfesta av pedagogiske omsyn, jf. også at folketrygdlova § 22-16 har liknande regulering om rett til motrekning. I høyringsbrevet var forslaget ikkje kommentert særskilt, ettersom det ikkje inneber materiell endring av regelverket. Høyringsinstansane har ikkje hatt merknader til forslaget.