Prop. 59 L (2016–2017)

Endringar i bustøttelova (tilbakebetaling av bustøtte)

Til innhaldsliste

5 Merknader til lovendringsforslaget

Departementet føreslår endring i lov om bustøtte § 10 første ledd bokstav d for å klargjere heimelen for å krevje tilbakebetaling av for mykje utbetalt bustøtte dersom husstanden har hatt større inntekter og/eller formue enn det som blei lagt til grunn på bakgrunn av opplysningane frå a-ordninga og informasjon om andre inntekter.

Det er føreslått å formulere lova slik at det ikkje følgjer av lova kva for kjelder informasjonen er henta frå, og slik at nærare regulering blir gjort i bustøtteforskrifta. Ordlyden har som mønster den tilsvarande formuleringa i folketrygdlova § 22-16.

Av pedagogiske omsyn føreslår departementet at retten til motrekning blir teken inn i lova. Det følgjer allereie av bustøtteforskrifta § 15 at bustøtte kan bli nytta til motrekning av eit krav på tilbakebetaling av feil utbetalt bustøtte, og forslaget inneber såleis ingen endring av gjeldande rett.

Departementet føreslår at lovendringa skal gjelde frå den tida Kongen fastset. Det er ikkje nødvendig å fastsetje overgangsreglar for lovendringa.