Prop. 74 L (2022–2023)

Endringar i taubanelova og tivolilova (undersøking av ulykker og hendingar)

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Fleire høyringsinstansar har spurt om korleis undersøkingsmyndigheita skal verte finansiert. I samband med dette spørsmålet har det òg vore problematisert kor lenge man må rekne med at ein tivoli- eller taubaneverksemd, eller meir konkret eit anlegg på eit slikt område, må halde stengt ved ei eventuell hending eller ulykke og kva som er terskelen for å stengje.

I høyringsmøte 18. januar 2022 uttalte Statens havarikommisjon fylgjande til foreninga Norske alpinanlegg og fjelldestinasjoner:

[SHK] har døgnbemannet vakt og vil rykke ut så raskt som mulig. SHK har lang erfaring og godt innarbeidede rutiner for hvordan vi arbeider med selve undersøkelsen slik at ikke næringen skal lide mer enn nødvendig. Bane-avdelingen rykker stadig ut på ulykker – og alvorlige hendelser der både trikk-, tbane, togbransjen og samfunnet for øvrig har et berettiget behov for at undersøkelsen ikke hefter lengre enn nødvendig.

Departementet merkar seg dette, og legg til grunn at ei eventuell undersøking etter taubane- og tivolilova vert gjennomført så skånsamt som mogleg og tilpassa type hending og kva undersøkingsmyndigheita vurderer som naudsynt å få undersøkt. Til spørsmålet om finansiering av undersøkingsmyndigheita legg departementet til grunn at ho vert finansiert innanfor dei gjeldande budsjettrammene.