Prop. 74 L (2022–2023)

Endringar i taubanelova og tivolilova (undersøking av ulykker og hendingar)

Til innhaldsliste

5 Merknader til dei enkelte føresegnene

Til § 1:

Formålsføresegna vert utvida ved at nytt andre ledd tar inn det som allereie gjeld etter andre føresegner i lova om at lova skal bidra til auka sikkerheit og førebygging av ulykker.

Til § 4 andre ledd bokstav n i taubaneloven og bokstav m i tivoliloven:

Føresegna liknar gjeldande ordlyd i jernbaneundersøkelseslova § 3 femte ledd, men i jernbaneundersøkelseslova vert ordet «arbeid» brukt i staden for «oppgaver og kompetanse». Det er og presisert at forskriftsheimelen omfattar reglar om varsling og rapportering til og frå undersøkingsmyndigheita.

Til § 9:

Første ledd vert endra slik at no òg undersøkingsmyndigheita vert varsla om ulykker og hendingar, i tillegg til politiet. Den nye ordlyden i andre ledd inneber at det er undersøkingsmyndigheita, og ikkje verksemda, som pliktar å varsle tilsynsmyndigheita.

Årsaka til at verksemda ikkje lenger pliktar å varsle tilsynsmyndigheita er at tilsynsmyndigheita ikkje har oppgåver i akuttfasen, og kan vente til undersøkingsmyndigheita varslar dei på et seinare tidspunkt.

Jernbaneundersøkelseslova har eit tilsvarande system der det er undersøkingsmyndigheita som varslar tilsynsmyndigheita etter alvorlege jernbanehendingar.

Til § 10:

Føresegna vert endra slik at verksemda skal rapportere til både tilsynsmyndigheita og undersøkingsmyndigheita. Framlegget om å ta med prosessuelle formkrav til rapportering slik det går fram av forskrift om varslings- og rapporteringsplikt, då særleg § 5, foreslås tatt med i lovteksten. Det gjerast og nokre mindre, redaksjonelle endringar.

Til § 11:

For at Statens havarikommisjon som undersøkingsmyndigheit skal kunne sende over teiepliktige opplysningar til tilsynsmyndigheita, må det gå fram av loven at «enhver som utfører arbeid eller tjeneste for tilsynsmyndigheten» har teieplikt for desse opplysningane.

Til § 11 a:

Føresegna svarar til gjeldande føresegn i jernbaneundersøkelseslova § 8 a og gjeld for alle verksemder som er omfatta av dei to lovane.

Ved å pålegge desse verksemdene ei teieplikt for opplysningar dei får kjennskap til i samanheng med innrapportering og undersøkingar av ulykker og hendingar, vil verksemdene kunne unnta opplysningane frå offentlegheit med heimel i offentleglova § 13.

Ei slik føresegn må takast inn i taubanelova og fordi Forsvaret har fleire taubaner. Samstundes er føresegna naudsynt i tivolilova, fordi fleire kommunar har driftsløyve for fornøyingsinnretningar.

Til § 23 a:

Føresegna svarar til gjeldande føresegn i jernbaneundersøkelseslova § 3.

Til § 23 b:

Føresegna svarar i hovudsak til gjeldande føresegn i jernbaneundersøkelseslova § 4.

Til § 23 c:

Føresegna svarar til gjeldande føresegn i jernbaneundersøkelseslova § 10, men ordlyden «skal undersøke» vert endra til «undersøker».

Fordi undersøkingsmyndigheita på taubane og tivoliområda ikkje er underlagt same undersøkingsregime som for jernbane, ønsker Statens havarikommisjon å ha ein større fleksibilitet og moglegheit til å velje undersøkingar ut frå forventa sikkerheitsmessig læring slik det er regulert på veg, sjå vegtrafikkloven kap. VII om undersøkingar av trafikkulykkar.

Jernbaneundersøkelseslova og jernbaneundersøkelsesforskrifta definerer kva saker Statens havarikommisjon skal undersøke ved hendingar på jernbaneområdet.

Til § 23 d:

Føresegna svarar til gjeldande føresegn i jernbaneundersøkelseslova § 11, og det er ikkje tiltenkt innhaldsmessige endringar.

Til § 23 e:

Føresegna svarar til gjeldande føresegn i jernbaneundersøkelseslova § 12, men ordlyden «vrakrester» er bytta ut med «gjenstander».

Bruk av ordet «gjenstander» er meint å dekke alle objekt på ein ulykkesstad, i tillegg til delar og komponentar tilknytt infrastrukturen på taubane- og tivoliområda, som ikkje nødvendigvis geografisk er på same stad som ulykkesstaden.

Til § 23 f:

Føresegna svarar til gjeldande føresegn i jernbaneundersøkelseslova § 14.

Til § 23 g:

Føresegna svarar til gjeldande føresegn i jernbaneundersøkelseslova § 13.

Som for § 23 e vert ordlyden «vrakrester» i jernbaneundersøkelseslova foreslått bytta ut med «gjenstander».

Til § 23 h:

Føresegna svarar til gjeldande føresegn i jernbaneundersøkelseslova § 15.

Til § 23 i:

Føresegna svarar til gjeldande føresegn i jernbaneundersøkelseslova § 16 første ledd. Departementet legg til grunn at innhaldet i formuleringa «ofrene og deres familie» skal verte avgrensa nærare i forskrift i tråd med gjeldande rett.

Til § 23 j:

Føresegna svarar til gjeldande føresegn i jernbaneundersøkelseslova § 9 første ledd, men med forskjellar i nemning på systemet.

Materiell på taubane- og tivoliområda kan ha ei rekke system som kontinuerleg loggar informasjon frå driftsrelaterte system, sensorar for tilstandsovervaking, og overvakingskamera som filmar relevante delar av systemet.

Definisjonen av type system vert difor meir omfattande og generell.

Til § 23 k:

Første ledd gjeld teieplikta for alt anna arbeid, typisk for administrasjonen og drifta av Statens havarikommisjon.

Andre ledd regulerer teieplikta for undersøkingsarbeidet.

Etter andre ledd første punktum er alle opplysningar som finst hos Statens havarikommisjon i samband med undersøking av ulykker og hendingar underlagt ei absolutt teieplikt, med unntak av tredje ledd nr. 1 til 7.

Tredje ledd nr. 1 gjeld bruk av opplysningar i undersøkingsrapportar. Utforminga, offentleggjeringa og oppfølginga av undersøkingsrapporten er hovudformålet med dei fleste undersøkingar, og det må vera mogleg å omtale innsamla opplysningar i rapporten.

Ulykker og hendingar er av så ulik karakter at det må gjerast ei skjønnsmessig vurdering av kva rapporten skal innehalde. Difor inneheld tredje ledd nr. 1 andre punktum ei liste over fire typar opplysningar som likevel ikkje skal kunne bli tatt inn i undersøkingsrapportane (unntak frå unntaket).

Det første unntaket (bokstav a) omfattar opplysningar som avslører identiteten til personar som har gitt forklaring etter ny § 23 f i taubanelova og tivolilova. Formålet med dette unntaket er dels å verne dei som har plikt til å forklare seg mot sjølvinkriminering i strid med menneskerettane, og dels å auka sannsynet for at Statens havarikommisjon får tilgang til relevante opplysningar om sikkerheita som Statens havarikommisjon ikkje ville ha fått tilgang til dersom kjelda fryktar straff eller andre negative konsekvensar av å forklare seg. Det er ikkje noko krav at det i det enkelte høve vil ha konkrete negative konsekvensar dersom identiteten til den som forklarer seg vert kjent.

Det neste unntaket (bokstav b) omfattar opplysningar av særleg kjensleg eller privat art, som detaljerte opplysningar om helsa til ein person. Føresegna bygger på ein føresetnad om at det ikkje er nødvendig å opplyse nøyaktig kva helseproblem som involverte personar lir eller har lide av. Det er tilstrekkeleg å slå fast at det kan ha vore ein mogleg årsaksrelasjon mellom helsa til vedkomande og ulykka eller hendinga. Sjølv om ordlyden er ein litt annan enn i forvaltningslova § 13 første ledd nr. 1 vil det vera betydeleg overlapp mellom verkeområdet for dei to føresegnene.

Det tredje unntaket (bokstav c) omfattar opplysningar om strafferettsleg eller sivilrettsleg skuld og ansvar. Departementet meiner at det er ein fordel at dette sentrale prinsippet kjem fram av føresegna.

Det fjerde unntaket (bokstav d) inneber typisk at Statens havarikommisjon ikkje skal uttrykke eksplisitt at ein person som har overlevd ei ulykke skal fråtakast oppgåver som er avgjerande for sikkerheita. Det å ta stilling til bruk av reglar på eit konkret høve er ei tilsynsoppgåve, og ligg til tilsynsmyndigheiten eller andre sertifiserande myndigheitar, ikkje Statens havarikommisjon.

Tredje ledd siste setning slår fast at forboda i bokstav b til d gjeld sjølv om personane er anonymiserte. Sjølve plikta til å anonymisere i undersøkingsrapportar følgjer av ny § 23 m i taubanelova.

Unntaket i tredje ledd nr. 2 gjeld retten til å gje opplysningar til tilsynsmyndigheita. Føresegna kan sjåast på som ein modifisering av dei reglane om deling av opplysningar i forvaltninga som følgjer av forvaltningslova. Føresegna i forvaltningslova er endra ved lov av 18. juni 2021 nr. 127, og omsynet bak er særleg å gjere det mogleg å dele opplysningar mellom forvaltningsorgan. Likevel gjer særlege omsyn seg gjeldande for Statens havarikommisjons forhold til andre forvaltningsorgan, og det bør vera eit særs snevert unntak frå den altomfattande teieplikta grunngitt nettopp i omsynet om å verna om liv og helse. Det inneber altså ikkje ei generell plikt eller rett til å bidra til å fremme formål som andre delar av forvaltninga har.

Unntaket frå teieplikta omfattar berre opplysningar som er relevante for å belyse om den som opplysningane gjeld er klart uskikka til å inneha eit løyve. Statens havarikommisjon skal ikkje ta endeleg stilling til om løyvet må inndragast, men må meine internt at det er eit klart sannsyn for dette. Det er viktig å merke seg at dette standpunktet ikkje skal inn i undersøkingsrapporten, jamfør merknaden til nr. 1 bokstav d.

Tredje ledd nr. 3 gjentar det generelle prinsippet om at den som opplysningane gjeld sjølv kan få tilgang til dei, og at den som har krav på tystnad sjølv kan samtykke til at dei vert kjent. Dette svarar til forvaltningslova § 13 a nr. 1. Føresegna bør derfor òg tolkast som denne dersom det ikkje er klare haldepunkt for noko anna basert på omstenda i det konkrete høve. Det førande omsynet er at teieplikta normalt ikkje rekk lenger enn det vedkommande som vernet er meint å omfatta sjølv meiner det er behov for. For ordens skyld er det presisert at undersøkingsmyndigheita òg kan samtykke. I så fall må det føresetjast at undersøkingsmyndigheita er sikker på at samtykket ikkje krenkjer interessene til andre.

Tredje ledd nr. 4 er ein konkretisert variant av det generelle prinsippet i forvaltningsloven § 13 b nr. 3. Føresegna opnar for nødvendig deling av opplysningar internt i Statens havarikommisjon. Føresegna inneber på den eine sida at personar i havarikommisjonen som ikkje treng å få tilgang til opplysningane ikkje skal ha det, og på den andre sida at personar som ikkje er formelt tilsette i Statens havarikommisjon, men som utfører arbeid for havarikommisjonen i ei konkret sak, kan få det.

Tredje ledd nr. 5 svarar til unntaket for opplysningar som har statistisk form i forvaltningslova § 13 a nr. 2.

Tredje ledd nr. 6 svarar til unntaket i forvaltningslova § 13 a nr. 3. Føresegna omfattar det som ofte vert omtalt som «reine faktaopplysningar», som til dømes opplysningar om tidspunkt, stad, tekniske forhold, terrengformasjonar, vêrforhold, konstruksjonar, osb.

Tredje ledd nr. 7 vil typisk omfatte deling av opplysningar mellom nasjonale undersøkingsmyndigheiter som ledd i undersøkinga av ulykker som involverer føretak frå to eller fleire land. Operatørar, sertifiserande myndigheit eller konstruktørar kan t.d. vere frå eit anna land enn der ei ulykke har hendt. I slike høve vil deling av opplysningar med einingar i andre land bygge på den same tankegangen om naudsyn som underbygger andre ledd nr. 4. Når Noreg inngår slike avtalar vil vilkåret vere at motparten har interne teiepliktføresegner som svarar til dei som kjem fram av nr. 7.

Fjerde ledd har som formål å avgrense teieplikta mot opplysningar i ein del dokument som Statens havarikommisjon ikkje sjølv har utarbeidd eller fått utarbeidd. Erfaringa er at teieplikta vert for vidtrekkande dersom den omfattar alle opplysningar i slike «eksterne» dokument.

Det dreier seg typisk om opplysningar i dokument som eksisterer heilt uavhengig av undersøkinga eller som nokon andre enn undersøkingsmyndigheita har laga i samband med undersøkinga. Desse skal som hovudregel ikkje vere teiepliktige sjølv om dei er hos Statens havarikommisjon som følgje av ei undersøking.

Opplysningar i slike dokument som i utgangspunktet ikkje er teiepliktige, er likevel teiepliktige dersom dei er omfatta av ein av dei fire kategoriane i dei påfølgjande punkta. Dette er nødvendig for å sikre at retten til offentlegheit som følgjer av innleiinga ikkje får utilsikta følgjar og skaper eit usamanhengande system.

Fjerde ledd andre punktum første komma gjer det klart at den typen opplysningar som er omfatta av tredje ledd nr. 1 bokstav a til d er omfatta av teieplikt sjølv om dei finst i dokument som Statens havarikommisjon ikkje sjølv har utarbeidd eller har fått utarbeidd. Det same gjeld den typen opplysningar som er omfatta av forvaltningsloven § 13.

Fjerde ledd andre punktum andre komma slår vidare fast at når opplysningar er underlagt strengare teieplikt etter særlov enn det som følgjer av forvaltningslova § 13 eller avgjerdene i nr. 1 bokstav a til d, skal den same strenge teieplikta gjelde for dei tilsette i Statens havarikommisjon. Dette er ei vidareføring av gjeldande rett, og synar typisk til teieplikt for helsepersonell, prestar og advokatar.

Fjerde ledd tredje punktum første komma vert oppfatta som naudsynt for å unngå at dokument som finst hos Statens havarikommisjon vert nytta som grunnlag for sivil- eller strafferettsleg rettsforfølging. Føresegna overlèt til undersøkingsmyndigheita sjølv å ta stilling til om eit dokument er av ein slik karakter at opplysningane er eigna til å bli brukt som grunnlag for å vurdere sivilrettsleg skuld eller ansvar. Skjønnet som Statens havarikommisjon gjer er endeleg, og kan ikkje overprøvast av andre instansar.

Fjerde ledd tredje punktum andre komma omhandlar dei tilfella der Statens havarikommisjon har fått tilgang til dokument «i tilknyting til» ei forklaring som nemnt i § 23 f, og undersøkingsmyndigheita ser på opplysningar i dokumentet som ein del av forklaringa. Føresegna inneber at dette skjønnet skal utøvast av Statens havarikommisjon sjølv, på same måte som i fjerde ledd tredje punktum første komma.

Til § 23 l:

Føresegna svarar til gjeldande føresegn i jernbaneundersøkelseslova § 18.

Til § 23 m:

Føresegna svarar til gjeldande føresegn i jernbaneundersøkelseslova § 19. Omgrepet «avgjørelse» etter andre ledd andre punktum er meint å understreke at rapporten som utarbeidas av undersøkingsmyndigheita ikkje er omfatta av forvaltningslovas regler om klage med vidare.

Til § 23 n:

Føresegna svarar til gjeldande føresegn i jernbaneundersøkelseslova § 20.

Til § 23 o:

Føresegna svarar til gjeldande føresegn i jernbaneundersøkelseslova § 21.

Til § 23 p:

Første punktum svarar til gjeldande føresegn i jernbaneundersøkelseslova § 22.

Andre punktum må sjåast i samanheng med første punktum, som inneheld eit absolutt bevisforbod i straffesaker mot den som sjølv har gitt opplysningane.

Til taubanelova § 28 annet ledd

Til føresegna er det kun gjort ein mindre redaksjonell endring.

Til taubanelova § 29 og tivolilova § 25:

Føresegna svarar til gjeldande føresegn i jernbaneundersøkelseslova § 25.