Prop. 76 L (2017–2018)

Endringar i vallova (valdistrikt ved stortingsval, rett til å stille liste ved val mv.)

Til innhaldsliste

3 Lovforslag

3.1 Bakgrunn for høyringa

Stortinget vedtok den 8. juni 2017 fleire fylkessamanslåingar som vil tre i kraft den 1. januar 2020. Stortinget vedtok 8. juni 2016 å slå saman Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag fylke til Trøndelag fylke med verknad frå den 1. januar 2018. Den nye inndelinga på det regionale folkevalde nivået får konsekvensar for valordninga for stortingsval og valgjennomføringa i 2021. Dei opphavlege 19 fylka er valdistrikt ved stortingsval. Ved samanslåing av fylke vil det ikkje lenger vere samsvar mellom talet på fylke og talet på valdistrikt.

Stortinget må før neste stortingsval ta stilling til kor mange valdistrikt det skal vere. Dersom Stortinget ønskjer å halde på talet på valdistrikt, må ordlyden i vallova endrast. Dette fordi det følgjer av dagens lovføresegn at det er fylka som utgjer dei 19 valdistrikta. Dersom landet skal ha like mange valdistrikt i 2021, ser departementet det som nødvendig å endre lovføresegna slik at ho slår fast at dei opphavlege 19 fylka skal vere valdistrikt ved stortingsval. Om Stortinget ønskjer å redusere talet på valdistrikt, må både Grunnlova og vallova endrast.

Hausten 2016 blei det fremma fleire grunnlovsforslag om endring av grunnlovsføresegnene om valdistrikt. Dei gjer det mogleg for Stortinget å vedta ein reduksjon i talet på valdistrikt før valet i 2021. Eitt av grunnlovsforslaga går ut på å redusere talet på valdistrikt til 18, med bakgrunn i samanslåinga av Nord- og Sør-Trøndelag frå den 1. januar 2018. Departementet meiner det er uheldig å endre Grunnlova berre for eitt valdistrikt no, sidan det vil vere ei mellombels løysing. Departementet tilrår at spørsmålet om kva som skal utgjere valdistrikta, blir greidd ut som ei heilskapleg problemstilling i vallovutvalet, og sende derfor på høyring eit forslag om å halde på 19 valdistrikt i 2021.

Departementet presenterte konsekvensane av endringar av fylkesstrukturen i Prop. 84 S (2016–2017) Ny inndeling av regionalt folkevalt nivå. Departementet la vekt på at talet på valdistrikt har stor innverknad på valordninga, og at det dermed trengst grundige utgreiingar før føresegnene i Grunnlova blir endra. Departementet meinte at dette ikkje var mogleg før endeleg fylkesstruktur var vedteken, og konkluderte med at valet i 2021 derfor burde gjennomførast med dagens valordning, det vil seie med 19 valdistrikt.

Departementet meiner framleis at det er ei naturleg og trygg løysing å halde på dagens 19 valdistrikt i 2021, for det vil sikre ei god valgjennomføring som har legitimitet hos både parti og veljarar. Ny fylkesstruktur er no vedteken, og utvalet kan greie ut spørsmålet om valdistrikt grundig med bakgrunn i den nye strukturen. Å halde på dei 19 valdistrikta i eitt val til er ei føreseieleg løysing som sikrar omsyna til geografisk og partipolitisk representasjon. Dagens inndeling er godt innarbeidd, og det gir tryggleik for både parti og veljarar. Departementet foreslår derfor tilpassingar i lovverket som gjer det mogleg å gjennomføre stortingsvalet i 2021 med 19 valdistrikt. Valdistrikta vil da ikkje lenger vere samanfallande med fylkesgrensene. Det inneber at fleire av dei nye fylkeskommunane vil få ansvar for valgjennomføringa i meir enn eitt valdistrikt.

3.2 Gjeldande rett

Stortingsval er regulerte av Grunnlova og vallova.

Fleire viktige forhold som gjeld stortingsval, er regulerte i Grunnlova. Dette gjeld blant anna reglar om stemmerett, kven som kan veljast, tidspunkt for val, godkjenning av valet, valordning og mandatfordeling.

Av Grunnlova § 57 går det fram at landet er delt inn i 19 valdistrikt ved stortingsval. Det følgjer òg av Grunnlova at kvart valdistrikt får tildelt eitt utjamningsmandat. Vallova § 11-1 slår òg fast at det er 19 valdistrikt ved stortingsval, og fastset vidare at det er fylka som utgjer desse 19 valdistrikta.

Resten av føresegnene om stortingsval står i vallova. Vallova inneheld blant anna føresegner om kven som kan veljast, valorgan, listeforslag, gjennomføring av stemmegiving og oppteljing, valoppgjer, godkjenning og klage. I fleire av desse føresegnene blir det vist til «fylket» i tydinga fylkets funksjon som valdistrikt. Føresegnene om listeforslag er for eksempel gjennomgåande baserte på at dagens fylke utgjer valdistrikt både ved stortingsval og ved fylkestingsval.

3.3 Høyringsforslaget

3.3.1 Valdistrikt

På bakgrunn av problemstillinga det er gjort greie for i kapittel 3.1, foreslo departementet å endre vallova § 11-1, som i dag seier at kvart fylke utgjer eit valdistrikt. Departementet foreslo at føresegna blir endra slik at ho ikkje lenger peiker ut fylka som valdistrikt, men gjer greie for kva for einingar (kommunar) som utgjer dei 19 valdistrikta. Dette vil det først vere mogleg å vedta når alle namna på dei nye kommunane er fastsette i forskrift. Departementet foreslo derfor ein forskriftsheimel som gir departementet høve til å fastsetje eintydig i forskrift kva for kommunar som høyrer inn under dei ulike valdistrikta. Departementet understreka at den einaste grunnen til at det er nødvendig med ein slik forskriftsheimel, er at ikkje alle kommunenamn er fastsette enno.

3.3.2 Valstyre

I samsvar med vallova § 4-3 skal det ved stortingsval vere eit fylkesvalstyre i kvart fylke som blir valt av fylkestinget sjølv. Dei nye fylka vil i 2021 ha fylkesting som kan peike ut eit fylkesvalstyre med ansvar for eitt eller fleire valdistrikt i fylket. Dette inneber for eksempel at fylkestinget i det nye samanslåtte fylket Agder peiker ut eit fylkesvalstyre som har ansvaret for både Vest-Agder valdistrikt og Aust-Agder valdistrikt ved gjennomføringa av valet i 2021. Denne ordninga kan gjennomførast utan endring i regelverket, og det vil vere ei god praktisk løysing.

Etter vallova § 11-4 andre ledd skal fylkesvalstyret utføre valoppgjer for fylket. Med 19 valdistrikt og 11 fylkesvalstyre foreslo departementet i høyringsnotatet at føresegna blir endra til at fylkesvalstyret skal utføre valoppgjer for kvart av valdistrikta i fylket.

3.3.3 Rett til å stille liste og krav til underskrifter

Vallova kapittel 6 inneheld reglar om krav til og behandling av listeforslag. Departementet meiner det er nødvendig å endre nokre av desse føresegnene for å tilpasse regelverket til ei valgjennomføring der det ikkje er samsvar mellom talet på valdistrikt og talet på fylke.

Vallova § 6-2 første ledd set krav til kor mange kandidatnamn det skal vere på listeforslaget ved stortingsval. I dag er regelen at listeforslaget skal vere utfylt med namnet på så mange kandidatar som det skal veljast representantar til Stortinget frå fylket, i tillegg til seks andre namn. Departementet uttrykte eit ønske om å endre føresegna slik at kravet til kor mange namn det skal vere på listeforslaget, blir knytt til valdistriktet i staden for til fylket. Forslaget inneber altså at krava vil vere dei same som i dag.

Vallova § 6-3 første ledd gjeld reglar for underskrift på listeforslag for registrerte parti som kan stille liste etter forenkla regelverk. Etter denne føresegna kan registrerte parti som fekk minst 500 stemmer i eitt fylke eller minst 5 000 stemmer i heile landet ved førre stortingsval, levere listeforslag som er underskrive av minst to av styremedlemmene i partiets lokalavdeling i det fylket lista gjeld. Departementet meiner ordlyden bør endrast som følgje av fylkessamanslåingane. Denne føresegna inneheld òg eit krav om lokal forankring ved at underteiknarane må ha stemmerett i valdistriktet det gjeld. Etter departementets vurdering er det viktig at dette kravet blir ståande.

Departementet foreslo derfor at vallova § 6-3 blir endra slik at eit listeforslag kan underteiknast av to styremedlemer i partiets lokalavdeling med stemmerett i valdistriktet. Dette inneber at reglane i vallova om listeforslag ikkje legg føringar på korleis partia organiserer seg.

Det er òg nødvendig å endre vallova § 6-3 andre ledd, som gjeld parti som må samle underskrifter på listeforslaga for å kunne stille liste til valet. Etter dagens regelverk må listeforslaget vere underskrive av minst 500 personar med stemmerett i fylket ved det aktuelle valet. Å endre føresegna til at listeforslaget må vere underskrive av 500 personar med stemmerett i valdistriktet, vil i praksis vere å halde på dagens ordning. Departementet foreslo derfor også å endre ordlyden i denne føresegna.

Valforskrifta § 16 fastset at dersom det er uklart kven som har rett til å representere eit registrert politisk parti på lokalt nivå og rett til å stille liste, skal valstyresmaktene innhente og leggje til grunn fråsegn frå utøvande organ i partiet, jf. lov 17. juni 2005 nr. 102 om visse forhold vedrørende de politiske partiene (partiloven) § 3 andre ledd bokstav b. Departementet foreslo i høyringsnotatet å flytte denne føresegna frå valforskrifta til vallova. Føresegna er av ein slik grunnleggjande karakter for godkjenninga av listeforslag at det vil vere naturleg at ho kjem fram direkte av lova. Ei lovregulering vil vere med på å synleggjere føresegna i større grad. Departementet understreka at flyttinga ikkje medfører noka materiell endring, verken for valstyresmaktene eller for partia.

3.3.4 Mandatfordeling og kandidatkåring

Vallova kapittel 11 handlar om reglar for fordeling av mandat og kåring av kandidatar ved stortingsval.

Vallova § 11-4 andre ledd fastset at fylkesvalstyret skal utføre valoppgjer for fylket og fordele distriktsmandata mellom listene etter St. Laguës modifiserte metode. Departementet ser det som nødvendig å gjere ei endring som presiserer at fylkesvalstyret utfører valoppgjer for valdistrikta i fylket.

Vallova § 11-6 tredje ledd regulerer korleis Riksvalstyret fordeler utjamningsmandata til partia på kvart fylke. Det vil i 2021 framleis vere 19 utjamningsmandat til fordeling på dei 19 valdistrikta, og fylket vil ikkje spele noka rolle i denne utrekninga. Departementet foreslo derfor å endre nemninga fylke til valdistrikt gjennomgåande i heile føresegna.

Lova § 11-9 andre ledd gjeld situasjonar der ein kandidat blir vald inn frå fleire fylke. Kandidaten må i så fall gi ei skriftleg erklæring om kva for fylke han eller ho ønskjer å ta imot valet frå. Departementet foreslo å presisere at kandidaten må erklære kva for valdistrikt han eller ho ønskjer å ta imot valet frå.

3.3.5 Listekandidatar i vallokalet

Etter § 8-2 tredje ledd kan ikkje ein kandidat som er oppført på ei valliste ved stortingsvalet, oppnemnast til mottakar av førehandsstemmer i kommunane i det same fylket.

Etter § 9-3 fjerde ledd kan ikkje ein kandidat som er oppført på ei valliste ved stortingsvalet, oppnemnast til stemmemottakar eller valfunksjonær i vallokala i kommunane i det same fylket.

Departementet trekte fram at denne føresegna blir uforholdsmessig streng dersom fylka ikkje lenger er valdistrikt. Siktemålet med føresegna er å sikre at veljarane opplever stemmegivinga som nøytral. Dersom ein listekandidat blir oppnemnd til stemmemottakar eller valfunksjonær i eit anna valdistrikt enn der han eller ho står på liste, innanfor same fylke, ser ikkje departementet at dette vil vere i strid med prinsippet bak innføringa av denne restriksjonen.

Departementet foreslo derfor i høyringsnotatet å endre føresegnene til at kandidaten ikkje kan oppnemnast i det same valdistriktet.

3.3.6 Endeleg oppteljing

Etter vallova § 10-6 fjerde ledd skal fylkesvalstyret registrere rettingar veljarane har gjort på stemmesetlane ved stortingsvalet. Fylkesvalstyret skal telje kor mange stemmesetlar som er gitt til kvar liste, samanlagt for alle kommunane i fylket.

Departementet foreslo å endre føresegna til at det skal teljast kor mange stemmesetlar som er gitt til kvar liste, samanlagt for alle kommunane i eitt valdistrikt.

3.3.7 Kontroll av stortingsval

Stortingets mynde til å gjere vedtak om stortingsvalet er gyldig, er heimla i vallova § 13-3. Etter lova skal Stortinget kjenne stortingsvalet i ein kommune eller eit fylke ugyldig dersom det er gjort feil som truleg har hatt innverknad på utfallet av valet, og som det ikkje er mogleg å rette opp. Stortinget kan i så fall påby omval i heile fylket.

Departementet trekte i høyringsnotatet fram at også denne føresegna må endrast til at Stortinget kan kjenne stortingsvalet i eit valdistrikt ugyldig og påby omval i heile valdistriktet dersom det er gjort ein slik feil.

3.4 Høyringssvara

Dei fleste høyringsinstansane som uttaler seg, støttar departementets forslag om å gjennomføre stortingsvalet i 2021 med dagens 19 valdistrikt. Blant desse er Akershus fylkeskommune, Bardu kommune, Buskerud fylkeskommune, Drammen kommune, Kristiansand kommune, Norsk studentorganisasjon, Skedsmo kommune, Telemark fylkeskommune, Trondheim kommune, Tromsø kommune og Unio.

Både Aust-Agder og Vest-Agder fylkeskommunar støttar departementets vurdering av at stortingsvalet i 2021 blir gjennomført med dagens 19 valdistrikt, og meiner dei foreslåtte endringane er nødvendige for å sikre at valet i 2021 blir gjennomført på ein tillitvekkjande og korrekt måte.

Fredrikstad kommune støttar òg forslaget om å halde på dagens 19 valdistrikt ved kommande stortingsval. Kommunen er samd i at endringar i valdistrikt bør vurderast nøye, og at slike endringar kan gjere det nødvendig å gå gjennom modellen for utrekning av mandatfordeling mellom valdistrikta, f.eks. vektinga mellom innbyggjartal og areal.

Bergen kommune støttar forslaget frå departementet og strekar under at departementet må lage eit godt opplegg for informasjon om endringane i valgjennomføringa ved vala i 2019 og 2021 til veljarar, parti og kommunar og fylkeskommunar.

Kommunesektorens organisasjon (KS) meiner at forslaga frå departementet om å gjennomføre både kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019 og stortingsvalet i 2021 verkar som rimelege og praktiske løysingar på det som står fram som mellombelse utfordringar, og støttar alle forslaga. KS ser fram til å gå nærmare inn på endringar i valordninga når utgreiinga frå vallovutvalet ligg føre ved utgangen av 2019.

Vestfold fylkeskommune føreset at inndelinga av valdistrikt til stortingsvalet i 2021 berre gjeld ved dette valet, og at dei nye fylka vil danne permanente valdistrikt frå stortingsvalet i 2025. Fylkeskommunen er òg betenkt over forslaget til endring i vallova § 11-1, som inneber at det skal fastsetjast i eiga forskrift kva for kommunar som inngår i dei ulike valdistrikta. Vestfold fylkeskommune er uroleg over at ein i forskrift, utan stortingsbehandling, kan endre valdistrikta, og meiner at ein utilsikta verknad er at valresultatet kan bli påverka. Vestfold fylkeskommune ber departementet sjå meir på moglege demokratiske verknader. Fylkeskommunen støttar elles forslaget frå departementet.

Eit fåtal høyringsinstansar støttar ikkje forslaget om å gjennomføre stortingsvalet i 2021 med dagens 19 valdistrikt. Trøndelag fylkeskommune meiner at Trøndelag må utgjere eitt valdistrikt, slik at valet blir gjennomført med 18 valdistrikt. Fylkeskommunen føreset at Trøndelag blir representert med like mange mandat som i dag.

Røyken kommune støttar heller ikkje departementets forslag til gjennomføring av stortingsvalet i 2021. Kommunen grunngir standpunktet slik:

Partiorganisasjonene og lokaldemokratiet vil ha tilpasset seg den nye inndelingen både på kommune- og fylkesnivå. De fleste politiske partier i Røyken har for eksempel allerede tilpasset sine partiorganisasjoner til den nye kommunen fra 2017 av. Å gjennomføre nominasjon og sikre en aktiv deltakelse i hele den demokratiske prosessen er svært viktig for Røyken kommune. Når ny kommune er etablert og de demokratiske prosessene er tilpasset den, vil derfor et valg etter tidligere fylkesgrenser der identitet, tilhørighet og engasjement så vel som lokaldemokratiske institusjoner som partienes nominasjonsprosess er tilpasset ny modell, vil derfor kunne skape avstand og ikke i tilstrekkelig grad sikre innbyggerens rett og mulighet til deltakelse og å bli hørt.

Kommunen meiner at Stortinget bør vedta dei nødvendige lovendringane slik at stortingsvalet i 2021 kan gjennomførast etter ny fylkesinndeling.

Nokre høyringsinstansar knyter merknader til utforminga av føresegnene i forslaget.

Kartverket har ein merknad til forslaget til endring i vallova § 11-1 om valdistrikta ved stortingsval, og uttaler:

Valgdistriktene som ramses opp er basert på tidligere fylkesinndeling, men følger ikke fylkesnumrene. Vi anbefaler at numrene også fungerer som kode for valgdistriktene i registersammenheng. For at kodene skal være gjenkjennbare anbefaler vi at de baserer seg på gamle fylkeskoder. Det vil si at kode 13 utgår. Sogn og Fjordane valgdistrikt til Finnmark valgdistrikt blir dermed nummerert fra 14 til 20.

Noregs Kommunistiske Parti (NKP) uttaler seg om forslaget til endring i vallova § 6-3 om underskrifter på listeforslag for registrerte politiske parti. NKP meiner det er diskriminerande overfor små parti med avgrensa ressursar å måtte samle inn underskrifter igjen og igjen, og meiner dette kravet berre bør stillast første gong eit parti stiller til val. Partiet meiner derfor at føresegna bør endrast til at alle registrerte politiske parti som har stilt til val tidlegare, kan stille listeforslag etter forenkla regelverk der to styremedlemer signerer.

Valdirektoratet uttaler at forslaga til endringar i regelverket etter deira syn vil sikre dei nødvendige regulatoriske omsyna. Direktoratet reknar med at konsekvensen for valstyresmaktene i stor grad vil handle om kommunikasjon og opplæring. Direktoratet understrekar at det kan bli utfordrande å kommunisere ut mot veljarane at dei stemmer til ulike valdistrikt ved vala i 2019 og 2021. Direktoratet trekkjer òg fram at det er viktig med god opplæring av dei fylkeskommunane som skal administrere meir enn eitt valdistrikt.

3.5 Departementets vurdering og forslag

3.5.1 Kommentarar til merknadene frå høyringsinstansane

Departementet noterer seg at dei aller fleste høyringsinstansane støttar forslaga eller ikkje har nokon merknader til dei foreslåtte endringane.

Departementet viser til høyringsfråsegna frå Kartverket om nummerering av valdistrikt, og at nummer 13 ikkje bør brukast så lenge opplistinga elles samsvarer med fylkesnummereringa. Departementet har på bakgrunn av høyringsfråsegna gjort ei ny vurdering av forslaget til lovføresegn og meiner det ikkje er nødvendig å ha nummerering i opplistinga av valdistrikta. Sjølv om forslaget inneber at dei gamle fylka er valdistrikt i 2021, er det ikkje nødvendig å bruke fylkesnummerering i vallova. Forslaget til endring av vallova § 11-1 som blir fremma i proposisjonen, er derfor utan nummerering, men er lista opp med bokstavane a-s.

Departementet viser til høyringssvaret frå Vestfold fylkeskommune, som føreset at dei nye fylka vil danne permanente valdistrikt frå stortingsvalet i 2025. Departementet understrekar at bakgrunnen for forslaget er at denne problemstillinga skal greiast ut av vallovutvalet. Departementet vil ikkje gjere noka vurdering av kva som skal utgjere valdistrikta i 2025, men ventar på innstillinga frå utvalet. Innstillinga vil bli send på brei høyring før departementet fremmar forslag til Stortinget om ny vallov. Endringane som er foreslått i vallova, vil altså i alle høve berre gjelde ved valet i 2021, sidan valet i 2025 vil bli gjennomført etter ny vallov.

Vestfold fylkeskommune er den einaste høyringsinstansen som uttaler seg om forslaget om å innføre ein forskriftsheimel i vallova om kva for kommunar som skal inngå i valdistrikta. Fylkeskommunen uttrykkjer uro over at ein i forskrift skal kunne endre valdistrikta.

Departementet understrekar at spørsmålet om kva for kommunar som skal inngå i dei ulike valdistrikta, er eintydig definert. Forskrifta skal berre namngi kva for kommunar som høyrer til i dei ulike valdistrikta, basert på allereie kjend tilhøyrsle. Grunnen til at det ikkje blir gjort no, er at ikkje alle nye kommunenamn er fastsette. Kommunar som er vedtekne slått saman på tvers av fylkesgrenser, eller som er påverka av grensejusteringar på tvers av fylkesgrenser, har fått tilhøyrsla til valdistrikt avklart i stortingsvedtaket. Kommunar som ikkje er påverka av denne prosessen, vil høyre til valdistriktet som tilsvarer fylket deira.

Departementet viser til høyringsfråsegna frå Trøndelag fylkeskommune, som meiner at Trøndelag må utgjere eitt valdistrikt i 2021. Departementet viser òg til grunnlovsforslaget om å redusere talet på valdistrikt til 18 for at Trøndelag skal utgjere eitt valdistrikt i 2021. Departementet har forståing for at situasjonen er noko annleis for Trøndelag samanlikna med andre fylke, sidan denne samanslåinga allereie er sett i verk. Det er departementets oppfatning at det ikkje bør gjerast endringar i Grunnlova utan nærmare utgreiing. Departementet meiner framleis det er uheldig å endre Grunnlova på bakgrunn av at samanslåinga av Trøndelag har skjedd to år tidlegare enn dei andre fylkessamanslåingane. Valdistrikt bør greiast ut som ei heilskapleg problemstilling der ein ser heile landet under eitt, og det bør ikkje gjerast mellombelse grunnlovsendringar. Det oppdraget ligg i mandatet til vallovutvalet. Dersom talet på valdistrikt skal reduserast, er det Stortinget som må vedta endringar i Grunnlova. Departementet ønskjer å sikre ein trygg og føreseieleg prosess og fremmar derfor endringar som gjer at stortingsvalet i 2021 kan gjennomførast utan grunnlovsendringar.

Departementet er einig med Valdirektoratet i at endringane medfører eit behov for kommunikasjon og opplæring frå valstyresmaktene, og vil sørgje for at partia får god informasjon om konsekvensane av endringane. Departementet vil i samarbeid med Valdirektoratet sørgje for informasjon og opplæring av valstyresmakter og veljarar.

Departementet viser til høyringsfråsegna frå Røyken kommune og understrekar at kommunar som slår seg saman på tvers av fylke, slik situasjonen er med for eksempel Asker (Akershus), Røyken (Buskerud) og Hurum (Buskerud), vil høyre til same valdistrikt ved stortingsvalet i 2021. Dette blei avklart i Stortingets vedtak om justering av fylkesgrenser som blei gjort den 8. juni 2017. Det heiter for eksempel i vedtaket om samanslåing av Asker, Hurum og Røyken kommunar at:

Fylkesgrensen mellom Akershus og Buskerud justeres slik at den nye kommunen blir en del av Akershus fylke.

Departementet held fast på alle forslaga til endringar som blei sende på høyring. På bakgrunn av høyringsinnspela frå Kartverket har departementet endra utforminga av forslaget til endring av vallova § 11-1 første ledd.

3.5.2 Rett til å stille liste og krav til underskrifter

Det er ingen av høyringsinstansane som har uttalt seg om dette temaet. Departementet held fast på det vesentlege i forslaga sine, men vil her utdjupe kva innverknad endringane vil ha ved høvesvis kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019 og stortingsvalet i 2021.

Kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2019

For kommunar og fylke som er omfatta av grenseendringar, skal valet gjennomførast som om grenseendringane har skjedd. Det vil seie at to eller fleire samanslåtte kommunar skal velje eit nytt felles kommunestyre, og at to eller fleire samanslåtte fylke skal velje eit nytt felles fylkesting.

Når det gjeld retten til å stille liste etter forenkla regelverk, knyter kravet seg til kor mange stemmer lista fekk ved førre stortingsval. Departementet foreslår endringar i vallova § 6-3 første ledd om talet på underskrifter på listeforslaget, slik at kravet til stemmer ved førre stortingsval skal vere knytt til valdistrikt i staden for til fylke slik som i dag. Ettersom det i 2019 vil vere stortingsvalet i 2017 som avgjer dette, vil ikkje endringa av ordlyd ha nokon innverknad, ettersom fylka og valdistrikta var samanfallande i 2017.

Departementet foreslo i høyringsnotatet at vallova § 6-3 første ledd skal endrast til at listeforslaget kan skrivast under av minst to av styremedlemmene i partiets lokalavdeling i valdistriktet det gjeld. Etter nærmare vurdering ønskjer departementet å endre denne føresegna til at listeforslaget kan skrivast under av minst to styremedlemer i lokalavdelinga med ansvar for valdistriktet lista gjeld, og i eit eige punktum halde på kravet om at underskrivarane må ha stemmerett i dette valdistriktet. Departementet meiner at reglane om listeforslag i vallova ikkje bør leggje føringar på korleis partia organiserer seg. Departementet meiner at prinsippet om lokal forankring framleis må sikrast gjennom krav om at underskrivarane må ha stemmerett i gjeldande valdistrikt. Dette inneber at det ikkje lenger vil vere eintydig kva for del av partiorganisasjonen som kan stille lister på høvesvis fylkesnivå og i stortingsdistrikt. Departementet meiner dette kjem tydelegare fram i nytt forslag til lovtekst. Departementet foreslår derfor ei endring frå forslaget som blei presentert i høyringsnotatet.

Departementet held fast på forslaget om å flytte føresegna i valforskrifta § 16 om kven som avklarar kven som har rett til å representere eit parti lokalt, til vallova. Det blir dermed tydeleg at dersom det er tvil om kven som har rett til å representere eit politisk parti lokalt, er det leiaren av partiets utøvande organ som avgjer saka.

Stortingsvalet i 2021

Dersom stortingsvalet i 2021 skal gjennomførast med dagens 19 valdistrikt, vil det få konsekvensar for partia og innlevering av listeforslag. Verken vallova eller partilova har reglar for korleis partia skal organisere nominasjonsprosessen, eller korleis dei organiserer seg. Endringa foreslått i vallova § 6-3 som det er gjort greie for ovanfor, gir partia meir fleksibilitet i korleis dei organiserer seg. Forslaget inneber at anten eit lokalt lag i valdistriktet (tilsvarande dagens fylkeslag) eller eit nytt samanslått fylkeslag kan skrive under listeforslag til stortingsvalet i 2021. Dette vil kunne variere mellom partia. Departementet ser at det er viktig å gi både partia og fylkeskommunane som behandlar listeforslag, god opplæring i regelverket. Ein konsekvens av å gi partia meir fleksibilitet er at det kan vere fleire ulike lokallag som ønskjer å levere listeforslag i same valdistrikt ved stortingsvalet i 2021.

For å sikre kravet til lokal forankring må dei som skriv under, ha stemmerett i valdistriktet. Det vil seie at dersom eit parti med fylkeslag i for eksempel Viken skal fremme listeforslag i valdistrikta Østfold, Akershus og Buskerud ved stortingsvalet i 2021, kan ikkje dei same styremedlemmene skrive under på alle tre listeforslaga.

Som nemnt i høyringsnotatet meiner departementet at føresegna om kven som har rett til å representere eit registrert politisk parti på lokalt nivå, er av ein slik karakter at ho bør løftast til vallova. Ingen av høyringsinstansane hadde kommentarar til dette forslaget. Departementet foreslår derfor å ta inn denne føresegna i vallova kapittel 6 om korleis valstyresmaktene behandlar listeforslag. Tilsvarande føresegn i valforskrifta § 16 vil da bli oppheva.

Til forsida