Prop. 76 L (2017–2018)

Endringar i vallova (valdistrikt ved stortingsval, rett til å stille liste ved val mv.)

Til innhaldsliste

8 Merknader til dei einskilde forslaga

Til § 6-2 første ledd første punktum

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande regel om krav til kor mange kandidatnamn det må vere på listeforslaget ved stortingsval. Nemninga «valgdistrikt» erstattar «fylket», som er dagens nemning. Dei 19 valdistrikta ved stortingsval går fram av § 11-1 første ledd andre punktum. Det følgjer av føresegna at listeforslaget skal vere utfylt med namnet på så mange kandidatar som det skal veljast representantar til Stortinget frå valdistriktet, i tillegg til inntil seks andre namn.

Til § 6-3 første ledd første punktum

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande rett. Nemninga «valgdistrikt» erstattar både «fylke» som ei følgje av endringa i § 11-1 første ledd andre punktum og «kommune». Ved stortingsval er valdistrikta dei 19 tidlegare fylka som går fram av § 11-1 første ledd andre punktum. Ved kommunestyreval er kvar kommune eit valdistrikt, og ved fylkestingsval er kvar fylkeskommune eit valdistrikt.

Føresegna held ved lag partia sin rett til å organisere seg slik dei vil, og gir partia meir fleksibilitet når det gjeld kva for lokalt partiledd som stiller liste. Det er lokalavdelinga med ansvar for valdistriktet som kan stille liste, gjennom at minst to styremedlemer i lokalavdelinga skriv under på listeforslaget. Dersom partiet berre har eitt fylkeslag som er ansvarleg for nominasjonen for alle stortingsvaldistrikta i fylket, skal to styremedlemer i fylkeslaget med stemmerett i valdistriktet skrive under på listeforslaget. Dersom partiet har halde på dagens organisasjonar i stortingsvaldistrikta (dagens fylke), vil desse kunne stille liste. Dette vil gjelde ved både stortingsval, fylkestingsval og kommunestyreval. Ved fylkestingsval og kommunestyreval vil valdistriktet vere det same som høvesvis fylket eller kommunen. Kravet om at underskrivarane må ha stemmerett i valdistriktet, blir ført vidare, og formålet med det er framleis å sikre lokal forankring av listeforslag.

Til § 6-3 andre ledd bokstav a

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande rett om at eit listeforslag ved stortingsval og fylkestingsval skal vere underskrive av minst 500 personar med stemmerett i valdistriktet ved det aktuelle valet. Nemninga «valgdistrikt» erstattar «fylket» som ei følgje av endringa i § 11-1 første ledd andre punktum. Ved stortingsval er det 19 valdistrikt, og ved fylkestingsval er kvar fylkeskommune eit valdistrikt.

Til § 6-6 fjerde ledd

Føresegna erstattar og fører vidare føresegna i valforskrifta § 16. Føresegna er ei vidareføring av gjeldande rett om at når det er uklart kven som har rett til å representere eit politisk parti på lokalt nivå og rett til å stille liste, skal valstyresmaktene innhente og leggje til grunn fråsegn frå utøvande organ i partiet, jf. partilova § 3 andre ledd bokstav b.

Det som no er fjerde ledd, blir nytt femte ledd.

Til § 8-2 tredje ledd andre punktum

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande rett. Nemninga «valgdistrikt» erstattar «fylke», som ei følgje av endringa i § 11-1. Det følgjer av føresegna at ein kandidat som er ført opp på ei valliste ved stortingsvalet eller fylkestingsvalet, ikkje kan oppnemnast som mottakar av førehandsstemmer i kommunane i det same valdistriktet. Med valdistrikt er det meint dei 19 valdistrikta som er lista opp i § 11-1 første ledd andre punktum ved stortingsval, og fylket ved fylkestingsval.

Til § 9-3 fjerde ledd andre punktum

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande rett. Nemninga «valgdistrikt» erstattar «fylke», som ei følgje av endringa i § 11-1. Det følgjer av føresegna at ein kandidat som er ført opp på ei valliste ved stortingsvalet, ikkje kan oppnemnast som stemmemottakar eller valfunksjonær i vallokala i kommunane i det same valdistriktet. Med valdistrikt er det meint dei 19 valdistrikta som er lista opp i § 11-1 første ledd andre punktum ved stortingsval, og fylket ved fylkestingsval.

Til § 10-6 fjerde ledd andre punktum

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande rett. Nemninga «valgdistrikt» erstattar «fylke», som ei følgje av endringa i § 11-1. Det følgjer av føresegna at fylkesvalstyra ved stortingsval og fylkestingsval skal registrere rettingar veljarane har gjort på stemmesetlane. Fylkesvalstyret skal telje kor mange stemmesetlar som er gitt til kvar liste, samanlagt for alle kommunar i eitt valdistrikt. Med valdistrikt er det meint dei 19 valdistrikta som er lista opp i § 11-1 første ledd andre punktum ved stortingsval, og fylket ved fylkestingsval.

Til § 11-1

Første ledd første punktum i føresegna fører vidare gjeldande rett om at landet skal delast inn i 19 valdistrikt. Første ledd andre punktum i føresegna fastset dei 19 valdistrikta, som svarer til dei 19 fylka som utgjorde valdistrikt ved stortingsvalet i 2017. Endringa skjer som følgje av endringar i fylkesstrukturen, jf. Prop. 84 S (2016–2017). Ved å halde på dagens 19 valdistrikt ved valet i 2021 sikrar ein omsyna til geografisk og partipolitisk representasjon, og dei er godt innarbeidde.

Andre ledd i føresegna er nytt og gir heimel til å namngi i forskrift kva for kommunar som høyrer til dei ulike valdistrikta. Forskrifta vil berre namngi kommunane som høyrer til valdistriktet. Kva for kommunar som skal høyre til dei ulike valdistrikta, følgjer av kommunens fylkestilhøyrsle. Bakgrunnen for forskriftsheimelen er at ikkje alle samanslåingar, grensejusteringar og namneendringar er vedtekne når dette lovforslaget blir fremma.

Til § 11-4 andre ledd første punktum

Føresegna er i hovudsak ei vidareføring av gjeldande rett. Det er gjort tilpassingar som følgje av endringa i § 11-1. Det følgjer av føresegna at fylkesvalstyret skal utføre valoppgjer for valdistrikta i fylket og fordele distriktsmandata mellom listene. Det inneber at nokre fylkesvalstyre vil måtte utføre valoppgjer for meir enn eitt valdistrikt.

Til § 11-6 tredje ledd

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande føresegn om korleis Riksvalstyret fordeler utjamningsmandata mellom partia ved stortingsval. Det er gjort endringar i føresegna som følgje av endringa i § 11-1 første ledd andre punktum, slik at nemninga «valgdistrikt» erstattar «fylke» gjennomgåande i føresegna. Det vil derfor framleis vere 19 utjamningsmandat til fordeling på 19 valdistrikt.

Til § 11-9 andre ledd

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande rett. Det er gjort endringar i føresegna som følgje av endringa i § 11-1 første ledd andre punktum, slik at nemninga «valgdistrikt» gjennomgåande erstattar «fylke». Det følgjer av føresegna at dersom ein kandidat blir vald til stortingsrepresentant frå fleire valdistrikt, må kandidaten gi skriftleg erklæring om kva val han eller ho mottek. Dersom slik erklæring ikkje blir gitt, reknar ein valet som motteke i valdistriktet der kandidaten har stemmerett eller – i tilfelle kandidaten ikkje har stemmerett i nokon av valdistrikta – det valdistriktet som kjem først i alfabetisk rekkjefølgje.

Til § 13-1 første ledd første punktum

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande rett til å klage over forhold i samband med førebuinga og gjennomføringa av stortingsvalet i valdistriktet der ein er manntalsført. Nemninga «valgdistrikt» erstattar «fylke», som følgje av endringa i § 11-1 første ledd andre punktum.

§ 13-3 tredje og fjerde ledd

Føresegna er ei vidareføring av gjeldande rett om Stortingets mynde til å kjenne stortingsvalet ugyldig. Nemninga «valgdistrikt» erstattar «fylke», som følgje av endringa i § 11-1 første ledd andre punktum. Valoppgjeret blir utført per valdistrikt, og det er såleis i eit valdistrikt det kan bli aktuelt for Stortinget å påby omval.

Til forsida