Prop. 82 L (2014-2015)

Endringar i opplæringslova og privatskolelova (krav om relevant kompetanse i undervisningsfag m.m.)

Til innhaldsliste

7 Økonomiske og administrative konsekvensar av framlegga

7.1 Framlegget om å endre reglane om krav om relevant kompetanse i undervisningsfag

Dei foreslåtte endringane vil ha til følgje at kravet om relevant kompetanse i undervisningsfag vil gjelde for langt fleire lærarar enn i dag. Departementet foreslår å endre opplæringslova slik at ho opnar for å innføre krav for alle fast tilsette lærarar. Det vil òg bli foreslått å regulere i forskrift at dei lærarane som er fritekne for kravet i dag, framover berre skal vere omfatta av kravet dersom dei underviser i faga matematikk, engelsk, norsk, samisk eller norsk teiknspråk i grunnskolen. I andre fag og på andre trinn vil desse lærarane framleis vere fritekne for kravet om relevant undervisningskompetanse.

Innføringa av krav om relevant fagkompetanse for alle lærarar som skal undervise i matematikk, engelsk, norsk, samisk eller norsk teiknspråk i grunnskolen, heng nært saman med regjeringa si satsing på vidareutdanning. Den statlege satsinga på vidareutdanning har lagt til rette for at kompetansekrava kan fyllast. Regjeringa ønskjer framleis å ha tett dialog med partane om innretninga av vidareutdanningssatsinga, og korleis kapasiteten i universitets- og høgskolesektoren kan utnyttast på ein best mogleg måte. Departementet meiner det vil vere tilstrekkeleg kapasitet i universitets- og høgskolesektoren til at det er mogleg å nå krava innan det har gått 10 år.

Våren 2014 gjennomførte SSB ei utvalsundersøking av den faglege fordjupinga i undervisningsfaga hos lærarane i grunnskolen. Utvalsundersøkingar vil alltid vere noko usikre, men departementet meiner at undersøkinga gir eit godt grunnlag for å anslå kor mange lærarar i grunnskolen som ikkje fyller dei foreslåtte kompetansekrava. Ut frå undersøkinga legg departementet til grunn at om lag 38 500 av dei lærarane som underviser i matematikk, norsk eller engelsk i dag, ikkje vil fylle dei foreslåtte krava for å undervise i desse faga. Dette utgjer likevel ikkje 38 500 lærarårsverk, ettersom mange lærarar underviser i fleire fag og dermed blir talde fleire gonger når målgruppa blir talfesta. Det er relativt få lærarar som underviser i samisk og norsk teiknspråk. Kor mykje fagleg fordjuping desse lærarane har, er derfor vanskeleg å klargjere gjennom ei utvalsundersøking, og SSB-undersøkinga tok ikkje for seg dette.

Ut frå SSB-undersøkinga legg departementet til grunn at om lag 38 500 lærarar ikkje vil fylle dei krava departementet no foreslår å innføre i matematikk, norsk og engelsk. Dette talet gir ein indikasjon på kor mange som vil trenge vidareutdanning dersom alle skal fylle kompetansekrava innan utgangen av 10-årsperioden. I denne perioden vil lærarar frå dei nye grunnskolelærarutdanningane i stor grad ha erstatta dei lærarane som i dag er over 60 år. Lærarar som i dag er over 60 år, og som underviser i matematikk, norsk eller engelsk utan å ha tilstrekkeleg formalkompetanse til å kunne fylle dei foreslåtte krava, blir derfor ikkje rekna som ein del av målgruppa for vidareutdanning i denne samanhengen. Kandidatane frå dei nye grunnskolelærarutdanningane vil alle ha 30 eller 60 studiepoeng i dei undervisningsfaga dei har valt undervegs i lærarutdanninga. Departementet meiner derfor at det rundt rekna er mellom 33 000 og 35 000 av dei lærarane som i dag er under 60 år, som vil trenge vidareutdanning for å fylle kompetansekrava for undervisning i matematikk, norsk eller engelsk. Sidan utvalsundersøkinga ikkje gir informasjon om graden av fagleg fordjuping hos lærarane som underviser i samisk og norsk teiknspråk, er desse faga ikkje med i utrekningane til departementet. Slik departementet vurderer det, utgjer dette så få lærarar at det uansett ikkje vil ha mykje å seie for overslaget. Basert på desse føresetnadene vil det derfor vere behov for om lag 3 500 studieplassar i norsk, matematikk og engelsk kvart år dersom kompetansekrava skal fyllast innan det har gått 10 år.

Det noverande systemet for vidareutdanning inneheldt både ei vikarordning og ei stipendordning. I vikarordninga gir staten eit tilskot til vikarkostnader på 75 prosent av årsverkkostnaden for vidareutdanning som gir 60 studiepoeng i matematikk og naturfag. For vidareutdanning i andre fag gir staten eit tilskot på 60 prosent av årsverkkostnaden. Gjennom stipendordninga får lærarar 100 000 kr i stipend for ei vidareutdanning på 30 studiepoeng i prioriterte fag. I begge ordningane finansierer staten studieplassar til vidareutdanning ved universitet og høgskolar, mens skoleeigaren dekkjer kostnader i samband med reise, opphald, læremiddel og liknande.

Dersom ein legg den vikarordninga som gjeld i dag, til grunn som finansieringsordning for alle lærarar som er under 60 år og underviser i matematikk, norsk og engelsk, vil vidareutdanning i tråd med dei foreslåtte krava rundt rekna føre til statlege utgifter på mellom 0,9 og 1,1 mrd. kroner i året. Dersom ein legg den stipendordninga som gjeld i dag, til grunn som finansieringsordning for alle lærarar som er under 60 år og underviser i matematikk, norsk og engelsk, vil dei statlege utgiftene til vidareutdanning rundt rekna komme på mellom 0,5 og 0,6 mrd. kroner i året. Budsjettet for 2014 la til rette for 3 550 studieplassar for vidareutdanning av lærarar i året. Budsjettet for 2015 legg til rette for 5 050 studieplassar for vidareutdanning av lærarar i året. Gjeldande løyving på kap. 226 Kvalitetsutvikling i grunnopplæringa, post 22 Vidareutdanning for lærarar og skoleleiarar vil såleis dekkje dei utgiftene staten vil ha til vidareutdanning av tilstrekkeleg mange lærarar ut fra gjeldande ordning. Løyvinga dekkjer òg vidareutdanning i andre fag enn norsk, matematikk og engelsk i grunnskolen. Dimensjoneringa av vidareutdanningstilbodet blir vurdert i dei årlege budsjettframlegga.

Ved stipendordninga avtalar kommunane og lærarane korleis stipendet skal brukast, til dømes til livsopphald dersom lærarane tek ut permisjon utan løn, eller som meirinntekt dersom lærarane vel å studere heilt eller delvis på fritida. Stipendordninga legg føringar for at kommunen gir fridagar til lesedagar og eksamen etter avtaleverket. I kva grad kommunane gir støtte utover det statlege stipendet til eventuelt ytterlegare frikjøp, er ei lokal forhandlingssak. Ved stipendordninga er dei totale kostnadene til vidareutdanning dermed marginale for kommunane.

Ved vikarordninga er det vanskeleg å anslå dei kommunale utgiftene til vikarar. Dersom alle lærarar i matematikk, norsk og engelsk som ikkje fyller kompetansekrava, skulle få vidareutdanning gjennom vikarordninga innan det har gått 10 år, ville vikarutgiftene til kommunesektoren rundt rekna utgjere 100 mill. kroner i året.

Korleis studieplassane vil fordele seg mellom vikar- og stipendordninga, vil avhenge av statlege føringar, søkinga frå lærarane og godkjenning av studieplassar frå skoleeigarane. Departementet har lagt opp til at ein vesentleg del av vidareutdanninga skal skje gjennom stipendordninga, samtidig som kommunane bør ha eit visst høve til å velje ordning ut frå lokale behov. At vidareutdanning òg skal gjennomførast ved hjelp av stipendordninga, inneber at dei kommunale vikarutgiftene blir lågare enn overslaget ovanfor tilseier. Departementet understrekar at kravet om relevant kompetanse i undervisningsfag ikkje inneber ei plikt for lærarar til å delta i vidareutdanning, verken gjennom stipend- eller vikarordninga.

Kommunane har i dag eit ansvar for å ha riktig og nødvendig kompetanse i verksemda, jf. opplæringslova § 10-8. Dei skal òg ha eit system som gir mellom anna undervisningspersonale høve til nødvendig kompetanseutvikling. Kommunane har derfor utgifter til kompetanseutvikling av lærarar i dag òg. Ettersom kompetanseutviklingstiltaka og kostnader i samband med dei varierer ut frå lokale forhold, er det vanskeleg å anslå kor store dei isolerte kommunale meirutgiftene ved framlegget vil vere.

Lovframlegget inneber at kommunane, i tillegg til å vurdere kva kompetanseutviklingstiltak som er nødvendige i samsvar med det generelle ansvaret dei har etter § 10-8, bør planleggje korleis dei skal delta i satsinga på vidareutdanning med mål om å nå kompetansekrava i matematikk, engelsk, norsk, samisk og norsk teiknspråk innan utgangen av perioden på 10 år.

Lovframlegget får òg følgjer for skolar som er godkjende etter privatskolelova, jf. privatskolelova § 4-2 første ledd. Det følgjer av privatskolelova § 5-2 andre ledd bokstav i) at styret ved private skolar skal sørgje for å ha riktig og nødvendig kompetanse i verksemda, og at det skal ha eit system for nødvendig kompetanseutvikling. Vurderingane her gjeld derfor tilsvarande for skolar som er godkjende etter privatskolelova.

Undervisningspersonell blir løna etter tariffavtalar som i hovudsak gir løn ut frå formalkompetanse og ansiennitet. Vidareutdanning som personale tek for å fylle kravet om relevant undervisningskompetanse, vil derfor kunne føre til auka lønsutgifter for skoleeigarane etter det gjeldande avtaleverket.

Opninga for å fråvike kompetansekrava dersom dette er nødvendig på grunn av mangel på kvalifisert personale, tek omsyn til at det kan vere vanskeleg å finne lærarar med rett fagkompetanse i alle fag. Det er i dag skoleeigaren sjølv som må vurdere om det er eit reelt behov for å fråvike reglane. Slik departementet vurderer det, gir dette ei ordning med relativt få administrative konsekvensar for både kommunale og statlege styresmakter.

Departementet tek sikte på å stramme inn unntaksordninga i løpet av perioden på 10 år, men vil vurdere behovet på nytt dersom delen lærarar som fyller kompetansekrava, aukar raskt nok. Departementet vil komme tilbake til når og korleis ein skal foreslå å stramme inn unntaksordninga. Slike innstrammingar vil uansett ta omsyn til at lærarar som i dag er minst 60 år, ikkje er med i kostnadsrekninga for vidareutdanningssatsinga. Unntaksordninga i opplæringslova § 10-2 fjerde ledd gjeld i dag for alle fag og alle årstrinn der det er stilt krav om relevant undervisningskompetanse. Framtidige innstrammingar vil derfor òg ta omsyn til kva fag og kva årstrinn som er prioriterte i vidareutdanningssatsinga.

Departementet foreslår å oppheve den særlege ordninga for skolar med små ungdomstrinn, men meiner at skoleeigarane vil kunne få dekt behovet for ein viss fleksibilitet gjennom den ordinære unntaksordninga i § 10-2 fjerde ledd. Det er svært få lærarårsverk ved desse ungdomstrinna, og departementet meiner at ei slik endring ikkje vil føre til noko særleg meirarbeid for dei aktuelle skoleeigarane.

7.2 Framlegget om å klargjere kva avgjerder i skolesamanheng barneverntenesta kan ta på vegner av barnet når barneverntenesta har overteke omsorga for barnet

KS etterlyser ei drøfting av moglege rapporterings- og dokumentasjonskrav som kan følgje av lovframlegget.

Framlegget handlar om kven som kan ta avgjerder på vegner av barnet etter omsorgsovertaking, og fører ikkje til endringar i fastsette rettar og plikter i opplæringslova og privatskolelova. Det er ikkje foreslått noko krav om rapportering og dokumentasjon, og departementet meiner at lovframlegget heller ikkje vil gjere det nødvendig med meir dokumentasjon eller rapportering.

Fleire av rettane som etter opplæringslova og privatskolelova ligg til eleven sine foreldre, høyrer naturleg inn under den daglege omsorga som barneverntenesta overtek ansvaret for. For desse føresegnene vil endringsframlegget berre vere ei presisering.

For rettar der det i dag kan vere tvil om det er barneverntenesta eller foreldra som har rett til å ta avgjerder på vegner av barnet, vil endringa verke klargjerande.

For spesialundervisning og eventuelle andre tiltak der somme skolar i praksis har henta inn samtykke frå foreldra etter ei omsorgsovertaking, vil endringa føre til mindre administrasjon for skolen og barneverntenesta.

Dei foreslåtte endringane vil ikkje ha vesentlege økonomiske konsekvensar.

7.3 Framlegget om å endre namnet på faget religion, livssyn og etikk (RLE)

Framlegget om namneendring i opplæringslova § 2-3 og § 2-4 inneber ingen nye plikter eller rettar og vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar for kommunane. Departementet foreslår ingen endringar i kompetansemåla, og departementet ser ikkje på namneendringa som så vesentleg at det vil vere behov for at skolane skaffar nye læremiddel i faget.

7.4 Framlegget om tekniske endringar i opplæringslova § 2-12 tredje ledd og § 13-2 andre ledd

Dei foreslåtte endringane vil ikkje ha økonomiske og administrative konsekvensar.

Til forsida