Prop. 85 LS (2019–2020)

Endringar i lov 18. desember 1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer mv. og samtykke til godkjenning av vedtak nr. 72/2019 i EØS-komiteen av 29. mars 2019 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) 2017/1369 (energimerkeforordninga)

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsforordning (EU) 2017/1369 av 4. juli 2017 om fastsetjing av ei ramme for energimerking og om oppheving av direktiv 2010/30/EU

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen, særleg artikkel 194 nr. 2,

med tilvising til framlegget frå Europakommisjonen,

etter oversending av utkast til regelverksakt til dei nasjonale parlamenta,

med tilvising til fråsegner frå Det europeiske økonomi- og sosialutvalet1,

etter samråd med Regionutvalet,

etter den ordinære regelverksprosedyren2 og

ut frå desse synsmåtane:

  • 1) Unionen har plikta seg til å byggje opp ein energiunion som fører ein framtidsretta klimapolitikk. Energieffektivitet er ein særs viktig del av Unionen si ramme for klima- og energipolitikk fram mot 2030, og er avgjerande for å redusere etterspurnaden etter energi.

  • 2) Energimerking gjer det mogleg for kundane å gjere godt grunngjevne val som byggjer på energiforbruket til energirelaterte produkt. Informasjon om effektive og berekraftige energirelaterte produkt kan i stor grad medverke til energisparing og til å redusere energirekningane, og samstundes til å fremje nyskaping og investeringar i produksjon av meir energieffektive produkt. Ei betring av effektiviteten til energirelaterte produkt gjennom godt grunngjevne val frå kundane si side og ei harmonisering av tilhøyrande krav på unionsplan er òg til gagn for produsentar, for næringslivet og for økonomien til Unionen samla sett.

  • 3) Kommisjonen har gjennomgått verknadene av europaparlaments- og rådsdirektiv 2010/30/EU3 og slått fast at ramma for energimerking må ajourførast for å verte meir verknadsfull.

  • 4) Det er føremålstenleg å byte ut direktiv 2010/30/EU med ei forordning som hovudsakleg held ved lag det same verkeområdet, men som endrar og betrar nokre av føresegnene i direktivet for å klargjere og ajourføre innhaldet, samstundes som det vert teke omsyn til den teknologiske utviklinga som har ført til meir energieffektive produkt i dei siste åra. Ettersom energiforbruket til transportmiddel for personar eller varer vert direkte eller indirekte regulert gjennom andre delar av unionsretten og annan unionspolitikk, bør slike transportmiddel framleis ha unntak frå verkeområdet for denne forordninga, medrekna transportmiddel der motoren har ei fast plassering under drift, til dømes heisar, rulletrapper og samleband.

  • 5) Det bør presiserast at alle produkt som skal bringast i omsetning i Unionen for første gong, medrekna brukte importvarer, bør høyre inn under verkeområdet for denne forordninga. Produkt som vert gjorde tilgjengelege på marknaden i Unionen for andre gong eller meir, bør likevel ikkje vere omfatta.

  • 6) Ei forordning er den mest føremålstenlege rettsakta, ettersom ho pålegg klare og detaljerte reglar som ikkje gjev rom for ulikskapar ved innarbeiding i den nasjonale lovgjevinga til medlemsstatane, og dermed sikrar ei meir einsarta gjennomføring i heile Unionen. Harmoniserte rammereglar på unionsplan heller enn på medlemsstatsplan reduserer kostnadene for produsentar, sikrar like konkurransevilkår og sikrar eit fritt varebyte i heile den indre marknaden.

  • 7) Det er sannkjent at ein redusert etterspurnad etter energi spelar ei nøkkelrolle i den europeiske strategien for energitryggleik, som er fastsett i kommisjonsmeldinga av 28. mai 2014. I rammestrategien for energiunionen, som er fastsett i kommisjonsmeldinga av 25. februar 2015, vert det lagt endå større vekt på at prinsippet om energieffektivitet må setjast først, og på behovet for å gjennomføre den eksisterande unionsretten på energiområdet fullt ut. Vegkartet for rammestrategien for energiunionen, som er fastsett i den nemnde meldinga, inneheld ei gjennomgåing av energieffektivitetsramma for produkt i 2015. Denne forordninga gjev ei betre ramme for regelverket for og gjennomføringa av energimerking.

  • 8) Ei betring av effektiviteten til energirelaterte produkt gjennom godt grunngjevne val frå kundane si side er til gagn for økonomien i Unionen, reduserer etterspurnaden etter energi og gjer at kundane får lågare energirekningar, medverkar til nyskaping og investering i energieffektivitet og kan gje ein konkurranseføremon til dei bransjane som utviklar og produserer dei mest energieffektive produkta. Ei slik betring medverkar òg til å nå dei energieffektivitetsmåla som Unionen har sett seg for 2020 og 2030, og Unionen sine mål for miljøet og for klimaendringar. Siktemålet er dessutan å oppnå ein positiv innverknad på miljøprestasjonen til energirelaterte produkt med tilhøyrande delar, medrekna bruk av andre ressursar enn energi.

  • 9) Denne forordninga medverkar til at energismarte produkt kan utviklast, kjennast att av kundane og spreiast på marknaden, dvs. produkt som kan aktiverast til samverknad med andre apparat og system, mellom anna direkte med energinettet, med sikte på å betre energieffektiviteten eller innføringa av fornybar energi, redusere energiforbruket og fremje nyskaping blant føretaka i Unionen.

  • 10) Dersom det vert lagt fram nøyaktige, relevante og samanliknbare opplysningar om det spesifikke energiforbruket til energirelaterte produkt, vert det lettare for kundane å velje produkt som nyttar mindre energi og andre viktige ressursar under bruk. Ein standardisert obligatorisk etikett for energirelaterte produkt er ein effektiv måte for å gje moglege kundar samanliknbare opplysningar om energieffektiviteten til energirelaterte produkt. Etiketten bør utfyllast med eit produktdatablad. Etiketten bør vere lett å kjenne att, enkel og kortfatta. Difor bør den noverande fargeskalaen til etiketten, som går frå mørk grøn til raud, vidareførast som eit grunnlag for å informere kundane om energieffektiviteten til produkta. For at etiketten faktisk skal vere til nytte for kundar som er ute etter å spare energi og kostnader, bør stega på skalaen til etiketten svare til ei vesentleg energi- og kostnadssparing for kundane. For dei fleste produktgruppene bør etiketten òg, der det er føremålstenleg, vise det absolutte energiforbruket i tillegg til etikettskalaen, slik at kundane vil kunne sjå føre seg kva direkte følgjer vala deira vil få for energirekningane deira. Likevel er det ikkje mogleg å gje dei same opplysningane for energirelaterte produkt som ikkje sjølve brukar energi.

  • 11) Klassifiseringa med bokstavar frå A til G har vist seg å vere kostnadseffektiv for kundane. Føremålet er at den einsarta bruken av denne klassifiseringa på tvers av produktgrupper aukar klarleiken og forståinga blant kundane. I situasjonar der tiltak for miljøvenleg utforming i medhald av europaparlaments- og rådsdirektiv 2009/125/EF4 gjer at produkt ikkje lenger høyrer inn under klasse «E», «F» eller «G», bør desse klassane likevel visast på etiketten i grått. I tilbørleg grunngjevne unntakstilfelle, til dømes der det ikkje er mogleg å oppnå tilstrekkelege innsparingar over heile spekteret av dei sju klassane, bør etiketten kunne innehalde færre klassar enn den ordinære skalaen frå A til G. I desse tilfella bør fargeskalaen til etiketten, som går frå mørk grøn til raud, vidareførast for dei attverande klassane, og bør berre nyttast på nye produkt som vert bringa i omsetning eller tekne i bruk.

  • 12) Når ein leverandør bringar eit produkt i omsetning, bør kvar produkteining leverast med ein etikett i papirform som oppfyller krava i den relevante delegerte rettsakta. I den relevante delegerte rettsakta bør det fastsetjast korleis etikettane kan visast på ein mest verknadsfull måte, samstundes som det vert teke omsyn til konsekvensane for kundar, leverandørar og forhandlarar, og det kan òg fastsetjast at etiketten skal prentast på emballasjen til produktet. Forhandlaren bør vise den etiketten som vert levert saman med den aktuelle produkteininga, plassert slik den relevante delegerte rettsakta krev. Etiketten bør vere klart synleg og lett å identifisere som tilhøyrande det aktuelle produktet, utan at kunden må lese handelsnamnet og modellnummeret på etiketten, og etiketten bør kunne tiltrekkje seg merksemda til kunden som kikkar på det utstilte produktet.

  • 13) Framstega innanfor digital teknologi kan gjere det mogleg å nytte elektroniske etikettar i tillegg til den prenta energietiketten, utan at dette påverkar den plikta som leverandøren har til å levere ein prenta etikett saman med kvar produkteining. Forhandlaren bør òg kunne laste ned produktdatabladet frå produktdatabasen.

  • 14) Dersom det ikkje er mogleg å vise energietiketten, til dømes ved visse former for fjernsal, visuelle annonsar og teknisk salsfremjande materiell, bør moglege kundar minst kunne få informasjon om energiklassen til produktet og om dei effektivitetsklassane som finst tilgjengelege på etiketten.

  • 15) Produsentane følgjer opp energietiketten ved å utvikle endå fleire energieffektive produkt og bringe dei i omsetning. Parallelt med dette vil unionsretten som gjeld for miljøvenleg utforming, stimulere dei til å stanse produksjonen av mindre effektive produkt. Denne teknologiske utviklinga fører til at dei fleste produktmodellane vil vere å finne i dei høgaste klassane til energietiketten. Det kan vere naudsynt med ei ytterlegare differensiering av produkta, slik at kundane vil kunne samanlikne produkta på korrekt måte, noko som kan gje behov for å reskalere etikettar. I denne forordninga bør det difor fastsetjast nærmare reglar for reskalering, med sikte på at leverandørar og forhandlarar skal sikrast best mogleg rettstryggleik.

  • 16) For fleire av etikettane som er innførte ved delegerte rettsakter vedtekne i medhald av direktiv 2010/30/EU, er dei tilgjengelege produkta berre eller hovudsakleg å finne i dei øvste klassane. Dette gjer etikettane mindre føremålstenlege. Klassane på dei eksisterande etikettane har varierande skalaer i ulike produktgrupper, der den øvste klassen kan vere alt mellom klasse A og klasse A+++. Når kundane samanliknar etikettar på tvers av produktgrupper, kan dei difor kome til å tru at det for ein viss etikett finst betre energiklassar enn dei som er viste. For å unngå ei slik mogleg forvirring bør det, som eit første steg, utførast ei innleiande reskalering av dei eksisterande etikettane, for å sikre ein einsarta skala frå A til G for tre produktkategoriar i medhald av denne forordninga.

  • 17) Energimerking av rom- og vassoppvarmingsprodukt vart innført først nyleg, og den teknologiske utviklinga i desse produktgruppene går relativt langsamt. I den gjeldande ordninga for energimerking er det eit klart skilje mellom konvensjonell teknologi med fossilt brensel der klasse A er den høgaste, og teknologi med fornybar energi, som ofte er ein god del dyrare, og som bruken av klasse A+, A++ og A+++ er reservert for. Alt no kan det sparast mykje energi ved bruk av dei mest effektive formene for fossil brenselsteknologi, noko som gjer det føremålstenleg å halde fram med å fremje dei som klasse A. Ettersom marknaden for rom- og vassoppvarmingsprodukt er venta å gå sakte i retning av meir fornybare teknologiformer, bør energietikettane til desse produkta reskalerast seinare.

  • 18) Etter ei innleiande reskalering bør prosentdelen av selde produkt som høyrer til i dei øvste klassane, avgjere kor ofte etikettane bør reskalerast ytterlegare. Ved ytterlegare reskalering bør det takast omsyn til kor snøgt den teknologiske utviklinga går, og til behovet for å unngå altfor store byrder på leverandørar og forhandlarar, særleg på små føretak. Difor kunne det vere ønskjeleg å reskalere etikettane om lag kvart tiande år. Når ein etikett nyleg er vorten reskalert, bør den øvste klassen stå tom for å oppmuntre til teknologisk utvikling, sikre stabilitet i regelverket, syte for at etikettane ikkje vert reskalerte for ofte og leggje til rette for utvikling og godkjenning av produkt som er endå meir effektive. I unntakstilfelle der det er venta ei snøggare teknologisk utvikling, bør ingen produkt høyre inn under dei to øvste klassane på tidspunktet då den nyleg reskalerte etiketten vert innført.

  • 19) Før ein etikett vert reskalert, bør Kommisjonen gjennomføre ei eigna førebuande gransking.

  • 20) Når ein etikett for ei produktgruppe vert reskalert, kan ein unngå forvirring blant kundane ved at etikettane vert bytte ut innan kort tid for aktuelle produkt som er utstilte i butikkar, og ved at det vert arrangert passande informasjonskampanjar retta mot forbrukarane som viser klart at det er innført ein ny versjon av etiketten.

  • 21) Dersom ein etikett er vorten reskalert, bør leverandørane syte for at forhandlarane i eit visst tidsrom får både den eksisterande og den reskalerte versjonen av etiketten. Eksisterande etikettar på produkt som er utstilte, òg på internett, bør bytast ut med reskalerte etikettar så snart som mogleg etter den datoen for slik utbyting som er fastsett i den delegerte rettsakta om den reskalerte etiketten. Forhandlarar bør ikkje vise dei reskalerte etikettane før datoen då dei vert bytte ut.

  • 22) Det må fastsetjast ei klar og rimeleg fordeling av plikter som svarar til den rolla kvar einskild marknadsdeltakar har i forsynings- og distribusjonsprosessen. Marknadsdeltakarane bør ha ansvaret for at dei høvesvise rollene deira i forsyningskjeda vert etterlevde, og bør sikre at alle produkt som dei gjer tilgjengelege på marknaden, oppfyller føresegnene i denne forordninga og i dei delegerte rettsaktene som vert vedtekne i medhald av forordninga.

  • 23) For at kundane framleis skal ha tillit til energietiketten, bør det ikkje vere tillate å nytte andre etikettar på energirelaterte og ikkje-energirelaterte produkt når slike etikettar etterliknar energietiketten. For energirelaterte produkt som ikkje er omfatta av delegerte rettsakter, bør medlemsstatane kunne halde ved lag eller innføre nye nasjonale ordningar for merking av slike produkt. Av same grunn bør andre etikettar, merke, symbol eller påskrifter som kan verke villeiande eller forvirrande for kundane med omsyn til energiforbruket til det aktuelle produktet, ikkje vere tillatne. Etikettar som er fastsette i medhald av unionsretten, til dømes merking av dekk med omsyn til drivstoffeffektivitet og andre miljøparametrar, og andre etikettar som til dømes EU Energy Star og EU-miljømerket, bør ikkje reknast for å vere villeiande eller forvirrande.

  • 24) Kundane får i stadig større grad tilbod om oppdatert programvare eller fastvare til produkta sine etter at produkta er bringa i omsetning og tekne i bruk. Sjølv om slike oppdateringar typisk nok er meinte for å betre yteevna, kan dei òg påverke energieffektiviteten og andre produktparametrar som er oppførte på energietiketten. Dersom desse endringane har ein negativ innverknad på det som er vist på etiketten, bør kundane få informasjon om desse endringane, og dei bør få velje om dei vil godta eller avvise oppdateringa.

  • 25) For å sikre rettstryggleiken må det klargjerast at reglane for marknadstilsyn i Unionen og kontroll av produkt som vert innførte på unionsmarknaden slik det er fastsett i europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 765/20085, skal nyttast på energirelaterte produkt. Med tanke på prinsippet om fritt varebyte er det avgjerande at marknadstilsynsstyresmaktene i medlemsstatane samarbeider effektivt. Eit slikt samarbeid om energimerking bør styrkjast ved at Kommisjonen støttar dei administrative samarbeidsgruppene for miljøvenleg utforming og energimerking.

  • 26) Framlegget frå Kommisjonen til ei ny forordning om marknadstilsyn med produkt integrerer føresegnene i forordning (EF) nr. 765/2008, europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/95/EF6 og fleire sektorspesifikke harmoniseringsrettsakter i Unionen. Dette framlegget inneheld føresegner om verneklausular som er fastsette i europaparlaments- og rådsavgjerd nr. 768/2008/EF7, og som vil gjelde for alle harmoniseringsrettsakter i Unionen. Så lenge den nye forordninga er til vurdering hjå medregelgjevarane, bør det visast til forordning (EF) nr. 765/2008 og takast med verneklausular i denne forordninga.

  • 27) Marknadstilsynsverksemd som er omfatta av forordning (EF) nr. 765/2008, er ikkje retta berre mot vern av helse og tryggleik, men kan òg nyttast på handhevinga av den delen av unionsretten som tek sikte på å verne andre offentlege interesser, medrekna energieffektivitet. I tråd med kommisjonsmeldinga av 13. februar 2013 om 20 tiltak for tryggare og betre produkt i Europa: ein fleirårig plan for tilsyn med produkt i EU, er den allmenne metoden for risikovurdering oppdatert til å omfatte alle former for risiko, medrekna risiko som er knytt til energimerking.

  • 28) Eit samanhengande og kostnadseffektivt marknadstilsyn i heile Unionen krev òg at medlemsstatane har eit godt strukturert og omfattande system for arkivering og deling av alle relevante opplysningar om nasjonal verksemd i denne samanhengen, mellom anna ei tilvising til meldingar som krevst etter denne forordninga. Databasen for informasjons- og kommunikasjonssystemet for marknadstilsyn (ICSMS), som Kommisjonen har oppretta, eignar seg godt til å utvikle ein komplett database med opplysningar om marknadstilsyn, og det bør difor oppmodast på det sterkaste til bruk av denne databasen.

  • 29) For å gje forbrukarane eit nyttig verktøy, tilby forhandlarane alternative måtar dei kan ta imot produktdatablad på, gjere det lettare å kontrollere etterlevinga og kunne gje oppdaterte opplysningar om marknaden til bruk i regelverksprosessen for gjennomgåing av produktspesifikke etikettar og datablad bør Kommisjonen utvikle og halde ved lag ein produktdatabase med ein offentleg del og ein etterlevingsdel, som bør vere tilgjengeleg gjennom ein nettportal.

  • 30) Utan at det rører ved marknadstilsynspliktene til medlemsstatane og dei pliktene leverandørane har til å kontrollere produktsamsvar, bør leverandørar gjere dei obligatoriske opplysningane om produktsamsvar tilgjengelege elektronisk i produktdatabasen. Opplysningar som er relevante for forbrukarar og forhandlarar, bør gjerast offentleg tilgjengelege i den offentlege delen av produktdatabasen. Slike opplysningar bør gjerast tilgjengelege som opne data, slik at det vert mogleg å nytte dei for utviklarar av mobilapplikasjonar og andre samanlikningsverktøy. Enkel og direkte tilgang til den offentlege delen av produktdatabasen bør gjerast enklare ved at brukarorienterte verktøy, til dømes ein dynamisk kode for snøgg respons (QR-kode), vert tekne med på den prenta etiketten.

  • 31) Etterlevingsdelen av produktdatabasen bør vere underlagd strenge personvernreglar. Dei spesifikke delane av den tekniske dokumentasjonen som krevst i etterlevingsdelen, bør gjerast tilgjengelege både for marknadstilsynsstyresmaktene og for Kommisjonen. Dersom visse tekniske opplysningar er så følsame at det ikkje er føremålstenleg å ta dei med i kategorien teknisk dokumentasjon i samsvar med delegerte rettsakter som vert vedtekne i medhald av denne forordninga, bør marknadstilsynsstyresmaktene framleis ha fullmakt til å kunne få tilgang til desse opplysningane når det er naudsynt i samsvar med samarbeidsplikta til leverandørane, eller ved at leverandørane på frivillig grunnlag legg inn tekniske tilleggsopplysningar i produktdatabasen.

  • 32) For at produktdatabasen snarast mogleg skal kome til nytte, bør det vere obligatorisk registrering for alle modelleiningar som er bringa i omsetning, med verknad frå datoen då denne forordninga tek til å gjelde. For modellar der kvar einskild eining er bringa i omsetning før datoen då denne forordninga tek til å gjelde, og som ikkje lenger vert marknadsførte, bør registreringa vere valfri. Det bør innførast ein passande overgangsperiode til utvikling av databasen og for at leverandørane skal kunne oppfylle registreringsplikta si. Når det vert gjort eventuelle endringar som er relevante for etiketten og produktdatabladet til eit produkt som alt finst på marknaden, bør produktet reknast for å vere ein ny modell, og leverandøren bør registrere det i produktdatabasen. I samarbeid med marknadstilsynsstyresmaktene og leverandørane bør Kommisjonen leggje særleg vekt på overgangsprosessen inntil den offentlege delen og etterlevingsdelen av produktdatabasen er utvikla fullt ut.

  • 33) Sanksjonane som skal nyttast ved brot på føresegnene i denne forordninga og i delegerte rettsakter som er vedtekne i medhald av forordninga, bør vere verknadsfulle, svare til brotet og hindre nye brot.

  • 34) For å fremje energieffektivitet, reduksjon av klimaendringar og miljøvern bør medlemsstatane kunne setje i verk tiltak for å stimulere til bruk av energieffektive produkt. Medlemsstatane kan fritt avgjere korleis slike tiltak skal utformast. Slike stimuleringstiltak bør vere i samsvar med statsstøttereglane til Unionen, og bør ikkje innebere urettkomne marknadshindringar. Denne forordninga føregrip ikkje utfallet av eventuelle framgangsmåtar for statsstøtte som kan innleiast i samsvar med artikkel 107 og 108 i traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen (TVEU) når det gjeld slike stimuleringstiltak.

  • 35) Energiforbruk, energiyting og annan informasjon om produkta som er omfatta av produktspesifikke krav i medhald av denne forordninga, bør målast ved bruk av pålitelege, nøyaktige og reproduserbare metodar som tek omsyn til dei nyaste allment sannkjende måle- og utrekningsmetodane. For at den indre marknaden skal verke på ein tilfredsstillande måte, bør standardar harmoniserast på unionsplan. I den grad det er mogleg bør slike metodar og standardar ta omsyn til korleis eit produkt faktisk vert nytta, spegle av den gjennomsnittlege forbrukaråtferda og vere robuste nok til å kunne stå imot tilsikta og utilsikta omgåing. Energietikettane bør spegle av den relative yteevna under faktisk bruk av produkta, innanfor dei avgrensingane som følgjer av behovet for påliteleg og reproduserbar laboratorieprøving. Difor bør det ikkje vere tillate for leverandørar å ta med programvare eller maskinvare som automatisk endrar ytinga til produktet under prøvingstilhøve. I mangel av offentleggjorde standardar på tidspunktet då dei produktspesifikke krava tek til å gjelde, bør Kommisjonen offentleggjere overgangsmetodar for måling og utrekning for desse produktspesifikke krava, i Tidend for Den europeiske unionen. Så snart det er offentleggjort ei tilvising til ein slik standard, bør samsvar med denne standarden innebere ein føresetnad om samsvar med målemetodane for desse produktspesifikke krava som er vedtekne på grunnlag av denne forordninga.

  • 36) Kommisjonen bør utarbeide ein langsiktig arbeidsplan for å gjennomgå etikettar for visse energirelaterte produkt, medrekna ei rettleiande liste over ytterlegare energirelaterte produkt som det kunne innførast energietikett for. Arbeidsplanen bør gjennomførast med utgangspunkt i ein teknisk, miljømessig og økonomisk analyse av dei aktuelle produktgruppene. Denne analysen bør òg omfatte tilleggsopplysningar, mellom anna om korvidt det er mogleg og kva det vil koste å gje forbrukarane opplysningar om ytinga til eit energirelatert produkt, til dømes energiforbruket, yteevna eller miljøprestasjonen til produktet, i samsvar med målet om å fremje ein sirkulær økonomi. Slike tilleggsopplysningar bør kunne gjere etiketten meir forståeleg og føremålstenleg for forbrukarane, og bør ikkje ha nokon negativ innverknad på dei.

  • 37) Leverandørar av produkt som vert marknadsførte i samsvar med direktiv 2010/30/EU før datoen då denne forordninga tek til å gjelde, bør framleis ha plikt til å gjere tilgjengeleg ein elektronisk versjon av den tekniske dokumentasjonen for dei produkta som det gjeld, dersom marknadstilsynsstyresmaktene ber om det. Passande overgangsføresegner bør såleis sikre rettstryggleik og kontinuitet.

  • 38) For å sikre ein smidig overgang til denne forordninga, bør dessutan dei eksisterande krava som er fastsette i delegerte rettsakter som er vedtekne i medhald av artikkel 10 i direktiv 2010/30/EU og kommisjonsdirektiv 96/60/EF8, framleis nyttast på dei relevante produktgruppene inntil rettsaktene vert oppheva eller bytte ut med delegerte rettsakter som vert vedtekne i medhald av denne forordninga. Bruken av desse eksisterande krava rører ikkje ved bruken av pliktene i medhald av denne forordninga.

  • 39) For å kunne fastsetje spesifikke produktgrupper med energirelaterte produkt i samsvar med eit sett med spesifikke kriterium, og for å kunne fastsetje produktspesifikke etikettar og produktdatablad, bør fullmakta til å vedta rettsakter i samsvar med artikkel 290 i TVEU delegerast til Kommisjonen. Det er særleg viktig at Kommisjonen held føremålstenlege samråd under det førebuande arbeidet sitt, mellom anna samråd med sakkunnige, og at slike samråd vert haldne i samsvar med dei prinsippa som er fastsette i den tverrinstitusjonelle avtala av 13. april 2016 om betre regelverksutforming9. For å sikre ei jamn deltaking under utarbeidinga av delegerte rettsakter er det viktig at Europaparlamentet og Rådet mottek alle dokument til same tid som dei sakkunnige frå medlemsstatane, og at dei sakkunnige på ein systematisk måte får tilgang til møte i Kommisjonen sine grupper av sakkunnige som arbeider med å utarbeide delegerte rettsakter.

  • 40) For å sikre einsarta vilkår for gjennomføringa av denne forordninga bør Kommisjonen gjevast gjennomføringsfullmakt til å slå fast, i medhald av unionsframgangsmåten ved avgjerder om vernetiltak, om eit nasjonalt tiltak er grunngjeve eller ikkje, og til å fastsetje detaljerte krav til dei driftsmessige retningslinjene for produktdatabasen. Denne fullmakta bør nyttast i samsvar med europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 182/201110.

  • 41) Ettersom måla for denne forordninga, som er å gjere det mogleg for kundane å velje meir effektive produkt ved at dei får relevante opplysningar, ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane, men som ved å vidareutvikle dei harmoniserte rammereglane og sikre like vilkår for produsentane, betre kan nåast på unionsplan, kan Unionen vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten om Den europeiske unionen. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne forordninga lenger enn det som er naudsynt for å nå desse måla.

  • 42) Denne forordninga bør ikkje røre ved dei pliktene som medlemsstatane har når det gjeld fristane for innarbeiding i nasjonal rett og datoen då direktiv 2010/30/EU tek til å gjelde.

  • 43) Direktiv 2010/30/EU bør difor opphevast.

VEDTEKE DENNE FORORDNINGA:

Artikkel 1

Føremål og verkeområde

  • 1. I denne forordninga er det fastsett ei ramme som skal nyttast på energirelaterte produkt (heretter kalla «produkt») som vert bringa i omsetning eller tekne i bruk. Forordninga fastset korleis desse produkta skal merkjast, og at det skal gjevast standardiserte produktopplysningar om energieffektivitet, forbruk av energi og andre ressursar under bruk, og tilleggsopplysningar om produkta, slik at forbrukarane skal kunne velje meir effektive produkt for å redusere energiforbruket sitt.

  • 2. Denne forordninga skal ikkje nyttast på

    • a) brukte produkt, med mindre dei er importerte frå ein tredjestat,

    • b) transportmiddel til frakt av personar eller varer.

Artikkel 2

Definisjonar

I denne forordninga tyder

  • 1) «energirelatert produkt» eller «produkt» ei vare eller eit system som har ein innverknad på energiforbruket under bruk, og som vert bringa i omsetning eller teke i bruk, medrekna delar som har ein innverknad på energiforbruket under bruk, og som vert bringa i omsetning eller tekne i bruk av kundar og er meinte å skulle inngå i produkt,

  • 2) «produktgruppe» ei gruppe produkt som har same grunnleggjande funksjonalitet,

  • 3) «system» ein kombinasjon av fleire varer som når dei vert sette saman, har ein særleg funksjon i eit forventa miljø, og som det deretter kan fastsetjast energieffektivitet for som om det var éi eining,

  • 4) «modell» ein versjon av eit produkt der alle einingane har dei same felles tekniske eigenskapane som er relevante for etiketten og for produktdatabladet, og den same modellnemninga,

  • 5) «modellnemning» den koden, vanlegvis alfanumerisk, som skil ein viss produktmodell frå andre modellar med same varemerke eller same leverandørnamn,

  • 6) «tilsvarande modell» ein modell som har dei same tekniske eigenskapane som er relevante for etiketten, og det same produktdatabladet, men som vert bringa i omsetning eller teken i bruk av den same leverandøren som ein annan modell med ei anna modellnemning,

  • 7) «gjere tilgjengeleg på marknaden» å levere eit produkt for distribusjon eller bruk på unionsmarknaden som forretningsverksemd, anten mot betaling eller gratis,

  • 8) «bringe i omsetning» første gongen eit produkt vert gjort tilgjengeleg på unionsmarknaden,

  • 9) «ibruktaking» første gongen eit produkt vert teke i bruk på unionsmarknaden,

  • 10) «produsent» ein fysisk eller juridisk person som framstiller eit produkt eller får eit produkt utforma eller framstilt, og som marknadsfører dette produktet under sitt eige namn eller varemerke,

  • 11) «representant» ein fysisk eller juridisk person som er etablert i Unionen, og som har fått eit skriftleg mandat frå produsenten til å handle på hans vegner for å utføre spesifikke oppgåver,

  • 12) «importør» ein fysisk eller juridisk person som er etablert i Unionen, og som bringar eit produkt frå ein tredjestat på unionsmarknaden,

  • 13) «forhandlar» ein detaljist eller ein annan fysisk eller juridisk person som i samband med forretningsverksemd sel, leiger ut, tilbyr kjøp på avbetaling eller stiller ut produkt som er meinte for kundar eller installatørar, anten mot betaling eller gratis,

  • 14) «leverandør» ein produsent som er etablert i Unionen, representanten til ein produsent som ikkje er etablert i Unionen, eller ein importør som bringar eit produkt i omsetning på unionsmarknaden,

  • 15) «fjernsal» framlegging for sal, leige eller kjøp på avbetaling gjennom postordre, katalog, internett, telefonsal eller på annan måte som inneber at det ikkje kan ventast at den moglege kunden vil kunne sjå produktet stilt ut,

  • 16) «kunde» ein fysisk eller juridisk person som kjøper, leiger eller tek imot eit produkt til eigen bruk, anten han eller ho handlar utanfor rammene av handels-, nærings-, handverks- eller yrkesverksemda si, eller ikkje,

  • 17) «energieffektivitet» høvet mellom ytinga, tenestene, varene eller energien som vert oppnådd, og den energien som vert tilført,

  • 18) «harmonisert standard» ein standard slik det er definert i artikkel 3 nr. 1 bokstav c) i europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1025/201211,

  • 19) «etikett» eit grafisk diagram, anten i prenta eller elektronisk form, som viser ein lukka skala i sju ulike fargar frå mørk grøn til raud, der det berre vert nytta bokstavar frå A til G, der kvar bokstav representerer ein klasse og der kvar klasse svarar til energisparingar, for å informere kundane om energieffektivitet og energiforbruk; dette omfattar reskalerte etikettar og etikettar med færre klassar og fargar i samsvar med artikkel 11 nr. 10 og 11,

  • 20) «reskalering» eit tiltak for å innføre strengare krav til at ei særskild produktgruppe skal kunne inngå i energiklassen til ein etikett,

  • 21) «reskalert etikett» ein etikett for ei særskild produktgruppe som er vorten reskalert, og som skil seg frå etikettane slik dei var før reskaleringa, og som samstundes sikrar at det er ein visuell og forståeleg samanheng mellom alle etikettane,

  • 22) «produktdatablad» eit standardisert dokument som inneheld opplysningar om eit produkt, i prenta eller elektronisk form,

  • 23) «teknisk dokumentasjon» dokumentasjon som er tilstrekkeleg til at marknadstilsynsstyresmaktene kan vurdere om etiketten og produktdatabladet til eit produkt er korrekte, medrekna prøvingsrapportar eller liknande teknisk dokumentasjon,

  • 24) «tilleggsopplysningar» opplysningar om funksjonaliteten og miljøprestasjonen til eit produkt, slik det er gjort greie for i ei delegert rettsakt,

  • 25) «produktdatabase» ei systematisk ordna samling av data om produkt, som omfattar ein forbrukarretta del der opplysningar om einskilde produktparametrar er tilgjengelege elektronisk, ein nettportal som gjer databasen lett tilgjengeleg, og ein etterlevingsdel med klart definerte tilgangsrettar og tryggleikskrav,

  • 26) «verifiseringstoleranse» det maksimalt tillatne avviket frå måle- og utrekningsresultata frå verifiseringsprøvingar som er utførte av eller på vegner av marknadstilsynsstyresmaktene, jamført med verdiane av dei oppgjevne eller offentleggjorde parametrane, og som speglar av avvik som følgje av variasjonar mellom ulike laboratorium.

Artikkel 3

Dei allmenne pliktene til leverandørane

  • 1. Leverandøren skal syte for at produkt som vert bringa i omsetning, vert leverte saman med gratis og nøyaktige prenta etikettar og med produktdatablad i samsvar med denne forordninga og dei relevante delegerte rettsaktene.

    Som eit alternativ til å levere produktdatabladet saman med produktet, kan det i dei delegerte rettsaktene som er nemnde i artikkel 16 nr. 3 bokstav h), fastsetjast at det er tilstrekkeleg at leverandøren legg parametrane for dette produktdatabladet inn i produktdatabasen. I slike tilfelle skal leverandøren på oppmoding leggje fram produktdatabladet for forhandlaren i prenta form.

    Dei delegerte rettsaktene kan fastsetje at etiketten skal vere prenta på emballasjen til produktet.

  • 2. På oppmoding frå forhandlaren skal leverandøren, gratis, snøgt og seinast innan fem arbeidsdagar, syte for at forhandlaren får levert prenta etikettar, medrekna etikettar som er vortne reskalerte i samsvar med artikkel 11 nr. 13, og produktdatablad.

  • 3. Leverandøren skal syte for at etikettane og produktdatablada som vert leverte, er korrekte, og skal leggje fram teknisk dokumentasjon som er tilstrekkeleg til å kunne vurdere at dei er korrekte.

  • 4. Så snart ei modelleining er teken i bruk, skal leverandøren be om uttrykkjeleg samtykke frå kunden til å gjennomføre alle endringar av eininga som er planlagde i form av oppdateringar, og som vil kunne ha ein negativ innverknad på parametrane til energieffektivitetsetiketten til eininga, slik det er fastsett i den relevante delegerte rettsakta. Leverandøren skal melde frå til kunden om føremålet med oppdateringa og om endringane i parametrane, medrekna eventuelle endringar av klassen på etiketten. I ein periode som står i eit rimeleg høve til den gjennomsnittlege levetida til produktet, skal leverandøren gje kunden valet om å avslå oppdateringa utan unødvendig tap av funksjonalitet.

  • 5. Leverandøren skal ikkje bringe i omsetning produkt som er utforma på ein slik måte at ytinga til modellen automatisk vert endra under prøvingstilhøve for å oppnå eit meir gunstig nivå for ein eller fleire av dei parametrane som er oppførte i den relevante delegerte rettsakta, eller som er tekne med i dokumentasjonen som vert levert saman med produktet.

Artikkel 4

Pliktene til leverandørane med omsyn til produktdatabasen

  • 1. Frå og med 1. januar 2019 skal leverandøren, før han bringar i omsetning ei eining av ein ny modell som er omfatta av ei delegert rettsakt, leggje inn opplysningane om denne modellen i den offentlege delen og etterlevingsdelen av produktdatabasen, slik det er fastsett i vedlegg I.

  • 2. Dersom einingar av modellar som er omfatta av ei delegert rettsakt, vert bringa i omsetning mellom 1. august 2017 og 1. januar 2019, skal leverandøren innan 30. juni 2019 leggje inn i produktdatabasen dei opplysningane om desse modellane som er fastsette i vedlegg I.

    Inntil opplysningane vert lagde inn i produktdatabasen, skal leverandøren gjere ein elektronisk versjon av den tekniske dokumentasjonen tilgjengeleg for inspeksjon innan ti dagar etter å ha motteke ei oppmoding om dette frå marknadstilsynsstyresmaktene eller Kommisjonen.

  • 3. Leverandøren kan leggje inn dei opplysningane som er oppførte i vedlegg I, for modellar der einingane utelukkande vart bringa i omsetning før 1. august 2017.

  • 4. Eit produkt som er vorte endra på ein slik måte at det får følgjer for etiketten eller produktopplysningane, skal reknast for å vere ein ny modell. Leverandøren skal leggje inn opplysningar i databasen om at einingar av ein modell ikkje lenger vert bringa i omsetning.

  • 5. Dei pliktene som er nemnde i nr. 1 og 2 i denne artikkelen, skal ikkje gjelde for pakkar med varmeinnretningar slik det er nemnt i delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 811/201312, (EU) nr. 812/201313 og (EU) 2015/118714, dersom det er forhandlaren som har eineansvaret for å utstyre pakkane med etikettar.

  • 6. Etter at den siste eininga av ein modell er bringa i omsetning, skal leverandøren oppbevare opplysningane om denne modellen i etterlevingsdelen av produktdatabasen i 15 år. Når det er føremålstenleg i høve til den gjennomsnittlege levetida til eit produkt, kan det fastsetjast at opplysningane skal oppbevarast i ein kortare periode i medhald av artikkel 16 nr. 3 bokstav q). Opplysningane i den offentlege delen av databasen skal ikkje slettast.

Artikkel 5

Pliktene til forhandlarane

  • 1. Forhandlaren skal

    • a) på ein synleg måte vise, òg for fjernsal over internett, den etiketten som leverandøren har levert eller gjort tilgjengeleg i samsvar med nr. 2, for einingar av ein modell som er omfatta av den relevante delegerte rettsakta, og

    • b) på oppmoding gjere produktdatabladet tilgjengeleg for kundane, òg i fysisk form på utsalsstaden.

  • 2. Dersom forhandlaren uansett artikkel 3 nr. 1 ikkje har nokon etikett, skal han be leverandøren om å skaffe ein etikett i samsvar med artikkel 3 nr. 2.

  • 3. Dersom forhandlaren uansett artikkel 3 nr. 1 ikkje har noko produktdatablad, skal han be leverandøren om å skaffe eit produktdatablad i samsvar med artikkel 3 nr. 2, eller velje å skrive det ut eller laste det ned for elektronisk framvising frå produktdatabasen, dersom desse funksjonane er tilgjengelege for det relevante produktet.

Artikkel 6

Andre leverandør- og forhandlarplikter

Leverandøren og forhandlaren skal

  • a) vise til energieffektivitetsklassen til produktet og til dei effektivitetsklassane som er tilgjengelege på etiketten, i visuelle annonsar eller teknisk salsfremjande materiell for ein særskild modell, i samsvar med den relevante delegerte rettsakta,

  • b) samarbeide med marknadstilsynsstyresmaktene og straks gjere tiltak for å utbetre eventuelle tilfelle av manglande samsvar med dei krava som er fastsette i denne forordninga og dei relevante delegerte rettsaktene, og som høyrer inn under ansvarsområdet deira, anten på eige initiativ eller når marknadstilsynsstyresmaktene krev det,

  • c) for produkt som er omfatta av delegerte rettsakter, ikkje påføre eller vise andre etikettar, merke, symbol eller påskrifter som ikkje oppfyller krava i denne forordninga og i dei relevante delegerte rettsaktene, dersom slik påføring vil kunne villeie eller forvirre kundane med omsyn til forbruk av energi eller andre viktige ressursar under bruk,

  • d) for produkt som ikkje er omfatta av delegerte rettsakter, ikkje påføre eller vise etikettar som etterliknar etikettane som er fastsette i medhald av denne forordninga og dei relevante delegerte rettsaktene,

  • e) for produkt som ikkje er energirelaterte, ikkje påføre eller vise etikettar som etterliknar dei etikettane som er fastsette i denne forordninga eller i delegerte rettsakter.

Bokstav d) i første leddet rører ikkje ved etikettar som er fastsette i nasjonal rett, med mindre desse etikettane er fastsette ved delegerte rettsakter.

Artikkel 7

Pliktene til medlemsstatane

  • 1. Medlemsstatane skal ikkje hindre at produkt som er i samsvar med denne forordninga og dei relevante delegerte rettsaktene, vert bringa i omsetning eller tekne i bruk.

  • 2. Når medlemsstatane innfører stimuleringstiltak for eit produkt som er oppført i ei delegert rettsakt, skal desse tiltaka vere retta mot dei to høgaste av dei energieffektivitetsklassane som omfattar ei vesentleg mengd produkt, eller høgare klassar slik det er fastsett i den delegerte rettsakta.

  • 3. Medlemsstatane skal syte for at det både ved innføring og reskalering av etikettar vert gjennomført opplysnings- og reklamekampanjar om energimerking, eventuelt i samarbeid med leverandørar og forhandlarar. Kommisjonen skal støtte samarbeid om og utveksling av beste praksis i samband med slike kampanjar, mellom anna ved å tilrå felles viktige meldingar.

  • 4. Medlemsstatane skal fastsetje reglar for dei sanksjonane og handhevingsordningane som skal nyttast på brot på føresegnene i denne forordninga og dei delegerte rettsaktene, og skal gjere alle dei tiltaka som er naudsynte for sikre at reglane vert gjennomførte. Dei fastsette sanksjonane skal vere verknadsfulle, svare til brotet og hindre nye brot. Med omsyn til sanksjonar skal reglar som oppfyller krava i artikkel 15 i direktiv 2010/30/EU, reknast for å oppfylle krava i dette nummeret.

Medlemsstatane skal innan 1. august 2017 melde frå til Kommisjonen om dei reglane som er nemnde i første leddet, og som Kommisjonen ikkje har fått melding om tidlegare, og dei skal straks melde frå til Kommisjonen om eventuelle seinare endringar som har innverknad på dei.

Artikkel 8

Marknadstilsyn i Unionen og kontroll av produkt som vert innførte på unionsmarknaden

  • 1. Artikkel 16–29 i forordning (EF) nr. 765/2008 skal nyttast på produkt som er omfatta av denne forordninga og av dei relevante delegerte rettsaktene.

  • 2. Kommisjonen skal oppmuntre til og støtte samarbeid og utveksling av opplysningar om marknadstilsyn for merking av produkt mellom nasjonale styresmakter i medlemsstatane som har ansvar for marknadstilsyn eller kontroll av produkt som vert innførte på unionsmarknaden, og mellom desse styresmaktene og Kommisjonen, mellom anna ved å inngå eit tettare samarbeid med dei administrative samarbeidsgruppene for miljøvenleg utforming og energimerking.

    Slik utveksling av opplysningar skal òg finne stad når prøvingsresultata viser at produktet er i samsvar med denne forordninga og den relevante delegerte rettsakta.

  • 3. Dei allmenne marknadstilsynsprogramma eller sektorvise programma som medlemsstatane har utarbeidd i medhald av artikkel 18 i forordning (EF) nr. 765/2008, skal omfatte tiltak for å sikre at denne forordninga vert handheva på ein verknadsfull måte.

  • 4. I samarbeid med dei administrative samarbeidsgruppene for miljøvenleg utforming og energimerking skal Kommisjonen utarbeide retningslinjer for handhevinga av denne forordninga, særleg med omsyn til beste praksis for prøving av produkt og utveksling av opplysningar mellom nasjonale marknadstilsynsstyresmakter og Kommisjonen.

  • 5. Marknadstilsynsstyresmaktene skal ha rett til å krevje tilbake frå leverandøren kostnadene til dokumentinspeksjon og fysisk produktprøving i tilfelle der det er manglande samsvar med denne forordninga eller med dei relevante delegerte rettsaktene.

Artikkel 9

Framgangsmåte på nasjonalt plan for handsaming av produkt som utgjer ein risiko

  • 1. Dersom marknadstilsynsstyresmaktene i éin medlemsstat har tilstrekkeleg grunn til å tru at eit produkt som er omfatta av denne forordninga, utgjer ein risiko for visse aspekt ved vern av offentlege interesser som er omfatta av denne forordninga, til dømes aspekt som gjeld miljøvern og forbrukarvern, skal dei gjere ei vurdering av det aktuelle produktet som omfattar alle krava til energimerking som er relevante for risikoen, og som er fastsette i denne forordninga eller i den relevante delegerte rettsakta. Dersom det er naudsynt, skal leverandørar og forhandlarar samarbeide med marknadstilsynsstyresmaktene om denne vurderinga.

  • 2. Dersom marknadstilsynsstyresmaktene under den vurderinga som er nemnd i nr. 1, finn at produktet ikkje oppfyller dei krava som er fastsette i denne forordninga eller i den relevante delegerte rettsakta, skal dei straks krevje at leverandøren, eller eventuelt forhandlaren, gjer alle dei korrigerande tiltaka som er naudsynte for at produktet skal oppfylle desse krava, eventuelt trekkje produktet tilbake frå marknaden, eller eventuelt tilbakekalle produktet frå marknaden innan ein rimeleg frist som vert fastsett ut ifrå kva type risiko det dreier seg om.

    Artikkel 21 i forordning (EF) nr. 765/2008 skal nyttast på dei tiltaka som er nemnde i dette nummeret.

  • 3. Dersom marknadstilsynsstyresmaktene vurderer det slik at eit tilfelle av manglande samsvar slik det er nemnt i nr. 2, ikkje er avgrensa til det nasjonale territoriet deira, skal dei gje Kommisjonen og dei andre medlemsstatane melding om resultata av vurderinga og om dei tiltaka som dei har pålagt leverandøren eller forhandlaren å gjere.

  • 4. Leverandøren, eller eventuelt forhandlaren, skal syte for at alle dei eigna korrigerande eller avgrensande tiltaka i samsvar med nr. 2 vert gjorde for alle dei aktuelle produkta som er gjorde tilgjengelege på marknaden i heile Unionen.

  • 5. Dersom leverandøren, eller eventuelt forhandlaren, ikkje gjer eigna korrigerande tiltak innan den fristen som er nemnd i nr. 2, skal marknadstilsynsstyresmaktene gjere alle dei mellombelse tiltaka som er naudsynte for å forby produktet eller gjere det mindre tilgjengeleg på den nasjonale marknaden deira, for å trekkje produktet tilbake frå marknaden eller for å tilbakekalle det.

  • 6. Marknadstilsynsstyresmaktene skal straks gje Kommisjonen eller dei andre medlemsstatane melding om dei tiltaka som er gjorde i medhald av nr. 5. Desse opplysningane skal omfatte alle tilgjengelege detaljar, særleg

    • a) om kva data som er naudsynte for å identifisere det produktet som ikkje oppfyller krava,

    • b) om opphavet til produktet,

    • c) om kva type manglande samsvar det er kome påstand om, og kva risiko dette inneber,

    • d) om kva slags nasjonale tiltak som er gjorde og kor lenge dei skal vare, og kva argument som leverandøren, eller eventuelt forhandlaren, har kome med.

    Marknadstilsynsstyresmaktene skal særleg gjere greie for om det manglande samsvaret kjem av at produktet ikkje oppfyller krava til dei aspekta ved vern av offentlege interesser som er fastsette i denne forordninga, eller av manglar ved dei harmoniserte standardane som er nemnde i artikkel 13, og som inneber ein føresetnad om samsvar.

  • 7. Andre medlemsstatar enn den som har innleidd framgangsmåten, skal straks melde frå til Kommisjonen og dei andre medlemsstatane om eventuelle tiltak som er vedtekne, og om eventuelle tilleggsopplysningar som dei måtte ha om det manglande samsvaret til det aktuelle produktet, og om eventuelle innvendingar mot det nasjonale tiltaket som er meldt.

  • 8. Dersom det innan 60 dagar etter mottak av dei opplysningane som er nemnde i nr. 6, ikkje er kome innvendingar frå anten ein medlemsstat eller Kommisjonen mot eit mellombels tiltak som ein medlemsstat har gjort, skal dette tiltaket reknast for å vere grunngjeve.

  • 9. Medlemsstatane skal syte for at det straks vert gjort føremålstenlege restriktive tiltak mot det aktuelle produktet, til dømes ved å trekkje det frå marknaden.

Artikkel 10

Unionsframgangsmåte ved avgjerder om vernetiltak

  • 1. Dersom det etter at framgangsmåten i artikkel 9 nr. 4 og 5 er fullført, vert gjort innvendingar mot eit tiltak som ein medlemsstat har gjort, eller dersom Kommisjonen reknar eit nasjonalt tiltak for å vere i strid med unionsretten, skal Kommisjonen straks rådføre seg med medlemsstatane og leverandøren, eller eventuelt med forhandlaren, og vurdere det nasjonale tiltaket.

    På grunnlag av resultata av denne vurderinga skal Kommisjonen vedta ei gjennomføringsrettsakt som slår fast om det nasjonale tiltaket er grunngjeve eller ikkje, og han kan kome med framlegg til eit eigna alternativt tiltak. Denne gjennomføringsrettsakta skal vedtakast i samsvar med den granskingsprosedyren som er nemnd i artikkel 18 nr. 2.

  • 2. Kommisjonen skal rette avgjerda si til alle medlemsstatane og straks gjere henne kjend for dei og for den leverandøren eller forhandlaren som det gjeld.

  • 3. Dersom det nasjonale tiltaket vert rekna for å vere grunngjeve, skal alle medlemsstatane gjere dei tiltaka som er naudsynte for å sikre at det produktet som ikkje oppfyller krava, vert trekt tilbake frå deira marknad, og melde frå til Kommisjonen om dette. Dersom det nasjonale tiltaket vert rekna for ikkje å vere grunngjeve, skal den aktuelle medlemsstaten trekkje tiltaket tilbake.

  • 4. Dersom det nasjonale tiltaket vert rekna for å vere grunngjeve, og det manglande samsvaret til produktet vert rekna for å kome av manglar ved dei harmoniserte standardane som er nemnde i artikkel 9 nr. 6 i denne forordninga, skal Kommisjonen nytte den framgangsmåten som er fastsett i artikkel 11 i forordning (EU) nr. 1025/2012.

  • 5. Korrigerande eller restriktive tiltak i medhald av artikkel 9 nr. 2, 4, 5 eller 9 eller artikkel 10 nr. 3 skal utvidast til å gjelde alle einingar av ein modell som ikkje oppfyller krava til samsvar, og alle dei tilsvarande modellane, bortsett frå dei einingane der leverandøren har dokumentert at dei oppfyller krava til samsvar.

Artikkel 11

Framgangsmåte for innføring og reskalering av etikettar

  • 1. Når det gjeld dei produktgruppene som er nemnde i nr. 4 og 5, skal Kommisjonen reskalere etikettar som var gjeldande per 1. august 2017, med atterhald for nr. 4 og 5 og nr. 8–12.

    Som unntak frå kravet om å oppnå vesentlege energi- og kostnadssparingar, som er fastsett i artikkel 16 nr. 3 bokstav b), skal det minst sikrast ein einsarta skala frå A til G i tilfelle der det ikkje er mogleg å oppnå slike innsparingar ved å reskalere etiketten.

  • 2. Dersom det ikkje er innført nokon etikett for ei produktgruppe per 1. august 2017, kan Kommisjonen innføre etikettar med atterhald for nr. 8–12.

  • 3. Kommisjonen kan òg ytterlegare reskalere etikettar som alt er vortne reskalerte i samsvar med nr. 1, eller etikettar som er innførte i samsvar med nr. 2, dersom vilkåra i nr. 6 bokstav a) og b) er oppfylte, og med atterhald for nr. 8–12.

  • 4. For å sikre ein einsarta skala frå A til G skal Kommisjonen innan 2. august 2023 vedta delegerte rettsakter i medhald av artikkel 16 i denne forordninga for å utfylle denne forordninga ved å innføre reskalerte etikettar med skalaen A til G for produktgrupper som er omfatta av delegerte rettsakter vedtekne i medhald av direktiv 2010/30/EU, med sikte på at den reskalerte etiketten skal visast i både butikkar og på nett 18 månader etter datoen då dei delegerte rettsaktene som er vedtekne i medhald av denne forordninga, har teke til å gjelde.

    Når Kommisjonen avgjer kva rekkjefølgje etikettane til produktgruppene skal reskalerast i, skal han ta omsyn til kor stor del av produkta som er å finne i dei høgaste klassane.

  • 5. Som unntak frå nr. 4 skal Kommisjonen

    • a) innan 2. august 2025 leggje fram resultata etter å ha gjennomgått dei produktgruppene som er omfatta av delegert forordning (EU) nr. 811/2013, (EU) nr. 812/2013 og (EU) 2015/1187, med sikte på reskalering av etikettane, og han skal, dersom det er føremålstenleg, innan 2. august 2026 utfylle denne forordninga ved å vedta delegerte rettsakter i medhald av artikkel 16 i denne forordninga ved å innføre reskalerte etikettar med ein skala frå A til G.

      Dei delegerte rettsaktene som skal innføre reskalerte etikettar med ein skala frå A til G, skal under alle omstende vedtakast seinast 2. august 2030.

    • b) innan 2. november 2018 vedta delegerte rettsakter i medhald av artikkel 16 i denne forordninga med sikte på å utfylle denne forordninga ved å innføre reskalerte etikettar med ein skala frå A til G for produktgrupper som er omfatta av delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1059/201015, (EU) nr. 1060/201016, (EU) nr. 1061/201017, (EU) nr. 1062/201018 og (EU) nr. 874/201219 og direktiv 96/60/EF, med sikte på å at den reskalerte etiketten skal visast i både butikkar og på internett tolv månader etter at dei nemnde rettsaktene har teke til å gjelde.

  • 6. Når det gjeld produkt med etikettar som Kommisjonen ytterlegare kan kome til å reskalere i samsvar med nr. 3, skal Kommisjonen gjennomgå etiketten med sikte på reskalering dersom han vurderer det slik at

    • a) 30 % av modelleiningane til ei produktgruppe som vert seld på unionsmarknaden, høyrer inn under den øvste energieffektivitetsklassen A, og at det kan ventast ytterlegare teknologisk utvikling, eller

    • b) 50 % av modelleiningane til ei produktgruppe som vert seld på unionsmarknaden, høyrer inn under dei to øvste energieffektivitetsklassane A og B, og at det kan ventast ytterlegare teknologisk utvikling.

  • 7. Kommisjonen skal gjennomføre ei revisjonsgransking dersom han har vurdert det slik at vilkåra i nr. 6 bokstav a) eller b) er oppfylte.

    Dersom desse vilkåra ikkje er oppfylte for ei spesifikk produktgruppe innan åtte år etter datoen då den relevante delegerte rettsakta tok til å gjelde, skal Kommisjonen slå fast kva som eventuelt har vore til hinder for at etiketten har oppfylt rolla si.

    Når det gjeld nye etikettar, skal det gjennomførast ei førebuande gransking på grunnlag av den rettleiande lista over produktgrupper som er fastsett i arbeidsplanen.

    Kommisjonen skal sluttføre revisjonsgranskinga si og leggje fram resultata og, dersom det er naudsynt, eit utkast til delegert rettsakt for samrådsforumet innan 36 månader etter at Kommisjonen har vurdert det slik at dei vilkåra som er nemnde i nr. 6 bokstav a) eller b), er oppfylte. Samrådsforumet skal drøfte vurderinga og revisjonsgranskinga.

  • 8. Når ein etikett vert innført eller reskalert, skal Kommisjonen syte for at ingen produkt er venta å skulle høyre inn under energiklasse A på innføringstidspunktet for etiketten, og at dei fleste modellane venteleg vil høyre inn under denne klassen minst ti år seinare.

  • 9. Som unntak frå nr. 8 skal det, dersom det er venta at den teknologiske utviklinga vil gå snøggare, fastsetjast krav om at ingen produkt er venta å skulle høyre inn under energiklasse A og B på innføringstidspunktet for etiketten.

  • 10. Dersom det for ei viss produktgruppe ikkje lenger er tillate å bringe i omsetning eller ta i bruk modellar i energiklasse E, F eller G på grunn av eit gjennomføringstiltak for miljøvenleg utforming som er vedteke i medhald av direktiv 2009/125/EF, skal den eller dei aktuelle klassane visast på etiketten i grått, slik det er oppført i den relevante delegerte rettsakta. Etiketten med grå klassar skal nyttast berre på nye produkteiningar som vert bringa i omsetning eller tekne i bruk.

  • 11. Dersom det av tekniske grunnar ikkje er mogleg å definere sju energiklassar som svarar til vesentlege energi- og kostnadssparingar ut ifrå kunden sin synsvinkel, kan etiketten, som eit unntak frå artikkel 2 nr. 14, omfatte færre klassar. I slike tilfelle skal etiketten framleis ha eit fargespektrum frå mørk grøn til raud.

  • 12. Kommisjonen skal i samsvar med artikkel 16 utøve dei fullmaktene han er gjeven og oppfylle dei pliktene han er pålagd ved denne artikkelen.

  • 13. Når ein etikett vert reskalert i medhald av nr. 1 eller 3, gjeld følgjande:

    • a) Når leverandøren bringar eit produkt i omsetning, skal han syte for å utstyre forhandlaren med både dei eksisterande og dei reskalerte etikettane og produktdatablada i eit tidsrom som byrjar fire månader før datoen då den reskalerte etiketten skal visast første gongen, slik det er fastsett i den relevante delegerte rettsakta.

      Dersom den eksisterande og den reskalerte etiketten krev ulike modellprøvingar, kan leverandøren, som unntak frå første leddet i denne bokstaven, velje å ikkje levere den eksisterande etiketten saman med einingar av modellar som er bringa i omsetning eller tekne i bruk i tidsrommet på fire månader før datoen då den reskalerte etiketten skal visast første gongen, dersom ingen einingar av den same eller ein tilsvarande modell vart bringa i omsetning eller tekne i bruk før byrjinga av det nemnde tidsrommet. I dette tilfellet skal forhandlaren ikkje leggje fram desse einingane for sal før denne datoen. Leverandøren skal snarast mogleg melde frå om dette til den forhandlaren det gjeld, òg når leverandøren tek med slike einingar i sine tilbod til forhandlarar.

    • b) For produkt som vert bringa i omsetning eller tekne i bruk før tidsrommet på fire månader, skal leverandøren, på oppmoding frå forhandlaren og i samsvar med artikkel 3 nr. 2, levere den reskalerte etiketten frå byrjinga av det nemnde tidsrommet. For slike produkt skal forhandlaren skaffe ein reskalert etikett i samsvar med artikkel 5 nr. 2.

      Som unntak frå første leddet i denne bokstaven

      • i) skal det vere tillate for ein forhandlar som på grunn av at leverandøren har innstilt verksemda si, ikkje er i stand til å skaffe ein reskalert etikett i samsvar med første leddet i denne bokstaven for einingar som han alt har på lager, å selje desse einingane som berre vert leverte med ein ikkje-reskalert etikett, i inntil ni månader etter datoen då den reskalerte etiketten skal visast første gongen, slik det er fastsett i den relevante delegerte rettsakta, eller

      • ii) dersom den ikkje-reskalerte og den reskalerte etiketten krev ulike prøvingar av modellen, har leverandøren unntak frå plikta til å levere ein reskalert etikett for einingar som vert bringa i omsetning eller tekne i bruk før tidsrommet på fire månader, dersom ingen einingar av den same eller ein tilsvarande modell vart bringa i omsetning eller tekne i bruk før byrjinga av det nemnde tidsrommet. I dette tilfellet skal det vere tillate for forhandlaren å selje desse einingane som berre vert leverte med ein ikkje-reskalert etikett, i inntil ni månader etter datoen då den reskalerte etiketten skal visast første gongen, slik det er fastsett i den relevante delegerte rettsakta.

    • c) Forhandlaren skal byte ut dei eksisterande etikettane på utstilte produkt, både i butikkar og på internett, med reskalerte etikettar innan 14 arbeidsdagar etter datoen då den reskalerte etiketten skal visast første gongen, slik det er fastsett i den relevante delegerte rettsakta. Forhandlaren skal ikkje vise dei reskalerte etikettane før denne datoen.

    Som unntak frå bokstav a), b) og c) i dette nummeret kan det i delegerte rettsakter som er nemnde i artikkel 16 nr. 3 bokstav e), fastsetjast særlege reglar for energietikettar som er prenta på emballasjen.

Artikkel 12

Produktdatabase

  • 1. Kommisjonen skal opprette og forvalte ein produktdatabase som er samansett av ein offentleg del og ein etterlevingsdel, og ein nettportal som gjev tilgang til desse to delane.

    Produktdatabasen skal verken erstatte eller endre ansvarsområda til marknadstilsynsstyresmaktene.

  • 2. Produktdatabasen skal ha følgjande føremål:

    • a) Å støtte marknadstilsynsstyresmaktene i arbeidet med å utføre oppgåvene deira i medhald av denne forordninga og dei relevante delegerte rettsaktene, mellom anna med gjennomføringa av desse rettsaktene.

    • b) Å gje ålmenta opplysningar om dei produkta som vert bringa i omsetning, og om energietikettane og produktdatablada deira.

    • c) Å gje Kommisjonen ajourførte opplysningar om energieffektiviteten til produkt, med tanke på gjennomgåing av energietikettar.

  • 3. Den offentlege delen av databasen og nettportalen skal innehalde dei opplysningane som er oppførte i høvesvis nr. 1 og 2 i vedlegg I, og som skal vere offentleg tilgjengelege. Den offentlege delen av databasen skal oppfylle kriteria i nr. 7 i denne artikkelen og dei funksjonskriteria som er fastsette i nr. 4 i vedlegg I.

  • 4. Etterlevingsdelen av produktdatabasen skal vere tilgjengeleg berre for marknadstilsynsstyresmaktene og for Kommisjonen, og skal innehalde dei opplysningane som er oppførte i nr. 3 i vedlegg I, mellom anna dei spesifikke delane av den tekniske dokumentasjonen som er nemnd i nr. 5 i denne artikkelen. Etterlevingsdelen skal oppfylle kriteria i nr. 7 og 8 i denne artikkelen og dei funksjonskriteria som er fastsette i nr. 4 i vedlegg I.

  • 5. Dei obligatoriske spesifikke delane av den tekniske dokumentasjonen som leverandøren skal leggje inn i databasen, skal berre omfatte følgjande:

    • a) Ei generell omtale av modellen som gjer det mogleg å identifisere han på ein enkel og eintydig måte.

    • b) Tilvisingar til dei harmoniserte standardane eller andre målestandardar som er nytta.

    • c) Særlege førebyggjande tiltak som skal gjerast når modellen vert montert, installert, halden ved like eller prøvd.

    • d) Dei målte tekniske parametrane til modellen.

    • e) Utrekningane som er utførte med dei målte parametrane.

    • f) Prøvingstilhøve, dersom dette ikkje er tilstrekkeleg gjort greie for i bokstav b).

    I tillegg kan leverandøren leggje ytterlegare delar av den tekniske dokumentasjonen inn i databasen dersom han ønskjer det.

  • 6. Dersom marknadstilsynsstyresmaktene og/eller Kommisjonen skulle få bruk for andre data enn dei som er oppførte i nr. 5, eller som ikkje finst tilgjengelege i den offentlege delen av databasen, for å kunne utføre oppgåvene sine i medhald av denne forordninga, skal dei på oppmoding kunne innhente desse frå leverandøren.

  • 7. Produktdatabasen skal opprettast i samsvar med følgjande kriterium:

    • a) I størst mogleg grad redusere den administrative byrda for leverandøren og andre brukarar av databasen.

    • b) Vere mest mogleg brukarvenleg og kostnadseffektiv.

    • c) Automatisk unngå overflødig registrering.

  • 8. Etterlevingsdelen av databasen skal opprettast i samsvar med følgjande kriterium:

    • a) Gje vern mot utilsikta bruk og trygging av fortrulege opplysningar gjennom strenge tryggleiksordningar.

    • b) Gje tilgangsrettar som byggjer på prinsippet om behov for innsyn.

    • c) Handsame personopplysningar i samsvar med forordning (EF) nr. 45/2001 og direktiv 95/46/EF, alt etter kva som høver.

    • d) Avgrense datatilgangen for å hindre kopiering av store datasett.

    • e) Gjere det mogleg for leverandøren å spore datatilgangen med omsyn til den tekniske dokumentasjonen hans.

  • 9. Data i etterlevingsdelen av databasen skal handsamast i samsvar med kommisjonsavgjerd (EU, Euratom) 2015/44320. Dei særlege ordningane for digital tryggleik i kommisjonsavgjerd (EU, Euratom) 2017/4621 med gjennomføringsreglar skal gjelde. Nivået for fortruleg handsaming skal spegle av den skaden som kan følgje av at data vert utleverte til uautoriserte personar.

  • 10. Leverandøren skal ha tilgangs- og redigeringsrettar til dei opplysningane som han legg inn i produktdatabasen i medhald av artikkel 4 nr. 1 og 2. For marknadstilsynsføremål skal det førast eit register over endringar, der datoane for all redigering vert registrerte.

  • 11. Kundar som nyttar den offentlege delen av produktdatabasen, skal enkelt kunne finne fram til den beste energiklassen for kvar produktgruppe, slik at dei kan samanlikne eigenskapane til modellane og velje dei mest energieffektive produkta.

  • 12. Kommisjonen skal gjennom gjennomføringsrettsakter ha fullmakt til å fastsetje dei driftsmessige retningslinjene for produktdatabasen. Etter at det samrådsforumet som er fastsett i artikkel 14, er rådspurt, skal desse gjennomføringsrettsaktene vedtakast i samsvar med den granskingsprosedyren som er nemnd i artikkel 18 nr. 2.

Artikkel 13

Harmoniserte standardar

  • 1. Etter å ha vedteke ei delegert rettsakt i medhald av artikkel 16 i denne forordninga der det vert fastsett spesifikke krav til merking, skal Kommisjonen, i samsvar med forordning (EU) nr. 1025/2012, offentleggjere tilvisingar til harmoniserte standardar som oppfyller dei relevante måle- og utrekningskrava i den delegerte rettsakta i Tidend for Den europeiske unionen.

  • 2. Dersom slike harmoniserte standardar vert nytta ved samsvarsvurderinga av eit produkt, skal modellen reknast for å oppfylle dei relevante måle- og utrekningskrava i den delegerte rettsakta.

  • 3. Harmoniserte standardar skal i størst mogleg grad ta sikte på å simulere verkelege brukstilhøve, og samstundes halde ved lag ein standardisert prøvingsmetode. Prøvingsmetodane skal òg ta omsyn til dei tilhøyrande kostnadene for næringslivet og for små og mellomstore føretak.

  • 4. Måle- og utrekningsmetodar som er tekne med i harmoniserte standardar, skal vere pålitelege, nøyaktige og reproduserbare, og vere i samsvar med krava i artikkel 3 nr. 4 og 5.

Artikkel 14

Samrådsforum

  • 1. Når Kommisjonen utfører verksemda si i medhald av denne forordninga, skal han syte for at det for kvar delegert rettsakt som vert vedteken i medhald av artikkel 16, og kvar gjennomføringsrettsakt som vert vedteken i medhald av artikkel 12 nr. 12 i denne forordninga, vert sikra ei balansert deltaking av representantar for medlemsstatane og interessepartar når det gjeld den aktuelle produktgruppa, til dømes næringsliv, medrekna små og mellomstore føretak og handverksføretak, fagforeiningar, forhandlarar, detaljistar, importørar, miljøverngrupper og forbrukarorganisasjonar. For dette føremålet skal Kommisjonen oppnemne eit samrådsforum der desse partane skal møtast. Samrådsforumet skal kombinerast med det samrådsforumet som er nemnt i artikkel 18 i direktiv 2009/125/EF.

  • 2. Der det er relevant, skal Kommisjonen, når han utarbeider delegerte rettsakter, prøve ut utforminga av og innhaldet i etikettane for spesifikke produktgrupper på representative grupper av kundar i Unionen, for å sikre at dei verkeleg forstår etikettane.

Artikkel 15

Arbeidsplan

Etter å ha rådspurt det samrådsforumet som er nemnt i artikkel 14, skal Kommisjonen utarbeide ein langsiktig arbeidsplan som skal gjerast offentleg tilgjengeleg. Arbeidsplanen skal innehalde ei rettleiande liste over dei produktgruppene som vert rekna for å ha høg prioritet når det gjeld vedtaking av delegerte rettsakter. Arbeidsplanen skal òg innehalde planar for gjennomgåing og reskalering av etikettar for produktgrupper i samsvar med artikkel 11 nr. 4 og 5, med unntak for reskalering av etikettar som var gyldige per 1. august 2017, som skal gjennomførast i samsvar med artikkel 11 i denne forordninga.

Kommisjonen skal jamleg ajourføre arbeidsplanen etter å ha rådspurt samrådsforumet. Arbeidsplanen kan kombinerast med den arbeidsplanen som er fastsett i artikkel 16 i direktiv 2009/125/EF, og skal gjennomgåast kvart tredje år.

Kommisjonen skal kvart år melde frå til Europaparlamentet og Rådet om framdrifta i arbeidet med å gjennomføre arbeidsplanen.

Artikkel 16

Delegerte rettsakter

  • 1. Kommisjonen har fullmakt til å vedta delegerte rettsakter i samsvar med artikkel 17, med sikte på å utfylle denne forordninga ved å fastsetje detaljerte krav til etikettane for spesifikke produktgrupper.

  • 2. I dei delegerte rettsaktene som er nemnde i nr. 1, skal det gjerast greie for produktgrupper som oppfyller følgjande kriterium:

    • a) I samsvar med dei nyaste tilgjengelege tala og av omsyn til dei mengdene som vert bringa i omsetning på unionsmarknaden, skal produktgruppa ha eit vesentleg potensial for å spare energi og, der det er relevant, andre ressursar.

    • b) Innanfor produktgruppa skal det vere tydelege skilnader mellom dei relevante ytingsnivåa for modellar med tilsvarande funksjonalitet.

    • c) Det skal ikkje liggje føre vesentlege negative verknader for prisnivået og levetidskostnadene til produktgruppa.

    • d) Innføringa av krav til energimerking av ei produktgruppe skal ikkje føre til vesentlege negative verknader for funksjonaliteten til produktet under bruk.

  • 3. Delegerte rettsakter for spesifikke produktgrupper skal særleg innehalde følgjande opplysningar:

    • a) Definisjonen av den spesifikke produktgruppa som høyrer inn under definisjonen av «energirelatert produkt» slik det er fastsett i artikkel 2 nr. 1, og som skal omfattast av dei nærmare krava til merking.

    • b) Utforminga av og innhaldet på etiketten, med ein skala frå A til G som viser energiforbruket, som i størst mogleg grad skal ha ei einsarta utforming for alle produktgruppene, og som i alle tilfelle skal vere klart synleg og leseleg. Stega frå A til G i klassifiseringa skal svare til vesentlege energi- og kostnadssparingar og ei passande differensiering av produkta ut ifrå kunden sin synsvinkel. Det skal òg opplysast om korleis stega frå A til G i klassifiseringa og eventuelt energiforbruket skal ha ei sentral plassering på etiketten.

    • c) Dersom det er relevant, skal det opplysast om bruken av andre ressursar og gjevast utfyllande opplysningar om produktet, og etiketten skal då framheve energieffektiviteten til produktet. Dei utfyllande opplysningane skal vere eintydige og må ikkje på nokon måte føre til at etiketten samla sett verkar mindre forståeleg og føremålstenleg for kundane. Opplysningane skal byggje på data om fysiske kjenneteikn ved produkta som kan målast og verifiserast av marknadstilsynsstyresmaktene.

    • d) Dersom det er relevant, skal det finnast ei tilvising på etiketten som gjer det mogleg for kundane å avgjere kva produkt som er energismarte, det vil seie at dei automatisk kan endre og optimalisere forbruksmønsteret sitt som ein reaksjon på ytre stimuli (til dømes i form av signal frå eller via eit sentralt energistyringssystem i heimen, prissignal, signal frå direkte kontroll, lokale målingar), eller at dei er i stand til å yte andre tenester som aukar energieffektiviteten og utbreiinga av fornybar energi, med sikte på å betre miljøverknadene av energibruken i heile energisystemet.

    • e) Plasseringa av etiketten, om han til dømes skal vere festa til produkteininga på ein slik måte at han ikkje vert skadd, om han skal prentast på emballasjen eller gjevast i elektronisk format eller visast på internett, samstundes som det vert teke omsyn til krava i artikkel 3 nr. 1 og følgjene for kundar, leverandørar og forhandlarar.

    • f) Elektroniske metodar for merking av produkt, dersom det er relevant.

    • g) Korleis etiketten og produktdatabladet skal gjerast tilgjengelege ved fjernsal.

    • h) Kravet til innhaldet i og eventuelt formatet til og andre detaljar som gjeld produktdatabladet og den tekniske dokumentasjonen, mellom anna om det er mogleg å leggje parametrane i produktdatabladet inn i databasen i samsvar med artikkel 3 nr. 1.

    • i) Verifiseringstoleransane som medlemsstatane skal nytte når dei verifiserer samsvaret med krava.

    • j) Korleis energiklassen og skalaen med tilgjengelege energiklassar på etiketten skal visast i visuelle annonsar og teknisk salsfremjande materiell, og kor godt leselege og synlege dei er.

    • k) Måle- og utrekningsmetodane som er nemnde i artikkel 13, som skal nyttast til å fastsetje opplysningane på etiketten og produktdatabladet, medrekna definisjonen av energieffektivitetsindeksen (EEI) eller ein tilsvarande parameter.

    • l) Om det er slik at større apparat vil krevje eit høgare nivå av energieffektivitet for at dei skal oppnå ein viss energiklasse.

    • m) Formatet til eventuelle tilleggstilvisingar på etiketten som gjev kundane elektronisk tilgang til nærmare opplysningar på produktdatabladet om yteevna til produktet. Formatet til desse tilvisingane kan vere ei nettadresse, ein dynamisk kode for snøgg respons (QR-kode), ei lenkje til etikettar på internett eller andre høvelege og forbrukarvenlege format.

    • n) Korleis energiklassar som viser energiforbruket til produktet under bruk, eventuelt bør visast på den interaktive skjermen til produktet.

    • o) Datoen for vurdering og eventuell etterfølgjande revisjon av den delegerte rettsakta.

    • p) Skilnader i energiyting i ulike klimasoner, der det er relevant.

    • q) Når det gjeld kravet i artikkel 4 nr. 6 om opplysningar som skal oppbevarast i etterlevingsdelen av databasen, kan det eventuelt fastsetjast ein oppbevaringsperiode på under 15 år, sett i høve til den gjennomsnittlege levetida til produktet.

  • 4. Kommisjonen skal vedta ei eiga delegert rettsakt for kvar spesifikke produktgruppe. Når Kommisjonen fastset tidspunktet for vedtaking av den delegerte rettsakta for ei spesifikk produktgruppe, skal han ikkje utsetje vedtakinga av grunnar som har å gjere med vedtakinga av ei delegert rettsakt for ei anna spesifikk produktgruppe, med mindre det ligg føre særlege omstende som skulle tilseie dette.

  • 5. Kommisjonen skal føre ei oppdatert liste over alle relevante delegerte rettsakter, og dessutan over tiltak som vidareutviklar direktiv 2009/125/EF, medrekna fullstendige tilvisingar til alle relevante harmoniserte standardar.

Artikkel 17

Utøving av delegert fullmakt

  • 1. Fullmakta til å vedta delegerte rettsakter vert gjeven Kommisjonen med atterhald for dei vilkåra som er fastsette i denne artikkelen.

  • 2. Fullmakta til å vedta delegerte rettsakter som er nemnd i artikkel 11 nr. 4 og 5 og artikkel 16, skal gjevast Kommisjonen for ein periode på seks år frå 1. august 2017. Kommisjonen skal utarbeide ein rapport om den delegerte fullmakta seinast ni månader før seksårsperioden går ut. Den delegerte fullmakta skal lengjast stillteiande for periodar med same lengd, med mindre Europaparlamentet eller Rådet set seg imot ei slik lenging seinast tre månader før utgangen av kvar periode.

  • 3. Den delegerte fullmakta som er nemnd i artikkel 11 nr. 4 og 5 og artikkel 16, kan når som helst kallast tilbake av Europaparlamentet eller Rådet. Ei avgjerd om tilbakekalling inneber at den delegerte fullmakta som er oppført i avgjerda, sluttar å gjelde. Avgjerda tek til å gjelde dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen, eller på eit seinare tidspunkt som er oppført i avgjerda. Ho rører ikkje ved rettskrafta til delegerte rettsakter som alt har teke til å gjelde.

  • 4. Før Kommisjonen vedtek ei delegert rettsakt, skal han rådføre seg med sakkunnige som er utnemnde av kvar medlemsstat i samsvar med prinsippa i den tverrinstitusjonelle avtala av 13. april 2016 om betre regelverksutforming. Samrådet mellom sakkunnige i medlemsstatane skal finne stad etter det samrådet som er fastsett i medhald av artikkel 14.

  • 5. Så snart Kommisjonen vedtek ei delegert rettsakt, skal han melde frå om dette samstundes til Europaparlamentet og Rådet.

  • 6. Ei delegert rettsakt som er vedteken i medhald av artikkel 11 nr. 4 og 5 og artikkel 16, skal ta til å gjelde berre dersom Europaparlamentet eller Rådet ikkje gjer innvendingar innan to månader etter at rettsakta er meld til Europaparlamentet og Rådet, eller dersom både Europaparlamentet og Rådet, før den nemnde fristen går ut, har meldt frå til Kommisjonen om at dei ikkje vil gjere innvendingar. Etter initiativ frå Europaparlamentet eller Rådet kan denne fristen lengjast med to månader.

Artikkel 18

Utvalsprosedyre

  • 1. Kommisjonen skal få hjelp av det utvalet som er oppnemnt ved artikkel 19 i direktiv 2009/125/EF. Det nemnde utvalet skal vere eit utval slik det er fastsett i forordning (EU) nr. 182/2011.

  • 2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 5 i forordning (EU) nr. 182/2011 nyttast.

Artikkel 19

Vurdering og rapportering

Innan 2. august 2025 skal Kommisjonen vurdere gjennomføringa av denne forordninga og sende over ein rapport til Europaparlamentet og Rådet. Denne rapporten skal vurdere i kor stor grad denne forordninga og dei delegerte rettsaktene og gjennomføringsrettsaktene som er vedtekne i medhald av forordninga, har gjort det mogleg for kundane å velje meir effektive produkt, samstundes som det vert teke omsyn til korleis forordninga har verka inn på næringsliv, energiforbruk, utslepp av klimagassar, marknadstilsynsverksemd og kostnadene i samband med oppretting og vedlikehald av databasen.

Artikkel 20

Oppheving og overgangsføresegner

  • 1. Direktiv 2010/30/EU vert oppheva med verknad frå 1. august 2017.

  • 2. Tilvisingar til det oppheva direktivet skal forståast som tilvisingar til denne forordninga, og skal lesast i samsvar med jamføringstabellen i vedlegg II.

  • 3. For modellar med einingar som vart bringa i omsetning eller tekne i bruk i samsvar med direktiv 2010/30/EU før 1. august 2017, skal leverandøren i eit tidsrom som går ut fem år etter at den siste eininga vart framstilt, gjere ein elektronisk versjon av den tekniske dokumentasjonen tilgjengeleg for inspeksjon innan ti dagar etter at marknadstilsynsstyresmaktene eller Kommisjonen har bede om det.

  • 4. Delegerte rettsakter som er vedtekne i medhald av artikkel 10 i direktiv 2010/30/EU og direktiv 96/60/EF, skal vere gyldige inntil dei vert oppheva ved ei delegert rettsakt som vert vedteken i medhald av artikkel 16 i denne forordninga, og som omfattar den relevante produktgruppa.

    Plikter i medhald av denne forordninga skal gjelde for produktgrupper som er omfatta av delegerte rettsakter som er vedtekne i medhald av artikkel 10 i direktiv 2010/30/EU og i medhald av direktiv 96/60/EF.

  • 5. Når det gjeld produktgrupper som alt er omfatta av delegerte rettsakter som er vedtekne i medhald av artikkel 10 i direktiv 2010/30/EU eller av direktiv 96/60/EF, der Kommisjonen vedtek delegerte rettsakter i medhald av artikkel 16 i denne forordninga, kan klassifiseringa av energieffektivitet som vart innført ved direktiv 2010/30/EU, som eit unntak frå artikkel 16 nr. 3 bokstav b) i denne forordninga, framleis nyttast inntil datoen då den delegerte rettsakta som innfører reskalerte etikettar i medhald av artikkel 11 i denne forordninga, tek til å gjelde.

Artikkel 21

Ikraftsetjing og bruk

Denne forordninga tek til å gjelde fjerde dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Ho skal nyttast frå 1. august 2017.

Som unntak frå andre leddet skal artikkel 4 om leverandøren sine plikter når det gjeld produktdatabasen, nyttast frå 1. januar 2019.

Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane.

Utferda i Strasbourg 4. juli 2017.

For Europaparlamentet

A. Tajani

President

For Rådet

M. Maasikas

Formann

Vedlegg I

Opplysningar som skal leggjast inn i produktdatabasen, og funksjonskriterium for den offentlege delen av databasen

  • 1. Opplysningar som leverandøren skal leggje inn i den offentlege delen av databasen:

    • a) Namnet eller varemerket og adressa til leverandøren, og kontaktopplysningar om og annan rettsleg identifikasjon av leverandøren.

    • b) Modellnemninga.

    • c) Etiketten i elektronisk format.

    • d) Energieffektivitetsklassen eller -klassane og andre etikettparametrar.

    • e) Parametrane til produktdatabladet i elektronisk format.

  • 2. Opplysningar som Kommisjonen skal leggje inn i nettportalen:

    • a) Kontaktopplysningar om marknadstilsynsstyresmaktene i medlemsstaten.

    • b) Arbeidsplan i medhald av artikkel 15.

    • c) Protokoll frå samrådsforumet.

    • d) Ei liste over delegerte rettsakter og gjennomføringsrettsakter, overgangsmetodar for måling og utrekning, og gjeldande harmoniserte standardar.

  • 3. Opplysningar som leverandøren skal leggje inn i etterlevingsdelen av databasen:

    • a) Modellnemninga til alle tilsvarande modellar som alt er bringa i omsetning.

    • b) Teknisk dokumentasjon slik det er gjort greie for i artikkel 12 nr. 5.

    Kommisjonen skal opprette ei lenkje til databasen for informasjons- og kommunikasjonssystemet for marknadstilsyn (ICSMS), som inneheld resultatet av samsvarskontrollane som medlemsstatane har utført, og dei mellombelse tiltaka som er vedtekne.

  • 4. Funksjonskriterium for den offentlege delen av produktdatabasen:

    • a) Kvar produktmodell skal kunne hentast fram som ein einskild datapost.

    • b) Databasen skal generere ei einskild, synleg fil som kan lastast ned og skrivast ut, med energietiketten for kvar modell, saman med det fullstendige produktdatabladet på alle dei offisielle språka i Unionen.

    • c) Opplysningane skal vere maskinleselege, kunne sorterast og søkjast i, og skal etterleve opne standardar slik at dei skal kunne nyttast gratis av tredjemann.

    • d) Ei internettbasert hjelpeteneste eller eit internettbasert kontaktpunkt for leverandørane skal opprettast og haldast ved like, og det skal finnast ei tydeleg tilvising til dette i portalen.

Vedlegg II

Jamføringstabell

Direktiv 2010/30/EU

Denne forordninga

Artikkel 1 nr. 1

Artikkel 1 nr. 1

Artikkel 1 nr. 2

Artikkel 1 nr. 3 bokstav a) og b)

Artikkel 1 nr. 2 bokstav a) og b)

Artikkel 1 nr. 3 bokstav c)

Artikkel 2

Artikkel 2

Artikkel 2 bokstav a)

Artikkel 2 punkt 1

Artikkel 2 bokstav b)

Artikkel 2 punkt 22

Artikkel 2 bokstav c)

Artikkel 2 bokstav d)

Artikkel 2 bokstav e)

Artikkel 2 bokstav f)

Artikkel 2 bokstav g)

Artikkel 2 punkt 13

Artikkel 2 bokstav h)

Artikkel 2 punkt 14

Artikkel 2 bokstav i)

Artikkel 2 punkt 8

Artikkel 2 bokstav j)

Artikkel 2 punkt 9

Artikkel 2 bokstav k)

Artikkel 3

Artikkel 7

Artikkel 3 nr. 1 bokstav a)

Artikkel 7 nr. 3

Artikkel 3 nr. 1 bokstav b)

Artikkel 6 bokstav c)

Artikkel 3 nr. 1 bokstav c)

Artikkel 7 nr. 3

Artikkel 3 nr. 1 bokstav d)

Artikkel 8 nr. 2

Artikkel 3 nr. 2

Artikkel 6 bokstav b) og artikkel 9

Artikkel 3 nr. 3

Artikkel 8 nr. 1

Artikkel 3 nr. 4

Artikkel 4 bokstav a)

Artikkel 5

Artikkel 4 bokstav b)

Artikkel 4 bokstav c)

Artikkel 6 bokstav a)

Artikkel 4 bokstav d)

Artikkel 6 bokstav a)

Artikkel 5

Artikkel 3 nr. 1 og artikkel 6

Artikkel 5 bokstav a)

Artikkel 3 nr. 1 bokstav a)

Artikkel 5 bokstav b) punkt i), ii), iii) og iv)

Artikkel 4 nr. 6 og vedlegg I

Artikkel 5 bokstav c)

Artikkel 4 nr. 6

Artikkel 5 bokstav d)

Artikkel 3 nr. 1

Artikkel 5 bokstav d) andre leddet

Artikkel 3 nr. 1

Artikkel 5 bokstav e)

Artikkel 3 nr. 1

Artikkel 5 bokstav f)

Artikkel 5 bokstav g)

Artikkel 3 nr. 1

Artikkel 5 bokstav h)

Artikkel 6

Artikkel 5 nr. 1 og artikkel 6

Artikkel 6 bokstav a)

Artikkel 5 nr. 1 bokstav a)

Artikkel 6 bokstav b)

Artikkel 5 nr. 1 bokstav a)

Artikkel 7

Artikkel 16 nr. 3 bokstav e) og g)

Artikkel 8 nr. 1

Artikkel 7 nr. 1

Artikkel 8 nr. 2

Artikkel 9 nr. 3

Artikkel 7 nr. 2

Artikkel 9 nr. 4

Artikkel 10 nr. 1

Artikkel 16

Artikkel 10 nr. 1 andre leddet

Artikkel 16 nr. 2

Artikkel 10 nr. 1 tredje leddet

Artikkel 10 nr. 1 fjerde leddet

Artikkel 16 nr. 3 bokstav c)

Artikkel 10 nr. 2 bokstav a)

Artikkel 16 nr. 2 bokstav a)

Artikkel 10 nr. 2 bokstav b)

Artikkel 16 nr. 2 bokstav b)

Artikkel 10 nr. 2 bokstav c)

Artikkel 10 nr. 3 bokstav a)

Artikkel 10 nr. 3 bokstav b)

Artikkel 10 nr. 3 bokstav c)

Artikkel 14

Artikkel 10 nr. 3 bokstav d)

Artikkel 10 nr. 4 bokstav a)

Artikkel 16 nr. 3 bokstav a)

Artikkel 10 nr. 4 bokstav b)

Artikkel 16 nr. 3 bokstav k)

Artikkel 10 nr. 4 bokstav c)

Artikkel 16 nr. 3 bokstav h)

Artikkel 10 nr. 4 bokstav d)

Artikkel 16 nr. 3 bokstav b)

Artikkel 10 nr. 4 bokstav d) andre leddet

Artikkel 10 nr. 4 bokstav d) tredje leddet

Artikkel 16 nr. 3 bokstav b)

Artikkel 10 nr. 4 bokstav d) fjerde leddet

Artikkel 11 nr. 3

Artikkel 10 nr. 4 bokstav d) femte leddet

Artikkel 11

Artikkel 10 nr. 4 bokstav e)

Artikkel 16 nr. 3 bokstav e)

Artikkel 10 nr. 4 bokstav f)

Artikkel 16 nr. 3 bokstav h)

Artikkel 10 nr. 4 bokstav g)

Artikkel 16 nr. 3 bokstav j)

Artikkel 10 nr. 4 bokstav h)

Artikkel 11 nr. 3

Artikkel 10 nr. 4 bokstav i)

Artikkel 16 nr. 3 bokstav i)

Artikkel 10 nr. 4 bokstav j)

Artikkel 16 nr. 3 bokstav o)

Artikkel 11 nr. 1

Artikkel 17 nr. 2

Artikkel 11 nr. 2

Artikkel 17 nr. 5

Artikkel 11 nr. 3

Artikkel 17 nr. 1

Artikkel 12 nr. 1

Artikkel 17 nr. 3

Artikkel 12 nr. 2

Artikkel 12 nr. 3

Artikkel 17 nr. 3

Artikkel 13

Artikkel 17 nr. 6

Artikkel 14

Artikkel 19

Artikkel 15

Artikkel 7 nr. 4

Artikkel 16

Artikkel 17

Artikkel 20

Artikkel 18

Artikkel 21

Artikkel 19

Artikkel 21

Vedlegg I

Vedlegg I

Vedlegg II

Vedlegg II

Fotnotar

1.

TEU C 82 av 3.3.2016, s. 6.

2.

Haldning frå Europaparlamentet av 13. juni 2017 (enno ikkje kunngjord i TEU) og rådsavgjerd av 26. juni 2017.

3.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2010/30/EU av 19. mai 2010 om merking av og standardiserte vareopplysningar på energirelaterte produkt, som viser forbruket deira av energi og andre ressursar (TEU L 153 av 18.6.2010, s. 1).

4.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2009/125/EF av 21. oktober 2009 om fastsettelse av en ramme for å fastsette krav til miljøvennlig utforming av energirelaterte produkter (TEU L 285 av 31.10.2009, s. 10).

5.

Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 765/2008 av 9. juli 2008 om fastsettelse av kravene til akkreditering og markedstilsyn for markedsføring av produkter, og om oppheving av forordning (EØF) nr. 339/93 (TEU L 218 av 13.8.2008, s. 30).

6.

Europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/95/EF av 3. desember 2001 om alminnelig produktsikkerhet (TEF L 11 av 15.1.2002, s. 4).

7.

Europaparlaments- og rådsbeslutning nr. 768/2008/EF av 9. juli 2008 om en felles ramme for markedsføring av produkter og om oppheving av rådsbeslutning 93/465/EØF (TEU L 218 av 13.8.2008, s. 82).

8.

Kommisjonsdirektiv 96/60/EF av 19. september 1996 om gjennomføringsreglar for rådsdirektiv 92/75/EØF med omsyn til energimerking av hushaldsvaskemaskiner (TEF L 266 av 18.10.1996, s. 1)

9.

TEU L 123 av 12.5.2016, s. 1.

10.

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 182/2011 av 16. februar 2011 om fastsettelse av allmenne regler og prinsipper for medlemsstatenes kontroll med Kommisjonens utøvelse av sin gjennomføringsmyndighet (TEU L 55 av 28.2.2011 s. 13).

11.

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 1025/2012 av 25. oktober 2012 om europeisk standardisering og om endring av rådsdirektiv 89/686/EØF og 93/15/EØF samt europaparlaments- og rådsdirektiv 94/9/EF, 94/25/EF, 95/16/EF, 97/23/EF, 98/34/EF, 2004/22/EF, 2007/23/EF, 2009/23/EF og 2009/105/EF og om oppheving av rådsvedtak 87/95/EØF og europaparlaments- og rådsbeslutning nr. 1673/2006/EF (TEU L 316 av 14.11.2012, s. 12).

12.

Delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 811/2013 av 18. februar 2013 om utfylling av europaparlaments- og rådsdirektiv 2010/30/EU med hensyn til energimerking av anlegg for romoppvarming, anlegg for rom- og tappevannoppvarming, pakker med anlegg for romoppvarming, temperaturregulator og solvarmeinnretning samt pakker med anlegg for rom- og tappevannoppvarming, temperaturregulator og solvarmeinnretning (TEU L 239 av 6.9.2013, s. 1).

13.

Delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 812/2013 av 18. februar 2013 om utfylling av europaparlaments- og rådsdirektiv 2010/30/EU med omsyn til energimerking av vassvarmarar, varmtvassbehaldarar og pakkar med vassvarmar og solvarmeinnretning (TEU L 239 av 6.9.2013, s. 83).

14.

Delegert kommisjonsforordning (EU) 2015/1187 av 27. april 2015 om utfylling av europaparlaments- og rådsdirektiv 2010/30/EU med hensyn til energimerking av kjeler for fast brensel og pakker med en kjel for fast brensel, supplerende varmeanlegg, temperaturregulatorer og solvarmeinnretninger (TEU L 193 av 21.7.2015, s. 43).

15.

Delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1059/2010 av 28. september 2010 om utfylling av europaparlaments- og rådsdirektiv 2010/30/EU med omsyn til energimerking av hushaldsoppvaskmaskiner (TEU L 314 av 30.11.2010, s. 1).

16.

Delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1060/2010 av 28. september 2010 om utfylling av europaparlaments- og rådsdirektiv 2010/30/EU med omsyn til energimerking av kjøleapparat til hushaldsbruk (TEU L 314 av 30.11.2010, s. 17).

17.

Delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1061/2010 av 28. september 2010 om utfylling av europaparlaments- og rådsdirektiv 2010/30/EU med omsyn til energimerking av hushaldsvaskemaskiner (TEU L 314 av 30.11.2010, s. 47).

18.

Delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 1062/2010 av 28. september 2010 om utfylling av europaparlaments- og rådsdirektiv 2010/30/EU med omsyn til energimerking av fjernsyn (TEU L 314 av 30.11.2010, s. 64).

19.

Delegert kommisjonsforordning (EU) nr. 874/2012 av 12. juli 2012 om utfylling av europaparlaments- og rådsdirektiv 2010/30/EU med omsyn til energimerking av elektriske lampar og lysarmaturar (TEU L 258 av 26.9.2012, s. 1).

20.

Kommisjonsbeslutning (EU, Euratom) 2015/443 av 13. mars 2015 om sikkerhet i Kommisjonen (TEU L 72 av 17.3.2015, s. 41).

21.

Kommisjonsbeslutning (EU, Euratom) 2017/46 av 10. januar 2017 om sikkerhet i kommunikasjons- og informasjonssystemer i Europakommisjonen (TEU L 6 av 11.1.2017, s. 40).