Prop. 85 LS (2019–2020)

Endringar i lov 18. desember 1981 nr. 90 om merking av forbruksvarer mv. og samtykke til godkjenning av vedtak nr. 72/2019 i EØS-komiteen av 29. mars 2019 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EU) 2017/1369 (energimerkeforordninga)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

For leverandørar er energimerkeforordninga vurdert til å ha små økonomiske og administrative konsekvensar, ettersom det allereie i dag skal lagast energimerkeetikettar, produktdatablad og givast teknisk dokumentasjon. Plikta til å registrere informasjon om produkta i produktdatabasen er ny, og verksemdene vil bli påført visse administrative kostnader i samband med det. Leverandørar som driv verksemd i fleire EØS-land må uansett registrere produkta i databasen uavhengig av om Noreg gjennomfører energimerkeforordninga eller ikkje. For slike leverandørar er opprettinga av ein produktdatabase venta å medverke til reduserte administrative kostnader.

Forhandlarane vil bli påførde administrative kostnader i samband med overgang til ny energietikett. Desse kostnadene vil likevel ikkje oppstå som ei direkte følgje av gjennomføringa av energimerkeforordninga i norsk rett. Dei nye energietikettane vil følgje av dei produktspesifikke forordningane frå EU.

For forbrukarar inneber energimerkeforordninga betre og meir samanliknbar informasjon om produkta som er omfatta av ordninga. Forbrukarane kan gjere meir informerte val og lettare bedømme produkta sin energieffektivitet. Energieffektiviseringa er venta å ha ein positiv økonomisk effekt for den enkelte og for samfunnet som heilskap, utan at det har vore mogleg å talfeste dette.

For myndigheitene inneber energimerkeforordninga at samarbeid og samordning med tilsynsmyndigheiter i andre EØS-land blir meir regulert. Det kan innebere ei viss rasjonalisering av tilsynet. Det vil vere behov for enkelte endringar i energimerkeforskrifta for produkt og for informasjon i samband med innføring av nye skalaer, og seinare omskalering. Det må reknast med behov for informasjon og rettleiing i tilknyting til den nye produktdatabasen. Auka administrative kostnader i samband med dette vil i noko grad oppvegast ved at gjennomføringa av tilsyn vil bli enklare, ettersom det blir lettare å få tilgang til relevant informasjon.

NVE har anslått at gjennomføringa av energimerkeforordninga i norsk rett vil medføre administrative kostnader for myndigheitene tilsvarande eit halvt årsverk. Kostnadene blir dekte innanfor gjeldande budsjett.

Energimerkeforordninga vil kunne medverke til meir effektiv konkurranse i marknaden. Med etableringa av ein produktdatabase blir marknaden meir transparent, noko som vil vere bra for konkurransen. Samordning av tilsynet i dei ulike landa vil òg kunne medverke til betre konkurranse ved at leverandørar i praksis får meir like vilkår.