Prop. 94 S (2022–2023)

Investeringar i Forsvaret og andre saker

Til innhaldsliste

3 Nytt eigedoms-, bygge- og anleggsprosjekt for godkjenning

3.1 Ørland – eigedom, bygg og anlegg til luftvern

Ørland flystasjon er over tid bygd opp som Forsvaret sin hovudbase for kampfly. Luftvernet er eit sentralt element i vernet mot angrep frå lufta. Vedtatt strukturutvikling på Ørland består av ein luftvernbataljon med to luftvernbatteri i tillegg til Luftverntaktisk skule.

EBA stør luftvernet si evne til å verna Ørland flystasjon mot truslar frå lufta og legg til rette for styrkeoppbygging av befal og soldatar til Luftforsvaret og Hæren. I dag er EBA til luftvern på Ørland underdimensjonert, spreidd og lite tilpassa luftvernet sitt behov. Ny løysing er tilpassa vedtatt strukturutvikling, planlagt materiellprosjekt for oppgradering av bakkebasert luftvern og endra modell for styrkeproduksjon. Ved gjennomføring av prosjektet vert det lagt til rette for auka effektivitet og for betre utnytting av areala på flystasjonen.

I prosjektet vert det etablert eit nytt administrasjonsbygg med kontor og undervisningsrom, samt to hallar for lagring av utstyr for dei to luftvernbatteria. I tillegg til ny bygningsmasse, vert det etablert to område som skal dekkja behovet for å utføra prosedyre for «klar til strid.» Gjenbruk av eksisterande bygningsmasse dekkjer resten av EBA-behovet.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 446 mill. kroner medrekna innreiing, meirverdiavgift, gjennomføringskostnadar og ei avsetjing for uvisse. Prosjektet si styringsramme er sett til 360 mill. kroner inkludert medrekna innreiing, meirverdiavgift og gjennomføringskostnadar. Forventa overlevering av prosjektet er tidleg i 2026.

Til forsida