Prop. 95 S (2019–2020)

Nokre saker om luftfart, veg og post

Til innhaldsliste

3 Veg

3.1 E18 Riksgrensen–Ørje i Viken, endra kostnadsramme

Prosjektet er m.a. omtalt i Prop. 176 S (2012–2013) Revisjon og sluttføring av Østfoldpakka. Utbygging og finansiering av E18 på strekningene Riksgrensen – Ørje og Knapstad – Retvet i Østfold og Akershus og Prop. 1 S Tillegg 2 (2015–2016) Endring av Prop. 1 S (2015–2016) Statsbudsjettet 2016 under Samferdselsdepartementet mv. (noen saker om veg, jernbane og saldering). Det er sist omtalt i Prop. 1 S (2019–2020), side 102–103.

Prosjektet opna for trafikk i desember 2017. I etterkant er det blitt usemje mellom Statens vegvesen og entreprenøren om sluttoppgjeret. Den største delen av usemja gjeld bygginga av Norgesporten bru. I tillegg er det noko usemje om tolkinga av omfanget av ein arbeidsprosess i kontrakten og kva den avtalte einingsprisen knytt til denne prosessen omfattar for transport av massar, og omfanget i samband med vegar for omkøyring.

Samferdselsdepartementet legg opp til at det blir inngått eit forlik med entreprenøren. Ein eventuell forliksavtale vil innebere at totalkostnaden for prosjektet vil bli høgare enn gjeldande kostnadsramme som er på 1 002 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår derfor ei ny kostnadsramme på 1 090 mill. kr, jf. forslag til vedtak.

3.2 E18 Knapstad–Retvet i Viken, endra kostnadsramme

Prosjektet er m.a. omtalt i Prop. 176 S (2012–2013) Revisjon og sluttføring av Østfoldpakka. Utbygging og finansiering av E18 på strekningene Riksgrensen – Ørje og Knapstad – Retvet i Østfold og Akershus.

Prosjektet opna for trafikk i november 2016. I etterkant av ferdigstillinga av prosjektet har det oppstått usemje mellom entreprenøren og Statens vegvesen om sluttoppgjeret. Den største delen av usemja gjeld problem som entreprenøren meiner Statens vegvesen må svare for, oppgjer for vederlagskrav og tolkinga av arbeidsprosessar i kontrakten og kva dei avtalte einingsprisane knytt til desse prosessane omfattar.

Samferdselsdepartementet legg opp til at det blir inngått forlik med entreprenøren. Ein eventuell forliksavtale vil innebere at totalkostnaden for prosjektet vil bli høgare enn gjeldande kostnadsramme som er 1 780 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår ei ny kostnadsramme på 1 820 mill. kr, jf. forslag til vedtak.

3.3 Rv. 4 Lunner grense–Jaren og Lygna sør i Innlandet, endra kostnadsramme

Prosjektet er omtalt i Prop. 50 S (2012–2013) Utbygging og finansiering av rv. 4 på strekningene Lunner grense – Jaren og Lygna Sør i Oppland. Det er sist omtalt i Prop. 1 S (2019–2020), s. 114.

Prosjektet opna for trafikk i juli 2017. Under bygginga oppsto fleire usemjer mellom entreprenøren og Statens vegvesen. Usemjene blei ikkje avklarte, og dei blei derfor med inn i sluttoppgjeret. Entreprenøren har fremja ei rekke krav som han no forhandlar med Statens vegvesen om. Da prosjektet starta opp, var ikkje grunnerverv på plass, og entreprenøren måtte gjere om på driftsopplegget. I tillegg er det usemje knytt til geologi og grunntilhøve med blaute massar.

Samferdselsdepartementet legg opp til at det blir inngått eit forlik med entreprenøren. Ein eventuell forliksavtale vil innebere at totalkostnaden for prosjektet vil bli høgare enn gjeldande kostnadsramme som er på 3 126 mill. kr. Samferdselsdepartementet foreslår derfor ei ny kostnadsramme på 3 420 mill. kr, jf. forslag til vedtak.

3.4 E16 Kongsvinger–Slomarka i Innlandet, evaluering av prøveordning med halv bompengetakst på sideveg

Prosjektet E16 Kongsvinger–Slomarka i Innlandet opna for trafikk i november 2014. Ved Stortingets behandling av Prop. 32 S (2014–2015) Endringar i statsbudsjettet 2014 under Samferdselsdepartementet, jf. Innst. 118 S (2014–2015), blei det opna for ny plassering av bomstasjonane på lokalvegane samanlikna med opplegget i Prop. 104 S (2010–2011) Finansiering og utbygging av rv 2 Kongsvinger (Kurusand) – Slomarka i Hedmark, jf. Innst. 372 S (2010–2011), om det var lokalpolitisk tilslutning til dette. Dette innebar at bomstasjonen på gamal E16, no fv. 250, ved Øyset blei flytta til Fulu.

Ny E16 inn til Kongsvinger er ein del av E16-utbygginga mellom Kløfta og Kongsvinger. For å lede trafikken utanom Kongsvinger sentrum, blei det bygd ny bru om lag 5 km vest for byen, slik at trafikken kan komme inn på sørsida av Glomma til eksisterande hovudvegnett. Den gamle traseen for E16, dagens fv. 250, har funksjon som lokalveg. Det er mange bustader langs strekninga med avkøyrslar og berre delvis tilbod for syklistar og gåande. Målet med ny trase for E16 var å betre situasjonen for trafikken mellom Oslo og Kongsvinger/Sverige. Dette skulle òg føre til redusert risiko for ulykker på fv. 250 (gamal E16), og lokalvegen skulle også ha gang- og sykkelvegfunksjon.

Innkrevjinga med bomstasjonar på ny E16 og sidevegane fv. 250 og fv. 175 starta opp 27. april 2015. Ved innkrevjingsstart blei det innført ei mellombels fritaksordning i enten bomstasjonen på fv. 250 eller på fv. 175 for køyretøy tilhøyrande områda Fulu og Galterud. For desse har det til no ikkje vore bompengar inn til Kongsvinger sentrum. Etter at innkrevjinga starta opp, tok Samferdselsdepartementet initiativ til å innføre ei prøveordning med halv takst på sidevegane fv. 175 og fv. 250 for å redusere utgiftene til lokalbefolkninga. Føresetnaden var at prøveordninga skulle evaluerast etter eitt år. Lokale styresmakter slutta seg til prøveordninga, som blei innført 27. mars 2017.

I Statens vegvesens evaluering av prøveordninga etter eitt år med drift går det fram at halv takst på fv. 175 og fv. 250 har ført til uønskte endringar i trafikkfordelinga på vegnettet i området. Trafikken på ny E16 er redusert med om lag 1 300 kjt/døgn, medan den har auka på fv. 175/fv. 250 og gjennom Kongsvinger sentrum med om lag 1 500 kjt/døgn. Statens vegvesen viser til at dette gir lågare trafikktryggleik over tid. Lågare trafikk på ny firefelts E16 gir redusert nytte av investeringane og måloppnåing for utbygginga m.a. å lede trafikken utanom Kongsvinger sentrum.

Statens vegvesen har òg vurdert fritaksordninga for områda Fulu og Galterud. Samanlikna med andre bompengeprosjekt er prøveordninga kostbar å administrere og kan verke diskriminerande for dei som bur utanfor det definerte området. Dagens prøveordning med halv takst på sidevegane og fritak for dei som bor på Fulu og Galterud, inneber eit årleg inntektstap på om lag 15 mill. kr for bompengeselskapet. Dette inneber at innkrevjingstida for prosjektet aukar med i overkant av tre år.

På bakgrunn av resultata frå evalueringa har Statens vegvesen tilrådd at prøveordninga med halv takst på sidevegane og fritaket for dei som bor på Fulu og Galterud blir avvikla. Vegvesenet har vidare tilrådd å flytte bomstasjonen på fv. 250 ved Fulu til Øyset i tråd med det opphavelege bompengeopplegget i Prop. 104 S (2010–2011). Begge bomstasjonane gir da eit tett snitt mellom Fulu/Galterud og Kongsvinger, utan omkøyring via fv. 1952 (tidlegare fv. 296). For framleis å halde reiseutgiftene nede for lokalbefolkninga, har Statens vegvesen foreslått å innføre eit generelt passeringstak på 40 passeringar per månad i alle bomstasjonane.

Evalueringa av prøveordninga har vore til lokalpolitisk høyring hos Sør-Odal og Kongsvinger kommunar, og dåverande Hedmark og Akershus fylkeskommunar. Sør-Odal kommune ønskjer ei justert ordning med reduserte takstar berre for takstgruppe 1. Kongsvinger kommune ønskjer det same, men berre for bomstasjonen på fv. 175. Begge kommunane går inn for å behalde fritaket for områda Fulu og Galterud. Hedmark og Akershus fylkeskommunar er samde i tilrådinga om å avvikle prøveordninga med halv takst og fritaksordninga for områda Fulu og Galterud, og å flytte bomstasjonen på fv. 250 til Øyset.

Samferdselsdepartementet har merka seg Statens vegvesens konklusjon og tilråding i evalueringa, og legg avgjerande vekt på at begge dei involverte fylkeskommunane har bedt om at det blir utarbeidd eit bompengeopplegg i tråd med Prop. 104 S (2010–2011), og at bomstasjonen på fv. 250 blir flytta til Øyset der den opphaveleg var planlagt plassert. Det blir lagt til grunn at takstane kan vurderast etter gjeldande taktstretningslinjer etter eit år med nytt takst- og rabattopplegg. Trafikken er da kjend, og takstane kan tilpassast innkrevjingsperioden på 15 år. På denne bakgrunn foreslår Samferdselsdepartementet desse endringane i innkrevjingsopplegget samanlikna med Prop. 104 S (2010–2011) og Prop. 32 S (2014–2015):

  • Avvikling av prøveordninga med halv takst på fv. 175 og fv. 250

  • Flytting av bomstasjonen på fv. 250 ved Fulu til Øyset

  • Avvikling av den midlertidige fritaksordninga for områda Fulu og Galterud

  • Innføring av passeringstak på 40 passeringar per månad i alle bomstasjonar. Ein føresetnad for innføringa av eit passeringstak er at lånegarantistane samtykkjer til dette.