Prop. 95 S (2019–2020)

Nokre saker om luftfart, veg og post

Til innhaldsliste

4 Post

4.1 Blindeskriftsendingar

I statleg kjøp frå Posten Norge AS for 2020 inngår 9 mill. kr til gratis framsending av blindeskriftsendingar, jf. Prop. 1 S (2019–2020). Punktskriftsbøker blir i dag sende ut to og to hefter dagleg frå Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek. I snitt er det fem til seks slike sendingar for kvar bok. Frå 1. juli 2020 vil Posten Norge AS berre omdele postsendingar kvar annan dag. Samferdselsdepartementet har vurdert at det derfor vil vere ei betre løysing at punktskriftsbøker blir behandla som pakkar, og at staten kjøper pakketenester som gjer at punktskriftsbøker mv. blir leverte på døra til mottakaren. Dette er ei teneste med fleire moglege tilbydarar. Departementet vil derfor lyse ut ein konkurranse om oppdraget og tek sikte på at ordninga er på plass til 1. juli.