Prop. 97 S (2020–2021)

Bygging av Stad skipstunnel

Til innhaldsliste

2 Gjeldande situasjon og beskriving av prosjektet

2.1 Gjeldande situasjon

Bakgrunnen for prosjektet Stad skipstunnel er dei spesielle seglingsforholda rundt Stad. Stadhalvøya ligg i Vestland fylkeskommune, på grensa mot Møre og Romsdal. Stadhavet er ein barriere for skipstrafikken i området. Det er eit av dei mest vêrutsette og krevjande farvatna langs norskekysten. Kråkenes fyr, som ligg like sør for Stad, er den meteorologiske vêrstasjonen langs norskekysten som har flest stormdøgn. Kombinasjonen av mykje vind, havstraumar og undersjøisk topografi i området skaper store, uføreseielege bølgjer og krevjande seglingsforhold. Under dårlege vêrforhold bruker fartøy fleire gongar så lang tid på å passere Stad som under gode vêrforhold. Ikkje sjeldan må fartøy vente med å passere Stad. Ulykkesrisikoen er òg høgare enn på andre kyststrekningar, i tillegg til at stor sjøgang ofte gir skadar på utstyr og last.

2.2 Beskriving av prosjektet

Stad skipstunnel skal byggjast i Stad kommune på den smalaste delen av Stadhalvøya, mellom Moldefjorden i vest og Kjødepollen i øst. Tunnelen vil ha ei lengd på 1 700 meter og vere dimensjonert for skip på storleik med hurtigruteskipet MS Midnatsol og ein (stor) ringnottrålar, dvs. seglingsbreidd 21,5 meter, seglingshøgd 33 meter og seglingsdjup 8 meter.

Målet med prosjektet er å betre framkoma og tryggleiken for sjøtransport som skal passere Stadlandet. Med god framkome meiner vi at skipstrafikken skal passere Stad i høve til planlagde tider og utan ventetid av betyding. God tryggleik inneber at risikoen for personskadar og tap av menneskeliv ikkje skal vere høgare enn gjennomsnittleg risiko langs norskekysten.

Prosjektet inneber òg å byggje ei gjennomgåande farlei i beskytta indre farvatn. Om lag 80 pst av den kystnære skipstrafikken kan segle gjennom tunnelen. Dette vil vere med på å leggje til rette for betre transporttenester for kystnære næringar, styrkje nærskipsfarten og overføre gods frå veg til sjø.