Prop. 97 S (2020–2021)

Bygging av Stad skipstunnel

Til innhaldsliste

4 Samfunnsøkonomisk analyse

I samband med kvalitetssikringa frå november 2020 er det utarbeidd ein oppdatert samfunnsøkonomisk analyse av dei prissette effektane. Denne viser at prosjektet er samfunnsøkonomisk ulønnsam, med ein prissett netto nytte på -2 350 mill. kroner. Noverdien av kostnadane utgjer 3 000 mill. kroner, medan nytteverdien er berekna til 650 mill. kroner.

Den talfesta nytteeffekten på 650 mill. kroner består av verdien av redusert reise-/ventetid (320 mill. kroner), redusert drivstoff/miljøutslepp (240 mill. kroner), nytt næringsareal (60 mill. kroner) og redusert ulykkesrisiko (30 mill. kroner).

Vidare er ikkje-prissette effektar vurdert i samband med konseptvalutgreiinga og kvalitetssikringa av denne frå 2012. Kystverket har oppdatert desse vurderingane i samband med gjennomgangen av prosjektet i 2019. Forventa positive nytteverknader som ikkje er prissett i den samfunnsøkonomiske analysen er auka turisme og reiseliv, auka tryggleiksfølelse og komfort, effektar for fiskerinæringa (mindre forseinkingar, mindre skadar og større leveringsområde) og effektar for annan næringsaktivitet (utvida arbeidsmarknadsregion og betre integrerte arbeidsmarknadar sør og nord for Stad). Stad skipstunnel kan òg føre til at enkeltaktørar vil transportere gods på sjø framfor veg. Det er likevel vurdert at skipstunnelen ikkje vil ha merkbar effekt på den samla godstransportmiddelfordelinga. Dei samla ikkje-prissette nytteeffektane er vurdert å ha relativt liten betyding samanlikna med dei talfesta nytteverknadene. Dei ikkje-prissette negative verknadene er vurdert til samla å ha middels betyding, og er knytte til kulturmiljø, naturressursar, nærmiljø, landskap og naturmangfald.