St.meld. nr. 06 (2004-2005)

Om verksemda til NSB AS for perioden 2004–2006

Til innhaldsliste

5 Avkastingskrav og utbytte

5.1 Generelt

Krav til avkasting og utbyttepolitikk er viktige styringsreiskapar i den samla eigaroppfølginga av eitkvart selskap. Dette gjeld og for staten som eigar av statlege selskap som til dømes NSB.

I denne samanhengen er det viktig å skilje mellom omgrepet avkasting som gir uttrykk for verdiskapninga i selskapet, og omgrepet utbytte som er den delen av overskotet som eigaren tek ut av selskapet. Avkastingskravet er eit uttrykk for den venta alternative avkastinga som eigaren kunne ha fått ved å investere kapitalen på ein annan måte med same risiko. Avkastingskravet er såleis eigaren si oppfatning av kva avkasting selskapet minimum bør ha på eigenkapitalen for at lønsemda blir vurdert som god nok. Utbyttepolitikken er dei langsiktige retningslinene for korleis overskotet i selskapet skal disponerast, dvs. kor mykje som skal utbetalast til eigaren og kor mykje som skal haldast attende i selskapet til bruk for investeringar, drift eller eigenkapitaloppbygging. For staten som eigar blir det lagt til grunn at utbyttepolitikken skal hjelpe til at verdiskapinga for staten på lang sikt blir størst mogeleg.

5.2 Avkastingskrav

5.2.1 Fastsetjing av avkastingskravet

Ved behandlinga av tidlegare stortingsmeldingar om verksemda til NSB er det lagt til grunn at staten skal nytte same prinsipp for fastsetjing av krav til avkasting på kapitalinteressene sine i NSB som private investorar ville ha gjort. Ei viktig grunngjeving for dette er at ulike avkastingskrav for likearta verksemder innan privat og offentleg sektor vil vere uheldig ut frå omsynet til konkurranse og effektiv ressursallokering. Dette prinsippet er vidareførd i denne stortingsmeldinga.

Ved behandlinga av St.meld. nr. 19 / Innst. S. nr. 138 (1998–1999) blei det for planperioden 1998–2001 fastsett eit avkastingskrav for NSB på 6,8 prosent etter skatt på bokførd verdi av eigenkapitalen. Avkastingskravet blei fastsett ved bruk av kapitalverdimodellen og reflekterer den avkastinga som over tid er naudsynt for å få tilførd kapital til verksemda. For å gi styret i NSB stabile og oversiktlege rammevilkår blei avkastingskravet ved behandlinga av St.meld. nr. 48 / Innst. S. nr. 328 (2000–2001) vidareførd for perioden 2001–2003. Nytt for perioden var likevel at NSB Gardermobanen AS (no Flytoget AS) var komen i operativ drift og avkastingskravet for konsernet blei justert for dette. Ved behandlinga av St.prp. nr. 52 / Innst. S. nr. 237 (1999–2000) og fastsetjinga av opningsbalansen til Flytoget AS, blei det for Flytoget AS lagt til grunn ei avkasting på 11,3 prosent. Vektinga med avkastingskravet for resten av NSB-konsernet på 6,8 prosent, gav eit krav til avkasting på 7,5 prosent for eit samla NSB-konsern. I St.meld. nr. 48 / Innst. S. nr. 328 (2000–2001) blei det vist til at NSB-konsernet i følgje styret ikkje ville vere i stand til å innfri avkastingskravet i løpet av planperioden 2001–2003. Styret meinte likevel at dersom omstillinga av selskapet lukkast, ville kravet kunne bli nådd frå og med 2005.

I arbeidet med denne stortingsmeldinga har DnB Markets på oppdrag frå Samferdselsdepartementet vurdert i kva grad det er grunnlag for å endre avkastingskravet som blei lagt til grunn i verdivurderinga i 2000. I følgje DnB Markets er dei viktigaste endringane sidan 2000 eit lågare rentenivå og ei lågare gjeld i konsernet. Dette trekkjer i retning av å redusere avkastingskravet. I perioden 2000–2003 har NSB fått tilførd netto 2 835 mill. kroner i ny eigenkapital. NSB har i same periode fått auka plikter i samband med venteløn og pensjon som staten tidlegare hadde ansvaret for. Ny eigenkapital vil alltid vere «dyrare» enn gjeld, fordi eigenkapitalinvestorar vil krevje auka avkasting som kompensasjon for den auka risikoen som investeringar i eigenkapital inneber. Premien for generell marknadsrisiko ligg i dag høgare enn for tre år sidan, og reflekterer auka uvisse i dagens aksjemarknad. Dette er faktorar som trekkjer i retning av å auke avkastingskravet. Avkastingskravet må og korrigerast for at eigarskapet til Flytoget AS er overførd frå NSB til staten. Med utgangspunkt i kapitalverdimodellen har departementet på denne bakgrunn fastsett avkastingskravet til 7,2 prosent etter skatt på bokførd verdi av eigenkapitalen.

Etter Samferdselsdepartementet si vurdering bør kravet til eigenkapitalavkasting liggje fast i ein periode på 3–5 år, med mindre det før den tid skjer vesentlege endringar i dei faktorane som påverkar kravet.

5.2.2 Oppnådd eigenkapitalavkasting i perioden 2000–2003

I figur 5.1 blir det gitt ei oversikt over eigenkapitalavkastinga i perioden 2000–2003. NSB sitt rekneskapsmessige tap har førd til negativ eigenkapitalavkasting i 2000 og 2001, og til eit nullresultat (0,1 prosent) i 2002. I 2003 hadde konsernet ei avkasting på eigenkapitalen på 2,5 prosent.

Figur 5.1 Avkasting på eigenkapital i prosent for perioden 2000–2003

Figur 5.1 Avkasting på eigenkapital i prosent for perioden 2000–2003

NSB driv ei verksemd med store kapitalbindingar i anleggsmiddel. I perioden 2000–2003 har NSB gjort store investeringar, særleg knytta til innkjøp av nytt togmateriell. Det er naturleg å vente låg avkasting i periodar med store investeringar, etterfølgd av stigande avkasting når resultatet av investeringane byrjar å få effekt. I samband med verdivurderinga av NSB-konsernet i 2000 var det rekna med at auka lønsemd og fallande investeringer ville auke avkastinga på innskoten kapital i åra frå og med 2005. Det er knytt uvisse til denne føresetnaden som ei følgje av at leveringa av nytt persontogmateriell er blitt vesentleg seinka i forhold til styret sine opphavlege planar. Dessutan har feil på togmateriell som er motteken resultert i at vinsten av nyinvesteringane fram til no ikkje har blitt realisert.

5.2.3 Venta avkasting i komande planperiode

For komande planperiode må det etter Samferdselsdepartementet si vurdering vere eit mål for NSB å få ei avkasting på den kapitalen som er investert i konsernet i samsvar med avkastingskravet som er fastsett for komande periode. For at NSB skal kunne oppnå ei avkasting på eigenkapitalen i samsvar med avkastingskravet er det i følgje styret ein vesentleg føresetnad at selskapet oppnår balanse mellom inntekter og kostnader særleg for tenester som fell inn under ordninga med statleg kjøp av persontransport med tog. Dagens inntekter frå togproduksjonen innanfor denne avtalen gir i dag ikkje lønsemd. Ein vesentleg føresetnad for at NSB skal kunne oppnå avkastingskravet er at avtalen om statleg kjøp av persontogtenester tek utgangspunkt i dagens inntekts- og kostnadsnivå knytta til togproduksjonen. Dei statlege kjøpsavtalane etter 2001 har ikkje gitt god nok kostnadsdekking for togproduksjonen.

Førebels samla øvre ramme til kjøp av persontransporttenester med jernbane tek utgangspunkt i at nivået på løyvinga i planperioden vil liggje på om lag same nivå som i dag, jf. omtale i kapittel 4.3.2. Med dette som utgangspunkt er det etter departementet si vurdering viktig at framtidige avtaler om kjøp av persontransporttenester blir utforma slik at dei medverkar til å auke effektiviteten og resultatbetringa i NSB. Ein vesentleg føresetnad i denne samanheng er at NSB blir gitt høve til å tilpasse togtilbodet til etterspurnaden. I dagens situasjon er det fastsette avkasningskravet i følgje styret ikkje oppnåeleg utan at NSB reduserer det kommersielle persontogtilbodet sitt. Dessutan må eit eventuelt sal av stasjonar, utleige av stasjonar og/eller andre ressursar i følgje styret skje på forretningsmessige vilkår.

5.3 Utbytte

Både for staten som eigar og for styret i NSB er det viktig å kunne leggje til grunn ein langsiktig og forpliktande utbyttepolitikk. Dette vil gi meir opplagde inntekter til staten og gjere det lettare for selskapet å planleggje i forhold til investerings- og lånebehovet både på kort og lang sikt. Ein bør berre foreta justeringar i utbyttepolitikken i løpet av planperioden dersom det skjer vesentlege endringar i dei føresetnadene som er lagde til grunn.

I St.meld. nr. 19 / Innst. S. nr. 138 (1998–1999) blei det formulert ein langsiktig utbyttepolitikk der 30 prosent av årsresultatet blei fastsett som ei øvre grense for utbyttet. For perioden 1999–2000 blei det lagt til grunn at det ikkje skulle takast ut utbytte frå selskapet og at eit eventuelt overskot skulle førast attende til selskapet til eigenkapitalfinansiering av nyinvesteringar. I St.meld. nr. 48 / Innst. S. nr. 328 (2000–2001) blei denne politikken vidareførd for perioden 2001–2003 som følgje av konsernet sine investeringsplanar i nytt persontogmateriell, eigenkapitalsituasjonen i konsernet og utviklinga i lønsemda i selskapet.

NSB står framleis overfor store utfordringar for å betre lønsemda i persontogdrifta og godstogdrifta i åra som kjem. Dette medfører at selskapet må gjennomføre ytterlegare kostnadseffektiviseringar og ha auka fokus på inntektene. Vidare står konsernet overfor ein stor økonomisk risiko i samband med at det blir opna for konkurranse i persontrafikken med tog. Med bakgrunn i NSB sin økonomiske situasjon og den auka risikoen i verksemda, legg styret til grunn at det førebels ikkje blir planlagd med utbytte frå NSB. I følgje styret vil konsernet frå slutten av planperiode 2004–2008, når gjennomføringa av konkurranseutsetjinga og konsekvensane for NSB er nærmare avklarde, kunne gi utbytte til eigar.

I følgje langtidsplanen til NSB for perioden 2004–2008 vil det årlege investeringsnivået bli redusert frå 1,9 mrd. kroner i 2004 til under 1 mrd. kroner i komande år. Bakgrunnen for denne reduksjonen er at det store investeringsprogrammet i persontogverksemda med innkjøp av nytt togmateriell blir venta fullførd i 2004. Samstundes har NSB pr. i dag oppnådd ein god nok eigenkapitaldel på 45 prosent. Dette gjev grunnlag for å vurdere endringar i utbyttepolitikken overfor selskapet. Regjeringa legg opp til å endre utbyttepolitikken på line med andre fristilde statlege verksemder der utbyttet blir sett lik innlånsrenta til staten multiplisert med eigenkapitalen, avgrensa oppover til ein viss prosentdel av årsresultatet etter skatt. Regjeringa vil kome nærmare attende til dette i budsjettet for 2006. Det blir lagt til grunn verdijustert eigenkapital (marknadsverdi). Pr. i dag ligg det føre berre bokførd eigenkapital, men Samferdselsdepartementet tek sikte på å gjennomføre ei ny verdivurdering av selskapet i samband med neste eigarmelding om NSB.

Den føreslåtte modellen vil etter Samferdselsdepartementet si meining gi ein utbyttepolitikk der utbyttet i større grad er uavhengig av resultata til NSB og kan gi meir sikre inntekter til staten. I tillegg blir selskapet gitt klare incentiv til å fokusere på lønsemda i verksemda.

Ved at utbyttet blir avgrensa oppover til ein viss prosentdel av årsresultatet etter skatt, vil det ikkje bli teke ut utbytte ved underskot. Etter Samferdselsdepartementet si vurdering inneber utbyttemodellen ei synleggjering og konkretisering av kapitalkostnadene slik at ein unngår binding av kapital som ikkje trengs i selskapet og inspirerer leiinga til å ta vare på kapitalen på ein bedriftsøkonomisk god måte. Utbyttepolitikken fungerer dermed som ein styringsmekanisme for leiinga til å drive selskapet effektivt og lønsamt. I tillegg til å fungere som eit styringsverktøy, tek modellen finansielle omsyn. Dersom selskapet får eit overskot vil det uavhengig av storleiken på dette, få behalde ein del av overskotet.

Uavhengig av dette bør det bli lagt opp til ei særskild vurdering av utbytte på eit eventuelt overskot som blir generert på bakgrunn av ekstraordinære disposisjonar i selskapet, jf. til dømes eit eventuelt sal av stasjonar til Jernbaneverket dersom dette blir aktuelt.

Til forsida