St.meld. nr. 10 (2001-2002)

Teknologirådet

Til innhaldsliste

3 Lokalisering og bemanning av sekretariatet

Teknologirådet leier i dag lokaler i Prinsens gate. Her er det samlokalisert med Bioteknologinemda og dei forskingsetiske komiteane. Langt på veg har disse komiteane same arbeidsmåte og oppgåver. Dei har halde felles konferansar. I Oslo ligg òg dei institusjonane som Teknologirådet skal tene. Regjeringa kan ikkje sjå at det skulle være naudsynt å flytte Teknologirådet, og meiner at Teknologirådet helst bør bli verande i Oslo, slik også Norges forskningsråd og Teknologirådet sjølv har foreslått.

I samanhang med at ansvaret for Teknologirådet blei overført til Nærings- og handelsdepartementet, tok ein fatt på ei ny vurdering av rådet sine oppgåver. Derfor var det òg naturleg å stansa prosessen med å tilsette leiar for sekretariatet. Såleis har Teknologirådet i dag ingen fast tilsette, men leier sekretariatshjelp frå Bioteknologinemnda og dei forskingsetiske komiteane. Prosessen med å tilsetje sekretariatsleiar og sekretær kan byrje straks Stortinget har handsama denne meldinga.

Til forsida