St.meld. nr. 10 (2001-2002)

Teknologirådet

Til innhaldsliste

4 Teknologivurdering og teknologisk framsyn

Teknologisk framsyn (technology foresight) kan definerast som eit systematisk forsøk på å studere framtida på lengre sikt når det gjeld forsking, teknologi, økonomi og samfunn. Hovudhensikta er å identifisere mogelege viktige teknologiar tidleg nok til å tilpasse både utviklinga og bruken av dei på ein god måte for samfunnet. Det er viktig både for styresmaktene, næringsliv og allmennheita at nye generiske teknologiar som vil kunne ha stor innverknad på samfunnet, økonomien og miljøet, blir identifisert så tidleg som mogeleg. Storbritannia, Nederland, Sverige, Finland, Tyskland, Australia, New Zealand og USA har vore aktive i dette arbeidet.

I samband med diskusjonen om Teknologirådet sine aktivitetar har spørsmålet om teknologisk framsyn kome opp. I Noreg har man ikkje gjennomført breie og systematiske foresight-utgreiingar, men satsa på studiar av enkeltnæringar som det marine, IKT og bioteknologi. Sjølv om ein kan byggje på internasjonale metodar og resultat, vil økt fokus på foresight på sikt krevje auka ressursar. Vidare er det ikkje utan vidare klart kor ansvaret for ein slik aktivitet bør leggjast. I si evaluering av Norges forskningsråd rår Technopolis at Forskningsrådet bør få denne oppgåva. Departementet meiner at før ein avgjer kva for organisasjon som bør utføre slike studiar, kan ordninga som er skissert i vedtektsendringane av 17. november 2000, setjast i verk. Ein bør no hauste nærare erfaringar med denne ordninga, som innanfor dei vedtekne budsjettrammer pålegg Teknologirådet å halde seg oppdatert på kva som skjer innan teknologivurdering og teknologisk framsyn internasjonalt.

Til forsida