St.meld. nr. 13 (2002-2003)

Om verksemda til Statens Husbank 2000-01

Til innhaldsliste

3 Nærmare om utviklingstrekk i verksemda til Husbanken

3.1 Innleiing

Husbanken skal gjennomføre regjeringas bustad- og bygningspolitikk målretta og effektivt. Banken skal fremje bygging av bustader med ein nøktern standard og god kvalitet. Banken forvaltar låne- og tilskotsordningar, fordeler bustønad og gir råd og rettleiing til kundane.

Husbanken gir lån og tilskot til bustadbygging, bygging av barnehagar og studentbustader, bustadfornying, bustadetablering, omsorgsbustader og sjukeheimar. Desse verkemidla nyttar Husbanken for å nå dei bustadpolitiske måla til regjeringa. Delmåla er utleia frå hovudmålet i bustadpolitikken om at alle skal kunne disponera ein god bustad i eit godt bumiljø. Delmåla er:

  1. God bustaddekning og ein godt fungerande bustad- og byggjemarknad

  2. God bustadfordeling

  3. Butryggleik

  4. Gode bustader, god byggkvalitet og godt bumiljø

  5. Ei funksjonell og rettferdig organisering av eige- og leigeforholda

Målet om ei funksjonell og rettferdig organisering av eige- og leigeforholda blir teke vare på gjennom dei juridiske verkemidla i bustadpolitikken og er derfor ikkje omtala i denne meldinga. Tabell 3.1 viser dei viktigaste verkemidla til Husbanken i forhold til dei nemnde bustadpolitiske måla.

Tabell 3.1 Husbankens verkemiddel i forhold til dei bustadpolitiske måla 1999-2001

199920002001
God bustaddekning
Oppføringslån, talet på ordinære bustader med godkjenning8 5309 98911 307
Oppføringslån, gj.snittleg storleik på bustader som fekk lån (kvm)11010494
Lån til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, talet på bueiningar med tilsegn1 40231393
Tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, talet på bueiningar med tilsegn6 2856 2357 437
God bustadfordeling
Etableringslån, talet på tilsegn frå kommunane8 1158 15711 324
Kjøpslån, talet på bustader med godkjenning2 2882 1654 207
Bustadtilskot til etablering, talet på bustader med tilsegn1 4561 3881 550
Bustadtilskot til utleigebustader, talet på bustader med tilsegn1 1859011 045
Butryggleik
Bustønad, talet på hushald med stønad 1100 539103 482106 106
Gode bustader, god byggkvalitet og godt bumiljø
Oppføringslån, talet på bustader med tilleggskvalitetar6 7718 1628 332
Tilskot til bustadkvalitet, talet på bustader med tilsegn4 4524 8744 846
Utbetringslån, talet på bustader med tilsegn9 99915 01410 651
Bustadtilskot til utbetring, talet på saker med tilsegn frå kommunane5 6105 3625 157
Lån til barnehagar og skulefritidsordning, talet på plassar1 7301 7892 285
Tilskot til utvikling av bumiljø o.a., talet på prosjekt116137144

1 Ved hovudutbetaling for andre termin.

3.2 Rammevilkår for Husbanken 1998-2001

I 1996 blei verkemiddelapparatet i Husbanken lagt om. Rentestøtta for lån blei avskaffa, og midlane skulle i staden nyttast i form av målretta tilskot. Tabell 3.2 gir oversyn over dei viktigaste verkemidla som Husbanken disponerte i perioden 1998-2001.

Den sterke auken av oppstartingstilskot og kompensasjonstilskot viser at det har vore satsa sterkt på å byggje omsorgsbustader og sjukeheimar frå og med 1998. Vidare har samanslåinga av dei to bustønadsordningane ført til at bustønaden har auka etter måten mykje. I tillegg er det gjort stadige forbetringar i bustønadsordninga, mellom anna ved at ein for barnefamiliar har sløyfa finansieringskrav i private utleigebustader (2000) og heva buutgiftstaket (2001). Talet på stønadsmottakarar har stige jamt i 2000 og 2001. Bustadtilskot til etablering, utbetring og utleigebustader auka markert frå 2000 til 2001 for å gi rom for fleire bustader for unge og vanskelegstilte. Tilskot til byfornying og bustadkvalitet har gått ned frå det blei innført i 1996. Det er i første rekkje tilskot til byfornying som har gått ned, og det blir ikkje lenger gitt rammetilskot til større byfornyingsprosjekt.

Ein nærmare omtale av dei enkelte låne- og tilskotsordningane er gitt i punkt 3.3-3.6.

Tabell 3.2 Verkemedla til Husbanken. Rammer for aktivitetsnivå 1998-2001, mill. kr

1998199920002001
Tilskotsrammer i alt3 7664 1444 3195 427
Bustønad1 5071 5761 6231 796
Tilskot til byfornying og bustadkvalitet18017512592
Bustadtilskot til etablering, utbetring og utleigebustader434494489641
Tilskot til utvikling av bumiljø, bustadforvaltning og bustadpolitikk12235,431,629
Tilskot til organisasjonar for funksjonshemma28......
Oppstartingstilskot1 5351 5821 6172 142
Kompensasjonstilskot380282433727
Utlånsramme8 0009 00011 00013 000
Oppføringslån - nye bustader44 0794 1356 0366 771
Lån til omsorgsbustader o.a.89096328589
Utbetringslån6761 1681 7481 208
Etableringslån1 3731 6671 7302 340
Kjøpslån9861 0671 2012 592

1 Dette er den delen av løyvinga som Husbanken forvaltar. I tillegg forvaltar Kommunal- og regionaldepartementet ein mindre del av den samla løyvinga til føremålet.

2 Posten blei innlemma i tilskot til utvikling av bumiljø m.m. frå og med 1999.

3 Nytt tilskot i 1998.

4 Inklusive lån til barnehagar.

Systemet for fastsetjing av renta har også i 2000 gitt eit stabilt og relativt rimeleg rentenivå i Husbanken, men renta har stege noko i 2001. Særleg gjeld dette den flytande renta. Tabellen under viser utviklinga i rentesatsane i Husbanken i 2000 og 2001.

Tabell 3.3 Nominelle rentesatsar 2000-2001, prosent

ÅrKvartalFlytandeFast1
20001. kvartal6,36,3
2. kvartal6,06,6
3. kvartal6,06,7
4. kvartal6,47,0
20011. kvartal7,06,5
2. kvartal7,46,6
3. kvartal7,47,1
4. kvartal7,46,7

1 Gjeld rentesatsen ved utgangen av kvartalet.

Husbanken tilbyr kundane fleksible nedbetalingsordningar både når det gjeld betalingsform, nedbetalingstid og avdragsfri periode. Kundane kan velje mellom flytande rente, der renta blir regulert kvart kvartal, og eit tilbod om fem års fastrente. Fastrentetilbodet til nye kundar blir endra kvar månad.

Begge rentetypane blir fastsette på grunnlag av observasjonar i rentemarknaden i ein periode som blir avslutta tre månader før renta blir gjort gjeldande for flytande rente, og to månader før ho blir gjort gjeldande for fastrente. Slik kan låntakarane vite kva rente som vil gjelde, tre eller to månader på førehand. Dette har ført til at husbankrentene i dei to siste åra ikkje har stige til same tid og like sterkt som i rentemarknaden elles. Særleg viser den flytande renta eit klart etterslep i høve til utviklinga i den private rentemarknaden, jf. figuren nedanfor.

Figur 3.1 Utviklinga i husbankrenta og marknadsrenta på bustadlån 2000-2001

Figur 3.1 Utviklinga i husbankrenta og marknadsrenta på bustadlån 2000-2001

Kjelde: Kjelde: Husbanken og Cicero Informasjon

I revidert nasjonalbudsjett 2001 blei det informert om at renteseriane som har vore nytta, har vore nominelle renter og ikkje effektive renter, slik Stortinget la til grunn då systemet blei etablert. Årsaka til dette er at Noregs Bank i 1996 la om rentestatistikken utan å informere brukarane. Dette har ført til at Husbanken har prisa låna til kundar med flytande rente for lågt (i gjennomsnitt rundt 0,3 prosentpoeng), og at desse kundane har fått rimelegare lån enn det dei skulle hatt. Det same gjeld kundar i Lånekassa.

Dette har ikkje noko å seie for fleirtalet av kundane til Husbanken, fordi lån til fastrente har vore korrekt prisa heile tida.

3.3 God bustaddekning

Åra 2000 og 2001 var prega av ei sterk auke i bustadbygginga. Husbanken har medverka til denne utviklinga i form av lån og tilskot. Husbanken har i denne perioden i større grad enn før markerte seg når det gjeld oppføring av nye bustader i storbyane og andre pressområde. Eit anna kjenneteikn for perioden er den storstilte utbygginga av omsorgsbustader og sjukeheimsplassar under handlingsplan for eldreomsorgen.

3.3.1 Nye bustader

I 2000 blei det sett i gang bygging av 23 550 bustader. I same året har Husbanken godkjend oppføringslån til om lag 10 000 nye bustader og gitt tilsegn om oppstartingstilskot til godt og vel 3 500 nye omsorgsbustader. I 2001 var talet på igangsette bustader 25 300, og Husbanken godkjende oppføringslån til vel 11 300 nye bustader og gav tilsegn om oppstartingstilskot til om lag 3 300 nye omsorgsbustader.

Oppføringslånet spelar ei sentral rolle for å påverka til bustadbygging. Som bustadpolitisk verkemiddel skal oppføringslånet medverke til at det blir valt gode, samfunnsmessige og ressursøkonomisk fornuftige løysingar. Husbanken stimulerer både gjennom utmålinga av lån og ved ulike lånetillegg som skal stimulere til å ta omsyn til miljø og kvalitet.

Regjeringa ønskjer dessutan å nytte oppføringslånet fordelingspolitisk gjennom å få fram bustadprosjekt for unge og vanskelegstilte. Prosjekt for bustadlause, UNGBO-prosjekt og dessutan bustadløysingar for unge uføre, flyktningar og andre vanskelegstilte skal prioriterast. Samtidig skal dette verkemiddelet vere eit målretta verkemiddel i pressområda.

Husbanken skal også medverke til berekraftige prosjekt med god kvalitet og fremje god byggjeskikk. Det er framleis viktig for Husbanken å stimulere til bustadløysingar som legg vekt på god tilkomst og livsløpsstandard.

Større satsing på husbankfinansiering av nye bustader i pressområda har begynt å gi resultat. Talet på bustader som blei godkjende for oppføringslån i Oslo, gjekk opp frå 255 i 2000 til 1 745 i 2001. Nesten 1 200 av desse er studentbustader. Oslo var det fylket som hadde flest bustader godkjende av Husbanken i 2001.

Bustaddekninga i Noreg, rekna i talet på bustader pr. 1 000 innbyggjarar, er lågare enn i både Sverige, Danmark og Finland. Gjennomsnittleg bur det 2,5 personar pr. husstand i Noreg. I grannelanda våre er hushalda mindre. Ein vanleg konsekvens av vidare sentralisering er ei utvikling mot fleire og mindre hushald. Dette vil auke behovet for fleire nye i sentrale strøk av landet.

I tillegg til at oppføringslånet er med på å sikre bustaddekninga, legg staten til grunn at ordninga òg sikrar ei viss sosial fordeling. Statistikk frå Husbanken viser at over 2 100 bustader i 2001, eller nesten 20 prosent av bustadene med oppføringslån, gjekk direkte til behovsprøvde grupper. Denne prosentdelen er nesten fordobla samanlikna med året før. Majoriteten av desse bustadene er bustader til studentar og ungdom, men det er òg godkjent fleire bustader for funksjonshemma og flyktningar.

Som eit ledd i arbeidet med å nå målet om bustader med god kvalitet i gode bumiljø premierer Husbanken bustad- og miljøkvalitetar gjennom lånetillegg. Tillegga er differensierte etter typen kvalitet og kan generelt bli gitt til bustader med livsløpsstandard og dessutan til spesialtiltak for funksjonshemma, til områda helse, miljø og tryggleik, til heis i låghus og til utomhuskvalitetar og tiltak for betre trafikktryggleik. I 2001 fekk 74 prosent av bustadene med oppføringslån lånetillegg for ein eller fleire av desse kvalitetane. Det tilsvarande talet året før var 80 prosent.

3.3.2 Omsorgsbustader og sjukeheimsplassar

Husbanken løyvde i 2000 oppstartingstilskot til 6 235 bueiningar - fordelte med 3 385 omsorgsbustader og 2 699 sjukeheimsplassar. I tillegg blei det løyvd tilskot til 151 omsorgsbustader innafor opptrappingsplanen for psykisk helse. Resultatet låg på det same høge nivået som i 1999 (jf. tabell 3.1). I handlingsplanen for eldreomsorgen var målet sett til 5 800 bueiningar i 2000. Målet i eldreplanen for 2000 blei dermed nådd med solid margin. I tillegg skulle det løyvast oppstartingstilskot til 470 omsorgsbustader i samband med opptrappingsplanen for psykisk helse. Måloppnåinga i opptrappingsplanen for psykisk helse heng ein del etter, men nokre av omsorgsbustadene under eldreplanen blir nytta av menneske med psykiske lidingar.

Løyvingane av tilskot blei ytterlegare auka i 2001, og resultatet blei totalt 7 437 bueiningar fordelte med 2 888 omsorgsbustader og 4 131 sjukeheimsplassar. I tillegg blei det løyvd tilskot til 418 omsorgsbustader innafor opptrappingsplanen for psykisk helse. Det var fastsett følgjande resultatmål for omsorgsbustader og sjukeheimar: Oppstartingstilskotet skulle i 2001 medverke til å opprette og utbetre 8 240 omsorgsbustader og sjukeheimsplassar med godkjend kvalitet. Av dette måltalet var 440 omsorgsbustader knytte til handlingsplanen for psykisk helse. Talet har likevel auka med nesten 20 prosent samanlikna med året før. Det har vore ein større prosentdel sjukeheimsplassar enn tidlegare, og desse plassane belastar tilskotsramma meir enn omsorgsbustadene. Difor er måltalet i eldreplanen ikkje heilt nådd i 2001.

Nesten alle sjukeheimsromma som fekk tilskot i 2001, oppfylte Husbankens norm for privatareal. Denne kvalitetsnorma føreset at privatarealet er minimum 24 kvadratmeter. Kvaliteten på nye sjukeheimsplassar har blitt endå betre i forhold til det høge nivået i 2000, samtidig som kvaliteten på utbetra sjukeheimsplassar har blitt betre. Gjennomsnittleg privatareal var for sjukeheimar 27 kvadratmeter i 2001. Omsorgsbustadene hadde eit gjennomsnittleg privatareal på 53 kvadratmeter.

Dei gjennomsnittlege anleggskostnadene for omsorgsbustadene var rundt 1,25 mill. kr i 2001, mens dei gjennomsnittlege anleggskostnadene for bueiningane i sjukeheimar var om lag 1,4 mill. kr. Anleggskostnadene har for begge kategoriane auka med 9 prosent frå 2000 til 2001.

Ordninga med kompensasjonstilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, som kom i 1998, omfattar alle omsorgsbustader og sjukeheimar som har fått oppstartingstilskot etter 1. januar 1997. Dette tilskotet kompenserer for utgifter til renter og avdrag på lån til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar. Det maksimale utgreiingsgrunnlaget for kompensasjonstilskotet utgjorde 455 000 kr pr. sjukeheimsplass og 565 000 kr pr. omsorgsbustad i 2001. I 2001 blei det utbetalt om lag 735 mill. kr i kompensasjonstilskot. Ved utgangen av året var 16 100 bueiningar inne i ordninga. Dette fordeler seg på 11 200 omsorgsbustader og 4 900 sjukeheimsplassar.

Husbanken prioriterer no i svært liten grad å gi lån til omsorgsbustader og sjukeheimar. Frå 1998 har Husbanken oppmoda kommunane om å vende seg til andre finansinstitusjonar, mellom andre Kommunalbanken. I 2001 godkjende Husbanken søknader om lån til berre vel 90 bueiningar, mot 313 bueiningar i 2000.

3.4 God bustadfordeling

Ei av dei viktigaste bustadpolitiske oppgåvene for Husbanken er å oppnå ei god bustadfordeling gjennom å finansiere høvelege bustader til bustadlause og andre vanskelegstilte husstandar og å gjere det mogleg for dei å bli buande i desse bustadene. I gruppa «andre vanskelegstilte» er bl.a. funksjonshemma, sosialt vanskelegstilte, flyktningar, unge førstegangsetablerande, eldre og barnefamiliar med svak økonomi. Husbanken har i samarbeid med kommunane fleire ulike verkemiddel som gjer det mogeleg å setje saman finansieringspakkar av lån, tilskot og eventuelt bustønad tilpassa den evna husstanden har til å dekkje utgiftene sine til bustad og livsopphald.

Samarbeidet med kommunane byggjer i store trekk på den ansvars- og rollefordelinga for bustadpolitikken mellom stat og kommune som har vore tradisjon i Noreg. Kommunane har ansvar for å leggje til rette for at det blir bygd tilstrekkeleg med bustader, og har ansvar for bustadetablering for husstandar som treng hjelp på bustadmarknaden.

Husbanken har gjennom St.meld. nr. 49 (1997-98) Om boligetablering for unge og vanskeligstilte, fått ansvar for å stimulere kommunane til å utarbeide lokale bustadsosiale handlingsplanar og rettleie dei i arbeidet. Sjå nærmare omtale av dette prosjektet under kapittel 5.

Eit anna viktig tiltak for dei mest vanskelegstilte på bustadmarknaden er Prosjekt bustadlause. Bustadløysingar for bustadlause har fyrste prioritet innafor Husbanken sine låne- og tilskotsordningar.

3.4.1 Bustadtilskot til etablering og utleigebustader

Bustadtilskot til etablering er det verkemidlet som kan nyttast overfor dei som har størst behov for økonomisk hjelp. Bustadtilskotet blir gitt til etablering i eigen bustad, til tilpassing av bustad for eldre og funksjonshemma og til utleigebustader for dei same brukargruppene. Kommunane kan i tillegg nytte opp til 20 prosent av tilskotet dei får til å dekkje tap på etableringslån. Bustadtilskot til tilpassing er nærmare omtala under punkt 3.6.

Tilskot til utleigebustader blir normalt utmåla noko høgare enn for tilskot gitt til dømes til unge i etableringsfasen som skal etablere seg i eigen bustad, dvs med 30 prosent av kostnadene mot dei vanlege 20 prosent. Til funksjonshemma og særlig vanskelegstilte husstandar utgjer likevel tilskotet inntil 30 prosent av kostnadene ved etablering i eigen bustad. For utleigebustader i Oslo og andre område med tilsvarande kostnadsnivå kan tilskotsutmålinga bli høgare enn det som elles er vanleg.

I 2000 blei det gitt bustadtilskot til etablering og utleigebustader til 2 289 bustader. Tilsegnene utgjorde 489 mill. kr i 2000. Av dette blei 230 mill. kr fordelte til kommunane for tildeling vidare til enkeltpersonar. Av overføringane til kommunane var 150 mill. kr knytte til tilskot til etablering, mens 80 mill kroner var tilskot til tilpassing av bustader.

Bustadtilskot til etablering og utleigebustader blei i 2001 gitt til 2 595 bustader. Totalt utgjorde tilsegnene om bustadtilskot 641 mill. kr i 2001. Av dette blei 309 mill. kr fordelte til kommunane for tildeling vidare. Av overføringane til kommunane gjaldt 208 mill. kr tilskot til etablering og 101 mill. kr tilskot til tilpassing av bustad.

Husbanken gav i 2001 tilsegn om 332 mill. kr til bustadstilskot til etablering, mens det blei gitt tilsegn om 259 mill. kr i 2000 frå Husbanken. Det blei gitt tilskot til i alt 901 utleigebustader i 2000, mens det i 2001 blei gitt tilsegn om1 045 utleigebustader. Gjennomsnittleg fekk utleigebustadene 269 000 kr i tilskot i 2001, og dei kosta i gjennomsnitt 869 000 kr pr. bustad.

Utleigebustadene hadde høgare kostnader enn bustader med tilskot som blei gitt til enkeltpersonar. Det kjem i hovudsak av at enkeltpersonar har fått tilskot til å etablere seg i ein rimeleg bruktbustad. Finansieringa med tilskot er vist i figur 3.2.

Bustadlause var i 2001 ei ny målgruppe for bustadtilskotet. Sju utleigebustader (to bustader i Skedsmo og fem bustader i Alta) for bustadlause blei godkjende av Husbanken i 2001. I åra framover ventar ein at fleire bustadprosjekt blir sette i gang for denne gruppa.

Gjennomsnittleg inntekt for tilskotsmottakarane var vel 200 000 kr i 2001, mot om lag 185 000 kr i 2000.

Figur 3.2 Finansiering av bustader med bustadtilskot til etablering

Figur 3.2 Finansiering av bustader med bustadtilskot til etablering

3.4.2 Etableringslån og kjøpslån

I dei siste åra er det blitt sett auka fokus på bruk av etableringslån frå kommunane som bustadpolitisk verkemiddel. Føremålet med ordninga er å medverke til at husstandar med svak økonomi og/eller spesielle behov får høve til å skaffe seg nøkterne, men gode bustader.

Kommunane auka sine opptak av etableringslån med godt og vel 35 prosent frå 2000 til 2001, mellom anna som følgje av kampanjar som Husbanken har sett i gang overfor kommunane for å auke interessa for ordninga. Kommunane brukte 3 mrd. kr til etableringslån i 2001. Dette inkluderar både overførte midlar frå tidlegare år og tilbakebetalte midlar frå låntakarane. Over 11 300 husstandar - eller nærmare 40 prosent fleire husstandar - fekk tildelt etableringslån samanlikna med året før. Resultatet ligg godt innanfor målintervallet på 10 000-12 000 husstandar. Noko over halvparten av husstandane som fekk etableringslån i 2001 hadde ei inntekt på under 250 000 kr.

I 2001 sette kommunane totalt av 51 mill. kr av bustadtilskotsmidlane som blir tildelt for å dekkje eventuelle tap på utlåna sine. Ved utgangen av året hadde dei bygd opp eit samla tapsfond på over 195 mill. kr. I 2000 realiserte kommunane 2,6 mill. kr i tap på etableringslån. I 2001 var tapa på 4,2 mill. kr, dvs om lag det same som i 1999.

Kjøpslån skal medverke til at prioriterte målgrupper på bustadmarknaden kan få dekt behovet for gode og eigna bustader. Kjøpslån er behovsprøvde og blir gitt til funksjonshemma, psykisk utviklingshemma, flyktningar, vanskelegstilte, ungdom og eldre til kjøp av brukt heilårsbustad. Frå og med 2001 er det opna for at kjøpslån kan brukast til kjøp av andelar i eksisterande burettslag. Tidlegare har ordninga berre omfatta sjølveigarbustader.

Husstandar som fekk kjøpslån i 2000 hadde ein gjennomsnittleg husstandsinntekt på om lag 234 000 kr. Dette utgjorde rundt 65 prosent av gjennomsnittleg inntekt i Noreg det året. I 2001 var gjennomsnittsinntekta pr. husstand som fekk kjøpslån 262 000 kr, og dette utgjorde 69 prosent av gjennomsnittleg inntekt i Noreg. Auken i gjennomsnittsinntekta har truleg samanheng med at relativt fleire i gruppa unge førstegangsetablerande har fått kjøpslån. Denne gruppa utgjorde godt og vel 40 prosent av mottakarane i 2001, mot 34 prosent i 2000.

Det har vore vekst i talet på søknader om kjøpslån på om lag 50 prosent frå 2000 til 2001. At det har blitt mogleg å kjøpe andel i burettslag ved hjelp av denne typen lån, har nok vore med på å auke etterspurnaden. I tillegg er det no lettare for ungdom å få kjøpslån enn tidlegare. I 2001 har det ført til at det for fyrste gong blei fordelt meir kjøpslån enn etableringslån frå Husbanken, jf. tabell 3.4 nedanfor.

Prosentdelen av utlånsramma som er brukt til vanskelegstilte grupper, og fordeling på brukargrupper er vist i tabellane 3.4 og 3.5 nedanfor.

Tabell 3.4 Kjøpslån og etableringslån som andel av disponibel låneramme. 1998-1999, mill. kr og prosent

1998199920002001
Låneramme i alt i mill. kr8 0009 00011 00013 000
Del av ramma disponert (mill. kr)2 3602 7342 9314 932
Disponert til kjøpslån (mill. kr)9861 0671 2012 592
Disponert til etableringslån (mill. kr)1 3741 6671 7302 340
Prosentdel av ramma disponert29,5 %30,4 %26,6 %37,9 %
Prosentdel disponert til kjøpslån12,3 %11,9 %10,9 %19,9 %
Prosentdel disponert til etableringslån17,2 %18,5 %15,7 %18,0 %

Tabell 3.4 viser at kjøpslån og etableringslån utgjorde 38 prosent av utlånsramma i 2001. I høve til året før, då denne prosentdelen var 27, representerer dette ei markert vriding i bruken av utlånsramma til Husbanken i retning av meir bruk av behovsprøvde låneordningar. Det er spesielt kjøpslånet som har hatt ei sterk auke frå 10,9 prosent i 2000 til 19,9 prosent i 2001. Totalt blei det gitt behovsprøvde, personretta lån til kjøp av bustad for 4,9 mrd. kr i 2001. Saman med utbetringslånet har kjøps- og etableringslån hatt høgast prioritet ved stor etterspurnad etter lån.

Tabell 3.5 Godkjenning av kjøpslån og etableringslån fordelte på brukargrupper, talet på bustader

KjøpslånEtableringslån
2000200120002001
Talet på bustader i alt2 1654 2078 15711 324
- Ungdom7311 7203 7606 268
- Eldre56430477
- Funksjonshemma218271782859
- Personar med psykiske lidingar6371--
- Flyktningar97166467551
- Vanskelegstilte1 0511 9712 7183 169
- Bustadlause-2--
Gjennomsnittleg lån (kr)554 500609 600238 000265 000

Når ein samanliknar fordelinga på kjøps- og etableringslån, er det relativt fleire ungdom som får etableringslån. I 2001 utgjorde gruppa ungdom 55 prosent av husstandane som mottok etableringslån. Behovsprøvinga for denne ordninga er mindre streng samanlikna med kjøpslån. Målt i talet på bustader dominerer også etableringslånet. Dette er rimeleg når vi veit at lånet blir brukt til toppfinansiering.

Av tabell 3.5 ser vi at gjennomsnittslånet for kjøpslån er meir enn dobbelt så stort som for etableringslån. Dette er rimeleg når vi veit at kjøpslånet i hovudsak er grunnfinansiering, mens etableringslånet kan vere både grunn- og toppfinansiering.

3.5 Butryggleik

Bustønadsordninga er saman med bustadslovene eit sentralt verkemiddel for å nå målet om god butryggleik for alle.

Føremålet med ordninga er å medverke til at husstandar med låg inntekt og høge buutgifter skal kunne skaffe seg og/eller bli buande i nøkterne bustader. Bustønaden er i hovudsak retta mot eldre, trygda og barnefamiliar. Ordninga skal òg jamne ut inntektsskilnader mellom pensjonistgrupper som av forskjellige grunnar kjem på ulike nivå når det gjeld storleiken på buutgiftene. Bustønaden er såleis både eit bustadpolitisk og eit inntektspolitisk verkemiddel.

Bustønaden er ei behovsprøvd ordning, og for å motta bustønad blir det stilt krav til både husstanden og bustaden. Bustaden må vere ein sjølvstendig bustad som anten har eit lån i Husbanken frå før, er ein bustad i eit burettslag eller er ein utleigebustad som kommunen eller ei kommunal stifting eig. Husstandar med barn kan få bustønad i ein privatfinansiert leigebustad. Omsorgsbustad med lån i andre finansinstitusjonar og med tilskot frå Husbanken tilfredsstiller òg krava til bustad.

Tabell 3.6 viser kor mange husstandar som har motteke bustønad ved utbetaling andre termin i 2000 og 2001. Totalt tilkjend bustønad fordelte på husstandsgruppene viser kor mykje kvar enkelt husstandsgruppe har motteke i bustønad i løpet av denne terminen.

Det var 103 482 husstandar som mottok bustønad i andre termin i 2000. I 2001 var talet auka til 106 106 husstandar. Den gjennomsnittlege bustønaden pr. husstand pr. månad var 1 334 kr i 2000, og 1 426 kr i 2001. Dei totale godkjende buutgiftene til mottakaren var gjennomsnittleg 300 kr høgare pr. månad i 1999 enn dei var i 1998.

Buutgiftene utgjorde i gjennomsnitt 51 prosent av inntekta for bustønadsmottakarane i andre termin 2001. Ved hjelp av bustønaden blei buutgiftsandelen redusert til 32 prosent av inntekta i gjennomsnitt for bustønadsmottakarane.

Tabell 3.6 viser kor mange husstandar som har motteke bustønad ved utbetalingen av andre termin i 2000 og 2001.

Tabell 3.6 Talet på bustønadsmottakarar i andre termin i 2000 og 2001

Bustønadsmottakarar andre termin 2000Mill. kr utbetaltBustønadsmottakarar andre termin 2001Mill. kr utbetaltProsentvis endring frå 2000 til 2001
BustønadsmottakararTilkjent beløp
Resultat
Husstandar som mottek bustønad103 482552,4106 106605,22,7 %8,4 %
Buutgift i pst. av inntekt før bustønad50 %51 %
Buutgift i pst. av inntekt etter bustønad32 %32 %
Gj.snittleg inntekt pr. månad hos mottakarane7 2117 6105,5 %
Gj.snittleg godkjent buutgift pr. månad hos mottakarane3 6143 8646,9 %
Gj.snittleg bustønad pr. månad for mottakarane1 3341 4266,9 %
Hushald fordelte etter målgrupper
Uføre <65 år med barn3 14522,73 46026,710,0 %17,6 %
Uføre <65 år utan barn27 632144,829 720166,77,5 %15,1 %
Eldre enn 65 år / alderspensjonistar49 278227,748 673236,4-1,2 %3,8 %
Andre pensjonistar1 4248,51 4569,52,2 %11,8 %
Einslege forsørgjarar14 96698,315 457109,63,3 %11,5 %
Barnefamiliar elles4 57135,44 58638,40,3 %8,5 %
Andre med rett til stønad2 466152 75417,911,6 %19,3 %

3.6 Gode bustader, god byggkvalitet og godt bumiljø

I lys av måla om ei berekraftig samfunnsutvikling blir det i dag lagt større vekt på bustadkvalitet og miljøomsyn i bustad- og byggjesektoren. Det gjeld mellom anna tiltaket for å få til ein berekraftig byggjeskikk. Eit eksempel på berekraftig byggjeskikk er klimatilpassa bustader. Sterkare krav om energiøkonomisering er eit anna bustadretta tiltak. Likeleins er krava til inneklimaet skjerpa. Av den grunn blei ei ny tilskotsordning innført i 1999. Denne ordninga skal stimulere til tiltak som kan redusere radonnivået i bustader. Husbanken har frå 1. januar 2000 i tillegg overteke det statlege arbeidet med å fremje god byggjeskikk etter at Statens Byggeskikkutval blei avvikla. Husbanken har i tillegg fleire verkemiddel for å oppnå gode bustader, god byggkvalitet og eit godt bumiljø. Desse er omtala nedanfor.

3.6.1 Lånetillegg for god kvalitet

Oppføringslån frå Husbanken føreset ein oppfylt minstestandard for kvalitet. Det blir stilt krav til tomtetilpassing, lystilhøve og fordeling av areal. Lånetillegga skal stimulere til samfunnsgagnlege bustad- og miljøkvalitetar som ein reknar med ikkje blir høgt nok prioriterte av aktørane på bustadmarknaden. Dette gjeld tiltak som omfattar god tilkomst, helse, miljø og tryggleik og utomhuskvalitetar. I 2001 blei lånetillegga ytterlegare styrkte for i enno sterkare grad å vektleggje dei kvalitetane som tillegga skal medverke til. Lånet kan ut over dette supplerast med tilskot dersom krava for lånetillegg til tilkomst og utomhuskvalitet er oppfylte.

I 2001 blei det gitt tilsegn/prosjektgodkjenning til oppføring av 11 309 bustader som oppfylte kvalitetskrava til Husbanken, den såkalla minstestandarden. 74 prosent eller 8 332 bustader fekk i 2001 eitt eller fleire lånetillegg. I 2000 var talet 82 prosent.

3.6.2 Tilskot til bustadkvalitet

Intensjonen med tilskot til bustadkvalitet er å stimulere til god kvalitet ved oppføring av bustader og ved fornying av bustader og bumiljø i bymessige strøk. Tilskot til bustadkvalitet skal stimulere til samfunnsnyttige kvalitetar som marknaden åleine ikkje ville ha realisert.

Tilskotet blei i 2001 gitt til om lag 4 850 bustader eller litt færre enn i 2000. Flest tilskot, ca 43 prosent, blei gitt til tiltaket helse, miljø og tryggleik. Dette tilskotet var nytt frå 2000 og skal medverke til å redusere problem med innemiljø som kan gi helseplager, og dessutan redusere energikrevjande og dyr bustadoppvarming. Dernest følgde tilskot til fornying og fortetting, som i første rekkje er retta mot bymessige område og kan brukast til ulike fornyingstiltak.

Husbanken ønskjer å stimulere til bustader som kan brukast av alle i alle livsfasar. For at det skal kunne givast tilskot til god tilkomst, må det vere livsløpsstandard og i tillegg vere installert heis i låghus. Tilskot til god tilkomst blei i 2001 gitt til nær 1 000 bustader, mot om lag 750 bustader i 2000.

Bustader og bustadområde som er spesielt godt utforma, kan få tilskot til byggjeskikk. I nye bustadområde er det ein føresetnad at det er gitt lånetillegg for alle utomhuskvalitetane. I 2001 blei slikt tilskot gitt til 571 bustader.

Tilskot frå Husbanken til tilstandsvurdering av burettslag skal medverke til at store utbetringsarbeid blir gjorde i tide, og at bustad- og bumiljøtiltak òg blir baserte på ei samla vurdering av økonomi, miljø og teknisk tilstand. Tilskota blir gitt til burettslag og sameige med fleire enn ti bustader. Tilskota har i 2001 gått til å vurdere bygningar og fellesanlegg spreidde over heile landet. Tiltaka omfatta rundt 18 500 bustader, det vil seie 1 600 fleire bustader enn i 2000.

3.6.3 Tilskot til byfornying

Tilskot til byfornying skal medverke til å betre butilhøve og levekår i utsette område ved å stimulere til ei fornying og standardheving av bustader og uteareal som ikkje ville ha vorte gjennomført utan offentleg støtte. Tilskot til byfornying blei tidlegare gitt som rammetilskot til kommunane, men frå 2001 kan det berre gis tilskot til einskilde prosjekt. Tilskot til byfornying er primært retta inn mot storbyane Oslo, Bergen og Trondheim. Tilskotet skal nyttast til fornying av bustader og bumiljø i definerte byfornyingsområde slik at ein kan få god kvalitet med akseptable buutgifter.

I 2001 blei 13 prosjekt som omfatta 378 bustader, godkjende for tilskot. Tilsvarande blei det i 2000 gitt tilskot til 99 prosjekt med totalt 1 930 bustader.

3.6.4 Tilskot til radonførebyggjande tiltak

Tilskot til radonførebyggjande tiltak blei innført i 1999, jf. oppfølging av Nasjonal kreftplan. Tilskotsordninga skal stimulere tiltak som kan gi sunnare forhold i bustader der radonnivået ligg over ein viss grenseverdi. Løyvinga i 2001 var på 6,5 mill. kr. I 2001 blei det gitt tilskot til 141 bustader, mot 195 i 2000.

3.6.5 Tilskot til tilpassing av bustad

Tilskota blir fordelte av kommunane og skal medverke til at eldre og funksjonshemma kan få ein bustad som er tilpassa rørslevanskar eller funksjonshemming. Tilskota blir i hovudsak etterspurde av eldre som vil tilpasse bustaden for å kunne bli buande heime.

Tabell 3.7 Nøkkeltal for tilskot til tilpassing av bustader

20002001
Fordelt av kommunane (mill. kr)71,081,4
Avsett til tap på etableringslån (mill. kr)8,615,0
Behandla søknader (bustader)6 9376 477
Løyvde tilskot (bustader)5 3625 157
Gjennomsnittleg tilskot pr. bustad (kr)13 24015 780

3.6.6 Tilskot til utviklingav bumiljø, bustadforvaltning og bustadpolitikk

Tilskotet skal medverke til å nå overordna mål i bustadpolitikken og stimulere til utvikling av kommunal bustadpolitikk og lokale handlingsplanar for bustadetablering. Totalt blei det i 2001 gitt 29 mill. kr i tilskot til 144 ulike prosjekt, mot 27,2 mill. kr og 137 prosjekt i 2000.

Husbanken har i større grad retta søkjelyset mot dei aktørane som legg føringar for utvikling av gode bustader i eit godt bumiljø. Husbanken har samarbeidd aktivt med kommunar, bransjar og forskings- og utdanningsinstitusjonar om konkrete prosjekt:

Planlegging og lokalsamfunnsutvikling

Viktige føringar for utforming av gode bustader, bumiljø og lokalsamfunn blir i stor grad fastlagde gjennom kommunal planlegging. Det same gjeld sikring av god bustadfordeling - der vanskelegstilte blir prioritert.

Bransje

Bransjen, medrekna bustadsamvirket, vil påverke kva som blir rekna for å vere mogeleg når det gjeld korleis ein skal utforme bustader, bygg og gode bumiljø gjennom bruk av produkta sine, kompetansen og dei tradisjonane ein sit inne med.

Forsking

Forsking er ein viktig premissleverandør når det gjeld å finne fram til gode strategiar og mål innanfor bustad- og byggjepolitikken. Det same gjeld for å utvikle nye og betre produkt.

Utdanning

Utdanningsinstitusjonane påverkar fagleg og gjennom sine haldningar yrkesgrupper i offentleg og privat sektor. Den kunnskapen studentane har, vil vere eit viktig grunnlag i utviklinga av gode bustader og eit godt bumiljø.

Tilskot til utviklings- og informasjonsarbeid skal primært gå til prosjekt der føremålet er å utvikle ny kunnskap og nye produkt som er relevante for aktørar på bustadmarknaden. Ny kunnskap er òg eit nødvendig grunnlag for å utvikle nye verkemiddel og arbeidsformer i Husbanken.

Resultatmåla for tilskot til utviklings- og informasjonsarbeid har vore å:

  • medverke til å utvikle kommunale bustadstrategiar og lokale handlingsplanar for bustadetablering

  • medverke til å utvikle kunnskap/kompetanse knytt til bustad- og miljøspørsmål

  • medverke til informasjon og formidling av kunnskap og kompetanse.

Tabell 3.8 Nøkkeltal for tilskot til utvikling av bumiljø, bustadforvaltning og bustadpolitikk

20002001
Talet på prosjektBeløp 1 000 krTalet på prosjektBeløp 1 000 kr
Prosjekt til utvikling av bumiljø m.m. (totalt)13727 21514429 009
Etter søkjartype:
- Kommunar637 389676 176
- Bustadsamvirket92 26161 155
- Forskingsinstitusjonar224 950184 281
- Universitet og høgskular86095620
- Organisasjonar207 5512710 327
- Andre154 455216 450
Etter innsatsområde:
- Utvikling av kommunal bustadpolitikk og bustadplanlegging618 9397611 854
- Utvikling av kunnskap og kompetanse om spørsmål knytte til bustad- og miljøspørsmål519 914377 979
- Informasjon og formidling av kunnskap og kompetanse258 362319 176

3.6.7 Utbetringslån

Utbetringslån skal medverke til å stimulere til gode bustader og gode bumiljø innafor den eksisterande bustadmassen. Lånet skal òg leggje til rette for bustadbasert omsorg og tene sosiale og kulturhistoriske føremål. Låneramma til utbetringslån er fordelt på personretta lån til einskildpersonar og prosjektretta lån til bustad- og miljøtiltak og byfornying.

Interessa for utbetringslån var stor både i 2000 og 2001. Talet på godtekne søknader gjekk ned i 2001. Dette kom av at det ved utgangen av 1999 var mange som venta på midlar og som ikkje fekk tilsegn før i 2000.

Kommunane har i 2001 ytt etableringslån til utbetring av 775 bustader.

Tabell 3.9 Nøkkeltal for utbetringslån

Utbetringslån totalt20002001
Tilsegn (mill. kr)1 7291 179
Utbetalt beløp (mill. kr)1 2121 123
Mottekne søknader (bustader)11 22512 687
Godtekne søknader (bustader)15 01410 651
Søknader under behandling pr. 31.12. (bustader)3 2703 966
Bumiljøtiltak
Tilsegn (mill. kr)1 279,8717,7
Godtekne søknader (bustader)11 6636 600
Byfornying
Tilsegn (mill. kr)120,8141,8
Godtekne søknader (bustader)1 5071 838
Sosialt grunnlag
Tilsegn (mill. kr)232,0209,1
Godtekne søknader (bustader)9091 391
Enøk
Tilsegn (mill. kr)68,082,7
Godtekne søknader (bustader)849698
Antikvarisk grunnlag
Tilsegn (mill. kr)28,627,5
Godtekne søknader (bustader)86124

3.6.8 Lån til barnehagar og skulefritidsordning

Føremålet med låneordninga er å dekkje behovet for gode barnehagar og skulefritidsordningar. I 2000 og 2001 auka aktiviteten i forhold til åra før. I 2000 fekk 1 789 plassar tilsegn om lån for 152 mill. kr, og i 2001 fekk 2 285 plassar tilsegn om lån for 224 mill. kr.

3.7 Låneforvaltning

3.7.1 Samla utlånsmasse

Husbanken utbetalte 9,1 mrd. kr i nye lån i 2000 og 11,2 mrd. kr i 2001. Auken kjem i hovudsak av auka lånerammer, at det blir gitt relativt fleire lånetilsegner og at utbetalinga av nye lån har vore større enn innbetalinga av ordinære og ekstraordinære avdrag frå lånekundane i Husbanken.

Avdraga utgjorde 5,7 mrd. kr i 2001 mot 5,1 mrd. kr i 2000. Høg etterspurnad etter låneordningane og relativt gunstige rentevilkår har ført til at utlånsmassen har auka dei siste åra og no er oppe på same nivået som tidleg i 1990-åra.

Fleirtalet av kundane i Husbanken har bunde lånet til fast rente. Ved utgangen av 2001 var 70 prosent av låna bundne i fastrentekontraktar. Målt som del av den uteståande lånemassen utgjorde dette 79 prosent.

Figur 3.3 Uteståande renteberande lån 1985-2001

Figur 3.3 Uteståande renteberande lån 1985-2001

Figur 3.4 Mottatte avdrag og utbetalingar av nye lån 1994-2001

Figur 3.4 Mottatte avdrag og utbetalingar av nye lån 1994-2001

3.7.2 Renteutgiftene blir sett lik renteinntektene

Renteutgiftene til Husbanken blir rekna ut slik at banken betaler renter til staten tilsvarande det full rentebelastning av alle lån utgjer, sjølv om visse lån som tidlegare er gitt på særsvilkår framleis har eitt prosentpoeng lågare rente, og sjølv om tidlegare gitte utleigelån blei gitt med 10 års rente- og avdragsfritak. Rentestønaden utgjer differansen mellom full rentebelastning og det beløpet Husbanken faktisk får inn i renter frå kundane. Det blir ikkje lenger gitt rentestønad til nye lån, slik at rentestønaden berre omfattar eldre lån på overgangsordningar. Rentestønaden var på 77,3 mill. kr i 2000 og 68,8 mill. kr i 2001.

Etter omlegginga av rentesystemet i Husbanken i 1996 har flytande og fast rente vore fastsette på grunnlag av observasjonar i rentemarknaden. Den flytande renta er knytt til renta på statssertifikat med inntil tre månaders attståande løpetid. Den faste renta i Husbanken er knytt til statsobligasjonar med inntil 5 års attståande løpetid. I tillegg legges det til ein rentemargin på 0,5 prosentpoeng.

3.7.3 Innlån

Stortinget fastset lånerammene for Husbanken i statsbudsjettet. Låneramma for 2000 var 11 mrd. kr. For 2001 var låneramma 13 mrd. kr. Det var nødvendig å låne inn 9 mrd. i 2000 og 11 mrd. kr i 2001 for å dekkje utlånet. Husbanken dekkjer utlånsverksemda ved trekkfullmakt i Noregs Bank. Utbetalingane av oppføringslånet skjer kvart år på grunnlag av tilsegner som er gitt tidlegare år. Samla utbetalt beløp avvik derfor noko frå låneramma for same året.

3.7.4 Bustadpolitiske omsyn ved forvaltninga av låna

Også i forvaltinga av låna tek Husbanken bustadpolitiske omsyn gjennom å vise fleksibilitet og gi råd i situasjonar med misleghald. Ved å freiste å unngå tvangssal gjer banken sitt for å få tapa så låge som mogleg, samtidig som dette òg medverkar til å oppfylle målet om butryggleik.

3.7.5 Misleghald

Misleghaldet har stabilisert seg på eit lågt nivå. Ved slutten av 2000 var 1,78 prosent av den samla utlånsporteføljen mislegholdt, mot 1,77 prosent året før. Det misleghaldne beløpet var 88 mill. kr i 2000 og 97 mill. kr i 2001.

Tabell 3.10 Nøkkeltal, misleghald

20002001
Talet på misleghaldne lån3 2213 276
Prosent misleghald1,77%1,78%
Beløp (mill. kr)8897
Restgjeld totalt (mill. kr)1 6011 709
Talet på krav om tvangssal1 0971 017
Talet på gjennomførte tvangssal104118

3.7.6 Tap

Ved utgangen av 2001 hadde Husbanken bokført eit samla bruttotap på 17,8 mill. kr, mot 21,3 mill. kr i 2000. Tapa er fordelte med 17,1 mill. kr på personlege låntakarar og 0,7 mill. kr på ikkje-personlege låntakarar.

Sjølv om bruttotapa - samla tap eksklusive tilbakeføringar - har gått ned i 2001, har nettotapa - samla tap inklusive tilbakeføringar- auka, jf. tabell 3.11. Årsaka er i første rekkje ei særskilt tilbakeføring i 2000 på 9,3 mill. kr i samband med ei spesifisert tapsavsetjing for pådregne renter som gjaldt overtekne pant.

Tabell 3.11 Nøkkeltal, tap, mill. kr

20002001
Brutto tap21,317,8
- Personlege låntakarar21,117,1
- Ikkje-personlege låntakarar0,20,7
Tilbakeføringar på tidlegare tap9,35,5
Netto tap12,012,3

Tabell 3.12 Låneengasjement, mill. kr

20002001
Uteståande lån90 32196 052
Samla innlån90 71396 232
Utbetalte lån9 00511 205
Avdrag5 0635 438
Renteinntekter4 8185 415
Renteutgifter4 8955 484
Rentestøtte7769

3.8 Klage på vedtak om lån og tilskot

Klagenemnda for Den Norske Stats Husbank blei etablert ved forskrift fastsatt av Kommunaldepartementet 14. september 1992 med heimel i husbanklova. Nemnda er ein uavhengig klageinstans for vedtak om lån og tilskot gitt av Husbanken.

Klagenemnda behandla i 2000 132 saker, av desse blei 99 endeleg avgjort av nemnda. Syv fekk medhald i klagen. Av samlege saker som kom inn i Husbanken i 2000, utgjer klagene 1,25 prosent.

I 2001 behandla nemnda 200 saker, der 179 saker blei endeleg avgjort av nemnda. Fem fekk medhald av nemnda. Av samlege saker som kom inn i Husbanken i 2001, utgjer klagene 1,4 prosent.

Klage på avslag om kjøpslån utgjorde fleirtalet av Klagenemnda sine saker både i 2000 og 2001.

3.9 Administrasjon

3.9.1 Organisering

Husbanken fekk ny administrerande direktør i juni 2001. Om hausten blei det ved hovudkontoret gjennomført fleire administrative og organisatoriske endringar. Føremålet med endringane var å få til ein meir effektiv og fleksibel organisasjon. Det er innført ei strategisk, funksjonsdelt leiing der mellom anna avdelingsnivået i organisasjonen er fjerna. Skiljet mellom den strategiske leiinga eller hovudleiinga og operativ leiing medfører i stor grad delegering av driftsansvar og fullmakter til dei operative einingane eller seksjonane ved hovudkontoret.

Husbanken hadde i 2001 ansvaret for den administrative støtta i samband med etableringa av Husleigetvistutvalet i Oslo som er ei verksemd under Kommunal- og regionaldepartementet. Denne støtta har etter kvart kome inn i rutinebundne former, og omfattar mellom anna It-støtte, arkiv- og rekneskapsstøtte osv.

I 2001 starta prosessen med å flytte delar av regionkontor Sør, dvs. regionen Aust-Agder, Vest-Agder og Telemark, til Arendal. Det er lagt opp til at dette kontoret skal byggjast ut til eit fullverdig regionkontor - på lik linje med alle andre regionkontor - frå 1. juni 2003. Når det gjeld fylka Vestfold og Buskerud, arbeider Husbanken med å finne ei høveleg plassering av desse.

Lov av 1. mars 1946 nr. 3 om Den Norske Stats Husbank blei endra i høve til vedtak i Stortinget av 31. oktober 2000. Endringane tredde i kraft 1. mars 2001, og gjaldt i hovudsak endring i styresamansetning og kompetanse til å oppnemne styremedlemmar, og at Kontrollkomiteen for Husbanken blei avvikla.

Tabell 3.13 Nøkkeltal for administrasjonen

20002001
Talet på årsverk340365
Forbruk (mill. kr)218,7237,5
- Løn122,1133
- Varer og tenester92,599,9
- Store edb-innkjøp4,14,6

3.9.2 Servicefråsegner og driftsmål

I år 2000 introduserte Husbanken servicefråsegner. I desse fråsegnene blei det sett klare mål for kva kundane kan vente av saksbehandlingstid frå Husbanken si side. Servicefråsegner og driftsmål skal gjere kundane i Husbanken sikre på at dei kan vente god service.

Måla i servicefråsegna og for drifta er i stor grad nådde, så nær som for utbetalingar og for behandlinga av søknader om kjøpslån. Det har vore arbeidd med å endre rutinane for utbetalingar, og nye rutinar er introduserte lokalt, m.a. ved regionkontoret i Trondheim. Når det gjeld kjøpslån, har det vore ein markert auke i søknadsmengda. Det er gjort ein stor innsats for å kome à jour med søknadsmengda.

Husbanken har driftsmål for forvaltninga av bustønaden, låneforvaltinga og rekneskapsrutinane. Når det gjeld bustønaden, blei driftsmåla oppfylte gjennom heile 2001 bortsett frå klagebehandlinga. Talet på klager som ikkje var behandla ved åsskiftet 2000/2001 var 1600. Husbanken kom etter ein stor ekstrainnsats à jour med klagerestansane i løpet av andre halvår 2001 slik at det ved årsskiftet 2001/2002 ikkje var restansar på klager på bustønad. For låneforvaltinga og for rekneskap har Husbanken gjennom 2001 vore à jour i høve til dei driftsmåla som er sette opp.

I ei storkundeundersøking som blei gjort i oktober 2001 fekk utbyggjarar, kommunar, bustadbyggjelag, burettslag og fleire høve til å uttale seg om servicenivået i Husbanken. 88 prosent var anten nøgde eller svært nøgde, og 96 prosent sa at dei ville bruke Husbanken i framtidige prosjekt. 93 prosent av personkundane vurderte servicen som bra eller veldig bra.

3.9.3 Likestilling

Prosentdelen av kvinner i leiarstillingar i Husbanken er 38 prosent ved utgangen av 2001. I denne samanheng kan nemnast at eit prosjekt i regi av Arbeids- og administrasjonsdepartementet «Kvinner, kvalitet og kompetanse» har som mål å få 30 prosent kvinner i statlege leiarstillingar innan utgangen av 2001. I følgje «Likestillingsbarometeret» var det 29 prosent kvinnelege leiarar i statlege verksemder i 2001.

3.9.4 It-utviklinga og Open Husbank

Informasjonsteknologien i Husbanken har utvikla seg sterkt frå år til år og har i stor grad medverka til at Husbanken kan ta seg av dei bustadpolitiske oppgåvene på ein effektiv måte. It-verktøya til banken er heilt avgjerande for all verksemd når det gjeld både kundebehandling, informasjon og rapportering. Ein ny strategiplan for It-verksemda blei ferdig tidleg i 2001.

Satsing på Open Husbank har vore sterkt i fokus. Utfordringa for Husbanken, slik ho er nedfelt i Husbanken sin It-strategiplan for 2001-2004, er å utvikle og leggje til rette for:

  • elektronisk saksbehandling med bruk av elektronisk informasjon og kommunikasjon

  • interaktive tenester over Internett retta inn mot lånekundar og samarbeidspartnarar

  • vidareutvikling av bruk av Internett som reiskap for informasjonsformidling

  • utvikling av nye former for dialog og samarbeid med kommunane via Internett

  • elektronisk rapportering

Informasjonsformidlinga via Internett blir stadig viktigare for banken, og talet på publiserte dokument har stige ganske mykje. Det er utvikla rettleiarar i nettversjon for kjøp og bygging av bustad. Informasjon og rettleiing rundt bustadsosiale handlingsplanar og bustadlause prosjektet er lagd ut. Publiseringa av statistikk er utvida. Det er utvikla ein kommunedatabase som inneheld statistikk over befolkning, buforhold og Husbanken sine ordningar. For byggjebransjen er det etablert ei ordning med elektroniske nyheitsbrev.

Strategien er nedfelt i utviklingsprogrammet «Open Husbank», som skal leggje til rette for auka service og open halding i alle ledd som gjeld søknadsbehandling og administrasjon. Dei viktigaste elementa ved dette programmet er:

  • nettbanktenester for kundane

  • informasjonsbank på nettet

  • elektronisk, papirlaus søknadsbehandling

Dei nye tenestene i Open Husbank vil i hovudsak bli utvikla med webgrensesnitt. Husbanken har i dag avgrensa kompetanse på webbasert programutvikling. Eit webbasert utviklingsmiljø må byggjast opp. Ein kombinasjon av opplæring av eigne tilsette, nyrekruttering og ekstern hjelp er nødvendig.

Til forsida