St.meld. nr. 13 (2002-2003)

Om verksemda til Statens Husbank 2000-01

Til innhaldsliste

4 Nærmare om prosjektkonkurransar

4.1 Føremålet med konkurransane

Fleire rimelege butilbod til vanskelegstilte grupper er ei høgt prioritert oppgåve for Husbanken. Prosjektkonkurransane som Husbanken har vore initiativtakar til, er eit av verkemidla for å oppnå denne målsettinga. Konkurransane er spesielt retta mot utleigebustader for ungdom og vanskelegstilte, bustader for flyktningar, i tillegg til miljøvennlege bustadområde.

Prosjektkonkurransane skal stimulere og leggje til rette for ein meir aktiv bustad-politikk i kommunane. Husbanken bidreg til dette ved å gi økonomisk stønad til konkurransane, presentere sine tilskots- og låneordningar og tilby sin faglege kompetanse.

Prisen og talet på bustader i prosjektkonkurransane er låst, og konkurranseforma gjer slik synleg kva for bustadløysingar byggebransjen kan tilby innafor ei gitt prisramme. Målet har vore flest mogeleg bustader til ein pris som er fastsett på førehand, og i konkurransane blir kvalitet framheva som viktig. Dette til forskjell frå meir tradisjonelle anbods- og arkitektkonkurransar. Prosjektkonkurransane medverkar slik til å fremje kvalitetsbustader til vanskelegstilte grupper utan at det skal koste for mykje. Konkurransen har også ein prisdempande effekt i den lokale marknaden ved å medverke til at det blir bygd fleire rimelege bustader, noko som igjen aukar det samla bustadtilbodet.

Konkurransane er ein del av Husbanken sitt arbeid med å stimulere til nytenking i bustadsektoren. Gjennom konkurransane ønskjer Husbanken òg å føre entreprenørar og arkitektar saman ved at det blir stilt krav om at arkitekt skal nyttast ved utforming av bustadene. Vonleg vil dette føre til at den lokale byggjebransjen får større interesse for god kvalitet og god byggjeskikk.

4.2 Organisering og finansiering

Konkurransane er til vanleg lagt opp slik at det er den enkelte kommune som er ansvarleg for organiseringa og gjennomføringa av konkurransen. Kommunen avgjer kostnadsramma og andre vilkår som eigeform, klausulering, fleksibilitet i planløysing og liknande. Når vinnaren er kåra, vil kommunane på ny vurdere om dei ser seg tente med å fullføre det prosjektet som har vunne. Undervegs i prosessen kan Husbanken medverke med rettleiing og informasjon. Banken arrangerer dessutan oppstartsseminar og deltek i juryarbeidet.

Husbanken kan tilby økonomisk stønad til gjennomføring av konkurransen, til dømes prispengar, og gunstig finansiering om prosjektet blir realisert. Husbanken har òg ordinære tilskot som kan nyttast når ein vil premiere særs gode løysningar som gjeld miljøtiltak.

4.3 Kriterium for kvalitet og andre vilkår

I konkurranseprogramma oppfordrar Husbanken til eit framtidsperspektiv når det gjeld val av bustadtype, bustadstorleik og utforming. Funksjonskrava i Husbanken sin minstestandard skal være tilfredsstilt, og det har i dei fleste tilfella blitt stilt krav til at bustadene skal ha livsløpsstandard. Andre sentrale kvalitetsmål har vore høg kost- og nyttefaktor, god byggjeplan, gode planløysingar, god byggjeskikk og miljøvennlege løysningar. Kravet om gode utbyggingsplanar og arealeffektive bustader har stimulert utbyggjarar til å nytte seg av arkitektkompetanse. Ved regionkontoret til Husbanken i Trondheim har det i tillegg blitt fokusert på dynamiske bustader, det vil seie bustader som enkelt kan setjast saman eller delast opp slik at dei kan bli tilpassa forskjellige familiestorleikar. Prosjektkonkurransane ved regionkontor Aust har stilt krav om bruk av sivilarkitekt. Dette har ført til at det i prosjektforslaga har blitt større innslag av heilskapleg planlegging.

4.4 Prosjektkonkurransar satt i gang i 2001

I 2001 inviterte Husbanken til 11 prosjektkonkurransar. I 1999 blei det arrangert ein tilsvarande konkurranse, og i 2000 ble det arrangert to tilsvarande konkurransar.

Det blei i 2001 arrangert prosjektkonkurransar ved regionkontora Aust, Trondheim, Bergen og Bodø. Ved Aust blei det arrangert seks prosjektkonkurransar. Fire var retta mot utleigebustader for ungdom (80 bustader), ein mot utleigebustader for bustadlause (24 bustader) og ein mot utvikling av miljøvennlege bustadområde (19 tomter/einebustader). Det blei i alt tildelt 950 000 kr i premiepengar ved desse konkurransane.

Regionkontoret i Trondheim arrangerte to prosjektkonkurransar i 2001. Ein var retta mot utleigebustader for ungdom og ein mot låginnskotsbustader for ungdom. Det blei delt ut 140 000 kr i premiepengar ved desse to konkurransane.

Regionkontoret i Bodø arrangerte ein prosjektkonkurranse for utleigebustader tiltenkt ungdom og flyktningar som fekk arbeidstittelen «Best mulig for 530». Nokre av konkurransevilkåra var at bustaden ikkje skulle koste over 530 000 kr, gratis tomt skulle tildelast av kommunen, og ein lempa på kravet om minstestandard. Ein var ute etter ei viss fordeling mellom eitt- og toroms leilegheiter, og bustadane skulle vere gjennomgangsbustader. Ved dette prosjektet blei det delt ut 75 000 kr i premie.

Regionkontoret i Bergen arrangerte to prosjektkonkurransar, begge retta mot ungdom. Det er i alt planlagt å byggje 31 bueiningar. Eitt av prosjekta har fått tildelt gratis tomt av Bergen kommune. Stavanger kommune har subsidiert tomta til det andre prosjektet. Det er blitt delt ut om lag 75 000 og 100 000 kr i premiepengar.

4.5 Ferdigstilt prosjekt: Bondelia i Gjøvik

Våren 2000 arrangerte Gjøvik boligbyggelag og Husbanken ein prosjektkonkurranse om bygging av 50 bustader fordelt på 40 prosent fireroms og 30 prosent kvar på tre- og toroms leilegheiter. Minst 30 prosent av bustadane måtte oppfylle kravet om livsløpsstandard. Vidare måtte bustadene kvalifiserte for lånetillegg for helse, miljø og tryggleik. Plan for bygging og uteareal måtte oppfylle krava i Husbankens retningslinjer for gode uteareal og trafikktryggleik.

Det blei òg i invitasjonen til konkurransen nærmare presisert kva juryen ville vurdere i dei forslaga som blei levert inn. Her blei det mellom anna lagt vekt på plassering av husa i høve til kvarandre med omsyn til lys og uterom, korleis romplanen var og til dømes om det blei lagd opp til ein fleksibel bruk av romma. Byggeskikk og berekraft var òg sentrale stikkord. Bustadene skulle være moderne samtidig med at dei sto i forhold til eksisterande byggjetradisjon og volum. Her blei det vist til Gjøvik kommune sine retningslinjer for estetikk. Det skulle særskilt gjerast greie for energiøkonomiske løysingar, sunne materialar og godt inneklima samt at dei materialane som blei nytta kunne gå inn i ein livsløpssyklus på 100 år.

Målet var å få fram gode bustader som unge hadde mogelegheit for å etablere seg i. Ei tomt sør for Gjøvik blei stilt til disposisjon. Prisen var låst, og det blei konkurrert om kvalitet. Dei totale anleggskostnadene var rekna ut til å vere 46,7 mill. kr. Prosjektet blei tilkjent i alt 41,8 mill. kr i oppføringslån og 1 mill. kr i tilskot frå Husbanken. I tillegg blei det totalt innbetalt 4,7 mill. kr i innskot frå kjøparane. I 2001 var alle leilegheitene tekne i bruk. Husleiga strekkjer seg frå 4 800 kr til 7 200 kr pr. månad for leilegheiter på 54-89 kvadratmeter. Prosjektet er tilkjent ein relativ høg låneandel og eit relativt lågt tilskot. Styrken til prosjektet er først og fremst mykje kvalitet for pengane. Juryen la også vekt på det særeigne og spennande uttrykket ved bustadene, i tillegg til at husa tydeleg er tilpassa tomta og situasjonen. Sol og utsikt mot Mjøsa har tydeleg vore styrande for byggjeplanane.

4.6 Ferdigstilt prosjekt: Stange

I år 2000 inviterte Stange kommune og Husbanken til ein konkurranse om bygging av 50 leigebustader for 28 mill. kr i Bekkelaget. Stange kommune har no byggjeplanar for 51 nye ungdomsbustader. I september 2002 blei om lag halvparten av leilegheitene klare, mens dei siste er venta å bli ferdige i januar/februar 2003. Kriteriet for tildeling av bustadene er at ein må vere under 30 år ved innflytting. Fem bustader er tilrettelagde for funksjonshemma. Høgste butid er fem år.

Juryen for konkurransen bestod av tre representantar frå Stange kommune og to representantar frå Husbanken. Juryen vektla at det skulle nyttast robust materiale i bustadene og at dei skulle ha eit enkelt preg utan å verke «billege». Det blei lagt vekt på at husa ved si plassering skulle danne gode uterom. Målet var òg å lage effektive romløysingar som kunne fungere for både einslege og par med barn. Juryen la vekt på skikkeleg form og detaljering i forhold til utforminga av bustadene. Prosjektet skulle òg ta omsyn til den aktuelle tomtesituasjonen og miljøet rundt.

Leilegheitene blir bygd i eit tun med fire blokker med tre etasjar der det blir lagt vekt på eit triveleg bustadområde med mykje grønt og fellesareal, og med mogelegheit for leikeplass. Alle blokkene vil få eigne utandørs fellesareal. Det blir i alt 33 toroms- og 18 treroms leilegheiter. Alle leilegheitene vil ha kjøkken, stue, bad, soverom og bu. Bustadene varierer i storleik frå ca. 43 til 65 kvadratmeter. Leilegheitene i første etasje har privat utareal på bakkeplan, dei andre har balkongar. Husleiga varierer frå 3 800 kr for dei minste toroms leilegheitene til 4 900 kr for dei største treroms leilegheitene.

Prosjektet har fått tilsegn om 23,1 mill. kr i oppføringslån og 9,9 mill. kr i tilskot frå Husbanken. Den relativt høge andelen tilskot skuldast at dette er kommunale utleigebustader for vanskelegstilte.

4.7 Røynsler med prosjektkonkurransane

Husbankens røynsle er at ein ved slike konkurransar hentar ut den beste kvaliteten ein normalt kan få i det lokale marknaden til ein gitt pris. Marknaden for ungdomsbustader har vore prega av tilbod frå ferdighusprodusentar og andre som har laga ein prototype der kostnadane har vore det viktigaste. Premissar og retningslinjer for konkurransen har gitt nye og utradisjonelle løysingar der kravet til god kvalitet kunne kombinerast med låg pris.

Prosjektet på Gjøvik, som er det einaste prosjektet som er fullført, har vist at det er mogeleg å byggje billege og gode bustader utan store subsidiar. Det blei gitt 20 000 kr i tilskot til kvar bueining frå Husbanken. Dette er i samsvar med målsettinga om å fremje kvalitetsbustader til vanskelegstilte grupper utan at det skal koste for mykje.

Husbanken skal vere i framkant av bustadplanlegginga. Gjennom prosjektkonkurransar oppnår ein dialog om det enkelte prosjekt, og Husbanken kan då med sine kostnads- og kvalitetskrav vere med på å påverke utforminga av prosjekta i stor grad.

Til forsida