St.meld. nr. 13 (2005-2006)

Kredittmeldinga 2005

Til innhaldsliste

2 Finansiell stabilitet

2.1 Innleiing

Det finansielle systemet består av aktørar, marknadsplassar der desse kan møtast, og infrastruktur der transaksjonar kan avviklast. Hovudoppgåva til det finansielle systemet er å omforme innskot til utlån, formidle finansiering og investeringar, utføre betalingar, tilføre kapital til næringslivet og omfordele risiko på ein tilfredsstillande måte.

Eit stabilt og velfungerande finansielt system legg grunnlaget for ulike spare- og investeringsalternativ, mellom anna realinvesteringar som er finansierte med eigenkapital og gjeld, og omfordeling av risiko mellom aktørar gjennom ulike former for forsikring og handel med finansielle derivat. Betalingsformidling og prising av finansielle aktiva – til dømes på børs – er andre viktige oppgåver.

Det er viktig at finansielle avtalar blir haldne, og at aktørane har tillit til at systemet fungerer. I periodar med ein god del ustabilitet i det finansielle systemet kan økonomien meir generelt bli skadelidande. Å leggje til rette for finansiell stabilitet er derfor ei viktig oppgåve for styresmaktene.

Styresmaktene sitt arbeid med finansiell stabilitet er delt mellom Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank. Finansdepartementet har eit overordna ansvar for ein velfungerande finansmarknad og arbeider særleg med rammevilkåra. Kredittilsynet fører tilsyn med aktørane i den finansielle sektoren og er gitt fullmakter til å gripe inn ved kriser, eller fare for kriser, gjennom krav og pålegg til kvar einskild institusjon. Noregs Bank skal medverke til robuste og effektive betalingssystem og finansmarknader og er långivar i siste instans (LSI). Dette inneber mellom anna at sentralbanken kan få eit særskilt ansvar for å bidra til å hindre ei krise gjennom ekstraordinær tilførsel av likviditet.

Både nasjonale styresmakter og internasjonale organ er involverte i arbeidet med å sikre finansiell stabilitet, og internasjonalt samarbeid på området er blitt utvida. Det internasjonale valutafondet (IMF) er ein sentral aktør i det internasjonale arbeidet, og verksemda blir omtalt seinare i kapittel 7.

I dette kapitlet omtalar vi først hovudtrekka i norsk og internasjonal økonomi, og strukturen i finansmarknadene med søkjelys på dei viktigaste finansinstitusjonane. Her vil også endringar i rammevilkår og innverknaden deira på marknaden bli omtalte i eigne temabaserte boksar. Deretter blir utviklinga i finansmarknaden og resultata til finansinstitusjonane omtala. Konkurransesituasjonen på skadeforsikringsmarknaden vil bli omtala.

Seinare i kapitlet omtalar vi ulike slag risiko i finansmarknaden som marknadsrisiko, kredittrisiko, likviditetsrisiko og operasjonell risiko. (Betalingssystema blir hovudsakleg omtala i kapitlet om verksemda i Noregs Bank.) Talmaterialet og bakgrunnsinformasjonen til kapitlet er i stor grad henta frå rapportar og publikasjonar frå Noregs Bank og Kredittilsynet. Prisane på bustader har den siste tida auka mykje, og prisane vil bli omtala i ein eigen temabasert boks.

I Noreg har ein eit finansielt system som fungerer godt. Ei vurdering av utsiktane til vidare finansiell stabilitet handler likevel ikkje berre om å vurdere kva den framtidige situasjonen mest truleg vil bli. Det handlar òg langt på veg om å synleggjere andre moglege utfall, sjølv om desse ikkje fortonar seg som like trulege. Det er i et slik vurdering naturleg å leggje vekt på hendingar som kan true det finansielle system, fordi det særleg er slike hendingar ein bør prøve å demme opp for.

2.2 Den økonomiske situasjonen – hovudtrekk

Noreg er ein liten og open økonomi, og blir påverka av utviklinga i finansmarknadene internasjonalt. For å kunne vurdere den finansielle stabiliteten i den norske finansmarknaden bør ein gjere det i lys av utviklinga i konjunkturar og marknader. Resultata i finansinstitusjonane er også prega av konjunkturane og utviklinga i ulike formuesprisar. I dette underkapitlet følgjer derfor ein kort gjennomgang av utviklinga i norsk og internasjonal økonomi.

Aktiviteten i norsk økonomi har vore høg i 2005. Sysselsetjinga har auka, og arbeidsløysa er redusert. Låge renter og markert auke i inntekt og formue har ført til at etterspørselen frå hushalda har vore den viktigaste drivkrafta bak oppgangen. Etter kvart har også lønnsemda i næringslivet betra seg, og fastlandsinvesteringane har teke seg opp. Kraftig vekst i oljeinvesteringane og god utvikling i internasjonal økonomi har gitt ytterlegare impulsar til vekst i fastlandsøkonomien og ført til at oppgangen i norsk økonomi gradvis er blitt breiare basert.

Veksten i verdsøkonomien har vore sterk i 2005. Veksten i Kina og fleire andre asiatiske land er venta å halde fram også i 2006, trass i den kraftige oppgangen i oljeprisane. Det same gjeld USA, der veksten i tredje kvartal i 2005 var sterkare enn venta, trass i omfattande øydeleggingar som følgje av kraftige orkanar. I Europa er biletet meir samansett. I euro-området har vekstbidraget frå utanrikshandelen vore svakt, samtidig som oppsvinget i den innanlandske etterspørselen har late vente på seg. Tilgjengeleg statistikk kan likevel tyde på at veksten i euro-området gradvis vil ta seg opp i tida framover. Også hos viktige handelspartnarar som Sverige og Storbritannia er det venta at veksten kjem til å ta seg opp igjen i år, etter dempinga i fjor. For handelspartnarane våre sedde under eitt blir det lagt til grunn ein BNP-vekst på 2 prosent i 2006.

Veksten i konsumprisane hos handelspartnarane våre har den siste tida teke seg opp noko raskare enn venta, særleg i USA. Auken synest i hovudsak å vere knytt til oppvarming og transport som følgje av oljeprisauken. Førebels ser det likevel ut til at den høge oljeprisen i liten grad har blitt velta over i andre prisar. Den europeiske sentralbanken har likevel varsla at han framover vil vere særleg på utkikk etter slike smitteverknader, og det er no forventningar i marknaden om framleis rentehevingar i euroområdet. Departementet legg til grunn ein vekst i konsumprisane hos handelspartnarane på 1,8 prosent i år. Oljeprisen låg på nesten 390 kroner pr. fat ved utgangen av oktober i fjor. Det er vel 40 kroner lågare enn toppnoteringa i august 2005, men om lag 130 kroner pr. fat over nivået ved inngangen til 2005. Det er lagt til grunn ein oljepris på 350 kroner pr. fat i 2006.

Det er venta at veksten i norsk økonomi kjem til å halde fram. Det ligg an til at veksten i fastlandsøkonomien i år vil liggje over trendveksten for tredje år på rad. Låge renter stimulerer framleis innanlandsk etterspørsel. Ordresituasjonen i industrien og i byggje- og anleggsbransjen er gunstig. Samtidig vurderer industrileiarane utsiktene framover som gode. Høg prisvekst på norske eksportvarer har ført til god lønnsemd i fastlandsbedriftene. Saman med høgare kapasitetsutnytting peikar dette mot vidare oppgang i fastlandsinvesteringane.

BNP for Fastlands-Norge anslåast i tilleggsnummeret til Nasjonalbudsjettet 2006 å auke med 3,6 pst i 2005 og 2,5 pst. i 2006. Dempinga av vekstanslaget må sjåast i samanheng med at det er lagt til grunn ein gradvis oppgang i rentenivået, i tråd med forventningane i rentemarknaden. Samtidig ventes oljeinvesteringane og bustadinvesteringane kjem til å flate ut. Ein reknar òg med at normalisering av elektrisitetsproduksjonen etter mykje nedbør og høg produksjon i fjor kjem til å trekkje veksten i aktiviteten i fastlandsøkonomien ned i 2006. Utanom elektrisitetsproduksjonen er veksten i BNP for Fastlands-Noreg vurdert til 2,75 prosent i 2006. Dette er godt over den pårekna trendveksten i økonomien.

Oppgangen i fastlandsøkonomien fører til ei betring i arbeidsmarknaden . I tilleggsnummeret til Nasjonalbudsjettet 2006 var sysselsetjinga anslått å auke med 22 000 i 2006, mens AKU- arbeidsløysa (Statistisk sentralbyrå si arbeidskraftunder­søkning) var venta til å falle til 4,1 pst. rekna som gjennomsnitt for året. I løpet av dei siste månadane har arbeidsmarknaden stramma seg til. Arbeidsløysa, målt ved AKU, fall til 4,2 pst. av arbeidsstyrken i desember i fjor (sesongjustert). Fleire bransjar melder om aukande mangel på kvalifisert arbeidskraft. God tilgang på ledige stillingar tyder framleis på nedgang i arbeidsløysa framover.

Veksten i konsumprisane har auka noko gjennom fjoråret. I september i 2005 var konsumprisindeksen (KPI) 2,6 prosent høgare enn på same tid i året før. Justert for avgiftsendringar og utanom energivarer (KPI-JAE) auka prisane med 1,0 prosent i same periode. Blant anna moderat lønnsvekst og låg importprisvekst blir venta å føre til at inflasjonen blir relativt låg på årsbasis i år. Veksten i KPI er anslått til 1,75 prosent i 2006, mens veksten i KPI-JAE er talfesta til 1,5 prosent.

Årslønnsveksten gjekk ned til 3,25 prosent i 2005 etter ein vekst på 3,5 prosent året før. Sjølv om veksten i aktiviteten i fastlandsøkonomien no er sterk, blir delar av næringslivet prega av at den kostnadsmessige konkurranseevna er svak. Dette, saman med låg prisvekst og auka tilbod av arbeidskraft frå dei nye EU-landa, kan ha ført til at lønnsoppgjeret i 2005 blei gjennomført med moderate sentrale tillegg. Årslønnsveksten er anslått til 3,5 prosent i år. Innføringa av obligatorisk tenestepensjon inneber at dei samla lønnskostnadene i 2006 vil vekse noko sterkare, bortimot med 3,75 prosent. Til samanlikning er lønnskostnadsveksten hos handelspartnarane våre anslått til om lag 3 prosent i 2006.

2.3 Strukturen i den norske finans­marknaden

Både i norske og internasjonale finansmarknader har det vore store endringar dei siste åra. Nedanfor følgjer ein kort omtale av dei viktigaste strukturendringane i den norske finansmarknaden. I tillegg vil, i lys av den sterke premieveksten og dei gode resultata til skadeforsikringsselskapa, konkurransesituasjonen i skadeforsikringsmarknaden få ei eigen omtale i kapittel 2.3.3.

2.3.1 Nokre beskrivande tal for finansnæringa i Noreg

Bankar

Ved utgangen av 2005 var det totalt 140 bankar i Noreg, inkludert utanlandsk eigde dotterbankar (14 forretningsbankar og 126 sparebankar). Av dette var åtte utanlandske bankar representerte med bankfilialar i Noreg.

DnB NOR var ved utgangen av 2005 den klart største banken i den norske bankmarknaden, med ein marknadsdel på 37,4 prosent målt i brutto utlån til kundar. Banken var nesten tre gonger så stor som nest største bank i marknaden, Nordea Bank Norge. Dei store sparebank-alliansane, Sparebank 1 Gruppen og Terra-Gruppen, hadde ved utgangen av 2005 ein marknadsdel på høvesvis 13,2 og 6,4 prosent målt i brutto utlån til kundar. For begge gruppene er dette ein nedgang samanlikna med utgangen av 2004. Dei utanlandsk eigde bankane har hatt ein vesentleg utlånsvekst det siste året, og hadde ved utgangen av 2005 ein marknadsdel på 28 prosent av utlånsmarknaden. Av det utgjorde dei utanlandske filialane noko over 6 prosent. Marknadsdelen til utanlandsk eigde dotterselskap har auka både som følgje av utanlandske oppkjøp av norske bankar det siste året og ved at også tidlegare utanlandsk eigde bankar har hatt ein svært høg utlånsvekst. Utlånsveksten i Nordea Bank og Fokus (korrigert for Fokus Kreditt) var høvesvis 21 og 26 prosent det siste året. Fusjonen mellom Fokus Bank og Fokus Kreditt, og mellom Bankia Bank og Elcon Finans, førte til ein auke i marknadsdelen til utanlandsk eigde dotterbankar.

Livsforsikring

Det er seks tradisjonelle livsforsikringsselskap i den norske marknaden, og dei tre største, Vital, Storebrand og KLP, utgjer 87,5 prosent av samla forvaltningskapital. Etter at Vital og Gjensidige Liv fusjonerte i første kvartal 2004, har det vore små endringar i strukturen i livsforsikringsmarknaden. Nordea Liv er det einaste utanlandsk eigde livselskapet og hadde ein marknadsdel på 6 prosent målt i forvaltningskapital. Marknadsdel målt i brutto premieinntekter viser større forskjellar mellom dei tre største, både når det gjeld nivå og endringar dei siste åra. Storebrand har hatt ein vesentleg premievekst dei siste åra og har hatt ein auke i marknadsdelen målt i premieinntekter, mens KLP har hatt ein tilsvarande nedgang.

Skadeforsikring

Det er 43 norske skadeforsikringsselskap som opererer i den norske finansmarknaden. Utanlandske filialar i Noreg er ikkje inkluderte i dette talet. Dei fire største aktørane i den norske skadeforsikringsmarknaden er Gjensidige Forsikring, If, Vesta Skadeforsikring og Sparebank 1 Skadeforsikring. If var tidlegare eigd av m.a. Storebrand, men blei i mai 2004 selt til finske Sampo. If hadde ved utgangen av 2005 ein marknadsdel på 23 prosent målt i brutto premieinntekter. Det største skadeselskapet i Noreg er Gjensidige Forsikring med ein marknadsdel på 29 prosent målt i brutto premieinntekter. Gjensidige Forsikring hadde inntil sommaren 2005 ein strategisk samarbeidsavtale med DnB NOR. Denne avtalen er no avvikla. Dei fire største selskapa hadde ved utgangen av 2005 ein samla marknadsdel på 75 prosent målt i premieinntekter. Til saman utgjorde utanlandsk eigde filialar og dotterselskap 42 prosent av den norske skademarknaden. I avsnitt 2.3.3 blir det gitt ei vurdering av konkurransesituasjonen i skadeforsikringsmarknaden.

Kredittføretak

Det er totalt tolv kredittføretak i dent norske finansmarknaden. Desse hadde ved utgangen av 2005 utlån til kundar på til saman 248 mrd. kroner. Kommunalbanken og Eksportfinans/Kommunekreditt (som er eigd av Eksportfinans) har høgast marknadsdel med høvesvis 31 og 30 prosent målt i brutto utlån til kundar. Fokus Kreditt blei etablert i 2000, og store utlånsporteføljar blei overførte frå morbanken. Fokus Kreditt hadde ein høg vekst i utlån fram til desember 2005, då føretaket igjen blei fusjonert med Fokus Bank, og verksemda til kredittføretaket blei innlemma i banken. Det siste året er to nye kredittføretak blitt etablerte, DnB NOR Boligkreditt og Terra Boligkreditt. Det førstnemnde har så langt fått overført utlånsporteføljar frå morselskapet, DnB NOR Bank, på om lag 14 mrd. kroner.

Finansieringsselskap

Verksemda til finansieringsselskapa er samansett. Hovudområda er leasing og bilfinansiering og kortbaserte utlån og forbruksfinansiering. Det er derfor store variasjonar mellom enkeltselskap både når det gjeld resultat og balanse.

Elcon Finans blei i juni 2004 selt til spanske Santander. Salet førte til at utanlandsk eigde finansieringsselskap har 68 prosent av samla forvaltningskapital, ein auke frå 45 til 68 pst. SG Finans AS blei i 2005 skilt ut av Elcon Finans og selt til eit dotterselskap i Societe General-konsernet. Selskapet starta som eiga verksemd i andre kvartal 2005 og hadde ved utgangen av 2005 ein marknadsdel på 18 prosent av samla forvaltningskapital. I desember 2005 fusjonerte Bankia Bank og Elcon Finans med Bankia Bank som overtakande selskap. Selskapet held fram verksemda som bank. Dette fører til ein reduksjon i samla forvaltningskapital i finansieringsselskapa på 21 mrd. kroner. Som følgje av nedgangen i forvaltningskapital i bransjen var den samla marknadsdelen til utanlandsk eigde finansieringsselskap likevel uendra med 68 prosent, målt i brutto utlån til kundar ved utgangen av 2005, der utanlandsk eigde filialar utgjorde 30 prosent. DnB NOR Finans var ved utgangen av 2005 det største finansieringsselskapet med ein marknadsdel på 21 prosent.

Sum finansgrupper

Dei store finansgruppene hadde ved utgangen av 2005 ein samla forvaltningskapital på 2 219 mrd. kroner. Dette utgjorde 59,3 prosent av den totale finansielle sektoren 1 . I tillegg til finansieringsføretaka som inngår i konserna, hadde DnB NOR og Nordea ved utgangen av året eigardelar i Eksportfinans (og dotterselskapet Kommunekreditt) på høvesvis 40 og 23 prosent. I tabellen nedanfor blir forvaltningskapital vist i finansgrupper fordelt på bransjar. Omgrepet finansgrupper blir nytta der verksemder som er knytte til einskilde konsern, utover det som blir konsolidert i konsernrekneskapane, er inkluderte.

Tabell 2.1 Forvaltningskapital i finansgrupper pr. 31.12.2005 – fordelt på bransjar

FK (mill. kr.)BankFin.selsk.Kreditt-foretakVerdipapi fondLivSkadeSum gruppe*
DnB NOR**842 13022 55232 70585 347201 66201 184 396
Nordea293 8887 30620 03023 02434 0000378 248
Sparebank1-­gruppen250 6894 201030 71219 0776 438311 117
Storebrand29 48724029 499157 544508217 062
Terra-gruppen119 8095972 1874 9710997128 561
Sum finans­grupper1 536 00334 68054 922173 553412 2837 9432 219 384
Total marknad***2 215 631111 159403 970273 865609 032130 3563 744 013

* Sum gruppe er sum av forvaltningskapital i dei ulike bransjane og vil avvike frå konserna sine eigne konsernrekneskapar.

** Inkl. Nordlandsbanken

*** I sum total marknad inngår filialar som dei utanlandske institusjonane har i Noreg. Den grensekryssande verksemda til utanlandske institusjonar i Noreg er ikkje inkludert.

Kjelde: Kredittilsynet

2.3.2 Strukturendringar

2005 har vore prega av ei rekkje mindre strukturendringar, spesielt i bankmarknaden. Delen av utanlandsk eigde bankar har auka gjennom Islandsbankis kjøp av Kredittbanken og BN Bank og av SEB sitt oppkjøp av Privatbanken i september 2005. Elcon Finans og Bankia Bank fusjonerte 20. desember 2005 og held fram som dotterbank under namnet Santander Consumer Bank. (Santander kjøpte Elcon Finans i 2004 og Bankia Bank i 2005.) Fokus Kreditt blei fusjonert med Fokus Bank. DnB NOR fekk i oktober 2005 konsesjon til å kjøpe 51 prosent av aksjane i Bank DnB NORD AS. Dette oppkjøpet er eit resultat av ein avtale mellom DnB NOR og Norddeutsche Landesbank (NORD/LB) om etablering av ein felles eigd bank. Banken skal drive verksemd i Danmark, Polen, Finland og dei baltiske landa, og blir etablert i Danmark. I januar 2006 gav Finandepartementet DnB NOR løyve til å overta russiske Monchebank.

Boks 2.1 Likviditetskrav fra bankar

Likviditet gir bankar evne til å omdisponere forvaltningskapital for eksempel for å finansiere auka utlån eller for å møte forpliktingar ved forfall.

Tilstrekkeleg likviditet er derfor ein viktig føresetnad for den kontinuerlege drifta til ein bank. Tryggleik for rettidig oppgjer er ein viktig føresetnad for at ein samla finansmarknad skal fungere godt.

Teknologiske og finansielle innovasjonar og dereguleringa av finansmarknadene har gjort finansielle eigendelar meir likvide, men også ført til at tilgong til likviditet har blitt meir avhengig av marknadsbaserte forhold. Også samansetjinga av ein bank sine behaldningar av likvidar og aktivitetar har endra seg den siste tida.

Finansdepartementet fremja i mars 2006 forslag til Stortinget om nye likviditetsreglar. Dei nye reglane foreslåast lovfestet i finansieringsvirksomhetsloven § 2-17, og inneber at likviditetskravet er angitt som eit kvalitativt krav. Lovreglane som blir foreslått byggjer på eit forslag frå Banklovkommisjonen i kommisjonen si utgreiing 2001: 23 «Finansføretaks verksemd».

Med kvalitative krav meinast at bankane blir gitte ansvar for å styre eigen likviditet og likviditetsrisikoen dei faktisk tek. I forslaget til nye likviditetsreglar vidareføras eit kvalitativt krav om at bankane skal sørgje for at den til ei kvar tid kan dekkje skyldnadene sine ved forfall. Departementet foreslår å omplassere det kvalitative likviditetskravet frå forretnings- og sparebanklova til finansieringsvirksomhetsloven, og kravet blir utvida til å gjelde også andre finansinstitusjonar. Departementet foreslår vidare at det blir lovfesta eit krav om at finansinstitusjonane skal ha ei forsvarleg likviditetsstyring etter retningslinjer fastsette av styret, og at Kredittilsynet kan fastsetje rapporteringskrav til finansinstitusjonane, som for eksempel at dei skal rapportere om gjenståande løpetid for poster i balansen og ikkje-balanseførde finansielle instrument. I tillegg blir det innført eit eksplisitt krav om at banker, kredittføretak og finansieringsselskap skal rapportere om gjenståande løpetid for poster i balansen og ikkje-balanseførde instrument. Med heimel i paragrafen, blir det teke sikte på å fastsetje enkelte nærmare regler om kva som ligg i «forsvarleg likviditetsstyring».

Sparebanken Møre og Tingvoll Sparebank søkte i desember 2005 om overføring av verksemnda i Tingvoll Sparebank til Sparebanken Møre. Kredittilsynet tilrådde i januar 2006 overfor Finansdepartementet at søknaden blir avslått. Saka er prinsipiell, og det er knytt stor interesse til styresmaktene si avgjerd.

Dei store finansgruppene utgjer ein stor del av finansmarknaden, med høgast marknadsdel i bank og livsforsikring. Også utanlandske aktørar utgjer ein vesentleg del av den norske finansmarknaden. I bankmarknaden hadde utanlandsk eigde dotterselskap og filialar ein marknadsdel på til saman 32 prosent målt i forvaltningskapital. Det siste året har talet på utanlandsk eigde dotterbankar auka frå to til seks. Det er andre nordiske bankar som står for dei fleste utanlandske oppkjøpa i den norske marknaden. Utanlandsdelen for finansieringsselskapa og kredittføretaka var høvesvis 65 og 14 prosent målt i forvaltningskapital. Delen av utanlandsk eigde kredittføretak fall etter at Fokus Kreditt blei fusjonert med Fokus Bank. I skadeforsikringsmarknaden utgjorde utanlandsk eigde selskap til saman 42 prosent målt i premieinntekter. If Skadeforsikring utgjorde 23 prosent av marknaden.

Boks 2.2 Nye kapitaldekningsreglar

Finansdepartementet legg samstundes med denne meldinga fram eit lovforslag, der ein foreslår endringar i kapitaldekningsreglane. Etter gjeldande rett skal ein finansinstitusjon ha ein dekningskapital som utgjer åtte prosent av eit vekta berekningsgrunnlag. I forslaget til nye kapitaldekningsreglar vidarefører ein dagens minstekrav om åtte prosent kapitaldekning, men berekningsgrunnlaget for dette kravet blir endra. Dei nye føresegnene endrar berekningsgrunnlaget for kredittrisiko. I tillegg blir det innført eit eksplisitt krav til ansvarleg kapital for operasjonell risiko. Kapitalkravet knytt til marknadsrisiko og regelverket om kva ein kan rekne med som ansvarleg kapital, blir i mindre grad påverka av endringane.

Bakgrunnen for endringane som blir foreslått, er nye retningslinjer for berekning av kapitaldekning frå Baselkomiteen og endringar i det konsoliderte bankdirektivet (2000/12/EC) og CAD-direktivet (93/6/EEC) frå EU. Endringane i EU-direktiva må takast inn i norsk regelverk som ein del av EØS-forpliktingane. Direktiva set såleis krav til korleis kapitaldekningsreglane i Noreg skal vere utforma. Direktiva gir minimumsreglar, og nasjonale styresmakter kan ikkje fastsetje reglar som gir lempelegare krav enn det som følgjer av desse. Dei nye kapitaldekningsreglane vil gjelde for sparebankar, forretningsbankar, finansieringsføretak, holdingselskap i finanskonsern, verdipapirføretak og forvaltningsselskap for verdipapirfond med løyve til å yte investeringstenesta aktiv forvaltning. Norske forsikringsselskap skal inntil vidare vere underlagde gjeldande reglar for berekning av krav til ansvarleg kapital, eventuelt med nokre justeringar.

Lovendringane departementet foreslår, legg til rette for implementering av nytt kapital­dekningsregelverk frå EU i norsk lovgiving. Direktiva inneheld ei rekkje val (unntak frå hovudreglane) ved gjennomføring i nasjonal lovgiving. Dette gir rom for nasjonale tilpassingar. I denne omgang tek departementet i liten grad stilling til dei nasjonale vala. Føresegna departementet foreslår, tek heller ikkje stilling til om ein på einskilde område skal fastsetje krav ut over minimumskrava frå EU. Nærmare krav vil bli fastsette i forskrift, og det vil i hovudsak bli teke stilling til behovet for nasjonale tilpassingar når ein skal fastsetje desse forskriftene.

Dei nye reglane for berekning av kapitalkrav medfører viktige endringar samanlikna med gjeldande reglar for berekning av krav til ansvarleg kapital. Dei endra reglane skal vere meir fintmålande for risiko, slik at kapitalkravet til kvar einskild institusjon betre skal samsvare med underliggjande risiko i institusjonen. Auka samsvar skal føre til betre risikostyring i institusjonane. Lovreglane som blir foreslått, opnar dessutan i langt større grad enn gjeldande reglar for bruk av institusjonane sine eigne interne risikostyringsmodellar for berekning av krav til ansvarleg kapital. Ein legg såleis til rette for at institusjonane kan nytte ulike metodar for å berekne kapitaldekningskravet. I endringsdirektiva som lovforslaget byggjer på, ligg ein intensjon om at finansinstitusjonar og verdipapirføretak skal få incentiv til å nytte meir avanserte metodar for risikostyring. Slike incentiv kjem i form av reduserte krav til ansvarleg kapital. Ut over dei minimumskrava til ansvarleg kapital som blir fastsette med utgangspunkt i dei nærmare berekningsmetodane regelverket fører opp, skal finansinstitusjonen sjølv ha oversikt over og vurdere risikoen ved verksemda, og kapitalbehovet knytt til verksemda. Tilsynsmyndigheita skal vurdere prosessane institusjonane gjennomfører for vurdering av kapitalbehov, og det er foreslått å utvide moglegheita til å stille kapitalkrav utover dei kalkulerte kapitalkrava. Vidare blir det innført krav om at institusjonen skal gjere opplysningar med relevans for kapitaldekningsberekninga offentleg tilgjengelege. Informasjonskrava skal medverke til å styrkje marknadsdisiplinen.

Institusjonen skal kunne berekne kapitalkrav for kredittrisiko etter ein av to alternative metodar: standardmetoden eller internrating-metoden. Standardmetoden byggjer i stor grad på gjeldande regelverk. Internrating-metoden legg til grunn dei vurderingane institusjonane sjølve har av kredittrisiko, og skil mellom grunnleggjande og avansert metode. Kapitalkravet for operasjonell risiko skil òg mellom enkle og meir sofistikerte metodar. Interne modellar kan berre nyttast til å fastsetje krav til ansvarleg kapital etter særskild godkjenning frå Kredittilsynet.

Boks 2.3 Forbod mot produktpakkar i finansnæringa

For å betre konkurransen utvida Finansdepartementet frå nyttår forbodet mot at finansinstitusjonane kan kople produkt i finansmarknaden, til også å gjelde ved sal til næringslivet. Reglane, som er fastsette som ei endring i den såkalla produktpakkeforskrifta, inneber at finansinstitusjonane verken kan setje krav om at ein kunde skal kjøpe fleire tenester, eller gi kunden særleg gunstige vilkår med føresetnad i kjøp av fleire tenester. Prisavslag som er grunngitt i kostnadsinnsparingar, er framleis tillate.

Endringa i produktpakkeforskrifta har to formål. For det første skal forskrifta forhindre at finansinstitusjonar med eit breitt produktspekter innskrenkar konkurransen frå andre finansinstitusjonar ved å kople eigne kundar til ein totalpakke. Slike bindingar kan gjere det vanskeleg for nystarta eller meir spesialiserte finansinstitusjonar å delta i konkurransen på like vilkår. Forskrifta skal leggje forholda til rette for at finansinstitusjonane konkurrerer med kvarandre. For det andre skal føresegnene gjere det enklare for kundane å orientere seg i marknaden. Dette er også ivareteke i finansieringsverksemdslova § 2–11, som inneber at ein finansinstitusjon skal opplyse om tenester som inngår i ein produktpakke, blir tilbodne enkeltvis, og syne prisen på dei einskilde tenestene som inngår i pakken.

Boks 2.4 Reduksjon av ­tinglysingsgebyr

Alle dokument som gir uttrykk for avtalar om rettar til hefte på fast eigedom, blir registrerte i eit offentleg register, i grunnboka. Grunnboka viser kven som til kvar tid er eigar av eigedommen, og kva rettar, plikter eller pantehefte som er registrerte (tinglyste) på eigedommen. Alle nye dokument som ein ønskjer å melde inn, må tinglysast. Tinglysing gir såleis rettsvern for retten og prioritet til fordringshavarar.

Dersom ein låntakar ønskjer å overføre bustadlånet til ein annan långivar, må det tinglysast ein ny pantobligasjon. For dette må låntakaren betale eit tinglysingsgebyr. Frå 1. januar 2006 blei tinglysingsgebyret ved flytting av pant ved refinansiering (lån innanfor same låneramme med same panteobjekt) av sjølveigarbustader redusert. Gebyret blei redusert frå kroner 1901 til kroner 215. Formålet er å auke kundemobiliteten og styrkje konkurransen mellom bankane om gjeldande lånekundar.

2.3.3 Konkurransesituasjonen i skade­forsikringsmarknaden

Den sterke premieveksten og dei gode resultata til skadeforsikringsselskapa i perioden 2003–2005 aktualiserer spørsmålet om konkurransesituasjonen i skadeforsikring er tilfredsstillande. På denne bakgrunnen bad Finansdepartementet 9. desember 2005 Kredittilsynet om ei vurdering av konkurransesituasjonen. Omtalen av skadeforsikringsmarknaden nedanfor byggjer for ein stor del på den nemnde vurderinga frå Kredittilsynet. Konkurransetilsynet har gitt kommentarar i samband med den nemnde vurderinga, og på oppdrag frå Fornyings- og administrasjons­departementet har Konkurransetilsynet også levert ein eigen rapport dit.

Sviktande konkurranse heng gjerne saman med unødvendig høge priser på produkta, men kan også få utslag som kostnadsoverforbruk, eller ukurante varekvalitetar eller -utval. Det er i denne omgangen ikkje undersøkt om kostnadene i den norske skadeforsikringsmarknaden ligg spesielt høgt, eller om utvalet av forsikringstenester er ukurant. Det er såleis lagt til grunn at det først og fremst er premieauken og lønnsemda i skadeforsikringsselskapa som gir grunnlag for ei nærmare vurdering.

Tal frå Kredittilsynet indikerer at skadeforsikringsselskapa (norske selskap og filialar av utanlandske) i perioden 1997–2004 har hatt ei eigenkapitalavkastning som har variert frå minus 16 prosent i 2001 til 47 prosent i 2003, med eit gjennomsnitt på om lag 9 prosent. Tala indikerer at eigenkapitalavkastninga ikkje har vore spesielt høg i skadeforsikring i Noreg i denne perioden samla sett.

Figur 2.1 nedanfor viser at premieinntekter og erstatningskostnader har betydelege prosentvise endringar frå år til år, og at endringane i dei to storleikane ikkje er synkroniserte. Dette er med på å forklare at resultata til skadeforsikringsselskapa viser store forskjellar frå år til år.

Som det går fram av figuren, varierer veksten i premieinntektene til selskapa noko mindre enn erstatningskostnadene, særleg dersom ein ser bort frå ekstremåret 1987, då premieinntektene auka med 25 prosent. At premieinntektene varierer noko mindre enn erstatningskostnadene, kan i nokre tilfelle eller til ein viss grad kome av at det er ein viss «tregleik» i premiefastsetjinga i skadeforsikring, og at planlagde premieendringar derfor blir jamna ut over fleire år. Ei anna forklaring kan vere at premiane blir tilpassa forventa erstatningskostnader, og at forventa erstatningskostnader varierer mindre frå år til år enn dei realiserte. Ei tredje forklaring kan vere sviktande konkurranse.

Utviklinga i lønnsemda i skadeforsikring den siste tida er elles ikkje spesiell for Noreg, og i dei fleste land i Europa opplever skadeforsikringsselskapa for tida svært gode resultat.

I ei vurdering av om marknadsforholda i skadeforsikring i Noreg kan bidra til for høge priser, kan det vere formålstenleg å vurdere forholda på tilbods- og etterspørselssida kvar for seg.

Figur 2.1 Vekst i premieinntekter og erstatningskostnader

Figur 2.1 Vekst i premieinntekter og erstatningskostnader

Kjelde: SSB (Kredittilsynets estimat for 2005)

På tilbodssida blir det då gjerne lagt vekt på om enkelte tilbydarar åleine, eller saman med eit knippe andre tilbydarar, har ein stor del av den totale marknaden for produktet. I den samanhengen er det likevel viktig å understreke at stor konsentrasjon på tilbodssida åleine ikkje kan forklare at konkurransen sviktar. Er det få aktørar på tilbodssida, er det likevel auka fare for at prisar settes ut frå ei erkjenning av at alle tilbydarar er betre tente med at prisane blir sette noko høgare enn det som gir kostnadsdekning. I ein marknad med fleire aktørar på tilbodssida er det meir sannsynlig at ein eller fleire tilbydarar vil prøve å utnytte ein slik høgare pris til også å kapre marknadsdelar. Både konsentrasjonen på tilbodssida og stabiliteten i tilbydarane sine marknadsdelar over lengre tid kan derfor vere viktige indikatorar for om ein marknad er utsett for sviktande konkurranseintensitet.

Det som disiplinerer tilbydarane i ein marknad ved prisfastsetjing, er om dette fører til lågare forretningsvolum, inntekt eller forteneste. Ein monopolist vil for eksempel oppleve at forretningsvolumet kan vere prisfølsamt fordi kundane ved høge prisar gradvis reduserer konsumet av produktet. Blir dette relatert til skadeforsikring, verkar det rimeleg å leggje til grunn at mange skadeforsikringar synest å vere nødvendige produkt, med få alternativ. Om éin aktør fekk monopol på for eksempel brannforsikring, kunne prisen på slike forsikringar truleg bli svært høg. Det er derfor også grunn til å tru at eit prissamarbeid eller ei marknadsdeling eller generelt ein marknad med få viktige aktørar kunne medføre svært høge prisar i delar av forsikringsmarknaden. For kundane har det derfor mykje å seie at konkurransen skadeforsikringsselskapa imellom fungerer godt og uhindra.

Alle skadeforsikringsselskap med konsesjon etter norsk lovgiving yter skadeforsikringar overfor norske kundar. Tabell 2.2 nedanfor viser at talet på skadeforsikringsselskap i Noreg med konsesjon er om lag det same i 2005 som i 1993, men at talet på selskap som ikkje er captives, er redusert. Dei såkalla captives rettar tilbodet sitt mot ei bestemt verksemd, og det verkar derfor rimeleg å leggje til grunn at innslaget av captives i den norske skadeforsikringsmarknaden har mindre å seie for konkurransen om dei kundane som ikkje har oppretta eit slikt selskap. Høvet til å opprette captives kan likevel utgjere eit konkurransekorrektiv for skadeforsikringsselskapa overfor enkelte store kundar som med eit visst truverde kan true med å etablere captives for sitt område om premiane elles blir for høge.

Tabell 2.2 Talet på skadeforsikringsselskap ved utgangen av 1999 og 2005

  19932005
Aksjeselskap1526
Av dei: Captiveselskap212
Gjensidige selskap3018
Av dei: Captiveselskap11
Totalt4544

Kjelde: Kredittilsynet

I tillegg til dei norske selskapa som ikkje er captives, bør ein rekne med at i alle fall enkelte filialar av utanlandske selskap (mellom andre If) er viktige i den norske skadeforsikringsmarknaden. Men If er ein del av den vesle gruppa av store selskap som dominerer den norske marknaden.

Saman med dei norske selskapa utgjer filialane dei selskapa som er representerte i Noreg ved eiga verksemd. Også andre skadeforsikringsselskap kan ha ein del å seie, særleg på enkelte delmarknader. Dels kan dette kome av at forsikringsmeklarar og -agentar verkar som mellomledd mellom norske kundar og selskap som ikkje sjølv er representerte i Noreg, og dels kan norske kundar ta direkte kontakt med utanlandske forsikringsselskap. Ein må likevel gå ut frå at terskelen for å dekkje forsikringsbehovet sitt gjennom selskap som ikkje er etablerte i Noreg, kan vere høg, særleg for privatkundar. Dette er eit klart trekk også i europeisk samanheng. Det er særleg dei større aktørane som gjer grensekryssande kjøp av finansielle tenester. Ei oversikt over norske selskap og filialar av utanlandske gir derfor ei viss grunnleggjande oversikt over strukturen på tilbodssida av skadeforsikringsmarknaden.

Blir tilbodssida i den norske skadeforsikringsmarknaden beskriven med utgangspunkt i dei aktørane som er etablerte i Noreg, blir marknaden dominert av Gjensidige (29 prosents marknadsdel i 2005), If (23), Vesta (15), og Sparebank 1 Skadeforsikring (8). Til saman har altså desse fire tilbydarane 75 prosent av den totale marknaden. Den samla marknadsdelen til dei same fire selskapa på brann- og motorvognforsikringar er svært høg, rundt 90 prosent. I tillegg til dei fire store kjem ei rekkje små forsikringstilbydarar. Blant desse er Terra Skadeforsikring størst med tre prosents marknadsdel på brannforsikring og fire prosent på motorvognforsikring til privatkundar.

Marknadsdelane til kvart enkelt av dei større selskapa varierer noko over tid. Dette kan tyde på at selskap som blant kundane blir oppfatta som dyre eller lite attraktive, over lengre tid mistar marknadsdelar, og vice versa. Det er òg noko variasjon i talet på selskap som driv verksemd i Noreg, eller kva for selskap dette er. I perioden 1993 til 2005 er det starta ikkje reint få nye selskap, og mange gamle er borte. Men dette er små selskap.

Strukturen på etterspørselssida i skadeforsikringsmarknaden har grunnleggjande sett endra seg lite dei siste år. Etterspørselssida består framleis av hushaldningar som ønskjer å forsikre viktige formuesgjenstandar som hus, hytte og bil, og føretak som ønskjer å forsikre utstyr og tilsette. Fordi behovet for forsikring ofte er stabilt, burde forholda liggje til rette for at kvar enkelt forsikringskunde gradvis opparbeider viktig kompetanse om skadeforsikringsmarknaden, som kan brukast til å gjere kvalifiserte val av leverandør. Dei fleste forsikringspremiar blir likevel betalte truleg utan at kunden har full oversikt over det forsikringsmessige innhaldet i den avtalen som er inngått. Vidare kan kunden, med rette eller urette, ha eit inntrykk av at enkeltselskap vil opptre ulikt når skade skjer, også utan at dette går klart fram av den inngåtte kontrakten. Ofte vil kunnskap om forsikringsproduktet først kome klart fram for kunden etter at skaden har oppstått.

Eit anna forhold er at det kan vere vanskeleg for kundane å samanlikne prisar mellom elles likeverdige forsikringsprodukt. Mellom anna kan det at prisane er avhengige av individuelle forhold som alder, bustad, tidlegare skadar, skadeførebyggjande tiltak eller medlemskap i ulike organisasjonar, gjere det vanskeleg å innhente relevante listeprisar. I enkelte tilfelle kan det òg vere mogleg å prute etter personleg kontakt, slik at listeprisane uansett ikkje er dekkjande. Andre forhold som kan gjere det vanskeleg å samanlikne prisar mellom ulike leverandørar, er dei lojalitets- og produktpakketilboda som av og til blir sette fram.

Det finst ikkje offentlege statistikkar over omfanget av kundeflytting mellom ulike skadeforsikringsselskap. I ei undersøking TNS Gallup og Finansnæringens hovedorganisasjon nyleg har presentert (Norsk finansbarometer 2006), går det likevel fram at 14 prosent av privatkundane har bytt skadeforsikringsselskap det siste året. Til samanlikning har 5 prosent bytt bank og 4 prosent bytt livsforsikringsselskap. Undersøkinga tyder derfor på at kundemobiliteten ikkje er spesielt låg blant privatkundane i skadeforsikringsmarknaden.

Oppsummering

Premiane frå år 2000 har vakse ein god del meir enn erstatningskostnadene. Dette kan ein nok til ein viss grad sjå i samanheng med at forholdet hadde vore omvendt i den føregåande perioden. Men det er ikkje klart om årsaka til den spesielt høge lønnsemda i skadeforsikringsselskapa dei siste åra er at forsikringsselskapa hadde venta høgare erstatningsutbetalingar enn det som blei realisert, eller om konkurranseintensiteten i skadeforsikringsmarknaden har gått ned.

Når ein skal vurdere kva som har ført til den høge lønnsemda i skadeforsikringsselskapa dei siste tre åra, bør ein leggje vekt på at det normalt er store variasjonar i resultata til skadeforsikringsselskapa frå år til år, og at det ikkje er gjennomført strukturtilpassingar i den norske marknaden som på nokon klar måte viser at konkurranseintensiteten er endra av strukturelle årsaker. Held lønnsemda seg rundt nivået frå dei tre siste år, samsvarer dette likevel ikkje med ein konklusjon om at konkurransen i skadeforsikringsmarknaden framleis er tilfredsstillande. Departementet vil derfor følgje utviklinga i skadeforsikringsmarknaden nøye framover.

2.4 Utviklinga på finansmarknaden

Konjunkturbetringa frå sommaren 2003 har betra bankane sine resultat dei siste åra, og for bankane samla var resultatet i 2005 det beste sidan 2000. Låge tap på utlån og gunstig kostnadsutvikling har medverka til den positive utviklinga. Presset på netto renteinntekter held fram, noko som kan skape utfordringar for innteninga i bank på noko lengre sikt. Bankane hadde framleis høg utlåning til hushalda, samstundes som veksten i utlån til næringsliv auka betydeleg i 2005.

Resultata til livsforsikringsselskapa var betre i 2005 enn i 2004, som følgje av betring i finansinntektene. Selskapa hadde framleis låg aksjedel i 2005, sjølv med ein auke i løpet av året. Nær to tredelar av aksjane var utanlandske, og den sterke oppgangen på Oslo Børs fekk derfor ein meir avgrensa effekt på resultata i 2005. I tillegg har lågt rentenivå gitt låg avkastning på rentepapira. Resultata i skadeforsikringsselskapa viste sterk betring i 2005, både som følgje av auke i finansinntektene og betring i den forsikringstekniske verksemda.

2.4.1 Bankane

Bankane (140 bankar) oppnådde eit resultat før skatt på 25 mrd. kroner i 2005, ein auke på om lag 5 mrd. kroner samanlikna med 2004. I høve til gjennomsnittleg forvalta kapital utgjorde resultatet 1,37 prosent, mot 1,21 prosent i 2004. Avkastninga på eigenkapitalen (etter skatt) auka frå 14,0 prosent i 2004 til 16,8 prosent i 2005. Samanlikna med 2004 fall netto renteinntekter i forhold til gjennomsnittleg forvalta kapital med 0,11 prosentpoeng til 1,76 prosent. Reduserte kostnader og auka inntekter frå verdipapir var med på å vege opp nedgangen i netto renteinntekter. Betydelege tilbakeføringar av tap på utlån i dei største bankane og tilbakeføringar i fleire større sparebankar som følgje av forlik med KPMG og Lloyds i Finance Credit-saka bidrog til at bankane samla inntektsførte netto 1,2 mrd. kroner på tidlegare tap på utlån i 2005. Volumet av misleghaldne engasjement blei redusert med 13 prosent i 2005, og utgjorde 0,8 prosent av brutto utlån. Tre små og nyetablerte bankar hadde underskot i rekneskapane sine i 2005, same tal som i 2004.

I omtalen blir det skilt mellom ulike bankgrupper: den største banken DnB NOR (inkludert Nordlandsbanken som heileigd dotterselskap), andre bankar med forvalta kapital over 10 milliardar kroner (omfattar sytten bankar), og bankar med forvalta kapital under 10 milliardar kroner.

Det var betring i resultat for alle grupper av bankar. Netto inntektsføring av tidlegare tap på utlån i alle grupper så nær som dei minste bankane har gitt svært gode resultat i 2005.

Tabell 2.3 Resultatpostar i prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital

  DnB NOR (inkl. NB)Andre bankar med FK over 10 mrd. kronerBankar med FK under 10 mrd. kroner
  200520042005200420052004
Netto renteinntekter1,571,641,771,922,352,55
Andre inntekter1,090,960,880,950,700,71
- av denne nettoen kursgevinstar0,270,230,190,160,150,15
Andre kostnader1,321,551,441,591,741,80
- av denne lønte og adm. kostnader1,071,160,770,851,371,39
Driftsresultat før tap1,331,051,211,281,311,45
Bokførte tap på utlån-0,010,03-0,150,110,020,19
Gevinst/tap på verdipapir lang sikt/nedskrivingar0,010,210,050,000,040,01
Resultat av ordinær drift før skatt1,361,231,401,171,331,27

Kjelde: Kredittilsynet

Avkastninga på gjennomsnittleg eigenkapital auka for alle grupper av bankar. DnB NOR (inkl. Nordlandsbanken) hadde ei avkastning på eigenkapitalen på 20 prosent, eitt prosentpoeng høgare enn i 2004. Avkastninga på eigenkapitalen var 17 prosent i dei nest største bankane, og 11 prosent i dei minste.

Utlån til kundar hadde ein vekst på nær 16 prosent i 2005 for bankane under eitt. Dei nest største bankane hadde den høgaste veksten i utlån til kundar, med 17 prosent. DnB NOR (inkl. Nordlandsbanken) og dei minste bankane hadde ein vekst på 14 prosent i 2005. Bankane har hatt særleg sterk vekst i utlån til personkundar over fleire år, men i 2005 auka også veksten til næringslivet mykje. Innskot frå kundar auka med 12 prosent i 2005, men var lågare enn utlånsveksten, slik at innskotsdekning av utlån fall noko samanlikna med 2004.

Utviklinga i kjernekapitalen er mellom anna avhengig av veksten i utlån. Sjølv med sterk utlånsvekst det siste året har kjernekapitaldekninga vore stabil. Utskriving av fondsobligasjonar, tilføring av kapital, og god inntening, har medverka til å stabilisere kjernekapitaldekninga. Fleire bankar har hatt reduksjon i det risikovekta berekningsgrunnlaget i perioden som følgje av at lån til bustadformål (som blir risikovekta med 50 prosent) har auka mykje, mens veksten i næringslån (som blir risikovekta med 100 prosent) har vore låg. Samla hadde bankane ei kjernekapitaldekning på 9,6 prosent, noko som er 0,2 prosentpoeng lågare enn ved utgangen av 2004.

Tabell 2.4 Balanseposter

31.12.2005DnB NOR (inkl. NB)Andre bankar med forvalta kapital over 10 mrd. kr.Bankar med forvalta kapital under 10 mrd. kr.
  Mrd. krVekst i pst.Mrd. krVekst i pstMrd. krVekst i pst.
Forvalta kapital84218,185617,224913,8
Brutto utlån til kundar62114,071117,722214,1
Innskot til kundar41113,642311,91598,7

Kjelde: Kredittilsynet

2.4.2 Forsikringsselskap og pensjonskasser

God avkastning i aksjemarknaden førte til auka finansinntekter for livsforsikringsselskapa . Verdijustert resultat i 2005 blei ein god del betre enn i 2004. Livsforsikringsselskapa reduserte sine aksjeeksponeringar gjennom 2001 og 2002 for å tilpasse seg svekt risikoberande evne. Dette førte til at dei gjekk inn i 2003 med ein låg aksjedel. Aksjedelen i balansen har sidan auka noko, og ved utgangen av 2005 var han på om lag 20 prosent. Nær to tredel av aksjane er plasserte i utanlandske aksjemarknader. Den sterke oppgangen på Oslo Børs i 2005 fekk dermed ein avgrensa effekt på resultata. Dei internasjonale aksjemarknadene hadde ein meir moderat auke i 2005. Samstundes har lågt rentenivå gitt låg avkastning på selskapa sine behaldningar av rentepapir i 2005.

Den verdijusterte kapitalavkastninga, som tek omsyn til verdiendringar på finansielle omløpsmidlar, var 8,1 prosent i 2005, mot 7,0 prosent i 2004. Mens kapitalavkastninga viser avkastninga på selskapa sine finansielle eigedelar, omfattar dei bokførte resultata til selskapa alle inntekter og kostnadselement. Resultat før tildeling til kundar og skatt var 16,5 milliardar kroner i 2005, mot 12,1 milliardar kroner i 2004. I prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital var det ein auke i resultat frå 2,5 prosent i 2004 til 3,1 prosent i 2005. Kursreguleringsfondet auka med 8,2 milliardar kroner i 2005. Dette gav eit verdijustert resultat på 24,7 milliardar kroner. I 2004 var verdijustert resultat 15,6 milliardar kroner.

Dei samla premieinntektene til selskapa, korrigerte for effekten av flytting, viste ein auke på 13 prosent i 2005. Auken i premieinntektene kjem i stor grad av auke i sal av individuelle kapitalforsikringar. Netto inntekter frå finansielle eigedelar var 42,5 milliardar kroner, mot 32,3 milliardar kroner året før.

Ved utgangen av 2005 hadde livsforsikringsselskapa ein samla forvalta kapital på 573 milliardar kroner, ein auke på 12,6 prosent siste året. Behaldninga av aksjar som del av forvalta kapital utgjorde ved utgangen av 2005 19,9 prosent, mot 15,7 prosent eitt år tidlegare. Behaldninga av sertifikat og obligasjonar som blir haldne som omløpsmidlar, utgjorde 31,1 prosent av forvalta kapital. Livsforsikringsselskapa auka gjennom fleire år behaldninga av obligasjonar «haldne til forfall», men behaldninga i høve til forvalta kapital fall i 2004 og 2005. Ved utgangen av 2005 utgjorde obligasjonar «haldne til forfall» 28,3 prosent av forvalta kapital, ein nedgang på 4,2 prosentpoeng samanlikna med utgangen av 2004.

Bufferkapitalen gir uttrykk for selskapa si evne til å bere risiko, og er samansett av kjernekapital ut over kravet, tilleggsavsetnader på opp til eitt års rentegaranti og kursreguleringsfond. Bufferkapitalen blei styrkt i 2005 og var på 43,0 milliardar kroner ved utgangen av 2005. Dette svarte til 7,5 prosent av forvalta kapital. Ved utgangen av 2004 hadde selskapa ein bufferkapital på 32,6 milliardar kroner, som svarte til 6,4 prosent av forvalta kapital. Auken i bufferkapitalen har medverka til at livsforsikringsselskapa er betre rusta til å greie forpliktingane sine. Det er framleis behov for styrking av den risikoberande evna for å gi auka tryggleik i forvaltninga.

Ved utgangen av 2005 hadde livsforsikringsselskapa i gjennomsnitt ei kapitaldekning på 12,0 prosent, og alle selskapa tilfredsstilte kapitaldekningskravet på 8 prosent.

Tabell 2.5 Resultatpostar i livsforsikring. Millionar kroner og i prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital

  20052004
  Mill. kronerI pst. av GFKMill. kronerI pst. av GFK
Premieinntekter61 02311,356 83511,7
Inntekter frå finansielle eigedelar42 5287,932 3266,7
Erstatningar32 0285,931 4656,5
Endringar i forsikringsavsetningar41 6397,737 7417,8
Forsikringsrelaterte kostnader og adm.kostnader4 2590,83 7340,8
Resultat før fordeling og skatt16 5283,112 0772,5
Verdijustert resultat før fordeling og skatt24 7324,615 5653,2

Kjelde: Kredittilsynet

Resultata i fondsforsikringsselskapa (fem selskap) var 47 millionar kroner i 2005, mot eit underskot på 62 millionar i 2004. Tre selskap hadde underskot i 2005. Samla premieinntekter auka med om lag 1 milliard kroner, og var på 5,9 milliardar kroner i 2005. Samla forvalta kapital i fondsforsikringsselskapa auka med 35,1 prosent i 2005 til 30,5 milliardar kroner ved utgangen av året. Av samla forvalta kapital var 59 prosent plasserte i aksjar og partar, mot 51 prosent eitt år tidlegare. Det er forsikringskundane som sit med risikoen av aksjeinvesteringane i desse selskapa. Plasseringa i obligasjonar og sertifikat utgjorde 17 prosent av forvalta kapital, mot 21 prosent ved utgangen av 2004. Fondsforsikringsselskapa hadde i gjennomsnitt ei kapitaldekning på 11,1 prosent, og alle selskapa tilfredsstilte kravet til kapitaldekning på 8 prosent.

For dei største pensjonskassene (som utgjorde 80 prosent av den samla forvalta kapitalen til pensjonskassene) var det ei betring i resultat i 2005 samanlikna med 2004. Fleire av dei store pensjonskassene har hatt ein høg prosentdel aksjar i balansen, og den delen har auka i siste åra. Pensjonskassene har ein lågare prosentdel aksjar som er plasserte i utanlandske aksjar enn det livsforsikringsselskapa har, og derfor har pensjonskassene i større grad drege fordel av den sterke oppgangen på Oslo Børs. Samla verdijustert kapitalavkastning var 12,7 prosent i 2005 mot 8,2 prosent i 2004. Til samanlikning hadde livsforsikringsselskapa verdijustert kapitalavkastning på 8,1 prosent. Dei private pensjonskassene hadde ein større aksjedel som del av forvalta kapital enn dei kommunale, og det gav høgare kapitalavkastning i dei private pensjonskassene, 14,0 prosent mot 9,5 prosent.

Bufferkapitalen til pensjonskassene blei styrkt gjennom 2005, og utgjorde 13,7 prosent av samla forvalta kapital ved utgangen av året. Premiefond utgjorde 6 prosent av forvalta kapital på same tidspunkt.

Skadeforsikringsselskap (43 selskap) hadde i 2005 eit samla resultat av ordinær verksemd på 6,4 milliardar kroner, som svarer til 24,2 prosent av premieinntekter for eiga rekning. I 2004 hadde dei same selskapa eit resultat av ordinær verksemd på 0,8 milliardar kroner. For selskapa samla var det betring i lønnsemda i den forsikringsrelaterte verksemda og betring i finansinntekter som medverka til betring i resultat av ordinær verksemd. Av dei 43 selskapa i utvalet hadde to selskap negativt resultat i 2005.

Skadeforsikringsmarknaden er dominert av dei fire største skadeforsikringsselskapa, If Skadeforsikring NUF, Gjensidige Forsikringsgruppen, Vesta Skadekonsern og SpareBank 1 Skadeforsikring. Den norske filialen av If er under tilsyn av den svenske Finansinspektionen, og har dermed ikkje ordinær rapporteringsplikt til Kredittilsynet. Dei tre største skadeforsikringsselskapa, når ein ser bort frå If Skadeforsikring, hadde eit resultat av ordinær verksemd på 5,4 milliardar kroner, mot 2,7 milliardar kroner i 2004. Dei tre konserna hadde sterk auke i premieinntektene i 2005, og over halvparten av veksten kjem av ein nedgang i gjenforsikringsdelen. Veksten i erstatningskostnader var noko lågare enn veksten i premieinntekter og førte til nedgang i skadeprosenten (erstatningskostnader i prosent av premieinntekter for eiga rekning) med 1,1 prosentpoeng til 67,4 prosent. Driftskostnadene auka meir enn premieinntektene slik at kostnadsprosenten (forsikringsrelaterte driftskostnader i prosent av premieinntekter for eiga rekning) auka med 0,3 prosentpoeng til 21,2 prosent i samanlikna med 2005. Gjensidige Forsikring realiserte ein gevinst på 1,3 milliardar kroner som følgje av sal av aksjar i DnB NOR i 2005. Dette medverka til auken i finansinntektene. God avkastning i aksjemarknadene gav òg betring i finansinntektene. Netto finansinntekter var 3,7 milliardar kroner i 2005, mot 1,5 milliardar kroner i 2004.

Den samla forvalta kapitalen i dei tre største skadeforsikringskonserna var 64,0 milliardar kroner ved utgangen av 2005. Dette er 15 prosent høgare enn ved utgangen av 2004. Dei tre skadeforsikringskonserna reduserte eksponeringa i aksjemarknaden i 2002. I 2005 har det vore betydeleg auke i aksjedelen av forvalta kapital, og samanlikna med utgangen av 2004 auka aksjedelen med 10 prosentpoeng til 14 prosent. Obligasjonar og sertifikat som er vurderte som omløpsmidlar, viste samstundes nedgang frå 56,1 prosent av forvalta kapital ved utgangen av 2004 til 46,5 prosent ved utgangen av 2005.

Alle konserna tilfredsstilte minstekrava til forsikringstekniske avsetningar ved utgangen av 2005. Totale forsikringstekniske avsetningar var 39,5 milliardar kroner, ein auke på 10,7 prosent i høve til utgangen av 2004. I same periode har dekningsprosenten (dei faktiske avsetningar i prosent av minstekrav) auka frå 108,1 prosent til 109,0 prosent.

Den samla ansvarlege kapitalen i dei tre skadeforsikringskonserna var 10,6 milliardar kroner ved utgangen av 2005, mot 9,0 milliardar ved utgangen av 2004. Den sterke auken reflekterer betringa i resultat i 2005.

Tabell 2.6 Resultatpostar for dei tre skadeforsikringskonserna samla. Millionar kroner og i prosent av premieinntekter for eiga rekning (f.e.r.)

  20052004
  Mill. kronerI prosentMill. kronerI prosent
Premieinntekter f.e.r.22 95420 985
Pådregne skadar f.e.r.15 47867,414 36868,5
Forsikringsrelaterte driftskostnader f.e.r.4 86821,24 38420,9
Teknisk resultat1 6627,21 2135,8
Netto finansinntekter3 71616,21 5067,2
Resultat av ordinær verksemd5 37623,42 71512,9

Resultat av teknisk rekneskap er eksklusive allokert investeringsavkastning.

Kjelde: Kredittilsynet

2.4.3 Finansieringsføretak

Finansieringsselskapa hadde eit resultat av ordinær verksemd på 1,6 milliardar kroner, tilsvarande 1,78 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. For finansieringsselskapa medverka noko lågare tap på utlån til betringa i resultat. Det var samstundes fall i netto renteinntekter som del av forvalta kapital. Finansieringsselskapa hadde samla ein vekst i utlån til kundar på 18,2 prosent, noko som var høgare enn veksten i bankane. Kjernekapitaldekninga var 9,6 prosent ved utgangen av året, det same som ved utgangen av 2004.

Kredittføretaka hadde eit resultat av ordinær verksemd på 1,0 milliardar kroner i 2005. Dette utgjorde 0,29 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Kredittføretaka hadde negative tap på utlån i 2005. Framleis fall i netto renteinntekter førte likevel til svakare resultat. Kredittføretaka hadde ein vekst i utlån på 17,6 prosent. Samla hadde kredittføretaka ei kjernekapitaldekning på 9,2 prosent ved utgangen av 2005, ein nedgang på 0,4 prosentpoeng samanlikna med utgangen av 2004.

2.4.4 Verdipapirhandel

Verdipapirføretaka fekk til saman driftsinntekter på 11,4 milliardar kroner i 2005. Dette er ein auke på 3,5 milliardar kroner (44 prosent) frå 2004. Det er store skilnader i inntekts­utvikling mellom dei enkelte verdipapirføretaka. Nær ein firedel av verdipapirføretaka fekk lågare driftsinntekter i 2005 enn i 2004. Dette gjeld både verdipapirføretak som er bank, og verdipapirføretak som ikkje er bank. Det var ti av verdipapirføretaka som stod for 76 prosent av dei samla driftsinntektene i 2005. Rapporteringa som Kredittilsynet mottek, inneheld ikkje kostnadstal for verdipapirføretak som er bank. Driftsresultat er følgjeleg berre kommenterte for verdipapirføretak som ikkje er bank.

Verdipapirføretaka som ikkje er bank, fekk eit driftsresultat på 3 603 millionar kroner i 2005. Dette er ein auke på 1 919 millionar kroner (114 prosent) samanlikna med 2004. Drifts­inntektene for verdipapirføretaka som ikkje er bank, blei 7 371 millionar kroner i 2005, noko som er ein auke på 2 608 millionar kroner (55 prosent) i forhold til 2004. Samstundes gjekk driftskostnadene opp med 690 millionar kroner (22 prosent) til 3 768 millionar kroner frå 2004 til 2005. Dei viktigaste inntektskjeldene for verdipapirføretaka som ikkje er bank, er mekling av eigenkapital- og gjeldsinstrument, aktiv forvaltning av investorars porteføljar og emisjons- og rådgivingsverksemd. Verdipapirføretaka som ikkje er bank, fekk i 2005 inntekter frå mekling av eigenkapital- og gjeldsinstrument (sum kurtasjehandel og nettohandel) på 2 110 millionar kroner, noko som er ein auke på 615 millionar kroner (41 prosent) frå 2004.

Inntektene frå emisjons- og rådgivingsverksemd blei 2 540 millionar kroner i 2005 for verdipapirføretaka som ikkje er bank. Dette er ein oppgang på 1 245 millionar kroner (96 prosent) frå 2004. Inntektene frå aktiv forvaltning blei 844 millionar kroner i 2005 for verdipapirføretaka som ikkje er bank – noko som er om lag det same som i 2004. Gjennom 2004 og 2005 er det overført verksemd frå verdipapirføretak til fonds­forvaltningsselskap med løyve til aktiv forvaltning og filialar av utanlandske føretak. Verdipapirføretaka som ikkje er bank, og som har rapportert inntekter frå aktiv forvaltning gjennom heile 2004 og 2005, fekk til saman ein auke i desse inntektene på 328 millionar kroner (74 prosent) frå 2004 til 2005. I løpet av 2005 auka kapitalen under aktiv forvaltning frå 261 til 262 milliardar kroner.

For verdipapirføretaka som er bank, blei driftsinntektene til saman 4 028 millionar kroner i 2005. Dette er ein auke på 868 millionar kroner (27 prosent) samanlikna med 2004. Bankane sine inntekter frå investeringstenesteverksemda er i stor grad knytt til handel i gjelds­instrument og valuta (både underliggjande og derivat). Handel med andre finansielle instrument (medrekna valutaderivat) gav verdipapirføretaka som er bank, samla ein gevinst på 1 517 millionar kroner i 2005. Samanlikna med 2004 er dette ein auke på 790 millionar kroner (109 prosent). Andre inntekter frå investerings- og tilleggstenester (medrekna spothandel i valuta) blei 1 109 millionar kroner i 2005. Dette er 57 millionar kroner (5 prosent) mindre enn i 2004. Verdipapirføretaka som er bank, fekk i 2005 til saman netto inntekter på 40 millionar kroner frå eigenhandel («market making») i eigenkapital- og gjeldsinstrument. Dette er ein nedgang på 322 millionar kroner (89 prosent) frå 2004.

Forvaltningskapitalen i norskregistrerte verdipapirfond var 271,3 milliardar kroner ved utgangen av 2005, mot 181,4 milliardar kroner ved utgangen av 2004. Nettoteikninga var positiv med 54,2 milliardar kroner i 2005. Verdistigninga på investerte midlar i 2005 var 35,7 milliardar kroner. Ved utgangen av 2005 var det 2,1 millionar partseigarforhold i norskregistrerte verdipapirfond, uforandra i forhold til 2004. Ein einskild investor kan vere partseigar i fleire ulike verdipapirfond.

Det meste av auken i forvaltningskapital i 2005 var i aksjefond og pengemarknadsfond. Forvaltningskapitalen i aksjefonda auka med 49,3 milliardar kroner (51 prosent). Av dette var 11,5 milliardar kroner nettoteikning, mens avkastninga var 37,8 milliardar kroner. Forvaltningskapitalen i pengemarknadsfonda auka med 28,9 milliardar kroner (57 prosent). Nettoteikninga i pengemarknadsfonda var i 2005 på 29,7 milliardar kroner. Avkastninga i pengemarknadsfonda blei på – 0,8 milliardar kroner i 2005.

Driftsinntektene til forvaltningsselskapa var 3,10 milliardar kroner 2005. Dette er ein auke på 0,69 milliardar kroner (28 prosent) samanlikna med 2004. Forvaltningsselskapa sine inntekter frå aktiv forvaltning var 342 millionar kroner i 2005, noko som er ein auke på 111 millionar kroner (48 prosent) frå 2004. Ved utgangen av 2005 var 438,4 milliardar kroner til aktiv forvaltning hos forvaltningsselskapa, ein auke på 59,9 milliardar kroner (16 prosent) frå utgangen av 2004.

2.5 Nærmare om ulike risikoar i finansmarknadene

Finansmarknadene har først og fremst som oppgåve å leggje til rette for at aktørane kan allokere ressursar over tid, og skal gjere det mogleg for aktørane å omfordele risikoen seg imellom. Denne allokeringa og omfordelinga består i at aktørane handlar seg imellom med gjelds- og fordringsinstrument. I praksis vil slik handel som regel skje via ein mellommann i form av ein finansinstitusjon. Gjennom denne handlemåten tek finansinstitusjonane på seg forpliktingar og ein ikkje uviktig risiko. Robuste og effektive finansmarknader og betalingssystem krev derfor god risikostyring i finansnæringa. På grunn av det økonomiske samspelet mellom finansinstitusjonane kan veike sider i ein institusjon føre til forstyrringar og få følgjer for heile finansmarknaden. Blir problema store nok, kan det finansielle systemet svekkjast, og det kan få store følgjer for samfunnet.

Styresmaktene førebyggjer soliditetskriser og finansielle kriser gjennom dei krava som blir fastsette i lover og forskrifter, og gjennom tilsyn. I tillegg overvaker og vurderer styresmaktene ved å peike på trekk i utviklinga som har verknad for institusjonane og det finansielle systemet framover. Når denne vurderinga blir gjord, er det vanleg å skilje mellom fleire former for risiko. Dei viktigaste typane risiko er marknadsrisiko, kredittrisiko, likviditetsrisiko og operasjonell risiko.

2.5.1 Marknadsrisiko

Marknadsrisiko er risiko for økonomisk tap (eller gevinst) på finansielle eigedelar som aksjar, obligasjonar og valuta, som følgje av endra verdsetjing i marknadene. Finansinstitusjonane plasserer midlar i verdipapir­marknadene, og resultata deira blir derfor påverka av kursendringar. Men også hushalda investerer større beløp, særleg i aksjar. Saman med utviklinga i prisane på bustader er børsutviklinga såleis med på å påverke formuessituasjonen til hushalda, og – via såkalla formueseffektar – deira kjøp av varer og tenester.

Mens norske bankar i avgrensa grad er utsette for marknadsrisiko, er forsikringsselskapa mykje meir utsette, fordi store delar av forvaltningskapitalen er plasserte i verdipapir. Aksjedelen i porteføljane til selskapa har auka noko, særleg som følgje av verdiauken. Fluktasjonar (volatilitet) i marknadsverdi påverkar derfor institusjonane si evne til å innfri forpliktingane sine. Aksjedelen er likevel ikkje større enn at marknadsrisikoen synest moderat. Når det gjeld rentepapir, blir ein stor del av desse haldne til forfall slik at endringar i marknadsrenta ikkje får verknader for verdsetjinga i rekneskapane til selskapa.

Både omsetninga og kursane på Oslo Børs har auka kraftig i 2005, og det er sett ei rekkje noteringsrekordar. Utviklinga på Oslo Børs kjem av at den norske marknaden blir dominert av oljeselskap og andre store eksportbedrifter som nyt godt av dei høge råvareprisane. Oktober 2005 snudde utviklinga seg markant, med eit fall på over 15 prosent på dryge to veker, men kursane har sidan henta inn att nedgangen. Frå årsskiftet til 8. desember har Morgan Stanleys verdsindeks og Oslo Børs auka med høvesvis 13,1 og 38,4 prosent. Fordi Oslo Børs har eit stort innslag av selskap som produserer olje og andre råvarer, blir utviklinga på Oslo Børs sterkt følsam for endringar i olje- og råvareprisar. Desse prisane blir fastsette på verdsmarknaden og syner større variasjonar enn mange andre vareprisar. Dette er med på å forklare kvifor svingingane på Oslo Børs gjerne er sterkare enn på mange andre børsar.

Pengemarknadsrentene har blitt prega av at fleire sentralbankar har sett opp styringsrenta. I USA er renta heva med heile 3 prosentpoeng på eitt og eit halvt år, og Den europeiske sentralbanken valde å heve renta i desember for første gong på fem år, men frå eit lågt nivå. Også Noregs Bank har sett opp renta to gonger i 2005, til 2,25 prosent. Dei lange rentene synest i mindre grad å bli påverka av utviklinga i styringsrentene, og etter ei mellombels stigning i første kvartal 2005 blei lange amerikanske renter lågare gjennom sommaren. Frå september har renta likevel trekt oppover igjen, hovudsakleg som følgje av gode konjunkturutsikter, og ved inngangen av desember 2005 låg ho på 4,5 prosent. Dei norske og europeiske lange rentene har i store delar av 2005 følgt dei amerikanske, men på lågare nivå, noko som reflekterer svak økonomisk utvikling i euroområdet og lite inflasjonspress i norsk økonomi. Ved inngangen av desember 2005 var renta på tyske tiårige statsobligasjonar 3,4 prosent, mens den tilsvarande renta i Noreg var 3,9 prosent. Dei låge rentene og den låge volatiliteten i dei internasjonale pengemarknadene som har vart ei tid, kan ha ført til auka interesse blant investorane for plassering i andre typar rentepapir med større forventa avkastning og risiko.

2.5.2 Kredittrisiko

Når ein talar om kredittrisiko i samanheng med finansiell stabilitet, legg ein naturleg vekt på den risikoen finansinstitusjonane tek på seg, mellom anna gjennom utlåna sine til publikum. Kredittrisikoen er risikoen for at bankar eller andre kredittinstitusjonar ikkje mottek betaling i samsvar med avtale, og at långivar blir påført tap som følgje av dette. Denne typen risiko varierer frå institusjon til institusjon. Ei årsak til dette er at finansinstitusjonane stiller ulike krav til låntakars soliditet. Dess strengare krav, dess mindre kredittrisiko er det sannsynleg at institusjonen tek. I tillegg vil kvaliteten på kredittvurderinga, og institusjonen si fordeling av låneportefølje på ulike bransjar, ha noko å seie. Som det kjem fram under omtalen av bankane i avsnitt 2.4.1, er desse no ganske solide og kan ta større tap før ein kan snakke om at den finansielle stabiliteten er trua.

Den innanlandske kredittveksten til publikum har vore aukande dei siste to åra, og i desember 2005 var 12-månadersveksten 13,3 prosent, mot 6,8 prosent ved årsskiftet 2003/2004. Oppgangen i kredittveksten kjem særleg auka utlånsvekst i bankane det siste året.

Utviklinga i kredittmarknaden speglar i stor grad konjunkturbiletet. Hushalda har vore i ei gunstig stilling dei siste åra, med god inntektsvekst og relativt låg arbeidsløyse. Den kraftige rentenedsetjinga frå 2002 betra kjøpekrafta til hushalda og førte til fornya oppgang i bustadprisane. Trass i at Noregs Bank har heva styringsrenta to gonger sidan juli, er rentenivået framleis lågt og er med på å halde oppe veksten i bustadprisane. Den kraftige oppgangen i bustadmarknaden har ført til at kredittveksten i hushalda dei siste seks åra har lege på eit svært høgt nivå. I løpet av 2005 har veksten auka mykje, og i desember var han på 12-månadersbasis på 13,4 prosent. Dette er det høgaste som er målt sidan statistikken blei oppretta i desember 1988. Berekningar frå Noregs Bank viser at kredittveksten til hushalda ikkje reagerer på endringar i bustadprisane før det har gått ei tid. Som følgje av framleis god vekst i bustadprisane er det venta at kredittveksten til hushalda blir verande på eit høgt nivå også ei tid framover.

Utlån til hushalda har auka ein god del dei siste åra. Utlån til lønnstakarar utgjer om lag 90 prosent av låna til hushalda, som elles omfattar sjølvstendig næringsdrivande og personlege føretak. Utlån til lønnstakarar auka med 15 prosent i 2005. Nær 90 prosent av låna til lønnstakarar er gitt med pant i bustad. Veksten med pant i bustad har vore høg over lang tid, og bustadlåna i bankane har auka med 16 prosent i 2005. Utlånsveksten til ikkje-finansielle føretak var 14,6 prosent ved utgangen av 2005. Kredittrisikoen for bankane i forhold til hushalda og ikkje-finansielle føretak er nærmare omtala i avsnitta nedanfor.

2.5.2.1 Kredittrisiko ved lån til hushalda

Hushalda si evne til å bere gjeld kan målast med gjelds- og rentebelastninga. Gjeldsbelastninga uttrykkjer forholdet mellom gjeld og inntekt, mens rentebelastninga uttrykkjer forholdet mellom renteutgifter og inntekt.

Det har vore stor merksemd kring låna hushalda har, i dei siste kredittmeldingane. Grunnen er at hushalda si brutto gjeld har auka vesentleg dei siste åra. Gjeldsveksten har vore mykja høgare enn inntektsveksten og har gitt ein kraftig oppgang i gjeldsbelastninga. Det er i første rekkje bustadlån som har auka sterkt. Dette må sjåast i lys av utviklinga i bustadprisane dei siste åra. Utlånsveksten har likevel vore høgare enn veksten i bustadprisane, som i 2005 auka med 9,2 prosent (NEF/Econ).

Aktiviteten i bustadmarknaden er høg. Både prisveksten, omsetninga og nybygginga av bustader er på høge nivå. I november 2005 var NEF/Econs bustadprisar 140 prosent høgare enn i det siste toppåret, som var 1987. Korrigert for inflasjon var prisane 49 prosent høgare. Samanlikna med botnåret 1992 er prisane nominelt 244 prosent, og reelt sett 163 prosent høgare. Prisane har i perioden frå 1992 stige sterkt for alle typar bustader.

Figur 2.2 Deler av lån innanfor ulike belåningsgrader

Figur 2.2 Deler av lån innanfor ulike belåningsgrader

Kjelde: Kredittilsynet

Kredittilsynet har sidan 1994 gjennomført undersøkingar av korleis bankane praktiserer utlån med pant i bustad. I undersøkinga som blei gjennomført hausten 2005, rapporterte 29 bankar data om 100 nye bustadlån kvar. Dei 29 bankane stod for om lag 86 prosent av totale bustadlån frå bankar i Noreg. Sjølv om det var ein viss nedgang i delen av lån til refinansiering i den siste undersøkinga, var over halvparten av låna framleis til dette formålet. Av desse låna var kvart sjuande lån refinansiering av lån frå ein annan långivar. Året før gjaldt dette berre kvart ellevte lån.

For 37 prosent av den rapporterte porteføljen hadde lånet ein belåningsgrad (lånesum i forhold til bustaden sitt verdigrunnlag) på over 80 prosent, ein nedgang på 2 prosentpoeng frå eitt år tidlegare. Lån som steig over verdigrunnlaget, utgjorde 12 prosent, ein svak nedgang frå året før. For slike lån var det for fire av ti lån ikkje knytt (tilstrekkeleg) tilleggssikkerheit for å bringe totalsikkerheita opp til lånesummen. Det var likevel ei viss betring frå undersøkinga som blei gjennomført hausten 2004. Belåningsgraden for lån som gjekk til kjøp av bustad, viste ein viss auke frå året før, idet lån utover 80 prosent av verdigrunnlaget steig frå 57 til 59 prosent av porteføljen i undersøkinga.

Den spesielle strukturen i norske eigedomsmarknader der relativt få leiger har gjort at bustadprisutviklinga heng saman med omfanget av førstegongsetableringar. Eit stort innslag av bustadmarknadsklatring gjer at tilgangen på førstegongsetablerarar ei viktig drivkraft for prisane i alle marknadssegment.

Også veksten i lån utan pant i bustad (andre lån, som forbrukslån) har auka. Andre lån kan vere gitt med sikkerheit i andre typar formuesobjekt, som for eksempel bil, båt eller verdipapir, eller dei kan vere gitt som usikre lån. Det er likevel grunn til å understreke at ein vesentleg del av lån til finansiering av forbruk også blir gitt som lån med pant i bustad. Nye låneprodukt blir marknadsførte med at det er mogleg å finansiere forbruk ved å ta opp lån på bustaden. Produkta er i stor grad retta mot eldre låntakarar, med lågt eller ikkje noko lån på bustaden.

Eit viktig trekk i utviklinga er derfor at gjeld i prosent av disponibel inntekt har auka for hushald med låg og middels inntekt. Også yngre hushald har høg og aukande gjeldsbelastning.

Som følgje av den kraftige rentenedgangen frå desember 2002 har rentebelastninga på hushalda likevel blitt lågare.

Figur 2.3 Hushalda si gjeldsbelastning1
 og rentebelastning2
 .
 Kvartalstal 4. kv. 87 til 4. kv. 083

Figur 2.3 Hushalda si gjeldsbelastning1 og rentebelastning2 . Kvartalstal 4. kv. 87 til 4. kv. 083

1 Lånegjeld i prosent av likvid disponibel inntekt

2 Renteutgifter etter skatt i prosent av likvid disponibel ­inntekt pluss renteutgifter

3 Tala for perioden 2006-2008 er framskrivingar

Kjelde: Noregs Bank

Ifølgje figur 2.3 er hushalda si gjeldsbelastning no på ca. 170 prosent. Framskrivingane av hushalda si gjelds- og rentebelastninga er baserte på referansebana i Noregs Banks Inflasjonsrapport 3/05 og estimerte relasjonar for bustadprisar og hushalda si gjeld. Berekningane byggjer ikkje på ein fullstendig modell for porteføljevala og spareåtferda til hushalda i samspel med andre sektorar, men på ein forenkla analyse av samanhengane mellom rente, bustadprisar og låneopptak, m.a. Framskrivingane indikerer ei gjeldsbelastning på over 200 prosent i 2008.

Oppbygginga av gjeld vil føre til at hushalda sine renteutgifter aukar vesentleg når renta kjem opp på eit meir normalt nivå. Korleis hushalda taklar ein slik situasjon, er avhengig av hushalda si økonomiske stilling på tidspunktet. Kjem renteauken på eit tidspunkt då økonomien er i oppgang, og då arbeidsløysa er låg og bustadprisane held seg oppe, vil truleg hushalda kunne greie å betale ned låna. Hushalda som ikkje maktar å betale renta og avdrag, kan då selje bustaden utan tap, og i beste fall med ein gevinst. Kjem vi i ein situasjon med høg arbeidsløyse og fallande bustadprisar, kan delar av hushalda kome i ein vanskeleg situasjon og få problem med å betale ned gjelda.

Den høge gjeldsbelastninga kan òg påverke handlemønsteret til hushalda, og kan redusere etterspørselsveksten etter varer og tenester. Dette kan føre til ei svakare lønnsemd og svakare evne for føretaka til å betale ned gjeld. Det kan igjen gi auka tap i finansinstitusjonane. Dess høgare gjelda i hushalda er, dess sterkare kan ein slik verknad frå hushald til føretak bli. Den høge gjeldsbelastninga i hushalda kan dermed gi auka kredittrisiko for bankane både ved lån til hushalda og ved lån til næringslivet.

Boks 2.5 Utviklinga i bustadprisane

(sitert frå Norges Banks rapport «Finansiell stabilitet 2/2005»)

«Bustadprisane har auka vesentlig i fleire land i seinare år, sjå figur 2.4. I Noreg har bustadprisane auka med over 40 prosent dei siste fem åra. Høgare bustadprisar er ei viktig drivkraft for auka gjeld og formue i hushalda, og gjelda er i stor grad sikra med pant i bustad. Dersom prisane på bustader skulle falle, kan det gi auka utlånstap i bankane. Det er derfor eit viktig spørsmål om bustadprisane no er overvurderte i forhold til kva fundamentale faktorar tilseier.

Bustadprisane blir fastsette av tilbod og etterspørsel. Tilbodet er likevel nokså stabilt på kort sikt, sidan tal på nye bustader per år er låge samanlikna med den totale bustadmassen. Bustadprisane vil derfor i hovudsak variere med etterspørselen på kort sikt. Etterspørselen er i stor grad avhengig av rentekostnader og hushalda sine inntekter, samt forventningar om framtidig rente- og inntektsutvikling.

Utviklinga i arbeidsmarknaden har også innverknad på etterspørselen etter eigarbustader. Lågare arbeidsløyse fører til auke i bustadprisane, sidan det gir forventningar om høgare lønnsvekst og utryggleik om framtidig betalingsevne. I tillegg vil bustadetterspørselen avhenge av demografiske forhold som samlivsmønster, befolkninga sin storleik og talet på personar i etableringsfasen.

Ettersom alternativet til å eige ein bustad er å leige, blir ofte utviklinga nytta i forholdet mellom bustadprisar og husleiger til å vurdere om bustadprisane er overvurderte i forhold til ein langsiktig verdi. Dersom bustadprisane aukar i forhold til husleigene, vil den forventa avkastninga av å kjøpe bustader for utleige minke, og samtidig blir det relativt billigare å leige framfor å kjøpe. Den dempar etterspørselen etter eigarbustader, og fører til at bustadprisane blir pressa ned og marknadsleigene opp. Forholdet mellom bustadprisar og husleiger kan derfor vere stabilt over tid.

Dersom bustadprisane aukar meir enn byggje- og tomtekostnadene, blir fleire bustadprosjekt lønnsame. Det gir auka nybygging, som over tid fører til lågare bustadprisar og høgare byggje- og tomtekostnader. Forholdet mellom bustadprisar og byggje- og tomtekostnader er derfor truleg stabile på lang sikt.

Figur 2.5 viser bustadprisane deflaterte med husleiger og byggjekostnader. Ifølgje desse indikatorane er bustadprisane no på eit høgt nivå. Figuren viser også forholdet mellom bustadprisar og hushalda si disponible inntekt, og forholdet mellom bustadprisar og dei samla lønnsinntektene i økonomien. Bustadprisane er høge også sett i forhold til inntektsstorleikane, men lågare enn eller nær det førre toppnivået i 1987.

Indikatorane i figur 2.5 måler likevel ikkje om bustadprisane er overvurderte i forhold til husleige, byggjekostnader og inntekter, eller om dei er høge som følgje av utviklinga i andre fundamentale faktorar. For eksempel er renta og renteforventningar viktige forklaringsfaktorar. Det langsiktige realrentenivået, både i Noreg og internasjonalt, har vore på eit lågt nivå sidan sommaren 2004. Dersom det låge langsiktige realrentenivået skulle vare, vil det isolert sett gi eit varig høgare bustadprisnivå. Det vil også føre til at det mogelege langsiktige forholdet mellom bustadprisar og husleiger, og forholdet mellom bustadprisar og inntekter, blir høgare.

Figur 2.4 Bustadprisar. Prosentvis endring. Siste ti år og siste
 fem år

Figur 2.4 Bustadprisar. Prosentvis endring. Siste ti år og siste fem år

Kjelde: EcoWin, FINN.no, ECON, Norges Eiendoms­meglerforbund (NEF) og Eiendomsmeglerforetakenes Forening (EFF)

Ei alternativ tilnærming til å studere indikatorar er å estimere ein empirisk modell med fundamentale faktorar som forklaringsvariablar. Ein kan deretter, under visse vilkår, nytte avviket mellom faktiske og setja bustadprisar som mål på om dei er overvurderte eller ikkje i forhold til ein utrekna fundamentalverdi. Ein empirisk modell for bustadprisane er tidlegare presentert i Finansiell stabilitet 1/2004. Modellen var estimert på kvartalsdata frå andre kvartal 1990 til fyrste kvartal 2004. Ifølgje denne modellen blir bustadprisane fastsette av bustadmassen, arbeidsløyseraten, bankane si utlånsrente etter skatt, dei samla lønnsinntektene i økonomien og ein indikator for hushalda sine forventningar til eigen økonomi og landet sin økonomi. Demografiske endringar har berre indirekte effektar i modellen ved at dei påverkar dei samla lønnsinntektene i økonomien.

Figur 2.5 Bustadpris deflatert med husleige­indeks i KPI, byggjekostnader,
 den disponible inntekta til hushaldningane og samla lønnsinntekter. Indeksar,
 1985=100. Årstal. 1985-20051

Figur 2.5 Bustadpris deflatert med husleige­indeks i KPI, byggjekostnader, den disponible inntekta til hushaldningane og samla lønnsinntekter. Indeksar, 1985=100. Årstal. 1985-20051

1 Anslag for 2005

Kjelde: Statistisk sentralbyrå, NEF, EFF, FINN.no, ECON og Noregs Bank

Figur 2.6 viser dei berekna bidraga frå modellen sine forklaringsfaktorar til faktisk bustadprisvekst. Figuren indikerer at ein vesentlig del av bustadprisutviklinga i seinare tid kan forklarast av endringar i grunnleggjande faktorar som rente, inntekter, arbeidsløyse og nybygging. Ein stor del av perioden vist i figur 2.6 er likevel også del av modellen sin estimeringsperiode. Dersom vi skal nytte modellen til å vurdere om bustadprisvoksteren i seinare tid ikkje kan forklarast av fundamentale faktorar, bør vi estimere modellen over ein kortare periode, og deretter simulere den framover. Dersom bustadprisane no er overvurderte, vil vi vente at slike modellvariantar ikkje kan forklare heile prisvoksteren i seinare tid.

Noregs Bank har utført ein slik analyse, der modellen er estimert over kortare periodar, og deretter simulert over dei fem siste åra. Ved slike berekningar er det faktiske bustadprisnivået i tredje kvartal i år mellom sju og ti prosent høgare enn nivåa som følgjer av simuleringane. Avviket kan skuldast at bustadprisane har auka meir enn kva fundamentale forhold skulle tilseie, men kan også vere forårsaka av endringar i fundamentale forklaringsfaktorar som ikkje inngår i modellen. For eksempel vil modellen ikkje fange opp ein mogeleg effekt på bustadprisane av den markerte auken i aksjeutbyte sidan 2002. I tillegg kan bustadprisane ha blitt trekte opp av forventningar om at det låge rentenivået vil vare ved.

Samla sett indikerer analysen at bustadprisane er noko høge i forhold til kva fundamentale faktorar skulle tilseie. Det er likevel stor utryggleik knytt til berekningar av ein fundamentalverdi for bustadprisane. Ein gradvis auke i rentenivået vil truleg hjelpe til lågare bustadprisvokster framover. Den dempar faren for ein betydeleg korreksjon i bustadprisane lenger fram i tid.»

Figur 2.6 Bustadprisar og berekna bidrag frå lønnsinntekter,
 bustadmasse (nybygging), arbeidsløyse, rente og forventningsvariabel. Bidrag
 i prosentpoeng til firekvartalsveksten

Figur 2.6 Bustadprisar og berekna bidrag frå lønnsinntekter, bustadmasse (nybygging), arbeidsløyse, rente og forventningsvariabel. Bidrag i prosentpoeng til firekvartalsveksten

Kjelde: NEF, EFF, FINN.no, ECON og Noregs Bank

2.5.2.2 Kredittrisiko ved lån til ikkje-finansielle føretak

Etter lågkonjunktur og konsolidering i dei ikkje-finansielle føretaka fram til sommaren 2003 har kredittveksten vore aukande. I desember 2005 var årsveksten i innanlandsk kreditt på heile 14,6 prosent, det vil seie litt høgare enn for hushalda. (Årsveksten i utanlandsk kreditt var negativ, så tala gir eit overdrive inntrykk av samla kredittauke.)

Bedriftene sine investeringar har i stor grad vore styrte av låg rente og auka aktivitet, kombinert med betre lønnsemd. I tråd med oppgangskonjunkturen har både investeringsveksten og kredittveksten vore stigande det siste året. Den høge innteninga i føretaka har medverka til eit fall i gjeldsbelastninga.

Bankane står for ein hovuddel av utlåna til næringslivet. Sjølv om DnB og Nordea har hatt langt lågare prosentvis vekst i slike lån enn Fokus Bank, Handelsbanken og SpareBank 1 SR-Bank, så har den absolutte utlånsauken frå dei to storbankane likevel vore noko større.

Bankutlån til eigedomsdrift og forretningsmessig tenesteyting dominerer med om lag halvparten av bankane sine næringslivslån. Årsveksten fram til tredje kvartal 2005 var på 16,3 prosent. Lån til utvinning av olje og gass viste desidert høgast årsvekst med 128 prosent, men slike lån tilsvarer berre om lag ein hundredel av låna til eigedom og forretningsmessig tenesteyting.

Konkrete vurderingar av kredittrisiko i forhold til enkeltkundar og næringar speler ei stor rolle for om bankane gir samtykke til nye lån. Vurderingane omfattar betalingsevne i forhold til renter, og kva sikkerheit som blir stilt, og får følgjer for kva lån som faktisk blir gitt. Bankane sin utlånspraksis blir påverka vidare mellom anna av kapitalkrav (sjå nærmare om Basel II) og av avgrensingar i storleiken på lån til enkeltkundar.

Talet på konkursar i 2005 var 18 prosent lågare enn i 2004. Utsikter til god lønnsemd tyder på at konkursraten kan halde seg moderat også i inneverande år. Anslag for utviklinga når det gjeld sannsynlege konkursar og misleghald av lån, blir gjennomført av fleire private og offentlege aktørar. Noregs Banks konkursprediksjonsmodell SEBRA indikerer at det gjeldsvekta sannsynet for konkursar går ned i alle dei store næringane, og er på eit lågt nivå. Ved utgangen av 2005 vurderte sentralbanken kredittrisikoen ved utlån til nærings­marknaden som framleis relativt låg på kort sikt. Basert på nemnde SEBRA-modell gjennomførte Kredittilsynet i tredje kvartal 2005 ei risikoklassifisering av 60 prosent av dei store engasjementa til dei ti største bankane. 98 prosent av desse blei klassifiserte som låg risiko. Ingen blei klassifiserte som høg risiko. Den gunstige utviklinga i norsk næringsliv blir såleis spegla i vurderinga av misleghaldssannsynet for alle næringar.

Sidan 1998 har Kredittilsynet årleg undersøkt bankane si eksponering mot utvalde næringar. Undersøkinga for 2005 omfatta shipping, verftsindustri, offshoreindustri, utvinning av olje og gass, fiske og fangst, oppdrettsnæringa, eigedomsdrift og bygg og anlegg. Bygg og anlegg blei inkludert i 2004, mens fiske og fangst blei inkludert i 2005. Utvalet består av dei elleve største bankane, og analysen er basert på bankane sine eigne risikovurderingar og klassifiseringar. For bankane i undersøkinga auka samla løyvde sum med 18 prosent frå tredje kvartal 2004 til tredje kvartal 2005. Per tredje kvartal 2005 var det nedgang i lån for offshoreindustrien, oppdrettsnæringa og bygg og anlegg. Shipping og eigedomsdrift er dei to største næringane målte i utlånsvolum, og det har vore ein stor auke i løyvd sum til dei to næringane samanlikna med tredje kvartal 2004. Undersøkinga per tredje kvartal 2005 viste at alle næringane hadde redusert høgrisikodelen i forhold til trekt engasjement samanlikna med året før, med unnatak av verftsindustrien og utvinning av olje og gass. Reduksjonen var størst innanfor oppdrett, der bankar har konvertert lån til aksjar.

Figur 2.7 Gjeldsbelastning før skatt i utvelde næringar.
 Prosent av kontantoverskot. Årstal 1994-20041

Figur 2.7 Gjeldsbelastning før skatt i utvelde næringar. Prosent av kontantoverskot. Årstal 1994-20041

1 Unntatt Bergverksdrift

Kjelde: Noregs Bank

Den vidare utviklinga i bankane sin kredittrisiko knytt til utlån til føretakssektoren er primært avhengig av føretaka si inntektsutvikling og av utviklinga i renta. Desse forholda er i sin tur nær knytte til den generelle konjukturutviklinga både i Noreg og internasjonalt. Kredittrisikoen kan endrast raskt som følgje av økonomiske sjokk.

Det tek tid å tilpasse ein låneportefølje til endringar i risikobiletet. At kredittrisikoen verkar forsvarleg på kort sikt, utelukkar ikkje at ein bank kan oppleve større misleghald og tap i framtida. Hushald heftar personleg for låna, og slike lån er for ein stor del godt sikra i bustadpant. I kontrast til dette er storparten av næringslivslåna gitt til selskap med avgrensa ansvar (AS), og med panteobjekt som gjennomgåande har ein lågare og meir usikker verdi enn bustadpant.

Sjølv med aukande kredittvekst i næringslivet har gjeldsbelastninga falle også dei siste to åra. Dette kjem av at resultata har vakse raskare enn gjelda.

2.5.3 Likviditetsrisiko

Likviditetsrisiko blir ofte brukt som nemning på risiko knytt til forskjell i løpetid mellom bankars aktiva og passiva. Det typiske er at bankane har brukt innskot som kunden disponerer utan oppseiingstid, som grunnlag for lån med lengre løpetid. Eit høgt nivå på kortsiktig finansiering vil vere ein risiko for bankane. I heilt spesielle tilfelle kan ein bank oppleve at han ikkje maktar å skaffe nok betalingsmidlar til å betale ned gjeld som avtala med kreditorane, eller å etterkome ønske frå kundane om å ta ut innskot. Dette kan i prinsippet skje sjølv om banken tilfredstiller dei formelle krava til soliditet. Panikk blant innskytarane er ikkje vanleg i velregulerte finansmarknader som den norske, men også mindre dramatiske rørsler i kundeinnskota bidreg i prinsippet til ein viss likviditetsrisiko.

Innskotsveksten i dei norske bankane var ved utgangen av 2005 på 12,1 prosent, og har isolert sett auka samanlikna med 2004. Veksten var likevel lågare enn for utlån, slik at innskotsdekninga fall frå 66 til 64 prosent. Fallande innskotsdekning har auka bankane sitt behov for alternativ finansiering. Innskotsdekninga er lågast i dei store bankane, som til vanleg har god tilgang til finansiering i innanlandske interbank- og verdipapirmarknader. Særleg dei to største bankane låner i tillegg ganske mykje i utlandet.

Bankane si samla langsiktige finansiering består av finansiering med løpetid over eitt år, og utgjorde 92,2 prosent av dei illikvide eigedelane. Dette var ein auke på litt over eitt prosentpoeng i forhold til tredje kvartal i 2004. Dei utanlandsk eigde bankane Nordea og Fokus Bank har ein god del lågare langsiktig finansiering enn dei andre bankane. Utanom desse to bankane var bankane si langsiktige finansiering 96,1 prosent. Dei minste bankane har noko høgare langsiktig finansiering enn dei større, som følgje av høgare kundeinnskot.

Bankane si kortsiktige finansiering (finansiering med løpetid under eitt år) utgjorde for bankane totalt 18,1 prosent av eigedelar. Her er det store forskjellar mellom bankane. Nordea, som får finansiering frå morselskapet, har kortsiktig finansiering på 35 prosent, men også DnB NOR hentar ein god del kort finansiering frå interbank- og verdipapirmarknadene. Dei minste bankane har mindre tilgang på denne typen finansiering og er i større grad avhengige av kundeinnskot som finansieringskjelde. Bortsett frå DnB NOR og Nordea har alle grupper av bankar hatt nedgang i den kortsiktige finansieringa dei siste tre åra.

I tillegg til finansiering i den innanlandske marknaden har særleg dei største bankane god tilgang på, og nyttar seg av, finansiering frå utanlandske kjelder. For bankane totalt utgjorde samla utanlandsfinansiering 378 mrd. kroner, som tilsvarer 24,6 prosent av illikvide eigedelar. DnB NOR og Nordea utgjorde til saman 88 prosent av all utanlandsfinansiering. Finansiering frå morbanken er utslagsgivande for den høge utanlandsdelen i Nordeas finansiering, der over 90 prosent er gjeld til utanlandske kredittinstitusjonar. Til samanlikning utgjorde gjeld til utanlandske kredittinstitusjonar berre 22,5 prosent av total finansiering frå utlandet i DnB NOR. DnB NOR er den einaste norskeigde banken med utanlandsfinansiering av betydning (total utanlandsfinansiering utgjer nær 30 prosent av balansen). Banken er ei viktig kredittlinje til andre norske bankar. Nesten all utanlandsfinansiering i gruppa av andre bankar med forvaltningskapital over 10 mrd. kroner består av verdipapirgjeld, mens dei minste bankane har svært lita gjeld til utlandet.

Robuste og effektive finansmarknader og betalingssystem krev god likviditetsstyring i finansnæringa. På grunn av det økonomiske samspelet mellom finansinstitusjonane kan betalingsvanskar i ein bank få følgjer for heile banksystemet. God likviditetsstyring er derfor viktig. I mars 2006 fremja Finansdepartementet eit forslag til Stortinget om eit nytt likviditetsregelverk for bankar. Dette regelverket stiller i hovudsak kvantitative krav til kvar enkelt bank si styring av likviditet. Dei nye likviditetskrava er nærmare omtala i avsnitt 2.3.2.

I betalingssystemet kan mangel på likviditet oppstå dersom ein transaksjon ikkje blir gjennomført til rett tid, anten fordi motparten ikkje kan gjere opp for seg, eller fordi det av andre grunnar oppstår forseinkingar i betalingssystemet. Bankane har ofte kort tid på seg til å hente inn manglande likviditet, og er sårbare overfor store motpartar som ikkje innfrir forpliktingane sine til rett tid. (Betalingssystema blir omtala i kapitlet om verksemda i Noregs Bank.)

Det er likevel seldent at bankar og andre føretak utan grunnlegjande økonomiske vanskar manglar likviditet. Det er likevel ein fare for at dei ved manglande likviditet kan bli tvinga til å pådra seg særlege kostnader for å skaffe dei nødvendige betalingsmidla. Dette kan til dømes kome av særleg høge rentar på ny finansiering, eller at dei får låge prisar ved sal av eigedelar. Det siste kan skje ved sal av eigedelar der marknadene er tynne, i den meininga at det berre finst eit fåtal potensielle kjøparar, og at det derfor er vanskeleg å oppnå god pris ved rask avhending.

2.5.4 Operasjonell risiko

Operasjonell risiko er definert som «risikoen for tap som kjem av utilstrekkelege eller sviktande interne prosessar, svikt hos menneske og i system eller eksterne hendingar» (Baselkomitéen for banktilsyn). Det kan gjelde mangelfulle prosedyrar, feil i IT-system, regelbrot, bedrageri, brann og terrorangrep eller liknande. Operasjonell risiko kan føre til eller forsterke kreditt- eller likviditetsrisiko. Auka bruk av informasjonsteknologi, store fusjonar og overføring av oppgåver til store datasentralar kan gi auka operasjonell risiko knytt til maskin- eller programfeil (men samtidig kan faren for menneskeleg svikt i kontrollrutinar ha blitt redusert). Operasjonell risiko er ein svært samansett risikokategori, og han omfattar mellom anna juridisk risiko. Renommérisiko er også eit element av operasjonell risiko, som er knytt til at ei hending kan få følgjer for verksemda sitt rykte, som igjen kan få innverknad på moglegheitene til å drive forretningar i framtida.

Finansdepartementet har som mål at det innanfor ansvarsområda til departementet skal vere eit systematisk arbeid med tryggleik og ein tilfredsstillande beredskap for å kunne handtere ekstraordinære hendingar. Kredittilsynet har i samsvar med kredittilsynslova eit generelt ansvar for å føre tilsyn med finansnæringa, og Noregs Bank fører i samsvar med lov om betalingssystem tilsyn med dei konsesjonsførebudde interbanksystema.

Operasjonell risiko i finansiell sektor er i aukande grad knytt til drifta av IKT-system og kontinuerleg tilgang på telekommunikasjon og straumforsyning. Banknæringa si etablering av ein felles infrastruktur og bankane si utkontraktering av IT-verksemd kan ha gjort betalingssystemet meir utsett for driftsavvik.

I dei nye kapitaldekningsreglane er vidare operasjonell risiko definert som ein eigen risikokategori, på linje med kreditt- og marknadsrisiko, og underlagd minstekrav til kapitaldekning. I denne samanhengen har Baselkomitéen for banktilsyn publisert minimumsstandardar for beste praksis av styring og kontroll med operasjonell risiko (Sound practices for Management and Supervision of Operational Risk). Kapitaldekningsreglane har likevel berre avgrensa evne til å forhindre at operasjonelle feil eller manglar skader institusjonen eller marknaden.

Den operasjonelle risikoen til finansinstitusjonane blir derfor avgrensa ved at institusjonen har evne til å identifisere, styre og kontrollere desse risikoane. For å sikre at ein på institusjonsnivå har ei oversikt over risikobiletet til kvar enkelt institusjon, blir det gjennom internkontrollforskrifta stilt krav til retningslinjer og rutinar for forsvarleg organisering og drift av verksemda. Kvar einskild deltakar i finansiell sektor har såleis eit sjølvstendig ansvar for å utvikle stabile driftsløysingar, gode reserve- og beredskapsløysingar og ein robust finansiell infrastruktur.

Det har dei seinare åra blitt arbeidd med å effektivisere og tilpasse beredskapsarbeidet i finansiell sektor til dei sårbarheitsforholda som eit moderne betalingssystem inneber. Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur (BFI) er oppretta for å bidra til ein best mogleg samordning av arbeidet med beredskapssaker mellom deltakarane i finansiell sektor. Beredskapsutvalet har som hovudoppgåver å

  • kome fram til og koordinere tiltak for å førebyggje og løyse krisesituasjonar og andre situasjonar som kan resultere i store forstyrringar i den finansielle infrastrukturen

  • gjennomføre naudsynt koordinering av andre beredskapssaker i finansiell sektor, m.a. innanfor sivilt beredskapssystem.

BFI blir leia av Noregs Bank og har deltakarar frå forvaltningsorgan og sentrale aktørar i finansiell sektor.

I 2005 har Beredskapsutvalet for finansiell infrastruktur drøfta spørsmål i samband med driftsstabilitet, risiko og sårbarheit i finansiell infrastruktur, og drøfta røynsler frå avvikssituasjonar og testar av reserveløysingar og beredskapsøvingar hos aktørane. I tillegg har utvalet hatt ein eigen beredskapsøving. Det har i 2005 ikkje oppstått driftsavbrot som har ført til store forstyrringar i finansiell infrastruktur i Noreg.

2.6 Avsluttande merknader

Finansinstitusjonane har jamt over hatt gode resultat i 2005. Nivået på den ansvarlege kapitalen i finansinstitusjonane auka i 2005. Auken i ansvarleg kapital har medverka til at institusjonane er betre rusta til å bere risiko.

Resultata i finansinstitusjonane er prega av konjunkturane og utviklinga i ulike formuesprisar. Høgkonjunkturen som norsk økonomi har vore i sidan første halvår i 2003, heldt fram gjennom 2005. Det var i 2005 ein klart sterkare oppgang på Oslo Børs enn i dei internasjonale aksjemarknadene. Mens Oslo Børs steig med 40,5 prosent, var stigninga i Morgan Stanleys verdsindeks 13,7 prosent. Det er i hovudsak dei høge prisane på olje som har ført til den sterke utviklinga på Oslo Børs.

Trass i noko oppgang i lange norske renter frå hausten var rentenivået framleis lågt ved utgangen av 2005. I september var dei lange rentene nede i 3,4 prosent, men steig fram til utgangen av desember til 3,6 prosent. Noregs Bank, som hadde halde styringsrenta uendra sidan våren 2004, heva styringsrenta to gonger med 0,25 prosentpoeng, siste gong 3. november til 2,25 prosent.

12-månaders vekst i innanlandsk kreditt til publikum (K2) var 13,3 prosent ved utgangen av 2005, den høgaste vekstraten sidan mai 2001. Kredittveksten til hushalda har vore svært høg i fleire år, og 12-månaders veksten var 13,4 prosent ved utgangen av desember. I tråd med auka investeringstakt i økonomien har kredittveksten til føretaka auka, og siste år var han 14,7 prosent. Oppgangen i bustadmarknaden heldt fram i 2005, og prisane på bustader steig med 8,8 prosent siste 12 månader fram til januar 2006.

Konjunkturbetringa frå sommaren 2003 har som tidlegare sagt betra bankane sine resultat dei siste åra, og for bankane samla var resultatet i 2005 det beste sidan 2000. Låge tap på utlån og gunstig kostnadsutvikling har medverka til den positive utviklinga. Presset på netto renteinntekter held fram, noko som kan skape utfordringar for innteninga i bank på noko lengre sikt. Auken i bustadprisane har medverka til at hushalda har hatt store lånopptak i seks år på rad. Veksten auka i 2005, og det er venta at han kjem til å halde seg relativt høgt også i tida framover. Den vridinga av utlånssamansetjinga dette har medført, inneber at hushalda sin del av det samla utlånet til bankane har auka. Slike utlån blir rekna for å gi lågare kredittrisiko enn utlån til næringslivet, særleg fordi dei er sikra med tilfredsstillande pant i bustad. Eit anna moment er at mange hushald som for ei tid sidan lånte til ny bustad, har fått auka verdien på denne bustaden i mellomtida. Dette har gitt desse hushalda ein positiv formuesverknad, og det har òg auka verdien av pantet til banken. I den høge gjeldsbelastninga til hushalda ligg det likevel ein fare for at mange hushald kan få problem om rentene stig mykje.

Resultata til livsforsikringsselskapa i 2005 var betre enn i 2004, som følgje av betring i finansinntektene. Finansdepartementet har fleire gonger dei siste åra understreka sterkt at det er svært viktig at risikoen på plasseringane (selskapa sine aktiva) er tilpassa den soliditetssituasjonen kvart einskilt livsforsikringsselskap (og pensjonskassene) har, og at dette først og fremst er selskapa sitt eige ansvar. Selskapa hadde ein aksjedel på ca. 20 prosent i 2005. Nær to tredelar av aksjane var utanlandske, slik at den sterke oppgangen på Oslo Børs fekk ein meir avgrensa effekt på resultata i 2005. I denne diversifiseringa mellom Oslo Børs og andre børser ligg det likevel ei trygging ved at selskapa ikkje blir like utsette for hendingar som pregar ein aksjemarknad meir enn ein annan. Hovuddelen av livsforsikringsselskapa sin kapital er plassert i renteberande papir. I 2005 har det låge rentenivået gitt låg avkastning på rentepapira. Departementet har tidlegare i Kredittmeldinga peika på at det generelle fallet i rentenivået dei seinare åra har skapt utfordringar for livsforsikringsselskapa. Risikoen for at avkastninga for desse renteberande fordringane no skal falle ytterlegare, og bli liggjande lågare enn i 2005 på varig basis, synest heller liten. Eit anna moment som avgrensar den vidare utviklinga av renterisikoen i selskapa på sikt, er at det gjennomsnittlege nivået på avkastningsgarantien er på veg nedover, som følgje av dei reduksjonane som er gjorde i grunnlagsrenta dei seinare åra.

Resultata i skadeforsikringsselskapa viste sterk betring i 2005, både som følgje av auke i finansinntektene og betring i den forsikringstekniske verksemda, og desse institusjonane verkar meir solide enn tidlegare.

Jamvel om det er trekk ved den økonomiske utviklinga som kan gi opphav til auka risiko, og då kanskje særleg den høge og aukande gjeldsbelastninga i hushalda, blir utsiktene til finansiell stabilitet rekna som tilfredsstillande.

Fotnotar

1.

Summen av forvaltningskapital i bankar, finansieringsselskap, forvaltningsselskap for verdipapirfond, livsforsikring og skadeforsikring.

Til forsida