St.meld. nr. 13 (2005-2006)

Kredittmeldinga 2005

Til innhaldsliste

7 Verksemda til Det internasjonale valutafondet (IMF)

7.1 Innleiing

Det internasjonale valutafondet (International Monetary Fund, forkorta IMF) har 184 medlemsland og er ein sentral aktør i det internasjonale økonomiske samarbeidet. IMF er ein sjølvstyrande institusjon under FN-paraplyen. Samarbeidet med FN skjer i første rekkje gjennom Det økonomiske og sosiale rådet til FN (ECOSOC). IMF har eit hovudansvar for å fremje stabiliteten i det internasjonale monetære systemet og er eit forum for internasjonalt samarbeid om monetære og valutapolitiske spørsmål.

Verksemda til IMF er konsentrert om tre hovud­aktivitetar: overvaking av økonomien i medlemslanda, lån ved betalingsbalanseproblem og i krisesituasjonar, og teknisk assistanse. Saman med Verdsbanken speler IMF ei viktig rolle i arbeidet for å lette gjeldsbetalingane for fattige land og setje dei i stand til betre å nedkjempe fattigdom.

7.2 Organiseringa av IMF, samarbeidet med FN og Verdsbanken, og ­nordisk-baltisk samordning

7.2.1 Organa i IMF

Det øvste organet i IMF er Guvernørrådet (Board of Governors). Det er sett saman av ein guvernør og ein vararepresentant for guvernøren frå kvart medlemsland. Sentralbanksjefen er norsk medlem i Guvernørrådet, mens departementsråden i Finansdepartementet (finansråden) er vararepresentant. Rådet har til vanleg møte ein gong i året, årsmøtet i IMF. Utanom dette gjer Guvernørrådet vedtak ved skriftleg røysting.

Den internasjonale monetære og finansielle komitéen (International Monetary and Financial Committee, IMFC) har ein viktig funksjon som eit rådgivande organ for Guvernørrådet. Komiteen legg dei politiske føringane for verksemda til IMF. IMFC har medlemmer på minister- eller sentralbanksjefnivå, som anten representerer eitt land eller ein valkrins av land. Dei fem nordiske og dei tre baltiske landa, som utgjer ein valkrins, var i 2004–2005 representerte ved den norske finansministeren. I 2006–2007 er den finske finansministeren medlem i IMFC for denne valkrinsen.

IMFC kjem saman to gonger kvart år (vår og haust) og gir råd om den generelle økonomiske strategien til IMF og kva for økonomiske tema institusjonen skal konsentrere seg om. Viktige spørsmål er korleis ein skal handtere dei internasjonale tilhøva, særleg dei som kan true eller skape vanskar for stabiliteten i det internasjonale finansielle systemet. På dei halvårlege møta utformar IMFC også eit kommuniké som samanfattar dei aktuelle økonomiske utfordringane i verdsøkonomien og gir tilrådingar om korleis ein skal møte desse. Kommunikea er mellom anna grunnlaget for dei konkrete råda IMF gir i kvart einskilt tilfelle. I eit møteinnlegg framfører vår representant kva valkrinsen meiner at IMF bør prioritere i tida framover. Innlegget blir offentleggjort.

Eit styre (Executive Board) på 24 medlemmer, såkalla eksekutivdirektørar, leier arbeidet på dagleg basis. Dei fem landa som har skote inn den største kapitalen i IMF, det vil seie USA, Japan, Tyskland, Frankrike og Storbritannia, peikar ut kvar sin representant til styret. Resten av styremedlemmene blir valde for toårsperiodar av andre medlemsland eller grupper av land (valkrinsar). Den europeiske sentralbanken (ESB) har ein observatør i styret i IMF. (Observatøren har ikkje stemmerett, men har rett til å uttale seg i saker som gjeld euroområdet og verksemda til ESB.) Styret blir leidd av ein administrerande direktør (Managing Director). Rodrigo de Rato, tidlegare spansk finansminister, har leidd IMF sidan sommaren 2004.

Røystevekta til kvart medlemsland, både i Guvernørrådet og i styret, er avhengig av kor stor kapital landet har skote inn i IMF. Storleiken på kapitalen, eller kvoten, reflekterer i første rekkje kor viktig landet er i verdsøkonomien. USA er største medlem i IMF, og har ei røystevekt på 17,14 prosent. USA kan dermed blokkere vedtak som krev 85 prosent tilslutning. Noreg har ei røystevekt på 0,78 prosent, og den nordisk-baltiske valkrinsen representerer 3,52 prosent av røystene. Sjå avsnitt 7.4.2 for nærmare omtale.

7.2.2 Organisatorisk samarbeid med FN og Verdsbanken

Utviklingskomiteen (Development Committee, eller The Joint Ministerial Committee of the Boards of Governors of the Bank and Fund on the Transfer of Real Resources to Developing Countries) er ein felles rådgivande ministerkomité for IMF og Verdsbanken. Komiteen har møte i samband med vår- og årsmøta, og medlemmene er i hovudsak finansministrar eller utviklingsministrar. For Noreg er det utviklingsministeren som møter. Mandatet til komiteen er å gi IMF og Verdsbanken råd i viktige utviklingsspørsmål, mellom anna i kampen mot fattigdom, og om dei finansielle ressursane som trengst for å fremje økonomisk utvikling i utviklingslanda.

IMF, Verdsbanken og FN møtest jamleg i ECOSOC, dvs. FNs Råd for økonomiske og sosiale spørsmål. IMF har ein permanent utsending til FN med sete i FN. Hovudoppgåva er å betre kommunikasjonen og samarbeidet mellom IMF og FN.

FN (UN og UNCTAD) har i likskap med ei rekkje andre internasjonale organisasjonar/institusjonar observatørstatus på IMFCs møte.

7.2.3 Norsk og nordisk-baltisk samordning

På oppdrag frå Finansdepartementet har Noregs Bank ansvaret for det daglege arbeidet med IMF i Noreg. I samråd med departementet lagar banken forslag til norske synspunkt i saker som skal opp i IMFs styre. Finansdepartementet har det endelege ansvaret. Arbeidsdelinga mellom departementet og banken er nedfelt i ei skriftleg forståing. Arbeidet er organisert om lag på same måten i dei andre landa i valkrinsen. Utanriksdepartementet, som har ansvaret for regjeringa si behandling av verdsbanksaker, blir òg trekt inn i arbeidet. Det skjer gjennom jamleg samordning av einskilde saker og møte mellom representantar for institusjonane.

Landa i nordisk-baltisk valkrins samordnar synspunkta sine på viktige IMF-saker i første rekkje gjennom Den nordisk-baltiske monetære og finansielle komiteen (Nordic-Baltic Monetary and Financial Committee, NBMFC). Dei norske medlemmene er finansråden og visesentralbanksjefen. Dei andre landa er representerte på eit tilsvarande nivå. NBMFC har til vanleg møte to gonger i året. Visesentralbanksjefen i Noreg var leiar av NBMFC i 2004–2005.

Dei halvårlege rapportane som eksekutivdirektøren for dei nordisk-baltiske landa i IMFs styre utarbeider, blir drøfta i NBMFC som del av førebuingane til møta i IMFC. Rapportane tek føre seg verksemda i IMF, der dei viktigaste sakene og dei nordisk-baltiske synspunkta blir presenterte. Rapportane blir publiserte, i Noreg av Finansdepartementet (www.odin.dep.no/fin) og Noregs Bank (www.norgesbank.no).

I samordninga mellom landa i valkrinsen prøver ein å kome fram til felles standpunkt som styremedlemmen frå gruppa presenterer i IMF-styret. Stillinga som styremedlem går på rundgang mellom dei nordiske landa. Ein byter representant annakvart år. I 2004 og 2005 hadde Noreg dette vervet. I 2006 og 2007 er styremedlemmen frå Finland.

7.3 Oppgåvene til IMF

7.3.1 Utforming av ein mellomlangsiktig strategi

Arbeidet internt i IMF med utforminga av ein mellomlangsiktig strategi blei starta i 2004, i samband med 60-årsfeiringa av etableringa av fondet i 1944. På vårmøtet i 2005 hadde IMFC ein førebels diskusjon om arbeidet. Komiteen støtta dei strategiske prioriteringane som blei skisserte. Det blei streka under at IMFs mandat slik det kjem til uttrykk i statuttane – å fremje makroøkonomisk og finansiell stabilitet i dei enkelte medlemslanda og internasjonalt – er like relevant no som tidlegare, og kjem til å vere retningsgivande for fondet si rolle framover. I staden for å ta på seg stadig nye oppgåver burde ein igjen setje søkjelys på IMFs kjerneområde: makroøkonomisk politikk (finans-, penge- og valutapolitikk) og det finansielle systemet. Likeins burde konsentrasjonen vere om kjerneoppgåvene: økonomisk overvaking, utlån og teknisk assistanse. Gjennom å leggje grunnlaget for makroøkonomisk og finansiell stabilitet innanfor dette rammeverket kan IMF best støtte opp under medlemslanda sin politikk for ei god økonomisk utvikling.

På årsmøtet i 2005 la administrerande direktør fram ein sluttrapport om den mellomlangsiktige strategien som bygde vidare på dei tidlegare grunntankane. Ein viktig premiss for strategien var dei særskilde opningane og utfordringane som følgjer av ei aukande globalisering, både gjennom auka internasjonal handel med varer og tenester, stadig meir samanvovne internasjonale finansmarknader og auka internasjonal migrasjon. Vektlegging av kjerneområde og -oppgåver blei stadfesta. IMFC slutta seg til den overordna strategien. Komiteen bad om fleire konkrete forslag på dei politikkområda som var skisserte i strategien:

  1. Meir effektiv økonomisk overvaking, med vekt på selektivitet og djupare analyse innanfor IMFs ansvarsområde. Den finansielle sektoren og internasjonale kapitalrørsler må stå sentralt. Regional og global overvaking må givast større vekt i ei verd der landa blir stadig meir gjensidig avhengige av kvarandre.

  2. Låneordningane må tilpassast dei skiftande behova i medlemslanda etter kvart som den innanlandske økonomien utviklar seg og landa blir meir integrerte i den globale økonomien.

  3. IMFs rolle i låginntektsland må utviklast vidare innanfor ramma av FNs tusenårsmål 1 (Millennium Development Goals). Fondet må konsentrere innsatsen sin om å hjelpe landa til å oppnå makroøkonomisk og finansiell stabilitet som grunnlag for fattigdomsnedkjemping og økonomisk utvikling. Ei vidare klargjering av ansvarsdelinga vis-à-vis Verdsbanken vil gjere det mogleg for begge institusjonane å yte endå betre innsats på kjerneområda sine.

  4. Teknisk assistanse må i aukande grad konsentrerast om dei grunnleggjande institusjonelle forholda som er viktige for velfungerande økonomiar. Innanfor IMFs ansvarsområde vil dette mellom anna vere gode budsjettstyrings- og skatteoppkrevjingssystem, attåt ein effektiv sentralbank og eit tidsmessig tilsynsorgan for finanssektoren.

  5. Arbeidet med å styrkje den mellomlangsiktige budsjettstyringa i IMF er også ein viktig del av strategidiskusjonane. Klarare mål for verksemda vil synleggjere ressursbehova og støtte opp om dei naudsynte prioriteringane.

  6. Representasjonen frå medlemslanda og det å vere med på avgjerdene i dei styrande organa i IMF er i tillegg ein del av strategidiskusjonen.

Nordisk-baltisk valkrins deler langt på veg dei grunntankane som har vore styrande for utarbeidinga av IMFs mellomlangsiktige strategi. Rolla til IMF vil bli endå meir relevant i ei globalisert verd, der landa blir stadig meir gjensidig avhengige av kvarandre. IMFs vektlegging av regional og global økonomisk overvaking vil i denne samanhengen bli endå viktigare. Valkrinsen støttar IMFs planar om å konsentrere seg om kjerneområda og -oppgåvene sine, og meiner at ein klarare grenseoppgang til andre institusjonar – særleg Verdsbanken – vil lette dette.

Nordisk-baltisk valkrins har fleire gonger teke til orde for at IMF på nytt bør vurdere rolla si ved kriser i framveksande økonomiar. Erfaringane etter Asia-krisa har vist at praksis og prinsipp ikkje alltid er samanfallande når det skal ytast store kriselån. Dette gjeld mellom anna spørsmålet om storleiken og vilkåra for desse låna, forholdet til private kreditorar og dei særskilde utfordringane som oppstår når land ikkje klarer å handsame gjelda. Mens dei asiatiske landa på det jamne kom seg relativt raskt ut av krisene, varte IMFs engasjement i dei latin-amerikanske landa og i Tyrkia lenger. Men med fråvær av kriser dei siste åra og ei gunstig utvikling i fleire av dei tidlegare kriselanda har interessa for denne sida av verksemda til IMF vore mindre. Truleg kjem desse spørsmåla først tilbake på agendaen når nye kriser oppstår.

Nordisk-baltisk valkrins har lagt stor vekt på samanhengen mellom den mellomlangsiktige strategien og implikasjonane for budsjettprioriteringane. Denne samanhengen kan bli meir aktualisert om utlåna frå IMF meir varig fell ned på eit lågare nivå, med dei konsekvensar dette kan få på inntektssituasjonen for fondet. Fondsfinansane vil såleis også bli ein viktig del av det vidare arbeidet med å utmeisle IMF si rolle framover.

Nordisk-baltisk valkrins har også argumentert for at den rolla IMF har i låginntektsland, til ein viss grad er endra fordi mange av desse landa har fått sletta gjelda si til IMF (sjå avsnitt 7.3.7.3). IMF driv ikkje utlån til låginntektsland over den ordinære verksemda, men finansierer dei ved særskilde bilaterale bidrag frå ulike donorland, mellom anna Noreg. Nedskrivinga blei delvis dekt av gåvemidlar som tidlegare var blitt gitt av donorland (også Noreg), dels av spesielle reservefond som over lengre tid var bygde opp i IMF.

7.3.2 Økonomisk overvaking

Grunnlaget for overvakingssystemet er fastsett i vedtektene og gir IMF fullmakt til å konsultere alle medlemmene jamleg. Statuttane slår fast at medlemslanda har ei omfattande informasjonsplikt om økonomiske spørsmål.

Overvakinga byggjer på ein omfattande analyse av penge- og finanspolitikken, finanssektoren og dei strukturelle forholda i medlemslanda. Overvakinga har gradvis blitt utvida som følgje av veksande økonomisk integrasjon gjennom handel og finansstraumar. Integrasjonen har gitt medlemslanda eit betre grunnlag for økonomisk vekst, men samtidig gjort dei meir utsette for alvorlege tilbakeslag.

I tråd med vurderingane i strategidiskusjonane vil overvakingsarbeidet leggje meir vekt på å identifisere dei moglege kjeldene for veikskapar i medlemslanda, særleg som følgje av auka handel og finansiell integrasjon med omverda. Ei sentral oppgåve blir å vurdere kva dei enkelte landa kan gjere for å kunne møte ulike former for uro på ein betre måte. For gjeldstyngde land med låg inntekt arbeider ein med å leggje til rette for eit meir konkret landsspesifikt rammeverk som kan vere retningsgivande for låne- og gåvepolitikken til medlemsland og donorar. Utlåns- og gåvepolitikken bør i sterkare grad knytast til evna og viljen landa har til å gjennomføre økonomiske reformer og å byggje ut den institusjonelle kapasiteten sin.

Den nordisk-baltiske valkrinsen har støtta denne vridinga i overvakingspolitikken. Ein har også støtta arbeidet med å leggje meir vekt på potensielt sårbare land og på dei landa som speler ei særleg viktig rolle i det globale finansielle systemet.

Auka vekt på regional overvaking er også ein viktig del av dette, mellom anna for å analysere kva verknad politikken i enkeltland kan ha på andre land. Dette kan gjelde generell økonomisk politikk eller innanfor meir spesialiserte område som for eksempel finansmarknaden. Dei nordiske finansmarknadene er tettare vovne saman enn kva tilfellet er i dei fleste andre land. På denne bakgrunnen vil det i 2006 bli gjennomført eit regionalt overvakingsprosjekt med vekt på finansmarknadsspørsmål.

Tilgang til god statistikk er vesentleg for medlemslanda når dei skal utforme den økonomiske politikken, samtidig som statistikken er viktig for IMFs overvaking og tilrådingar for å førebyggje kriser. Ein viktig del av den tekniske assistansen som IMF yter (sjå avsnitt 7.3.6), er retta inn mot å styrkje evna til å utarbeide påliteleg statistikk om økonomiske forhold.

Somme interesseorganisasjonar kritiserer IMF for å vere for tilbakehalden med å drøfte og vurdere styresetta i medlemslanda («governance»), mellom anna korrupsjon. Slike vurderingar er vanskelege fordi land som får kritiske merknader, lett oppfattar desse vurderingane som politisk innblanding. Fleire valkrinsar, mellom dei vår eigen, har likevel peika på samanhengen mellom svak styring og makroøkonomiske ubalansar. Dette er meint som ei oppfordring til IMF om å sjå overvaking av styresett og institusjonell kapasitet i medlemslanda som ein viktig del av dei regulære vurderingane og tilrådingane innanfor IMFs kjerneområde. Slike spørsmål kjem venteleg til å få ei sentral rolle i arbeidet med å fastleggje dei strategiske prioriteringane for IMF i åra framover.

I februar 2006 blei leiarane for IMF, Verdsbanken, Den afrikanske utviklingsbanken, Den asiatiske utviklingsbanken, Den amerikanske utviklingsbanken, Den europeiske utviklingsbanken og Den europeiske investeringsbanken samde om å samordne kampen mot korrupsjon, både i medlemslanda og i institusjonane sjølve. Den nordisk-baltiske valkrinsen ønskjer dette velkommen.

7.3.3 Førebygging og handtering av kriser

7.3.3.1 Meir informasjon om IMFs aktivitetar

Overvakinga skjer regelmessig gjennom såkalla artikkel IV-konsultasjonar, der IMF utarbeider ein rapport med vurderingar av den økonomiske situasjonen i det aktuelle landet og kjem med råd om innrettinga av den økonomiske politikken. IMF har i fleire år oppfordra medlemslanda til å offentleggjere desse landrapportane frivillig. Frå juli 2004 er overvakinga blitt meir open ved at det no blir forventa at medlemslanda offentleggjer desse rapportane. Leiinga i IMF vil heretter ikkje tilrå overfor styret at det gir nye lån utover dei normale lånegrensene (såkalla «eksepsjonelle lån») med mindre låntakarlandet samtidig samtykkjer i at dokumenta blir offentleggjorde. Medlemslandet må innan 30 dagar etter styrediskusjonen gi melding om at rapporten kan publiserast. Alle landa i nordisk-baltisk valkrins offentleggjer sine landrapportar.

Ei meir open haldning både frå IMF og frå medlemslanda er med på å styrkje gjennomføringa av den økonomiske politikken og gjere landa mindre utsette for kriser. Det gjer også regjeringar meir ansvarlege og politikken meir truverdig, og verkar til auka forståing av IMFs rolle og politikk overfor medlemslanda.

Ved vurderinga av openheitspolitikken i 2005 var ein samd om at prinsippet om frivillig, men forventa offentleggjering av rapportar skulle vidareførast. Det blei slått fast at den delen av rapportar som blir offentleggjorde, har auka markert – til om lag 75 prosent, og at skiljet mellom ulike regionar og mellom industriland, framveksande økonomiar og utviklingsland langt på veg er blitt viska ut. Det blei på den andre sida peika på at det har blitt meir vanleg å stryke sensitiv informasjon, og tidsetterslepet for offentleggjering har auka. Det blei etablert ei nærmare presisering av kva som er omfatta av sensitiv informasjon og betre rutinar for å unngå unødig usemje om faktiske forhold mellom medlemslanda og IMFs stab. Samtidig blei det også bestemt at staben skulle utarbeide regelmessige oversikter over utviklinga i kva for land som offentleggjer rapportane sine, og status for rapportar der offentleggjering er signalisert, men forseinkingar har oppstått. Den første oversikta blei offentleggjord i februar 2006.

Nordisk-baltisk valkrins har heile tida vore ein sterk tilhengjar av meir ope innsyn i fondsaktivitetane og rådgivinga. Valkrinsen ønskte derfor velkomen den positive utviklinga i offentleggjering av rapportar, og uttrykte samtidig bekymring for omfanget av strykingar av «sensitiv» informasjon og tidsetterslep i offentleggjering av rapportane. Ei auka merksemd frå staben på å gi att synet frå styresmaktene, politiske avvegingar og prioriteringar i rapportane ville truleg bidra til at styresmaktene lettare kunne akseptere rapportane for offentleggjering. Valkrinsen åtvara likevel mot ei utholing av prinsippet om at styresmaktene ikkje skal ha høve til å revidere rapportane før styrediskusjonane og offentleggjering. Ein kritisk og uavhengig analyse blir sedd på som ein føresetnad for at styrediskusjonen av landrapportane blir best mogleg. Styresmaktene i landet legg fram eit eige skriftleg innlegg til landrapportane før styrediskusjonane. I dette innlegget kan landet uttrykkje usemje med dei vurderingane og tilrådingane IMF har gjort. Dette innlegget vil normalt bli offentleggjort saman med rapporten. Alle landa i nordisk-baltisk valkrins offentleggjer desse innlegga.

7.3.3.2 Etterleving av standardar og kodar

Etterleving av internasjonalt aksepterte standardar og kodar for såkalla beste praksis på ulike område er ein viktig faktor for å sikre det økonomiske og finansielle systemet i eit land, og ein føresetnad for eit velordna internasjonalt finansielt system. I samarbeid med Verdsbanken og andre internasjonale organ har IMF utarbeidd til saman tolv ulike standardar og kodar. Det er opp til kvart enkelt land om dei vil følgje desse standardane, men IMF oppfordrar landa sterkt til å ta dei i bruk. Om lag to tredelar av medlemslanda har fått gjennomført ei vurdering av IMF og Verdsbanken om korleis dei etterlever ein eller fleire av desse standardane (såkalla ROSCs – Report on Standard and Codes). Mange industriland og framveksande økonomiar har gjennomført ei slik vurdering. I dei seinare åra har også ein aukande del av utviklingslanda gjennomført slike vurderingar.

Ved evalueringa av standard- og kodeinitiativet i 2005 i IMF – seks år etter etableringa i 1999 – var det brei semje om at det hadde spelt ei viktig rolle når det gjaldt å fremje finansiell stabilitet både nasjonalt og internasjonalt. ROSC-rapportar hadde også verka til å identifisere veikskapar i praksis og behovet for reformer i dei enkelte landa. Rapportane hadde i tillegg støtta opp om IMFs prioriteringar av kvar det var behov for å yte teknisk assistanse. Det blei på den andre sida peika på at integreringa av dette arbeidet i den jamne overvakinga i artikkel IV-rapportane, kunne betrast. Eit tiltak i denne samanhengen ville vere å gi meir politikkrelevante samandrag av vurderingane på IMFs kjerneområde, som kunne takast inn i stabsvurderingane i artikkel IV-rapportane. Evalueringa viste at marknadsaktørane i liten grad brukte ROSCs i landanalysar.

Nordisk-baltisk valkrins delte i all hovudsak desse vurderingane. Samtidig peika valkrinsen på at vidare rasjonalisering av ROSCs måtte vere eit mål, fordi det er svært ressurskrevjande for styresmaktene i framveksande økonomiar og utviklingsland å gjennomføre dette. Saman med ei betre integrering i IMFs resterande assistanse og rådgiving til landa og søkjelys på politikkrelevante forhold kunne dette bidra til at dei landa som kanskje kunne dra mest nytte av ROSCs, blei meir motiverte til å delta.

IMF og Verdsbanken har etablert eit særskilt system for vurdering av den finansielle sektoren i medlemslanda, Financial Sector Assessment Program (FSAP). Ein FSAP-prosess omfattar blant anna ei vurdering av implementeringa av ulike standardar innanfor finansmarknadsområdet. Det er frivillig for medlemslanda om dei vil gjennomføre FSAP. Om lag 2/3 av medlemslanda har gjennomført eller sagt seg villige til å gjennomføre FSAP. Sjå avsnitt 8.5 om vurderinga av FSAP frå IMFs uavhengige evalueringsorgan IEO.

I november 2004 og februar 2005 gjennomførte IMF ein FSAP-prosess for Noreg. Umiddelbart etter at rapporten blei diskutert i styret i IMF i juni 2005, blei han offentleggjort. Sjå avsnitt 7.6.3 for nærmare omtale.

7.3.4 Program og kondisjonalitetskrav

7.3.4.1 IMFs låneordningar

Finansieringsfunksjonen til IMF er nær knytt til overvakingsfunksjonen. Dei ulike finansieringsordningane må sjåast i samanheng med dei oppgåvene institusjonen er pålagd for å fremje økonomisk vekst og stabilitet i valuta- og finansmarknadene.

Medlemsland skal ha tilgang til finansieringsordningar slik at dei kan korrigere mellombels vanskar i betalingsbalansen utan å måtte gripe til tiltak som kan ha uheldige økonomiske konsekvensar for landet sjølv eller for andre land.

IMF gir mellombels finansiering til land med betalingsbalanseproblem dersom landet samtidig går inn i eit økonomisk tilpassings- og reformprogram. Eit slikt program inneheld mellom anna krav til utforminga av den makroøkonomiske politikken som skal leggje tilhøva til rette for ei gunstigare økonomisk utvikling og for at kreditorane skal få fornya tillit til landet.

Krava som blir stilte for å få lån, skal medverke til ei berekraftig økonomisk utvikling slik at bruken av IMFs ressursar berre blir mellombels. Låna frå IMF er ikkje sikra utover dei kondisjonalitetskrava som IMF stiller.

Det finansielle ressursgrunnlaget for denne verksemda i IMF er kvotane til medlemslanda. Kor mykje kreditt IMF vil yte til eit land, blir avgjort med utgangspunkt i kvoten landet har i IMF. Styrken i omlegginga av den økonomiske politikken er særleg sentral i vurderingane. Kvotane, IMFs eigne ressursar, er grunnlaget for størstedelen av finansieringa.

IMF har etablert særskilde låneordningar for land som får problem med betalingsbalansen i samband med naturkatastrofar, borgarkrig eller væpna konfliktar internasjonalt.

Poverty Reduction and Growth Facility (PRGF) er ei låneordning spesielt retta mot dei aller fattigaste landa. Ordninga er ikkje finansiert ved dei ordinære ressursane til IMF, men er basert på at fondet har teke opp lån frå einskilde medlemsland, og at bistandskjelder subsidierer renta. Renta er særskilt låg (0,5 prosent). For å få lån må landet utforme ein særskild strategi for å redusere fattigdom og fremje økonomisk vekst. Denne ordninga blei i 2005 supplert med ei særskild ordning for land som blir ramma av økonomiske sjokk utanfor deira eigen kontroll, den såkalla Exogenous Shocks Facility (sjå avsnitt 7.3.7.2).

Tabell 7.1. gir oversikt over låneordningane innanfor IMF.

Tabell 7.1 Oversikt over låneordningane til IMF

LåneordningLånegrense (i pst. av kvoten landet har )RenteTilbakebetalingFormål
Ordinære ordningar
Stand-By ­Arrangement (SBA) (Etablert 1952)Årleg grense ­normalt 100 pst. Kumulativ grense over løpetida er 300 pst., men kan vere høgareGrunnrente1 + 100–200 ­rentepunkt2Forventa innan 2–4 år, og maks. 5 årKortsiktige problem med betalingsbalansen
Extended Fund ­Facility (EFF) (1974)Som for SBASom for SBAForventa innan 4 –7 år, og maks. 10 årMeir langsiktige betalingsbalanse­behov som hovud­sakleg kjem av strukturelle forhold
Spesielle ordningar
Supplemental Reserve Facility (SRF) (1997)Inga definert grenseGrunnrente +300–500 rentepunkt3Forventa innan 2–2 år, og maks. 3 årUventa store betalingsbalansebehov som følgje av tillitssvikt på dei internasjonale lånemarknadene
Compensatory Financing Facility (CFF) (1963)45–55 pst.GrunnrenteForventa innan 2 t–4 år, og maks. 5 årMellombels eksportproblem pga. fall i råvareprisar, eller auka importkost­nader for korn
Emergency Assistance for natural disasters (ENDA) (1962)Normalt 25 pst. av kvoten, men kan vere større i spesielle høveGrunnrente, men kan subsidierast ned til 0,5 pst.3–5 årBetalingsbalanse­problem i samband med naturkatastrofar
Emergency Assistance for post-conflict countries (EPCA) (1995)Som for ENDASom for ENDASom for ENDABetalingsbalanseproblem i samband med etterverknad av borgarkrig, politisk uro, internasjonale væpna konfliktar
Ordningar for låginntektsland
Poverty Reduction and Growth Facility (PRGF)4 (1999)Første gong eit land nyttar ordninga, er grensa normalt 90 pst., for andre land 65 pst. Maks. er 140 pst., som i særlege høve kan aukast til 185 pst.0,5 pst.5 –10 årSubsidierte lån til land med særleg låg inntekt som følgje av langvarige problem med betalingsbalansen. Skal fremje auka økonomisk vekst og redusere fattigdom
Exogenous Shocks Facility5 (2006)Årleg grense normalt 25 pst., og samla ikkje over 50 pst. (utan i særskilde høve)Som for PRGFSom for PRGFFor låginntektsland utan PRGF-lån som blir ramma av eksogene sjokk

1 IMFs ordinære utlånsrente (grunnrente, rate of charge) er ei kortsiktig SDR-rente (eit vege gjennomsnitt av ei tremånadersrente for dei valutaene som inngår i SDR amerikanske dollar, euro, britiske pund og japanske yen), med eit påslag som skal dekkje mellom anna administrative utgifter og oppbygging av reservar. Grunnrenta var om lag 4,6 pst. tidleg i 2006.

2 Det er eit rentepåslag på 100 punkt for den delen av lånet som overstig 200 pst. av kvoten, og 200 punkt på den delen som overstig 300 pst. av kvoten.

3 Rentepåslaget startar med 300 punkt og aukar med 50 punkt etter eitt år og deretter med 50 punkt kvar sjette månad inntil det når 500 rentepunkt.

4 Rentepåslaget startar med 150 punkt og aukar med 50 punkt etter eitt år og deretter med 50 punkt kvar sjette månad inntil det når 350 rentepunkt.

5 PRGF og ESF er låneordningar som berre blir administrerte av IMF. Utlåna blir ikkje finansierte over dei ordinære ressursane til IMF, men gjennom bilaterale tilskot frå medlemslanda og spesielle IMF-ressursar.

7.3.4.2 Lånegrenser

I april 2005 diskuterte styret lånerammene under dei ulike utlånsordningane. Normalt kan eit land låne 100 prosent av kvoten sin årleg, men dei samla låna skal ikkje overstige 300 prosent av kvoten. Ved alvorlege betalingsbalanseproblem kan desse grensene overskridast («exceptional access»). For IMFs særskilde låneordning for låginntektsland (PRGF) gjeld særskilde lånegrenser. Styret vedtok å halde lånerammene uendra. Det blei likevel peika på at kvoten ikkje nødvendigvis var eit godt uttrykk for den økonomiske storleiken på landet, på grunn av den sterke økonomiske veksten i enkelte medlemsland, særleg framveksande økonomiar. Lånegrensene måtte derfor vere fleksible.

Nordisk-baltisk valkrins støtta styrevedtaket om at lånegrensene skulle vere uendra. Valkrinsen understreka at retningslinjene for utvida lån («kriselån») må følgjast strengt. Spesielt viktig er det at land med lån har ein klar strategi for å korrigere dei økonomiske ubalansane, slik at dei kan betale ned lånet til IMF i rimeleg tid.

7.3.4.3 Kondisjonalitetskrav

I tidlegare kredittmeldingar har ein omtala arbeidet med å forenkle og konsentrere innhaldet i kondisjonalitetskrava. Det var ønskjeleg at krava i sterkare grad la vekt på dei makroøkonomiske kjerneoppgåvene i IMF. Krav som var knytte til strukturelle forhold, skulle berre inn i programmet dersom dette var avgjerande for å oppnå dei makroøkonomiske måla. Forenklingane skulle gi medlemslanda eit sterkare eigarforhold til dei nødvendige tilpassingane og auke det eksterne innsynet på området. Ein viktig føresetnad for arbeidet har heile tida vore at endringane ikkje rammar kvaliteten og styrken i programma.

Våren 2005 var det ein gjennomgang av erfaringane med forenklinga av kondisjonaliteten som blei innført i 2002. Sidan det var så kort tid sidan endringane blei innførte, var grunnlaget utilstrekkeleg for ei grundig vurdering av effekten på dei økonomiske resultata i programlanda. I gjennomgangen konsentrerte ein seg derfor mest om å vurdere om kondisjonalitetskrava hadde blitt mindre omfattande, klarare, og om dei medverka til å gi programlanda det politiske eigarforholdet til dei nødvendige omstillingane.

Erfaringane viste at krava til strukturelle omstillingar i større grad enn tidlegare no var konsentrerte om makroøkonomiske forhold. Samtidig blei det innrømma at programma av den grunn først og fremst la vekt på makroøkonomisk stabilitet, og at omstillingar som var viktige for økonomisk vekst, i mindre grad blei inkluderte. Erfaringane viste også at målet om klare krav kunne kome i konflikt med målet om eit politisk eigarforhold til krava, dersom klarleik resulterte i for detaljerte krav. Viktigare for eigarforholdet var det at det blei etablert ei felles forståing mellom styresmaktene i landet og IMF for behovet for dei nødvendige omstillingane. Med ei slik felles forståing viste også erfaringane at omfanget av krava og tilhøyrande tidsfristar blei betre tilpassa dei landspesifikke forholda, og at det styrkte evna og viljen hos styresmaktene til å gjennomføre omstillingane.

Gjennomgangen viste igjen kor viktig det er med eit nært samarbeid mellom IMF og Verdsbanken. Når krava til omstillingar som institusjonane set, blir konsentrerte om deira respektive kjerneområde, blir det mindre overlappande krav, men samtidig aukar risikoen for at det er forhold som ikkje blir tekne hand om. Konsistens og komplementaritet må sikrast gjennom auka samarbeid.

Nordisk-baltisk valkrins var nøgd med at omfanget av kondisjonalitetskrava var blitt redusert og sterkare konsentrert om makroøkonomiske forhold. Valkrinsen streka samtidig under at vektlegginga av krava ikkje måtte undervurderast, og at det ikkje nødvendigvis var nokon motsetnad mellom dei og det politiske eigarforholdet styresmaktene i programlanda måtte ha til omstillingsbehova. Når krava blei tilpassa dei landspesifikke forholda og når det blei satt søkjelys på dei mest kritiske omstillingane, måtte det forventast at styresmaktene viste forsterka evne og vilje til å gjennomføre dei for at låneprogramma skulle lukkast. Viste derimot landa mangelfull eigarskap og svikta i gjennomføringa, burde IMF stille strengare krav om programrelasjonen skulle førast vidare, eventuelt stille krav som måtte oppfyllast før programrelasjonen blei teken opp att.

Nordisk-baltisk valkrins støtta fullt ut eit sterkare samarbeid med Verdsbanken, slik at dei respektive institusjonane kunne konsentrere seg om kjerneområda sine.

Regjeringa vil om kort tid setje i gang ein studie for å kartleggje bruken av og erfaringa med krav til privatisering og liberalisering i dei internasjonale finansieringsinstitusjonane. Regjeringa vil kome attende til eventuelle forslag til implikasjonar for norsk politikk overfor institusjonane.

7.3.4.4 Rente og løpetid på utlåna

Lån frå IMF skal berre givast dersom finansieringsbehovet i landet ikkje kan dekkjast i den private penge- og kapitalmarknaden til normale vilkår. For å sikre at IMF kan dekkje moglege finansieringsbehov til andre medlemsland, er det viktig at låntakarlanda betaler tilbake låna så snart dei er i stand til å dekkje finansieringsbehova på ordinært vis. Då dei ulike låneordningane blei gjennomgått i 2000, var eit av formåla å skape betre insentiv for å avgrense storleiken på utlåna og redusere omfanget av oppfølgingsprogram. Rente- og løpetidsvilkåra må reflektere dette, men må også tilpassast den evna landa har til å bere rentekostnadene og makte ei rask tilbakebetaling.

Sommaren 2005 var det ein gjennomgang av erfaringane med rente- og løpetidsvilkåra for å sjå om formåla frå gjennomgangen i 2000 var oppnådd. Ei av erfaringane var at dei hadde blitt kompliserte.

Det var brei semje om at eventuelle endringar i vilkåra måtte sikte mot ei forenkling. Hovudprinsippet skulle som tidlegare vere at dess større lån, dess høgare rente. Det var noko usemje om renta også skulle reflektere lengda på lånet, og spesielt om renta dermed skulle auke om låntakarlanda fekk behov for eit oppfølgingsprogram. Det var derimot semje om å vurdere å avskaffe den særskilde ordninga for lån utover dei normale lånegrensene (Supplemental Reserve Facility – SRF), som kombinerer store kriselån med kort løpetid og høg rente. Denne ordninga blei etablert under Asia-krisa då det for første gong blei behov for fleire store kriselån samtidig. Erfaringane etter dette har vist at det tok lengre tid å løyse krisene i andre land, som for eksempel i Latin-Amerika, og at vilkåra ved SRF derfor passa dårlegare.

Nordisk-baltisk valkrins har lenge teke til orde for ei forenkling i låneordningane frå IMF og var derfor positiv til forslag om dette. Samtidig har valkrinsen lagt stor vekt på at vilkåra ved låna må gi klare insentiv for at IMF-lån berre må nyttast når ordinær finansiering i marknadene ikkje er tilgjengeleg, og at låna må betalast tilbake innanfor den tidshorisonten som ligg i låneprogramma. Låntakarland må ikkje ta for gitt at dei vil få eit oppfølgingsprogram. Sjølv om valkrinsen i tillegg har vore ein pådrivar for at SRF skal nyttast ved lån utover dei normale lånegrensene, har erfaringane vist at sider ved ordninga – spesielt den korte løpetida – i mindre grad var eigna for kriselåna i Latin-Amerika og Tyrkia. Valkrinsen innsåg derfor at ein bør vurdere å avvikle ordninga, og at dei andre låneordningane tek opp i seg dei andre elementa – spesielt rentevilkåra ved lån utover dei normale grensene.

IMF vil seinare fremje konkrete forslag til endring i låneordninga. For nordisk-baltisk valkrins blir det viktig at endringane er godt tilpassa det særskilde regelverket som gjeld for kriselån.

7.3.5 Utviklinga i kriselån

Samla utlån frå IMF varierer i all hovudsak med omfanget av kriser i framveksande økonomiar. Låna nådde eit toppnivå i 2003 på 65 milliardar SDR 2 . Utlåna var samla på nokre få land. I 2003 utgjorde dei fem største låntakarane – Brasil, Tyrkia, Argentina, Indonesia og Russland – 86 prosent av samla utlån. Til samanlikning utgjorde samla utlån 60 milliardar SDR etter Asia-krisa i 1998. Dei fem største låntakarane var då Russland, Korea, Indonesia, Mexico og Argentina.

I dei seinare åra har det ikkje vore nye finansielle kriser i framveksande økonomiar. Høg global økonomisk vekst og oppgang i råvareprisar har resultert i auka eksport og god vekst også i desse landa. Ekspansiv pengepolitikk i industrilanda og låge langsiktige renter internasjonalt har gitt gunstige finansieringsforhold. Betring i statsfinansar og moderat inflasjon har støtta opp om den positive makroøkonomiske utviklinga i framveksande økonomiar.

IMF gav ingen nye store lån i 2004 og 2005. Argentina, Brasil og Russland har betalt tilbake sine lån til IMF i 2005 og 2006.

Tyrkia fekk eit treårig oppfølgingsprogram i 2005 på 6,6 milliardar SDR. Målet med programmet er å konsolidere den positive utviklinga sidan finanskrisa i 2001. Den økonomiske veksten har i gjennomsnitt vore 7 prosent dei siste fire åra, mens inflasjonen har falle markert. Statsgjelda som del av verdiskapinga er fallande. Utviklinga i utanriksøkonomien er mindre positiv, mellom anna som følgje av den kraftige oppgangen i oljeprisen. Tyrkia har framleis eit stort behov for å refinansiere som følgje av høg kortsiktig gjeld, og er derfor utsett om finansieringsforholda blir svekte.

Indonesia har ikkje hatt noko IMF-program sidan 2003, men har framleis gjeld til IMF fordi låna var noko meir langsiktige.

Samla utlån utanom PRGF-lån var ved utgangen av februar 2006 20,2 milliardar SDR.

7.3.6 Teknisk assistanse

Det tredje hovudområdet for verksemda til IMF, teknisk assistanse til medlemslanda, har auka i omfang dei siste åra. Om lag ein firedel av dei årlege ressursane (både når det gjeld årsverk og budsjett) er knytte til teknisk assistanse.

Heile 65 prosent av den tekniske assistansen går til dei såkalla PRGF-landa, det vil seie dei 78 landa som har rett på lågrentelån frå IMF. Dei fleste av desse landa har utilstrekkelege og sårbare institusjonar og treng meir fagleg bistand for å kunne forme og gjennomføre ein berekraftig økonomisk politikk. Den tekniske assistansen blir i hovudsak gitt innanfor tre område: (a) utforming og gjennomføring av penge- og finanspolitikken, (b) hjelp til å byggje opp institusjonar, og (c) lovgiving for økonomisk verksemd og finanssektoren. Assistansen tek såleis sikte på å betre det institusjonelle grunnlaget for gjennomføring av dei økonomiske tilrådingane. Det er behov for tett og konstruktiv koordinering og samarbeid mellom IMF og andre institusjonar, med ei klar ansvarsfordeling slik at ein får ei sterkast mogleg forankring av assistansen på kjerneområdet.

Den tekniske assistansen blir i aukande omfang gitt gjennom regionale senter. IMF har etablert slike senter i Fiji (Stillehavsområdet), Barbados (Karibia), Tanzania (Aust-Afrika), Mali (Vest-Afrika) og Libanon (Midtausten). IMF planlegg å opne eit senter i Gabon (Sentral-Afrika) neste år. Tanken er at slike senter, som er etablerte ute i medlemslanda, vil ha ei betre forståing for korleis assistansen bør utformast. Assistanse kan også ytast raskare ved akutte behov.

Den nordisk-baltiske valkrinsen har vore positiv til etablering av slike senter. Valkrinsen har spesielt peika på at sentra og bruk av regionale ekspertar kan vere med på å styrkje den institusjonelle kapasiteten i medlemslanda. Noreg har medverka til å finansiere dei to sentra i Afrika med 9 millionar kroner i perioden 2002–2004.

Teknisk assistanse er gratis for mottakarland. Noreg er med på å finansiere teknisk assistanse gjennom ein eigen konto i IMF, «Technical Assistance Subaccount to Support Macroeconomic and Financial Policy Formulation and Management». Utanriksdepartementet har løyvd 3,5 millionar kroner til denne kontoen. Departementet har nylig vedteke å vidareføre støtta med 3 millionar kroner i året i perioden 2006-2008.

7.3.7 IMFs arbeid i låginntektsland

7.3.7.1 Generelt

IMFs rolle i låginntektsland har vore til omfattande behandling i styret og IMFC sidan hausten 2003. Ein har drøfta korleis IMF betre kan tilpasse instrumenta sine overfor låginntektsland og samarbeidet med Verdsbanken. IMF har også drøfta problemstillingar i samband med gjeldsutviklinga i dei fattigaste landa og utforminga av låneprogramma til desse landa. IMF har etablert ein intern komité som skal samordne fondet sitt arbeid med låginntektsland og gjere det meir målretta.

IMF speler ei sentral rolle når det gjeld arbeidet med å oppnå tusenårsmåla. Høgnivå-­konferansen i Monterrey i mars 2002 om finansiering av utvikling etablerte ein partnarskap mellom utviklingsland og utvikla land, og definerer eit sett med mål og ansvar. Det blei slått fast at varig betring er avhengig av at utviklingslanda sjølve heile tida fører ein sunn økonomisk politikk. Oppgåva for industrilanda blir å gi vesentleg meir utviklingshjelp 3 og gjennomføre fleire handelsliberaliseringar. Oppgåva til IMF blir å stå for overvaking og teknisk assistanse, men også å fremje tilpassing og institusjonsoppbygging gjennom program- og utlånsverksemda si.

7.3.7.2 Instrument og finansiering

Lån til låginntektsland blir gitt på gåvevilkår, det vil seie med ei sterkt subsidiert rente gjennom PRGF-ordninga (Poverty Reduction and Growth Facility). Hausten 2005 etablerte IMF ei ny låneordning under PRGF, Exogenous Shocks Facility (ESF), for land som blir ramma av plutselege og omfattande økonomiske sjokk utanfor deira eigen kontroll.

I september 2005 diskuterte styret enkelte spørsmål knytte til utforming av PRGF-program. Det blei blant anna peika på – i lys av den pågåande diskusjonen om gjeldslette, sjå avsnitt 8.3.7.3 – at også lån som er gitt til ei låg rente, kan føre til at land byggjer opp for stor gjeld. IMF må derfor styrkje analysen av kva som er ei berekraftig gjeld i kvart enkelt land.

Eit særskilt problem er knytt til kva evne landa har til å absorbere den finansielle assistansen som blir gitt, anten i form av gåver eller lån. Slik kapitalinngang kan leie til styrking av valutakursen og svekkje konkurranseevna. Dette kan føre til problem for ein utsett eksportsektor. Det er derfor viktig at landa har gode planar for korleis slike ressursar skal nyttast til å byggje opp infrastruktur, styrkje helse- og utdanningssektoren, osb. Samtidig må landa ha institusjonell kapasitet til å utnytte ressursane på ein effektiv måte. Manglar denne, kan det lett føre til feilbruk og misbruk av midlane.

IMF vil stille sterkare krav til låntakarlanda om å styrkje den institusjonelle kapasiteten og betre styresettet. IMF har eit særskilt ansvar for å utvikle gode system for budsjettstyring. Landa må vise evne og vilje til å føre ein stabiliseringspolitikk som legg forholda godt til rette for auka økonomisk vekst, og ein politikk som er retta inn mot å redusere fattigdom.

Nordisk-baltisk valkrins streka under behovet for å styrkje den institusjonelle kapasiteten i låginntektslanda for å fremje økonomisk vekst. Teknisk assistanse frå IMF er viktig i denne samanhengen. Men det er landa sjølve som må ta hovudansvaret. Betre budsjettstyring, kamp mot korrupsjon og ein opnare offentleg sektor vil gi auka tillit hos givarar. Dette vil hjelpe til å redusere svingingane i den finansielle assistansen. Dette vil igjen gjere situasjonen for landa meir føreseieleg og dermed lette planlegginga av den økonomiske politikken.

Nordisk-baltisk valkrins meiner at utlånspolitikken må innrettast slik at den finansielle assistansen og det konsesjonelle elementet i låna gradvis kan trappast ned etter kvart som tilpassingsarbeidet skrir framover. Det er uheldig at enkelte medlemsland over lang tid er knytte til eit låneprogram i IMF. Målet er at IMF på lengre sikt skal kunne vere engasjert i låginntektsland utan nødvendigvis samtidig å yte finansiering, og at dette skal vere eit sterkt nok signal til givarland og kreditorar til at dei yter finansiell støtte.

IMF hadde hausten 2004 ein førebels diskusjon om eit mogleg nytt instrument – utan finansiering – for tettare overvaking av land enn det som følgjer av ein vanleg årleg konsultasjon. IMFC gav våren 2005 støtte til etableringa av eit slikt instrument. Policy Support Instrument (PSI) blei etablert i oktober. PSI vil byggje på strategien landet sjølv har for reduksjon av fattigdom ( Poverty Reduction Strategy, PRS). Formålet er å kunne signalisere til omverda ei vurdering av den økonomiske politikken desse landa fører, utan samtidig å gi lån. Slike signal kan vere særleg viktige for at donorar skal vere villige til å yte finansiell assistanse og å få investeringar til landet. PSI blir berre nytta dersom eit land ber om det. PSI kan i einskilde tilfelle utløyse gjeldsavtaler med kreditorlanda fordi det borgar for ein sunn økonomisk politikk med målretta reformer

Nordisk-baltisk valkrins var i utgangspunktet skeptisk til å etablere nok eit instrument for låginntektsland. Valkrinsen var mellom anna usikker på i kor stor grad låntakar- og givarland sakna det. I staden for å etablere eit slikt instrument burde IMF nytte betre dei instrumenta fondet alt hadde, meinte valkrinsen. Ein meinte mellom anna at bruk av program med låg låneramme for låginntektsland, eller såkalla førebyggjande arrangement langt på veg kunne dekkje same behovet. I lys av tilslutninga forslaget fekk i IMFs styre, også frå låginntektsland, fann valkrinsen likevel at han ville støtte etableringa av PSI.

I samband med diskusjonen om IMFs rolle i låginntektsland blei det også drøfta om fondet burde etablere ei eiga låneordning, Exogenous Shocks Facility (ESF) , for land som blir råka av plutselege og eksterne økonomiske sjokk. Dette er hendingar som ligg utanfor landet sin eigen kontroll, men som vil ha stor verknad på den økonomiske utviklinga og kampen mot fattigdom. Slike sjokk kan til dømes vere ein kraftig auke i energiprisar, fall i prisen på eller bortfall av etterspurnaden etter viktige eksportvarer eller konfliktar i naboland. Diskusjonen blei intensivert etter at G8-landa sommaren 2005 oppfordra IMF til å etablere ein eigen sjokkfasilitet.

I november 2005 blei det vedteke å opprette ESF som ei separat ordning under PRGF. Låna har tilnærma same vilkår som PRGF-lån. Løpetida er noko kortare sidan ein ventar at sjokket ikkje vil vere særleg langvarig. Det er ein føresetnad at landet har utarbeidd ein strategi for fattigdomsreduksjon. Berre land som ikkje har PRGF-lån, vil ha rett til å låne under ESF. PRGF-land som blir ramma av sjokk, kan få ei utvida låneramme i IMF.

Nordisk-baltisk valkrins deler fullt ut synspunktet om at IMF har ei plikt til å hjelpe medlemsland som kjem i betalingsbalanseproblem. Vi var i utgangspunktet skeptiske til etableringa av ESF, i første rekkje fordi IMF alt hadde etablert fleire låneordningar for land som blir ramma av sjokk. Valkrinsen meinte dessutan at dei lånebehova som oppstod som følgje av eksterne sjokk, kunne dekkjast innanfor den eksisterande PRGF-ordninga. Valkrinsen ønskjer generelt å forenkle lånestrukturen i IMF. Etablering av utlånsordningar med til dels overlappande formål kompliserer instrumentbruken og gjer systemet mindre gjennomsiktig for potensielle låntakarar, givarar og andre interessentar.

Likevel støtta vi til slutt etableringa av ESF. Lån under ordninga har ei rente på 0,5 prosent. Tilsvarande som for ordinære PRGF-lån er dette gjort mogleg ved subsidietilskot frå bilaterale givarar. IMF har spurt ei rekkje land om å yte tilskot. Oljeeksporterande land – som har akkumulert store overskot på grunn av den høge oljeprisen – blei spesielt bedne om å støtte fordi den høge oljeprisen, som er eit eksternt sjokk for mange fattige land, har styrkt evna deira til å støtte.

Regjeringa vedtok i februar 2006 å yte 240 millionar kroner (svarande til om lag 25 millionar SDR) i subsidiemidlar over ein periode på opptil fem år. Beløpet, som blir dekt over Utanriksdepartementet sitt budsjett, er på linje med det IMF bad om.

7.3.7.3 Gjeldsinitiativet

I 1996 lanserte IMF og Verdsbanken eit felles initiativ for å løyse gjeldsproblemet for fattige land (Heavily Indebted Poor Countries, HIPC). Programmet blei kraftig forsterka i 1999. Det skulle vere med på å bringe gjelda for dei fattige, hardt gjeldstyngde landa ned på eit berekraftig nivå. Dette skjer dels ved at landa gjennomfører ein stor eigeninnsats gjennom ei omlegging av den økonomiske politikken, og dels gjennom ein innsats frå det internasjonale samfunnet i form av diverse gjeldslettetiltak. Ein stiller krav om at slike land bruker dei frigjorde midlane frå gjeldslette til utviklingsfremjande og fattigdomsreduserande tiltak.

38 land er definerte som HIPC-land, dvs. fattige og gjeldstyngde land. I tillegg kjem tre land som i lang tid berre delvis har betalt låna sine til IMF (sjå avsnitt 7.4.1.2). Desse tre landa har ikkje rett til HIPC-assistanse før dei har klarert desse låna. 28 av HIPC-landa har nådd avgjerdsstadiet («decision point») og har gjennomført den innleiande tilpassinga, mens ti land ( i tillegg til dei tre restanselanda) har vanskar med å kome inn under programmet. Fleire av desse er i eller har nettopp arbeidd seg ut av ein konfliktsituasjon og har omfattande restansar til IMF og Verdsbanken. Av dei 28 landa har 18 nådd sluttstadiet («completion point»), medan ti land er i mellomstadiet under gjeldsprogrammet og gjennomfører tilpassinga av den økonomiske politikken i minst eitt år til.

HIPC-initiativet var meint å vere ei mellombels ordning for gjeldslette. Gjeldsproblema har likevel vist seg å vere større og meir langvarige enn det ein opphavleg såg føre seg. Dette førte mellom anna til at programmet blei forlengt med to år i 1998, revidert og utvida i 1999 og igjen forlengt med to nye år både i 2000 og 2002. Ifølgje den såkalla «solnedgangsklausulen» skulle ordninga avsluttast ved utgangen av 2004. I september 2004 vedtok styret i IMF, med støtte frå vår valkrins, å forlengje HIPC-initiativet med to år til. IMF vurderer no om fleire land skal omfattast av initiativet. Det er i så fall seks nye land som er aktuelle.

I juni 2005 gjorde G8 framlegg om auka gjeldslette for HIPC-landa. Forslaget innebar at desse landa si gjeld til Det afrikanske utviklingsfondet, Valutafondet og International Development Association (IDA, som er ein del av Verdsbankgruppa) fullt ut skulle slettast. G8-forslaget føresette at IMF skulle dekkje gjeldssaneringa sjølv, mens IDA (Verdsbanken) og Afrikafondet skulle motta finansiell kompensasjon ved gjeldssaneringa. Formålet med forslaget var å frigjere ressursar, som elles ville ha gått til å betale gjeld i HIPC-landa, slik at dei betre kunne nå dei såkalla tusenårsmåla. Til forskjell frå HIPC-initiativet føresette ikkje forslaget parallell gjeldssanering verken frå andre private eller offentlege kreditorar eller andre multilaterale finansinstitusjonar.

Etter forslaget ville landa kvalifisere for full gjeldssanering dersom dei hadde oppnådd gjeldslette etter HIPC-initiativet eller når dei oppfylte krava under initiativet. I tillegg var det ein føresetnad at landa ikkje hadde misleghalde låna sine til dei nemnde institusjonane, og at dei hadde tilfredsstillande budsjettstyringssystem, slik at dei frigjorde ressursane kunne nyttast til formål som fremjar oppnåinga av tusenårsmåla.

Styret i IMF diskuterte enkelte prinsipielle sider ved forslaget sommaren 2005. Då bad styremedlemmene frå Belgia, Nederland, Sveits og nordisk-baltisk valkrins om ei nærmare utdjuping av somme problemstillingar:

Skulle gjeldssaneringa skje fullt ut og ugjenkalleleg med ein gong, eller skulle ho skje gradvis for å sikre at landa oppfylte kvalifikasjonskrava også framover? Dersom landa for eksempel oppnådde full gjeldssanering, men viste seg å svikte i den økonomiske styringa etter kvart, kunne fordelen med gjeldssaneringa reduserast eller forsvinne heilt.

Skulle gjeldssaneringa berre omfatte HIPC-land, eller var det andre fattigare, meir gjelds­tyngde land som også burde inkluderast? Enkelte av medlemslanda i IMF hadde lågare inntekt per innbyggjar enn HIPC-landa, men var ikkje gjelds­tyngde fordi dei av ulike årsaker ikkje hadde drege på seg stor gjeld. Enkelte medlemsland som hadde lik inntekt per innbyggjar som HIPC-landa, hadde større gjeld enn HIPC-landa, nettopp fordi dei sistnemnde landa allereie hadde fått redusert gjelda si kraftig. Det kunne også vere slik at økonomisk støtte til andre land enn HIPC-landa kunne vere ein vel så effektiv måte å nå tusenårsmåla. Valkrinsen var også oppteken av at gjeldssaneringa ikkje måtte stride mot prinsippa i IMFs statuttar som skal sikre at medlemslanda blir behandla likt.

Kunne gjeldssaneringa for HIPC-landa svekkje den finansielle kapasiteten i IMF til å yte subsidierte lån til andre fattige land med rett til å kome inn under PRGF, og dermed svekkje Valutafondet si evne til å hjelpe dei, jf. at G8 la opp til at IMF skulle bruke av eigne ressursar til å sanere gjelda?

Førespurnaden frå desse styremedlemmene om meir informasjon og analyse blei framstilt feilaktig i media som om desse landa var imot utvida gjeldslette for fattige, gjeldstyngde land. Men det var viktig å få klarlagt spørsmåla før ein eventuelt kunne ta stilling til om G8-forslaget var den mest effektive og rettferdige måten å bruke IMFs ressursar til å fremje tusenårsmåla.

Det endelege vedtaket om gjeldssanering blei i all hovudsak konsentrert om HIPC-landa, først og fremst fordi det blei sett på som mest tenleg å byggje vidare på HIPC-initiativet. Dette initiativet hadde stor støtte og var godt kjent. Implementeringa av initiativet var dessutan velprøvd.

Likebehandlingsprinsippet i IMF kravde at eit objektivt kriterium for gjeldssanering blei fastsett, og at alle medlemsland som oppfylte dette kriteriet, i utgangspunktet kunne kvalifisere under den nye gjeldsordninga dersom dei innfridde dei andre krava. IMF vil såleis dekkje kostnadene ved gjeldssanering for alle medlemsland med ei nasjonalinntekt per innbyggjar under ei øvre grense på 380 dollar per år. I tillegg til dei 38 HIPC-landa omfatta det to andre land: Kambodsja og Tadsjikistan. For dei andre HIPC-landa med nasjonalinntekt over denne grensa plikta G8 seg til å kompensere delar av kostnadene til IMF, slik at den finansielle kapasiteten til å yte lån under PRGF-ordninga ikkje blir undergraven.

Gjeldsslette-initiativet (Multilateral Debt Relief Initiative, MDRI) blei vedteke av IMFs styre i november 2005. Det er enno ikkje endeleg avgjort kor mange land som vil ha rett på 100 prosent gjeldssanering frå IMF. Det som er klart, er at dei 38 HIPC-landa og dei tre restanselanda vil ha krav på sanering av gjeld når dei oppfyller krava. Restansane må først klarerast. I tillegg kjem Kambodsja og Tadsjikistan. Dersom HIPC-initiativet blir utvida med fleire land, vil også desse ha rett på gjeldsslette. Det er venta at ei eventuell utviding av HIPC-initiativet vil bli vedteken våren 2006.

I desember 2005 gjorde staben i IMF framlegg om at tolv av dei 18 landa som har nådd sluttstadiet under HIPC, skulle få sletta gjelda si til IMF (PRGF-lån) under MDRI. I tillegg meinte staben at Kambodsja og Tadsjikistan oppfylte krava. Styret i IMF overprøvde vurderingane til staben i fem av tilfella, då det etter ei samla vurdering meinte at også desse landa oppfylte krava til gjeldssanering. Styret gjekk dermed inn for at 19 land skulle få gjeldssanering i denne omgangen. Fleirtalet i den nordisk-baltiske valkrinsen støtta vurderinga i staben. Noreg var i mindretal i valkrinsen og støtta styrefleirtalet. Dette blei opplyst i styremøtet.

7.4 Styresett

7.4.1 Finansielle ressursar

7.4.1.1 Tilgang og bruk av ressursar

Ressursane til IMF er for det meste midlar som medlemslanda har betalt inn i samband med tildeling av kvotar. Kapitalen, eller kvotane, som medlemslanda har skote inn, er hovudsakleg rekna ut frå den økonomiske storleiken deira.

Dei samla ressursane til IMF ved utgangen av 2005 utgjorde 221 milliardar SDR (om lag 2140 milliardar kroner). Av dette beløpet var vel ein tredel rekna som ikkje tilgjengeleg. Som ikkje-tilgjengelege midlar reknar ein midlar frå land som anten er på IMF-program (og som derfor per definisjon har ein svak utanriksøkonomisk situasjon), eller land som blir vurderte til å ha ein svak betalingsbalansesituasjon. Fråtrekt ein nødvendig arbeidsbalanse og allereie lova beløp stod det att om lag 100 milliardar SDR som kan nyttast til nye utlån.

IMF har òg to spesielle ordningar der somme medlemsland, mellom dei Noreg, har lova å gi organisasjonen kortsiktige lån for å styrkje likviditeten i fondet i krisesituasjonar. Desse er GAB (General Arrangements to Borrow) og NAB (New Arrangements to Borrow). Ordningane sikrar at IMF i tillegg kan mobilisere 34 milliardar SDR. NAB-ordninga blei etablert i 1998 med ei løpetid på fem år. Ordninga blei fornya for fem nye år i november 2002. IMF nytta ikkje desse ordningane i 2005.

Likviditeten i IMF blei sterkt betra mot slutten av 2005 som følgje av innfriing av store lån, mellom anna til Brasil. Tidleg i 2006 blei likviditeten endå betre då Argentina betalte ned sine lån.

Ved utgangen av februar 2006 hadde IMF uteståande lån på 20,2 milliardar SDR (om lag 192 milliardar norske kroner). I tillegg kom 4,1 milliardar SDR i lån under PRGF-ordninga.

7.4.1.2 Restansar

Dei totale restansane utgjorde om lag 1,9 milliardar SDR per utgangen av 2005. Dette fordeler seg med 1,7 milliardar SDR på ordinære lån og 0,2 milliardar til spesielle utlånsordningar, som hovudsakleg er finansierte med bilaterale midlar. Det er fire land som ikkje har klart å halde dei finansielle pliktene overfor IMF. Restansane fall noko gjennom 2005, i første rekkje fordi Zimbabwe betalte ned på sine restansar. Meir enn halvparten av restansane knyter seg til Sudan, mens om lag ein firedel er knytt til Liberia. Det siste landet er Somalia.

I fleire år betalte Zimbabwe berre delar av rentene og avdraga som forfall. Dette førte til at restansane auka. På denne bakgrunnen vurderte styret i juli 2004 om det skulle tilrå overfor Guvernørrådet å innleie prosedyren med sikte på å ekskludere landet frå IMF. Fleirtalet i styret, inklusive valkrinsen vår, konkluderte med å gi Zimbabwe ein frist på seks månader til å betre samarbeidet med IMF. Spørsmålet blei på nytt drøfta i februar 2005. Styret gav landet nye seks månader til å betre situasjonen. Vår valkrins valde denne gongen å avstå frå å støtte dette forslaget fordi ein meinte at Zimbabwe hadde gjort for lite for å setje i verk tiltak for å redusere fattigdommen, fremje økonomisk vekst og betre samarbeidet med IMF. Sommaren 2005 betalte Zimbabwe ned nær 40 prosent av restansane. Dette blei gjort i framkant av styrediskusjonen i september om mogleg eksklusjon. Fordi landet hadde sett i verk visse tiltak og betalt ned delar av lånet, gjorde leiinga i IMF framlegg om at Zimbabwe skulle få seks nye månader til å setje i verk fleire tiltak. Fleirtalet i styret støtta forslaget. Fleirtalet i den nordisk-baltiske valkrinsen, inklusive Nore g, kunne ikkje støtte forslaget. Det meinte at Zimbabwe ikkje hadde sett i verk nok tiltak for å betre den økonomiske situasjonen. Dessutan kunne styresmaktene ikkje gjere greie for kvifor landet plutseleg var blitt i stand til å betale ned store delar av restansane. Tidleg i 2006 betalte Zimbabwe ned resten av dei ordinære låna sine i IMF. Dette medførte at spørsmålet om å ekskludere landet frå IMF ikkje lenger er aktuelt. Leiinga i IMF foreslo i mars 2006 at landet skulle få tilbake stemmeretten sin i fondet. Denne hadde vore suspendert sidan juni 2003. Fleirtalet i den nordisk-baltiske valkrinsen, inklusive Noreg , støtta forslaget, men det fekk ikkje det nødvendige fleirtalet i styret. Zimbabwe har framleis restansar til den spesielle utlånsordninga PRGF. Landet vil ikkje få nye lån frå IMF før det har fått tilbake stemmeretten.

7.4.1.3 Inntekter og utgifter

IMF fungerer som ein kredittunion der enkelte medlemsland (kreditorar) stiller midlar til disposisjon for utlån til andre medlemsland (debitorar).

Fondet får inntektene sine hovudsakleg gjennom renter på utlån. I tillegg har fondet fleire reservekonti. Midlane på desse er plasserte i ulike finansielle instrument som gir avkastning.

Den største utgiftsposten er renter til kreditorane. Noregs Bank får ei rente på innskota sine i IMF som er basert på marknadsrentene. I praksis reknar Noregs Bank med at ein får noko mindre avkastning på desse midlane enn på tilsvarande plasseringar av den vanlege valutareserven.

Nær 40 prosent av utgiftene er knytte til den jamne drifta av IMF. Desse er fordelte med om lag ein tredel på kvar av dei tre hovudaktivitetane: overvaking, program/utlån og teknisk assistanse/kapasitetsbygging.

Den sterke nedbetalinga av lån i 2005 har svekt inntektspotensialet for IMF. Det er lite ønskjeleg å auke renta på utlån for å dekkje inn dette inntektsbortfallet fordi det vil føre til at relativt få låntakarar då finansierer store delar av fondsverksemda. Eit alternativ vil vere å redusere den renta kreditorane – mellom anna Noregs Bank – får på innskota sine. Vidare kan det vere aktuelt at større delar av reservane i IMF blir plasserte i finansielle instrument som er venta å gi ei høgare avkastning. Eit tredje alternativ er at dei landa som etterspør tenester frå IMF, som for eksempel teknisk assistanse, må betale for desse tenestene. Styret i IMF vil i nær framtid ta stilling til problemstillingane om finansieringa på kort og lengre sikt.

7.4.2 Kvotar og representasjon i dei styrande organa

Det er kvoten eit medlemsland har, som avgjer dei finansielle relasjonane til IMF 4 . Kvoten set ramma for kor mykje landet sjølv kan låne i IMF dersom det kjem i betalingsvanskar, og kor mykje valuta eit land må stille til rådvelde når andre land får slike vanskar. Både bruttonasjonalproduktet i eit land, utanrikshandelen, valutareservane og variasjonar i eksporten og importen er med på å avgjere kor stor kvote eit land får.

I samsvar med vedtektene i IMF går ein gjennom behovet for justeringar av den samla kvotestorleiken kvart femte år. Det blir kravd 85 prosent majoritet i styret og samtykke frå minst 60 prosent av medlemslanda for at kvotane skal kunne endrast.

IMF avslutta drøftingane av den 12. revisjonen i slutten av januar 2003. Han blei fullført utan kvoteendringar. Arbeidet med den 13. kvoterevisjonen er formelt sett i gang, men har enno ikkje starta i praksis. Det må avsluttast seinast i januar 2008.

Likviditetssituasjonen i IMF kjem til å vere god dei nærmaste åra. Det er derfor ikkje behov for ein generell auke i kvotane for å styrkje dei finansielle ressursane.

Stemmevekta landa har i IMF, er fastsett av kvoten og såkalla basisstemmer. Kvar 100 000 SDR i kvote gir ei stemme. Kvart land har dessutan 250 basisstemmer uavhengig av kvotestorleik. Då IMF blei etablert, utgjorde basisstemmene over 11 prosent av samla stemmevekt. Kvoteaukar har medført at basisstemmene no utgjer berre 2 prosent av stemmevekta.

Sterk økonomisk vekst over fleire år har medført at mange framveksande økonomiar har ein teoretisk kvote som er større enn den faktiske. Desse landa kan derfor seiast å vere underrepresenterte i IMF. Det er frå fleire hald teke til orde for at desse landa bør få ein særskild kvoteauke. Det er venta at dette spørsmålet vil bli drøfta på IMFs årsmøte i Singapore i september 2006.

Målt ved økonomiske storleikar er låginntektslanda overrepresenterte når det gjeld kvotar. Utviklingslanda kan få auka stemmeinnverknad gjennom at ein aukar talet på basisstemmer. Ein auke i basisstemmene vil generelt kome dei mindre landa til gode. Dei fleste låginntektslanda er i denne kategorien.

Nordisk-baltisk valkrins meiner at kvotane bør reflektere den økonomiske rolla landet speler. Med utgangspunkt i endringane som har skjedd i storleiken på bruttonasjonalprodukta i landa, kan valkrinsen støtte eit forslag om ein ad hoc-kvoteauke for dei landa som er mest underrepresenterte. Valkrinsen har også gått inn for å auke talet på basisstemmer for å styrkje stemmevekta til utviklingslanda. Dette kan ta tid, då ei slik avgjerd krev endring i IMFs statuttar. Ei slik endring må ha støtte frå land med meir enn 85 prosent av stemmevekta. USA, som har vel 17 prosent av stemmene, har så langt gitt til kjenne at landet ikkje vil støtte eit slikt forslag.

Administrerande direktør i IMF sette hausten 2005 ned ei arbeidsgruppe som skal kome med forslag til korleis utviklingsland kan få auka innverknad og representasjon i IMF. Førebels opplegg er at eventuelle vedtak skal fattast under årsmøta i Singapore i september 2006. På denne bakgrunnen er det sett ned arbeidsgrupper også internt i dei nordisk-baltiske valkrinsane for Verdsbanken og IMF. Regjeringa støtter dette initiativet og vil vurdere ytterlegare forslag som kan bidra til auka demokratisering i IMF når rapportane frå arbeidsgruppene er klare. Eit viktig omsyn er spørsmålet om parallellitet i IMF og Verdsbanken.

7.5 Evaluering av verksemda til IMF

IMFs Independent Evaluation Office (IEO) blei etablert i 2000. Kontoret rapporterer direkte til styret og er uavhengig av administrasjonen. Formålet med IEO er å stimulere lærekulturen innanfor IMF, styrkje truverdet til institusjonen, auke forståinga for det arbeidet IMF gjer, og støtte styret i arbeidet med å leie og overvake institusjonen. IEO har tre ulike tilnærmingar: 1) systematiske evalueringar av IMFs ulike politikkområde, 2) samanliknande analyse av kva erfaringar ulike land har med IMFs rådgiving både i overvakings- og utlånspolitikken, og 3) inngåande evalueringar av erfaringane med enkeltland. IEO har gode føresetnader for å gjennomføre og følgje opp utførte evalueringar. Kontoret har uavgrensa tilgang til interne dokument i IMF og har nær kjennskap til korleis IMF fungerer. Kontoret er også alltid til rådvelde for styret i oppfølginga av dei tilrådingane styret fremjar.

IEO la i mai 2005 fram ein rapport om IMFs tilnærming til liberalisering av internasjonale kapitalrørsler. Liberalisering på dette området blei spesielt omstridd i etterkant av dei ulike kapitalbalansekrisene på 1990-talet, jf. mellom anna krisa i Mexico (1994), i Asia (1997/98), i Russland (1998), i Brasil (1998 og 2002), i Argentina (2000/01) og Tyrkia (2000/01). Rapporten slår fast at liberalisering av internasjonale kapitalrørsler gir viktige fordelar, som betre utnytting av dei globale spareressursane og auka opning for å spreie risiko gjennom diversifisering. Liberaliseringa kan på den andre sida utgjere ein alvorleg risiko dersom ho skjer før nødvendige vilkår er på plass – spesielt ein velregulert finanssektor – eller penge- og finanspolitikken er inkonsistent med valutapolitikken, noko dei mange finanskrisene hadde vist. Rapporten finn ikkje grunnlag for at IMF gjennom låneprogram eller overvakinga hadde pressa medlemsland til å liberalisere internasjonale kapitalrørsler mot deira eigen vilje. IMF hadde heller ikkje motarbeidd mellombels bruk av kapitalkontroll i medlemslanda. Medlemslanda hadde sjølv ønskt å liberalisere. IMF hadde gjennomgåande peika på dei utfordringane som dette førte med seg, men hadde kanskje ikkje i stor nok grad sett farane med dei store svingingane i kapitalrørslene og kor raskt kriser kunne spreie seg.

IEO hadde to konkrete tilrådingar når det gjaldt utfordringane framover: For det første at arbeidet i IMF på dette området skulle klargjerast betre. For det andre at kreditorane si rolle måtte følgjast nøyare opp i overvakinga, spesielt for at ein skal forstå bakgrunnen for og politikkimplikasjonane av svingingane i dei internasjonale kapitalrørslene.

Det var brei semje i styret i IMF om at utviklinga i internasjonale kapitalrørsler er heilt sentral for IMF, og at overvaking av politikken og praksisen i medlemslanda fortente auka merksemd. Det var likevel ikkje tilslutning til å gi IMF større formelt mandat for liberalisering av kapitalbalansen på lik linje med liberaliseringa av driftsbalansen. Samtidig blei det mint om at ei tettare oppfølging av finansiell globalisering og global finansiell stabilitet er ein viktig del av den mellomlangsiktige strategien i IMF.

Nordisk-baltisk valkrins delte stort sett analysen og tilrådingane frå IEO. Valkrinsen understreka at krisene dei siste 15 åra har vist at krava til den makroøkonomiske politikken og regulering av finanssektoren i landa kanskje var større enn mange opphavleg hadde tenkt seg. Ein viktig lærdom er uansett at landa bør gå forsiktig fram. På den andre sida vil reguleringar gradvis miste den vernande effekten etter kvart som land oppnår handelssamkvem og finansiell integrering med kvarandre. Gjeninnføringar av reguleringar vil generelt skape rom for å føre ein makroøkonomisk politikk som fråvik frå det dei eksterne forholda krev, og er dermed ikkje eigna som erstatning for nødvendige omstillingar i ein krisesituasjon. Samtidig viser erfaringane frå enkelte land at visse reguleringar kan støtte opp om nødvendige omstillingar i utsette situasjonar, men også i desse tilfella vil regulering etter kvart miste effekt når stadig fleire omgår dei.

Nordisk-baltisk valkrins støtta fullt ut at IMF prioriterer analyse og rådgiving til medlemslanda når det gjeld utviklinga i dei internasjonale kapitalrørslene. Desse spørsmåla er klart i kjerneområdet av verksemda til IMF og er ein sentral del av den globale og regionale overvakinga for å fremje finansiell stabilitet. Valkrinsen ser dette som ein vesentleg del av rolla til IMF framover, slik ho kjem til uttrykk i den mellomlangsiktige strategien. Regjeringa ser ikkje grunn til at IMF skal få eit utvida formelt mandat innanfor dette området.

IEO la i januar 2006 fram ein rapport om erfaringane med programmet der finanssektoren i kvart enkelt medlemsland blir gjennomgått særskilt (såkalla Financial Sector Assessment Program – FSAP). FSAP blei etablert i 1999, som følgje av erfaringane med at risiki i finanssektoren hadde spelt ei heilt sentral rolle i kapitalbalansekrisene dei føregåande åra, jf. omtalen av IEO-rapporten om liberalisering av internasjonale kapitalrørsler. FSAP har vore ein avgjerande del av IMFs auka satsing på overvakinga av finanssektoren i dei enkelte medlemslanda. IEO slår fast at programmet har vore særs viktig i denne samanhengen. Ein viktig del av tilrådingane i rapporten dreidde seg om utfordringa med å integrere resultata frå FSAP betre i den jamne overvakinga av medlemslanda i artikkel IV-diskusjonane. Det blei også peika på behovet for å motivere land til å gjennomføre FSAP, som er frivillig. Enkelte store industriland og framveksande økonomiar har til no vore avventande. Rapporten peika også på behovet for samordning og effektivisering av arbeidet med FSAP internt i IMF og vis-à-vis Verdsbanken.

Styret i IMF slutta seg i all hovudsak til analysen og tilrådingane i IEO-rapporten. Det blei også vist til at fleire av dei forholda rapporten tek opp, er ein del av diskusjonen og prioriteringane i den mellomlangsiktige strategien for IMF. Mellom anna vil merksemd om regionale forhold og det at land er gjensidig avhengige, få auka plass. Såkalla regionale FSAP-prosessar kjem til å vere ein del av ei slik satsing.

Nordisk-baltisk valkrins var samd i analysen og tilrådingane i IEO-rapporten. FSAP har vist seg som eit viktig tiltak for å oppgradere og strukturere overvakinga av finanssektoren i medlemslanda. Valkrinsen peika spesielt på at utfordringa no var å motivere viktige land som enno ikkje hadde gjennomført ein FSAP, til å melde seg. IMF må klarare signalisere kva for land som bør prioriterast, og peike ut land som kan vere kandidatar for fornya gjennomgang. Valkrinsen streka også sterkt under at verdien av FSAP var avhengig av at tilrådingar og oppfølging blei integrerte i den jamne overvakinga i artikkel IV-rapportane. Alle landa i valkrinsen har gjennomført, eller er i ferd med å gjennomføre, FSAP. I tillegg blei det opplyst at IMF våren 2006 vil utføre ei samla vurdering av ulike spørsmål som er knytte til finansiell sektor i dei nordisk-baltiske landa, basert på landa sine FSAP-rapportar. Verksemda til dei store finansielle konglomerata og grenseoverskridande tilsynsutfordringar vil stå sentralt.

Alle rapportane frå IEO blir offentleggjorde. Sjå heimesida til IMF på www. imf.org.

7.6 Særskilde forhold som gjeld Noreg

7.6.1 Deltaking i PRGF

Noregs Bank har inngått låneavtalar med IMF om å finansiere ein del av kapitaldelen av PRGF-låneordninga. Sentralbanken har ytt eit kapitalinnskot på til saman 150 millionar SDR (90 millionar SDR i 1988 og 60 millionar SDR i 1994). Kapitalmidlane blir betalte tilbake til Noregs Bank i takt med at låntakarane betaler ned lånet til IMF. Uteståande beløp ved utgangen av 2005 var reduserte til om lag 42 millionar SDR. I tillegg kjem subsidiemidlar som er løyvde over Utanriksdepartementet sitt budsjett.

7.6.2 Artikkel IV-konsultasjon

IMF analyserer jamleg norsk økonomi. Den såkalla artikkel IV-konsultasjonen blir gjennomført ved at ein delegasjon frå IMF har møte med Finansdepartementet, Noregs Bank, andre offentlege styresmakter og representantar for partane i arbeidslivet, akademia og den finansielle sektoren.

Noreg har samtykt i at rapportane som blir utarbeidde i samband med artikkel IV-konsultasjon, kan offentleggjerast. Det gjeld både den mellombels vurderinga som delegasjonen skriv ved avslutninga av konsultasjonen i Noreg, og den meir omfattande stabsrapporten som ligg til grunn for diskusjonen i styret.

Den siste artikkel IV-konsultasjonen blei gjennomført i mars 2005. Dei mellombelse vurderingane blei offentleggjorde 15. mars. Den endelege rapporten blei lagd fram for styret i juni. Ei oppsummering av styret sine vurderingar (Public Information Notice, PIN) og sjølve rapporten blei offentleggjorde.

Så langt er konsultasjonane gjennomførte med tolv månaders mellomrom. På bakgrunn av dei stabile økonomiske og finansielle forholda i Noreg og omsynet til ein effektiv bruk av ressursane til IMF uttrykte norske styresmakter at artikkel IV-konsultasjonane kunne gjennomførast med ein noko lengre frekvens. Det vil derfor ikkje bli gjennomført ein full konsultasjon i 2006. Det er planlagt eit kortare besøk av IMF tidleg i juni.

Informasjon om IMF finn ein på internettsida til IMF, www.imf.org. Rapportar og innlegg frå nordisk-baltisk valkrins ligg på nettsidene til Finansdepartementet, www.odin.dep.no/fin og Noregs Bank, www.norgesbank.no.

7.6.3 Financial Sector Assessment Program for Noreg (FSAP)

Det internasjonale valutafondet (IMF) skal som nemnt overvake den økonomiske politikken i medlemslanda og fremme dialog mellom landa om dei nasjonale og internasjonale følgjene av den økonomiske politikken landa fører. Dei mange bank- og finanskrisene på 1990-talet har ført til at ein har blitt meir merksam på problemstillingar knytte til stoda i den finansielle sektoren. IMF etablerte derfor, i samarbeid med Verdsbanken, eit såkalla Financial Sector Assessment Program (FSAP) i 1999. Ein FSAP-prosess skal hjelpe landa til å identifisere og utbetre strukturelle veikskapar i finansiell sektor for å kunne gi dei betre evne til å stå imot makroøkonomisk uro og ringverknader av økonomisk uro i andre land.

Dei fleste medlemslanda i IMF har hatt ein slik gjennomgang av finanssektorane sine. I Norden har Island og Finland hatt ein gjennomgang i 2001, Sverige i 2002, Noreg i 2004/2005, og Danmark vil gjere gjennomgangen sin ferdig i 2006.

IMF rettar i første rekkje søkjelyset mot det samla finansielle systemet og ikkje mot dei einskilde institusjonane. I ein FSAP blir heile det finansielle systemet vurdert, både marknader, finansinstitusjonar og finansiell infrastruktur. Det blir lagt stor vekt på at finansinstitusjonane har evne til å behandle makroøkonomiske sjokk. Bruk av såkalla stresstestar står sentralt i slike vurderingar 5 . Det som ligg til grunn for vurderingane frå IMF si side, er standardar som er utvikla av andre internasjonale organisasjonar.

FSAP-gjennomgangen i Noreg gjekk føre seg hausten 2004 og våren 2005. IMF la særleg vekt på standardane innanfor banktilsyn, forsikringstilsyn og betalingssystemet. Norsk tilsyn med bankverksemd og forsikringsverksemd blei vurdert opp mot internasjonale standardar for tilsyn med dei to sektorane, standardar som er utvikla av høvesvis Den internasjonale oppgjørsbanken (BIS) og Den internasjonale samanslutninga av forsikringstilsyn (IAIS). Det blei gjennomført møte med norske styresmakter (Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank) og ei rekkje finansinstitusjonar og bransjeorganisasjonar.

Den endelege rapporten blei publisert i juni 2005 6 . Ein annan internasjonal organisasjon som Noreg er medlem av, Financial Action Task Force (FATF), gjennomførte våren 2005 ei evaluering av norske tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering. Resultata av denne evalueringa blei òg tekne med i IMFs endelege rapport.

Vurderingane av Noreg i IMFs rapport var generelt positive. Det blei konkludert med at: «Norway’s financial system appears sound, well managed, and competitive, and shorter-term vulnerabilities appear low overall.»

Hovudtilrådingane frå FSAP-gjennomgangen til IMF for Noreg: 7

Tilrådingar for finansiell stabilitet på kort sikt:

  • Halde fram overvakinga av utviklinga i bustadmarknaden og lån til hushalda. Undersøkje korleis bankane er eksponerte overfor utsette undergrupper av låntakarar i hushaldssektoren.

  • Vurdere om ein bør krevje ekstra kapitaldekning for bankar under «pilar 2» ut frå at risikovektinga av bustadlån under «Basel II» er redusert.

  • Halde fram overvakinga av spreiingsrisikoen i betalingssystemet i tilfelle ekstreme hendingar. Denne risikoen følgjer av det todelte betalingssystemet der mange bankar gjer opp gjennom private oppgjersbankar. Undersøkje om det er mogleg å auke pantsetjinga av verdipapir ved eksponering i interbankmarknaden.

  • Sjå til at det blir sett inn tiltak for å redusere marknads- og likviditetsrisikoen i verdipapiroppgjerssystemet i tilfelle ein stor bank ikkje kan gjere opp for seg. Ein burde òg undersøkje om det er mogleg å overføre store betalingar frå massebetalingssystemet (NICS Masse) til Noregs Banks oppgjerssystem (NBO) og/eller innføre fleire oppgjer i NICS Masse kvar dag. 

  • Halde fram samarbeidet med andre nordiske styresmakter om rammeverket for å behandle grensekryssande kriser og samordne rolla som «långivar i siste instans» ved slike kriser, og sjå til at det finst formålstenleg samordna beredskapsplanar i Noreg for det usannsynlege tilfellet at det oppstår eit alvorleg problem i den største, delvis statleg eigde banken.

  • Formalisere meir regelmessige møte på høgt nivå mellom Kredittilsynet, Finansdepartementet og Noregs Bank om saker som gjeld finansiell stabilitet. Vurdere å skipe ein formell trepartsavtale om finansiell stabilitet som omhandlar rolla og ansvarsområdet til kvar av partane.

Tilrådingar om strukturelle og langsiktige tilhøve:

  • Revurdere viktige sider ved innskotsgarantiordninga, mellom anna om og korleis ein kan få til større internasjonal likskap i dekningsnivået.

  • Undersøkje om avrekninga av middels og små interbankbetalingar kan bli teken bort frå NICS-SWIFT-avrekninga. 

  • Vurdere om det framleis er ønskjeleg at staten eig ein stor del av kapitalen i DnB NOR. I mellomtida bør ein vurdere å gjere det klart ved lov, føresegn eller ei offentleg erklæring at banken er kommersielt sjølvstendig og ansvarleg.

IMF tilrådde mellom anna òg at det blir halde meir regelmessige, formaliserte møte på høgt nivå mellom Kredittilsynet, Noregs Bank og Finansdepartementet for å vurdere utsiktene for finansiell stabilitet. Departementet legg opp til å følgje opp dette gjennom inntil vidare å arrangere to møte i året mellom dei tre institusjonane på høgt nivå, dels for å vurdere utsiktene for finansiell stabilitet, og dels for å drøfte koordinering av beredskap. Diskusjonane må ta hensyn til den konstitusjonelle arbeidsdelinga mellom dei tre institusjonane. Såleis er det ikkje aktuelt å drøfte rammevilkår o.l. i desse møta. Dei råda som er komne frå IMF vil bli følje opp som ein integrert del av det løpande arbeid og tilsyn.

To ulike scenario blei analyserte ved bruk av stresstestar av det norske finansielle systemet. Resultata frå stresstestane viste at faren for stabilitetsproblem ikkje er stor på kort sikt. Banksektoren kan samla sett stå imot verknadene av redusert kvalitet på utlånsmengda som følgje av relativt store endringar i viktige makroøkonomiske variablar. I scenario 1 oppstår det eit kostnadssjokk som fører til renteauke, auke i kronekursen, fall i bustadprisane og redusert vekst i BNP. I scenario 2 fell prisen på olje. Det fører til at kursen på norske kroner fell, renta blir høgare, pessimismen aukar og BNP fell. Endå om ein ser verknaden på bankane over tre år, held kapitaldekninga seg over minstekravet på åtte prosent som er fastsett i lov. Marknadsrisikoen er ikkje så viktig for dei norske bankane, men har meir å seie for livsforsikringsselskapa. Skadeforsikringsselskapa var mest utsette ved store endringar i dei tekniske avsetjingane sine. 8

Fotnotar

1.

FNs tusenårsmål for nedkjemping av fattigdom, sjukdom og miljø-øydelegging blei vedteke av 147 statsleiarar og 191 land i september 2000. Eit av måla er å halvere ekstrem fattigdom innan 2015. I mars 2002 heldt FN ein stats- og regjeringssjefkonferanse i Monterrey i Mexico om Finansiering for Utvikling (FfD). Utgangspunktet for konferansen var erkjenninga av at tilgjengelege finansielle ressursar var langt under det som trengst for å realisere tusenårsmåla, og at auka politisk støtte var naudsynt for å få tak i dei ressursane som er nødvendige for å realisere måla.

2.

Per 15. mars 2006 var 1 SDR = 9,50 norske kroner.

3.

Det er i denne samanhengen teke fleire initiativ for å auke samla bistand gjennom innovative finansieringsmetodar. Initiativtakar Storbritannia er, saman med Noreg og ein del andre land, i ferd med å etablere den såkalla International Financing Facility for Immunization, som skal finansiere kjøp av medisinar i fattige land. Den norske regjeringa stiller seg også positiv til eit fransk initiativ om ei flyavgift for solidaritetsformål.

4.

Kvart medlemsland yter eit innskot i IMF som er lik kvoten landet har.

5.

Ein stresstest er ein metode som er utvikla med sikte på å sjå etter kor sårbart det finansielle systemet er overfor ulike typar av økonomisk uro eller sjokk.

6.

Sjå IMF (2005)

7.

Tilrådingane står på side 6 i IMF (2005)

8.

Sjå Hagen et.al. (2005) for ein detaljert omtale av IMFs stresstesting av norsk finansiell sektor.

Til forsida