St.meld. nr. 15 (2002-2003)

Statlege utval, styre og råd mv. 1. januar - 31. desember 2001

Til innhaldsliste

4 Representativitet

I den neste fire-års perioden ynskjer regjeringa å arbeide for å styrke representativiteten i dei kollegiale organa.

Utval, styre og råd er meint å sikre innsyn, deltaking og medverknad og skal tene som eit viktig og nyttig supplement og korrektiv til den faglege kompetansen i forvaltinga. Ein måte å sikre dette på, er å gjere dei kollegiale organa mest mogleg breitt samansette. Det er viktig å freiste å få med folk med varierande bakgrunn og med annan kompetanse enn i embetsverket. Dette kan føre nye idear og synspunkt inn i forvaltinga.

Totalt sett er kvinnedelen 42 pst for utval, styre og råd for 2001. Dette er i tråd med krava som vert stilte i likestillingslovas paragraf 21. Sjølv om det totalt er 42 pst kvinnedel, vert berre 26 pst av dei kollegiale organa leia av kvinner. Nestleiarvervet er bortimot likt fordelt mellom kvinner og menn. Regjeringa ynsker å styrke kvinnedelen i leiarposisjonar i løpet av den neste fireårs perioden.

Når ein ser vidare på deltakarane, er det ei skeiv fordeling aldersmessig og geografisk. Det er særleg dei yngre og eldre som er kraftig underrepresenterte i høve til deira del av folkemengda. T.d. var det i 2000 berre 3 pst av medlemmene som var i aldersgruppa 16-29 år, medan denne gruppa utgjorde 21 pst av befolkninga. Vidare var det 6 pst som var 65 år eller eldre, medan dei utgjorde 16 pst av befolkninga. I tillegg var det ei skeiv fordeling geografisk. Mellom anna hadde Oslo/Akershus 45 pst av utvalsmedlemmene, medan 21 pst av befolkninga bur her. Dei kollegiale organa liknar difor i samansetting meir på forvaltinga sjølv enn på befolkninga elles.

For å sikre den demokratiske dimensjonen i utval, styre og råd ynskjer regjeringa å styrke dei yngre og eldre sin plass i dei kollegiale organa. Ein treng alternativ kunne i dei kollegiale organa. I den samanheng er posisjonen deira som ein representativ kanal særs viktig.

Når det gjeld geografisk spreiing av medlemmene, er det gjerne forklart ved at mange av dei kollegiale organa held til i Oslo/Akershus regionen og det fører igjen til at mange frå dette området deltek i desse. Det er likevel mogeleg å gje utvala ei samansetting som betre svarar til befolkninga.

Regjeringa vil gjere sitt for å sikre at Sametinget og/eller representantar for nasjonale minoritetar blir rekrutterte der det er relevant. I tillegg vil regjeringa ha med fleire personar med innvandrarbakgrunn i utval, styre og råd, fordi dette er ei gruppe som i for liten grad deltek i dei kollegiale organa. Deira kompetanse er også viktig for å sikre alternativ kunnskap og bakgrunn. Også i eit demokratisk perspektiv er det viktig å få desse med. På dette området vil Regjeringa bl.a. vurdere bruk av referansegrupper og/eller høringsgrupper for å sikre at mangfaldet og det fleirkulturelle blant brukargruppene generelt blir ivaretatt der det er nødvendig og relevant ift oppgåveområdet.

Til forsida