St.meld. nr. 15 (2002-2003)

Statlege utval, styre og råd mv. 1. januar - 31. desember 2001

Til innhaldsliste

6 Opplæring

Stortingsmelding nr. 15 og dei årlege oversiktene over statlege utval, styre og råd viser at det sit over 5500 personar i ulike kollegiale organ.

Det vert i dag ikkje gjeve nokon sentral opplæring i kva for plikter og rettar ein har når ein er medlem av et slikt organ. Kriteria for å delta i kollegiale organ varierer, og er ofte tufta på spesifikk fagleg kompetanse. Ein er ikkje kjend med at det finst direkte regelfesting av krav til særleg kompetanse for styremedlemmer. Statsforetakslova har ei bestemming om erstatnings- og straffeansvar for styremedlemmer, jf. statsforetakslova §§ 56 og 58.

Arbeids- og administrasjonsdepartementet er merksam på at ein del nye medlemmer er usikre med omsyn til kva for rettar og plikter ein har i utval, styre og råd. Regjeringa vil difor ta eit initiativ til opplæring av medlemmer i kollegiale organ. Opplæringa bør konsentrere seg om kjennskap til lovverk, særleg til forvaltningslov og offentlighetslov. Desse er kanskje ikkje godt nok kjende blant mange av medlemmene, sidan ikkje alle har bakgrunn frå forvaltinga eller god kjennskap til korleis offentleg forvalting fungerer. Det er viktig å sikre seg at alle, og kanskje særleg styremedlemmer, har god nok kjennskap til kva for eit ansvar dei tek på seg før dei går inn i rolla som deltakar i eit kollegialt organ.

Til forsida