St.meld. nr. 16 (2000-2001)

Om verksemda til Statens Husbank 1998-99

Til innhaldsliste

3 Nærmare om utviklingstrekk i verksemda til Husbanken

3.1 Innleiing

Husbanken er statens sentrale gjennomføringsorgan i bustadpolitikken. Banken forvaltar låne- og tilskotsordningar og fordeler bustøtte.

Husbanken gir lån og tilskot til bustadbygging, bygging av barnehagar og studentbustader, bustadfornying, bustadetablering, omsorgsbustader, sjukeheimar og fordeler bustøtte. Desse verkemidla nyttar Husbanken for å nå dei bustadpolitiske måla til Regjeringa som er utleia fra hovudmålet i bustadspolitikken om at alle skal kunne disponera ein god bustad i eit godt bumiljø:

  1. God bustaddekning og ein godt fungerande bustad- og byggemarknad

  2. God bustadfordeling

  3. Butryggleik

  4. Gode bustader, god byggkvalitet og godt bumiljø

  5. Ei funksjonell og rettferdig organisering av eige- og leigeforholda

Målet om ei funksjonell og rettferdig organisering av eige- og leigeforholda blir teke vare på gjennom dei juridiske verkemidla i bustadpolitikken. og er derfor ikkje omtala i denne meldinga. Tabell 3.1 viser dei viktigaste verkemidla til Husbanken i forhold til dei nemnde bustadpolitiske måla. I tillegg gjer verkemidla det mogleg å nå fleire av dei andre måla.

Tabell 3.1 . Husbankens verkemiddel i forhold til dei bustadpolitiske måla 1997-1999

199719981999
God bustaddekning
Oppføringslån, talet på ordinære bustader med tilsegn8 5127 5158 530
Oppføringslån. Gjennomsnittleg storleik, m2114107110
Lån til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, talet på bueiningar med tilsegn1 6571 3251 402
Tilskot til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar, talet på bueiningar med tilsegn2 4825 6166 285
God bustadfordeling
Etableringslån, talet på saker med tilsegn7 6608 1798 115
Bustadtilskot til etablering og utleige, talet på bustader med tilsegn3 0133 0042 641
Av desse utleigebustader9268381 185
Kjøpslån, talet på bustader med tilsegn1 2992 0992 288
Butryggleik
Bustøtte, talet på hushaldningar med støtte197 22198 860100 539
Gode bustader, god byggkvalitet og godt bumiljø
Oppføringslån, talet på bustader med tilleggskvalitetar5 9285 3956 714
Tilskot til bustadkvalitet, talet på bustader med tilsegn4 0394 3514 452
Utbetringslån, talet på bustader med tilsegn8 8917 0179 999
Bustadstilskot til utbetring, talet på saker med tilsegn frå kommunane6 4325 5995 619
Lån til barnehagar og skulefritidsordning, talet på plassar2 0916971 730
Tilskot til utvikling av bumiljø o.a., talet på prosjekt6352116

1 Ved hovudutbetaling for 2. termin.

3.2 Rammevilkår for Husbanken 1996-1999

I 1996 vart verkemiddelapparatet i Husbanken omarbeidd mykje. Rentestøtta på lån vart avvikla, og subsidiane vart frå då av gitt i form av målretta tilskot.

Tabell 3.2 gir oversikt over dei viktigaste verkemidla som Husbanken disponerer i perioden 1996-1999.

Tabell 3.2 . Husbankens verkemiddel. Rammer for aktivitetsnivå 1996-1999. Millioner kroner.

1996199719981999
Tilskotsrammer i alt2 0052 6263 7664 144
Bustøtte18201 3141 5071 576
Tilskot til byfornying og bustadkvalitet228228180175 2
Bustadtilskot til etablering, utbetring og utleigebustader510447434494 12
Tilskot til utvikling av bumiljø, bustadforvaltning og bustadpolitikk22222235,4
Tilskot til organisasjonane for funksjonshemma38,48,48,4
Oppstartingstilskot3676071 53521 582
Kompensasjonstilskot480282
Utlånsramme9 0008 5008 0009 000
Totalt disponert7 7768 7128 0049 000
Oppføringslån - nye bustader54 1115 3014 0794 135
Lån til omsorgsbustader o.a.1 2311 063890963
Utbetringslån8017356761 168
Etableringslån1 3901 0551 3731 667
Kjøpslån2435589861 067

1 Butilskotsordninga til Sosialdepartementet og bustøtteordninga til Kommunal- og regionaldepartementet blei slått saman i 1997.

2 I 1998/99 blei løyvingssystemet på dei merka postane lagd om. I det nye løyvingssystemet er løyvingane knytta opp til kor mykje ein antar kjem til utbetaling i budsjettåret, i motsetning til tidligare hvor løyvinga svarte til gitte tilsagn i det enkelte budsjettåret.

3 Posten vart innlemma i tilskot til utvikling av bumiljø o.a. frå og med 1999.

4 Nytt tilskot i 1998.

5 Inklusive lån til barnehagar.

Tabellen viser den store satsinga på bygging av bustader for eldre med behov for pleie og omsorg frå og med 1998. Dette ser ein av auken i oppstartingstilskotet og innføringa av kompensasjonstilskotet i 1998. Ein nærmare omtale av dei enkelte låneordningane står i punkt 3.2-3.4.

I 1996 vart det innført ei ordning med marknadsbestemt flytande og fast rente for husbanklån. Renta i Husbanken er knytt til høvesvis 3 månaders statssertifikat (flytande rente) og 5 års statsobligasjonar (fast rente). Begge rentesatsane er tillagde ein margin på 0,5 prosentpoeng.

Tabellen nedanfor viser utviklinga i Husbankens rentesatsar i 1998 og 1999.

Tabell 3.3 . Nominelle rentesatsar 1998-1999 (i prosent)

ÅrKvartalFlytandeFast
19981. kvartal4,25,6
2. kvartal4,15,6
3. kvartal4,25,5
4. kvartal4,65,5
19991. kvartal6,75,8
2. kvartal8,15,8
3. kvartal7,35,6
4. kvartal6,65,6

Som tabellen viser, var den flytande renta svært låg i 1998, og ho var om lag 1 prosentpoeng lavere enn den faste renta.

Den flytande renta auka relativt kraftig fra 1998 til 1999. Mens den faste renta låg på om lag same nivå som i 1998. Det er derfor naturleg at dei fleste kundane i Husbanken har valt fast rente, og ved årsskiftet 1999-2000 var ca. 90 000 av 125 000 lån bundne til fast rente.

Husbankrentene har lege lågare enn tilsvarande tilbod i den private marknaden. Endringar slår seinare ut på grunn av systemet med observasjonsperioden i førevegen og verknadsperiode før iverksetjing. Det går fram av figuren nedanfor, som viser husbankrentene samanlikna med gjennomsnittet i private bankar for bustadlån innanfor 60 prosent av taksten.

Figur 3.1 Utviklinga i husbankrenta og marknadsrenta på bustadlån 1998-1999

Figur 3.1 Utviklinga i husbankrenta og marknadsrenta på bustadlån 1998-1999

Kjelde: Kjelde: Husbanken og Cicero Informasjon

3.3 God bustaddekning - bustadlån til eldre og nye bustader

Åra 1998 og 1999 var prega av ei sterk opptrapping av satsinga på bustader for eldre gjennom bruk av tilskots- og låneordningane til omsorgsbustader og sjukeheimar. Frå 1999 omfatta tiltaka også bustader i tilknyting til opptrappingsplanen for psykisk helse 1999-2006, jf. St.prp. nr. 63(1997-98). Tilskots- og låneordningane skal stimulere kommunane til å opprette nye bustader som er tilrettelagde for pleie og omsorg (omsorgsbustader), og sjukeheimsplassar. Til ordningane har Husbanken utarbeidd kostnadsnormer og retningslinjer for den fysiske utforminga av bustadene og sjukeheimsplassane.

3.3.1 Omsorgsbustader og sjukeheimsplassar

Husbanken løyvde i 1998 oppstartingstilskot til godt og vel 5 600 bueiningar - fordelte med om lag 3 850 omsorgsbustader og vel 1 750 sjukeheimsplassar, som er ein auke på heile 3 150 bueiningar i forhold til året før (jf. tabell 3.1). Talet på innvilga tilskot vart endå høgare i 1999, og totalt var det nærmare 6 300 bueiningar som fekk oppstartingstilskot. I handlingsplanen for eldreomsorga var målet sett til 5 800 bueiningar i 1999. I tillegg skulle det bli gitt oppstartingstilskot til 270 omsorgsbustader i samband med opptrappingsplanen for psykisk helse. Målet i eldreplanen vart altså nådd med solid margin, mens det trengst noko meir tid til å innarbeide denne tilskotsordninga i forhold til opptrappingsplanen for psykisk helse. Sjå nærmare omtale av desse ordningane i kapittel 4.

3.3.2 Nye bustader

I 1998 vart det sett i gang bygging av om lag 19 700 nye bustader. Husbanken gav same år oppføringslån til 7 515 nye bustader og tilsegn om oppstartingstilskot til om lag 3 400 nye omsorgsbustader.

Det inneber at 55 prosent av alle igangsette bustader oppfylte Husbankens kostnads- og kvalitetskrav. I 1999 var talet på igangsetjingar 20 500, og Husbanken gav tilsegn om oppføringslån til 8 530 nye bustader og tilsegn om oppstartingstilskot til om lag 4 200 nye omsorgsbustader. I 1999 var det 62 prosent av alle igangsette bustader som oppfylte kostnads- og kvalitetskravene.

Låneutmålinga i Husbanken vart merkbart redusert i forhold til 1997 og utgjorde i gjennomsnitt 63 og 61 prosent av anleggskostnadene i høvesvis 1998 og 1999. Årsaka til det er at det har vore ein relativt sterk kostnadsauke på nye bustader, spesielt i 1999.

Husbankens lån til oppføring av nye bustader har sidan gjenreisinga etter siste verdskrigen vore eit av dei mest sentrale verkemidla i norsk bustadpolitikk. Ved å gi lån med gunstig rente har staten ønskt å stimulere til bygging av fleire bustader med god kvalitet enn det ein elles ville ha hatt, utan at den gunstige renta førte til unødvendig prisstiging. For å få vite meir om i kva grad låna faktisk er med på å oppfylle desse bustadpolitiske måla, har Husbanken engasjert Norges byggforskningsinstitutt til å gjennomføre ein forstudie av låneordninga (Byggforsk, Notat 44, 2000). Hovudkonklusjonane i rapporten frå Byggforsk er at Husbankens lånefinansiering av nye bustader gir betre kvalitet, men at ho ikkje dempar kostnadene for ein bustad med ein gitt standard.

Husbanken påverkar kvalitet i nye bustader gjennom minstestandard, lånetillegg og tilskot. Alle ordinære nye bustader som blir finansierte i Husbanken, skal tilfredsstille ein minstestandard. Minstestandarden fungerer som eit viktig tillegg til dei tekniske forskriftene i plan- og bygningslova fordi han definerer kvalitetar som det ikkje er teke omsyn til der. Lånetillegg blir mellom anna gitt dersom bustaden er tilpassa bruk av rullestol, det blir bygd heis i låghus, bustaden tilfredsstiller krav til helse, miljø og tryggleik - eller det er investert spesielt i gode uteareal. Kvalitativt gode bustader oppnår høgare lån enn mindre gode bustader.

For å dempe tomte- og byggjekostnadene har Husbanken operert med kostnadsgrenser og eit system for låneutmåling som premierer rimelege og nøkterne bustader. Både tomtemarknaden og marknaden for bygging av bustader fungerer i dag som ein fri marknad. I ein velfungerande marknad der byggherrane er utsette for konkurranse, er det lite sannsynleg at Husbankens kostnadsgrenser påverkar profitten til entreprenørane, står det i rapporten frå Byggforsk.

Byggforsk konkluderer med at Husbankens grenser for tomtekostnader pr. bustad truleg ikkje er med på å redusere tomtekostnadene, men i staden påverkar kva for typar bustader som kan byggjast på tomta. Det vil seie at det i strøk med høge tomtekostnader blir meir konsentrert husbygging. Byggforsk konkluderer vidare med at Husbanken i liten grad kan påverke byggjekostnadene for ein bustad med ein gitt standard.

Byggforsk har samanlikna bustader med og utan husbankfinansiering. Data viser at Husbanken truleg har vore med på å auke storleiken på dei minste blokkhusværa, mens storleiken på einebustadene er redusert (sjå tabell 3.4). Gjennom krava til øvre og nedre arealgrense har Husbanken vore med på å vri tilbodet av bustader inn mot eit meir gjennomsnittleg sjikt. Ut frå ein likskapstankegang må dette oppfattast som positivt.

Tabell 3.4 . Fordeling av bustadstorleik (i m2) etter hustype med og utan husbanklån

EinebustadSmåhusBlokk
Med husbanklånUtan husbanklånMed husbanklånUtan husbanklånMed husbanklånUtan husbanklån
Gjennomsnitt127136971037471
90-persentilen180210130150100100
Øvre kvartil1501601151208484
Median120120100957069
Nedre kvartil999080706055
10-persentil807060535444

Undersøkinga viser også at stimulering til god bustadkvalitet gir fornøgde låntakarar. For gitt bustadstorleik er låntakarar i Husbanken i større grad «svært nøgde» med storleiken på bustaden sin. Byggforsk meiner dette resultatet kanskje kan kome av at Husbanken stiller krav om gode planløysingar. Vidare er låntakarane i bustader med husbankfinansiering mest nøgde med forhold som trafikkstøy og trafikksikring i bumiljøet. Prosentdelen som er svært fornøgd med tilgjenget i einebustaden eller småhuset sitt, er monaleg høgare blant dei som har husbanklån, og låntakarar i Husbanken som bur i småhus og blokk, er mest nøgde med lysforholda og uteareala. Husbanklåntakarar som bur i einebustad, er likevel mindre fornøgde med lysforholda enn andre.

3.4 God bustadfordeling - bustader til vanskelegstilte

Ei av dei viktigaste bustadpolitiske oppgåvene for Husbanken er å oppnå ei god bustadfordeling gjennom å finansiere og medverke til eigna bustader til vanskelegstilte husstandar og å gjere det mogleg for dei å bli buande i desse bustadene. Dette er husstandar med svak økonomi blant funksjonshemma, sosialt vanskelegstilte, flyktningar, unge førstegongsetablerande, eldre og barnefamiliar. Husbanken har i samarbeid med kommunane fleire ulike verkemiddel som gjer det mogleg å setje saman finansieringspakkar av lån, tilskot og eventuelt bustøtte tilpassa den evna husstanden har til å dekkje utgiftene sine til bustad og livsopphald.

Husbanken har gjennom St.meld. nr. 49 (1997-98) Om boligetablering for unge og vanskeligstilte, fått ansvar for å stimulere kommunane til å utarbeide lokale bustadsosiale handlingsplanar og rettleie dei i arbeidet.

Samarbeidet med kommunane fører til kompetanseutvikling sentralt og lokalt, og dei kommunale handlingsplanane kjem til å vere viktige i forhold til fordeling og vidareutvikling av verkemidla.

I år vart det også sett i gang eit utviklingsarbeid for å forebyggje og motarbeide bustadløyse i dei 5 største byane. Arbeidet, som er eit samarbeid mellom Sosial- og helsedepartementet, Kommunal-og regionaldepartementet og Husbanken er ei oppfølging av Utjamningsmeldinga (St.meld. nr. 50 (1998-99)).

3.4.1 Bustadtilskot til etablering og utleigebustader

Bustadtilskot til etablering er det verkemidlet som nyttast overfor dei som har størst behov for økonomisk hjelp. Dette verkemidlet er såleis sentralt i arbeidet med å skaffe fleire bustadløysingar for bustadlause og andre særleg vanskelegstilte. Generelt er målgruppa for ordninga husstandar med svak økonomi blant til dømes unge i etableringsfasen, funksjonshemma, sosialt vanskelegstilte, eldre, og flyktningar. Bustadtilskotet blir gitt til etablering i eigen bustad, til tilpassing av bustad for eldre og funksjonshemma, og til utleigebustader. Tilskot til etablering i eigen bustad og tilskot til tilpassing av bustad blir gitt gjennom kommunane og tilskot til utleigebustader frå Husbanken. Både nybygging og kjøp av brukte bustader kan få tilskot.

Tilskotet til etablering er differensiert for dei ulike målgruppene og utgjer normalt 10-30 prosent av kostnadene. I særlege døme kan tilskotet gå opp til 50-60 prosent av kostnadene, til dømes ved etablering av Ungbo-prosjekter for vanskelegstilte unge der det er tilknytta sosialfaglege tenester. Tilskot til utleigebustader blir normalt utmåla noko høgare enn tilskot til etablering i eigen bustad, dvs med 30 prosent av kostnadene mot 20 prosent.

Kommunane kan nytte opptil 20 prosent av tilskotet dei mottek til å dekkje tap på etableringslån, jf kapittel 3.4.2. Bustadtilskot til tilpassing er nærmare omtala under kapittel 3.6.4.

Bustadtilskot til etablering og utleigebustader vart i 1999 gitt til 2 641 bustader. Dette talet inluderer 1 185 utleigebustader. I 1998 var det 838 utleigebustader som fikk tilskot. Inkludert i totaltalet for 1999 er også om lag 290 bustader til flyktninghushald frå Kosovo. Bustadene til flyktningane vart finansiert gjennom ei tilleggsløyving på 75 millionar kroner. Også i 1997 og 1998 vart det gitt tilskot til om lag 3 000 husstandar, jf. tabell 3.1. I alt 541 unge under 35 år fekk bustadtilskot til etablering i 1999, mot 653 i 1998. Gjennomsnittleg inntekt for tilskotsmottakarane var på om lag 175 000 kroner i 1999, mot 137 000 kr i 1998.

3.4.2 Etableringslån og kjøpslån

Ordninga med tildeling av etableringslån til kommunane vart vidareført i 1998 og 1999. Formålet med ordninga er å medverke til at husstandar med svak økonomi og/eller spesielle behov får høve til å skaffe seg rimeleg topp- og tilleggsfinansiering når dei etablerer seg i nøkterne bustader.

Kommunane auka sine opptak av etableringslån med godt og vel 20 prosent frå 1998 til 1999. Den positive utviklinga har samanheng med at kommunane no satsar sterkare på dette verkemidlet. I tillegg har den auka handlefridommen til å byggje opp tapsfond via bustadtilskotet vore med på å redusere risikoen ved å yte etableringslån til vanskelegstilte. Utlån frå kommunane utgjorde totalt 1 704 millionar kroner i 1999, mot 1 520 millionar kroner året før. I alt fekk 8 115 husstandar etableringslån av kommunane i 1999, eller omtrent det same talet som i 1998. Når talet på husstandar ikkje gjekk opp sjølv om kommunane tok opp meir etableringslån, kjem det av at låneutmålinga auka. Om lag halvparten av husstandane som fekk etableringslån i 1999, hadde ei inntekt på under 200 000 kroner.

I 1999 sette kommunane totalt av 33 millionar kroner av bustadstilkotsmidlane dei blei tildela for å dekkje eventuelle tap på utlåna sine, og ved utgangen av året hadde dei bygd opp samla tapsfond på i alt 105 millionar kroner. I 1998 realiserte kommunane 2,7 millionar kroner i tap på etableringslån. I 1999 var tapa på 4 millionar kroner.

Kjøpslån skal sikre grunnfinansieringa ved kjøp av brukt sjølveigd bustad til vanskelegstilte grupper. Dette gjeld nøkterne bustader som er tilpassa dei spesielle bustadbehova og økonomien til søkjaren. Låneordninga er behovsprøvd i forhold til inntekta og den generelle økonomiske situasjonen. Vanskar med å få lån i den private kredittmarknaden eller behov for rimelege lånevilkår kan vere eit utgangspunkt for å få kjøpslån.

Husstandar som fekk kjøpslån i 1998 hadde ei gjennomsnittleg husstandsinntekt på 142 000 kroner, som utgjorde ca. 47 prosent av gjennomsnittleg inntekt i Noreg det året. I 1999 var gjennomsnittsinntekta 225 000 kr pr. husstand, og dette utgjorde 68 prosent av gjennomsnittleg inntekt. For funksjonshemma som har behov for spesielle bustadløysingar, er det inga økonomisk behovsprøving. Det var likevel ikkje nokon vesentleg skilnad på inntekta til funksjonshemma i forhold til gjennomsnittsinntekta til dei husstandane som fekk kjøpslån i 1998 og 1999.

Det var fleire enkeltpersonar i 1999 som søkte om kjøpslån enn enkeltpersonar som søkte om oppføringslån til ny bustad. Årsaka er at ordninga er opna for fleire unge i etableringsfasen. Av 1 950 lån som totalt vart gitt til personar i 1999, var 1 171 eller 60 prosent til unge under 35 år. Denne prosentdelen var om lag den same i 1998.

Prosentdelen av utlånsramma som er brukt til vanskelegstilte grupper, og fordeling på brukargrupper er vist i tabellane 3.5 og 3.6 nedanfor.

Tabell 3.5 . Kjøpslån og etableringslån som del av disponibel låneramme (1996-99,i mill. kr og prosent)

1996199719981999
Låneramme i alt9 0008 5008 0009 000
Del av ramma disponert, mill. kr1 6331 6132 3602 734
Disponert til kjøpslån2435589861 067
Disponert til etableringslån1 3901 0551 3741 667
Prosentdel av ramma disponert18,219,029,530,4
Disponert til kjøpslån2,76,612,311,9
Disponert til etableringslån15,512,417,218,5

Tabell 3.5 viser at delen av låneramma som blir disponert til låneordningar retta mot kjøp av bustad til vanskelegstilte, har auka frå 18 prosent til 30 prosent i siste fireårsperioden. Det er spesielt kjøpslånet som har hatt ein monaleg auke frå 2,7 prosent i 1996 til 11,9 prosent i 1999. I nominelle tal er etableringslånsordninga den desidert største ordninga, men kjøpslånet har i perioden nærma seg denne i omfang. Totalt vart det gitt behovsprøvde, personretta lån til kjøp av bustad for 2,7 milliardar kroner i 1999. Kjøps- og etableringslån har, saman med utbetringslån, høgast prioritet når det er lånekø. Det som er brukt til desse låneordningane, er såleis lite påverka av køsituasjonen i 1998 og 1999.

Tabell 3.6 . Godkjenning av kjøpslån og etableringslån fordelt på brukargrupper. Talet på bustader.

KjøpslånEtableringslån
1998199919981999
Talet på bustader i alt2 0992 2888 1798 115
Ungdom8468053 3953 430
Eldre313430422
Funksjonshemma383225693741
Flyktningar113123449417
Andre vanskelegstilte7541 1223 2123 105
Gjennomsnittslån, kr467 000466 300186 000210 000

Det er vanskeleg å samanlikne brukargrupper i og med at så mange er plasserte under «andre vanskelegstilte». Det er også mange som kan høyre til fleire grupper. Fordelinga på kjøps- og etableringslån er likevel ganske lik mellom brukargrupper. Målt i talet på bustader dominerer etableringslånet. Dette er rimeleg når vi veit at lånet blir brukt til toppfinansiering. Ordninga er i tillegg større i omfang, men skilnadene i disponerte midlar til kjøpslån og etableringslån er sterkt redusert.

Av tabell 3.6 ser vi at gjennomsnittslånet for kjøpslån er meir enn dobbelt så stort som for etableringslån. Dette er rimeleg når vi veit at kjøpslånet er grunnfinansiering, mens etableringslånet kan vere både grunn- og toppfinansiering. Etableringslånet går i tillegg til kjøp også til oppføring og utbetring av bustad.

3.5 Butryggleik

Bustøtteordninga er saman med bustadslovene, eit sentralt verkemiddel for å nå målet om god butryggleik. Formålet med ordninga er å hjelpe barnefamiliar, alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar med låge inntekter og høge buutgifter til å etablere seg eller bli buande i ein god bustad. Bustøtta skal også utjamne skilnader i levekår for pensjonistgrupper som følgje av skilnader i buutgifter.

Bustøtta er ei behovsprøvd ordning, og for å motta bustøtte stilles det krav til både husstanden og bustaden. Dersom desse vilkåra blir innfridd, vil forholdet mellom inntekter og godkjente buutgifter avgjere om det blir innvilga bustøtte. Det er ei fyldig omtale av bustøtteordninga i kapittel 5.

Tabellen 3.7 viser kor mange husstandar som har motteke bustøtte ein eller fleire terminar i 1998 og 1999. Totalt tilkjend bustøtte fordelt på husstandsgruppene viser kor mykje kvar enkelt husstandsgruppe har motteke i bustøtte på eitt år.

I 1998 var det 106 158 husstandar som fekk bustøtte i ein eller fleire terminar. I 1999 hadde talet auka til 109 136 husstandar. Den gjennomsnittlege bustøtta pr. husstand pr. månad var 1 206 kroner i 1998 og 1 280 kroner i 1999. Dei totale godkjende buutgiftene til mottakaren var gjennomsnittleg 300 kroner høgare pr. månad i 1999 enn dei var i 1998. Buutgiftene som del av inntekta vart i 1998 redusert frå 50 prosent til 31 prosent ved hjelp av bustøtta. I 1999 utgjorde buutgifta 52 prosent av inntekta og 33 prosent etter motteken bustøtte.

Tabell 3.7 . Totalt tal på bustøttemottakarar i 1998 og 1999

19981999Prosentvis endring
Tal på dei med bustøtteMill. kr ubetalteTal på dei med bustøtteMill. kr ubetalteTal på dei med bustøtteMill. kr ubetalte
Resultat:
Talet på husstander som mottok bostøtte106 158109 1362,8
Gj.sn.godkjend buutgift (over tak) i prosent av inntekt før bustøtte50524,0
Gj.sn.godkjend buutgift (over tak) i prosent av inntekt etter bustøttebasert på følgjande gjennomsnittstal:31336,5
- Gj.snittleg inntekt pr. månad hos mottakarane6 3006 5964,7
- Gj.snittleg godkjend buutgift (over tak) pr. månad hos mottakarane3 1463 4509,7
- Gj.snittleg bustøtte pr. månad hos mottakarane1 2061 2806,1
Tal på husstandar som mottok bostøtte, fordelt etter målgruppe106 1581 424,5109 1361 542,92,88,3
- Uføre > 65 år med barn2 82452,93 10161,89,816,8
- Uføre > 65 år utan barn363,227 432388,53,17,0
- Eldre enn 64 år/alderspensjonistar53 021633,352 077637,1-1,80,6
- Andre pensjonistar1 53623,21 50724,2-1,94,3
- Einslege forsørgjarar14 375229,516 724285,816,324,5
- Barnefamiliar elles5 02029,15 344104,56,513,5
- Andre med rett til støtte2 78530,32 95141,06,035,3

3.6 Gode bustader, god byggkvalitet og godt bomiljø

Generelt blir det lagt stadig meir vekt på bustadkvalitet og miljøomsyn i bustad- og byggjesektoren i lys av måla om ei berekraftig samfunnsutvikling. Dette har mellom anna ført til at det treårige prosjektet Berekraftig byggjeskikk har vorte etablert i regi av Statens byggjeskikkutval. Prosjektet er nyleg avslutta. Eit eksempel på berekraftig byggjeskikk er klimatilpassa bustader. Sterkare krav om energiøkonomisering er eit anna bustadretta tiltak. Likeins er krava til inneklimaet skjerpa. Ei ny tilskotsordning som skal stimulere til tiltak som kan redusere radonnivået i bustader, vart derfor innført i 1999. Husbanken har frå 1. januar 2000 overteke det statlege arbeidet med å fremje god byggjeskikk etter at Statens byggjeskikkutval har forvalta denne oppgåva i 18 år.

Husbanken har fleire verkemiddel for å oppnå gode bustader, god byggkvalitet og eit godt bumiljø. Desse er omtala nedanfor.

3.6.1 Lånetillegg - oppføringslån

For å få Husbankens basislån til oppføring av ny bustad må ein ha oppfylt ein minstestandard, der det blir stilt krav til tomtetilpassing, funksjonalitet, lysforhold og fordeling av areal. Gjennom lånetillegg blir det oppmuntra til å velje auka kvalitet utover dette i form av tilgjenge, helse, miljø, tryggleik og utomhuskvalitetar. Det tradisjonelle og mest kjende av desse lånetillegga gjeld livsløpsstandard, som skal gjere bustaden eigna også for bebuarar med rørslehemmingar. I 1998 vart det gitt lånetillegg for livsløpskvalitet til nesten 50 prosent av dei 7 500 bustadene som Husbanken lånefinansierte med oppføringslån. I 1999 fekk 48 prosent av 8 530 bustader lånefinansiert med oppføringslån lånetilegg for livsløpskvalitet. Prosentdelen har auka dei to siste åra og er no omtrent på same nivå som i første halvdel av 1990-åra.

Husbankens lånetillegg til oppføringslån for helse, miljø og tryggleik har vore eit prioritert område i 1999, og tillegget vart auka frå 25 000 til 50 000 kroner. Omfanget av ordninga har også auka, og meir enn halvdelen av bustadene (4 536) fekk dette lånetillegget i 1999. I 1998 vart tillegget gitt til snautt 45 prosent av bustadene.

Lånetillegget til utomhuskvalitetar omfattar kvalitetar i uteareal, terreng og vegetasjon og tiltak for auka trafikktryggleik. Det blir gitt lånetillegg for kvart av dei tre områda. Ordninga har gitt auka kvalitet til 2 300 og 2 400 bustader til høvesvis uteareal og trafikksikring og til ca. 1 800 bustader når det gjeld terreng og vegetasjon. Aktiviteten på dette området har auka med rundt 20 prosent i forhold til 1998.

3.6.2 Tilskot til bustadkvalitet

Husbanken stimulerer til god bustadkvalitet gjennom finansiering av nye bustader og utbetring av eksisterande bustader. Både lån, lånetillegg og tilskot til bustadkvalitet er verkemiddel som blir brukte for å oppnå god bustadkvalitet. Intensjonen med tilskot til bustadkvalitet er å stimulere til god kvalitet ved oppføring av bustader og til fornying av bustader og bumiljø i byprega strøk. Tilskot til bustadkvalitet skal stimulere til gode kvalitetar, ofte fellesløysingar, som marknaden åleine ikkje ville ha realisert.

Tilskotet vart i 1999 gitt til om lag 4 450 bustader, eller 100 fleire enn i 1998. Rundt halvparten vart gitt til bustader innanfor fornying og fortetting av byprega bumiljø. Tilskot til fornying og fortetting vart gitt til installasjon av heis, utbetring og fornying av uteareal og samanslåing av leilegheiter. Installasjon av heis gav i 1998 betre tilkomst til 403 bustader i eksisterande bygningsmasse. I 1999 gav tilskotet betre tilkomst til 431 bustader. I 1998 fekk 643 nye bustader i lågbygg kvalitetstilskot for heis og for å ha oppfylt kriteria for livløpsstandard. I 1999 var talet på bustader som fekk slikt tilskot 684.

Husbanken gir også tilskot til tilstandsvurdering av burettslag og sameiger. Tilskotet skal gjere sitt til at store utbetringsarbeid kjem i stand og blir utførte i tide, og at bustad- og bumiljøarbeid blir basert på ei samla vurdering av økonomi, miljø og teknisk tilstand. Tilskotet har i 1999 gått til vurdering av bygningar og fellesanlegg over heile landet. Tiltaket omfatta nærmare 18 000 bustader, det vil seie 6 000 færre enn i 1998.

Tilskotet til tiltak mot radon vart innført i 1999. Tilskotsordninga skal stimulere tiltak som kan gi sunnare forhold i bustader der radonnivået ligg over ein viss grenseverdi (400 Bq/m3 i årsmiddelverdi). I alt vart det gitt tilskot til 48 bustader det første året.

3.6.3 Tilskot til byfornying

Tilskot til byfornying skal medverke til betre buforhold og levekår i område med særleg lav bustadstandard i dei største byane. Tilskotet skal oppmuntre til at fornyinga av bustader og bumiljø i definerte byfornyingsområde kan gjennomførast slik at ein oppnår god kvalitet og akseptable buutgifter.

Det vart i 1999 gitt tilsegn til byfornying for ca 90 millionar kroner, eller om lag 34 prosent høgare enn i 1998 da det vart gitt tilsegn for 67 millionar kroner. Oslo og Bergen fekk rammer til prioriterte programområder i byfornyinga. Trondheim fekk tilskot til enkeltprosjekt.

I 1998 var programtilskotet til Oslo på 38 millionar kroner som vart nytta til full utbetring av 150 bustader og utbetring av gårdsrom for 111 bustader. Det ble også gitt tilskot til enkelttiltak for ca 1 000 bustader til bad/wc, brannsikring, etterisolering, m.m. Bergen fekk 17 millionar kroner som i hovudsak vart nytta på Nedre Nygård. Dei resterande midlane vart brukt til etablering av gatetun, lekeareal og opparbeiding av gateløp som kompensasjon for manglande gårdsrom. Trondheim fekk ca 10 millionar kroner i byfornyingstilskot som vart brukt til ulike miljøtiltak på Møllenberg og Lademoen.

Oslo og Bergen fekk også i 1999 eigne rammer til prioriterte programområde i byfornyinga, mens det i Trondheim vart gitt tilskot til enkeltprosjekt. Oslo kommune la stor vekt på den tunge byfornyinga i 1999, og nytta ramma på 60 millionar kroner til 123 tilsagn. Hovudsatsingsområda var å inngå utbetringsavtalar for bygningar og gardsrom, men i tillegg har ein støtta enkelttiltak som kan bringe dårlege eigedommar opp i ønskt standard.

I Bergen vart tilskotet på i alt 19,5 millionar kroner, i hovudsak nytta til å opparbeide og utbetre offentlege areal, parkar og byrom. Det vart også gjennomført omfattande tiltak for brannsikring i indre by. Tilskota på i alt 10,7 millionar kroner, som Husbanken har gitt til Trondheim kommune i 1999, vart brukte til ulike miljøtiltak og -prosjekt.

3.6.4 Bustadstilskot til utbedring

Bustadtilskot til utbetring skal hjelpe til at eldre og funksjonshemma får ein bustad som over lengre tid fungerer godt i forhold til rørslevanskar eller anna funksjonshemming. Tilskotet går i hovudsak til mindre utbetringar og tilpassingar av bustader, men kan også nyttast til spesialtilpassing av ny bustad, garasje og utbetring av kommunale utleigebustader.

Ei evaluering av ordninga (Byggforsk 246/1998) konkluderte med at det var eit klart behov for tiltaket, og at det verka etter intensjonane. Rapporten peika på nokre forbetringspunkt som Husbanken har gjennomført i 1999: betre informasjon om ordninga til brukarane og offentleg tilsette som har kontakt med potensielle brukarar, og forenkling av regelverket for saksbehandling.

Kommunane gav 1999 bustadtilskott til utbetring til 5 619 bustader, omtrent like mange som året før da 5 599 bustader fekk tilskot.

3.6.5 Tilskot til utvikling av bumiljø o.a.

Til å fremje gode og trygge bumiljø har Husbanken ei tilskotsordning der ein gir tilskot til forsøks-, utgreiings- og utviklingsprosjekt og til informasjonstiltak. Ordninga skal vere med på å betre bumiljø, levekår og verkemiddelbruk på det bustadpolitiske området. Tilskotet til utvikling og informasjon kan bli gitt til utvikling av ny kunnskap om modellar og metodar for tiltak knytte til bustad- og miljøspørsmål og til utvikling av kompetanse og formidling av kunnskap.

Den årlege løyvinga til dette tiltaket vart auka frå 22 millionar kroner i 1998 til 35,4 millionar kroner i 1999. Det vart gitt tilskot til i alt 116 prosjekt frå denne tilskotsordninga i 1999. I alt 11 av desse prosjekta gjaldt etablering av lokale bustadsosiale handlingsplanar i kommunane. Gjennom målretta planarbeid for å få til ein heilskapleg bustadpolitikk kan kommunane betre hjelpe vanskelegstilte husstandar med å etablere seg i bustad og behalde bustaden. Kartlegging og vurdering av bustadbehov og verkemiddelbruk skal danne grunnlaget for dei strategiane og tiltaka kommunane legg opp til. Husbanken reknar med å ha etablert samarbeid med ca. 90 kommunar i løpet av 2001.

Prosjektet Berekraftig byggjeskikk er også finansiert over denne tilskotsordninga. I 1998 gav Husbanken denne typen tilskot til 52 prosjekt. Ti av desse prosjekta var innanfor området økologi og ressursforvaltning. Husbanken gir årleg ut ein katalog over prosjekt som er finansierte over ordninga, og driv eit omfattande informasjonsarbeid om resultata. Av løyvingane i 1998 og 1999 vart 4 millionar kroner og 5 millionar kroner i samsvar med budsjettproposisjonen diponert direkte av departementet for finansiering av bustadforskingsprogrammet «Bustader og levekår» under Noregs forskningsråd.

3.6.6 Utbetringslån

Utbetringslån skal vere med på å sikre gode bustader og gode bumiljø innanfor den eksisterande bustadmassen. Låneramma til utbetringslån er fordelt på personretta lån til enkeltpersonar og prosjektretta lån til bustad- og miljøtiltak og byfornying. Den sistnemnde typen er lån som skal vere med på å betre levekåra i byfornyingsområde i dei største byane, der bustadstandarden skal bringast opp mot dagens nybyggingsnivå. Oslo, Bergen og Trondheim er prioriterte til fornying.

Om lag 7 000 bustader fekk i 1998 tilsegn om utbetringslån. Dette var ein nedgong samalikna med 1997 på 21 prosent i talet på bustader og ein nedgong på 7 prosent målt i kroner. Negongen hadde samanheng med at fleire utbetringsprosjekt i store burettslag var over. I 1998 var det fleire enkeltbustader og mindre prosjekt som fekk utbetringslån.

I 1999 tok etterspørselen etter utbetringslån seg opp, og Husbanken prioriterte ordninga høgt. Om lag 10 000 bustader fekk tilsegn om utbetringslån. Det er ein auke frå 1998 på heile 42 prosent rekna i talet på bustader og 68 prosent målt i kroner. Over 75 prosent av desse bustadene fekk prosjektretta miljølån til blokkbusetnad som hovudsakleg er frå etterkrigstida. Berre 15 prosent av låna vart gitt til enkeltpersonar på sosialt grunnlag. I Husbanken er det sett i gang eit prosjekt med sikte på å forenkle både retningslinjene for utbetringslån og saksbehandlinga, slik at det blir meir attraktivt for enkeltpersonar å søkje om utbetringslån.

3.6.7 Lån til barnehagar og skulefritidsordning

Formålet med låneordninga er å dekkje behovet for gode barnehagar og skulefritidsordningar. Barnehagelånet har hatt ei utflating dei siste åra. Det er fleire årsaker til dette, mellom anna at Reform 97 er gjennomført. Seksåringane som før gjekk i barnehage fram til sjuårsalderen, har frå hausten 1997 gått inn i 1. klasse i grunnskulen. Lån til barnehagar gjekk markert tilbake i 1998, noko som kan ha hatt samanheng med innføringa av kontantstøtta, men kom opp på 1997-nivået att i 1999.

I 1998 vart det gitt tilsegn om lån til 697 barnehageplassar for til saman ca 42 millionar kroner. I 1999 fekk 1 730 plassar tilsegn om lån for 132 millionar kroner.

3.7 Låneforvaltning og administrasjon

3.7.1 Misleghald og tap

Det har vore ein samanhengande nedgang i talet på misleghaldne lån sidan byrjinga av 90-åra, men no synest denne utviklinga å ha stoppa opp. Både talet på misleghaldne lån og misleghaldne lån i prosent av total lånemasse, viste ein auke i 1999. Ved utgangen av 1999 utgjorde talet på misleghaldne lån 2,9 prosent av samla tal på utlån, mot 2,3 prosent ved utgangen av 1998. Sett i forhold til uteståande lån auka misleghaldet frå 1,4 prosent i 1998 til 1,8 prosent ved utgangen av 1999.

Ved utgangen av 1999 hadde Husbanken bokført eit samla bruttotap på 23,4 millionar kroner. Tapa er fordelte med høvevis 22,4 millionar kroner på personlege låntakarar og 1 million kroner på ikkje-personlege låntakarar. På personlege låntakarar var tapet det same i 1999 og 1998. Tap knytte til ikkje-personlege låntakarar har derimot gått ned, frå 3,3 millionar kroner i 1998 til 1 million kroner i 1999.

Tapa er framleis låge, men Husbanken ventar ein viss auke i åra framover fordi ein større del av låna går til økonomisk vanskelegstilte husstandar.

3.7.2 Administrasjon

Tabell 3.8 . Nøkkeltal for Husbankens administrasjon

19981999
Talet på tilsette358356
Forbruk (mill. kr)208 241203 778
Lønn116 451119 397
Varer og tenester87 33581 131
Større utstyrsinnkjøp og vedlikehald4 4553 250

Husbanken starta i 1997 ei omorganisering av verksemda. Ny organisasjonsmodell var på plass i april 1998, og det vart oppretta to ny regionkontor for kundane frå Aust- og Sørlandet etter same modell som dei etablerte avdelingskontora. Avdelingskontora for aust og sør er samlokaliserte med hovudkontoret i Oslo. Ny organisasjon er evaluert, og konklusjonane er at den nye modellen jamt over fungerer bra, men at samarbeidet på tvers av organisasjonsstrukturen bør styrkjast.

Personalpolitisk har Husbanken profilert seg på seniorpolitikk for arbeidstakarar over 45 år. Seniorar får eigne tilbod om kurs, samlingar, milepålesamtalar og utviklingsplanar. I februar 1999 fekk Husbanken prisen for Årets seniorinitiativ av dåverande arbeids- og administrasjonsminister Eldbjørg Løwer.

Informasjonsteknologien er svært sentral for drifta av Husbanken når det gjeld saksbehandling, informasjonsverksemd og marknadsføring, analysar og rapportering. I 1998 vart det utarbeidd ein ny IT-strategi som la vekt på ein effektiv bruk av IT i Husbankens arbeid. Planlegginga av datavarehus starta også opp i 1998, og vart iverksett i 1999. Datavarehuset skulle samle alle data og statistikkar på same stad og sikra at all statistikk blir laga ut fra same datagrunnlag. Vidareutvikling av datavarehuset har vore viktig for organisasjonen også i 2000 og vil bli vidareført i 2001.

Førebuingane av overgangen til 2000 starta i 1998 og var ei sentral IT-oppgåve i 1999. Risikoområde vart nøye kartlagde og vurderte, og det vart iverksett tiltak. IT-systema takla dermed overgangen til 2000 utan nemneverdige problem.

Internett har vore eit viktig satsingsområde i perioden. Husbankens internettsider er eit viktig strategisk verktøy og representerer eit stort potensial for kommunikasjon med kundar og andre eksterne aktørar. Bruk av Internett er derfor eit område som vil bli stadig meir sentralt for Husbanken framover.

Arbeidet med å setje kunden i sentrum har vore ei prioritert oppgåve i perioden og er styrande for utviklingsarbeidet i verksemda. Eksempelvis var målet om betre service ei viktig drivkraft i omorganiseringsprosessen og ligg til grunn for satsingar innanfor IT. Husbanken har i perioden lagt mykje vekt på saksbehandlingstider på låne- og tilskotsordningane, som ein resultatindikator for servicegrad. Datavarehuset er såleis eit viktig leiingsinformasjonsverktøy som mellom anna måler Husbankens saksbehandlingstid. I 2000 har banken starta arbeidet med serviceerklæringar, brukarundersøkingar og overgang til meir målstyring i saksbehandling.

Datavarehuset vil gje meir effektiv rapportering og statistikkproduksjon, og ein første versjon for betre og meir effektiv rapportering ble teken i bruk internt i banken i 1999. Det er venta at datavarehuset skal gi monalege effektiviseringsgevinstar ved at leiingsinformasjon blir tilgjengeleg raskare og i eit anna omfang enn tidlegare. Vidare kan ein del sentralt analysearbeid gjerast betre enn før.

Til forsida