St.meld. nr. 16 (2000-2001)

Om verksemda til Statens Husbank 1998-99

Til innhaldsliste

6 Nærmare om bustøtte

6.1 Innleiing og definisjonar

Bustøtta skal gjere det mogleg for bestemte husstandsgrupper som har låg inntekt og høge buutgifter, å etablere seg eller bli buande i ein god og nøktern bustad på ein slik måte at bustadkonsumet kan stå i eit rimeleg forhold til inntekta.

Husstandar som har rett på bustøtte, er pensjonistgruppene alderspensjonistar/personar over 64 år, uførepensjonistar med eller utan barn og etterlatepensjonistar. I tillegg har einslege forsørgjarar, barnefamiliar og langtidsmottakarar av sosialhjelp, med denne hjelpa som einaste inntektskjelde, rett på bustøtte. Desse tre husstandsgruppene blir i teksten som følgjer, kalla barnefamiliar og andre.

Blant pensjonistgruppene skil ein mellom dei med inntekt over og under minstepensjon pluss 30 prosent. Gruppa med inntekt under minstepensjon pluss 30 prosent kan få bustøtte uavhengig av kor stor bustaden er, og/eller korleis han er finansiert. For pensjonistar med inntekt over minstepensjon pluss 30 prosent og gruppa barnefamiliar og andre blir det stilt krav til bustaden og korleis han er finansiert.

For at bustaden skal kunne kallast god og gi rett til bustøtte, seier minstekravet til bustandard i regelverket at han må vere på minst 40 m2 og ha eigen inngang. Han må dessutan ha opphaldsrom med kjøkken, separat soverom med vindauge og eige sanitærrom med dusj og wc.

Bustøtteregelverket stiller også krav til finansieringsform for alle bustader som ikkje er organiserte som burettslag, eller er kommunale utleigebustader. Barnefamiliar kan bu til utleige uavhengig av finansieringskjelda.

Oppfyller søkjaren av bustøtte husstandskravet, bustad- og finansieringskravet, er det forholdet mellom inntekta og buutgiftene til husstanden som avgjer om husstanden har rett på bustøtte.

Ein av intensjonane ved bustøtta er å oppmuntre til ein nøktern standard. Derfor er det sett ei øvre grense for kor høge buutgifter som kan leggjast til grunn når ein bereknar bustøtte, buutgiftstaket. Rimelege buutgifter er buutgifter som husstanden skal dekkje sjølv. Bustøtta blir berekna som 70 prosent av differansen mellom godkjende buutgifter og rimelege buutgifter.

6.2 Nokre hovudtal for 1998 og 1999

Gruppa eldre utgjorde i 1998 i alt 50 prosent av mottakarane og mottok 44 prosent av støtta. Den andre store gruppa er uføre utan barn. Den gruppa utgjorde om lag 25 prosent. Barnefamiliar og andre (omfattar einslege forsørgjarar, barnefamiliar og langtidsmottakarar av sosialhjelp) utgjorde i 1998 22 prosent av mottakarane og mottok 25 prosent av tildelinga. I 1999 har talet på mottakarar i husstandsgruppene halde seg stabilt, mens fordelinga av bustøtte er endra. Gruppa eldre mottok 41 prosent av tildelinga, og barnefamiliar og andre 28 prosent.

Utviklinga i dei to åra er at gruppa barnefamiliar og andre - og då spesielt einslege forsørgjarar - har fått tildelt meir bustøtte, mens det har gått ut over bustøtta til eldre.

Tabell 6.1 . Eigarform blant alle bustøttemottakarane i 1998 og 1999

19981999
Kor mangeProsentdelKor mangeProsentdel
Totalt106 158100109 136100
Eig bustaden23 1352222 66121
Bur i burettslag26 2432525 27623
Leiger bustaden56 7805361 19956

Over halvparten av dei som mottek bustøtte, bur i ein leigd bustad, og hovudskilnaden mellom 1998 og 1999 når det gjeld eigarform, er at prosentdelen av dei som leiger, veks. Veksten i gruppa som leiger, kjem hovudsakleg som følgje av regelverksendringa i 1999, sjå punkt 6.3.

6.2.1 Utskifting av bustøttemottakarar

Utskifting av bostøttemottakarar vil seie utskiftinga av gruppa av mottakarar frå éin termin til neste ved at ein ser på kor mange som fell ut av ordninga, og kor mange som kjem til.

Den største utskiftinga blant bustøttemottakarane skjer mellom tredje termin i 1998 og første termin i 1999. Endringa mellom dei to terminane kan i stor grad forklarast med at nye inntektsopplysningar blir lagde til grunn når ein skal berekne bustøtta, og at det er gjort endringar i regelverket (sjå punkt 6.3 nedanfor). Mellom dei andre terminane er det fleire som kjem inn i ordninga, enn dei som fell ut. Frå første termin 1998 til tredje termin 1999 har det totalt vorte 6 838 fleire bustøttemottakarar.

Med få unntak mottek nye bustøttemottakarar meir i bustøtte enn dei som fell ut av ordninga. I 1998 var ikkje skilnaden stor, men i 1999 er skilnaden i motteke bustøttebeløp mellom dei som fell ut, og dei som kjem til, på rundt 15 prosent. Buutgiftene er gjennomsnittleg høgare for dei som kjem inn i ordninga, enn for dei som fell ut.

Utskifting fordelt på eigarform viser at stabiliteten er størst blant dei som eig sin eigen bustad, og minst blant dei som leiger bustad. Blant nye mottakarar er det rundt 15 prosent som eig sin eigen bustad, og blant dei som fell ut, er det rundt 15 prosent som eig bustaden sjølv. Over 60 prosent av dei som kjem inn ein termin, leiger bustad, og ein nesten like stor del blant dei som fell ut, leiger bustad.

6.3 Regelverksendringar i 1998 og 1999

6.3.1 Endringar i 1998

Buutgiftstaket for einslege alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar

Buutgiftstaket for husstandar med éin person vart auka og sett likt buutgiftstaket til husstandar med to personar for gruppa alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar. Den øvre grensa for buutgiftstaket vart for ei éinpersonshushaldning med inntekt større enn minstepensjon pluss 30 prosent auka frå 37 500 til 50 000 kroner i året.

6.3.2 Endringar i 1999

Omsorgsbustader med oppstartingstilskot

I samband med gjennomføringa av handlingsplanen for eldreomsorga og opptrappingsplanen for psykisk helse 1996-2006, jf. St.meld. nr. 50 (1996-97) og St.prp. nr. 63 (1997-98), ville daverande regjering sikre at alle som bur i ein omsorgsbustad som er lånefinansiert utanfor Husbanken, også skulle ha tilgang til bustøtteordninga. Bustøtteregelverket vart endra ved at bustadavgrensinga vart utvida til også å omfatte oppstartingstilskotet. Ein kunne då også gi støtte til husstandar som bur i ein omsorgsbustad finansiert med oppstartingstilskot frå Husbanken. Denne regelverksendringa medfører at det kan bli gitt bustøtte til spesielle husstandar med senildemente som bur i omsorgsbustader finansierte med oppstartingstilskot i bukollektiv med privatareal under 40 m2.

Buutgiftstaket for barnefamiliar og andre

Eit ønske om harmonisering av regelverket mellom dei to målgruppene, det vil seie 1) alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar og 2) barnefamiliar og andre, førte til at buutgiftstaket for barnefamiliar og andre vart auka til same nivået som for alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar.

For barnefamiliar og andre vart buutgiftstaket auka med i gjennomsnitt 10 prosent frå 1998 til 1999. I andre termin 1998 var det 42 prosent av barnefamiliar og andre som fekk avkorta dei godkjende buutgiftene sine med i gjennomsnitt 3 770 kroner pr. termin, før bustøtte vart berekna. I andre termin 1999 var det 36 prosent som fekk avkorta dei godkjende buutgiftene sine, og den gjennomsnittlege avkortinga var på 4 900 kroner pr. termin. Godkjende buutgifter over taket auka frå andre termin 1998 til andre termin 1999 med 18 prosent i gjennomsnitt for barnefamiliar og andre. Hevinga av buutgiftstaket i 1999 førte til at fleire fekk lagt til grunn dei faktiske utgiftene sine, men dei som fekk utgiftene avkorta, fekk nedkorta eit større beløp.

Barnefamiliar i privateigde, privatfinansierte utleigebustader

Bustadavgrensinga i bustøtta for barnefamiliar innebar at mange fall utanfor ordninga på grunn av finansieringskravet for bustaden. Dette gjaldt særleg barnefamiliar med låge inntekter som budde i utleigebustader som var privatfinansierte. Det vart på bakgrunn av dette vedteke å oppheve bustadavgrensinga for barnefamiliar med omsyn til utleigebustader i 1999, men det skulle framleis stillast krav til at bustaden hadde ein nøktern og god standard.

Tabell 6.2 . Barnefamiliar i privateigde, privatfinansierte utleigebustader

Kor mangeBustøtte totaltBustøtteBuutgifter
pr. månad i krpr. månad i kr
Totalt67,9
1. termin 19991 81712,71 7644 342
2. termin 19993 13921,91 7604 329
3. termin 19994 76633,31 7614 338

Talet på barnefamiliar i denne bustadgruppa vart nesten tredobla frå første til tredje termin. Veksten i det totale talet på mottakarar i 1999 kan i hovudsak tilskrivast veksten i denne gruppa. Denne nye gruppa mottakarar fekk 67,9 millionar kroner i bustøtte. Verken storleiken på buutgiftene eller tildelt bustøtte til dei nye barnefamiliane skil seg frå gjennomsnittstala for mottakarar generelt i gruppa barnefamiliar og andre.

Overgangsordninga

Ved behandling av St.prp. 80 (1996-97)Om oppfølging av samordningen av de statlige bostøtteordningene vedtok Stortinget:

«Stortinget ber Regjeringen legge til grunn at bostøttemottakerne som har fått redusert bostøtten i 1997 etter nytt system i forhold til hva de hadde grunn til å påregne utregnet etter gammelt system, skal gis kompensasjon fullt ut for sitt tap i 1997. I 1998 gis kompensasjonen med 90 prosent, i 1999 med 80 prosent, i 2000 med 70 prosent og i 2001 med 60 prosent, som også blir gjeldende for senere år» (jf. Innst. S. nr. 291 nr. 1, 1998-99).

Dette var det opphavlege vedtaket. Stortinget endra vedtaket i 1999 og gav ein kompensasjonsgrad på 60 prosent for 1999.

Statlege støtteordningar må vere innretta med eit grunnleggjande prinsipp om likebehandling. Overgangsordninga gjeld for dei husstandane som mottok butilskot i 1996, og som i tillegg søkte om bustøtte i 1997. Ein husstand som søkte bustøtte først i 1997 eller seinare og ikkje har motteke butilskot i 1996, nyt ikkje godt av overgangsordninga. Resultatet vart dermed ei forskjellsbehandling mellom like hushaldningar som følgje av overgangsordninga. Mellom anna på bakgrunn av dette ønskte daverande regjeringa ei raskare utfasing av ordninga. Stortingsfleirtalet var enig i dette.

Tabell 6.3 . Mottakar av overgangsordninga i 1998 og 1999

Talet påGj.snittleg beløpTotalt utbetalt
mottakarar(i kr)(i mill kr)
1. termin 199822 0951 33529,5
2. termin 199821 9981 40030,8
3. termin 199821 6301 43831,1
1. termin 199916 14794715,3
2. termin 199915 95595215,2
3. termin 199915 51699215,4

I 1997 var det 25 500 husstandar som mottok kompensasjon etter overgangsordninga på i gjennomsnitt 2 000 kroner pr. termin. Den samla utbetalinga i 1997 var på 152 millionar kroner. Talet på mottakarar vart i 1998 redusert til rundt 22 000 husstandar. Den samla utbetalinga var på 91,4 millionar kroner. Husstandane mottok i 1998 i gjennomsnitt 1 400 kroner pr. termin. Kompensasjonsgraden for 1999 vart 60 prosent. Det førte til at talet på mottakarar vart redusert til rundt 16 000 husstandar, som kvar mottok i gjennomsnitt 950 kroner pr. termin. Den totale utbetalinga til overgangsordninga for 1999 vart på 45,9 millionar kroner.

6.4 Resultatmåla

I statsbudsjettet for 1999 vart det vedteke to resultatmål for bustøtta:

  • Hjelpe husstandar med alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar som har inntekt under eller lik minstepensjon pluss 30 prosent, slik at dei får kompensert for høge buutgifter i forhold til inntekta

  • Gjere det mogleg for andre hushald med låge inntekter å ha eit høgare bustadkonsum enn det inntekta skulle tilseie (innanfor ramma av ein god, formålstenleg og nøktern bustad)

I tabellane nedanfor er det teke utgangspunkt i andre termin for åra 1998 og 1999, og vi ser fordelinga mellom dei to målgruppene.

Tabell 6.4 . Oppfølgingskriterium for bustøtte

2. termin 19982. termin 1999Prosentvis endring
Talet på dei med bustøtteMill. kr utbetalteTalet på dei med bustøtteMill kr utbetalteTalet på dei med bustøtteMill kr utbetalte
I alt98 851476,1100 531515,51,78,3
Pensjonistar med inntekt ≤ MP1 + 30% 1:
I alt69 420326,669 329339,7-0,14,0
Uføre > 65 år med barn2 38116,52 56219,37,617,0
Uføre > 65 år utan barn22 356112,623 218121,23,97,6
Eldre enn 64 år/alderspensjonistar43 581190,742 493192,1-2,50,7
Andre pensjonistar1 1026,81 0567,1-4,24,4
Andre husstandar:
I alt29 431149,531 202175,86,017,6
Uføre > 65 år med barn3421,43941,615,214,3
Uføre > 65 år utan barn2 8768,42 8488,7-1,03,6
Eldre enn 64 år/alderpensjonistar6 61120,66 74120,42,0-1,0
Andre pensjonister3111,03121,10,310,0
Einslege forsørgjarar12 50976,913 97395,611,724,3
Barnefamiliar elles4 52231,04 59634,71,611,9
Andre med rett til støtte2 26010,22 33813,73,534,3

1 MP=minstepensjon

Den største skilnaden mellom mottakarane i dei to gruppene er at husstandar i gruppa alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar med inntekt under minstepensjon pluss 30 prosent ikkje blir stilte overfor noko bustadkrav. Det er forholdet mellom inntekt og buutgifter som avgjer om ein har krav på bustøtte. For mottakarar i gruppa andre husstandar blir det forutan krav til inntekt og buutgifter stilt krav til bustaden.

Gruppa pensjonistar med inntekt under minstepensjon pluss 30 prosent utgjorde 70 prosent av bustøttemottakarane begge åra, og andre husstandar 30 prosent. I 1998 mottok gruppene også bustøtte med dei same prosentdelane. Men i 1999 mottok andre husstandar ein relativt større del av den totale tildelinga.

Tabell 6.5 . Hovudtal for innvilga bustøtte ved hovudkjøring 2. termin 1998 og 1999

2. termin 19982. termin 1999
I altPensjonistar med inntekt ≤ MP + 30 %Andre husstanderI altPensjonistar med inntekt ≤ MP + 30 %Andre husstander
Innvilga bustøtte totalt, mill kroner476,2326,6149,6515,4339,7175,7
Talet på husstandar med innvilga bustøtte98 85169 42029 431100 54069 33831 202
Gj.snittleg husstandsinntekt pr. månad6 3006 3236 2456 6016 6246 550
Gj.snittleg godkjend buutgift (over tak) pr. månad3 1422 8983 7173 4233 1164 107
Gj.snittleg bustøtte pr. månad1 2041 1761 2711 2821 2251 408
Godkjend buutgift (over tak) i prosent av inntekta før bustøtte504660524763
Gokjend buutgift (over tak) i prosent av inntekta etter bustøtte312739322941
Bustøtte i prosent av godkjend buutgift (over tak)384034383934

For pensjonistar med inntekt som er mindre enn minstepensjon pluss 30 prosent, utgjorde buutgiftene i underkant av 50 prosent av inntekta. Ved hjelp av bustøtta blir buutgiftene reduserte til under 30 prosent.

For gruppa andre husstandar blir bukostnadene sin del av inntekta redusert frå 60 prosent til under 40 prosent ved hjelp av bustøtta.

Tabell 6.6 . Bustøttemottakarane 2. termin 1998 og 1999, fordelt på eigarform

2. termin 19982. termin 1999
I altPensjonistar med inntekt ≤ MP + 30 %Andre husstandarI altPensjonistar med inntekt ≤ MP + 30 %Andre husstandar
Totalt98 85169 42029 431100 54069 33831 202
Eig bustad22 00717 2174 79021 46616 6114 855
Bur i burettslag24 61914 8059 81423 80114 7049 097
Leiger bustad52 22537 39814 82755 27338 02317 250
Leiger i burettslag2 3691 0131 3562 0189421 076
Leiger bustad med HB-etablerings-/utbetringslån1 5239375861 435874561
Leiger bustad av kommunen33 62823 42810 20034 42824 31910 109
Leiger bustad med HB-/LB-lån6 3553 6702 6855 7583 3932 365
Leiger bustad utan finansieringskrav8 3508 35011 6348 4953 139

Det er tidlegare vist at svært mange bustøttemottakarar leiger bustad. Ser ein nærmare på dei som leiger, var det over 60 prosent som leigde av kommunen, for begge åra. Mottakarar som leiger av kommunen, utgjer ein tredel av alle mottakarar, og dei utgjer fleire enn både dei som eig, og dei som bur i burettslag.

Blant pensjonistar med inntekt > MP pluss 30 prosent er det ein litt større del som eig enn blant bustøttemottakarane totalt. Andre husstandar har færre som eig sin eigen bustad, og fleire i burettslag. Blant leigetakarar var det i 1998 heile 69 prosent som leigde av kommunen. I 1999 er denne delen gått ned med 10 prosentpoeng som følgje av at barnefamiliar fekk leige bustad utan finansieringskrav.

6.5 Forholdet mellom bustøtte og sosialhjelp

Som eit ledd i oppfølginga av St.meld. nr. 50 (1998-1999) Utjamningsmeldinga vart det sett i gang eit prosjekt som skulle kartleggje og vurdere samanhengen mellom bustøtte og sosialhjelp i kommunane. Norges byggforskningsinstitutt (NBI) fekk i oppdrag å lage rapporten. Den ferdige rapporten heiter «Forholdet mellom bustøtte og sosialhjelp» og er NBIs prosjektrapport 288/2000.

Utgangspunktet for undersøkinga var å belyse kor mange husstandar som ikkje er omfatta av den statlege bustøtteordninga, og dermed berre kan søkje sosialhjelp, men som ut fra bustadpolitiske målsetjingar kunne vore omfatta av bustøtteordninga. Undersøkinga ser også på om husstandar som får bustøtte og sosialhjelp ut frå bustadpolitiske målsetjingar, kunne fått ein større del av støtta i form av statleg bustøtte.

Undersøkinga klargjer forholdet og samanhengen mellom den statlege bustøtteordninga og sosialhjelp til dekking av buutgifter, slik ordningane blir praktiserte i dag. Ein såg også på om statleg bustøtte i nokre samanhengar kan vere eit betre eigna verkemiddel enn sosialhjelp for å sikre god bustadfordeling, butryggleik og effektiv utnytting av offentlege ressursar og dessutan likebehandling og føreseielege ordningar for sluttbrukar.

Ramme 6.1 gir ei skildring av korleis undersøkinga vart gjennomført.

Boks 6.1 Ramme 6.1. Om gjennomføringa av undersøkinga

Undersøkinga har brukt fleire tilnærmingsmetodar for å kunne gjere greie for problemstillingar rundt bruk av bustøtte og sosialhjelp til bustadformål. Det er gjennomført ein studie av konkrete tilfelle der ein har intervjua leiar eller nestleiar ved sju ulike sosialkontor for å klargjere kva for ein praksis dei vel overfor vanskelegstilte på bustadmarknaden. Ei eiga kartlegging er gjennomført i eit utval sosialkontor her i landet for å gi ei representativ framstilling av praksisen. I tillegg er det brukt registerdata frå Husbankens terminregister for bustøtta, sosialhjelpsregisteret og likningsregisteret. Opplysningar frå terminregisteret til Husbanken er på personnivå kopla saman med dei to andre registra. Statistisk sentralbyrå har stått for samankoplinga og anonymiseringa.

Dei to ordningane har ulike eigenskapar som velferdspolitiske verkemiddel. Hovudformålet for sosialhjelp er å betre levekåra for vanskelegstilte på kort sikt. Sosialhjelp skal vere ei hjelp til sjølvhjelp for å fremje økonomisk og sosial tryggleik og førebyggje sosiale problem, og er basert på skjønnsutøving innanfor eit gitt lovverk. Hovudformålet med bustøtta er å sikre låginntektsgrupper ein god bustandard ved at det blir stilt krav til bustaden. Bustøtteordninga er ei regelverksordning for bestemte målgrupper blant eldre, uføretrygda og barnefamiliar.

Undersøkinga viser at bustadpolitisk verkar ordningane ulikt. Bustøtta har eigenskapar som gjer den betre eigna for vanskelegstilte på bustadmarknaden, fordi ordninga gjer bustadsituasjonen føreseieleg og gir butryggleik. Det at ordninga er strengt regelverksbasert, gjer at ho blir oppfatta som lite stigmatiserande, men ho utelukkar samtidig grupper som har behov for støtte. Sosialhjelp er basert på skjønnsutøving innanfor eit gitt lovverk. Ulikskap i behandlinga og mangel på rettar gjer bustadsituasjonen uføreseieleg. Sosialhjelp synest dermed å vere eit mindre eigna verkemiddel til å dekkje buutgifter. Men fleksibiliteten i sosialhjelpa gjer at ordninga i større grad enn bustøtta er med på å hindre akutte bustadproblem.

I 1998 vart det utbetalt 1,4 milliardar kroner i bustøtte. NBI går ut frå at den delen av utbetalt sosialhjelp som tilsvara buutgiftene, er sosialhjelp til bustadformål, og bereknar den til å vere omtrent 2,2 milliardar kroner.

Slik dei to ordningane fungerer i dag, rettar dei seg mot ulike brukargrupper (sjå tabell 6.7). Den største brukargruppa som får bustøtte, er einslege eldre. Blant sosialhjelpsmottakarar er unge einslege, som er dårlegast stilt økonomisk, den største brukargruppa. Denne gruppa har ikkje rett på bustøtte, fordi den ordninga gjeld berre einslege langtidsmottakarar med sosialhjelp som einaste inntektskjelde. I gruppene barnefamiliar og einslege forsørgjarar viser undersøkinga at det er fleire som mottek sosialhjelp enn bustøtte.

Tabell 6.7 . Hushaldningsgrupper blant mottakarar av bustøtte og soialhjelp og sosialhjelpsmottakarar (prosentvis fordelt)

Bustøtte- mottakararSosialhjelps- mottakararSosialhjelps- mottakarar som har fått bustøtte
Hushaldningsgruppe:
Eldre over 65 år50,13,312,8
Uføre > 65 år med barn2,92,66,1
Uføre > 65 år utan barn25,312,230,8
Einslege forsørgjarar13,017,122,6
Barnefamiliar4,78,114,7
Andre som er aktuelle til å få bustøtte2,710,011,0
Etterlatnepensjonistar1,40,72,1
Hushaldningar som ikkje har krav på bustøtte46,0
I alt ( i absolutte tal)111 756129 79823 575

NBI har kome med fleire endringsforslag som dei meiner vil føre til at fleire av sosialhjelpsmottakarane kan få rett til bustøtte. Bustøtteregelverket er generelt utforma, og endringsforslaga er dermed også generelle og vil få verknad for alle typar søkjarar. Forslaga byggjer på konsekvensane av dagens bustøtteregelverk, og ein må sjå dei i samanheng med bustadpolitiske målsetjingar og omsynet til effektiv utnytting av offentlege ressursar.

Endringsforslaga frå NBI:

Gjere bustøtta meir kjend

NBI-undersøkinga viser at eit stort problem med bustøtteordninga er mangelen på kjennskap til ordninga. Mange som mottek sosialhjelp, har krav på bustøtte. Større kjennskap til ordninga ville ha ført til færre sosialhjelpsmottakarar og mindre utbetalt sosialhjelp til buutgifter. Generelt ville fleire som har rett på bustøtte, fått støtte dersom ordninga var betre kjend.

Månadleg utbetaling av bustøtte

Månadleg utbetaling av bustøtta kan gjere det lettare å sjå bustøtta og sosialhjelpa i samanheng, både for kvar enkelt mottakar og for stønadsgivaren. For mottakarane ville det gi eit betre samsvar mellom inntekter og utgifter. I dag er det vanskeleg å ta bustøtta med i vurderinga når ein tildeler sosialhjelp, viser undersøkinga, fordi bustøtta blir utbetalt etterskotsvis tre gonger i året.

Leggje dagens inntekt til grunn når ein bereknar bustøtte

Det aktuelle behovet bør knytast til den aktuelle økonomiske situasjonen mottakar er i. Det ville ha ført til at bustøtta i større grad møtte dei eksisterande behova. Bustøtta hadde då vorte vurdert som eit alternativ til sosialhjelp, der faktiske inntektsopplysningar der og då blir lagde til grunn når ein bereknar støtte. Bustøtta er i dag basert på registeropplysningar (siste tilgjengelege skattelikning) og ei maskinell behandling. Ved ein inntektsnedgang på over 10 prosent kan dagens inntekt leggjast til grunn når ein bereknar bustøtte. NBI peikar på at problemet med å leggje dagens inntekt til grunn når ein bereknar bustøtta, er at det blir vanskeleg å halde oppe dagens maskinelle og svært effektive saksbehandling.

Fjerne krav til minsteareal og opne for eittroms leilegheiter

Mange av dei som treng hjelp til å betale buutgifter, bur på eitt rom og/eller i bustader under 40 m2 og oppfyller dermed ikkje bustadkravet i bustøtteordninga. Ønskjer ein å få fleire sosialhjelpsmottakarar inn i bustøtteordninga, må ein også la slike bustader kvalifisere til bustøtte, meiner NBI.

Bortfall av krav om husbankfinansiering

NBI føreslår at ein erstattar kravet om husbankfinansiering med eit øvre standardkrav. Finansieringskravet er meint å sikre kravet om at bustaden skal vere av nøktern standard. NBI viser til Riksrevisjonens gjennomgang av bustøtta i 1998, der dei peika på at mange som elles har rett på bustøtte, fell ut på grunn av finansieringskravet. NBI meiner at ein må sjå på korleis ein kan sikre nøktern bustadstandard innanfor ordninga ved å innføre øvre standardkrav, for eksempel eit øvre arealkrav.

Andre forslag NBI nemner i rapporten sin, er ei generell heving av buutgiftstaket og regionale skilnader i tildelinga. Ei heving av buutgiftstaket vil ut frå måten ordninga fungerer på, også heve inntektsgrensene. NBI ser på dette som ein fordel, for lågt inntektstak blir rekna som eit problem med ordninga.

Regionale skilnader blir grunngitt ut frå at ordninga i dag ikkje tek omsyn til store regionale skilnader i prisen på eigde og leigde bustader.

NBI peikar også på problemet rundt prisane i bustadmarknaden, som i stor grad er tilpassa toinntektshushaldningar. Éiinntektshushaldningar har store ulemper på bustadmarknaden, og undersøkinga viser at mange av dei som har behov for sosialhjelp til å dekkje buutgifter, er einslege. Einslege med barn er inne i bustøtteordninga i dag. NBI føreslår ut frå bustadproblem blant einslege utan barn at ein også vurderer å ta denne gruppa inn i ordninga.

I dagens bustøtteordning har ein person rett på støtte viss sosialhjelp er einaste inntektskjelde som varer i minst eitt år. NBI føreslår at ein også no kunne gi bustøtte til personar som har sosialhjelp som hovudinntektskjelde. Ein del sosialhjelpsmottakarar supplerer sosialhjelpa med ustabil arbeidsinntekt, og det bør ikkje vere slik at ein person må unngå å arbeide for å kunne motta bustøtte.

NBI kjem med fleire interessante utviklingspotensial for bustøtteordninga med endringsforslaga sine. Utgreiinga peikar på behovet for ein betre samordna innsats av bustadarbeidet innanfor kommunane. Dette omfattar også at det blir lagt til rette for ei slik samordning, noko som er eit statleg ansvar. Statleg rettleiing i utarbeiding av bustadsosiale handlingsplanar kan føre til betre samordning av innsatsen i bustadarbeidet for kvar enkelte kommune. Dei ulike endringsforslaga byr på ulike utfordringar. Forslaga inneber at det blir behov for auka løyvingar til bustøtte, og det er visse administrative problem knytta til å gjennomføre nokre av forslaga.

Foreløpig vurdering

Regjeringa vil vurdera nærmare forslaga i NBI-rapporten, og eventuelt prensentera endringsforslag for Stortinget i samband med dei årlege statsbudsjetta. Rapporten til NBI vil truleg bli drøfta nærmare av det offentlege bustadutvalet som er satt ned og som vil avgje instillinga si innan utgangen av 2001.

6.6 Bustøtte og bustadkonsum

Husbankens bustøtteordning skal medverke til at alders-, uføre- og etterlatnepensjonistar og barnefamiliar med svak økonomi skal kunne skaffe seg og bli buande i ein god og nøktern bustad. Dette dreier seg grunnleggjande om god bustadfordeling og butryggleik. I tillegg skal bustaden vere formålstenleg for husstanden.

For å klargjere korleis bustøtta kan gjere det mogleg å nå dei nemnde målsetjingane, har Husbanken i samarbeid med Statistisk sentralbyrå gjennomført ei spørjeundersøking blant nye mottakarar av bustøtte for første termin 1999. Formålet var å få fram kva mottakarane sjølve meiner om buforholda sine, og kva bustøtta har å seie. Svara frå spørjeundersøkinga har ein sett i forhold til registeropplysningar som låg til grunn for at husstandane fekk tilkjent bustøtte. Undersøkinga vart gjennomført blant nye mottakarar for å kunne fange opp den delen av målsetjinga som gjeld kjøp av bustad. Ramme nedanfor gir ei nærmare framstilling av undersøkinga.

Boks 6.2 Ramme 6.2. Om utvalet og gjennomføringa av undersøkinga

Nye mottakarar av bustøtte vart definerte som husstandar som ikkje mottok bustøtte for tredje termin i 1998, men som mottok bustøtte ved hovudutbetaling for første termin i 1999, til saman 7 201 husstandar. Av desse vart det gjort eit tilfeldig utval på 1 500 husstandar - representativt med omsyn til geografi, husstandsgrupper og husstandsstorleikar - som mottok spørjeskjemaet. Skjemaet omfatta spørsmål om korleis mottakarane oppfatta eigen busituasjon før og etter eventuell flytting, årsaker til at dei søkte om bustøtte, eventuell hjelp i samband med etablering i ny bustad og kva for typar inntekter/stønader husstanden mottok. Spørjeskjemaet vart sendt ut av Statistisk sentralbyrå primo juni 1999 til adressa til søkjaren i det sentrale personregisteret pr. ultimo mai 1999, altså ca. ein månad etter at bustøttebeløpet for første termin var utsendt, og ca. fem månader etter situasjonsdatoen for terminen. Svarprosenten var 58,5 prosent. Det var noko variasjon i svarprosenten mellom dei ulike gruppene. Lågast låg gruppa barnefamiliar med 49,1 prosent. Det var likevel ingen systematikk i fråfalla.

Dei nye mottakarane

Av dei totalt 7 201 nye bustøttemottakarane i første termin 1999 hadde 51 prosent av husstandane minst éin alders-, uføre- eller etterlatnepensjonist eller éin person over 64 år. Einslege forsørgjarar og andre barnefamiliar utan pensjonsmottakarar utgjorde til saman 42 prosent, mens dei resterande 7 prosenta omfatta andre hushald med rett til støtte, i hovudsak langtidsmottakarar av sosialhjelp.

I forhold til fordelinga blant bustøttemottakarar totalt er det eit relativt høgt innslag av einslege forsørgjarar og barnefamiliar blant dei nye mottakarane. I tillegg er utskiftinga i desse to gruppene av bustøttemottakarar generelt høgare som følgje av mindre stabilitet i inntekt, husstandssamansetjing og bustad. Fordelinga av dei nye mottakarane på husstandsgrupper viser at familiar med barn frå og med første termin 1999, kunne få bustøtte også i privatfinansierte utleigebustader, uavhengig av kven som eig bustaden. I alt 62 prosent av dei nye mottakarane leigde bustad, og av desse var om lag ein tredel privatfinansierte utleigebustader.

Tabell 6.8 . Nye mottakarar av bustøtte. Hovudresultat - totalt og etter kommunestorleik (innbyggjartal). Prosent av svar.

Under 5 0005 000-19 99920 000-102 000Berg/Trh/Stav.OsloTotalt
Bustøtta er heilt avgjerande eller betyr mykje97,295,592,287,484,692,4
Mottek sosialhj. til buutg./kommunal bustøtte17,720,934,545,150,731,2
Reknar med å kunne bli buande i minst eitt år85,282,784,480,972,92,4
- men ønskjer likevel å flytte8,311,117,123,621,015,7
Bustaden passar svært bra/er stort sett OK86,280,183,672,963,879,4
Bur trongt etter SSBs definisjon3,66,113,810,828,911,2
Trivst svært godt eller nokså godt i bumiljøet91,792,692,892,692,792,5

Kva betyr bustøtta?

Undersøkinga viser at bustøtta har mykje å seie for at mottakarane kan bu i den noverande bustaden sin. Nær 60 prosent svarar at bustøtta er heilt avgjerande, og ytterlegare 33 prosent seier at ho betyr mykje. Dette blir også stadfesta av tal som viser kor stor del buutgiftene utgjer av inntekta. For dei 80 prosenta av husstandane som fekk lagt ei årsinntekt på 30 000 kroner eller meir til grunn for bustøttevedtaket, utgjorde dei godkjende buutgiftene i gjennomsnitt 57 prosent av inntekta før bustøtte, men vart redusert til 35 prosent etter bustøtte.

Ulike mottakargrupper har likevel varierande oppfatningar av kva bustøtta har å seie (sjå tabell 6.9). Ytterpunkta blir representerte av uføre utan barn, der 71 prosent meiner at bustøtta er heilt avgjerande, og barnefamiliar elles, der 48 prosent er av same oppfatning. Men for den siste gruppa er også innslaget av kommunal støtte høgt. Over halvparten av desse husstandane svara at dei også mottok kommunal bustøtte eller sosialhjelp til dekking av buutgifter.

Tabell 6.9 . «Kor mykje har bustøtta frå Husbanken å seie for at du/de kan bu i den noverande bustaden?». Nye mottakarar av bustøtte. Prosentvis fordeling - totalt og etter husstandsgrupper.

Uføre med barnUføre utan barn> 64 år, /andre pensj.Einslege forsørgararBarnefamiliar ellesAndreSamla
Er helt avgjerande60,370,862,551,750,052,259,1
Betyr mykje, men er ikkje avgjerande34,525,531,340,827,939,133,3
Betyr lite eller ingen ting1,70,63,13,47,4-2,8
Veit ikkje3,43,13,14,214,78,74,8
Sum100,0100,0100,0100,0100,0100,0100,0

Om bustøtta bidrar til at motakarane kan bli buande

Blant dei 92 prosenta som seier at bustøtta er heilt nødvendig eller betyr mykje, var det 83 prosent som rekna med å kunne bli buande i minst eitt år framover. Dette indikerer at bustøtta har mykje å seie for butryggleiken til husstandane.

Det var liten variasjon i butryggleiken mellom eigarformer. Mens 93 prosent av dei som eigde husvære, rekna med å kunne bu der i minst eitt år til, var det heile 73 prosent blant dei som leigde som trudde det same. Berre 1,5 prosent av leigetakarane totalt og 3 prosent av leigetakarane i privatfinansierte bustader oppga at slutt på leigekontrakten var årsaka til at dei rekna med å måtte flytte innan eitt år.

Dei generelle minstekrava til bustadstandard som er knytte til bustøtta, har ei målsetjing om god bustadfordeling ved at også dei med svak økonomi skal kunne bu i ein god og formålstenleg bustad. Krava omfattar om lag 62 prosent av dei nye mottakarane.

Ved sida av standarden på bustaden blir også butettleik (sjå ramme 6.3) nytta som ein indikator for bustadfordeling. Statistisk sentralbyrås levekårsundersøking for 1997 viser at 7 prosent av befolkninga budde trongt og 48 prosent svært romsleg. Dei nye bustøttemottakarane bur noko trongare - 11 prosent av husstandane budde trongt, mens 28 prosent budde svært romsleg. Blant det store fleirtalet som meinte at bustøtta er heilt nødvendig eller betyr mykje, var det berre 9 prosent som budde trongt. Men det er store variasjonar mellom husstandsgruppene. Mens over 60 prosent i gruppa barnefamiliar elles bur trongt og berre 3 prosent svært romsleg, er forholdet nær omvendt for dei eldre. Det er også noko fleire husstandar som bur trongt blant dei som ikkje er omfatta av minstekrava til bustaden, sett i forhold til dei andre husstandane med eldre eller uføre.

Boks 6.3 Ramme 6.3. Butettleik

I Statistisk sentralbyrås levekårsundersøkingar blir butettleik definert som forholdet mellom talet på personar i husstanden og talet på rom husstanden disponerer, med fråtrekk av kjøkken, bad, entré og små rom under 6 kvm. I samsvar med definisjonen bur ein person trongt dersom 1) personen bur åleine og disponerer eitt rom, eller 2) personen tilhøyrer ein fleirpersonshusstand med mindre enn eitt rom pr. person. Ein person bur svært romsleg dersom husstanden disponerer minst to rom pr. person. Dersom personen ikkje bur trongt eller svært romsleg, bur personen normalt.

Er bustaden formålstenleg

Korleis husstandane vurderer eigen busituasjon, er ikkje nødvendigvis samanfallande med generelle oppfatningar om bustandard. Om bustaden er formålstenleg i forhold til eigne behov, kan i ein slik samanheng reknast som individuell bustadkvalitet, og det stod sentralt i undersøkinga. Blant dei 92 prosenta som meiner bustøtta er viktig eller heilt avgjerande for at dei kan bli buande, meiner tett oppunder 80 prosent at bustaden passar svært bra eller stort sett er bra i forhold til deira behov. Også blant husstandar som etter definisjonen bur trongt, er det ein stor del som er fornøgde. Over halvparten av desse meinte at bustaden anten passar svært bra (20 prosent), eller at han stort sett er bra (32 prosent).

Det er store skilnader mellom dei ulike husstandsgruppene (sjå tabell 6.10). Særleg husstandar med eldre var svært nøgde eller stort sett nøgde - til saman 93 prosent. Gruppa barnefamiliar skil seg ut ved at noko under halvparten synest bustaden passar dårleg. Det viste seg elles ikkje å vere nokon eintydig skilnad mellom husstandar som ikkje er omfatta av minstekrav til bustaden, og andre husstandar med eldre eller uføre.

Tabell 6.10 . «Passar bustaden til behovet ditt/dykkar?». Nye mottakarar av bustøtte. Prosentvis fordeling - totalt og etter husstandsgruppe

Uføre med barnUføre utan barn> 64 år, /andre pensj.Einslege forsørgararBarnefamiliar ellesAndreSamla
Passar svært bra42,655,662,134,431,034,846,7
Er stort sett ok34,430,929,537,326,837,032,7
Passar dårlig23,013,68,528,242,328,320,6
Sum %100,0100,0100,0100,0100,0100,0100,0

Blant dei totalt 20 prosenta som synest at bustaden passar dårleg, er det viktigaste ankepunktet at bustaden er for liten - over halvparten svara dette. Det gjeld særleg einslege forsørgjarar og barnefamiliar elles, der til saman rundt to tredelar kryssa av for det. Nest hyppigaste ankepunktet er for høge buutgifter. Dette gjeld i underkant av halvparten av dei som meinte bustaden passa dårleg.

Av dei som synest at bustaden passar dårleg, er det likevel kvar femte husstand som både reknar med å kunne bli buande i minst eitt år til, og som også ønskjer det. Sjølv om ønsket om å bli buande i ein kjend bustad i eit område der dei trivst, kan vere viktigare enn å få ein formålstenleg bustad, skal ein ikkje sjå bort frå at det også kan liggje økonomiske vurderingar bak ønsket om å bli buande.

Mottakarane vart også spurde om kor godt dei treivst i bustadområdet/nabolaget. Over 90 prosent svara at dei trivst svært godt eller nokså godt. Spesielt ser det ut til at barnefamiliane er meir tilfredse med bumiljøet enn dei er med bustaden. I desse gruppene trivast ni av ti husstandar svært eller nokså godt.

Boks 6.4 Ramme 6.4. Krav til minstestandard versus formålstenleg standard

Med utgangspunkt i formålsformuleringa for bustøtta er det i denne undersøkinga gjort eit skilje mellom kor formålstenleg bustaden er, og om han er god og nøktern. Dels reflekterer dette eit reelt kvalitativt skilje. Ein generelt god og nøktern bustad treng ikkje vere formålstenleg for alle typar husstandar. Dels reflekterer skiljet at regelverket for bustøtte i utgangspunktet set visse minstekrav til standarden på bustaden for at han skal kunne kallast god og dermed ha krav på bustøtte, og at krav til finansieringsform eller spesielle disposisjonsformer saman med ei øvre grense for kor høge buutgifter som blir godkjende, skal sikre eit nøkternt bustadkonsum. Det finst ingen tilsvarande krav for kor formålstenleg bustaden er for husstanden, og undersøkinga er derfor utforma med vekt på korleis mottakarane sjølve oppfattar bustaden sin. Alle husstandar er likevel ikkje omfatta av dei spesielle krava til bustaden for å få bustøtte. Etter samordninga mellom bustøtte og butilskotsordninga i 1997, då husstandar med eldre, uføre- og andre pensjonistar med inntekt under minstepensjon pluss 30 prosent vart unnatekne frå kravet til bustaden, er det no nær 70 prosent av det totale talet på mottakarar som ikkje er omfatta av slike krav. Blant dei nye mottakarane av bustøtte for første termin 1999 var det likevel berre 38 prosent som ikkje vart omfatta av krav til bustaden. Dei krava regelverket stiller til bustaden, er i stor grad framleis gyldige for nye mottakarar.

Bustøtte i nyskaffa bustad - til det verre eller betre?

Undersøkinga viser at mens fleirtalet av dei nye mottakarane budde i ein bustad dei også tidlegare kunne ha søkt om støtte for, var det drygt 30 prosent som hadde etablert seg i bustaden dei siste fire månadene før terminen. Denne nyetableringa førte til at færre budde trongt, og dermed vart bustadfordelinga betre. Mens 5 prosent flytte til eit trongare husvære, var det 15 prosent som flytte frå trongare kår. Langt fleire - drygt 30 prosent - flytte likevel til ein bustad med fleire rom enn den dei hadde tidlegare. Blant nyetablerarar i gruppa andre barnefamiliar var det nær 55 prosent som flytte til ein større bustad.

Dei nyetablerte har om lag same fordelinga på husstandsgruppene som dei andre nye bustøttemottakarane. Det er heller ikkje store ulikskapar i synet på kva bustøtta har å seie. 91 prosent av dei som skaffa seg bustad, meiner bustøtta er heilt avgjerande eller betyr mykje for at dei skal kunne bli buande i den nye bustaden sin. Av desse var det heile 67 prosent som meinte at den nye bustaden også passar betre til deira behov, mens 20 prosent meinte at han passar dårlegare. Igjen er det færrast fornøgde blant barnefamiliar. Likevel meiner over halvparten av desse at den nye bustaden passar betre enn den gamle.

Over halvparten av dei som synest den nye bustaden passar betre, grunngir dette med at han gir større tryggleik. I gruppa eldre er det tre firedelar som seier dette. Andre hyppig nemnde årsaker til at den nye bustaden passar betre, er at han er større og/eller at han er betre tilpassa redusert rørslefridom eller andre spesielle behov. Blant dei som synest den nye bustaden passar dårlegare, seier i overkant av halvparten at høgare buutgifter er årsaka.

Blant dei nyetablerte dominerer elles leigebustader klart. 77 prosent inngjekk leigekontrakt. Før nyetableringa var det to tredelar som leigde bustad. Men svært få oppgir det å vere leigetakar som noko problem. Av tidlegare leigetakarar var det 20 prosent som ved nyetableringa vart sjølveigarar eller partseigarar.

I ein etableringsprosess kan vissa om bustøtte vere avgjerande for om folk etablerer seg i ein bestemt bustad. Drygt 60 prosent svara at dei på førehand hadde undersøkt om det var mogleg å få bustøtte, men berre i underkant av 40 prosent har oppgitt at dei var sikre på å få slik støtte før dei flytte inn. Undersøkinga gir ikkje svar på kvifor ein såpass stor del av husstandane ikkje var sikre på at dei ville få bustøtte. Samtidig var det også nær 60 prosent som oppgav at dei hadde fått hjelp frå kommunen i samband med etableringa, anten praktisk i form av tildeling av bustad eller hjelp til å inngå kontrakt, eller i form av informasjon om bustadtilbod, kommunale stønader eller liknande.

Til forsida