St.meld. nr. 22 (2002-2003)

Om Noregs deltaking i Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane (FN) 2001-2002

Til innhaldsliste

2 Innleiing

Noreg har med jamne mellomrom søkt medlemskap i Tryggingsrådet i FN. Dette har nær samanheng med heile vår utanrikspolitiske line og vårt utanrikspolitiske engasjement, vårt arbeid for eit internasjonalt samfunn grunna på FN-pakta, folkeretten og eit bindande mellomstatleg samarbeid, vårt arbeid for å styrkje FN sin innsats for internasjonal fred og tryggleik, vår erkjenning av den grunnleggjande samanhengen mellom fred og utvikling, vår omfattande deltaking i fredsprosessar og fredsoperasjonar.

Noregs førre medlemskapsperiode var i 1979-1980. Dei nordiske landa følgjer ei uformell rotasjonsordning for Tryggingsrådet. Etter at Sverige var medlem i 1997-1998, var det Noregs tur. Danmark er kandidat for perioden 2005-2006. Det vil venteleg ta minst 20 år før det på nytt vert aktuelt for Noreg å stille som kandidat til Tryggingsrådet.

Etter ein grundig førebudd, lang og ressurskrevjande kampanje vart Noreg 10. oktober 2000 av Generalforsamlinga i FN valt til medlem av Tryggingsrådet for toårsperioden 2001-2002. Kampanjen innebar oppsøkjande verksemd overfor alle medlemslanda i FN, både ved FN-hovudkvarteret i New York og i dei fleste hovudstadene. Dei opphavlege kandidatane til dei to ledige plassane i Vest-gruppa var Irland, Noreg og Tyrkia. Valkampen vart endå meir krevjande då Italia melde seg som kandidat våren 1999, sjølv om Tyrkia noko seinare trekte kandidaturet sitt. Italia viste seg å vere ein hard konkurrent for Noreg, og det måtte fire valomgangar til før den endelege avgjerda fall.

Colombia, Irland, Mauritius og Singapore vart innvalde saman med Noreg. Dei andre valde medlemmene i Tryggingsrådet i 2001 var Bangladesh, Jamaica, Mali, Tunisia og Ukraina. I 2002 vart desse avløyste av Bulgaria, Guinea, Kamerun, Mexico og Syria.

Dei valde medlemmene må gå rett inn i arbeidet til Tryggingsrådet utan den styrken som ligg i samanhengande erfaring frå verksemda i Rådet. For å møte denne utfordringa vart viktige einingar i Utanriksdepartementet styrkte. Bemanninga ved FN-delegasjonen og ved einskilde ambassadar vart forsterka ved omdisponeringar og tilleggsløyvingar frå Stortinget. Ambassaden i Bagdad vart opna att for Noregs toårsperiode i Tryggingsrådet. Dette hadde direkte samanheng med at Noreg fekk ansvar for å leie Tryggingsrådets sanksjonskomité for Irak og skadebotkommisjonen for Irak (UNCC) i Genève. Både arbeidsmengda og dei mange vanskelege sakene som prega dagsordenen til Tryggingsrådet, gjorde medlemskapen til ei svært krevjande oppgåve for norsk utanriksteneste.

Frå slutten på den kalde krigen har verksemda til Tryggingsrådet auka mykje. Saksmengda og møteverksemda i Tryggingsrådet er i dag svært omfattande. Terroråtaket på USA 11. september 2001 medførte omfattande nye oppgåver for Tryggingsrådet.

Som illustrasjon på saksmengda kan det nemnast at Noreg i toårsperioden tok ordet ca. 1100 gonger i formelle møte i sjølve Tryggingsrådet. I tillegg kjem tallause innspel i uformelle møte i dei ulike underkomiteane til Rådet og skriftlege framlegg i saker der Noreg tok eit særleg ansvar.

For Noreg var det difor viktig å medverke til ei effektiv arbeidsform i Tryggingsrådet. Frå norsk side la ein stor vekt på å vere velinformert og oppdatert om aktuelle spørsmål. I debattar avgrensa Noreg innlegga sine til markering av viktige nasjonale synspunkt og til tilhøve som kunne bringe debatten og sakene framover. Denne arbeidsforma gjorde sitt til å gje Noreg gjennomslagskraft i viktige saker.

Noreg hausta òg lovord for effektiv leiing av sanksjonskomiteen for Irak og for leiinga av heile Tryggingsrådet sitt arbeid under presidentskapsmånaden vår i mars 2002.

Dei faste og valde medlemmene i Tryggingsrådet er presidentskap ein månad om gongen etter tur. Presidentskapet leier og organiserer arbeidet i Tryggingsrådet i nær kontakt med FN-sekretariatet og uttalar seg på vegner av Tryggingsrådet. Presidentskapet gjev eit visst høve til større innverknad. Dette gjeld særleg måten sakene vert handsama på, som i sin tur kan påverke sluttresultatet. Den store innsatsen Noreg la ned i presidentvervet, medverka til framdrift i ei rekkje saker. Dette gjaldt ikkje minst dei to viktige Midtausten-resolusjonane som vart vedtekne i presidentskapsperioden vår.

Det var òg eit uttrykk for den tilliten Noreg opparbeidde hjå dei andre medlemmene i Tryggingsrådet at vi vart tiltrudd formannskapen i Rådet si arbeidsgruppe for fredstryggjande operasjonar og leiaransvaret i to av dei fem sendelaga som Tryggingsrådet sende til konfliktområde i toårsperioden.