St.meld. nr. 22 (2002-2003)

Om Noregs deltaking i Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane (FN) 2001-2002

Til innhaldsliste

3 Saker om land og regionar

3.1 Irak

Situasjonen i Irak har vore ei av dei vanskelegaste sakene på dagsordenen til Tryggingsrådet sidan 1990. Etter frigjeringa av Kuwait har FN kort sagt kravd at Iraks masseøydeleggingsvåpen må avskaffast for at freden og tryggleiken i området kan opprettast på nytt. For å nå dette målet har Irak i over 11 år vore underlagt sanksjonar, som skal hindre at landet utviklar nye masseøydeleggingsvåpen, og krav om inspeksjonar for å verifisere at landet avskaffar slike våpen og våpenprogram.

Noreg har vore grunnleggjande oppteke av to ting i samband med Tryggingsrådet si handsaming av Irak-spørsmålet:

For det fyrste har det vore svært viktig at det ikkje vert rokka ved prinsippet om at saker som er viktige for internasjonal fred og tryggleik, skal handsamast av Tryggingsrådet i FN, og at vedtak må vere heimla i FN-pakta og folkeretten.

For det andre har det vore ei overordna målsetjing å medverke til å halde Tryggingsrådet samla i handsaminga av Irak-spørsmålet og at avvæpninga av Irak vart oppnådd utan bruk av militærmakt.

Noreg leidde Tryggingsrådets Sanksjonskomité for Irak i heile medlemsperioden 2001-2002. Sanksjonskomiteen er samansett av alle medlemmene i Tryggingsrådet og har som oppgåve å forvalte det sanksjonsregimet som Tryggingsrådet har vedteke. Irak kan selje uavgrensa mengder av olje, men inntektene frå dette oljesalet skal gå inn på ein FN-kontrollert konto. Midlane vert i hovudsak bruka til å betre den humanitære situasjonen i landet, og programmet vert difor kalla Olje-for-mat-programmet. Tryggingsrådet har vedteke at 59 % av oljeinntektene skal gå til humanitære leveransar i Midt- og Sør-Irak, 13 % til humanitære leveransar i Nord-Irak, 25 % til krigsskadebot (UNCC), 0,8 % til våpeninspeksjon (UNMOVIC) og 2,2 % til administrasjon av programmet.

Olje-for-mat-programmet vert drive på grunnlag av såkalla distribusjonsplanar (budsjett) sette opp av irakiske styresmakter og godkjende av FN. FN står for distribusjon av varene og drift av programmet i Nord-Irak, medan irakiske styresmakter har ansvaret i Midt- og Sør-Irak.

Formannskapen i sanksjonskomiteen for Irak kravde monaleg innsats og ressursar. Grunnlaget for å kunne arbeide aktivt med reform av Irak-sanksjonane vart lagt mellom anna ved å setje store ressursar inn i arbeidet i sanksjonskomiteen. Norske styresmakter har gjort eit omfattande analysearbeid i tilknyting til handsaminga av dei einskilde sakene som har vorte lagt fram for komiteen. I denne samanhengen vart det mobilisert fagleg hjelp for å vurdere militær fare ved ulike varetypar og humanitære følgjer av visse andre varer.

Dåverande utanriksminister Torbjørn Jagland tok tidleg i 2001 kontakt med den nye amerikanske administrasjonen ved utanriksminister Colin Powell med sikte på å forsere arbeidet med sanksjonspolitikken. Etter regjeringsskiftet seinare same år følgde utanriksminister Jan Petersen opp dette engasjementet.

Noreg fekk brei oppslutning om framlegg til reform av sanksjonane, som vart vedtekne og iverksette i resolusjon 1382 og 1409. Reforma sikta mot å betre tilgangen på humanitære varer samtidig som kontrollen med varer som kan ha militær nytteverdi, vart fokusert og skjerpa.

Omlegginga av sanksjonane førte til betre vareflyt og betre oversyn for eksportørar og importørar. Kontrollfunksjonen er i større grad lagt til sakkunnige i FN-sekretariatet i staden for til dei einskilde medlemslanda i Tryggingsrådet.

UNMOVIC - FNs overvakings-, verifikasjons- og inspeksjonskommisjon - vart oppretta med resolusjon 1284 i 1999, etter at dei førre våpeninspektørane i Irak (UNSCOM) vart trekte ut i desember 1998 då Irak nekta å samarbeide med dei.

Resolusjon 1284 vart vedteken med fire avståingar, mellom andre avstod Frankrike, Russland og Kina, etter svært lange og vanskelege forhandlingar. Resultatet av røystinga var eit uttrykk for den kløyvinga som etter kvart fanst blant dei faste medlemmene i spørsmål knytte til Irak, og denne kløyvinga vart til fulle utnytta av Irak i åra som følgde.

UNMOVIC er direkte underlagd Tryggingsrådet og rapporterer kvartalsvis. Fram til mars 2002 var det ikkje noko teikn til at Irak hadde tenkt å samarbeide med UNMOVIC. På bakgrunn av auka press i Tryggingsrådet hadde FNs generalsekretær fleire samtalar med irakiske styresmakter våren og sommaren 2002, og dette førte til at Irak i august bad om faglege samtalar om vilkåra for våpeninspeksjon. Leiaren for UNMOVIC gjennomførte slike faglege samtalar i september, og det vart snart klart at Tryggingsrådet var samstemt i ynsket om ein ny resolusjon, som ville stadfeste og forsterke FNs årelange og bindande krav overfor Irak.

Tryggingsrådet vedtok samrøystes resolusjon 1441 den 8. november 2002. I denne resolusjonen vert Tryggingsrådets krav til Irak presiserte, og det vert gjort klart at brot på resolusjonen vil kunne få alvorlege følgjer for landet. Våpeninspeksjonane kom i gang att i slutten av november, med fyrste rapport frå inspeksjonane til Tryggingsrådet 27. januar 2003.

Iraks vilje til å sleppe inspektørane inn i landet skriv seg utvilsamt frå det aukande politiske og ikkje minst militære presset på regimet, og erkjenninga av skiftet i amerikansk utanrikspolitikk etter terroråtaka 11. september.

Sentralt i forhandlingsprosessen som leidde fram til vedtakinga av resolusjon 1441 stod spørsmålet om eventuell bruk av væpna makt dersom Irak ikkje oppfylte pliktene sine, og om det alt fanst ein folkerettsleg heimel i tidlegare vedtekne resolusjonar, eller om Tryggingsrådet eksplisitt måtte gje ny autorisasjon. Ei gruppe land gjorde seg til talsmenn for ein totrinnsprosess, der Tryggingsrådet måtte møtast og eventuelt autorisere maktbruk ved å vedta ein ny resolusjon dersom Irak ikkje viste tilstrekkeleg samarbeidsvilje. Eit anna hovudsynspunkt var at den folkerettslege heimelen for maktbruk alt låg nedfelt i resolusjonar som var vedtekne tidleg på 1990-talet. Dei landa som stod for dette synet, kravde rett til å gå til væpna aksjonar utan ein eventuell ny resolusjon. Delar av det kompromisset ein til slutt lukkast med å kome fram til, innebar at det i resolusjon 1441 vart fastsett ein framgangsmåte der Tryggingsrådet skulle møtast på nytt for å «vurdere situasjonen og trongen for full etterleving av alle relevante tryggingsrådsresolusjonar for å sikre internasjonal fred og tryggleik» dersom UNMOVIC meldte om problem. Denne konstruerte tvitydnaden innebar at kvart einskild medlem av Tryggingsrådet vurderte forhandlingsresultatet som tilfredsstillande. Dette gjaldt Noreg òg, som under forhandlingsprosessen hadde hevda som grunnleggjande at saka - som var viktig for internasjonal fred og tryggleik - skulle handsamast av Tryggingsrådet i FN, og at alle vedtak og handlingar måtte vere rotfesta i FN-pakta og gjeldande folkerett.

Irak-saka er ei av dei vanskelegaste sakene Tryggingsrådet har hatt. Irak er pålagt å avskaffe masseøydeleggingsvåpen. Våpeninspektørane skal verifisere at dette skjer, anten ved at Irak presenterer fullstendig dokumentasjon på at landet ikkje har slike våpen, eller ved at Irak leverer det dei måtte ha av våpen og relatert materiale til destruksjon under FN-oppsyn. Tryggingsrådet har pålagt Irak å samarbeide, og det er opp til Rådet å gjere ei vurdering av om dette samarbeidet fungerer tilfredsstillande.

FNs skadebotkommisjon (UNCC) vart oppretta av Tryggingsrådet i 1991. Han handsamar skadebotkrav og utbetalar skadebøter for tap og skadar i samband med Iraks ulovlege invasjon og okkupasjon av Kuwait. Skadebøter kan utbetalast til einskildpersonar, selskap, statar og internasjonale organisasjonar.

Kommisjonen, som er etablert i Genève, er samansett av eit styre, ei rekkje ekspertpanel og eit sekretariat. Styret er samansett av medlemmene i Tryggingsrådet. Det er ein tradisjon at same land har formannskapen i Tryggingsrådets sanksjonskomité for Irak og i UNCC. Noreg hadde såleis òg formannskapen i UNCC-styret i 2001-2002.

3.2 Afrika

Utfordringane for Afrika har vore ei av Noregs tre hovudprioriteringar for arbeidet i Tryggingsrådet i FN. Dette heng saman med at nesten to tredjedelar av sakene på dagsordenen til Tryggingsrådet dreier seg om Afrika. Mange afrikanske konfliktar er ikkje primært konfliktar mellom statar, men interne borgarkrigsliknande konfliktar. Aktørane i desse konfliktane er òg svært uoversiktlege, med klare innslag av private partar som ofte har økonomiske motiv for å delta.

I Tryggingsrådet engasjerte Noreg seg særleg i konfliktane på Afrikas horn. Dette engasjementet vil verte vidareført med utgangspunkt i dei erfaringane vi hausta, og den posisjonen vi opparbeidde oss i medlemskapsperioden. Det er viktig å halde fram med freistnadene på å styrkje FN si evne til å hjelpe land som gjennomlever den smertefulle og langvarige overgangen frå krig til fred. Dette krev samtidig vilje til langsiktig og bindande engasjement blant gjevarlanda. Konfliktane på Afrikas horn er komplekse og enno langt frå løyste. Eit framleis sterkt engasjement for fred, forsoning og regional stabilitet samt hjelp til grunnleggjande demokrati- og rettsstatsprinsipp vil vere naudsynt også i tida framover. Landa på Afrikas horn - Etiopia, Eritrea, Somalia og Sudan - vil trenge svært mykje overgangshjelp og langsiktig hjelp.

3.3 Etiopia og Eritrea

Då Noreg gjekk inn i Tryggingsrådet, stod konflikten mellom Etiopia og Eritrea sentralt på dagsordenen. Etter to års krig inngjekk dei to landa våpenkvile i juni 2000, og det vart oppretta ein fredstryggjande FN-styrke, United Nations Mission in Ethiopia and Eritrea (UNMEE). På bakgrunn av at partane hausten 2000 inngjekk ein fredsavtale (Algeravtala), fremja USA eit framlegg om oppheving av våpenembargoen som Tryggingsrådet tidlegare hadde innført på grunn av krigen. Saman med andre nye medlemmer av Tryggingsrådet gjekk ein frå norsk side inn for å setje gjennomføring av fredsavtala i fokus utan å framskunde ei oppheving av våpenembargoen. Etter ei lengre tautrekking samla medlemmene i Tryggingsrådet seg i februar 2001 om eit norsk framlegg til presidentfråsegn. Dette la grunnlaget for ei aktiv rolle frå Tryggingsrådet si side i oppfølginga av fredsavtala, samtidig som våpenembargoen vart oppretthalden til han gjekk ut i tråd med vedtekne føresegner. Slik unngjekk Tryggingsrådet å gje partane eit signal som kunne tolkast som passiv støtte til ny opprusting i regionen. USA hadde på dette tidspunktet hovudansvar for Tryggingsrådets arbeid med Etiopia og Eritrea. Dette ansvaret vart overteke av Noreg våren 2001.

Frå norsk side fremja ein i august 2001 eit framlegg om eit sendelag frå Tryggingsrådet til regionen for å stø opp under fredsprosessen. Det var avgjerande for ei fredeleg løysing at partane ville akseptere den komande orskurden frå grensekommisjonen som var oppnemnd i samsvar med fredsavtala. Framlegget om eit sendelag fekk tilslutning av medlemmene i Tryggingsrådet ved resolusjon 1369 og eit meir detaljert etterfølgjande vedtak i januar 2002. Under leiing av Noregs ambassadør, Ole Peter Kolby, møtte eit fulltalig tryggingsråd dei to statsleiarane i Addis Abeba og Asmara i februar 2002. Begge partane forsikra Tryggingsrådet om at orskurden ville verte godteken. Utanriksminister Jan Petersen gjesta Etiopia og Eritrea i same månad for å stø opp under arbeidet til Tryggingsrådet og med tanke på at Noreg skulle overta presidentskapet i Tryggingsrådet månaden etter.

Då orskurden vart offentleggjord i Haag 13. april 2002, vart han omgåande godteken av begge partane. Frå norsk side medverka ein til å halde Rådet merksame på fredsprosessen gjennom resolusjonane 1430 og 1434, som vidareførte og justerte mandatet til FN-styrken. Resolusjonane gav òg støtte til den vidare gjennomføringa av fredsavtala og arbeidet til grensekommisjonen.

Då Noreg gjekk ut av Tryggingsrådet, var grunnlaget lagt for den praktiske gjennomføringa av orskurden til Grensekommisjonen. Arbeidet er planlagt å vere ferdig i 2003. Frå norsk side vil ein halde fram med å stø opp under fredsprosessen utover medlemskapen i Tryggingsrådet, mellom anna ved økonomiske bidrag og kontinuerleg dialog med partane.

Konkret vil Noreg søkje

  • å gje støtte til eit breitt spekter av tillitsskapande tiltak og forsoningsprosessar samt vidareføre den humanitære støtta,

  • å engasjere begge land i vidare bilateral politisk dialog,

  • å vidareutvikle det utviklingspolitiske samarbeidet med vidare fokus på at samarbeidet skal medverke til fred, forsoning og regional stabilitet samt demokrati, menneskerettar og godt styresett, og

  • å vidareføre engasjementet vårt i IGAD Partners Forum (Intergovernmental Authority on Development).

3.4 Somalia

Etter samanbrotet for FNs fredstryggjande operasjon (UNOSOM II) i 1995 hadde store delar av det internasjonale samfunnet gjeve opp Somalia. Landet har vore utan sentral styring sidan 1991. Grannelandet Djibouti tok initiativ til ein fredskonferanse for Somalia i 2000. Denne førte til at det vart oppretta ei overgangsregjering. Men denne regjeringa har i liten grad klart å vinne støtte hjå dei ulike grupperingane i Somalia.

Noreg fekk ved byrjinga av perioden vår i Tryggingsrådet førespurnad om å ta ein særleg leiarskap i arbeidet med Somalia. Noregs overordna mål for arbeidet var å skape eit sterkare engasjement i Tryggingsrådet for ein konflikt som Rådet gjennom mange år hadde late vere å realitetshandsame. Vi fremja fleire konkrete framlegg retta mot å etablere mekanismar til støtte for dei kreftene som ynskjer fred i landet. Framlegga vart fyrst møtte med ein viss skepsis i Rådet, ikkje minst frå amerikansk side. Ein fekk likevel tilslutning til mellom anna styrking av våpenembargoen og til sterkare fokus på fredsbyggjande arbeid i Somalia.

Noreg tok òg til orde for at FN skulle førebu ein fredsbyggjande operasjon i Somalia. Dette framlegget vann tilslutning. Men på grunn av den vanskelege tryggleikssituasjonen har det førebels ikkje vore mogeleg å opprette ein slik operasjon. Det er likevel sett i gang eit førebuande arbeid under eit særskilt FN-fond, som Noreg tok initiativet til.

Etter 11. september 2001 kom Somalia i fokus som mogeleg ny «gøymestad» for terroristar. Noreg utarbeidde i oktober 2001 ei presidentfråsegn med vekt på tiltak for å forsere fredsprosessen og førebyggje internasjonal terrorisme.

Under presidentskapsperioden vår i mars 2002 utarbeidde Noreg ei omfattande presidentfråsegn, som staka ut kursen for FN sitt vidare arbeid med Somalia, og denne fekk brei merksemd i internasjonal presse. Ved resolusjonane 1407 og 1425 etablerte Rådet eit system for innhenting av informasjon om brot på embargoen og effektivisering av denne. Eit uavhengig ekspertpanel la fram ein rapport om dette for Tryggingsrådet i mars 2003. Ekspertpanelet har norsk leiar.

I det vidare arbeidet med Somalia-konflikten vil Noreg søkje

  • å følgje den IGAD-leidde fredsprosessen på nært hald og å stø fredsfreistnadene til IGAD,

  • å vidareføre arbeidet i venegruppa for Somalia i New York som Noreg leiar,

  • å vidareføre norsk støtte til innsatsen som FN-organisasjonane og internasjonale frivillige organisasjonar gjer for forsoning,

  • å halde oppe nivået på det norske humanitære engasjementet i Somalia, og

  • å følgje opp rapporten frå ekspertpanelet om dei ulike partane si innblanding i Somalia og gje støtte til tilrådingane og framlegg til tiltak frå panelet.

3.5 Angola

Våpenkvileavtala av 4. april 2002 mellom Angolas regjering og opprørsrørsla UNITA sette ein stoppar for 27 års borgarkrig. Så langt har partane oppfylt pliktene sine etter avtalen, og den nye positive utviklinga i Angola gjev håp om varig fred. FN har opp gjennom åra spela ei aktiv rolle i freistnadene på å kome fram til ei fredeleg løysing på konflikten i Angola og på å lindre dei store humanitære lidingane som borgarkrigen har medført for folket.

Våpenkvileavtala frå april gav retningslinjer for demobilisering og reintegrering av dei militære styrkane. Den vidare fredsprosessen byggjer på fredsavtala frå 1994 (Lusakaprotokollen). For å kunne vareta dei oppgåvene som etter Lusakaprotokollen er tillagde FN, vedtok Tryggingsrådet 15. august 2002 eit nytt og utvida mandat for FNs engasjement i Angola (resolusjon 1433 (2002)) for 6 månader. Det nye mandatet innebar oppretting av United Nations Mission in Angola (UNMA) og oppnemning av ein spesialrepresentant for Angola. UNMA skal hjelpe partane med gjennomføringa av Lusakaprotokollen og medverke på ei rekkje område i samband med fredsbygginga (m.a. menneskerettar, institusjonsbygging, valførebuing og samordning av hjelp frå gjevarland).

Noreg har understreka verdien av at FN har ei sentral og balansert rolle i fredsprosessen, og har støtta opp om opprettinga av UNMA og ei stilling som spesialrepresentant for Angola. Etter framlegg frå Noreg stilte Tryggingsrådet seg bak Generalsekretærens framlegg om å utstyre UNMA med ein spesialrådgjevar for born. Med sikte på å styrkje fredsprosessen har Noreg ved fleire høve medverka til å gje tryggingsrådsvedtaka eit sterkare fokus på den alvorlege humanitære situasjonen i landet. I tillegg til å stø appellar for internasjonal hjelp har det her vore mint om at den angolanske regjeringa har hovudansvaret for sitt eige folk.

For å tvinge UNITA attende til fredsforhandlingar innførte FN på 1990-talet eit omfattande sanksjonsregime mot UNITA. Sanksjonane medverka sterkt til å svekkje den politiske, militære og økonomiske stillinga til UNITA og må såleis sjåast på som vellukka. I takt med den positive utviklinga i fredsprosessen lempa Tryggingsrådet gradvis på sanksjonane utover hausten 2002 og vedtok i desember ei fullstendig oppheving av sanksjonsregimet. I tråd med den allmenne norske haldninga til bruk av sanksjonar var Noreg mellom dei medlemmene i Tryggingsrådet som aktivt stødde nedbygginga av sanksjonar i takt med utviklinga i landet - grunna på trongen for å lønne positiv innsats. UNITA-sanksjonane var elles det fyrste av sanksjonsregima til FN som vart evaluert av eit uavhengig ekspertpanel.

3.6 Sierra Leone og Liberia

I Noregs tryggingsrådsperiode har Sierra Leone gått frå å vere eit knust, krigsherja land til eit meir stabilt, potensielt gryande demokrati. Den ti år lange borgarkrigen enda i januar 2002 då opprørsgruppa, Den revolusjonære einskapsfronten (RUF), etter sterkt internasjonalt press, gav opp kampen mot regjeringa. Sierra Leone er så langt eit døme på eit svært vellukka engasjement frå Rådet og FN si side og eit døme på at det internasjonale samfunnet må bruke eit breitt spekter av verkemiddel når det gjeld svært komplekse konfliktar og problem. Situasjonen i Sierra Leone er òg eit døme på ein konflikt som krev ei regional tilnærming. Problema i Sierra Leone heng nøye saman med uro og motsetningar også i grannelanda Liberia og Guinea (Guinea har sete som valt medlem av Rådet sidan januar 2002). Rådet sin innsats i Sierra Leone har hatt tre viktige element: ein fredstryggjande operasjon, straffeforfølging og sanksjonar.

Den fredstryggjande operasjonen i Sierra Leone (UNAMSIL) med på det meste ca. 17 000 menn og kvinner er den desidert største FN-operasjonen no. RUF kontrollerte på eit tidspunkt nesten heile landet med unntak av hovudstaden Freetown. Ved stadig oppbygging av styrken og forsiktig, men solid utplassering lukkast likevel UNAMSIL etter kvart med å ta kontrollen attende. I tillegg til reine tryggingsoppgåver har UNAMSIL også utført andre viktige oppgåver, mellom anna når det gjeld intern- og eksternflyktningar og gjennomføringa av val i mai 2002. Ei viktig oppgåve for UNAMSIL har vore avvæpning, demobilisering og reintegrering av tidlegare opprørssoldatar. Særleg reintegreringselementet er i stor grad eit utviklingsspørsmål, og det har vore naudsynt med nær samordning med andre delar av FN-systemet, til dømes Verdsbanken, UNICEF og UNDP. Med utgangspunkt i ynsket vårt om å synleggjere underliggjande årsaker til konflikt la Noreg særleg vekt på denne breiare tilnærminga gjennom aktiv innsats i Rådet og gjennom økonomiske tilskot til reintegreringsprogrammet. Noreg har òg løyvd monalege summar i humanitær hjelp til Sierra Leone. Støtta har vore kanalisert gjennom multilaterale organ og norske frivillige organisasjonar, særleg Flyktningerådet. Noreg har avstått personell til UNAMSILs sivile politistyrke.

Hausten 2002 var spørsmålet om styrkereduksjon den sentrale problemstillinga i tilknyting til UNAMSIL. Noreg argumenterte for at UNAMSIL måtte minskast gradvis og i takt med at regjeringa i Sierra Leone sjølv vert i stand til å overta tryggingsansvaret. Etter påstandar om at FN-personell hadde utnytta kvinner og born seksuelt, fekk Noreg i dei to siste UNAMSIL-resolusjonane gjennomslag for eigne paragrafar som fordømmer dette, og som gjer det klart at slikt seksuell misbruk skal straffeforfølgjast.

Mange grufulle gjerningar og krigsbrotsverk i Sierra Leone førte til at Tryggingsrådet i august 2000 vedtok å opprette ein spesialdomstol for Sierra Leone. Mellom anna fordi Rådet valde å finansiere domstolen med frivillige tilskot, vart opprettingsfasen lang og komplisert. Fyrst sommaren 2002 kunne etterforskingsarbeidet ta til. Som eit allment verkemiddel for å førebyggje grufulle gjerningar i framtida er det viktig at ansvarlege for krigsbrotsverk ikkje får gå fri. Noreg har difor i heile medlemsperioden sin arbeidd aktivt for å få domstolen på plass og har òg ytt frivillige tilskot på til saman USD 1 million.

RUFs krigføring var i stor grad finansiert med handel med diamantar frå område nordaust i Sierra Leone i grenseområda mot Liberia. Rådet vedtok difor i 2000 eit forbod mot eksport av usertifiserte diamantar frå Sierra Leone. Men det viste seg fort at RUF likevel relativt uforstyrra kunne halde fram med diamanthandelen gjennom Liberia. Dette, saman med erkjenninga av at Liberia gav vedvarande støtte til opprørsrørsler, særleg RUF i Sierra Leone, trua freden og tryggleiken i regionen på ein slik måte at det rettferdiggjorde sanksjonar etter FN-pakta kapittel VII. I resolusjon 1343 (2001) av 7. mars 2001 vedtok Tryggingsrådet difor forbod mot handel med våpen og diamantar med Liberia samt reiserestriksjonar for president Charles Taylor og rundt 130 sentrale tenestemenn og politikarar i Liberia. Sanksjonane vart fornya for 12 månader i mai 2002 ved resolusjon 1408 (2002). Føremålet med sanksjonane var å gjere det vanskelegare for Liberia å stø opprørsrørsler i granneland, særleg RUF i Sierra Leone, og å hindre at diamantar frå Sierra Leone vart smugla ut gjennom Liberia. Sanksjonane har i stor grad verka etter føremålet. Det har vorte vanskelegare for Liberia å importere våpen, og det vert ikkje lenger smugla diamantar gjennom landet til inntekt for opprørsrørsler i regionen. Sanksjonane er eitt av dei elementa som har medverka til å stabilisere situasjonen i regionen. RUF er i stor grad avvæpna, og freden i Sierra Leone er i ferd med å verte konsolidert.

I heile Noregs tryggingsrådsperiode har også Liberia vore ramma av borgarkrig, og den humanitære situasjonen i landet er svært alvorleg. Det har difor vore viktig for Noreg at sanksjonane har vore utforma på ein måte som har hindra negative humanitære følgjer. Noreg stødde i november 2002 eit framlegg om å utvide mandatet for FN-kontoret i Liberia, med vekt på menneskerettar og godt styresett, i ein freistnad på å leggje til rette for ein breiare dialog med Taylor-regjeringa.

3.7 DR Kongo

DR Kongo var ein konflikt som tok svært mykje tid under Noregs periode i Tryggingsrådet. Heilt sidan sjølvstendet i 1960 har DR Kongo vore prega av valdelege konfliktar og eit svært dårleg fungerande statsapparat, som ikkje har evna å få kontroll over det enorme territoriet. I tillegg til dei interne kongolesiske konfliktane har ei rekkje av DR Kongos granneland vore involverte, anten militært eller diplomatisk eller begge delar.

Det har vore gjort ei rekkje freistnader på å få slutt på konfliktane i DR Kongo, og i 1999 underskreiv nesten alle partar ei fredsavtale (Lusakaavtala). Men enno er denne berre delvis gjennomførd, og ein står overfor særleg tre hovudutfordringar: avvæpning av alle væpna grupperingar, tilbaketrekking av alle utanlandske styrkar og gjennomføring av den interkongolesiske dialogen om den politiske framtida til landet.

I Tryggingsrådet vart det i 1999 slege fast ved resolusjon 1234 at konflikten i DR Kongo utgjorde ein trussel mot fred og tryggleik i regionen. Resolusjon 1279 (1999) oppretta FN-operasjonen i DR Kongo (MONUC), og mandatet har seinare vorte forlengd ved ei rekkje høve. Noreg stødde framlegget om ei styrking av MONUC, som vart fremja av generalsekretær Annan i den siste rapporten hans (september 2002), og la særleg vekt på verdien av å få til ei vellukka gjennomføring av såkalla DDRRR-tiltak (avvæpning, demobilisering, repatriering, gjenbusetjing og reintegrering). Det har vore og er framleis eit problem å finne nok troppebidragsytarar til MONUC. Noreg avstår fem observatørar til MONUC. I mai 2001 gjennomførte Tryggingsrådet ei tidagars rundreise i DR Kongo for å få eit fyrstehandsinntrykk av den samansette og vanskelege konflikten.

I tillegg har det vore stadige samråd og møte i Tryggingsrådet på grunnlag av arbeidet til ekspertpanelet som vart oppnemnt i juni 2000 (PRST/2000/20) for å undersøkje påstandane om omfattande utbytting av naturressursar i DR Kongo. Panelet har sidan lagt fram fleire rapportar og fått forlengd mandatet sitt. Det er slege fast at det er ein samanheng mellom ulovleg ressursutbytting og forlenging av konflikten, og ei rekkje einskildpersonar, selskap og land vert skulda for å vere direkte involvert. Noreg har aktivt støtt arbeidet til panelet og har understreka at konklusjonane og tilrådingane i den siste rapporten (oktober 2002) må følgjast opp.

I perioden i Tryggingsrådet har Noreg vore oppteke av dei regionale aspekta ved konflikten. Konfliktane i Rwanda og Burundi heng nært saman med konflikten i DR Kongo. Oppmodingar til alle utanlandske styrkar om å trekkje seg ut har kome ofte, og på dette området har det vore ei positiv utvikling i andre halvdel av 2002. Noreg har lagt vekt på dei humanitære følgjene av konflikten, og har særleg uttrykt uro over den humanitære situasjonen i den austlege delen av DR Kongo.

3.8 Burundi

Burundi har stått på dagsordenen til Tryggingsrådet gjennom heile medlemsperioden til Noreg. Stillstanden i Arusha-forhandlingane vart broten i juli 2001 ved at Nelson Mandela fekk aksept frå partane for fredsplanen sin. I november 2001 vart det innsett ei overgangsregjering i Burundi, med Pierre Buyoya (tutsi) som president. Etter avtala skal det vere skifte av president etter 18 månader, då ein representant for hutumajoriteten skal ta over embetet for resten av den 36 månader lange overgangsperioden. Men dei to opprørsrørslene Forces pour la défense de la démocratie (FDD) og Forces nationales pour la libération (FNL) var ikkje partar i Arushaavtala, og den største fraksjonen i FNL har enno ikkje gått med på våpenkvile. Det går framleis føre seg våpenkvileforhandlingar. Tryggingsrådet har i fleire presidentfråsegner oppmoda partane til å samle seg ved forhandlingsbordet og kome fram til ei avtale der alle er med. Både Sør-Afrika, Tanzania og andre land i regionen involverer seg aktivt i arbeidet med å finne ei fredeleg løysing på konflikten i Burundi, og dei regionale leiarane har gått saman om å leggje press på opprørsgruppene for å kome fram til ei avtale. Den humanitære og tryggingsmessige situasjonen i landet, medrekna jamlege kamphandlingar mellom opprørsgrupper og regjeringsstyrkar rundt hovudstaden Bujumbura, har ført til at ca. 820 000 menneske har flykta frå landet. I tillegg er det i underkant av 390 000 internflyktningar i Burundi. Tryggingsrådet har fordømt valdsbruken. Noreg har gjeve økonomisk støtte til Arusha-forhandlingene og til den sørafrikanske tryggingsstyrken i Burundi.

3.9 Vest-Sahara

Vest-Sahara har vore eit tema i FN og i Tryggingsrådet i mange år. Etter at Marokko og POLISARIO i 1988 inngjekk ei de facto våpenkvile, vedtok Tryggingsrådet i FN i 1990 ein plan for å løyse konflikten (engelsk: Settlement Plan ), som inneber at framtida til territoriet skal avgjerast ved ei folkerøysting. I 1991 vart observatørkorpset MINURSO oppretta for å gjennomføre folkerøystinga og overvake våpenkvila. Mandatet har sidan vorte forlengd, sist i juli 2002, då resolusjon 1429 vart samrøystes vedteken den 30. juli. Noreg har støtt arbeidet til MINURSO, mellom anna ved å avstå personell til den sivile politistyrken.

Vest-Sahara-saka var særleg vanskeleg i heile Noregs periode. FNs generalsekretær og den personlege utsendingen hans, den tidlegare amerikanske utanriksministeren Baker, meinte at fredsplanen frå 1991 ikkje lét seg gjennomføre på grunn av fundamentale og vedvarande motsetningar mellom partane. Dei føreslo alternative løysingar, mellom anna ei deling av territoriet mellom POLISARIO og Marokko og mellombels integrering av territoriet i Marokko før ei folkerøysting.

Noreg har i Vest-Sahara-spørsmålet lagt vekt på å stø arbeidet til FN og har framheva at ein må kome fram til ei løysing som alle partane kan godta og etterleve. I presidentskapsperioden vår leidde Noreg samråd mellom partane (POLISARIO, Marokko, Mauritania og Algerie) og medlemmene i Tryggingsrådet som ledd i arbeidet med å drøfte Bakers alternative framlegg. Det var i juli 2002 ei rekkje kontaktar mellom representantar for dei sentrale aktørane og norske styresmakter i samband med arbeidet med resolusjonen. Noreg har lagt vekt på humanitære aspekt som tilbakevending av krigsfangar og sakna personar og har søkt å skilje desse spørsmåla frå den fastlåste politiske situasjonen.

3.10 Midtausten

Midtausten-konflikten har vore ei viktig og tilbakevendande sak på dagsordenen til Tryggingsrådet i heile medlemskapsperioden. Dette skuldast ikkje minst den negative utviklinga i fredsfreistnadene mellom Israel og Den palestinske styresmakta (PA)/Den palestinske frigjeringsrørsla (PLO).

Noreg har hatt som mål med handsaminga av Midtausten-spørsmålet at Tryggingsrådet skal medverke til å finne ei løysing på Midtausten-konflikten. Noreg har difor arbeidd for at Tryggingsrådet skal søkje ei aktiv rolle med konkret handling og avgjerder som kan influere positivt på dei spørsmåla som vert drøfta. Tryggingsrådet kan berre få til dette dersom det står samla, og Noreg har difor i heile medlemskapsperioden arbeidd for å kome fram til konsensus i Rådet si handsaming av Midtausten-konflikten. Ein har også arbeidd for å styrkje FNs generalsekretær si rolle i arbeidet med å handtere og løyse konflikten.

Tryggingsrådet har i medlemskapsperioden til Noreg halde ei rekkje møte om Midtausten-konflikten. FNs generalsekretær har i 2002 gjeve Tryggingsrådet jamlege orienteringar om utviklinga i konflikten og i fredsfreistnadene. Det er gjeve ei rekkje president- og pressefråsegner. Det er vedteke i alt fem resolusjonar om Midtausten-konflikten: 1397, 1402, 1403, 1405 og 1435, og av desse vart dei to fyrste vedteke i Noregs presidentskapsmånad i mars 2002.

Det fyrste i rekkja av mange resolusjonsframlegg om Midtausten under Noregs medlemskapsperiode vart lagt fram til avrøysting 14. desember 2001. Resolusjonsutkastet fordømde m.a. alle terrorhandlingar og uproporsjonal bruk av makt. Resolusjonsutkastet oppmoda vidare til gjennomføring av Mitchell-rapporten og til vidareføring av forhandlingane mellom partane på grunnlag av tidlegare inngådde avtalar og diskusjonar. Men USA la ned veto, og resolusjonen vart ikkje vedteken. Noreg avstod saman med Storbritannia. Bakgrunnen for avståinga var at Noreg meinte at Tryggingsrådet berre ville kunne hjelpe prosessen framover dersom Rådet stod samla, og slik stødde tiltak i regi av internasjonale aktørar.

Opptrappinga av palestinske sjølvmordsaksjonar i Israel og israelske militære aksjonar mot palestinarane i byrjinga av mars 2002 førte til at Tryggingsrådet vedtok resolusjon 1397 (12.03.02). I resolusjonen vert partane bedne om å stanse all vald og gjennomføre Tenets våpenkvileplan og tilrådingane i den såkalla Mitchell-rapporten slik at ein kan ta opp att forhandlingane om ei politisk løysing. Resolusjonen uttrykte òg støtte til freistnadene til Generalsekretæren. I resolusjonen omtalar Tryggingsrådet elles for fyrste gong «visjonen om ein region der to statar, Israel og Palestina, eksisterer side om side innanfor sikre og godtekne grenser».

Etter ein ny sjølvmordsaksjon i Israel 27. mars 2002, der 29 menneske vart drepne og 140 skadde, og med påfølgjande israelsk aksjon mot president Arafats hovudkvarter, vedtok Tryggingsrådet resolusjon 1402 (30.03.02). Resolusjonen kravde omgåande våpenkvile, israelsk tilbaketrekking frå palestinske byar og stans i all vald og terror. Resolusjon 1402 stadfestar resolusjon 1397 sin plass ved sida av dei grunnleggjande tryggingsrådsresolusjonane for Midtausten-konflikten, 242 (1967) og 338 (1973).

Den manglande iverksetjinga av resolusjon 1397 og 1402 førte til at Tryggingsrådet deretter vedtok resolusjon 1403 (04.04.02), der det mellom anna vert kravd at resolusjon 1402 skal setjast i verk omgåande.

På bakgrunn av kampane i flyktningleiren i Jenin i april, med høge tapstal og utestenging av humanitært personell frå flyktningleiren i fleire dagar, vedtok Tryggingsrådet resolusjon 1405 (19.04.02), som understreka trongen for at humanitære organisasjonar raskt får tilgang til det palestinske sivilfolket. Vidare stødde resolusjonen initiativet til FNs generalsekretær om å skaffe nøyaktig opplysning om hendingane i flyktningleiren i Jenin.

Den israelske omringinga av president Arafats hovudkvarter i Ramallah i september 2002, som følgje av ein ny palestinsk terroraksjon, førte til at Tryggingsrådet vedtok resolusjon 1435 (24.09.02). Resolusjonen kravde mellom anna stans i alle valdshandlingar, inkludert terrorhandlingar, at israelske styrkar trekkjer seg ut av Ramallah og andre palestinske byar, og at palestinske leiarar må sørgje for at dei som er ansvarlege for terrorhandlingar, vert stilte for retten. Israelske styrkar flytta kort tid etter at resolusjonen vart vedteken, stillingane sine noko attende, og omringinga av president Arafats hovudkvarter vart avslutta.

Tryggingsrådet si handsaming av Midtausten-konflikten, inkludert vedtaking av resolusjonar, presidentfråsegner og pressefråsegner, har medverka til å leggje press på partane. Utan engasjementet til Rådet er det grunn til å tru at situasjonen kunne ha utvikla seg ytterlegare i negativ retning. Ein har også lukkast med å gje FNs generalsekretær ei styrkt rolle. Samtidig er det ei kjensgjerning at det har vore store problem med iverksetjinga av dei vedtekne resolusjonane. Det kviler i denne samanhengen eit stort ansvar på partane, Israel og Den palestinske styresmakta, medan det internasjonale samfunnet må halde fram med arbeidet sitt for å få sett i verk resolusjonane heilt og fullt.

Gjennom medlemskapen i Tryggingsrådet hadde Noreg monaleg innverknad på handsaminga av Midtausten-konflikten i Rådet. Noreg opparbeidde seg stor tillit både i høve til andre medlemmer og i høve til partane. Noreg utnytta denne stillinga så langt det var råd, til å medverke positivt i handsaminga av konflikten i Tryggingsrådet. Medlemskapen medverka såleis til å styrkje Noregs rolle i fredsfreistnadene i Midtausten. Men like viktig er det at den norske rolla har medverka til å styrkje Noregs omdømme i høve til fredsarbeidet på den internasjonale arenaen. Medlemskapen har særleg medverka til å styrkje Noreg sitt tilhøve til USA og EU, samt arabiske land, og lagt eit godt grunnlag for å vidareføre Noreg si rolle både i høve til fredsfreistnadene i Midtausten og i høve til konfliktløysing i andre land og regionar.

Viktigast i åra framover vil vere gjennomføringa av tryggingsrådsresolusjon 1397, som stadfestar visjonen om ein region der to statar, Israel og Palestina, lever side om side innanfor sikre og godtekne grenser. Så langt har avstanden mellom tostatsvisjonen og den reelle situasjonen auka, og utfordringa for det internasjonale samfunnet er å snu denne utviklinga. For at ei fredeleg tostatsløysing skal kunne realiserast, må den politiske prosessen mellom partane vidareførast utan vilkår. Israel må oppheve avstengingar og portforbod, innstille likvidasjonar, husrivingar og busetjingsaktivitetar og leggje til rette for palestinsk økonomisk vekst. Den palestinske styresmakta må halde fram med djuptgripande reformer. Vidare må palestinsk terror stanse.

Noreg er involvert i ei rekkje internasjonale freistnader på å førebu og gjennomføre ei levedyktig tostatsløysing i Israel-Palestina-konflikten. Regjeringa vil vidareføre det nære samarbeidet, særleg med USA, FN, EU og Russland i den såkalla Kvartetten. Noreg er ansvarleg for samordning av hjelpa til palestinarane som formann for gjevarlandsgruppa AHLC, og er ein stor gjevar av utviklingshjelp og humanitær hjelp. Noreg leier observatørstyrken TIPH i Hebron på Vestbreidda. Noreg medverkar dessutan til reformprosessen innanfor Den palestinske styresmakta, særleg når det gjeld det palestinske sivile samfunnet.

3.11 Afghanistan

Etter at Sovjetunionen etter ti års krigføring trekte seg ut av Afghanistan i 1988/89, var Afghanistan i ein meir eller mindre samanhengande borgarkrigsliknande konflikt fram til Talibanregimet fall i november 2001.

I 1999 vedtok Tryggingsrådet å innføre sanksjonar mot Taliban (resolusjon 1267) fordi regimet stødde internasjonal terrorisme. Sanksjonane vart forsterka i desember 2000 (resolusjon 1333). I tillegg til sanksjonspolitikken under Talibanregimet konsentrerte Tryggingsrådet seg om den humanitære krisa, flyktningsituasjonen og den alvorlege menneskerettssituasjonen, ikkje minst situasjonen for kvinner.

Terroråtaket på USA 11. september 2001 markerte eit skifte i FNs Afghanistan-politikk. Den 12. september vedtok Tryggingsrådet resolusjon 1368, som fordømde terrorhandlingane og viste til retten til sjølvforsvar som er nedfelt i FN-pakta artikkel 51. Dette vart teke opp att i resolusjon 1373 av 28. september 2001, som gav mandat til ein brei innsats mot internasjonal terrorisme. USA og ein brei internasjonal koalisjon sette i gang militære operasjonar mot Al Qaida og Talibans basar i Afghanistan i midten av oktober same året. Dette førte raskt til at Talibanregimet fall. Noreg gav full støtte til arbeidet til FN i kampen mot internasjonal terrorisme.

Etter at Talibanregimet fall, flytta Tryggingsrådet fokus frå sanksjonspolitikk til å stø ein afghanskleidd politisk prosess, slik denne var nedfelt i Bonnavtala av 05.12.01 og stødd av tryggingsrådsresolusjon 1383. Etter mange år med borgarkrig var det venta at tryggleikssituasjonen ville verte vanskeleg. På denne bakgrunnen bad partane i Bonnavtala om eit internasjonalt tryggingsnærvere. Tryggingsrådet vedtok 20. desember 2001 resolusjon 1386, som autoriserer den internasjonale tryggingsstyrken for Afghanistan, ISAF («International Security Assistance Force»), med mandat til å sikre tryggleiken i Kabul-området. Ein tilfredsstillande tryggingssituasjon vert sett på som ein føresetnad for tilbakevending av flyktningar, berekraftig utvikling og ein politisk prosess mot eit representativt og demokratisk styresett i Afghanistan. Frå norsk side har støtte til sikring av tryggleiken vore eit prioritert område.

Ein sentral del av innsatsen i kampen mot terrorisme i Afghanistan er arbeidet med å avhjelpe den humanitære krisa, å stø opp om den FN-leidde fredsprosessen, og å fremje stabilitet, fred og utvikling. Som følgje av dette la Noreg i Tryggingsrådet vekt på at det humanitære hjelpearbeidet og langsiktige atterreisingsaktivitetar måtte vere viktige supplement til fredsprosessen.

FN og Generalsekretærens spesialutsending til Afghanistan, Lakhdar Brahimi, vart gjeve ei sentral rolle for å sikre den politiske prosessen fram mot nasjonale val i 2004. Noreg har gjeve full støtte til UNAMAs (United Nations Assistance Mission in Afghanistan) og Brahimis innsats for å etablere ein politisk prosess som omfattar deltaking av alle relevante politiske aktørar, og har arbeidd for ein hjelpeinnsats som kan medverke konstruktivt til FNs arbeid for å fremje berekraftige politiske løysingar i Afghanistan. UNAMA vart oppretta ved resolusjon 1401 i Noregs presidentmånad i mars 2002.

Gjennom formannskapen vår i gjevarlandssamarbeidet (Afghanistan Support Group, ASG) i 2002 medverka Noreg til å setje den humanitære krisa og trongen for støtte til overgangsregjeringa og til langsiktig atterreising på dagsordenen til Tryggingsrådet. Noreg understreka verdien av afghansk eigarskap til atterreisingsprosessen og påpeika trongen for å integrere rettsperspektivet i dei nasjonale utviklingsplanane.

Erfaringane frå Tryggingsrådet og frå ASG-formannskapen vil danne grunnlaget for den vidare norske innsatsen i Afghanistan. Noreg vil framleis leggje sterk vekt på dei humanitære turftene. Dette er heilt naudsynt for å stø opp om freds- og stabiliseringsprosessen. Noreg vil vidare understreke verdien av å fremje rettane til kvinner og born og stø opp om arbeidet for å sikre etablering av ein afghansk rettsstat.

Heilskapleg arbeid med tryggleik, institusjonsbygging, nasjonal kapasitetsutvikling, humanitær hjelp og meir langsiktige atterreisingsaktivitetar er eit vilkår for at den breiare politiske prosessen skal føre fram til frie og rettferdige nasjonale val medio 2004, som nedfelt i Bonnavtala. Tryggingssituasjonen vil vere prekær i lang tid enno. Ein føresetnad for betring er vedvarande innsats for atterreising og utvikling. Noreg er innstilt på eit langsiktig hjelpeengasjement i Afghanistan. I 2003 gjev Noreg 375 millionar kroner i hjelp til Afghanistan.

Noreg har òg delteke i operasjonen Enduring Freedom i tidsrommet frå oktober 2002 til april 2003 med seks F16-fly stasjonerte i Kirgisistan. Noreg deltek i eit samarbeid med Tyskland, der det i tida framover vil verte tilbode opplæring og utstyr til etablering av ein afghansk politistyrke.

Vidare norsk deltaking i ISAF og Enduring Freedom vil måtte vurderast kontinuerleg og i lys av utviklinga i Afghanistan. Det har vore ei grunnhaldning frå norsk side at berre afghanarane sjølve kan sikre tryggleiken på sikt. Det internasjonale samfunnet bør stø arbeidet med å byggje ei forsvars- og ordensmakt grunna på representativitet og demokratiske prinsipp.

3.12 Aust-Timor

FNs operasjonar på Aust-Timor, UNTAET (United Nations Transitional Administration for East Timor) er eit døme på at FN kan oppnå resultat når medlemslanda viser den naudsynte politiske viljen. Operasjonane har trass i store utfordringar undervegs vore vellukka og vore prega av god leiing, godt samarbeid med styresmaktene og solid støtte frå landa i regionen.

Tryggingsrådet vedtok 25. oktober 1999 resolusjon 1272 om oppretting av og mandat for UNTAET. UNTAET vart gjeve ansvaret for administrasjonen av Aust-Timor, mellom anna å stå for all lovgjevande og utøvande makt. I praksis var Aust-Timor eit FN-protektorat. Elles hadde UNTAET som oppgåve å stø opp under og samordne oppbygginga av eit fungerande statsapparat. Operasjonen var òg utstyrd med ein klart definert «utgangsstrategi», nemleg «sjølvstende». Det sistnemnde tilhøvet var avgjerande for suksessen til FN. Mandatet gjekk ut 31. januar 2001, men vart forlengd fyrst fram til 31. januar 2002, og deretter fram til sjølvstendet 20. mai 2002.

Det norske engasjementet på Aust-Timor starta i 1996 og vart trappa monaleg opp i samband med folkerøystinga og den påfølgjande uroa i 1999. I Tryggingsrådet var Noreg mellom dei fyrste til å stø fastsetjinga av datoen for sjølvstende. Noreg var òg svært tidleg ute med å signalisere ei positiv haldning til FNs spesialrepresentant Sergio de Mello og Generalsekretærens oppmoding om å opprette UNMISET (United Nations Mission of Support in East Timor) for å vidareføre FNs engasjement etter sjølvstendet. UNMISET vart oppretta i mai 2002 (resolusjon 1410) for ein periode på 12 månader . Denne støtta vart sett stor pris på frå austtimorsk side, særleg i lys av den skepsisen mot UNMISET som vart utvist frå einskilde andre land.

3.13 Konfliktane på Balkan

Noreg har gjennom heile perioden sin i Tryggingsrådet vore ein pådrivar for internasjonalt engasjement på Balkan, samtidig som ein har pressa på for å få landa i regionen til å ta stadig større ansvar for si eiga utvikling, både individuelt og gjennom regionalt samarbeid. Noreg har støtt opp om gjennomføringa av politiske og økonomiske reformtiltak og integrasjon i det euro-atlantiske samarbeidet. Ein har samtidig understreka kravet om at landa må innfri dei internasjonale pliktene sine, mellom anna i høve til Jugoslavia-domstolen i Haag. Noreg har i Tryggingsrådet teke til orde for at landa i regionen må gjere sitt beste for sjølv å finne fram til gjensidig akseptable løysingar på uteståande spørsmål.

Kroatia har jamleg vore oppe i Tryggingsrådet gjennom regelmessig handsaming av spørsmålet om Prevlakahalvøya. Dette har vore gjort gjennom lukka samråd og mandatforlengingar av UNMOP (United Nations Mission of Observers in Prevlaka). Noreg har i perioden sin i Tryggingsrådet vore ein pådrivar for å finne ei løysing på uteståande grensespørsmål mellom Kroatia og Jugoslavia, og har særleg lagt vekt på at det trengst gjensidige tillitsskapande tiltak og nasjonalt forankra løysingar. Frå norsk side er ein difor svært glad for at Kroatia og Jugoslavia den 10.12.2002 underskreiv ein bilateral avtale om Prevlaka. UNMOPs mandat på Prevlakahalvøya vart som følgje av dette avvikla i desember 2002.

Situasjonen i Bosnia-Hercegovina har stått på dagsordenen til Tryggingsrådet i heile medlemsperioden til Noreg. Frå norsk side har ein i Tryggingsrådet understreka at det trengst sterkare lokalt eigarskap til gjennomføringa av Daytonavtala, samtidig som ein har markert at det krevst vidare internasjonal støtte i fleire år framover. Noreg har i den samanhengen sterkt støtt opp om UNMIBHs (United Nations Mission in Bosnia-Herzegovina) mandat og gjennomføring av dei sivile sidene av Daytonavtala. Det er lagt særleg vekt på å få på plass Den internasjonal politistyrken (International Police Task Force, IPTF) og å få gjennomført ei reform innanfor politi- og justissektoren. Mandatet til UNMIBH vart avslutta i 2002 og er i dag erstatta av Den europeiske unions politioperasjon ( European Union Police Mission, EUPM). Noreg ynskte EUPM velkomen i Tryggingsrådet og stør i dag arbeidet til EUPM ved å avstå personell og yte økonomisk støtte.

Noreg har gjennom heile perioden i Tryggingsrådet halde innlegg i dei månadlege møta om Kosovo . Særleg har Noreg gjennom engasjementet sitt i Tryggingsrådet teke til orde for verdien av å styrkje lov og orden i Kosovo, samt nedkjempe organisert kriminalitet. Provinsforsamlinga og dei mellombelse sjølvstyrestyresmaktene har fleire gonger vorte oppmoda til å søkje kompromissløysingar på tvers av etniske og politiske skiljeliner for å få framgang i demokratiseringsprosessen. Verdien av å stø opp om lokale strukturar og å leggje vekt på kompetansebygging har vorte framheva. Noreg har konsekvent gjeve sterk støtte til Generalsekretærens spesialrepresentants (SRSG Steiner) vektlegging av at Kosovo arbeider for å oppfylle det settet av samfunnsmessige standardar som må oppnåast før statusspørsmålet kan takast opp.

Det har vore to tryggingsrådssendelag i Kosovo, sommaren 2001 og i desember 2002. Sistnemnde sendelag vart leidd av Noregs FN-ambassadør, Ole Peter Kolby. Verdien av å sjå Kosovo i eit regionalt perspektiv og verdien av ein forbetra dialog mellom Pristina og Beograd har fleire gonger vorte understreka frå norsk side. Noreg har òg vore ein sterk pådrivar når det gjeld trongen for styrking av rettane til minoritetane i Kosovo og retten til tilbakevending for internt fordrivne. Konkret har Noreg ved fleire høve teke opp arbeidet til UNMIKs (United Nations Mission in Kosovo) Housing and Property Directorate (HPD) og verdien av dette, både i høve til utvikling av rettsstatsprinsipp og når det gjeld tilrettelegging for tilbakevending av internt fordrivne.

3.14 Georgia: Abkhasia-konflikten

Etnisk og politisk uro har prega utviklinga i Georgia sidan landet erklærte seg sjølvstendig i 1991. Det tidlegare autonome området Abkhasia i det nordvestlege hjørnet av Georgia har i praksis vore styrt av abkhasiske separatistar etter at den væpna konflikten med Tbilisi enda i 1993. I februar 1994 vart russiske fredsstyrkar med SUS-mandat utplasserte i konfliktområdet i Abkhasia med godkjenning frå både georgiske styresmakter og abkhasiske leiarar. FN-observatørgruppa UNOMIG (United Nations Mission in Georgia) har som mandat å overvake at dei russiske styrkane gjennomfører våpenkvileavtala.

I Tryggingsrådet har Noreg støtt ei politisk løysing på konflikten, med respekt for Georgias suverenitet og territoriale integritet, og gjeve full støtte til UNOMIGs vidare nærvere. Noreg har slutta opp om dei diplomatiske freistnadene på ei løysing, som vert leidde av ein spesialrepresentant for FNs generalsekretær (SRSG Boden). Dette arbeidet har vore konsentrert om å utarbeide eit grunnlagsdokument (Bodendokumentet), som er retningsgjevande for myndfordelinga mellom Tbilisi og Sukhumi. USA, Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Russland, som utgjer Generalsekretærens såkalla «venegruppe» for Georgia, har slutta seg til prinsippa i dokumentet, der ein føreset at Abkhasia skal vere ei eining med stor grad av sjølvstyre innanfor staten Georgia. Utbrytarane krev fullt sjølvstende frå Georgia, og det er lite rørsle å spore i fredsprosessen. Konflikten er enno langt frå å verte løyst.

3.15 Kypros

Ved årsskiftet 1999/2000 lukkast det FNs generalsekretær å kome i gang med tilretteleggjande samtalar (engelsk: proximity talks) med partane i Kypros-konflikten, og i desember 2001 møttes Clerides (den gresk-kypriotiske leiaren) og Denktash (den tyrkisk-kypriotiske leiaren) til direkte samtaler. Sjølv om partane erklærte juni 2002 som måldato for samtalane, klarte ein ikkje å få noko gjennombrot i forhandlingane før denne fristen. Det vart gjort ein intens diplomatisk innsats framfor EU-toppmøtet i København medio desember 2002 utan at det lukkast å få partane til å semjast om ei løysing. Partane uttrykte likevel vilje til å halde fram med forhandlingane i 2003.

Kypros-spørsmålet vart handsama i Tryggingsrådet ei rekkje gonger i løpet av medlemskapsperioden. Generalsekretæren orienterte Tryggingsrådet kontinuerleg om situasjonen på øya, mellom anna om arbeidet til dei fredstryggjande styrkane UNFICYP (United Nations Peacekeeping Force in Cyprus) og om framdrifta i dei FN-leidde samtalane mellom partane. Frå norsk side var det ei målsetjing å medverke til å stø opp om generalsekretær Annans freistnader på å finne ei løysing på konflikten. I samband med at Generalsekretæren la fram ein fredsplan i november 2002, medverka Noreg på oppmoding frå Generalsekretæren til å vinne støtte for denne planen i Tryggingsrådet.