St.meld. nr. 22 (2002-2003)

Om Noregs deltaking i Tryggingsrådet i Dei sameinte nasjonane (FN) 2001-2002

Til innhaldsliste

4 Tematiske spørsmål

I arbeidet med dei underliggjande årsakene til konflikt har Noreg retta søkjelyset mot den breiare samanhengen mellom fred og utvikling. Dei største utfordringane det internasjonale samfunnet står overfor, er grenseoverskridande i sin natur. Terrorisme og internasjonal, organisert kriminalitet, narkotika-, våpen- og menneskesmugling, flyktningar, spreiing av dødelege sjukdomar, fattigdom og global miljøureining er problem som må løysast gjennom internasjonalt samarbeid. Tryggingsrådsmedlemskapen gav eit høve til å setje utanriks- og utviklingspolitikken vår inn i eit meir heilskapleg og samanhengande perspektiv. Fred er ein føresetnad for langsiktig og berekraftig utvikling, inklusive menneskerettar, demokrati, godt styresett og respekt for prinsippet om rettsstaten .

Nokre høgt prioriterte tematiske spørsmål er alt fast forankra i dagsordenen til Tryggingsrådet. Kampen mot internasjonal terrorisme, FNs fredstryggjande verksemd og vern av sivile i krig er døme på tema som jamleg vert drøfta i Tryggingsrådet. Noreg nytta perioden sin i Tryggingsrådet til å styrkje Rådet sitt engasjement i handsaminga av dei tematiske spørsmåla. Noreg gjorde det såleis bortimot til rutine å fokusere på det humanitære og menneskerettsaspekt der dette var naturleg i samband med Rådet si handsaming av regulære saker. Særleg var dette aktuelt ved mandatgjennomgangen og mandatfornyinga for FNs fredstryggjande operasjonar. Dette arbeidet står sentralt i satsinga vår på å styrkje FN si evne til å planleggje og gjennomføre fredsoperasjonar.

4.1 Kampen mot internasjonal terrorisme

Internasjonal terrorisme og spreiing av masseøydeleggingsvåpen utgjer den mest direkte trusselen mot internasjonal fred og tryggleik. Tryggingsrådet i FN handla raskt etter terroråtaket på USA og vedtok alt 12. september 2001 resolusjon 1368, som fordømde terroråtaket og viste til retten til sjølvforsvar, som er nedfelt i FN-pakta artikkel 51. USA og ein brei internasjonal koalisjon sette i gang militære operasjonar mot Al Qaida og Taliban, og dette førte raskt til at Talibanregimet fall.

Etter terroråtaket 11. september har antiterrorisme stått høgt på dagsordenen til Tryggingsrådet. 28. september 2001 vedtok Tryggingsrådet resolusjon 1373 om truslar mot internasjonal fred og tryggleik valda av terrorhandlingar. Vedtaket vart gjort med heimel i FN-pakta kapittel VII, og resolusjonen er bindande for alle medlemsland. Resolusjonen inneheld ei rekkje konkrete tiltak for å nedkjempe internasjonal terrorisme. Tiltaka dreier seg særleg om å hindre finansiering av terrorhandlingar. I medhald av resolusjon 1373 vart det oppretta ein antiterrorismekomité (Counter-Terrorism Committee, CTC) under Tryggingsrådet for å overvake at medlemsstatane gjennomførte resolusjonen. Alle medlemmer i Tryggingsrådet har sete i komiteen. Fristen for å rapportere til komiteen vart sett til 90 dagar etter resolusjonsvedtaket.

Noreg var blant dei fyrste som gjennomførte resolusjon 1373 i nasjonal rett. Alt den 5. oktober 2001 vedtok regjeringa ei provisorisk lovføresegn om tiltak mot finansiering av terrorisme m.m. Lovføresegna vart straks følgd opp med konkrete tiltak frå påtalemakta, Kredittilsynet og andre styresmakter. I juni 2002 vart den provisoriske lovføresegna erstatta av permanent lovgjeving. Det er etter norsk lov straffbart å finansiere terrorisme, og norske styresmakter er pålagde å fryse midlar når det er rimeleg grunn til mistanke om tilknyting til terrorføremål.

Ein viktig dimensjon ved arbeidet til Tryggingsrådets antiterrorkomité er å tilby fagleg hjelp til land som har lovgjevingsmessige eller administrative vanskar med å rette seg etter pålegg frå Tryggingsrådet. Også Noreg har delteke aktivt i høve til komiteen sitt arbeid med kapasitetsbygging blant medlemsland som ber om det.

Tryggingsrådet hadde tidlegare vedteke sanksjonar mot Taliban i Afghanistan i resolusjon 1267 fordi dei verna Al Qaida. Etter at Talibanregimet fall, var det ikkje lenger noko meining med dei opphavlege sanksjonane, og ein ny resolusjon vart vedteken, resolusjon 1390, som var retta mot terrorisme, nærare bestemt organisasjonar og individ som samarbeider med Al Qaida. Resolusjonen forpliktar medlemslanda til å fryse midlane til organisasjonane eller individa og hindre at organisasjonane eller individa kan reise inn i eller bruke medlemslanda til terrorføremål eller ta imot noka form for støtte frå medlemslanda. For dette føremålet administrerer 1267-komiteen ei liste over individ og organisasjonar som er omfatta av sanksjonane i 1390-resolusjonen. Ei rekkje praktiske og prinsipielle problemstillingar dukka opp i samband med opprettinga av lista. Frå norsk side har ein vore oppteken av rettstryggleik og menneskerettar ved oppføring på lista og gjennomføring av sanksjonane. I tilknyting til at USA kravde innlemming av fire svenske statsborgarar på lista, vart det klart at ein ikkje hadde tilstrekkelege prosedyrar for å kunne stryke nokon frå lista. Dette førte til ein gjennomgang av rutinane, som resulterte i ein prosedyre som sikrar at nokon kan strykast. (Tre av dei fire svenskane er tekne av lista.) Noreg hadde i denne prosessen nær kontakt med Sverige. Noreg har òg delteke aktivt i arbeidet med å sikre humanitære unntak frå sanksjonane.

Arbeidet i CTC-komiteen og 1267-komiteen står sentralt for det internasjonale arbeidet mot terrorisme. Arbeidet i begge komiteane må likevel framleis kunne seiast å vere i ein tidleg fase. CTC-komiteen har ei enorm arbeidsoppgåve med å sikre at alle 191 medlemsland oppfyller minstestandardar når det gjeld lovgjeving om terrorisme. 1267- komiteen har store utfordringar når det gjeld høvet til å gjennomføre sanksjonane i alle land og tette smotthol i nasjonale og internasjonale lovverk.

Seinare terroråtak i Yemen, Tunis, Indonesia og Kenya viser at terrorisme er ein global trussel. FN har i kraft av sin globale medlemskap vist seg å ha stor verdi for den breie internasjonale koalisjonen mot terrorisme, som er bygd opp. Det er ei norsk grunnhaldning at internasjonal terrorisme må nedkjempast med eit breitt sett av verkemiddel, mellom anna politiske, diplomatiske, økonomiske og militære. Noreg vil arbeide for at FN, på grunn av FNs vide mandat og organisasjon, framleis skal ha ei leiande rolle i det globale antiterrorismearbeidet.

Det vil òg vere viktig å sikre at antiterrorarbeidet er i samsvar med prinsippet om rettsstaten og menneskerettane. Innanfor FN-systemet tyder dette både engasjement frå einskildland og at den positive kontakten mellom Antiterrorkomiteen og FNs høgkommissær for menneskerettar vert vidareførde. For det internasjonale samfunnet vil det i tida framover også verte viktig å prøve å forstå drivkreftene bak terrorisme og derigjennom korleis vi kan hindre rekruttering til terrornettverk som Al Qaida.

Samtidig har regionale organisasjonar og samarbeidsfora ei viktig rolle å spele i nedkjempinga av internasjonal terrorisme. Dette gjeld både organisasjonar der Noreg er medlem, f.eks. NATO og OSSE, og organisasjonar som Noreg stør arbeidet til, til dømes Den afrikanske unionen (AU). EU spelar ei sentral rolle i utviklinga av verkemiddel og politikk på området. Noreg sluttar fullt opp om det viktige arbeidet i EU på dette feltet. Det vert ei viktig oppgåve framover å samordne i størst mogeleg grad, og på den måten styrkje, det internasjonale arbeidet mot terrorismen.

4.2 Fredstryggjande operasjonar

Noreg har i tryggingsrådsperioden arbeidd med oppfølging av dei viktigaste tilrådingane i Brahimi-rapporten, til dømes å styrkje avdelinga for fredstryggjande operasjonar (DPKO), å betre FN si evne til raskare utplassering (deployering) og å ytterlegare betre dialogen mellom troppebidragsytarar, sekretariat og Tryggingsrådet.

Noreg fekk i 2002 leiinga av Tryggingsrådets nyetablerte arbeidsgruppe for fredstryggjande operasjonar. Hovudmålet for den norske innsatsen har vore å skape tettare kontakt mellom Tryggingsrådet, FN-sekretariatet og troppebidragsytande land i handsaminga av spørsmål om førebuing og gjennomføring av fredsoperasjonar. Dette har medverka til ytterlegare openskap om Tryggingsrådets arbeid innan ein av kjernefunksjonane til Rådet, som òg vil kome Noreg til gode etter medlemskapen vår i Tryggingsrådet.

I perioden leidde Noreg møtet mellom dei største troppebidragsytarane, sekretariatet og Tryggingsrådet om nedbygginga av den fredstryggjande operasjonen i Sierra Leone (UNAMSIL). Dette var det fyrste møtet av dette slaget i arbeidsgruppa.

Utanfor Tryggingsrådet har Noreg hatt leiinga i Multinational Standby High Readiness Brigade (SHIRBRIG). Gjennom SHIRBRIG vil Noreg vidareføre bidraget sitt til å styrkje FN si evne til rask utplassering. SHIRBRIG er eit multinasjonalt samarbeid, der Noreg deltek saman med eit tital andre land, primært frå Europa og Nord-Amerika, for å kunne stille ein internasjonal brigade eller delar av ein slik brigade til rådvelde for FN for gjennomføring av fredsoppdrag. Noreg har òg innmeldt styrkar til FNs vernebuingssystem, UN Stand-by Arrangement System (UNSAS). Det vert no arbeidd med å oppdatere dette.

Fredsoperasjonar vil framleis vere ei prioritert norsk oppgåve i FN. Regjeringa meiner det er viktig at fredsoperasjonar i FN-regi vert gjevne tilstrekkeleg politisk merksemd, nasjonalt og internasjonalt. Det norske nærveret i FN-leidde fredsoperasjonar har minka dei seinare åra på grunn av tungt norsk engasjement i regi av NATO og internasjonale koalisjonar. Dette inneber ikkje at Noreg har endra syn på verdien av eit sterkt FN, men speglar at andre aktørar enn FN har vorte sterkare involverte i fleirnasjonale operasjonar. Dette er ein styrke for regional og global stabilitet og tryggleik. Ein merkar likevel aukande misnøye i einskilde tunge troppebidragsytande utviklingsland over det som vert oppfatta som svekt industrilandsdeltaking i FN-leidde fredsoperasjonar. I denne situasjonen er det viktig at ein frå norsk side vidarefører ein aktiv innsats for å styrkje FN si evne til å planleggje og gjennomføre fredsoperasjonar. Målsetjinga er å sikre FN best mogelege vilkår som hovudaktør for global konflikthandtering. Dette krev aktiv norsk deltaking i relevante FN-fora - fyrst og fremst 4. komité og spesialkomiteen for fredstryggjande operasjonar.

Aktuelle problemstillingar som vil verte følgde opp frå norsk side, både i spesialkomiteen og i andre relevante FN-fora, er mellom anna følgjande: 1) Avklaring av tilhøvet mellom militære og sivile aktørar i fredsoperasjonar. Effektivt samarbeid mellom desse er avgjerande for suksessen til operasjonane.) Sterkare fokus på vern av sivile og særleg av svake grupper.) Styrking av den regionale tilnærminga til konfliktløysing.) Styrkt kontakt mellom Tryggingsrådet, som utformar mandata for fredsoperasjonane, og dei troppebidragsytande landa, som tek den politiske vågnaden med gjennomføringa av mandata. ) Styrkt kontakt er òg ynskjeleg når det gjelder tilhøvet mellom Tryggingsrådet og spesialkomiteen for fredstryggjande operasjonar.

Erfaringane frå tryggingsrådsperioden vil vere eit viktig grunnlag for vidareutvikling av annan norsk innsats når det gjeld fredsoperasjonar, f.eks. når det gjeld bruk av dei sivile vernebuingssystema våre for personell og materiell og den vidare norske støtta til kompetansebygging i land i den tredje verda med sikte på deltaking i fredsoperasjonar.

Gjennom deltakinga i SHIRBRIG vil Noreg vidareføre bidraget sitt til å styrkje FNs fredsoperasjonsevne. Deltaking i SHIRBRIG og UNSASer viktig også som politisk signal om framleis sterk norsk oppslutning om FNs rolle i global krisehandtering. Spørsmål om å stille styrkar til rådevelde vert avgjorde frå sak til sak - i lys av andre plikter.

4.3 Internasjonal straffeforfølging

I Noregs medlemskapsperiode har Tryggingsrådet ved ei rekkje høve handsama spørsmål knytte til internasjonal straffeforfølging.

Vedtektene til den permanente internasjonale straffedomstolen (ICC) tredde i kraft 1. juli 2002. Same dag la USA ned veto mot forlenging av mandatet for FNs operasjon i Bosnia og Hercegovina (UNMIBH) etter fåfengd å ha kravd garantiar om immunitet for amerikansk personell for domstolen. Etter intense forhandlingar for å få ei løysing på denne situasjonen vedtok Tryggingsrådet 12. juli 2002 samrøystes resolusjon 1422 om utsetjing i eitt år av straffeforfølging for deltakarar i fredstryggjande operasjonar frå statar som ikkje er partar i Romavedtektene. Resolusjonen er ei kompromissløysing, som sikrar at FN framleis har ei sentral rolle i fredstryggjande operasjonar, samtidig som han fastslår verdien av ICC og fullt ut varetek integriteten til domstolen.

Tryggingsrådet fekk 23. juli 2002 ei orientering av presidenten for Jugoslaviadomstolen (ICTY) om det arbeidet som går føre seg for å leggje til rette for overføring av saker frå ICTY til det nasjonale rettssystemet i Bosnia-Hercegovina. Det er ei målsetjing å avvikle verksemda til ICTY innan 2008, noko som ein berre kan oppnå dersom domstolen får konsentrere seg om dei sakene som gjeld høgt rangerte militære og politiske leiarar. Tryggingsrådet slutta seg til denne strategien.

Framlegget frå Rwandadomstolen (ICTR) om å styrkje domstolen med tilleggsdommarar og dermed få raskare saksgang i domstolen fekk tilslutning i tryggingsrådsresolusjon 1431 av 14. august 2002.

I august 2000 vedtok Tryggingsrådet å opprette ein spesialdomstol for Sierra Leone grunna på samtykke frå styresmaktene i Sierra Leone og finansiering med frivillige bidrag. Noregs frivillige bidrag til finansiering av dei to fyrste driftsåra til spesialdomstolen for Sierra Leone har vore på til saman USD 1 million. Spesialdomstolen byrja arbeidet sitt i juli 2002, då justissekretæren og hovudaktorane i domstolen kom, og åtte dommarar vart utpeikte.

Tryggingsrådet har eit særleg ansvar i samband med væpna konfliktar ved at det kan etablere eller avgrense mandatet for straffeforfølging ved å opprette adhocdomstolar eller vise situasjonar til ICC. Ei overordna målsetjing er å leggje størst mogeleg vekt på at statane har eit ansvar for å motarbeide straffridom. Frå norsk side ser vi på dette som ein føresetnad for framtidig fred, demokrati og forsoning. Det har difor vore viktig for Noreg som medlem av Tryggingsrådet å halde ved lag det sterke engasjementet vårt for utviklinga av internasjonal strafferett. Dette har innebore både å ta vår del av ansvaret i Tryggingsrådet for drifta av dei oppretta straffedomstolane og å arbeide for at det vert skapt eit grunnlag for eit best mogeleg samarbeid mellom Tryggingsrådet og Den internasjonale straffedomstolen.

Målet til regjeringa er global oppslutning om domstolen. Det er viktig at informasjon om eksistensen og verksemda til ICC vert spreidd. Å arbeide for større oppslutning, ikkje minst blant u-land, er difor ei prioritert oppgåve. Vi er opptekne av å fremje interessene til domstolen, og vi vil som før motsetje oss tiltak som kan undergrave ICC. Samtidig vil vi halde fram dialogen vår med dei statane som har uttrykt tvil om domstolen, med sikte på å fremje breiast mogeleg oppslutning om domstolen og målsetjingane med han.

Noreg er allment nøgd med arbeidet til ICTY og ICTR og dei gjennomførde administrative reformene for å betre effektiviteten. Avgjerdene til tribunala har høg standard og er viktige tilskot til utviklinga av internasjonal strafferett, medrekna opprettinga av ICC. Noreg stør sluttføringsstrategien til domstolane, slik at domstolane kan konsentrere seg om dei hovudansvarlege.

Noreg har vore ein monaleg bidragsytar til finansieringa av programma til domstolane, som har som føremål å sikre at dei viktigaste konklusjonane i viktige internasjonale rettsavgjerder vert gjorde kjende i konfliktområda for å få ei betre forståing for arbeidet til og verdien av domstolane.

4.4 Vern av sivile i væpna konfliktar

Vern av sivile i konfliktsituasjonar har vore eit viktig tema for Noregs arbeid i Tryggingsrådet. Noreg oppnådde fleire konkrete resultat på dette området. Under formannskapen vår i mars 2002 vedtok Tryggingsrådet ei presidentfråsegn (S/PRST/2002/6) der det er vedlagt eit norskinitiert Aide Mémoire som inneheld alle verne- og menneskerettsføresegner som alt er vedtekne i resolusjonar og presidentfråsegner. Dette dokumentet er viktig for å sikre institusjonelt minne og som eit konkret hjelpemiddel for å vareta omsynet til sivile ved fornying og utarbeiding av nye mandat for fredsoperasjonar.

Generalsekretærens fyrste rapport om vern av sivile vart lagt fram i september 1999. Han vart følgd opp av to resolusjonar frå Tryggingsrådet, høvesvis 1265 (1999) og 1296 (2000). Arbeidet med dei to resolusjonane viste til fulle at tematikken er sensitiv og komplisert. På oppmoding frå Rådet vart det lagt fram ein ny rapport i april 2001 (S/2001/331). I denne vert det understreka at det trengst å gjennomføre tilrådingane både i den aktuelle og den føregåande rapporten.

Hausten 2001 vart det fremja ein eigen resolusjon om vern av born i væpna konfliktar (S/RES/1379). Ved utgangen av 2002 låg det føre to viktige rapportar frå FN-sekretariatet om temaet vern av sivile: om born i væpna konfliktar og den tredje i rekkja om sivile i væpna konfliktar. Noreg spela ei aktiv rolle i samband med handsaminga av rapportane i Tryggingsrådet. Noreg tok initiativ til å utarbeide eit vegkart til rapportane, der det går fram kven som har ansvar for å gjere kva i nærare definerte situasjonar. Frå norsk side vart arbeidet med å samordne vedtak om oppfølging prioritert.

Det har vore viktig for Noreg å sikre at turftene til utsette grupper - som kvinner, born og eldre - har vorte vurderte i samband med utforming av mandata til fredstryggjande operasjonar og eksplisitt nemnde i alle aktuelle resolusjonar. Særleg har vi på norsk side vore opptekne av situasjonen for born i væpna konfliktar.

Noreg har arbeidd for at ein sikrar at læger for flyktningar og internt fordrivne har eit strengt humanitært preg. Det er i denne samanhengen viktig å yte personell som kan medverke til at slike læger ikkje vert nytta til militære føremål. I rapportane sine om tryggleik for sivile tilrår Generalsekretæren at statane følgjer «The Guiding Principles on Internal Displacement». Dette er prinsipp som Noreg stør på det sterkaste. I tryggingsrådssamanheng har Noreg oppmuntra til å gjere desse prinsippa betre kjende og nytta i praksis.

Tilhøva ligg òg godt til rette for at vi kan vidareføre rolla vår i arbeidet med desse sakene i andre fora etter tryggingsrådsperioden. Dette kan gjerast både i Generalforsamlinga, i relevante FN-organisasjonar, fond og program samt ved deltaking i ulike nettverk. I det høvet har Noreg teke initiativ til og leier ei venegruppe i New York, der problemstillingane i samband med vernearbeidet vil verte drøfta innanfor ein krins av interesserte statar. Dette mellom anna for å sikre at arbeidet med vern av sivile i væpna konfliktar framleis vil stå på dagsordenen til Tryggingsrådet. Noregs hovudfokus vil vere ytterlegare operasjonell oppfølging av dei verne- og menneskerettsføresegnene som no er nedfelte i resolusjonar og presidentfråsegner.

4.5 Kvinner, fred og konfliktar

I oktober 2000 vedtok Tryggingsrådet resolusjon 1325 om kvinner, fred og tryggleik. I resolusjonen vert det lagt vekt på at det trengst å integrere eit likestillingsperspektiv i alt som FN gjer av konfliktrelatert arbeid. Kvinner som aktive deltakarar i avgjerdsprosessar vert understreka, inkludert fleire kvinnelege leiarar for FNs fredstryggjande operasjonar. Resolusjonen fokuserer òg på verknaden av væpna konflikt på kvinner og jenter.

Resolusjonen er følgd opp i Tryggingsrådet med presidentfråsegn ved eittårsmarkeringa og pressefråsegn ved toårsmarkeringa for vedtakinga av resolusjonen. Det vart halde fleire opne møte i Rådet med særleg fokus på situasjonen til kvinnene i Afghanistan og Sierra Leone. Generalsekretærens rapport til Tryggingsrådet om oppfølging av resolusjonen, som vart lagd fram i oktober 2002, omfattar ei rekkje praktiske tiltak.

Frå norsk side har ein vore aktiv for å halde temaet på dagsordenen i Rådet. Vern av sivile i konflikt, under dette kvinner og tryggleik, var eit prioriterte tema under den norske presidentskapsmånaden. Noreg har delteke aktivt i dei opne møta og ved utarbeidinga av presidentfråsegnene. Noreg har òg arbeidd for auka likestillingskompetanse i FN-avdelinga for fredstryggjande operasjonar og meir systematisk integrering av likestillingsperspektivet i dei rapportane som går til Rådet.

4.6 Handvåpen

Grunnlaget for Noregs arbeid med handvåpenspørsmål i Tryggingsrådet i FN har vore at ulovleg handel med og ukontrollert spreiing av slike våpen fører til at konfliktar vert forsterka og forlengde, at fredsfreistnader og utvikling vert undergravne, og at tilgangen til handvåpen har alvorlege humanitære følgjer. Handvåpenproblemet vedkjem difor Tryggingsrådets primære ansvar for å sikre internasjonal fred og tryggleik.

Tryggingsrådet følgde opp FNs handvåpenkonferanse i juni 2001 med ein temadebatt om handvåpen 2. august 2001. Temadebatten vart følgd opp med ei presidentfråsegn om handvåpen, der det særleg vert fokusert på kontroll med spreiing av handvåpen. FNs generalsekretær la fram ein rapport om handvåpen for Tryggingsrådet i september 2002. Han vart diskutert i møte i Rådet i oktober same året. Både det norske innlegget i debatten i Rådet og tilrådingane i rapporten frå Generalsekretæren legg vekt på at det trengst eit internasjonalt instrument om kontroll med våpenformidling, inkludert merking og sporing av handvåpen.

Sommaren 2003 vil Generalforsamlinga i FN halde sin fyrste oppfølgingskonferanse for å kartleggje gjennomføringa av handlingsplanen som vart vedteken i 2001. Noreg vil delta aktivt i dette arbeidet. Gjennom dette arbeidet ynskjer Noreg å medverke til at FN sender eit klart signal om kor viktig kampen mot ulovleg handel med handvåpen er for tryggleik og utvikling, for konfliktløysing og fredsbygging, og for nedkjemping av organisert kriminalitet.

4.7 Sanksjonar

Som medlem av Tryggingsrådet har Noreg medverka aktivt i arbeidet for å betre effektiviteten av sanksjonar. Målsetjinga har vore å utvikle målretta og tidsavgrensa sanksjonar, som i minst mogeleg grad rammar sivilfolk og i størst mogeleg grad er resultatorientert. Ikkje minst gjeld dette i høve til Irak, men òg Afghanistan/Al Qaida, Liberia, Angola, Sierra Leone osv.

Regjeringa si haldning er at det må utvisast varsemd i bruken av sanksjonar. Sanksjonar må berre brukast når andre verkemiddel ikkje når fram. Når sanksjonar vert tekne i bruk, må Tryggingsrådet aktivt overvake verknadene av sanksjonane og jamleg vurdere dei humanitære følgjene. Der sanksjonar fører til dei ynskte resultata, må dei raskt kunne suspenderast eller hevast.

Sanksjonar er eit tvangsmiddel, men ikkje eit straffetiltak. Utilsikta negative følgjer for sivilfolk og tredjeland må minimaliserast, og dette har stått sentrale i dei norske posisjonane. Noreg har difor teke til orde for betre samordning mellom sanksjonskomiteane, utvida bruk av ekspertpanel og overvakingsmekanismar og bruk av lokal kapasitetsbygging som strategi for å imøtegå freistnader på sanksjonsunndraging blant einskilde medlemsland. Dette er framgangsmåtar det etter kvart er oppnådd brei semje om i Tryggingsrådet.

Tryggingsrådets arbeidsgruppe for sanksjonar har halde ei rekkje møte i medlemskapsperioden, men førebels har ein ikkje klart å semjast om ein sluttrapport. Dette skuldast i hovudsak at det er usemje mellom dei faste medlemmene i Tryggingsrådet om einskilde sentrale spørsmål. Frå norsk side har ein teke til orde for ei løysing der dei få uteståande spørsmåla vert ut skote til vidare drøfting, slik at Tryggingsrådet kan vedta dei hovudelementa i rapporten som det er semje om. Viktig i medlemskapsperioden har òg vore den såkalla Stockholm-prosessen om utvikling og gjennomføring av målretta sanksjonar. Her har ein nådd fram til eit rapportutkast, som vart presentert for Tryggingsrådet tidleg i 2003. Noreg har delteke aktivt i dette arbeidet.

4.8 Økonomiske drivkrefter i konfliktar (Ulovleg ressursutnytting)

Under tryggingsrådsmedlemskapen har Noreg medverka aktivt til å setje spørsmålet om ulovleg ressursutnytting og konfliktar på den internasjonale dagsordenen. Utnytting av naturresursar som olje, diamantar, mineral og tropisk tømmer gjev store inntekter, som ofte vert bruka til å finansiere valdelege konfliktar. Dei to siste åra har Noreg samarbeidd med Verdsbanken og internasjonale og norske forskingsinstitutt for å få meir innsikt i den politiske økonomien i konfliktar. Tryggingsrådet i FN har i aukande grad fokusert på økonomiske drivkrefter i krigar og konfliktar og i samband med fredsoperasjonar og iverksetjing av målretta sanksjonar. Som tematisk satsingsområde har økonomiske drivkrefter vore ein integrerande del av Noregs innsats i Tryggingsrådet for å styrkje kunnskapen om dei underliggjande årsakene til konflikt. Noreg har støtt Tryggingsrådets sanksjonar mot handel med diamantar frå Liberia og Sierra Leone. Vidare har Noreg delteke aktivt i arbeidet med sanksjonane mot UNITA-rørsla i Angola. Det uavhengige panelet for overvaking av situasjonen i Den demokratiske republikken Kongo har i den siste rapport sin sett søkjelyset på indre og regionale problem i samband med handelen med konfliktvarer. Med støtte frå Noreg er det sett i gang eit monaleg oppfølgingsarbeid, og dette skal forankrast i Tryggingsrådet. Dette kan skape presedens for korleis Tryggingsrådet skal handtere problemet i framtida. Det er òg viktig, fordi det gjev Rådet eit effektivt verkemiddel før eventuell bruk av sanksjonar.

Merksemda frå Tryggingsrådet når det gjeld ulovleg ressursutnytting og konfliktar har gjeve opphav til internasjonalt samarbeid for å kontrollere handelen med rådiamantar. Eit trettital statar har delteke i arbeidet med å utvikle eit internasjonalt sertifiseringssystem som skal sikre at handelen med diamantar går gjennom legale kanalar - det såkalla Kimberley-regimet. Regimet inneber at land som eksporterer rådiamantar skal utferde eit sertifikat som skal følgje diamanten, medan dei importerande landa bind seg til å kjøpe berre sertifiserte diamantar. Avtala tredde i kraft 1. januar 2003. Angola og Den demokratiske republikken Kongo er blant store diamantprodusentar i konfliktområde som har slutta seg til prosessen. Kimberly-regimet er eit døme på at det internasjonale samfunnet, utan å ty til direkte tvangsmiddel, kan setje i verk tiltak mot illegal handel med varer som finansierer ein konflikt, eller som det er konflikt om. Tilsvarande ordningar for andre konfliktvarer er under utarbeiding. Noreg stør oppretting av ei kvitlisteordning, der selskap innan varehandel og finans frivillig godtek og bind seg til gode prinsipp og standardar for forretningsdrift i konfliktområde.

Regjeringa vil vidareføre engasjementet rundt ulovleg ressursutnytting ved å arbeide for at omsynet til dei økonomiske dimensjonane ved valdelege konfliktar vert integrerte i forskingsprogram og handlingsplanar til Verdsbanken og relevante FN-organisasjonar, og søkje å engasjere fleire land aktivt i dette arbeidet.

4.9 Hiv/aids

I juli 2000 vedtok Tryggingsrådet resolusjon 1308 om førebygging og kontroll av hiv/aids i tilknyting til fredsoperasjonar. Bakgrunnen for resolusjonen er at hiv/aids i mange land er meir utbreidd blant soldatar enn i resten av folket. Særleg gjeld dette einskilde afrikanske land, der over halvparten av soldatane er hivsmitta. Den store utbreiinga av hiv/aids representerer ein trussel mot personell i fredstryggjande operasjonar og folket i dei områda der fredsstyrkane er utplasserte. Utbreidd førekomst av hiv/aids blant uniformert personell truar med å utarme dei militære styrkane i statane og føre til regional ustabilitet. Dessutan vil utbreiing av hiv/aids i militære styrkar påverke det internasjonale samfunnet si evne til å bemanne fredstryggjande operasjonar .

Tryggingsrådets resolusjon var òg eit viktig signal om at hiv-/aidsepidemien måtte oppfattast som ei global krise. Og under FNs spesialsesjon om hiv/aids i juni 2001 tala ein for fyrste gong om hiv/aids som ein trussel for tryggleiken i brei forstand. Epidemien er ein trussel mot samfunnsutviklinga fordi han truar tilhøve som er grunnleggjande for at folk skal kunne leve trygt, ha god helse og vere produktive. Sjukdomen rammar samfunn, familiar og individ, og han truar den økonomiske og politiske utviklinga.

Tryggingsrådet har gjeve UNAIDS mandat til å samordne oppfølginga av resolusjon 1308. Til dette føremålet har UNAIDS oppretta UNAIDS Humanitarian Unit. Noreg har vore ein viktig støttespelar for denne eininga, saman med Danmark, Nederland og USA. Det vart også oppretta ein styringskomité for å hjelpe UNAIDS i oppfølgingsarbeidet, der Noreg var medlem. I 2001 løyvde Noreg 10 millionar kroner til UNAIDS Humanitarian Unit. I 2002 stødde Noreg initiativet med om lag 8 millionar kroner.