St.meld. nr. 26 (1998-99)

Økonomien i den statlege høgskolesektoren

Til innhaldsliste

4 Kostnadsberekningsutvalet si vurdering av høyringsfråsegna frå Det norske høgskolerådet til NOU 1998:6 Økonomien i den statlige høgskolesektoren

4.1 Innleiing

Kostnadsberekningsutvalet har etter oppmoding frå Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet vurdert høyringsfråsegna frå Det norske høgskolerådet til NOU 1998:6 Økonomien i den statlige høgskolesektoren. Utvalet la fram si vurdering 20. oktober 1998. Vurderinga ligg ved som eit vedlegg til denne meldinga, jf vedlegg 3.

4.2 Utvalet sine vurderingar og konklusjonar

Utvalet har innleiingsvis i si vurdering vist til at det i utgreiinga er lagt vekt på at det er naudsynt å sjå på fleire ulike tilhøve som påverkar og er med på å fastsette den økonomiske utviklinga. Utvalet framhevar i utgreiinga at det i ein analyse vil vere tenleg å sjå på fleire tilhøve enn rekneskap og studenttal. Utvalet har i samband med dette peika på at kvalitetsaspektet ved verksemda i universitets- og høgskolesektoren er viktig i ei vurdering av den økonomiske situasjonen. Samstundes har utvalet funne det vanskeleg å talfeste og måle kvalitet.

Utvalet har vidare presisert at indikatoren utgift pr student er ein av fleire faktorar som er nytta for å skildre den økonomiske utviklinga i høgskolesektoren. I tillegg har utvalet vurdert utviklinga i faktorar som talet på studentar i høve til talet på faglege tilsette, og kompetansenivået til dei fagleg tilsette. Utvalet har også trekt fram utviklinga i einskilde kostnadsdrivande faktorar.

Kostnadsberekningsutvalet har vurdert alle merknadene i høyringsfråsegna frå Høgskolerådet. Merknadene knyter seg i hovudsak til følgjande punkt, jf kapittel 3:

  • Bruk av studentmåltalet

  • Brutto kostnader og korrigering for inntektskrav

  • Korrigering for husleigekompensasjon eller faktisk husleige

  • Utvikling i midlar til utstyrsinvesteringar

  • Bruk av prisomrekningsindeksar

  • Kostnadsdrivande faktorar

  • Forsking og utvikling i høgskolesektoren

  • Effektivitet og tverrsnittsanalysar

På eitt punkt har Kostnadsberekningsutvalet kome innvendingane frå Høgskolerådet imøte. Utvalet støttar Høgskolerådet si vurdering av at variablane som inngår i indikatoren utgift pr student skal relatere seg til same måleeining, og har difor funne at gjennomsnittlege studentmåltal gir eit riktigare bilete av utviklinga enn studentmåltalet målt ved hausttal.

Figur 4.1 viser utviklinga i utgift pr student i høgskolesektoren i perioden 1992 til 1997 ved bruk av både haust- og gjennomsnittlege studentmåltal. I høve til NOU 1998:6 er det i berekningane nytta oppdaterte prisomrekningsindeksar for 1996 og 1997. Utgift pr student målt ved hausttal viser ein auke på om lag 3 pst frå 1992 til 1997, medan utgift pr student målt ved gjennomsnittlege studentmåltal viser ein reduksjon på 1,9 pst i same periode.

Figur 4.1 Utvikling i utgift pr student, 1992 til 19971)

Figur 4.1 Utvikling i utgift pr student, 1992 til 19971)

1) Statsrekneskapstal eksklusiv kapitalkostnader, tal i 1000 kroner, faste 1992-prisar

Kjelde: Kjelde: NOU 1998:6 Økonomien i den statlige høgskolesektoren, St prp nr 1 1992 til 1997, Statsrekneskapen 1992 til 1997

Utvalet meiner likevel at utviklinga i utgift pr student har vore rimeleg stabil i perioden 1992 til 1997, og at bruk av gjennomsnittlege studentmåltal framfor hausttal stadfestar den stabile utviklinga.

Utvalet har vidare vurdert dei ulike merknadene frå Høgskolerådet, jf notat frå Kostnadsberekningsutvalet 20. oktober 1998 i vedlegg 3. Sjå kapittel 5 for ein nærare diskusjon av dei ulike punkta.

Kostnadsberekningsutvalet står i notatet fast ved sine konklusjonar om den økonomiske utviklinga i høgskolesektoren:

«Kostnadsberegningsutvalget vurderer utviklingen i utgift pr student som rimelig stabil i perioden 1992 til 1997. Utvalget har i tillegg pekt på flere faktorer som kan medføre økte kostnader og en sterkere belastning på driftsbudsjettet. Dette er faktorer som f eks økte kostnader bundet opp i husleie og drift av bygninger, omdisponering av studieplasser/omstilling, kostnader knyttet til praksisveiledning, desentraliserte studier, innføring av felles stillingsstruktur og økt kompetanseheving. Dette er faktorer som utvalget ikke har kvantifisert, men som kan føre til en reduksjon i disponibel driftsramme. Det finnes også faktorer som isolert sett tilsier noe reduserte kostnader, bl a en viss reduksjon i andelen studenter ved spesielt kostnadskrevende studier.

Utvalget vil også peke på at det er identifisert faktorer som vil kunne bidra til en effektivisering av administrasjonen og økonomistyringen i sektoren. Dette gjelder bl a innføringen av nytt økonomiregelverk, nye økonomisystemer og eget regnskapsføreransvar. Det vil imidlertid ta noe tid før denne effektiviseringsgevinsten synliggjøres i sektoren.

Utvalget vil understreke at vurderingene om utviklingen i økonomien i høgskolesektoren gjelder sektoren som helhet. Utviklingen vil være forskjellig for ulike høgskoler.»

Til forsida