St.meld. nr. 26 (1998-99)

Økonomien i den statlege høgskolesektoren

Til innhaldsliste

6 Administrative og økonomiske konsekvensar

6.1 Administrative konsekvensar

6.1.1 Behov for betre indikatorar for kvalitet og forsking

Kostnadsberekningsutvalet har i NOU 1998:6 Økonomien i den statlige høgskolesektoren peika på behovet for at rapporteringa av resultat og ulike kvalitetsaspekt ved institusjonane si verksemd blir betre. Utvalet tilrår at rapporteringa innanfor desse felta blir betra slik at høgskolane sjølve og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet får eit betre styringsgrunnlag.

Gode resultatmål og resultatindikatorar blir stadig viktigare både for departementet i høve til styring av underliggjande institusjonar, og for den einskilde institusjon i høve til intern styring. Det er difor viktig at det finst påliteleg og oppdatert datamateriale, og klart definerte resultatmål som kan gje grunnlag for å vurdere aktivitet opp mot fastsette mål, og for å kunne samanlikne aktivitet mellom institusjonar.

Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har i samarbeid med Norsk samfunnsvitskapleg datateneste (NSD) oppretta ein database for statistikk om høgre utdanning (DBH). Databasen inneheld informasjon om mellom anna økonomi (rekneskaps- og budsjettal) studenttal (opptak, registrerte studentar, måltal og kandidatar) og tilsette (fordelt på institusjonar og stillingskategoriar). Databasen er fullt utbygd med denne informasjonen frå og med 1996.

Databasen inneheld pr i dag ikkje gode nok data om FoU-verksemd. Vidare er det vanskeleg å kvantifisere tilhøve som skildrar kvalitetsaspekt ved verksemda. Når det gjeld data om FoU vil departementet setje ned ei arbeidsgruppe som i samarbeid med mellom anna NSD skal utarbeide eit system for einskapleg rapportering av slike data. Når det gjeld data som skildrar kvalitetsaspekt ved verksemda, arbeider departementet kontinuerleg for å utvikle indikatorar som betre kan seie noko om slike tilhøve.

Departementet er opptatt av at dei indikatorane som blir nytta er generelt aksepterte som målekriterium, og vert haldne for å vere nyttige og relevante både av departementet og av institusjonane i sektoren. Vidare er det viktig at indikatorane er klart definert og byggjer på eit eintydig datagrunnlag, og at det blir lagd sterkare vekt på kvalitetsaspektet i resultatrapporteringa.

I samband med framtidig utvikling av DBH vil det vere særleg viktig å utvikle indikatorar som kan nyttast ved talfesting av ulike typar kostnadsdrivande faktorar i sektoren.

Departementet vil også vise til at Mjøs-utvalet i sitt arbeid mellom anna skal vurdere korleis ein kan utvikle incitamentstrukturen (m a finansieringsprinsipp i høve til institusjonane og studiefinansieringa) med sikte på best mogleg ressursutnytting, samstundes som kvalitet i forsking og undervisning blir sikra.

Innføring av nye økonomi-, personal- og studieadministrative system i universitets- og høgskolesektoren vil gjere det enklare å hente inn gode og eintydige data frå sektoren. Tilgang på data som slike system kan generere, vil gjere det mogeleg å utføre analysar av kostnadsfordeling, kostnadsprofil, fagprofil m m på den einskilde institusjon og å gjennomføre samanlikningar mellom institusjonane.

6.1.2 Effektivitetsanalysar

Som tidlegare nemnt er det i samband med NOU 1998:6 Økonomien i den statlige høgskolesektoren utført ein analyse av effektiviteten i høgskolesektoren.

Kostnadsberekningsutvalet har vore svært varsam med å trekkje konklusjonar om effektivitet i høgskolesektoren på bakgrunn av denne analysen. Utvalet har peika på at einskilde føresetnader som ligg til grunn for analysen til dels er urealistiske, og at datamaterialet som analysen byggjer på ikkje er godt nok kvalitetssikra. SNF-Oslo, som har utført analysen, peikar også på at dårleg kvalitet på datamaterialet gjer at ein må vere forsiktig med å trekkje konklusjonar.

Dei statlege høgskolane har i høyringsfråsegnene vore opptekne av å få fram den dårlege datakvaliteten som ligg til grunn for analysen. I tillegg meiner høgskolane at analysen byggjer på samanlikningar av avdelingar som i utgangspunktet ikkje er samanliknbare.

Departementet sluttar seg til dei atterhald som er tatt av Kostnadsberekningsutvalet og av høyringsinstansane i høve til korleis resultata av denne effektivitetsanalysen kan nyttast.

Likevel meiner departementet at det er viktig å utvikle instrument som kan nyttast for å analysere nettopp denne type problemstillingar. Departementet vil difor arbeide vidare for å byggje opp DBH, slik at det i framtida vil vere mogeleg å gjere effektivitetsanalysar både i høgskolesektoren og i universitetssektoren.

6.2 Økonomiske konsekvensar

6.2.1 Vidare arbeid

Departementet vil leggje opp til å få utført grundige analysar av ulike økonomiske tilhøve i universitets- og høgskolesektoren. Før slike analysar kan gjennomførast må datagrunnlaget vere breiare og på eit meir detaljert nivå enn den informasjonen som har vore rapportert tidlegare. Det er også viktig at ein har datamateriale over ein lengre tidsperiode før ein gjennomfører denne type analysar.

I samband med handsaminga av St prp nr 1 (1996-97) gav Stortinget sitt samtykke til at det skulle gjennomførast ei omfordeling av midlar mellom dei statlege høgskolane med sikte på å utjamne skilnader som ikkje kan grunngjevast ut i frå faktiske kostnadsskilnader.

Omfordelingsprosessen starta i 1997 og er vidareført i 1998 og 1999. Departementet har lagt vekt på at omfordeling av ressursar mellom høgskolane må skje gradvis og over tid, slik at høgskolane får tid til å tilpasse seg endra rammer.

Kostnadsberekningsutvalet sitt arbeid har også vist at det er effektivitetsskilnader mellom dei statlege høgskolane som ikkje lar seg forklare. Departementet vil difor arbeide vidare med sikte på å omfordele midlar mellom institusjonane. I samband med dette er det viktig å arbeide vidare med utvikling av indikatorar på kostnadsdrivande faktorar som slår ulikt ut for dei ulike høgskolane.

6.2.2 Budsjettmessige konsekvensar

Departementet vil kome attende med eventuelle budsjettmessige konsekvensar som følgje av det vidare arbeidet i samband med dei årlege budsjetthandsamingane.

Til forsida