St.meld. nr. 28 (2008-2009)

Om samarbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) i 2008

Til innhaldsliste

3 Vedtak nr. 2/08. Gjenoppnemning av OSSEs generalsekretær

Ministerrådet,

som minner om vedtaket frå det tredje møtet i OSSEs ministerråd i Stockholm i 1992 om å skipe stillinga som generalsekretær og ministerrådsvedtak nr. 15/04 av 7. desember 2004 (MC.DEC/15/04) om rolla til OSSEs generalsekretær,

som minner om ministerrådsvedtak nr. 1/05 av 10. juni 2005 (MC.DEC/1/05) om oppnemning av Marc Perrin de Brichambaut som generalsekretær i OSSE for ein periode på tre år, med verknad frå 21. juni 2005,

som tek omsyn til tilrådinga frå Det faste rådet,

vedtek å gjenoppnemne Marc Perrin de Brichambaut som generalsekretær i OSSE for ein periode på tre år, med verknad frå 1. juli 2008, som eit unntak frå tenesteperiodane som er nemnde i vedtaket frå det tredje møtet i OSSEs ministerråd i Stockholm i 1992.

Til forsida