St.meld. nr. 3 (2007-2008)

Statsrekneskapen for 2007

Til innhaldsliste

4 Staten sin balanse og kommentarar til finanspostar

Staten sin balanse blir omtalt i kapittel 4.1 med notar til vesentlege endringar. Kapittel 4.2 gjev eit oversyn over statens finansinntekter og finansutgifter. Kapittel 4.3 omtaler garantiar. Hovudprinsippa som ligg til grunn for føringa av statsrekneskapen er stilt opp i kapittel 4.4.

4.1 Staten sin balanse med notar

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av staten sin balanse med hovudvekt på staten sine finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Dei viktigaste eigedelane er i spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir og kapital i staten sine sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje teken med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel ein del av balansen, jf. vedlegg 5 der balansar er presenterte for forretningsverksemdene.

Staten sine eigedelar auka med 274,7 mrd. kroner i 2007, frå 2 614,2 mrd. kroner til 2 888,9 mrd. kroner. Endringa må i hovudsak tilskrivast auken i verdien på Statens pensjonsfond – Utland. Vesentlege endringar blir omtalte i notar nedanfor.

Tabell 4.1 Staten sine eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)

TekstNote31.12.0631.12.07Endring
Eigedelar
60. Bank1159 681148 495-11 186
61. Spesielle fond og forsikringar21 907 5492 153 684246 135
62. Verdipapir inkl. kapital i statens sjølvstendige verksemder392 65496 7414 087
63. Utlån og uteståande fordringar4226 780238 27811 498
64. Ordinære fond566 84088 48921 649
65. Forskot68741 099225
66. Kapital i statsbankane7755747-8
68. Fast kapital i statsverksemdene8154 578159 6125 035
69. Eigenbehaldning statspapir914 96314 041-922
70 – 73. Mellomrekneskapen med rekneskapsførarar10-7 091-9 251-2 160
77. Overkurs/underkurs statspapir11-3 399-3 027372
2 614 1832 888 907274 724
Gjeld og eigenkapital
80. Statsgjelda12269 362265 348-4 014
81. Kontolån frå ordinære fond1372 78294 91922 138
82. Verksemder med særskilde fullmakter149 2279 28659
84. Deposita og avsetjingar1517 51018 025515
87. Overførte unytta løyvingar1610 1349 010-1 124
99. Avslutningskonto172 235 1682 492 317257 150
2 614 1832 888 907274 724

Notar:

  • Note 1. Kontantbehaldninga til staten var 11,2 mrd. kroner lågare ved utgangen av 2007 enn ved utgangen av 2006. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank.

  • Note 2. Auken i spesielle fond og forsikringar var på 246,1 mrd. kroner og kjem i hovudsak av auken i bokført verdi for Statens pensjonsfond – Utland på 235,7 mrd. kroner. Statens pensjonsfond – Noreg viser ein auke på 10,4 mrd. kroner. Statens pensjonsfond blir bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen. Pensjonsfondet er omtalt i kapittel 3 i denne meldinga. Statens petroleumsforsikringsfond har ein nedgang på 358 mill. kroner, medan NORFUND har ein auke på 429 mill. kroner i 2007.

  • Note 3. Auken i verdipapir m.m. er netto 4,1 mrd. kroner, som i hovudsak kjem frå 4,0 mrd. kroner i netto auke i behaldning av aksjar. Auken i verdien av aksjar kjem mellom anna av ein tilgang på 4,9 mrd. kroner på aksjar i Aker Holding AS. Etter samanslåinga av petroleumsverksemda i Norsk Hydro ASA og Statoil ASA blei om lag 3,0 mrd. kroner av bokført aksjekapital i Norsk Hydro ASA under Nærings- og handelsdepartementet overført til Olje- og energidepartementet og bokført som aksjebehaldning i det fusjonerte selskapet StatoilHydro ASA basert på kontinuitet. Aksjekapitalen i Venturefondet AS er redusert med 75 mill. kroner i samband med tilbakeføring av kapital. Bokført verdi av behaldninga av aksjar i Yara International ASA er redusert med 14,8 mill. kroner, medan kapitalen i DnBNOR AS er redusert med 35 mill. kroner, som følgje av at staten har løyst inn aksjar i samband med selskapa sine tilbakekjøp av aksjar i marknaden for sletting. Aksjekapitalen i Kommunalbanken er auka med 58,8 mill. kroner, medan aksjekapitalen i Statskonsult AS er satt ned med 109,5 mill. kroner i samband med at verksemda er avvikla og innlemma i staten i 2007. Bokført behaldning knytt til Posten Noreg AS er redusert med 568 mill. kroner. Sjå tabell 3.6 i vedlegg 3 for oversikt over statens aksjeinteresser.

  • Note 4. Auken i utlån og uteståande fordringar er netto 11,5 mrd. kroner. Av dette er 4,6 mrd. kroner auka utlån til Statens Lånekasse for utdanning og 2,4 mrd kroner i auka utlån til Husbanken. Utlåna til Helseføretaka auka med om lag 2,3 mrd. kroner. Av dette er 1,3 mrd. kroner auka utlån til Helse Aust og Helse Sør som blei slått saman i 2007. Innovasjon Noreg sitt ordinære lån og distriktsretta låneordning hadde ein netto nedgang på 425 mill. kroner. Statens pensjonskasse sitt bustadlån til tilsette i staten auka med om lag 3,0 mrd. kroner. Under Helse- og omsorgsdepartementet er andre utlån nedskrive med 19,3 mill. kroner i samband med ettergjeving av lån til ulike stiftingar med meir.

    Med heimel i eigen fullmakt frå Stortinget er det postert 4,6 mill. kroner til debet kontogruppe 63 og kredit konto for forskyving i balansen, i samband med utlån under Finansdepartementet (Serbia-Montenegro/Jugoslavia).

  • Note 5. Auken for ordinære fond er på 21,6 mrd. kroner. Av dette utgjer Fondet for forsking og nyskaping 10,4 mrd. kroner og Grunnfond for fornybar energi og energieffektivisering (Grunnfondet) 10,4 mrd. kroner. Energifondet auka med 0,4 mrd. kroner, medan Fond for CLIMIT auka med 0,2 mrd. kroner, og Norsk kulturminnefond hadde ein auke på 0,2 mrd. kroner. Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond. Midla som fonda har ståande på konto i Noregs Bank er òg førte opp som kontolån til staten. Dei einskilde fonda er lista i Vedlegg 3, tabell 3.1

  • Note 6. Auken i forskot er på 225 mill. kroner som i hovudsak gjeld forskot under Samferdselsdepartementet for Statens vegvesen med 190 mill. kroner og ein auke på 26 mill. kroner som gjeld forskot på rammetilskot til kommunar under Kommunal- og regionaldepartementet.

  • Note 7. Nedgangen i kapitalen i statsbankane på netto 8,5 mill. kroner kjem i all hovudsak av at kapitalen i Husbankens risikofond er redusert med eit tilsvarande beløp.

  • Note 8. Auken i fast kapital i statsverksemdene på 5,0 mrd. kroner kjem i hovudsak av at kapitalen i SDØE har auka med 4,5 mrd. kroner og kapitalen i Statsbygg har auka med 0,6 mrd. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3.

  • Note 9. Nedgangen i eigenbehaldning statspapir på 0,9 mrd. kroner kjem i hovudsak av at statsobligasjonar viser ein netto auke på 1,2 mrd. kroner og statskassevekslar viser ein nedgang på 2,1 mrd. kroner.

  • Note 10. Statlege verksemder sitt mellomvere med statskassa gjekk opp med 2,2 mrd. kroner slik at kontogruppa viser at statskassa har 9,3 mrd. kroner i gjeld til verksemdene per 31.12.2007. Auken kjem i all hovudsak av innbetalt meirverdiavgift med 1,2 mrd. kroner og 0,8 mrd. kroner i innbetalt forskot i skatterekneskapen på slutten av 2007, som blir å føre til inntekt i rekneskapen for 2008.

    Det er i 2007 postert netto om lag 470 mill. kroner på verksemdene sin konto for mellomvere og motpostert konto for forskyving i balansen. Dette inneber at verksemdene samla fekk redusert beløp til gode i statskassa. Stortinget har gjeve Finansdepartementet fullmakt til, i saker under 1 mill. kroner, å postere differansar og uoppklarte saker mot konto for forskyving i balansen. I større saker kan Stortinget gje eigne fullmakter.

    For 2007 er følgjande tal postert med heimel i eigen fullmakt frå Stortinget:

    Beløp i mill. kroner
    Forsvarets rekneskapsadministrasjon363,545
    NAV Økonomitenester106,665
    Samla470,210
  • Med heimel i Stortinget sin fullmakt for mindre saker er det postert netto 0,086 mill. kroner til debet mot konto for forskyving i balansen. Dette gjeld følgjande:

    Beløp i mill. kroner
    Lånekassa0,280
    BLD/BUF-etat0,012
    JD/Oslo politidistrikt-0,506
    LMD/Mattilsynet-0,112
    MD/Statens forureiningstilsyn-0,088
    NHD/Patentstyret0,013
    SD/Vegdirektoratet0,487
    Samla0,086
  • Note 11. Som følgje av overkurs/underkurs på statspapir, er bokført verdi auka med 0,4 mrd. kroner.

  • Note 12. Statsgjelda hadde ein samla nedgang på 4,0 mrd. kroner i 2007. Statskassevekslar hadde ein nedgang på 9,0 mrd. kroner. Kortsiktige kontolån hadde ein auke på 4,3 mrd. kroner, medan Faste lån, oppteken innanlands hadde ein auke på 0,6 mrd. kroner og Faste innanlandske lån, tilbakekjøpte ikkje nedskrivne, blei nedskrivne med 0,063 mrd. kroner. Sjå tabell 3.3 i vedlegg 3 for ein nærare spesifikasjon av endringa i statsgjelda.

    Med heimel i eigen fullmakt frå Stortinget er det postert 17,2 mill. kroner til kredit kontogruppe 80 og debet konto for forskyving i balansen, for å korrigere feilpostering frå tidlegare år.

  • Note 13. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plasserte i statskassa på konto i Noregs Bank. Dei fonda der staten både eig og kan disponere fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond. Auken for 2007 er på 22,1 mrd. kroner. Av dette utgjer Fondet for forsking og nyskaping 10,4 mrd. kroner. Energifondet hadde ein auke på 0,4 mrd. kroner medan Grunnfond for fornybar energi og energieffektivisering (Grunnfondet) blei oppretta i 2007 med ein kapital på 10,4 mrd. kroner. Sjå tabell 3.1 i vedlegg 3 for detaljar.

  • Note 14. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføre utgifter og inntekter. Verksemdene sine likvide midlar er plasserte i Noregs Bank og viser om lag uendra nivå på 9,3 mrd. kroner. Staten kan nytte denne likviditeten, som blir notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Sjå tabell 3.1 i vedlegg 3 for detaljar.

  • Note 15. Deposita og avsetjingar viser ein auke på 0,5 mrd. kroner. Avsetjinga til Statens pensjonsfond – Utland auka med 0,8 mrd. kroner til 1,5 mrd. kroner, jf. omtale i kapittel 3. Avsetjinga til Statens petroleumsforsikringsfond hadde ein nedgang med 0,4 mrd. kroner.

  • Note 16. Unytta løyvingar som blir overførte til neste budsjettår, blir registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane til 2008 er samla 9,0 mrd. kroner, noko som er 1,1 mrd. kroner lågare enn overført løyving frå 2006. Det er ikkje overførte løyvingar på 90-post (lånetransaksjonar) frå 2007 til 2008.

  • Note 17. Avslutningskontoen viser at staten sin eigenkapital auka i 2007 med 257,2 mrd. kroner frå 2 235,2 mrd. kroner til 2 492,3 mrd. kroner, jf. note 1–16 ovanfor.

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2007 renteinntekter på om lag 17,8 mrd. kroner og renteutgifter på om lag 16,1 mrd. kroner. Netto renteinntekter blei dermed 1,8 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2006 til 2007 gjekk rentene av innanlandsk statsgjeld ned med 8,3 mrd. kroner.

Tabell 4.4 Renter (tal i mill. kroner)

  200520062007
1. Renteinntekter i alt11 42813 89917 847
Renter frå statsbankane og statsføretaka1)7 3277 4528 844
Renter av kapital i statens forretningsverksemd343919
Renter av innskot og andre krav3 3225 5047 678
Renter av lån til helseføretaka1)60158272
Renter av lån til aksjeselskap382363351
Renter frå folketrygda82239
Statens Pensjonskasse, lån til statstilsette295361644
2. Renteutgifter i alt15 77624 31216 056
Av innanlandsk statsgjeld2)15 77624 28016 056
Av utanlandsk statsgjeld0320
Netto renteinntekter/renteutgifter-4 408-10 5711 791

1) Klassifisering er endra frå same tabell i fjor.

2) Renteutgifter for innanlandsk statsgjeld omfattar gjeld under kontogruppe 80 og 81.

Renteutgiftene under kapittel 1650 Statsgjelda, er mellom anna renteutgifter staten har på obligasjons- og vekselgjeld, samt renteutgifter på kontolån frå verksemder som er pålagde å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten. Per 31.12.2007 var statsgjelda 265 348 mill. kroner, jf. vedlegg 3, tabell 3.1 og 3.3. For ei nærare omtale av årsakene til staten sine lån i kapitalmarknaden samstundes som staten er netto fordringshavar, sjå St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 7 (2007 – 2008) Om endring av St. prp. nr. 1 om statsbudsjettet 2008 (Om fullmakt til å ta opp statslån o.a., og om salderinga av statsbudsjettet for 2008). Reduksjonen i renteutgiftene frå 2006 til 2007 kjem av avviklinga av ordninga der Folketrygdfondet kunne plassere midlar som kontolån til staten. Ved avviklinga i 2006 var det eingongsutgifter, samstundes som staten i 2007 ikkje lenger har renteutgifter for slike kontolån.

4.3 Garantiar

Staten kan ikkje gje garantiar som kan føre til tap i seinare terminar utan at Stortinget har gjeve ein garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterar for at låntakar oppfyller pliktene sine overfor långivar.

Tabell 4.3 viser samla garantiansvar etter departement for 2006 og 2007. Per 31.12.2007 har staten gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 55,2 mrd. kroner. Dette er ein auke på om lag 4,2 mrd. kroner frå 2006. Auken kjem i hovudsak av at samla garantiansvar i den alminnelege garantiordninga under GIEK auka med 3,4 mrd. kroner, medan Garanti for grunnkapitalen i Den nordiske investeringsbanken viste ein nedgang på 198 mill. kroner. Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2007 var på 31,8 mill. kroner. Den største delen er utbetalt under den alminnelege garantiordninga under GIEK. I vedlegg 4 kan ein finne meir informasjon om dei einskilde garantiordningane.

Tabell 4.5 Samla garantiansvar for staten per 31.12.2007 (tal i mill. kroner)

  Garantiansvar per 31.12.2006Utbetalt ved tap i 2007Garantiansvar per 31.12.2007
Utanriksdepartementet20,30,418,4
Kommunal- og regionaldepartementet5 859,15 837,7
Helse- og omsorgsdepartementet13,710,2
Barne- og likestillingsdepartementet7,35,4
Nærings- og handelsdepartementet34 931,431,439 631,0
Samferdsledepartementet684,0565,2
Miljøverndepartementet9,34,0
Fornyings- og administrasjonsdepartementet223,0220,1
Finansdepartementet9 230,38 919,9
Sum50 978,431,855 211,9

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Følgjande hovudprinsipp ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Staten sin løyvingsrekneskap og balanse blir ført etter kontantprinsippet, i tråd med Stortinget sitt løyvingsvedtak.

  • Rekneskapen blir kvart år sett opp med rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Ei oversikt over tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter utover 31. desember blir presentert som informasjon i statsrekneskapen.

  • Løyvingsrekneskapen følgjer den inndelinga som Stortinget har fastsett i vedteke budsjett og blir sett opp fullstendig etter denne.

  • Løyvingsrekneskapen blir ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter blir sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien blir sett til historisk nyskaffingsverdi på transaksjonstidspunktet, med unntak av Statens pensjonsfond – Utland og Statens pensjonsfond – Noreg, som nyttar marknadsverdi.

  • Transaksjonar på post 90, Lån, tilbakebetalingar m.v. i løyvingsrekneskapen blir førte i kapitalrekneskapen som auke/nedgang i staten sine eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen blir sett opp basert på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterar til statsrekneskapen, og rapportering frå det einskilde departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemder sitt mellomrekneskap med statskassa er stadfesta av det einskilde departement.

  • Rapporterte betalingar over verksemda sin bankkonto er avstemte mot staten sitt konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Staten sin løyvingsrekneskap blir gjort opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.3. Brutto finansieringsbehov blir sikra ved låneopptak og ved trekk på kontantbehaldninga i Noregs Bank, jf. løyvingsrekneskapen sitt kapitel 5999. Finansieringsbehovet blir ført mot staten sin eigenkapital, jf. avslutningskontoen i kapitalrekneskapen.

Til forsida