St.meld. nr. 31 (2004-2005)

Om samarbeidet i NATO i 2004

Til innhaldsliste

2 Transatlantiske band

2.1 USA og Europa

NATO-samarbeidet i 2004 var prega av store framsteg i omforminga av alliansen, men også av motsetningar mellom USA og sentrale europeiske allierte. Irak-spørsmålet var den viktigaste årsaka til desse motsetningane. I andre spørsmål, mellom anna aktuelle NATO-operasjonar og den vidare utviklinga av samarbeidet mellom NATO og EU, kom det også fram ulike syn.

USA var i ei rekkje tilfelle utolmodige når det gjaldt viljen hos visse europeiske land til å ta større militært ansvar for dei pågåande allierte operasjonane. Det herska ulike oppfatningar om innrettinga av det nye samarbeidsinitiativet for Midtausten-regionen (Istanbul Cooperation Initiative - ICI). Mange europeiske allierte fann seg dårleg til rette med amerikansk tenking og retorikk. Det råda ei kjensle av at ein ikkje forstod kvarandre og opinionen i dei ulike medlemslanda. Sjølv når ein kom fram til konsensus, viste det seg i mange tilfelle at denne ikkje stakk djupt nok til å utløyse vilje til å mobilisere tilstrekkelege ressursar.

I løpet av 2004 har det vakse fram eit ønske om å byggje bru mellom dei allierte og vise at det transatlantiske verdi- og interessefellesskapet står ved lag, og at eit integrert politisk og forsvarsmessig samarbeid framleis må stå sentralt i handteringa av dei felles tryggingspolitiske utfordringane. Såleis har vi i 2004 sett ein aukande vilje frå amerikansk side til å gjere bruk av NATO som hovudforum for konsultasjonar og som ramme for internasjonale operasjonar. Erfaringane frå Irak har nok særleg stått sentralt i denne kursendringa.

Toppmøtet i Istanbul i 2004 vart det naturlege høgdepunktet i denne forsoningsprosessen. Stats- og regjeringssjefane i alliansen blei einige om ein visjon for NATO i det 21. hundreåret, og avtala å tilby hjelp til opplæring av irakiske tryggingsstyrkar, utvide rolla til alliansen i Afghanistan og å etablere eit kvalitativt nytt samarbeid med landa Middelhavsdialogen og i Midtausten-regionen. Det uformelle toppmøtet 22. februar i år understreka denne utviklinga.

Tryggleiken i Noreg vil framleis vere avhengig av eit godt transatlantisk samkvem og vedvarande amerikansk engasjement i Europa. Bevaring av NATO som det førande tryggingspolitiske konsultasjonsforumet er ein føresetnad for at vi skal kunne påverke avgjerder som får følgjer for vår eigen tryggleik, og for å unngå at det dannar seg nye strukturar som vi ikkje deltek i og som kan verke konkurrerande og ikkje supplerande.

Noreg har difor arbeidd for ei styrking av den politiske dialogen innanfor NATO. Dette er viktig for at alliansen skal vere det sentrale forumet for transatlantisk dialog, varetaking av tryggleiken til dei allierte og handtering av nye tryggingspolitiske utfordringar. Noreg er òg positiv til at NATO, i tråd med oppmodinga frå generalsekretæren i FN, vurderer kva rolle alliansen kan spele i handteringa av naturkatastrofar.

Noreg har òg teke til orde for at vi bør sjå på korleis NATO kan medverke til fredsprosessen i Midtausten, i første omgang ved å hjelpe palestinske styresmakter med reformer i tryggingssektoren. Frå norsk side har vi samtidig understreka at auka oppgåver for NATO føreset politisk vilje i medlemslanda til å yte dei ressursane som trengst for å oppfylle ambisjonane i NATO. Tilnærminga vår speglar seg i eit viktig engasjement i alle pågåande allianseoperasjonar.

Mot denne bakgrunnen var det med glede ein såg at NATO-samarbeidet mot slutten av 2004 munna ut i eit felles håp om forsoning og betre samarbeidsklima. Det uformelle toppmøtet 22. februar 2005, der president Bush møtte NATO-kollegaene sine for første gong sidan han vart attvald, understreka dette. Toppmøtet signaliserte ein tydeleg vilje både i Europa og USA til å styrkje dialogen og samarbeidet innanfor NATO. På begge sider av Atlanterhavet ser ein på eit styrkt transatlantisk samarbeid som viktig for å kunne møte dei internasjonale tryggingspolitiske utfordringane.

Den største utvidinga av alliansen nokon gong fann stad 29. mars 2004, då heile sju nye land - Estland, Latvia, Litauen, Slovenia, Slovakia, Romania og Bulgaria - slutta seg til NATO. Somme var urolege for at ein auke i medlemstalet kunne komplisere avgjerdsprosessen i alliansen, men dette har ikkje slått til. Alle dei nye medlemslanda har tvert imot vist stor vilje til å finne konsensusløysingar. Det gode samarbeidet Noreg har hatt med dei sju landa, og då særleg dei tre baltiske statane, er vidareført etter at dei vart fullverdige medlemmer av alliansen.

2.2 Samarbeidet mellom NATO og EU. Tryggings- og forsvarspolitikken i EU.

Eit godt samarbeid mellom NATO og EU er avgjerande både for tryggleiken i Europa og for den samla evna hos dei allierte til å støtte opp om fred og stabilitet også utanfor det europeiske kontinentet. Utvidingane av dei to organisasjonane våren 2004 illustrerer at dei kan spele utfyllande roller i arbeidet med å fremje demokrati og politiske, økonomiske og forsvarsmessige reformer. Ein god partnarskap er særleg viktig for å fullføre arbeidet med stabilisering på Balkan.

Mot denne bakgrunnen var det skuffande å sjå at samarbeidet mellom dei to organisasjonane ikkje hadde særleg framgang i 2004. Rett nok gjekk overføringa av fredsoperasjonen i Bosnia-Hercegovina frå NATO til EU smertefritt. Men det var liten framgang i arbeidet med å forme eit breiare politisk og praktisk samarbeid for å møte felles tryggingsutfordringar. I praksis var dialogen ved utgangen av 2004 innsnevra til spørsmål om operasjonen i Bosnia-Hercegovina og utviklinga av militære kapasitetar, som begge fell inn under dei såkalla «Berlin Pluss»-ordningane.

Det var fleire årsaker til at NATO-EU-samarbeidet ikkje utvikla seg slik ein hadde håpa. Mens Noreg og ei rekkje andre allierte, også fleirtalet av EU-medlemmene, ønskjer eit breitt og forpliktande samarbeid mellom dei to organisasjonane, ønskjer andre EU-land å avgrense samarbeidet av omsyn til eigenarta ved EU og for å redusere den amerikanske innverknaden på europeisk politikk. I tillegg fekk tilhøvet mellom Tyrkia og EU følgjer for samarbeidet mellom NATO og EU. Problema som følgde av det tyrkiske ønsket om eit klarere perspektiv på EU-medlemskap og ei løysing på Kypros-spørsmålet, verka utan tvil inn på tonen, innhaldet og breidda i dialogen mellom dei to organisasjonane.

Frå norsk side stod ein fast på at det militære samarbeidet mellom dei to organisasjonane må tolkast vidt. Samarbeidet bør utviklast til å omfatte eit større mangfald av politiske og militære spørsmål, mellom anna NATO-støtte til planlegging og gjennomføring av EU-leidde operasjonar og samordning av ulike forsvarsplanleggingsdisiplinar. Tett militært samarbeid er viktig for å kunne tilpasse bidraga frå dei allierte ikkje-EU-landa, også vårt eige, etter dei behov EU har ved gjennomføring av operasjonar og ved deltaking i EU-innsatsstyrkar. Frå norsk side har ein difor argumentert for at kontaktordningane må dimensjonerast etter den politiske ambisjonen om å byggje ut ein gjensidig forsterkande partnarskap mellom NATO og EU.

Noreg var ein pådrivar for å utvide samarbeidet frå reint militære spørsmål til område som kamp mot internasjonal terrorisme og mot spreiing av masseøydeleggingsvåpen.

Det er semje mellom dei to organisasjonane om å styrkje koordineringa og kontaktordningane. Ei mellombels ordning med å utstasjonere EU-offiserar ved det militære NATO-hovudkvarteret i Belgia (SHAPE) og i Napoli, og å stasjonere ein NATO-offiser ved EU-militærstaben (EUMS) i Brussel, vart utvida i samband med overtakinga i Bosnia-Hercegovina. Den eine av dei to NATO-offiserane som arbeidde ved EUMS i siste halvdel av 2004, var frå Noreg. Dette var første gongen ein offiser frå eit land utanfor EU fekk plass i EUMS. Arbeid er no i gang i begge organisasjonane for å setje i verk vedtaket frå desember 2003 om å opprette permanente militære kontaktordningar, mellom anna ei EU-celle ved SHAPE og ein permanent NATO-liaison ved EUMS. Siktemålet er å få desse ordningane på plass i første halvdel av 2005.

Arbeidet i EU med å styrkje den felles europeiske tryggings- og forsvarspolitikken (ESDP) held fram, i tråd med dei politiske EU-målsetjingane. EU ønskjer å ta større ansvar i internasjonale spørsmål. Dette vil på sikt medverke til ei jamnare byrdefordeling mellom Europa og USA. Ei slik utvikling vil vi vere tente med på begge sider av Atlanteren.

I desember tok EU over den militære NATO-operasjonen i Bosnia-Hercegovina, der Noreg deltek. Dette er til no det desidert største militære engasjementet EU har teke på seg. Vi må rekne med at ein vellukka operasjon vil styrkje ønsket frå EU-hald om å vidareutvikle forsvars- og tryggingspolitikken ytterlegare.

Andre uttrykk for styrkinga av tryggings- og forsvarspolitikken i EU er vedtaka om å etablere innsatsstyrkar og å inngå eit tettare samarbeid om forsvarsmateriell.

Etablering av innsatsstyrkar er viktig for at EU skal evne å støtte FN i krisehandteringsoperasjonar. Dette vil kunne gjere det lettare for FN å gripe tidleg inn i regionale konfliktar og styrkje det internasjonale samfunnet i arbeidet med krisehandtering, med særleg vekt på Afrika. Dette er bakgrunnen for at Noreg vedtok å gå saman med Sverige og Finland i ein nordisk innsatsstyrke på inntil 150 mann. Deltakinga i styrken er ei vidareføring av norsk støtte til ein felles europeisk tryggings- og forsvarspolitikk og av deltakinga i dei militære og sivile krisehandteringsoperasjonane i EU.

Arbeidet med å opprette ein nordisk innsatsstyrke går som planlagt, og vi er no i ferd med å fullføre avtalegrunnlaget med Sverige og Finland om etableringa av styrken. Vi har òg hatt ei brevveksling med EU som klargjer dei sentrale føresetnadene for norsk deltaking.

På norsk side har vi dessutan arbeidd for å sikre god tilgang til EU-organet for forsvarsmateriell (European Defense Agency - EDA), som tredde i funksjon 1. januar 2005. Ein bilateral avtale vil bli underteikna våren 2005. Avtalen gjeld dei administrative rammene for samarbeidet, og inneber ingen folkerettslege plikter. Det vert etablert ei konsultasjonsordning for gjensidig informasjonsutveksling på heile arbeidsfeltet til EDA. Samtidig opnar avtalen for norsk deltaking i prosjekta og programma til EDA. Samarbeidet med EDA vil slik sett utgjere eit sentralt element i det forsvarspolitiske samarbeidet mellom Noreg og EU.

Til forsida