St.meld. nr. 31 (2008-2009)

Kredittmeldinga 2008

Til innhaldsliste

2 Finansiell stabilitet

Finansiell stabilitet inneber at det finansielle systemet er solid nok til å handsame forstyrringar i og frå økonomien, og såleis at det evnar å formidle finansiering, utføre betalingar og omfordele risiko på ein tilfredsstillande måte. For å tryggje finansiell stabilitet er det ein føresetnad at finansinstitusjonane har tilstrekkelege kapitalbufferar til å handsame tap, at finansmarknadene har reglar som fungerer under stress, og at tryggleiken i betalingssystema er forsvarleg.

Arbeidet med å tryggje finansiell stabilitet er i Noreg delt mellom Finansdepartementet, Noregs Bank og Kredittilsynet. Finansdepartementet har eit overordna ansvar for ein velfungerande finansmarknad, særleg med omsyn til rammevilkåra for marknadene og institusjonane. Noregs Bank og Kredittilsynet skal medverke til at det finansielle systemet er robust og effektivt. Noregs Bank og Kredittilsynet overvaker difor finansinstitusjonane, verdipapirmarknadene og betalingssystema for å avdekkje element som kan truge stabiliteten i det finansielle systemet. Kredittilsynet fører òg tilsyn med finansinstitusjonane og marknadsplassane.

Dette kapitlet omtalar først den eksepsjonelle uroa som har herja i finansmarknadene, internasjonalt og i Noreg, frå sommaren 2007 og fram til i dag, og vidare nokre av dei tiltaka som har vorte sette i verk for å stagge dei uheldige utslaga av finanskrisa. Deretter følgjer ei vurdering av dei rådande realøkonomiske forholda her heime og i verdsøkonomien. Risikoane som ligg i dei norske finansmarknadene, både for finansinstitusjonane og for det finansielle systemet, blir drøfta i avsnitt 2.3. Til slutt i kapitlet kjem omtale av utviklinga i finansmarknadene og av resultata til finansinstitusjonane. Bakgrunnsinformasjon og talmateriale til kapitlet er i stor mon basert på rapportering frå Noregs Bank og Kredittilsynet.

Det er etablert såkalla trepartsmøter mellom Finansdepartementet, Kredittilsynet og Noregs Bank mellom anna for å handsame og koordinere arbeidet for finansiell stabilitet. I utgangspunktet finn desse møta sted kvart halvår, men fleire møter haldast ved behov. I 2008 hadde ein fire slike møter, medan ein så langt i 2009 har hatt to møter.

2.1 Krise på finansmarknadene

I meir enn eitt og eit halvt år har finansmarknader rundt om i verda vore i ulage. Uroa som byrja i USA, spreidde seg frå september 2008 snøgt gjennom dei tett samanvovne internasjonale finansmarknadene. Krisa gav òg kraftige utslag i Noreg.

2.1.1 Dårlege lån og uro på finans­marknadene

Problema på den amerikanske bustadmarknaden kom særleg til syne i det såkalla «subprime»-segmentet. Som omtala i Kredittmeldinga 2007 er dette lån til låntakarar med låg kredittverdigheit, dårleg tilbakebetalingshistorikk, og svak personleg økonomi. For kreditt til denne gruppa kravde bankane høge renter, og sikkerheit i bustaden. Omfanget av desse låna auka kraftig frå tidleg på 1990-talet og fram til 2007, då om lag 15 prosent av amerikansk bustadgjeld var kategorisert som «subprime».

I byrjinga av 2007 gjekk mange av «introduksjonstilboda» til amerikanske bustadlåntakarar mot slutten. Låneformidlarar hadde fram til då i stor grad lokka med lån med låge, faste renter på dei første avdraga. Då desse vilkåra vart erstatta av høgare, flytande renter, fekk mange problem. Samstundes var det gjengse rentenivået på veg oppover. Ved utgangen av 2006 låg den amerikanske styringsrenta høgare enn fem prosent, og hadde gått opp heile fire prosenteiningar frå 2004. Veksten i dei amerikanske bustadprisane på 2000-talet var langt høgare enn inntektsveksten til amerikanske hushald. Prisveksten snudde nedover i midten av 2006, men heldt seg positiv fram til byrjinga av 2007. Fallet som då kom i bustadprisane vart etter kvart forsterka av ein kraftig auke i tvangssal av bustadeigedomar som følgje av misleghald, og sidan av forventningar i marknaden om vidare prisfall.

Tap på misleghaldne bustadlån spreidde seg, gjennom verdipapir utferda av långivarane, til store delar av den amerikanske finansmarknaden. Bankar som ytte «subprime»- og andre lån, pakka ofte desse saman og selde dei vidare som verdipapir til andre bankar, finansinstitusjonar, fond og investorar i form av obligasjonar med førerett, eller dei vart pakka saman og selde i komplekse verdipapir («collateralised debt obligations» eller CDO-ar). Denne verdipapiriseringa av bustadlån tillét ei deling av risikoen som var knytt til låna, men skapte òg eit uoversiktleg bilete av kven det var som måtte bere eventuelle tap. Nær 60 prosent av amerikanske bustadlån var i 2007 verdipapiriserte.

Uvisse om omfanget av finansinstitusjonane sine eksponeringar mot dei samansette verdipapira med innslag av dårlege bustadlån, og igjen uvisse om kor eksponerte sjølve verdipapira var mot dei dårlege låna, slo ut i kraftig uro på finansmarknadene sommaren 2007. Bustadlånspapira fall i verdi, samstundes som investorar kravde høgare risikopåslag på andre typar verdipapir. I juni vart tiltrua i marknaden svekt etter konkursar i to store hedgefond forvalta av Bear Stearns (som sjølv vart overteke av JPMorgan eitt år seinare). Utviklinga på børsane var turbulent utover hausten 2007, men verdiane heldt seg i hovudsak oppe på grunn av sterk tru på vidare økonomisk vekst.

Uroa var særleg høg i marknaden for lån og innskot mellom bankane, interbankmarknaden. Bankane si tiltru til kvarandre fall i takt med uvissa om tapseksponeringar, og gav seg utslag i høgare renter, dyrare kredittrisikoforsikringar, og auka behov for tilskot av likviditet frå sentralbankane. Mange internasjonale (særleg amerikanske) bankar måtte ta tapsutsette bustadlånspapir inn i balansen, og marknaden vart uviss på kor store tap ein eigentleg måtte sjå føre seg i dei enkelte bankane. Bankar fekk vanskar med å sikre nye lån, samstundes som rentene på dei låna som vart innvilga, gjekk kraftig opp.

Forskjellen mellom pengemarknadsrentene og styringsrentene internasjonalt, er vanlegvis på om lag 0,15 prosenteiningar. Frå august 2007 vart påslaget radikalt endra. I USA, Storbritannia og i eurolanda låg tremånaders pengemarknadsrente mellom ein halv og ei prosenteining høgare enn styringsrenta gjennom hausten, medan den norske marknadsrenta heldt seg mellom ein kvart og trekvart prosenteiningar høgare enn styringsrenta frå Noregs Bank. Forskjellen på rentene gjekk noko ned i september 2007, men skaut opp igjen i november etter at bankane måtte justere opp tapsforventningane. Prisen på såkalla «credit default swaps» (CDS-ar), eller forsikringar mot kredittrisiko, mangedobla seg for internasjonale finansinstitusjonar frå hausten 2007, og etterspurnaden etter sikre statspapir auka kraftig. I september 2007 melde Bank of England at ein stod parat til å gi storbanken Northern Rock likviditetsstønad. Uvissa om banken sin økonomi utløyste eit såkalla «run» frå innskytarar som ville tømme kontoane sine i banken. Northern Rock vart overteken av britiske styresmakter i februar 2008.

Medan aksjemarknadene elles synte moderate fall, fall aksjeverdien av internasjonale bankar dramatisk på børsane fram mot sommaren 2008, somme med meir enn 60 prosent.

2.1.2 Frå uro til krise på dei internasjonale finansmarknadene

I løpet av første del av 2008 forsvann tiltrua på vidare vekst i verdsøkonomien. Bustad- og verdipapirprisar fall etter kvart som framtidsutsiktene vart mørkare og meir uvisse. Problema spreidde seg raskt til andre sektorar i økonomiane. Samstundes var problema på pengemarknadene aukande, og mangel på likviditet tvinga fram sal av eigedelar for å frigjere midlar. Sidan eigedelar førast til marknadsverdi i bankane sine balansar, fekk finansinstitusjonar og investorar store rekneskapsmessige tap gjennom hausten. Sal av verdipapir for å sikre likviditet og minske risikoeksponering bidrog til auka tilbod av verdipapir og difor òg truleg til vidare prisfall på verdipapira.

Trass i fleire omgangar med likviditetstiltak frå sentralbankane, fungerte pengemarknadene dårleg sommaren 2008. Høgare motpartsrisiko, tillitssvikt og frykt for ei vidare systemkrise hindra normal flyt av kreditt bankane imellom, og mellom bankar og publikum.

Dei to store amerikanske bustadlånsinstitusjonane Fannie Mae og Freddie Mac mista tiltru i marknaden gjennom sommaren, i takt med at marknadsverdien på eigedelane deira fall markant. Etter nedgangen i bustadprisane, og framleis uvisse knytt til mogelege tap på subprimelån, trudde ikkje marknaden at institusjonane var solide nok til handsame forpliktingane sine, og sende aksjekursane ned over 90 prosent frå nivået eitt år tidlegare. Trass i ein hjelpeaksjon med billige sentralbanklån måtte amerikanske styresmakter ta over både Fannie Mae og Freddie Mac i byrjinga av september 2008. Då åtte (direkte eller gjennom garantiar) desse to institusjonane halvparten av alle amerikanske bustadlån, til saman verde om lag 6 billionar dollar.

Etter konkursen 15. september 2008 i investeringsbanken Lehman Brothers kom finansmarknadene verda over inn i ein svært alvorleg situasjon. Lehman Brothers var ikkje berre eit døme på ein bank som gjekk over ende etter å ha mista marknadens tillit, og som leidde til at meir kritisk lys og uvisse vart retta mot andre bankar. Banken hadde òg omfattande og systemviktig internasjonal verksemd, verda over, og konkursen leidde til noko nær eit samanbrot i delar av marknadene.

Det største forsikringsføretaket i verda, AIG, var 16. september 2008 nær ved å følgje Lehman Brothers og slå seg konkurs. AIG tok hausten 2008 store tap på kredittforsikringar, og vart tvinga til å likvidere eigedelar etter at dei vart nedgradert av ratingbyråa. Problema i AIG var særleg knytt til eit dotterføretak som hadde selt CDS-ar i stor mon. For å hindre eit totalt samanbrot i finanssystemet gjekk amerikanske styresmakter 16. september inn med 85 milliardar dollar, og overtok nær 80 prosent av AIG.

USAs største sparebank, Washington Mutual, vart mot slutten av september sett under administrasjon, og eigedelane vart seinare delvis selde til JPMorgan Chase. Den kjende investeringsbanken Merrill Lynch vart 14. september 2008 overteken av Bank of America, og den 22. september annonserte dei to siste store investeringsbankane, Morgan Stanley og Goldman Sachs, at dei endra føretaksform til vanlege forretningsbankar. Felles for desse føretaka var deira eksponering mot dårlege bustadlånpapir, og låg eigenkapital samanlikna med storleiken på verksemdene. OECD har anslått at dei subprimerelaterte tapa i Washington Mutual utgjorde meir enn to gonger kjernekapitalen til banken, og i Merill Lynch meir enn 1,5 gonger kjernekapitalen. Ein føresetnad for vidare drift i føretaka var fornya marknadsfinansiering, noko berre Morgan Stanley og Goldman Sachs greidde gjennom å gjere seg om til vanlege bankar og tiltrekkje seg innskot frå personkundar (og dermed kvalifiserte dei seg òg for deltaking i særskilde likviditetstiltak frå den amerikanske sentralbanken).

Boks 2.1 Danske og svenske finansinstitusjonar ramma av finanskrisa

Danmark er det nordiske landet der det har skjedd flest strukturendringar i kjølvatnet av finanskrisa. I august overtok Danmarks Nationalbank og Det Private Beredskab aktiva og forpliktingane til Roskilde Bank, bortsett frå ansvarleg lånekapital og hybrid kjernekapital. Bankens filialar vart selde i september. Før overtakinga hadde banken hatt betydelege utlånstap med påfølgjande likviditetsproblem og soliditetsproblem. I november vart EbH Bank overteken av styresmaktene. EbH Bank har hatt ein særleg sterk utlånsvekst dei seinare åra og store tap på lån til eigedomssektoren. I tillegg er ti andre bankar overtekne av eller fusjonerte med andre bankar. Bankane som forsvann i 2008, hadde ein forvalta kapital på i overkant av 100 milliardar danske kroner, eller om lag tre prosent av samla forvalta kapital i danske bankar. Bankane som vart avvikla, skil seg frå andre bankar ved høg utlånsvekst, store lån til eigedomssektoren og låg innskotsdekning.

I Sverige vart Carnegie Investment Bank og dotterselskapet Max Matthiessen Holding AB overtekne av styresmaktene i november 2008 som følgje av brot på regelverket om største enkeltengasjement og likviditetsproblem. I februar 2009 vart banken si verksemd seld.

Også dei største nordiske finanskonserna er påverka av den internasjonale finanskrisa og avmatinga i internasjonal økonomi i 2008. Særleg dårleg resultat har Danske Bank for 2008. Banken sitt resultat er negativt påverka av finanskrisa, fallande aksjemarknader og den generelle økonomiske avmatinga som har gitt store tap på utlån og nedskriving av goodwill i den irske verksemda. Tapa var størst i Danmark og i Irland og i hovudsak knytte til næringslivslån og finansielle motpartar. Banken har utgifter knytte til deltakinga i den danske statsgarantiordninga for bankars innlån og visse typar gjeld som vart innførte i oktober 2008, men det verkar rimeleg å anta at den samla verknaden av denne statsgarantiordninga er positiv for bankane.

Figur 2.1 Sentrale tal for dei største nordiske bankane i 2007
 og 2008.

Figur 2.1 Sentrale tal for dei største nordiske bankane i 2007 og 2008.

Kjelde: Kredittilsynet (kvartalsrapportar).

Swedbank er særleg råka av det økonomiske tilbakeslaget i Baltikum, der banken har ei omfattande verksemd. Tap i Baltikum utgjorde om lag halvparten av Swedbanks utlånstap i 2008. Tapa er i fyrste rekkje relaterte til privatkundar og eigedomsselskap i Latvia og Estland. Swedbanks resultat i 2008 er òg påverka av ei nedskriving av goodwillen knytt til ukrainske OJSC Swedbank, som vart kjøpt i 2007. I november 2008 slutta Swedbank og Swedbank Hypotek seg til det svenske garantiprogrammet som vart innført i oktober. I januar gjennomførte banken ein emisjon som heva kjernekapitaldekninga.

I tida som følgde fekk fleire bankar i USA og Europa problem både med eigen likviditet og med naudsynt tiltru i marknaden. Wachovia (USA), Dexia (Belgia), Fortis (Belgia/Nederland), Hypo Real Estate (Tyskland) og Bradford & Bingley (Storbritannia) var blant dei som vart redda anten av styresmaktene, eller gjennom samanslåingar eller kapitalutvidingar. Fleire av desse bankane var òg hardt råka av subprimerelaterte tap. Likevel vart det etter kvart meir og meir tydeleg at òg andre sider ved krisa hadde kraft i seg til å felle bankane.

I Norden vart dei tre største bankane på Island sette under offentleg administrasjon i oktober, medan fleire danske bankar fekk alvorlege problem gjennom hausten 2008 (sjå Boks 2.1 og 2.2). Åtte kriseramma danske bankverksemder vart avslutta i 2008, anten gjennom overtakingar frå andre bankar, eller gjennom avvikling. Den største av desse verksemdene, Roskilde Bank med ein forvaltningskapital på 37 milliardar danske kroner, vart overteken av den danske sentralbanken og sidan seld til ei privat bankgruppering. I Sverige har styresmaktene gitt stønad til to finansinstitusjonar, og sett meklarhuset Carnegie under administrasjon (som sidan er selt vidare).

Boks 2.2 Bankane på Island

Med låge renter tidleg på 2000-talet auka investeringane, bustadprisar, forbruk og gjeld kraftig på Island. For å dempe den høge prisstiginga som følgde, sette sentralbanken opp renta, noko som gjorde det attraktivt å låne i valutaer med låge renter, og plassere midlane i islandske kroner. Samstundes utvida dei islandske bankane si verksemd utanfor Island, gjennom å ta opp store lån i internasjonale kapitalmarknader, som sidan vart investerte i marknader og eigedelar med høg risiko. Den samla forvaltningskapitalen til bankane steig mykje fram mot 2008, og utgjorde då over ni gonger Island sitt brutto nasjonalprodukt. Til samanlikning utgjer den samla forvaltningskapitalen til dei norske bankane om lag 1,15 gonger norsk brutto nasjonalprodukt ved utgangen av 2008.

Utover hausten 2008 fekk dei islandske bankane stadig større problem med å finansiere seg, og marknaden mista etter kvart tiltru til at bankane kunne gjere opp for seg. Storleiken på banksektoren jamført med den islandske økonomien spreidde òg uvisse om Island kunne handsame ei større bankkrise.

I slutten av september 2008 greip sentralbanken inn og kjøpte 75 prosent av storbanken Glitnir for 600 millionar euro. Etter at Alltinget 6. oktober 2008 vedtok ei kriselov som gav islandske styresmakter høve til å ta kontroll over finansinstitusjonar, melde det islandske finanstilsynet 7. oktober at dei hadde sett Landsbanki under offentleg administrasjon. Glitnir og Kaupthing vart sette under offentleg administrasjon høvesvis den 8. og 9. oktober

Samstundes som dei islandske finansinstitusjonane braut saman, stupte den islandske krona i verdi mot dei fleste valutaer. I løpet av 2008 fall verdien av krona mot euroen med meir enn 50 prosent, og i slutten av oktober sette sentralbanken opp renta med seks prosenteiningar for å styrkje etterspurnaden etter islandske kroner. Islandske styresmakter anslår sjølv at bruttonasjonalproduktet i landet vil falle med om lag ti prosent i 2009.

Island trefte i november 2008 avtale med Det internasjonale valutafondet om eit stabiliseringsprogram for økonomien, og det vart berekna at landet har eit samla finansieringsbehov på fem milliardar dollar. Valutafondet har løyva eit lån på vel to milliardar dollar, medan resten vil kome frå einskilde lånegivarar. Noreg har saman med dei andre nordiske landa lova å løyve eit mellomlangsiktig lån tilsvarande 2,5 milliardar dollar i 2009, kor det norske bidraget vil utgjere 675 millionar dollar. Stabiliseringsprogrammet og den nordiske innsatsen for Island er òg omtala i kapittel 6 om verksemda til Det internasjonale valutafondet.

Figur 2.2 Skilnad i prosenteiningar mellom forventa styringsrenter og
 tremånaders penge­marknadsrenter i Noreg, USA
 og hos handelspartnarane til Noreg. Juni 2007 til 
 mars 2009.

Figur 2.2 Skilnad i prosenteiningar mellom forventa styringsrenter og tremånaders penge­marknadsrenter i Noreg, USA og hos handelspartnarane til Noreg. Juni 2007 til mars 2009.

Kjelde: Reuters EcoWin og Noregs Bank.

Figur 2.3 Hovudindeksen på Oslo Børs og andre børsar
 frå januar 2004 til mars 2009. Gjennomsnittlege månadstal,
 januar 2004 = 100.

Figur 2.3 Hovudindeksen på Oslo Børs og andre børsar frå januar 2004 til mars 2009. Gjennomsnittlege månadstal, januar 2004 = 100.

Kjelde: Reuters Ecowin.

Figur 2.2 syner at kronerentene og rentene hos handelspartnarane til Noreg, til tider låg meir enn to prosenteiningar over forventa styringsrenter frå dei respektive sentralbankane. Påslaga i dollarmarknaden har vore særleg høge, og rentepåslaga her var i september 2008 oppe i nesten fire prosenteiningar. Sidan utgangen av fjoråret har pengemarknadsrentene gått i retning av meir normale nivå, men ligg framleis godt over det som var rekna som «normalt» før sommaren 2007.

Aksjekursane i Europa og USA fall omkring 25 til 45 prosent gjennom 2008, sjå figur 2.3. Nedgangen kom hovudsakleg i fjerde kvartal og var brei og omfattande, men ramma særleg bankar og andre finansinstitusjonar.

Ifølgje Det internasjonale valutafondet (IMF) har internasjonale bankar fram til januar 2009 varsla at dei har tapt eller skrive ned eigedelar for om lag 790 milliardar dollar. Mesteparten av tapa kjem frå urealiserte kurstap på obligasjonar, bustadlånpapir og andre verdipapir, som bankane etter rekneskapsreglane måtte bokføre til marknadsverdi. Valutafondet sitt anslag i april 2008 om at samla tapsnedskrivingar relaterte til amerikanskutferda gjeldspapir av ulike slag ville utgjere om lag ein billion dollar på verdsbasis, er sidan oppjustert to gonger. I oktober 2008 vart talet heva til vel 1 400 milliardar dollar, medan talet i januar 2009 var 2 200 milliardar dollar.

2.1.3 Krisa slår inn på den norske finansmarknaden

Dei norske finansinstitusjonane har ikkje vore like hardt råka av krisa internasjonalt som ein del utanlandske institusjonar. Dette kjem mellom anna av at norske finansinstitusjonar ikkje har hatt subprimerelaterte tap i særleg grad. Norske finansmarknader har like fullt vorte påverka. Særleg har kursane på aksjane til institusjonane vore utsette for ein veldig nedgang på Oslo Børs. Marknadsverdien til dei to største børsnoterte finansinstitusjonane i Noreg, DnB Nor og Storebrand, minska til dømes med høvesvis 67 prosent og 70 prosent i 2008.

Når norske bankar har klart seg forholdsvis godt samanlikna med utanlandske føretak, kjem dette mellom anna av at dei har tapt mindre på dårlege verdipapir, har hatt høg innskotsdekking (som gjer bankane mindre avhengige av andre innlån i marknaden) og solide balansar etter fleire år med god inntening. Norske bankar, i motsetnad til bankar i Danmark, Sverige, og særleg Island, hadde ikkje stor verksemd i utlandet då krisa trefte, og dette har dempa dei direkte impulsane til norske bankar frå krisa ute.

Norske statsfinansar er særs solide rekna i internasjonal samanheng. Dette har òg gagna finansinstitusjonane med omsyn til marknaden si tiltru til banksystemet, og til at styresmaktene har evne til å handsame eventuelle problem. Like fullt har norske bankar vorte meir sårbare for internasjonal påverknad dei siste åra, mellom anna gjennom lågare innskotsdekning. Bankane har såleis gjort seg meir avhengige av finansiering på marknaden.

Boks 2.3 Nibor-renta

Ein sentral del av den norske pengemarknaden er Nibor-marknaden («Norwegian Interbank Offered Rate»). Sidan midten på 1980-talet har norske og utanlandske bankar nytta seg av Nibor-marknaden for å skaffe seg norske kroner, og det er her dei norske referanserentene blir fastsette. Nibor-rentene (med ulike løpetider) blir fastsette i marknaden ut frå tilbod og etterspurnad etter norske kroner, og ut frå rentene på lån i dollar. Handlar på Nibor-marknaden går føre seg ved at bankane tek opp lån i dollar i pengemarknaden i London, og så vekslar dette om til kroner. Nibor-rentene er difor avhengige av dollarrentene og forventa valutakursutvikling (sidan lånet ein gong må betalast tilbake i dollar).

Nivået på Nibor-rentene er òg avhengig av styringsrenta frå Noregs Bank, sidan bankar som har overskot av kroner, kan setje desse inn på konto i sentralbanken til ei viss rente (styringsrenta), medan bankar som har kroneunderskot, kan låne kroner frå sentralbanken (til styringsrenta pluss ein prosenteining). Styringsrenta frå Noregs Bank (foliorenta) er renta på innskot i eitt døgn, og utgjer såleis eit golv for dei kortaste marknadsrentene; ingen bankar vil låne ut til ei rente lågare enn den dei kan få frå sentralbanken. Dei lengre (enn eitt døgn) rentene blir òg påverka av styringsrenta, men i mindre mon, noko til dømes utviklinga i tremånadersrentene (Nibor) hausten 2008 illustrerte tydeleg. Dei høge pengemarknadsrentene (og dei høge svingingane i desse) som kom til syne i fjor, hadde (og har framleis) samanheng med uvanleg høge risikopåslag på marknadsrentene på dollarlån.

Figur 2.2 og 2.4 syner den dramatiske utviklinga i den norske pengemarknaden hausten 2008. I september, etter konkursen i Lehman Brothers i USA, skaut pengemarknadsrenta i vêret. Bankane i Noreg, i likskap med bankane internasjonalt, heldt på eigne midlar av omsyn til uviss motpartsrisiko og eige ønske og krav til likviditet. Sidan bankane i Noreg i hovudsak låner ut til publikum med vilkår om flytande renter, har dei òg stilt seg slik at dei har flytande renter på deler av innlåna sine. Såleis slo dei høge marknadsrentene snøgt inn på bankkostnadene, og bankane var snare med å setje opp rentene på utlåna til publikum, jamfør figur 2.4. Bankane stramma òg inn på utlån til hushald og føretak. (Dette er nærare omtala i avsnitta 2.3.1 og 2.4.1 nedanfor.)

Figur 2.4 Styringsrenta frå Noregs Bank, tremånaders
 pengemarknadsrente og vekta utlånsrente frå bankane
 i prosent. Mai 2007 til mars 2009.

Figur 2.4 Styringsrenta frå Noregs Bank, tremånaders pengemarknadsrente og vekta utlånsrente frå bankane i prosent. Mai 2007 til mars 2009.

Utlånsrentene er vekta ut frå forvaltningskapitalen i bankane og omfattar renter på nye bustadlån (inntil ein million kroner og innanfor 60 prosent av verdien på bustaden). Tala er frå 3. mai 2007 til 19. mars 2009.

Kjelde: Reuters EcoWin, Statistisk sentralbyrå og Noregs Bank.

Figur 2.5 Effektiv rente på 10-årige statsobligasjonar
 i prosent. Januar 2008 til mars 2009.

Figur 2.5 Effektiv rente på 10-årige statsobligasjonar i prosent. Januar 2008 til mars 2009.

Kjelde: Noregs Bank.

Boks 2.4 Kapitaldekningsreglar og medsyklikalitet

Bankar og andre finansinstitusjonar skal, i medhald av regelverket, ha ein buffer i form av ansvarleg kapital for å ha evne til stå imot den risikoen for tap som dei tek på seg gjennom verksemda si. Den ansvarlege kapitalen tener som eit vern for innskytarar, dei som er forsikra, og for kreditorar og i mange tilfelle også for samfunnet. Eigarane blir oppmoda til forsvarleg drift gjennom at dei sjølv risikerer å tape innskoten eigenkapital viss drifta gir underskot. Minstekravet til kapitaldekning i norske finansinstitusjonar er at ansvarleg kapital skal utgjere minst åtte prosent av berekningsgrunnlaget, medan kjernekapitaldekninga må vere på minst fire prosent. Detaljar for berekning av kapitaldekning er gitt i forskrift 1. juni 1990 nr. 435.

Berekningsgrunnlaget er den risikovigde verdien av eigedelane til finansinstitusjonane. Etter dei tidlegare internasjonale reglane for kapitaldekning som gjaldt fram til desember 2007, Basel I-reglane, skulle berekningsgrunnlaget fastsetjast ut frå faste risikovekter på ulike eigedelar. Desse sjablongvektene for risiko innebar at eigedelsporteføljar som etter reglane gav like minstekrav til kapital, kunne variere mykje med omsyn til risiko.

Dei nye reglane, Basel II-reglane, vart sett i kraft 1. januar 2007. Desse reglane har som føremål å knyte kapitalkravet nærare saman med dei reelle risikoane. Bankane må anten nytte seg av ein standardmetode for utrekning av kapitalkravet, eller av eigne interne modellar. Standardmetoden inneber at verdipapireigedelane til bankane skal risikovektast i balansane ut frå kredittvurderingar frå ratingbyrå der desse finst, men reglane er elles mykje som i dei tidlegare reglane. Bankar som nyttar interne modellar, skal òg vekte verdipapir ut frå kredittrating, men desse bankane kan alternativt risikovekte eigedelar ut frå eigen risikohistorikk for til dømes ulike motpartar. Basel II-reglane gjer såleis berekningsgrunnlaga til bankane meir følsame for økonomiske opp- og nedturar.

Omgrepet «medsyklikalitet» kan omfatte fleire fenomen. Både i dei nye og dei gamle kapitaldekningsreglane ligg det at minstekravet til kapitaldekning i ein bank vil auke om verdien på dei underliggjande sikkerheitene i eit utlån blir redusert. Dette gjer at bankane ved til dømes fall i bustadprisane må hente inn meir kapital (eller stramme inn på kredittgivinga) for å halde ved like kapitaldekninga. Om bustadprisane stig, kan bankane låne ut meir til hushald og føretak, utan å auke kapitalmengda, og utan at kapitaldekninga fell. I gode tider er det difor ein fare for at bankane låner ut for mykje, medan dei i dårlege tider kan vere for tilbakehaldne med kreditt. Såleis kan kredittløyvinga frå bankane lett forsterke økonomiske opp- og nedturar, og ein seier då at kredittløyvinga rører seg med syklusane i økonomien.

Verdivurderingar av eigedelar til verkeleg verdi, såkalla «mark-to-market», tilfører ein ny dimensjon til medsyklikaliteten som er nemnt ovanfor. I tider med stigande prisar på verdipapir og andre eigedelar vil rekneskapsført eigenkapital i bankane auke, og såleis også kapitaldekninga. Dette tillet at bankane tek på seg høgare risiko og aukar balansen, til dømes gjennom å låne ut meir til publikum. Når prisane fell, fell òg den rekneskapsførte eigenkapitalen til bankane, saman med kapitaldekninga. For å halde ved like kapitaldekninga må bankane anten redusere balansen (gjennom til dømes å strame inn på utlåna) eller hente inn meir kapital. Det ligg difor òg ein fare i at auka bruk av verkeleg verdi vil forsterke dei sykliske svingingane i bankane sin trong til eigenkapital og verksemdsvekst.

Innlån frå pengemarknaden var ikkje berre særs kostbare, dei var til tider heller ikkje tilgjengelege. Fleire handelsdagar i september 2008 hadde særs låg omsetnad, og den 16. september vart ikkje Nibor-renta eingong fastsett. Berre ekstraordinære tiltak frå Noregs Bank tryggja heilt naudsynt likviditet til norske bankar. Utviklinga i pengemarknaden reflekterer ein meir gjengs uvilje mot å ta på seg risiko. Figur 2.5 viser at bankar, fond og investorar i stor mon omplasserte midlane sine til trygge statspapir i staden for i marknaden elles. Den høge etterspurnaden etter desse papira pressa dei effektive rentene på papira ned.

Som nemnt ovanfor har verdiane på Oslo Børs vorte kraftig reduserte i 2008. Auka uvilje mot å ta på seg risiko og auka uvisse knytt til inntening og soliditet i norske føretak har gitt lågare marknadspris på partar i føretaka, og til tider særs låg omsetjing av verdipapir. Utanlandske investorar har trekt seg ut av den norske verdipapirmarknaden, og prosentdelen av føretaka som er noterte på Oslo Børs og åtte av utlendingar, fall frå 41 til 33 prosent gjennom 2008. Samstundes har verdipapirfond selt seg ned for å kunne løyse inn partseigarar. Auka tilbod og svekt etterspurnad etter verdipapir har bidrege til lågare verdsetjing av aksjar og andre verdipapir.

Utviklinga på Oslo Børs frå 2004 er teikna inn i figur 2.3. Medan verdiane på børsane no er omtrent tilbake på nivået for fem år sidan, har fallet på Oslo Børs vore meir dramatisk. Berre frå september til november 2008 fall verdiane med heile 55 prosent. Ein del av det særlege norske børsfallet kan forklarast med det kraftige prisfallet på olje og andre råvarer i 2008. Av bransjeindeksane har energi- og finansindeksen falle mest.

Figur 2.6 Utviklinga i råvareprisar (spotprisar). Gjennomsnittlige
 månadstal i US dollar per fat og US dollar per tonn. Januar
 2001 til mars 2009.

Figur 2.6 Utviklinga i råvareprisar (spotprisar). Gjennomsnittlige månadstal i US dollar per fat og US dollar per tonn. Januar 2001 til mars 2009.

Kjelde: Reuters Ecowin.

Sommaren 2008 var den norske krona historisk sterk målt mot internasjonale valutaer. Investorar søkte seg hausten 2008 etter kvart bort frå valutaene til mindre land, og særleg frå valutaene til kriseramma Island og Ungarn, då frykt for statsfinansielle problem spreidde seg. Sjølv om omdømmet til dei norske statsfinansane ikkje var svekt, trekte internasjonale investorar seg frå kronemarknaden til føremon for dei større valutaene. Kraftig prisfall på olje bidrog òg til ei svekking av krona. Mot slutten av 2008 var krona, jamført med valutaene i dei landa Noreg handlar mest med, svakare enn på ti år.

Dei kraftige svingingane på verdipapir- og pengemarknadene roa seg noko mot slutten av 2008, samstundes som utlånsrentene frå bankane til publikum vart sette ned.

Boks 2.5 Bustadmarknadene i 2008

Veksten i dei norske bustadprisane var på veg ned før finansuroa starta, men fallet i bustadprisane kom for alvor i 2008. Frå desember 2007 til desember 2008 fall bustadprisane med 9,2 prosent, jamfør figur 2.7. Fleire faktorar, både på tilbods- og etterspurnadssida, har medverka til nedgangen i bustadprisane det siste året. Ein markert auke i renta for bustadlån frå 2006 til slutten av 2008 og strammare kredittpraksis i bankane har truleg vore viktig. Truleg har òg lågare forventningar til prisvekst for bustader og uvanleg stor uvisse om den økonomiske utviklinga medverka til at fleire har venta med å kjøpe eigen bustad, og til at fleire har ønskt å selje bustaden sin før dei kjøper ein ny. Omsetnaden av brukte bustader har falle, og tilbodet av brukte bustader, var høgt dei siste månadene i 2008.

Igangsetjing av nye bustader fall markert i Noreg i 2008. Tilbodssida har dermed reagert raskt på fall i etterspurnaden. Dette er med på å dempe risikoen for eit langvarig prisfall. Likevel er det viktig at bustadbygginga over tid er høg nok til å dekkje etterspurnaden etter nye bustader som følgjer av vekst i folketalet og ein naturleg avgang av bustader.

Fallhøgda for bustadprisane blir større dess høgare prisane kjem i høve til eit langsiktig likevektsnivå. Ved utgangen av 2008 var bustadprisane framleis høge om ein samanliknar med historiske tal der prisane er deflaterte med konsumprisar, byggjekostnader, husleiger eller hushalda sine inntekter.

Figur 2.7 Bustadprisutviklinga i Noreg frå januar 1998 til januar
 2009. Tolvmånaders prisvekst i prosent og tremånaders
 glidande gjennomsnitt (annualisert prisvekst i prosent).

Figur 2.7 Bustadprisutviklinga i Noreg frå januar 1998 til januar 2009. Tolvmånaders prisvekst i prosent og tremånaders glidande gjennomsnitt (annualisert prisvekst i prosent).

Kjelde: Norges Eiendomsmeglingsforbund, Econ Pöyry, Finn.no, Eiendomsmeglerforetakenes foreining og Noregs Bank.

Figur 2.8 Bustadprisvekst deflatert med konsumprisveksten i ein del land
 frå 1969 til 2009. Januar 1980 = 100.

Figur 2.8 Bustadprisvekst deflatert med konsumprisveksten i ein del land frå 1969 til 2009. Januar 1980 = 100.

Kjelde: Noregs Bank.

Realprisane på bustader i ei rekkje land vaks mykje frå år 2000. Veksten var særskilt sterk i Storbritannia og på New Zealand. I Japan har prisane falle sidan 1991, medan det berre har vore ein svak vekst i prisane i Tyskland sidan 1980.

Dei siste åra har bustadprisutviklinga i mange land snudd, og frå 2007 byrja prisane å falle. I USA kom prisfallet tidlegare enn i resten av verda. Frå toppen i 2005 til i dag har prisane for brukte bustader falle med nær 30 prosent. Mellom anna som følgje av at mange hus blir selde på tvangsauksjon, held bustadprisane i USA fram med å falle. I Storbritannia har bustadprisane falle med nær 18 prosent frå september 2007 til i dag. Bustadprisane har òg falle i dei skandinaviske landa, og fallet har vore størst i Danmark.

2.1.4 Tiltak frå styresmaktene

Etter at tiltrua til bankane og banksystema rundt om i verda hadde nådd ein botn ein ikkje hadde sett sidan depresjonsåra på 1930-talet, vart det i oktober 2008 gjort kjent ei rekkje nye tiltak frå styresmakter i fleire land. Sentralbankane hadde då vore aktive i lengre tid med likviditetstiltak som særleg store og lange lån, og lemping på krava til sikkerheiter og til aksepterte motpartar. Den amerikanske sentralbanken, Federal Reserve, opna valutabyteavtaler med ei rekkje andre sentralbankar for å tryggje tilbodet av dollarlikviditet, samstundes som særlege ordningar for byte av lite omsetjelege verdipapir mot statspapir var oppretta i fleire land (mellom anna i Storbritannia, der ein sette i verk eit slikt program allereie i april 2008).

Frykt for såkalla «run» på bankane frå innskytarar leidde til at somme land styrkte eksisterande innskotsgarantiprogram, medan andre oppretta nye ordningar eller stilte fulle garantiar for alle innskot. Irske styresmakter gjorde til dømes 30. september 2008 kjent ein uavgrensa garanti for innskot. Noko liknande gjorde Hellas, medan EU heva minstesatsen for nasjonale garantiar frå 20 000 til 50 000 euro.

EU-kommisjonen føreslo den 15. oktober 2008 å heve minstesatsen ytterlegare til 100 000 euro innan eitt år. Etter framlegg frå Europarådet som EU-parlamentet slutta seg til, skal satsen i tillegg gjerast til ei øvre grense frå slutten av 2010, gjennom ei europeisk fullharmonisering. EU-kommisjonen skal i ein rapport innan utgangen av 2009 vurdere om det er naudsynt og føremålstenleg at satsen på 100 000 euro vert fullharmonisert.

Figur 2.9 Styringsrenter i einskilde land frå januar 2004 til
 mars 2009.

Figur 2.9 Styringsrenter i einskilde land frå januar 2004 til mars 2009.

Kjelde: Reuters EcoWin og Noregs Bank.

Boks 2.6 Innskotsgarantiar i andre land

Alle bankar som driv verksemd innanfor EØS-området, pliktar å vere medlem av eit banksikringsfond. Minstekravet etter EUs direktiv er 20 000 euro, men det er nyleg framsett forslag om å auke dette til 50 000 euro frå sommaren 2009, og til 100 000 euro frå 2011. Frå 2011 blir 100 000 euro òg det maksimalt tillatne beløpet for sikring av innskot i EØS-landa om forslaga blir gjennomførde. Filialar av bankar som driv verksemd i andre land innanfor EØS-området, kan velje å knyte seg til det lokale sikringsfondet, om dette gir betre dekning for innskytarane enn det heimlandet si ordning gjer. Styresmaktene i fleire land har styrka sine innskotsgarantiordningar gjennom hausten 2008 som følgje av uvissa knytt til finanskrisa. Døme på noverande innskotsgarantidekning i nokre land:

  • Sverige: 500 000 svenske kroner (om lag 425 000 norske kroner).

  • Danmark: uavgrensa (fram til 31.10.2010).

  • Finland: 50 000 euro (om lag 465 000 kroner).

  • Frankrike: 70 000 euro (om lag 650 000 kroner).

  • Storbritannia: 50 000 pund (om lag 485 000 kroner).

  • Tyskland: uavgrensa (gjennom kombinasjon av statleg og privat ordning).

  • USA: 250 000 dollar fram til 31.12.2009 (om lag 1,8 millionar kroner).

Boks 2.7 Bankenes sikringsfond

I Noreg er innskot opp til to millionar kroner per kunde per bank dekt for bankar som er medlem i Bankenes sikringsfond. Bankar med norsk løyve blir rekna som norske og er pliktige medlemmar. Filialar av utanlandske bankar er dekte av ordninga i sitt heimland (sjå boks 2.6), men nokre filialar har likevel valt å knyte seg til den norske ordninga, og innskota der er såleis sikra opp til to millionar kroner med frådrag frå det som etter reglane skal dekkast gjennom garantiordninga i heimstaten.

Lovkravet til fondskapitalen var om lag 19,1 milliardar ved utløpet av 2008, medan faktisk kapital på same tid var om lag 14,5 milliardar kroner. Differansen er dekt ved garanti frå medlemsbankane. Medlemsbankane skal betale om lag 1,45 milliardar kroner i avgift i 2009 til Bankenes sikringsfond

Fondet kan låne pengar for å dekkje krav frå innskytarar om kapitalen i fondet ikkje skulle strekkje til ved garantiutbetalingar, og fondet vil dessutan tre inn i kravet på ein bank når fondet dekkjer tapte innskot. Såleis kan fondet samla sett sikre innskytarkrav langt over storleiken på sjølve fondet.

Innskotsgarantiordninga i Noreg er ei god ordning for innskytarane. Opptil to millionar kroner per innskytar per bank er dekt dersom banken er medlem i Bankenes sikringsfond (sjå Boks 2.7), kor medlemskap er obligatorisk for alle norske bankar, jamfør banksikringslova § 2-1. Noreg vil arbeide aktivt for å behalde nivået på innskotsgarantiordninga. Spørsmålet om fullharmonisering av europeiske innskotsgarantiar blir eit eiga tema om det måtte bli aktuelt med innlemming i EØS-avtala av dette direktivet. Med eit garantibeløp på 100 000 euro blir dekt beløp for norske innskytarar meir enn halvert om ein skulle gjennomføre ei slik ordning.

Den norske innskotsgarantien har sikra tryggleik for innskytarane, vore med på å stabilisere innskotsdekninga hos bankane, og avverja at Noreg har måtta gjere særskilde kortsynte endringar i ordninga i ei utsett tid. Norske styresmakter har arbeidd aktivt for å påverke EU-framlegget, heilt sidan det vart gjort kjent i fjor haust.

I oktober 2008 kom fleire styresmakter med tiltak for likviditetsforsyning til marknaden og finansinstitusjonane, ulike garantiopplegg for innlåna og innskota til bankane, og i nokre tilfelle verkemiddel til fremje for soliditet og kapitaldekning i finansinstitusjonane. Ordningane for tilførsel av eigenkapital, inneheldt i mange høve vilkår som avgrensar utbytteutbetalingar, leiarløner og bonusar. Avtalevilkåra skulle, i tillegg til å motverke uheldig åtferd frå bankane si side, gi styresmaktene betalt for den risikoen dei tok på seg. Vidare kunne det vere vilkår om at bankane måtte halde oppe utlånsveksten, og krav om ei viss kapitaldekning. I midten av oktober vart dessutan EU-landa einige om gjengse retningslinjer for statlege kapitaltilskot og garantiar for innlån.

USA og Storbritannia, som vart tidlegast og hardast ramma av finanskrisa, var òg tidleg ute med omfattande tiltak retta inn mot banksystemet. Den amerikanske krisepakka på 700 milliardar dollar vedteken 3. oktober 2008, skulle opphavleg gå til oppkjøp av dårlege verdipapir frå balansane til finansinstitusjonane, men desse planane vart kort tid etter endra til kjøp av eigenkapitalinstrument direkte i bankane. Finansdepartementet i USA fekk vide fullmakter for bruken av midlane i pakka, og har òg gått inn med kapital i andre føretak enn bankar, og bidrege til nokre av ordningane frå sentralbanken si side. I november vart nye og vidtrekkande tiltak lagde fram og sette i gang, mellom anna ei pakke frå sentralbanken på 800 milliardar dollar til oppkjøp av gjeld og verdipapir, og til nye statlege lån.

Britiske styresmakter skaut først i oktober inn eigenkapital i åtte av dei største britiske bankane, og har sidan utvida tilbodet til fleire bankar og finansinstitusjonar. Storbritannia har òg etablert program for verdipapirbyte, garantiar og ulike forsikringar for eigedelane til bankane. Mange større bankar i fleire europeiske land, mellom anna Frankrike, Tyskland og Irland, har motteke statlege kapitaltilskot, men få i så stor mon som britiske bankar. Til dømes har storbanken Royal Bank of Scotland no den britiske staten som største eigar.

I Danmark vart det i oktober etablert ei garantiordning som gav full trygd for alle fordringar frå innskytarar og alminnelege kreditorar i danske bankar. Banknæringa sjølv bidrog med 35 milliardar danske kroner til ordninga, medan staten garanterte for tap frå deltakande bankar ut over dette. Det vart òg oppretta eit eige føretak for avvikling av insolvente bankar. Føretaket skal, om ikkje private løysingar er mogelege, opprette mellombelse einingar som skal overta verksemda og eigedelane til insolvente bankar, med sikte på kontrollert avvikling. Svenske styresmakter la òg fram ein tredelt stabiliseringsplan for finanssystemet. Ei kredittordning i sentralbanken skulle leggje til rette for utlån til bedrifter frå bankar (gjennom at bankane kunne stille sertifikat utferda frå ikkje-finansielle føretak som sikkerheit for lån), dei mellomlangsiktige innlåna til bankane kunne garanterast av staten mot ei avgift, medan eit nyoppretta statleg stabilitetsfond skulle byggjast opp for å kunne skyte inn kapital ved framtidige soliditetsproblem i bankane.

Noregs Bank har sett i verk ei rekkje tiltak for å motverke dei negative verknadene av den internasjonale finanskrisa. For det første vart langt fleire lån mot sikkerheit i verdipapir, såkalla F-lån, lagde ut i 2008 enn det som er normalt, og med lengre løpetider. Gjennom hausten tilbaud sentralbanken F-lån med tre og seks månaders løpetid, og frå november vart det gitt toårslån for over 12 milliardar kroner, særleg retta mot mindre bankar. I tillegg til kronelån tilbaud sentralbanken dollarlån og ulike valutabyteavtaler for å betre likviditetshøva til bankane. Noregs Bank lempa òg på krava til verdipapirsikkerheiter. Mellom anna vart krav om børsnotering og kredittvurdering av obligasjonsutferdarar fråfalle. Tiltaka frå Noregs Bank overfor pengemarknaden ser ut til å ha hindra at innlånskostnadane hjå bankane auka like mykje som pengemarknadsrentene gjennom hausten 2008.

Den norske styringsrenta vart, i likskap med i dei fleste andre i Europa og USA, sett raskt og kraftig ned, jamfør figur 2.9. Frå oktober til desember 2008 vart renta senka med til saman 2,75 prosenteiningar, og hittil i 2009 er renta satt ned med ytterlegare ein prosenteining.

Den 12. oktober 2008 melde Regjeringa og Noregs Bank at dei oppretta ei byteordning der bankane fekk låne statspapir av staten i byte mot obligasjonar med førerett (sjå Boks 2.8 og 4.1). Ordninga hadde som føremål å betre bankane si evne til finansiering i marknadene, gjennom at dei kunne stille statspapira som sikkerheit for innlån. Det vart òg vektlagt at bankane kunne selje dei innlånte papira, og såleis skaffe seg likviditet. Ramma for nyutferding av statspapir til ordninga vart sett til 350 milliardar kroner.

Boks 2.8 Verdipapirisering av bustadlån

Norske bankar og kredittføretak fekk høve til å verdipapirisere bustadlån frå 1. juni 2007. Slike verdipapir kallast obligasjonar med førerett, forkorta OMF. Bakgrunnen har mellom anna vore at bankane sine utlån dei siste åra har auka raskare enn innskota. Når innskota ikkje dekkjer utlåna, må skilnaden dekkjast på andre måtar. Ved å finansiere lån med OMF-ar kan låna gjerast likvide og dermed lette bankane sin balanse. Bankar kan ikkje utferde OMF-ar sjølve, men dei kan eige kredittføretak og gjennom desse finansiere deler av utlåna sine. Fleire norske bankar har oppretta eigne kredittføretak til dette føremålet.

OMF-ar gir førerett til eit definert utval av kredittføretaket sine eigedelar. Nærare bestemt gir føreretten obligasjonseigarane og derivatmotpartane rett til dekning før andre kreditorar ved konkurs i kredittføretaket. Derivatmotpartane er motpartar i forretningar som kredittføretaket inngår for å tilpasse rente- og valutarisikoen sin til regelverket. Førerett gir rett til eit definert utval av kredittføretaket sine eigedelar, kalla sikkerheitsmasse. Sikkerheitsmassen kan vere samansett av:

  • Bustadlån og lån til fritidsbustad, opplåningsgrad inntil 75 prosent av marknadsverdi.

  • Næringseigedom, opplåningsgrad inntil 60 prosent av marknadsverdi.

  • Offentlege lån, opplåningsgrad inntil 100 prosent av marknadsverdi.

  • Derivatkontraktar som er inngått for at porteføljen skal få tilfredsstillande risiko.

  • Sikre og likvide erstatningssikkerheiter (fyllingssikkerheit) kan utgjere inntil 20 prosent av sikkerheitene, eller 30 prosent med Kredittilsynet si godkjenning.

Fram til utgangen av november 2008 hadde bankane sine kredittføretak utferda OMF-ar for meir enn 140 milliardar kroner, jamfør figur 2.10. Størstedelen av obligasjonane er i utanlandsk valuta. Som eit ledd i arbeidet med å betre finansieringssituasjonen for bankane gav Stortinget 24. oktober 2008 Finansdepartementet fullmakt til å setje i verk ei ordning der bankane byter OMF-ar mot statskassevekslar. Fordi statskassevekslar er lettare å omsetje enn OMF-ar, inneber eit slikt byte at likviditeten til bankane blir betre. Ordninga har ei total ramme på 350 milliardar kroner og blir administrert av Noregs Bank. Fram til utgangen av januar 2009 har det vorte bytt OMF-ar mot statskassevekslar for 72 milliardar kroner.

Figur 2.10 Månadleg emisjonsvolum av obligasjonar med førerett
 frå norske utferdarar frå juni 2007 til februar
 2009. Omrekna til milliardar norske kroner.

Figur 2.10 Månadleg emisjonsvolum av obligasjonar med førerett frå norske utferdarar frå juni 2007 til februar 2009. Omrekna til milliardar norske kroner.

Kjelde: Bloomberg og Noregs Bank.

Boks 2.9 Endringar i rekneskaps­reglane

Rekneskapsreglane avgjer i kor stor mon endringar i kursane på verdipapir slår direkte inn i rekneskapane til bankane. Finansdepartementet fastsette 16. oktober 2008 ei forskrift som gjennomfører endringar i dei internasjonale rekneskapsstandardane IAS 39 og IFRS 7. Endringane gjeld reglar for rekneskapsføring av finansielle instrument, og vart vedteken i EU ved eiga forordning 15. oktober. Endringa opnar for eit avgrensa høve for bankane til ikkje å nedskrive finansielle instrument til marknadsverdi gjennom at finansielle instrument i handelsporteføljane kan omklassifiserast til kategorien «halden til forfall». Endringa bidreg såleis til å skjerme rekneskapane frå den fulle effekten av kursfalla frå og med andre halvår 2008.

EU-forordninga gjeld berre finansinstitusjonar som avlegg rekneskap etter IFRS-regelverket, noko som i hovudsak er børsnoterte finansinstitusjonar. Finansdepartementet fastsette difor den 13. november 2008, etter tilråding frå Kredittilsynet, endring i årsrekneskapsforskrifta for bankar og finansieringsføretak. Endringa inneber at bankar som ikkje nyttar IFRS, òg skal kunne gjennomføre tilsvarande omklassifiseringar.

Etter at byteordninga vart sett i verk, saman med nye tiltak frå Noregs Bank, fall dei norske pengemarknadsrentene kraftig. Dei lågare marknadsrentene kom dels av redusert styringsrente og voner om ytterlegare nedgang, men òg av at bankane lettare fekk tilgang til langsiktig og mellomlangsiktig finansiering gjennom hausten, som følgje av byteordninga. Presset i pengemarknaden letta noko mot slutten av året, men forholda var framleis ikkje normaliserte.

Høve til sal av verdipapir ein ikkje eig, såkalla «shortsal», har òg vorte innskrenka. Tidleg i oktober 2008 vurderte Kredittilsynet, ut frå dei rådande marknadsforholda, at shortsal av aksjar og grunnfondsbevis som er utferda frå norske finansinstitusjonar, stod i mishøve til verdipapirhandellova § 3-9 om forbod mot urimelege forretningsmetodar. I januar 2009 uttala Kredittilsynet at dei framleis oppfatta slikt shortsal som lovstridig, og kom samstundes med framlegg om lovendringar, jamfør avsnitt 2.1.5.

Tidleg i 2009 vart det gjort kjent ein ny runde med tiltak frå styresmaktene overfor finansmarknadene i Noreg og i andre land. Desse tiltaka var i stor mon kjenneteikna av at dei skulle styrkje eigenkapitalen i bankane. Danske styresmakter melde til dømes 18. januar 2009 at dei, innanfor ei ramme på 100 milliardar danske kroner, ville skyte inn såkalla hybrid kjernekapital i solide danske bankar, på forretningsmessige vilkår. Sverige varsla ei liknande ordning med ei ramme på 50 milliardar svenske kroner 3. februar. Regjeringa der la då, og seinare ved eiga forordning 10. februar, opp til at staten skulle ta del i vanlege aksjekapitalemisjonar saman med andre investorar, med avgrensing av staten sin del av emisjonane på 70 prosent (for at den svenske staten skal bidra med meir enn 70 prosent, må kapitaltilførsla gå føre seg på vilkår som er fastsette av staten).

I Noreg la Regjeringa 9. februar 2009 fram ei omfattande kredittpakke i to hovuddelar, jamfør Ot.prp. nr. 35 og St.prp. nr. 40 (2008–2009). Statens obligasjonsfond på 50 milliardar kroner oppretta innanfor Folketrygdfondet, skal investere i den norske obligasjonsmarknaden. Statens finansfond med ei løyving på 50 milliardar kroner skal ha som føremål å kjøpe visse eigenkapitalinstrument utferda frå norske bankar. Medan Statens obligasjonsfond vil gjere det lettare for norske føretak å finansiere seg utanfor bankane, vil bankane sjølve kunne styrkje kapitaldekninga si gjennom tilskot av preferansekapital eller kjøp av fondsobligasjonar frå Statens finansfond (på marknadsmessige vilkår). Regjeringa legg opp til å rapportere om verksemda i Statens finansfond og Statens obligasjonsfond til Stortinget i Kredittmeldinga 2009.

Boks 2.10 Rolla til ratingbyråa

Kredittrating av verdipapir og føretak har mykje å seie på finansmarknadene, og i Noreg er det særleg på fundingsida at rating er viktig. Rating er avgjerande ved låneopptak i utlandet, med omsyn til kostnader og tilgjenge, for fleire store norske føretak. Tre ratingføretak har ei dominerande rolle på verdsmarknaden: Standard & Poor’s, Moody’s og Fitch.

Dei norske kapitaldekningsreglane, som følgjer av EØS-regelverket («Basel II»), baserer seg på bruk av rating frå godkjende ratingføretak. Her blir vurderingane frå ratingføretaka nytta på ulike måtar til å fastsetje risikovekt og såleis kapitalkrav for kreditteksponeringar.

EU-kommisjonen har i 2008 reist framlegg om å regulere ratingbyråa, som blant anna vurderer kredittrisiko i verdipapir og i lån til føretak, organisasjonar og statar. Bakgrunnen for framlegget er gjentekne døme på store tap på verdipapir med god rating. Ved å regulere ratingbyråa skal ein sikre at slik rating gir truverd og korrekt informasjon om verdipapir og føretak. Tilsyn og krav til verksemda skal òg hindre problem knytte til interessekonfliktar ved sal av andre tenester frå ratingbyråa til føretak som blir gjenstand for rating.

Overfor EU har Noreg uttrykt støtte til at det blir innført ei godkjennings- og tilsynsordning med ratingføretak, i tillegg til den godkjenningsordninga som finst i samband med praktiseringa av kapitaldekningsreglane.

Høgare kapitaldekning vil gi bankane betre høve til å låne ut pengar til hushalda og føretaka. Vidare peikar fleire omstende i retning av at bankane no bør hente inn meir kjernekapital. Bankane står no overfor ei tid med auka tapsrisiko, samstundes som marknaden krev høgare kapitaldekning enn tidlegare. Ratingbyråa (sjå Boks 2.10) krev òg meir kapital for å gi ein god kredittkarakter, noko bankane er avhengige av for å oppnå rimelege vilkår for innlån, og for å halde ved like tiltru i marknaden. Sidan kapital frå marknaden har vorte dyrare og vanskelegare tilgjengeleg i løpet av dei siste månadene, har fleire statar sett det naudsynt å skyte inn kapital i bankane.

Kapitalhøva til finansinstitusjonane er vidare drøfta i avsnitt 2.4.

Boks 2.11 Nokre sentrale omgrep

Aksjekapital. Summen av pålydande verdi av alle aksjar. Aksjekapitalen utgjer ein del av den såkalla kjernekapitalen.

Ansvarleg kapital. Summen av kjernekapital og tilleggskapital. Ifølgje norsk regelverk skal finansinstitusjonars ansvarlege kapital utgjere minst åtte prosent av berekningsgrunnlaget til finansinstitusjonane, og tilleggskapitalen kan høgst utgjere 50 prosent av den ansvarlege kapitalen.

Ansvarleg lånekapital. Lån som tek tap før anna gjeld, men etter kjernekapitalen. Inngår i tilleggskapitalen. Ansvarleg lånekapital med fastsett løpetid kan ikkje tilsvare eit høgare beløp enn 50 prosent av kjernekapitalen.

Balanse. Oversikt over bokført verdi av alle eigedelar og all gjeld på eit gitt tidspunkt. Balansen er ofte oppgitt som eit tal som refererer til verdien av alle eigedelar, alternativt all gjeld pluss eigenkapitalen. Desse to storleikane er per definisjon like store, derav omgrepet «balanse» (aktiva = passiva).

Berekningsgrunnlag. Ein banks balanse justert for risikoen ved dei ulike eigedelane. Eigedelar med låg risiko, til dømes bustadlån, gir banken lågare berekningsgrunnlag. Blir nytta til å berekne kravet til ansvarleg kapital. Berekningsgrunnlaget for kredittrisiko, marknadsrisiko og operasjonell risiko skal fastsetjast med utgangspunkt i risikovekter som er fastsette i regelverk eller frå eigne modellar.

Eigenkapital. Kapital som føretaket sjølv disponerer. Differansen mellom verdien av eigedelane og gjelda.

Emisjon. Tilbod til marknaden om å teikne nye aksjar eller obligasjonar. Ved utferding av nye aksjar får føretaket tilført ny aksjekapital og ofte òg annan eigenkapital gjennom innbetalt såkalla overkurs. Ved obligasjonsemisjon blir det utferda nye obligasjonar.

Fondsobligasjon. Fondsobligasjonar er hybridinstrument som har eigenskapar til felles både med gjelds- og eigenkapitalinstrument, og tilfører selskapet ei form for hybridkapital. Skattemessig blir fondsobligasjonar behandla som gjeld. Fondsobligasjonar må blant anna vere evigvarande og kunne skrivast ned i same forhold som formell aksjekapital under gåande drift viss kjernekapitalen fell under 5 prosent, eller kapitaldekning under 8 prosent. Renter på slike instrument er fastsette på førehand. Det er likevel ikkje ei plikt for utferdaren å betale ut renter dersom det ikkje blir utbetalt utbytte i ein periode. Blir det ikkje betalt rente i ein periode, blir ikkje rentene akkumulerte.

Grunnfondsbevis. Verdipapir utferda av sparebankar. Tilsvarer ein aksje i aksjeføretak, men er ulikt ved at det gir avgrensa eigarrett til føretaksformuen, og ved at innverknaden i organa til føretaket er annleis.

Hybridkapital. Har likskapsstrekk med både gjeld og eigenkapital. Hybridkapital er lån som normalt tek tap før all anna gjeld, inkludert ansvarleg lånekapital, men etter aksjekapital. For at hybrid kjernekapital kan godkjennast som kjernekapital etter norske reglar, må instrumentet mellom anna vere evigvarande og kunne skrivast ned i same takt som formell aksjekapital under gåande drift viss kjernekapitalen fell under 5 prosent eller kapitaldekninga under 8 prosent.

Kapitaldekning. Den prosentdelen ansvarleg kapital utgjer av berekningsgrunnlaget. Ifølgje norsk regelverk skal finansinstitusjonars ansvarlege kapital utgjere minst åtte prosent av berekningsgrunnlaget til finansinstitusjonane.

Kjernekapital. Er ein del av den ansvarlege kapitalen, og består av innbetalt aksjekapital (formell aksjekapital), ulike fond (overkursfond, utjamningsfond, gåvefond, grunnfond o.a.), akkumulert overskot, og annan eigenkapital som er godkjent av Kredittilsynet. Finansdepartementet kan samtykkje i at annan kapital kan likestillast med kjernekapital i samhøve med berekningsforskrifta (hybrid kjernekapital), og departementet har formelt godkjent at fondsobligasjonar på visse vilkår kan utgjere høgst 15 prosent av samla kjernekapital, som ei form for hybrid kjernekapital.

Mark-to-market. Eit omgrep som inneber vurdering av eigedelar og gjeld til marknadsverdi.

Obligasjon. Renteberande gjeldsbrev som tillet at store lån kan fordelast på fleire kreditorar, ofte nytta av finansinstitusjonar. Utferdaren av ein obligasjon betaler vanlegvis ei avtala rente til obligasjonseigaren kvart år fram til obligasjonens forfallstidspunkt. På forfallstidspunktet må utferdaren betale tilbake heile lånet.

Preferanseaksje. Skil seg frå vanleg aksje ved at han på eit eller anna vis har prioritet («preferanse») på utbytte- eller renteutbetalingar eller liknande.

Preferanseaksjekapital. Summen av pålydande verdi av alle preferanseaksjar, og utgjer – avhengig av dei nærmare vilkåra – ein del av kjernekapitalen. Preferanseaksjekapital har vanlegvis prioritet føre aksjekapital, men etter all anna gjeld, men preferansen kan òg – som eit alternativ – vere knytt til utbytte eller liknande.

Soliditet. Omgrep ofte nytta om ein banks evne til å dekkje tap.

Tilleggskapital. Kan omfatte ansvarleg lånekapital og andre gjelds- og eigenkapitalinstrument. Tilleggskapital har prioritet framfor aksjekapital ved utbytteutbetalingar og renter, og ved avvikling, og kan ikkje utgjere meir enn 50 prosent av ansvarleg kapital.

2.1.5 Finanskrisa og norsk regulering

Reguleringa av finansnæringa tek i alle land mål av seg til å betre stabiliteten i dei finansielle systema gjennom tilsyn og regulering. I politiske krinsar og faglege forum internasjonalt føregår det no ein debatt om kvifor reguleringa og tilsynet med finansinstitusjonane ikkje hindra ubalansane som førte til finanskrisa.

Ulikskap mellom land inneber at skilnader i regulering og tilsyn kan vere naudsynte for å skape finansiell stabilitet. Til dømes har lånemarknaden i USA dei seinare åra vore prega av nye låneprodukt, nye måtar å organisere salet av låneprodukta til kundane på, og nye måtar å «pakke» inn og selje låna vidare på. Denne nyskapinga har omforma finansnæringa i USA. Produkta vart òg selt til investorar i andre land, samstundes som forretningsmodellane spreidde seg utanfor USA. I dei landa kor finansnæringa har leia denne utviklinga, har det vore særleg trong til skjerpa reguleringar og til å styrke tilsynet med næringa. I staden har det vore ein utvikling med avregulering.

Heilskapleg regulering og eitt tilsyn

Tilsynet og reguleringa i Noreg har ein del særtrekk. Her i landet var ein til dømes tidleg ute med å fusjonere tilsynseiningane for ulike typar finansinstitusjonar, slik at ein fekk eit felles tilsyn med heile finansnæringa. Eit slikt tilsyn har mykje betre føresetnader for å ha oversikt over utviklinga i finansnæringa enn fleire ulike tilsyn.

I Noreg har ein etablert ei heilskapleg og samanhengande regulering for finansinstitusjonane. Finanskonsern, mellom anna dei såkalla blanda finanskonserna som består av ulike finansinstitusjonar, fekk tidleg stor utbreiing i Noreg. Som følgje av dette var norske styresmakter raskt ute med å lage eit heilskapleg regelverk for finanskonsern. Reglane om kapitaldekning på konsolidert nivå har vore eit sentralt stabilitetsskapande element i dette regelverket. Reglane motverkar at finanskonserna utnyttar skilnader i regelverket for ulike institusjonar i konsernet på ein uheldig måte. Sjølv om det innanfor EØS no er krav om at kvart land skal ha reglar om finanskonsern, og samanlikningar av ulike regelverk er vanskeleg, er det eit inntrykk at regelverket om finanskonsern i Noreg i sum er godt eigna til å sikre at finanskonserna har nok kapital og er høveleg regulerte.

Kapitaldekningsregelverket for finansinstitusjonar i Noreg er basert på at lik risiko skal handsamast likt. Difor er bankar, livsforsikringsselskap og pensjonskasser underlagde kapitalkrav som er avhengige av kva slags risiko institusjonen tek på seg. Det er ikkje vanleg i utlandet at til dømes livsforsikringsselskap og pensjonskasser er underlagde kapitaldekningskrav for marknadsrisiko. Dette norske reguleringsprinsippet fremjar soliditeten i livsforsikringsselskapa og pensjonskassene, bidreg til meir einskaplege konkurransevilkår, og hindrar at risiko hopar seg opp der han er minst regulert.

Sal av lån til eit føretak som har til føremål å finansiere kjøpet med å utferde verdipapir, blir gjerne kalla verdipapirisering (sjå Boks 2.8). I nokre land har føretaka som utferdar verdipapira, ikkje vore underlagde ordinære kapitaldekningskrav. Reguleringa i Noreg inneber at kredittføretak som utferdar obligasjonar med førerett (OMF-ar), er underlagde dei same kapitalkrava som bankane. I Noreg er det såleis ikkje mogeleg for bankane å omgå kapitalkrava gjennom å verdipapirisere utlån.

Frårådingsplikt

Utlånstapa i USA kjem mellom anna av at det i sum er ytt store lån til hushald som ikkje har hatt økonomisk evne til å betene låna. Fleire har peika på at modellen med vidaresal av utlån har svekt motivasjonen hos långivarane til å vurdere om låntakarane har økonomi til å betale tilbake dei låna som er gitt. I Noreg har långivarane plikt til skriftleg å rå lånsøkjarar frå å ta opp lån, dersom långivaren finn grunn til å tru at lånsøkjaren ut frå økonomisk evne eller andre tilhøve, burde vurdere å la vere å ta opp lånet. Ansvaret til låntakaren kan lempast om dette ikkje skjer. Frårådingsplikta er ein del av regelverket som skal beskytte forbrukarane, men slike føresegner kan òg ha verknad på kva for lån som blir gitt, og den samla risikoen i det finansielle systemet.

Shortsal

Shortsal er sal av finansielle instrument ein ikkje eig. Dei norske reglane for shortsal vart endra i 1997. Forbodet mot shortsal gjennom meklarapparatet vart då oppheva, og det vart opna for at verdipapirføretak kan formidle (eller sjølv utføre) såkalla dekt shortsal, det vil seie shortsal der den som sel, har sikra seg tilgang til dei finansielle instrumenta på avtaletidspunktet, jamfør verdipapirhandellova § 10-4. Verdipapirføretaka kan ikkje medverke til udekt shortsal.

Omsyn til auka likviditet i verdipapirmarknadene og til betre samspel mellom derivatmarknader og marknader i dei underliggjande verdipapira var hovudgrunngivingane for å gi verdipapirføretaka høve til å medverke til dekt shortsal. Sjølv etter lovendringane i 1997 har norske aktørar i finansmarknaden avgrensa høve til å shortselje finansielle instrument gjennom meklarføretak, samanlikna med det som er vanleg i andre land.

Som nemnt i avsnitt 2.1.4 innskrenka Kredittilsynet i oktober 2008 høvet til shortsal av verdipapir som var utferda frå norske finansinstitusjonar, av omsyn til dei heilt særskilde marknadsforholda. I januar 2009, etter oppmoding frå Finansdepartementet, kom Kredittilsynet òg med framlegg til lovendringar om shortsal. Kredittilsynet føreslo for det første at forbodet mot å gjennomføre udekt shortsal skal utvidast frå berre å gjelde verdipapirføretak, til òg å gjelde investorar direkte. Vidare føreslo Kredittilsynet at ein skal kunne sanksjonere brot på eksisterande og moglege nye føresegner med vinningsavståing eller straff.

Kredittilsynet føreslo òg at tilsynet skulle få heimel til å påleggje mellombelse forbod mot shortsal, både dekte og udekte, og at desse kan femne om derivatkontraktar med tilsvarande verknad på aksjekursar som ordinære shortsal. Samla kan slike endringar innebere ei betydeleg skjerping av det allereie avgrensa høvet til å shortselje finansielle instrument i den norske finansmarknaden. Finansdepartementet sende framlegga frå Kredittilsynet på vanleg høyring i februar 2009.

2.2 Den økonomiske utviklinga

Etter fleire år med sterk vekst i verdsøkonomien har krisa i finansmarknadene gitt eit markert til­bakeslag og ei kraftig forverring av utsiktene for internasjonal økonomi. For OECD-landa sett under eitt har det vore nedgang i brutto nasjonalprodukt og sysselsetjing gjennom andre halvår i fjor, og nedgangen auka mot slutten av året. Arbeidsløysa aukar raskt i USA, men også i euroområdet er auken monaleg. Trass i kraftige penge- og finanspolitiske tiltak i mange land, kan 2009 bli det svakaste året for OECD-området sidan andre verdskrig. I samband med den finanspolitiske tiltakspakka til Regjeringa i januar 2009, anslo Finansdepartementet at brutto nasjonalprodukt hos dei viktigaste handelspartnarane til Noreg vil gå ned med halvannan prosent i 2009. I sine prognoser frå februar i år la IMF til grunn ein nedgang i brutto nasjonalprodukt i industrilanda på to prosent i 2009. Veksten i dei såkalla framveksande økonomiane, til dømes Kina og India, vil truleg gå ned i 2009 samanlikna med 2008. Uvissa om utviklinga i internasjonal økonomi framover er uvanleg høg.

Problema på finansmarknadene og tilbakeslaget i internasjonal økonomi verkar òg inn på norsk økonomi. Etter fleire år med sterk oppgang auka aktiviteten klart mindre gjennom 2008 enn tidlegare. Både forbruket til hushalda og bustadinvesteringane gjekk ned gjennom fjoråret, og veksten i investeringane i føretaka stoppa heilt opp. Samstundes førte den svake utviklinga internasjonalt til at etterspurnaden etter norske eksportprodukt vart redusert. Samla sett auka brutto nasjonalprodukt for Fastlands-Noreg med 2,4 prosent frå 2007 til 2008, jamfør førebelse tal frå nasjonalrekneskapen. Arbeidsmarknaden utvikla seg òg svakt. Sysselsetjinga stoppa opp i fjor haust, og ifølgje Statistisk sentralbyrå si Arbeidskraftundersøking auka arbeidsløysa frå 2,5 prosent av arbeidsstyrken i 2007, til 2,6 prosent i 2008. I St.prp. nr. 37 (2008–2009) rekna Finansdepartementet med at sysselsetjinga ville gå ned med om lag ein prosent frå 2008 til 2009, noko som svarer til om lag 25 000 personar, medan arbeidsløysa ligg an til å auke til 3,5 prosent av arbeidsstyrken.

Det er stor uvisse om utsiktene for norsk økonomi. I samband med den finanspolitiske tiltakspakka i januar i år, la Finansdepartementet til grunn at nedgangen i renta og lågare prisauke vil bidra til at hushalda kjem til å auke forbruket sitt gjennom 2009. Departementet såg òg føre seg at nedgangen i føretaks- og bustadinvesteringane vil halde fram, og at eksporten av tradisjonelle varer vil gå ned som følgje av den svake utviklinga i internasjonal økonomi. Forventningar om sterk oppgang i offentleg etterspurnad og vidare vekst i petroleumsinvesteringane trekkjer vekstutsiktene noko opp for 2009. Samla sett er brutto nasjonalprodukt for Fastlands-Noreg berekna til å halde seg om lag uendra frå 2008 til 2009.

2.3 Risikoane på dei norske finansmarknadene

Ein føresetnad for velfungerande finansmarknader er solide finansinstitusjonar. Om det finansielle systemet ikkje fungerer godt nok, kan tilgangen på kreditt og betalingsformidling bli forstyrra, noko som kan ha følgjer for produksjon, sysselsetjing og prisstiging. Hovudføremålet til det finansielle systemet er å leggje til rette for ei effektiv og trygg fordeling av ressursane til samfunnet, hushalda og føretaka.

Dei viktigaste risikoane på finansmarknadene er kredittrisiko, likviditetsrisiko, marknadsrisiko og operasjonell risiko. For bankar og andre kredittinstitusjonar er kredittrisiko og likviditetsrisiko viktigast. Operasjonell risiko er særleg viktig for verdipapirføretaka, medan marknadsrisiko betyr mest for forsikringsselskapa.

2.3.1 Kredittrisiko

Omgrepet «kredittrisiko» dekkjer både sannsyn for at motpartane ikkje innfrir forpliktingane sine, og dei tap kredittinstitusjonane i så fall dreg på seg etter at verdien av sikkerheiter er trekt frå. Bankane utset seg for kredittrisiko gjennom utlån til hushald og føretak. Kredittføretaka har ein raskt veksande marknadsdel av utlåna, mykje som følgje av høvet til å utferde obligasjonar med førerett (OMF-ar). Utlån frå bankar og kredittføretak utgjorde over 80 prosent av dei samla låna til publikum ved utgangen av 2008. Hushald, ikkje-finansielle føretak og kommuneforvaltninga blir her rekna som «publikum».

Høg kredittvekst har ofte prega utviklinga før bankkriser. Det kan mellom anna kome av at høg kredittvekst leier til høg gjeldsbelastning hos låntakarane, og at det er vanskeleg å auke utlåna kraftig og samstundes halde ved like kvaliteten på kredittgivinga.

Tolvmånadersveksten for innanlandsk kreditt (K2) låg like under 10 prosent ved utgangen av 2008, samanlikna med over 14 prosent ved utgangen av 2007. K2 er eit tilnærma mål for kor stor bruttogjeld publikum har frå norske kjelder i norske kroner og i utanlandsk valuta. Årsveksten i utlån til hushalda var om lag sju prosent ved utgangen av desember 2008, den lågaste som er registrert sidan september 1999.

Tolvmånadersveksten i utlån til innanlandske føretak var gjennomgåande høg i 2008, men fall kraftig i dei to siste månadene av året, jamfør figur 2.11. Ved utgangen av desember 2008, var årsveksten i utlån til innanlandske ikkje-finansielle føretak nesten 15 prosent. Utviklinga i tremånaders glidande gjennomsnittvekst, som kan vere ein betre trendindikator, fall kraftig både for hushalda og ikkje-finansielle føretak i dei siste månadene av året. Tolvmånadersveksten i den samla bruttogjelda til publikum, K3, var drygt 11 prosent ved utgangen av november 2008. K3 er lik K2, men omfattar òg utanlandsgjelda til publikum.

Figur 2.11 Tolvmånadersvekst i kreditt til hushald og ikkje-finansielle
 føretak i prosent. Januar 1999 til januar 2009.

Figur 2.11 Tolvmånadersvekst i kreditt til hushald og ikkje-finansielle føretak i prosent. Januar 1999 til januar 2009.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Låneopptaket til hushalda og føretaka er resultat av etterspurnaden etter, og tilbodet av, kreditt. Lågare vekst i andre halvår 2008 ser ut til delvis å kome av lågare etterspurnad, men kjem òg frå ei innstramming av kredittpraksis, mellom anna som følgje av tru på høgare risiko i marknaden. Kredittilsynet har i ei undersøking i byrjinga av januar 2009 henta opplysningar frå dei 30 største bankane, der hovuddelen rekna med at dei kunne vidareføre ei normal utlånsverksemd ut frå noverande soliditet og likviditet. Dersom etterspurnaden aukar meir enn forventa i 2009, mellom anna som følgje av tiltakspakker frå styresmaktene, lågare renter eller andre forhold, vil soliditeten avgrense utlånsevna.

Boks 2.12 Utlånsundersøkinga

Noregs Bank har teke til å undersøkje kredittpraksisen til bankane kvart kvartal. Det viktigaste føremålet er å få informasjon om etterspurnaden etter, tilbodet av og vilkåra for nye lån. Denne informasjonen er ikkje dekt av annan statistikk. Utlånsundersøkinga omfattar to hovudområde – utlån til hushald og utlån til ikkje-finansielle føretak. I undersøkinga ber ein bankane om å vurdere i kva retning utviklinga det siste kvartalet har gått, og kva for utvikling dei ventar i neste kvartal. Utlånsundersøkinga har vist at etterspurnaden frå både hushald og ikkje-finansielle føretak fall i heile 2008. Etter kvart som den internasjonale finanskrisa utvikla seg i 2008, viste utlånsundersøkinga at bankane stramma til kredittpraksisen. Innstramminga i kredittpraksis overfor næringseigedom har vore særleg merkbar.

Noregs Bank publiserer kvart kvartal ei utlånsundersøking som har til føremål å gi kvalitativ informasjon om etterspurnaden etter, og tilbodet av, kreditt. Undersøkinga gir det same biletet som undersøkinga til Kredittilsynet. Bankane føretok i fjor ei innstramming i vilkåra for å gi lån til hushald og til ikkje-finansielle føretak, særleg frå andre halvår og ut året. Endringar i bankane sin tilgang til ny kapital, og endringar i risikovilje og makroøkonomiske utsikter, var hovudårsaka til innstramminga. Samstundes gjekk etterspurnaden etter nye lån òg kraftig ned.

Hushalda og føretaka si evne til å bere gjeld kan målast med storleiken på gjelds- og rentebelastninga. Gjeldsbelastninga er forholdet mellom gjeld og inntekt, medan rentebelastninga er forholdet mellom renteutgifter og inntekt. Dess høgare gjelds- og rentebelastninga er, dess meir sårbar er hushalda eller føretaka si evne til å betale ned gjeld.

Kredittrisiko ved lån til hushalda

Det er ikkje nokon enkel samanheng mellom gjeldsbelastninga hos låntakarane kvar for seg og gjeldsbelastninga hos hushalda eller føretaka som gruppe. Høg gjeldsbelastning hos føretaka eller hushalda kan kome av at mange har lånt litt, eller at nokre få har lånt mykje. Det er likevel nokså vanleg å nytte gjeldsbelastninga hos hushalda og føretaka som ein indikator på kva evne desse gruppene har til å betene gjeld.

Bruttogjelda til hushalda har auka kraftig dei siste åra, driven av sterk vekst i bustadprisane, gunstige konjunkturar, låg rente og høgt utbod av kreditt. Samla gjeldsvekst har vore mykje høgare enn veksten i samla inntekt, noko som har ført til ein kraftig auke i gjeldsbelastninga, sjå figur 2.12. Veksten har likevel gått ned sidan midten av 2007, rett nok frå eit særs høgt nivå.

Hushalda si gjeld utgjorde ifølgje tal frå Noregs Bank nær 200 prosent av disponibel inntekt ved utgangen av 2008, jamfør figur 2.12. Som det kjem fram av figur 2.13, er over 30 prosent av bankane sine utlån til hushalda knytte til hushald med ei gjeldsbelastning på meir enn 500 prosent. Noregs Bank har òg framskrive hushalda si samla gjeldsbelastning, og desse utrekningane tyder på at gjeldsbelastninga kjem til å stabilisere seg fram mot 2011.

Figur 2.12 Hushalda si gjeldsbelastning i prosent av disponibel inntekt
 (sesongjustert). Mars 1999 til desember 2008.

Figur 2.12 Hushalda si gjeldsbelastning i prosent av disponibel inntekt (sesongjustert). Mars 1999 til desember 2008.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

Figur 2.13 Hushald med gjeld fordelt etter gjeld i prosent av den disponible
 inntekta i 2006. Samla gjeld til hushalda.

Figur 2.13 Hushald med gjeld fordelt etter gjeld i prosent av den disponible inntekta i 2006. Samla gjeld til hushalda.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Noregs Bank.

I dei siste kredittmeldingane har det vore lagt stor vekt på utlåna til hushalda, og ein har peika på at hushalda si gjeld utgjer ein risikofaktor for finansiell stabilitet i Noreg. Utlån til personkundar frå bankane utgjorde ved utgangen av 2008 like under 50 prosent av alle utlån, og om lag 90 prosent av desse låna er lån med sikkerheit i bustadeigedom. Kredittrisikoen til bankane er såleis sterkt knytt til hushalda si evne og vilje til å betale renter og avdrag, og til utviklinga på bustadmarknaden.

Dei siste åra har bankane introdusert låneprodukt som gjer det enklare å låne på bustadkapital, såkalla rammelån med sikkerheit i bustad. Rammelåna gjer det enklare for hushalda å auke låneopptaka, særleg når bustadprisane veks. Slike lån kan difor bidra til meir medsykliske utlån, samstundes som trekk på kreditt i lågkonjunkturar kan ha ein viss motsyklisk verknad. Volumet av desse låneprodukta frå bankar og kredittføretak auka frå om lag 173 milliardar ved utgangen av 2007 til like under 300 milliardar kroner ved utgangen av 2008. Rammelån utgjer no om lag 25 prosent av alle utlån med sikkerheit i bustad.

Bustadprisane auka kraftig frå 2003 til 2007 (sjå Boks 2.5). Gjennom 2007 snudde utviklinga, og prisane fall i andre halvår 2007, og i heile 2008. I januar 2009 var bustadprisane sju prosent lågare enn på same tid året før. Fallet minskar verdien av bankane sine sikkerheiter og gjer at eigarar kan måtte selje bustader med tap. Der slike sal er kombinerte med høg låningsgrad på bustaden og inntektstap i hushaldet, kan dette leie til alvorlege gjeldsproblem.

Kredittilsynet har sidan 1994 undersøkt praksis for utlån med sikkerheit i bustad. Dei to siste åra har det òg vore særskilt merksemd på rammekredittar med sikkerheit i bustad. Utvalet av bankar i dei to undersøkingane utgjorde høvesvis 83 prosent og 87 prosent av samla utlån og kredittar med sikkerheit i bustad frå bankar i Noreg. Undersøkinga viste ein svak auke i lån med høg låningsgrad jamført med same tal frå 2007. Lån høgare enn verdien på bustaden viste ein svak nedgang frå året før. (Undersøkinga omfattar berre lån utbetalt før 15. september 2008. Ei mogeleg innstramming av kredittpraksis etter denne datoen er såleis ikkje fanga opp.)

Omfanget av lån med fast rente var noko høgare enn i føregåande undersøkingar, men utgjorde framleis berre fire prosent av låna. Av alle lån til personkundar frå bankar og finansieringsføretak i Noreg, inkludert dei statlege låneinstitutta Husbanken og Statens lånekasse for utdanning, hadde berre 3,7 prosent av utlåna ei rentebinding på meir enn eitt år. Privatøkonomien for norske lånekundar blir difor raskt påverka av endringar i rentene. Over fleire år har gjennomsnittleg løpetid for bustadlån auka. Denne utviklinga heldt fram i 2008, kor om lag kvart sjette lån var gitt med ein avdragsfri periode. Sjølv om gjeldsbelastninga steig for hushalda som gruppe i 2008, fall den gjennomsnittlege gjeldsbelastninga noko. For yngre låntakarar var gjeldsbelastninga like over 300 prosent, 12 prosenteiningar lågare enn i tilsvarande undersøking for 2007.

Figur 2.14 Delar av nye lån innanfor ulike lånegrader.
 2001 til 2008.

Figur 2.14 Delar av nye lån innanfor ulike lånegrader. 2001 til 2008.

Kjelde: Kredittilsynet.

Tradisjonelle nedbetalingslån utgjer hovuddelen av utlån med sikkerheit i bustad. Det siste året har det vore ein svak nedgang i nedbetalingslån med sikkerheit i bustad, medan det har vore ein sterk auke i rammekredittar med sikkerheit i bustad. Rammekredittar blir etterspurde av eldre låntakarar i større mon enn dei tradisjonelle nedbetalingslåna. I undersøkinga frå hausten 2008 var over 80 prosent av dei innmelde rammekredittane gitt til låntakarar mellom 35 og 66 år, mot 60 prosent for vanlege nedbetalingslån. Bankane sine retningslinjer for kredittbehandling av rammelån skil seg lite frå nedbetalingslån, med unnatak av at høgste låningsgrad er sett lågare i dei aller fleste bankane. Graden av opptrekk på dei etablerte kredittane varierer med alderen på låntakarane. Bankane gjekk hausten 2008 gjennom rammekredittane som vart etablerte eitt år tidlegare, og det kom fram at dei yngste låntakarane hadde eit klart høgare gjennomsnittleg trekk på ramma enn dei eldre. For alle rammekredittar med sikkerheit i bustad viser statistikk frå utgangen av 2008 eit gjennomsnittleg trekk på 77 prosent av ramma.

Lån til hushald har tradisjonelt vore relativt trygge lån for bankane, og tapa har relativt sett vore lågare. Sikkerheit i bustadeigedom har bidrege til særskilt låg risiko for bankane. Erfaringar mellom anna frå den norske bankkrisa syner likevel at tapa vil auke om arbeidsløysa stig og bustadprisane fell. I 2008 har fleire bankar flytt dei tryggaste bustadlåna frå eigen balanse til bustadkredittføretak som har utferda obligasjonar med førerett. Sjølv om låna i og for seg er tekne ut av bankane, kan bankane sitte igjen med kredittrisiko frå låna. Bankane kan til dømes vere forplikta til å byte ut misleghaldne lån med velhaldne lån, eller vere ansvarlege for ein viss kontantstrøm frå bustadlånspapira.

Den likvide finansformuen til hushalda kan spele ei viktig rolle som kapitalreserve ved endra rammeforhold for hushaldsøkonomien, til dømes ved eit fall i inntektene eller auka utgifter. Nettofordringane til hushalda minska betydeleg i 2008, i hovudsak som følgje av negative nettofinansinvesteringar og tap på verdipapirmarknadene. Om lag ein tredel av finansformuen til hushalda er bunden opp i lite likvide forsikringstekniske reservar. Dersom desse midlane blir haldne utanfor, er nettofordringsraten (netto fordringar i prosent av disponibel inntekt) negativ.

Figur 2.15 Netto fordringar i prosent av disponibel inntekt (nettofordringsraten)
 til hushalda med og utan forsikringskrav, frå 1995 til
 tredje kvartal 2008.

Figur 2.15 Netto fordringar i prosent av disponibel inntekt (nettofordringsraten) til hushalda med og utan forsikringskrav, frå 1995 til tredje kvartal 2008.

Kjelde: Noregs Bank.

Hushalda si sparing i prosent av disponibel inntekt, spareraten, har gått markert ned dei siste åra, og låg på 0,4 prosent i 2007. For 2008 auka spareraten kraftig til 2,1 prosent.

Kredittrisiko ved lån til ikkje-finansielle føretak

Tolvmånadersveksten i utlån frå bankane til innanlandske norske føretak var 18 prosent ved utgangen av 2008. Utlåna til ikkje-finansielle føretak utgjer om lag 34 prosent av samla utlån frå bankane.

Dei norske føretaka har hatt gode resultat over fleire år, og rekneskapane viste at lønsemda var høg også i 2007. Eigenkapitalprosenten var om lag 40 prosent og stabil, trass i høg gjeldsvekst. Tilbakehalde overskot og fleire emisjonar har medverka til å halde ved like ein solid kapitalstruktur gjennom 2007. Konjunkturomslaget har saman med høg kostnadsvekst ført til at resultatutviklinga utover i 2008 vart svakare, og at talet på konkursar auka for første gong sidan 2003. I 2008 vart det registrert 2 315 konkursar (enkeltpersonføretak og norskregistrerte utanlandske føretak haldne utanfor), og dette er 683 fleire konkursar enn i 2007.

Den samla gjeldsbelastninga hos føretaka gjekk noko opp i 2007 som følgje av auka gjeldsvekst, auka finansieringskostnader og lågare vekst i netto salsinntekter. Gjeldsbelastninga er særleg høg innanfor næringseigedom og offshore, som ofte òg har lang nedbetalingstid på låna sine.

Framleis høg gjeldsvekst saman med svakare resultatutvikling har medverka til auka gjeldsbelastning gjennom 2008. Ein aukande del av gjeldsopptaket har skjedd gjennom trekk på unytta lånerammer, som til dømes kassakreditt. Kredittveksten har vore høg også for næringar med mykje gjeld i forhold til innteninga.

Figur 2.16 Gjeld i prosent av inntekta (gjeldsbelastninga) i utvalde næringar.
 2005 til 2007.

Figur 2.16 Gjeld i prosent av inntekta (gjeldsbelastninga) i utvalde næringar. 2005 til 2007.

Kjelde: Noregs Bank.

Kredittilsynet har sidan 1998 årleg undersøkt kor eksponerte bankane er mot utvalde næringar. Undersøkinga for 2008 omfatta shipping, verftsindustri, offshoreindustri, fiske og fangst, fiskeoppdrettsnæringa, eigedomsdrift og bygg og anlegg. Utvalet består av dei ti største bankane etter forvalta kapital, og er basert på bankane sine eigne risikovurderingar og klassifiseringar.

Undersøkinga syner at samla løyvd kreditt auka med 15 prosent frå tredje kvartal 2007 til tredje kvartal 2008. Trekt volum av løyvd kreditt auka i same periode med 22 prosent. Undersøkinga i 2008 viste òg at det med unnatak for eigedomsdrift og bygg og anlegg, har vore ein nedgang i høgrisikoutlån for alle næringar. Eigedomsdrift er den næringa der flest bankar har dei største utlåna sine. Utlåna bankane har løyvd til denne næringa, var 306 milliardar kroner ved utgangen av tredje kvartal 2008, ein auke frå 272 milliardar siste år.

Boks 2.13 Utviklinga for næringseigedom i 2008

Utlån til næringseigedom utgjorde 45 prosent av dei ikkje-finansielle føretaka si samla gjeld til bankar og kredittføretak i 2008. Eigedomsføretaka driv både med utleige og med kjøp og sal av næringseigedom. Både leige- og marknadsprisane på næringseigedom varierer med konjunkturane. Leigeprisen for kontorlokale flata ut i 2008 etter ein lang periode med prisvekst. Marknadsprisen for kontorlokale sentralt i Oslo fall med 20 prosent frå andre halvår i 2007 til andre halvår i 2008. Om leigeprisane held fram med å falle, samstundes som kredittpraksisen i bankane blir strammare og rentemarginane høgare, vil marknadsprisane truleg falle òg i 2009. Aktørar i marknadene ventar fall opp mot 20 prosent i dei dyrare delane av Oslo sentrum og eit mindre fall i andre sentrale delar av Oslo fram til 2010. Omsetnaden av næringseigedommar vart om lag halvert frå 2007 til 2008. Ein stor del av omsetnaden for første halvår 2008 hang saman med salsprosessar som tok til i 2007, då tilhøva var gunstigare. Som følgje av dei tilhøva som er nemnt over, vart det nedskrive verdiar for meir enn 4,7 milliardar kroner i dei norske børsnoterte næringseigedomsføretaka i dei tre første kvartala i 2008. Den samla verdien av næringseigedom i balansen til føretaka var om lag 60 milliardar kroner i tredje kvartal.

2.3.2 Likviditetsrisiko

Den langsiktige finansieringa til bankane, innskot frå kundar, obligasjonslån med meir enn eitt års løpetid, ansvarleg lånekapital og eigenkapital, utgjorde 97 prosent av dei illikvide eigedelane til bankane ved utgangen av 2008. Dette er ei prosenteining lågare enn ved utgangen av 2007. I siste halvdel av 2008 hadde både store og små norske bankar ein auke i langsiktig finansiering målt som prosentdel av illikvide eigedelar.

I tillegg til innskot frå kundar er penge- og verdipapirmarknaden ein viktig kjelde for finansiering for bankane. Samla utanlandsfinansiering i bankane var nær 500 milliardar kroner ved utgangen av 2008, ein auke på om lag 190 milliardar kroner frå 2007. DnB Nor og Nordea har over 90 prosent av den samla utanlandsfinansieringa i bankane, som for det meste består av lån som er tekne opp i verdipapirmarknadene.

Tilbodet av kapital på verdipapirmarknaden har i tida med uro og krise vore avgrensa, samstundes som prisane på innlån har auka kraftig. Nye lån vart tekne opp, men til høgare kostnader. Situasjonen forverra seg etter konkursen til Lehman Brothers i midten av september i 2008, og det følgjande samanbrotet i internasjonale pengemarknader ramma òg norske institusjonar med full tyngd. Som omtala i avsnittet om finanskrisa kutta fleire sentralbankar styringsrentene for å oppmode til lågare marknadsrenter. Desse og andre tiltak bidrog til å stabilisere rentene på pengemarknaden.

Boks 2.14 Likviditetsundersøkinga

Noregs Bank tok i mars 2008 til med å undersøkje likviditeten til bankane kvar månad. I oktober gjekk banken over til å undersøkje likviditeten to gonger kvar månad. Føremålet er å få regelmessig informasjon om likviditetssituasjonen til bankane. Likviditetsundersøkinga har ein kvalitativ og ein kvantitativ del. I den kvalitative delen svarer bankane på spørsmål om finansieringssituasjonen, mens den kvantitative delen gjeld forfall og korleis likviditeten er i høve til interne rammer. Svara frå undersøkinga viser at finansieringssituasjonen i bankane vart kraftig forverra då dei internasjonale marknadene braut saman i september. Tilbodet på finansiering i både norske kroner og utanlandsk valuta fall kraftig. Sidan då har bankane rapportert om ei viss betring, men situasjonen er framleis krevjande.

Tilgang på finansiering i verdipapirmarknaden for norske bankar betra seg gradvis frå slutten av november 2008 og fram mot årsskiftet. Hittil i 2009 har den positive utviklinga halde fram, samstundes som situasjonen i marknaden raskt blir påverka av nye hendingar. Dette kan illustrerast ved at eit negativt resultatvarsel frå Royal Bank of Scotland i januar 2009 leidde til at det igjen vart vanskelegare å hente kapital i marknadene, og løpetidene på tilbydd finansiering gjekk ned. Marknadene er framleis prega av nervøsitet og uvisse.

Gjennom den statlege ordninga der bankane kunne byte til seg statssertifikat mot obligasjonar med førerett (som er sikra med bustadlån), fekk dei norske bankane betre tilgang til langsiktig finansiering frå november i fjor. Dei av bankane som oppretta bustadkredittføretak, har overført ein større lånemasse til desse for å oppnå gunstigare finansiering ved å utferde obligasjonar med førerett. For mange bankar har det vore ei utfordring å snøgt finne fram utlån som kvalifiserer til sal til bustadkredittføretaka. Noregs Bank la òg ut særleg lange F-lån innretta mot små og mellomstore bankar, og mot bankar som elles ikkje hadde høve til å utferde obligasjonar med førerett gjennom eigne kredittføretak.

Den særleg gode garantiordninga for innskot i Noreg har medverka til at innskot har vore ei stabil og viktig kjelde til finansiering for norske bankar. Veksten i samla innskot frå kundar låg på ni prosent i 2008, medan innskot frå hushalda auka med ti prosent. Innskot frå utanlandske føretak til norske bankar auka med 30 prosent i 2008. Denne forholdsvis sterke veksten heng i eit visst mon saman med svekkinga av den norske krona i andre halvår, noko som leidde til at innskot i valuta steig etter omrekning. Samla innskot i norske bankar utgjorde 64 prosent av samla utlån ved utgangen av 2008, det same som året før.

Figur 2.17 Innskot i forhold til utlån i norske 
 bankar. 1998 til 2008.

Figur 2.17 Innskot i forhold til utlån i norske bankar. 1998 til 2008.

Kjelde: Kredittilsynet.

2.3.3 Marknadsrisiko

Risiko knytt til endringar i marknadsprisar på til dømes aksjar, renteberande papir og fast eigedom kallast «marknadsrisiko».

Størstedelen av balansen til bankane er utlån. Ikkje meir enn om lag ein prosent av samla forvaltningskapital er aksjar og liknande, medan obligasjonar utgjer ni prosent. Bankane tok likevel, som følgje av marknadsuroa, store kurstap på aksjar og renteberande papir i dei siste månadene av 2008. Den låge verdsetjinga, både på internasjonale og norske obligasjonar, førte til at bankane bokførte netto tap på fleire av rentepapira sine. Mange bankar nytta ei ny mogelegheit til å omklassifisere delar av verdipapireigedelane slik at bokførte tap vart lågare enn dei elles ville ha vore (sjå Boks 2.9 om endringar i rekneskapsreglane). Samstundes som omklassifiseringane hindra vidare kurstap i 2008, fekk bankane òg betra sine netto renteinntekter gjennom å reversere tidlegare nedskrivingar (på seinare omklassifiserte eigedelar).

Livsforsikringsføretaka og pensjonskassene er særleg utsette for marknadsrisiko fordi dei ofte verdset eigedelar til marknadsverdi, samstundes som forpliktingane deira (implisitt eller eksplisitt) gjerne inneheld ein lovnad til dei forsikra om at forvalta kapital skal ha ei viss avkastning. Fallet i aksjemarknadene bidrog til svake resultat i livsforsikringsføretaka. Negative verdiendringar bidrog saman med realiserte tap på aksjebehaldningane særleg til dette.

Frå botnpunktet i 2002 auka livsforsikringsføretaka behaldninga av aksjar i større mon enn veksten i samla forvaltningskapital fram mot utgangen av andre kvartal 2007. Frå andre kvartal 2007 vart aksjebehaldningane minska til eit særs lågt nivå ved utgangen av 2008. Føretaka utøver, ut frå mengda av bufferkapital, såkalla dynamisk risiko­styring, noko som inneber jamn tilpassing av aksjerisikoen i porteføljane av eigedelar. Låg aksjebehaldning gjer føretaka mindre utsette for vidare fall på aksjemarknadene, men avgrensar samstundes føretaka sine høve til å ta del i ein aksjekursoppgang, og slik byggje opp nye reservar.

Frigjorde midlar som følgje av sal av aksjar er i 2008 i hovudsak plassert i rentepapir med låg kredittrisiko. Dette gjer føretaka meir sårbare for utviklinga i rentene. Eit rentefall aukar marknadsverdien på renteberande papir, og vil på kort sikt vege opp for lågare avkastning frå lågare rente. Obligasjonar haldne til forfall blir ikkje påverka av rentefall sidan ein føreset at desse ikkje skal seljast på marknaden. Over lengre tid vil likevel innløysing og ominvestering av desse obligasjonane gi gradvis lågare avkastning med eit lågare rentenivå. Om lag 30 prosent av papira som er klassifiserte som «haldne til forfall», har ei løpetid på under tre år.

Bygningar og fast eigedom har som del av forvalta kapital auka noko dei to siste åra, som følgje av kjøp og oppskriving av eigedomsverdiar. Låge aksjedelar gjer at risikoen i livsforsikringsføretaka i større mon no er knytt til verdiendringar på eigedom, og eit tilbakeslag i realøkonomien kan gi store utslag på verdsetjing av næringseigedom.

Aksjebehaldninga til både private og kommunale pensjonskasser var framleis vesentleg høgare enn i livsforsikringsføretaka ved utgangen av 2008. Pensjonskassene hadde høgare prosentdel av aksjar enn livsforsikringsføretaka gjennom året, og resultata vart såleis kraftigare svekte enn hos livsforsikringsføretaka. Som for livsforsikringsføretaka har utviklinga på aksjemarknaden ført til nedgang i bufferkapitalen til pensjonskassene.

Det er stor uvisse knytt til utviklinga i aksjemarknadene (slik det alltid er), og det internasjonale konjunkturtilbakeslaget kan gje eit ytterlegare fall. Situasjonen krev god risikostyring og tilfredsstillande bufferkapital, og det er no særs viktig at livsforsikringsføretaka og pensjonskassene passer på at det med god sikkerheitsmargin er samsvar mellom risiko og soliditet. Dette er òg understreka i tidlegare kredittmeldingar.

2.3.4 Operasjonell risiko

Risikoen for tap som følgje av utilstrekkelege eller sviktande interne prosessar eller system, menneskelege feil eller eksterne hendingar blir kalla «operasjonell risiko». Operasjonell risiko omfattar òg juridisk risiko.

Operasjonell svikt har i 2008 påført finansinstitusjonar tap av ulik storleik. I eitt tilfelle måtte ein sparebank ta eit større tap på grunn av dårlege eller manglande kontrollrutinar ved kredittverksemda. Tapet gjorde at banken måtte tilførast ny eigenkapital. Det har òg vore tilfelle av svikt i felles infrastruktur som har hatt følgjer for fleire institusjonar og føretak.

Det ytre trugselbiletet syner ein aukande tendens til organisert kriminalitet retta mot dei opne infrastrukturnettverka som finanssektoren nyttar til sine tenester, gjennom til dømes angrep på nettbankløysingane og nettstadene til bankane. Data- og identitetstjuveri, særleg produksjon av falske kort basert på stolen informasjon, er òg ein aukande trugsel. Utkontrahering frå bankane, særleg til føretak i utlandet, er framleis ei utfordring for risikohandsaming.

I institusjonane er manglande oversikt og kontroll med bruk av informasjons- og kommunikasjonsteknologi eit aukande problem, særleg ved introduksjon av nye løysingar og verktøy, sidan desse ofte er uprøvde eller ikkje kjem med tilstrekkeleg detaljert informasjon til at ein kan vurdere tryggleiken. Vidare kan svikt ved testar knytt til systemendringar få alvorlege følgjer. Det har i 2008 vore fleire døme på gjennomføringsfeil, og i endå større mon tekniske feil ved nytting av server, operativsystem, kommunikasjonssystem og anna. Framleis ser ein både ressurs- og kostnadsproblem ved systemomleggingar, og driftsproblem ved at gamle løysingar må nyttast i lengre periodar enn det som var meininga. Dette har særleg vore problem hos livsforsikringsføretaka.

Under finanskrisa har transaksjonar med verdipapir og valuta, og betalingsformidling, fungert utan vesentlege problem. Avrekning av transaksjonar og pengemessige oppgjer har vore stabilt utført både her heime og globalt.

2.4 Utviklinga på dei norske finansmarknadene

Samla forvaltningskapital i norske finansinstitusjonar var 6 284 milliardar kroner ved utgangen av 2008. Dette inneber ein auke på nesten 20 prosent samanlikna med utgangen av 2007.

Det er fem store finansgrupperingar i den norske finansmarknaden. DnB Nor er det største finanskonsernet i Noreg, medan dei andre store finanskonserna er Storebrand, Sparebank 1-gruppa (22 bankar), og Terra-gruppa (78 bankar). Det svenske finanskonsernet Nordea er representert i Noreg gjennom dotterføretaka Nordea Bank Norge og Nordea Liv. Samla utgjer desse grupperingane vel 60 prosent av den norske finansmarknaden ved utgangen av 2008.

Tabell 2.1 Strukturen i den norske finansmarknaden per 31. desember 2008. Prosent av samla forvaltningskapital.

  BankFinans­ierings­føretakKreditt­føretakVerdi­papirfondLivs­forsikringSkade­forsikringSum konsern
DnB Nor Bank*3931222630033
Nordea Bank Norge148286010
Sparebank 1-gruppa**127873610
Storebrand10192714
Terra-gruppa**5121013
Sum finansgrupper7047365066961
Andre føretak30536450349139

* Medrekna Nordlandsbanken.

** For Sparebank 1-gruppa og Terra-gruppa er eigarbankane medrekna i marknadsdelane.

Kjelde: Kredittilsynet og Verdipapirfondenes Forening.

Utanlandske aktørar utgjer ein stor del av den norske finansmarknaden, både gjennom filialar og dotterføretak. Særleg blant finansieringsføretaka har dei utanlandske føretaka ein stor del av marknaden. På skadeforsikringsmarknaden har det svenske skadeføretaket If Skadeforsikring og det danske føretaket TrygVesta samla om lag 30 prosent av forvalta kapital. På bankmarknaden har utanlandske aktørar, gjennom høg utlånsvekst, auka sin del av marknaden.

Tabell 2.2 Utanlandsk åtte dotterføretak og filialar sin del av den norske finansmarknaden per 31. desember 2008. Prosent av samla forvaltningskapital. (Grenseoverskridande verksemd ikkje medrekna.)

  BankFinansieringsføretakKredittføretakLivsforsikringSkadeforsikring
Utanlandsk åtte dotterføretak1541262
Filialar av utanlandske føretak19195134
Sum utanlandske34608736
Norskåtte institusjonar6640929364

Kjelde: Kredittilsynet.

2.4.1 Bankverksemd

Resultata i dei norske bankane vart sterkt svekt i 2008. Hovudårsaka er ein kraftig auke i tap på utlån mot slutten av året, som følgje av ei oppbremsing i økonomien, og framleis større kurstap på behaldninga av obligasjonar og aksjar. Veksten i utlån heldt seg oppe, sjølv om utlån til personkundar viste ein viss nedgang. Utlån til innanlandske føretak hadde framleis ein høg vekst.

Ved utgangen av 2008 var det 147 bankar på den norske bankmarknaden. Av desse var 121 sparebankar, 13 norskåtte forretningsbankar, tre utanlandsk åtte dotterbankar, og ti filialar av utanlandske bankar. Samla forvaltningskapital i bankmarknaden, medrekna utanlandske filialar og dotterbankar, var 3 918 milliardar kroner ved utgangen av 2008. DnB Nor Bank er største aktør med 39 prosent av marknaden målt etter forvaltningskapital. Med ein marknadsdel på 14 prosent er Nordea Bank Noreg nest størst, medan filialar av utanlandske bankar hadde ein marknadsdel på 19 prosent ved utgangen av fjoråret, jamfør figur 2.18. Målt etter brutto utlån hadde DnB Nor om lag 33 prosent av marknaden, medan marknadsdelane til dei andre aktørane var noko høgare.

Figur 2.18 Marknadsdelar, målt i samla forvaltningskapital og
 i brutto utlån til kundar, i bankmarknaden ved utgangen
 av 2008.

Figur 2.18 Marknadsdelar, målt i samla forvaltningskapital og i brutto utlån til kundar, i bankmarknaden ved utgangen av 2008.

Kjelde: Kredittilsynet.

Filialane hadde i fleire år ein høgare vekst i utlåna enn dei norske bankane, men for 2008 er biletet snudd, og veksten var lågare i filialane enn i dei andre bankane.

Bankane sitt resultat før skatt var om lag 19 milliardar kroner i 2008, 32 prosent lågare enn året før. I høve til gjennomsnittleg forvaltningskapital fall det samla resultatet frå 1,2 prosent til 0,7 prosent. Avkastninga på eigenkapitalen etter skatt var ni prosent, mot 15 prosent i 2007. Totalt gjekk 21 bankar med underskot i 2008, hovudsakleg mindre sparebankar og nystarta forretningsbankar, men tre av desse var bankar med meir enn ti milliardar kroner i forvaltningskapital.

Den viktigaste årsaka til svekte resultat var ein kraftig auke i tap på utlån, særleg mot slutten av året. For heile året måtte bankane føre 5,7 milliardar kroner i tap på utlån, mot berre 38 millionar kroner året før.

Uroa på finansmarknadene gav store kurstap på verdipapir, for ein stor del urealiserte tap. Utan effekten frå omklassifisering av visse verdipapir ville den samla eigenkapitalavkastninga til bankane vore meir enn ei prosenteining lågare.

Den viktigaste inntektskjelda til norske bankar er netto renteinntekter, som utgjer om lag 80 prosent av samla driftsinntekter. Etter fleire år med sterkt fallande rentemarginar oppnådde bankane i 2008 ei svak betring i marginane, men desse ligg framleis på eit historisk lågt nivå.

I den vidare omtala blir bankane grupperte slik: DnB Nor Bank (med Nordlandsbanken som heilått dotterbank), andre bankar med meir enn ti milliardar kroner i forvaltningskapital (totalt 23 bankar), og bankar med mindre enn ti milliardar kroner i forvaltningskapital (totalt 111 bankar). Resultat i høve til gjennomsnittleg forvaltningskapital fall for alle dei tre gruppene av bankar frå 2007 til 2008. Avkastninga på eigenkapitalen for DnB Nor Bank var like over 12 prosent i 2008, mot om lag 21 prosent året før. For gruppa med meir enn ti milliardar kroner i forvaltningskapital var det ein nedgang frå om lag 13 prosent til i overkant av sju prosent, medan gruppa av dei mindre bankane fekk ei minsking frå vel åtte prosent til om lag 2,5 prosent.

Tabell 2.3 Resultatpostar for 2008 i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital.

  DnB Nor Bank (medr. Nordlandsbanken)Andre bankar med meir enn 10 mrd i FKAndre bankar med mindre enn 10 mrd i FK
  200820072008200720082007
Netto renteinntekter1,341,341,671,582,232,33
Andre inntekter0,510,850,290,570,170,53
- av dette verdiendringar*0,120,26-0,030,05-0,31-0,01
Andre kostnader0,921,001,091,171,621,74
- av dette løn og adm.0,780,860,880,961,261,33
Driftsresultat før tap0,941,330,870,980,781,12
Tap på utlån0,120,000,26-0,010,280,05
Verdifall på eigedelar**0,00-0,140,000,000,080,00
Resultat før skatt0,811,330,610,990,411,08

* Netto verdiendringar av finansielle eigedelar vurderte til verkeleg verdi, og netto kursgevinstar.

** Verdifall på ikkje-finansielle eigedelar, nedskrivingar på verdipapir (lang sikt).

Kjelde: Kredittilsynet.

Norske bankar har i fleire år hatt ein særs høg utlånsvekst, jamfør avsnitt 2.3.1 om kredittrisiko. I 2008 var det ein viss tilbakegang, men det var framleis høg vekst ved utgangen av året. Noko av veksten skriv seg frå svekkinga av den norske krona i andre halvår 2008, sidan utlån i utanlandsk valuta blir rekna om til norske kroner i rekneskapen til bankane. Ein del bankar har overført større delar av bustadlåna sine til eigne kredittføretak med konsesjon til å utferde obligasjonar med førerett. Dette har vore med på å halde auken i utlån på balansane til bankane lågare enn han elles ville ha vore. Ved utgangen av 2008 hadde norske bankar auka sine samla utlån til kundar med 10,4 prosent jamført med nivåa eitt år tidlegare. Om bustadkredittføretaka blir rekna med, var veksten 17,5 prosent.

Gjennom 2008 auka samla innskot i bankane med like over ti prosent, altså nær det same som utlånsauken. Som følgje av ein auke i langsiktig obligasjonsgjeld og monalege overføringar av bustadlån til bustadkredittføretak, vart ein større del av finansieringa til bankane langsiktig, jamfør avsnitt 2.3.1.

Tabell 2.4 Balansepostar ved utgangen av 2008. Norske bankar.

  DnB Nor Bank (medr. Nordlandsbanken)Andre bankar med meir enn 10 mrd i FKAndre bankar med mindre enn 10 mrd i FK
  Mrd. kr.Vekst %Mrd. kr.Vekst %Mrd. kr.Vekst %
Forvaltningskapital1 50926,61 39416,228317,7
Brutto utlån til kundar8558,31 09612,32379,9
Innskot frå kundar58311,66288,017914,2

Kjelde: Kredittilsynet.

Bankane si evne til å bere tap utan at innskytarar og andre alminnelege kreditorar lir tap, kan definerast ved kjernekapitalen. Figur 2.19 syner utviklinga i kjernekapitalen i prosent av uvekta balanse (forvaltningskapital) hos bankane. Kjernekapitalprosenten har vore forholdsvis stabil over lengre tid, men fall noko frå utgangen av 2007 og gjennom 2008.

Figur 2.19 Kjernekapital i prosent av risikovekta forvaltningskapital
 (kjernekapitaldekninga). 
 Norske bankar frå 2000 til 2008.

Figur 2.19 Kjernekapital i prosent av risikovekta forvaltningskapital (kjernekapitaldekninga). Norske bankar frå 2000 til 2008.

Kjelde: Kredittilsynet.

Kollapsen i Northern Rock, som oppfylte dei fastsette krava til soliditet då banken kollapsa, kan stå som eit døme på kor vanskeleg det er å fange opp risikoen ved verksemda til ein bank. For reguleringsføremål er det likevel naudsynt å setje opp nokre handfaste reglar for kor stor gjeldsgrad ein bank kan ha, og desse krava tek mellom anna utgangspunkt i den såkalla risikovigde balansen. Reglane er kjenneteikna av at kvar einskild bank skal ha ein kjernekapital som utgjer minst fire prosent av den risikovigde balansen, og at banken skal ha ein ansvarleg kapital på minst åtte prosent.

Nye reglar for kapitaldekning, dei såkalla Basel II-reglane, vart gjorde gjeldande frå 1. januar 2007, saman med ei rekkje overgangsordningar. Eit viktig føremål med dei nye reglane er å måle risikoen ved verksemda til bankane meir nøyaktig. Berekningar som vert gjorde før reglane vart vedtekne, syner at særleg bankar som nytta interne modellar, kunne få ein lågare risikovigd balanse. Sju store bankar nytta i 2008 interne modellar for berekning av minstekrav til kapital. I 2009 skal desse bankane ha ansvarleg kapital som minst svarer til 80 prosent av minstekravet til kapital etter dei gamle reglane (Basel I), ned frå høvesvis 95 og 90 prosent i 2007 og 2008. Jamført med kapitaldekninga berekna for fjerde kvartal 2007, har dekninga til bankane som nyttar interne modellar minska. Årsaka til dette er mellom anna svake resultat og sterk auke i berekningsgrunnlaget mot slutten av året.

Bankane som nytta standardmetoden for berekning av minstekrav til kapital, har samla sett hatt ein auke i kapitaldekninga jamført med fjerde kvartal 2007. Samla hadde desse ei førebels kjernekapitaldekning på vel 12 prosent ved utgangen av 2008, mot 11,5 prosent ved utgangen av 2007. Sidan reglane for risikovekting av eigedelar er ulik etter Basel I og Basel II, kan ikkje tala samanliknast fullt ut.

Tabell 2.5 Kapitaldekninga i bankar som nyttar standardmetode under Basel II.

  KjernekapitaldekningKapitaldekning
  31.12.200831.12.200731.12.200831.12.2007
Bankar over 10 mrd i FK10,110,511,912,3
Bankar under 10 mrd i FK16,315,917,216,7
Alle standardmetodebankar12,211,513,713,1

Kjelde: Kredittilsynet.

Boks 2.15 Rekneskapsmessig taps­nedskriving

Norske rekneskapsreglar for utlån og garantiar er i hovudsak tilpassa internasjonale rekneskapsreglar. Kriteriet for nedskriving på utlånstap er at det ligg føre objektive bevis for at ei tapshending har skjedd. Hendingar som medfører nedskriving, må vidare ha skjedd på balansedagen, og det er ein føresetnad for nedskriving at tapshendinga har negativ effekt på kontantstraumane frå utlånet. Vurdering om det ligg føre nedskrivingsbehov for utlånsmassen, skal gjerast både på individuelt nivå og på gruppenivå.

Alle utlån av ein viss storleik skal vurderast individuelt for nedskrivingsbehov. Finansielle problem hos skuldnar er eit døme på forhold som kvalifiserer som objektivt bevis på tapshending.

Utlån som ikkje er nedskrivne individuelt, skal delast inn i grupper med tilnærma like risikoeigenskapar med omsyn til skuldnars evne til å betale ved forfall. Dersom det ligg føre objektive bevis for at ei gruppe av utlån har verdifall, skal utlånsgruppa nedskrivast. Døme på verdifall for grupper av utlån kan mellom anna vere negative endringar i betalingsstatus for skuldnarar i gruppa, eller overordna økonomiske forhold som samvarierer med misleghald for eigedelane i gruppa.

Når tapshendinga er identifisert på høvesvis individuelle utlån og grupper av utlån, bereknar ein storleiken på tapet. Regelverket krev at nedskriving blir rekna ut som forskjellen mellom balanseført verdi og noverdi av estimerte framtidige kontantstraumar, neddiskonterte med effektiv rente.

2.4.2 Forsikring og pensjon

Skadeforsikring

I skadeforsikringsmarknaden er det om lag 70 aktørar som tilbyr skadeforsikring. Hovuddelen av dei små skadeforsikringsføretaka er sjøforsikringsføretak og captiveføretak (føretak oppretta innanfor eit konsern eller ein organisasjon for å handsame føretaka sine eigne risikoar).

Dei fire største aktørane, Gjensidige Forsikring, If Skadeforsikring, TrygVesta og Sparebank 1 Skadeforsikring, hadde samla 67 prosent av marknaden ved utgangen av 2008. Det siste året har marknadsdelen til dei andre føretaka minka i prosent av forvaltningskapitalen, medan den i prosent av premieinntektene har auka med fire prosenteiningar, til 34 prosent.

Ei kraftig minsking av finansinntektene førte til at resultata til skadeforsikringsføretaka før skatt fall med nær 90 prosent, frå over fire milliardar kroner i 2007, til om lag 420 millionar kroner i 2008 (captiveføretak ikkje medrekna). Bruk av sikkerheitsavsetningar bidrog til ei betring av det såkalla tekniske resultatet, og til at føretaka unngjekk underskot i 2008. Premieinntekter, erstatningskostnader og driftskostnader har halde seg rimeleg stabile.

Tabell 2.6 Marknadsdelar skadeforsikring, målt i prosent av samla førefallen bruttopremie.

  20082007
Konserntilknytt*3545
Captives75
Andre aksjeføretak98
Sjøforsikringsføretak34
Gjensidige føretak11
Filialar4537

* Det store skiftet i marknadsdelen mellom konsern og filialar kjem av at Vesta vart filial i tredje kvartal 2007.

Kjelde: Kredittilsynet.

Tabell 2.7 Resultatpostar i skadeforsikringsføretaka for 2008. Milliardar kroner og i prosent av premieinntekter for eiga rekning (fer.), utan captives.

  2008200820072007
  Milliardar kronerProsentMilliardar kronerProsent
Premieinntekter fer.21,720,9
Pådregne skadar fer.16,475,515,976,1
Forsikringsrelaterte driftskostnader fer.4,520,94,220,0
Resultat av teknisk rekneskap*1,15,10,42,1
Netto finansinntekter–0,7–3,23,717,8
Resultat før skatt0,41,94,219,9

* Ikkje medrekna allokert investeringsavkastning. Allokert investeringsavkastning omfattar eit beløp som tilsvarar ei berekna avkastning av dei gjennomsnittlege forsikringstekniske avsetningane i rekneskapsåret.

Kjelde: Kredittilsynet.

Summen av erstatningskostnader og andre forsikringsrelaterte driftskostnader for eiga rekning, i prosent av premieinntekter for eiga rekning, kalla «combined ratio», har halde seg stabilt på 96 prosent både i 2007 og 2008. Combined ratio er eit uttrykk for kor stor del av utgiftene forsikringsføretaka kan dekkje gjennom premiane. Er combined ratio høgare enn 100 prosent, må føretaket ha andre inntekter for å gå i balanse, til dømes finansinntekter.

Samla hadde skadeforsikringsføretaka (utanom captiveføretak) ein forvaltningskapital på nesten 80 milliardar kroner ved utgangen av 2008, marginalt opp (ein halv prosent) frå 2007. Investeringar haldne til forfall utgjorde 21 prosent av forvaltningskapitalen, ein auke på sju prosenteiningar. Aksjar utgjorde 13 prosent, ei minsking på fem prosenteiningar. Obligasjonar og andre verdipapir med fast avkastning utgjorde 24 prosent av forvaltningskapitalen i 2008, mot 26 prosent ved utgangen av 2007. Bygningar og faste eigedommar fall med to prosenteiningar, medan utlåna har halde seg stabile.

Med unnatak av to føretak var kapitaldekningskrava oppfylte ved utgangen av 2008. Alle føretaka innfridde minstekravet for forsikringstekniske avsetningar, men dekningsprosenten (dei faktiske avsetningane i prosent av minstekravet) hadde gått ned. Aksjar og rentepapir utgjorde i 2008 ein mindre del av forvalta kapital i skadeforsikringsføretak enn i livsforsikringsføretak og pensjonskasser, og skadeføretaka er difor noko mindre eksponerte mot marknadsrisiko. Nedgang på verdipapirmarknaden vil såleis i mindre mon føre til alvorlege soliditetsproblem i skadeforsikringsføretaka, trass i at resultata siste år vart betydeleg dårlegare som følgje av svekte finansinntekter.

Livsforsikring

Det er ni norskåtte og to utanlandskåtte livsforsikringsføretak på den norske livsforsikringsmarknaden, og vidare ein del mindre filialar av utanlandske føretak. Dei tre største livsforsikringsføretaka, Vital Forsikring, Storebrand Livsforsikring og Kommunal Landspensjonskasse, hadde 84 prosent av samla forvaltningskapital ved utgangen av 2008.

Figur 2.20 Marknadsdelar målt i prosent av premieinntekter (medrekna
 flytting av premiereservar frå andre føretak).
 Livsforsikring, 2007 og 2008.

Figur 2.20 Marknadsdelar målt i prosent av premieinntekter (medrekna flytting av premiereservar frå andre føretak). Livsforsikring, 2007 og 2008.

Kjelde: Kredittilsynet.

For livsforsikringsføretaka og pensjonskassene vart nye verksemdsreglar og endringar i årsrekneskapsreglane sette i kraft med verknad frå 1. januar 2008. Endringane i regelverket har betydeleg innverknad på rekneskapane for 2008. Føretaka er òg fritekne frå å utarbeide samanliknbare tal for 2007.

Figur 2.21 Utviklinga i aksjar og rentepapir i prosent av forvaltningskapitalen.
 Livsforsikring frå 1993 til 2008.

Figur 2.21 Utviklinga i aksjar og rentepapir i prosent av forvaltningskapitalen. Livsforsikring frå 1993 til 2008.

Kjelde: Kredittilsynet.

Svake finansresultat gav svake resultat i livsforsikringsføretaka i fjor. Verdijustert kapitalavkastning på kollektivporteføljane enda negativt på –1,4 prosent, medan bokført avkastning i same periode var 1,3 prosent. Negative verdiendringar og realiserte tap på aksjebehaldningane bidrog negativt til føretaka sine resultat i 2008. Medan obligasjonar dei tre første kvartala i 2008 hadde ei negativ verdiendring, førte verdiauke i fjerde kvartal til at obligasjonsverdiane samla sett gjekk opp i 2008. Nytting av tilleggsavsetnader på til saman 11 milliardar kroner gjer at resultata før skatt vart –2,7 milliardar kroner. Verdijustert resultat, som medreknar endringar i kursreguleringsfonda, var på –20 milliardar kroner. Med unnatak av eitt mindre føretak hadde alle livsforsikringsføretaka negativt verdijustert resultat i 2008.

Tabell 2.8 Resultatpostar i livsforsikring 2008 i milliardar kroner og i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital (GFK).

  Milliardar kronerProsent av GFK
Premieinntekter78,110,60
Netto inntekter frå finansielle eigedelar i kollektivporteføljen–9,9–1,34
Erstatningar64,28,72
Endring i forsikringsforpliktingar (kontraktsfastsette forpliktingar)8,01,09
- endring i tilleggsavsetnader11,11,51
Forsikringsrelaterte driftskostnader5,70,77
Resultat av teknisk rekneskap (kundeporteføljene)–0,9–0,12
Resultat av ikkje-teknisk rekneskap (selskapsporteføljen)–1,9–0,25
Resultat før skatt–2,8–0,37
Endring i kursreguleringsfond–17,5–2,37
Verdijustert resultat før skatt–20,2–2,75

Kjelde: Kredittilsynet.

Aksjebehaldningane til livsforsikringsføretaka auka som del av den forvalta kapitalen frå botnpunktet i 2002, fram til andre kvartal i 2007. Frå andre kvartal 2007 har aksjebehaldninga igjen vorte minska, og ved utgangen av 2008 var aksjebehaldninga redusert til 12 prosent av forvalta kapital, hovudsakleg som følgje av det kraftige fallet i aksjeverdiar. Om ein ser bort frå porteføljane med investeringsval, var aksjedelen ti prosent, og om ein tek med derivat (sikringsinstrument), var eksponeringa mot aksjar endå lågare. Dei frigjorde midlane ved sal av aksjar har vorte plasserte i rentepapir, i hovudsak obligasjonar og sertifikat. Denne papirklassa utgjorde 36 prosent av forvalta kapital ved utgangen av 2008, vurdert til verkeleg verdi. Obligasjonar som er klassifiserte som «haldne til forfall», minska som del av forvalta kapital i fjerde kvartal, som følgje av at Storebrand løyste opp heile sin «halden til forfall»-portefølje. For livsforsikringsføretaka samla utgjorde obligasjonar haldne til forfall 16 prosent av forvalta kapital ved utgangen av 2008. På grunn av rekneskapsreglane er desse obligasjonane mindre følsame for endringar i marknadsverdiar enn mange andre eigedelar.

Behaldninga av bygningar og fast eigedom jamført med forvaltningskapitalen har vore stabil over lengre tid, men har som følgje av både oppskriving av eigedomsverdiar og av fleire plasseringar auka noko dei to siste åra. Eigedom utgjorde 13 prosent av forvaltningskapitalen ved utgangen av 2008.

Figur 2.22 Utviklinga i bufferkapitalen i prosent av forvaltningskapitalen.
 Livsforsikring frå 2000 til 2008.

Figur 2.22 Utviklinga i bufferkapitalen i prosent av forvaltningskapitalen. Livsforsikring frå 2000 til 2008.

Definisjonen på bufferkapital er noko endra i 2008, men er i hovudsak samansett av kjernekapital utover minstekravet, tilleggsavsetnader opp til eitt års rentegaranti, kursreguleringsfond og risikoutjamningsfond.

Kjelde: Kredittilsynet.

Bufferkapitalen gir uttrykk for føretaka si evne til å bere risiko, og er samansett av kjernekapital ut over minstekravet, tilleggsavsetnader opp til eitt års rentegaranti, kursreguleringsfond og risikoutjamningsfond. Fallet i aksjekursane har ramma livsforsikringsføretaka hardt, og berre eitt føretak hadde midlar igjen i kursreguleringsfondet ved utgangen av 2008. Ein stor del av tilleggsavsetnadene er nytta til å dekkje rentegarantiar til kundane i 2008. Føretaka har avgrensa høve til å setje av nye tilleggsavsetnader. Bufferkapitalen vart i 2008 redusert med 34 milliardar kroner, til 27 milliardar kroner. Samla bufferkapital jamført med forvalta kapital var fire prosent ved utgangen av 2008, ei minsking på om lag tre prosenteiningar frå året før. Bufferkapitalen er no nede på same nivå som ved botnpunktet i 2002.

Pensjonskasser

Dei 35 største pensjonskassene, som forvaltar om lag 80 prosent av all kapital i pensjonskassene, har dei siste par åra hatt ein nedgang i verdijustert kapitalavkastning. Verdijustert kapitalavkastning i kollektivporteføljane til alle kassene i utvalet var på –8,5 prosent i 2008, ned frå 5,8 prosent i 2007. Dei private kassene hadde ei avkastning på –9,6 prosent i 2008. For dei kommunale kassene låg avkastninga på –6,2 prosent. Høgare eksponering i aksjemarknadene har bidrege til at verdijustert ­kapitalavkastning er lågare i dei private pensjonskassene enn i dei kommunale pensjonskassene.

Figur 2.23 Kapitalavkastning i prosent i eit utval pensjonskasser i 2008.

Figur 2.23 Kapitalavkastning i prosent i eit utval pensjonskasser i 2008.

Kjelde: Kredittilsynet.

Figur 2.24 Utviklinga i pensjonskassene sin 
 bufferkapital frå 2002 til 2008 (tilleggsavsetnader opp
 til kvart års renteforplikting medrekna). 
 Prosent av forvaltningskapitalen.

Figur 2.24 Utviklinga i pensjonskassene sin bufferkapital frå 2002 til 2008 (tilleggsavsetnader opp til kvart års renteforplikting medrekna). Prosent av forvaltningskapitalen.

Kjelde: Kredittilsynet.

For dei private og dei kommunale pensjonskassene i utvalet var aksjedelen på høvesvis 30 prosent og 21 prosent av forvalta kapital ved utgangen av 2008, ned frå 36 og 26 prosent ved utgangen av 2007. Aksjebehaldninga til både private og kommunale pensjonskasser er framleis vesentleg høgare enn hos livsforsikringsføretaka.

Utviklinga på aksjemarknaden i 2008 har òg ført til nedgang i bufferkapitalen for pensjonskassene. Bufferkapitalen utgjorde 4,5 prosent av den forvalta kapitalen til pensjonskassene ved utgangen av 2008, ein nedgang på om lag ni prosenteiningar jamført med året før.

2.4.3 Finansierings- og kredittverksemd

Ved utgangen av 2008 var det 18 norskeigde finansieringsselskap og 14 utanlandsk eigde dotterselskap i Noreg. I tillegg driv 19 utanlandske filialar verksemd i den norske marknaden. Samla forvalta kapital for finansieringsselskapa, utanom filialane, var om lag 172 milliardar kroner. Dei to største selskapa, eitt norsk selskap og eitt utanlandskeigd dotterselskap, hadde ein samla marknadsdel på om lag 50 prosent.

Finansieringsselskapa fekk eit resultat av si ordinære verksemd på 1,7 milliardar kroner i 2008, ein nedgang på 60 millionar kroner samanlikna med 2007. I høve til gjennomsnittleg forvalta kapital fall resultatet med 0,45 prosenteiningar til 1,36 prosent. Det var ein kraftig auke i tap på utlån i 2008. Misleghaldne lån før nedskriving auka med heile 53 prosent og utgjorde om lag tre prosent av samla utlån ved utgangen av 2008. I høve til gjennomsnittleg forvalta kapital steig tapa med nær ein halv prosenteining til trekvart prosent. Finansieringsselskapa hadde ein samla utlånsvekst på 24 prosent i fjor, men justert for eit særskilt porteføljeoppkjøp var veksten 14 prosent.

Fleire av finansieringsselskapa driv, i tillegg til einskilde bankar, med forbruksfinansiering. Dette er lån som i stor mon blir gitt utan krav om sikkerheit, og som inneber høg kredittrisiko. Kredittilsynet har over fleire år kartlagt omfanget av desse låna. Årsveksten låg her på 17 prosent i 2008 (mot 19 prosent i 2007), medrekna ei kraftig oppbremsing mot slutten av året. Det har vore ein klar auke i tap og misleghald, og bokførte tap knytte til forbrukslån ligg høgare enn for lån elles. Resultat av ordinær drift, i prosent av gjennomsnittleg forvaltningskapital, fall jamført med 2007, men føretaka i utvalet hadde likevel høgare nettorente og betre resultat enn gjennomsnittet for bankar og finansieringsføretak.

Tabell 2.9 Utviklinga i forbrukslån i eit utval føretak.

  200320042005200620072008
Forbrukslån (mill. kr)20 81622 82326 27631 05736 92543 122
Tolvmånadersvekst i prosent*7,49,615,118,218,916,8
Tap i prosent av forbrukslån2,81,71,50,80,92,1
Nettorente i prosent av GFK10,11211,611,29,88,8
Resultat ord. drift i prosent av GFK4,97,77,67,65,53,2
Brutto misleghald i prosent av forbrukslån8,46,85,54,95,06,6

* Vekstraten i 2003 og 2004 var påverka av at eit føretak minska utlåna i denne perioden.

Kjelde: Kredittilsynet.

Femten kredittføretak var aktive på den norske marknaden i 2008, medrekna to filialar av utanlandske føretak. Av dei 15 føretaka var sju bustadkredittføretak. Samla forvalta kapital var om lag 970 milliardar kroner. Fleire bustadkredittføretak vart etablerte mot slutten av 2008 og i byrjinga av 2009 som følgje av den statlege ordninga som gav bankane høve til å byte til seg statspapir mot obligasjonar med førerett.

Kredittføretaka (utan Eksportfinans) hadde eit resultat av ordinær verksemd på 2,5 milliardar kroner, noko som er 1,5 milliardar kroner betre enn i 2007. I høve til gjennomsnittleg forvalta kapital var dette ein auke på 0,19 prosenteiningar til 0,52 prosent. Resultata var påverka av ein auke i netto renteinntekter som følgje av overføringar av utlån frå bankar til bustadkredittføretak. Kredittføretaka auka utlåna med om lag 50 prosent i 2008, som òg hadde si årsak i overføringane frå bankane til bustadkredittføretaka. Det har vore ein auke i tap og misleghald, men nivået er framleis lågt. Ved utgangen av 2008 hadde bustadkredittføretaka utferda obligasjonar med førerett for 210 milliardar kroner, mot 50 milliardar kroner året før.

2.4.4 Verdipapirhandel

Verdipapirføretaka fekk til saman driftsinntekter på om lag 15 milliardar kroner i 2008. Dette er ein nedgang på fire milliardar kroner, eller 22 prosent, frå 2007. Ved utgangen av 2008 var det 154 verdipapirføretak med konsesjon frå Kredittilsynet. Av desse var 31 bankar.

Samla driftsinntekter for verdipapirføretak som ikkje er bankar, var like over åtte milliardar kroner i 2008. 1 Dette er 43 prosent lågare enn i 2007. Dei viktigaste inntektskjeldene for verdipapirføretaka som ikkje er bankar, er emisjons- og rådgivingsverksemd, og mekling av eigenkapital- og gjeldsinstrument. Inntektene frå emisjonar og rådgivingsverksemd var 2,2 milliardar kroner i 2008 for dei verdipapirføretaka som ikkje er bank. Dette er ein nedgang på meir enn fire milliardar kroner (eller 66 prosent) frå 2007. Dei same føretaka fekk i 2008 inntekter frå mekling av eigenkapital- og gjeldsinstrument (sum kurtasjehandel og nettohandel) på to milliardar kroner, ein nedgang på 520 millionar kroner (20 prosent) frå 2007, og over ein milliard kroner (33 prosent) lågare enn i 2006.

Kapital under aktiv forvaltning var drygt 410 milliardar kroner ved utgangen av 2008, heile 125 milliardar kroner (43 prosent) meir enn året før. Hovudårsaka til auken er at eit forvaltningsselskap for verdipapirfond med verknad frå 1. januar 2008 overførte den aktive forvaltningsverksemda si til eit verdipapirføretak innan same konsern. På tross av den store auken i forvalta kapital, var auken i inntektene frå aktiv forvaltning moderat. Inntekter frå aktiv forvaltning var 1,4 milliardar kroner i 2008, ein auke på vel 100 millionar (8 prosent) samanlikna med 2007. Driftskostnadene vart ikkje reduserte i same mon som driftsinntektene, og utgjorde 6,8 milliardar kroner i 2008 (–16 prosent frå 2007). Verdipapirføretaka (som ikkje er bankar) fekk eit samla driftsresultat på 1,3 milliardar kroner i 2008. Dette er ein nedgang på heile fem milliardar kroner (eller 79 prosent) jamført med 2007.

Bankane sine inntekter frå investeringstenester og tilleggstenester er i stor grad knytt til handel i gjeldsinstrument og valuta (både underliggjande og derivat). For verdipapirføretaka som er bank, vart driftsinntektene til saman 6,8 milliardar kroner i 2008, noko som er ein auke på drygt 2,2 milliardar kroner frå 2007. Det ser ut som om dei auka driftsinntektene i hovudsak kjem av endringar i rekneskapsreglane (IAS 39 og IFRS 7), som vart gjorde gjeldande frå og med 1. juli 2008. For tredje kvartal 2008 førte dette til dømes til at bankane sine nettoinntekter frå eigenhandel vart meir enn 1,7 milliardar kroner høgare enn dei ville ha vore utan endringane i rekneskapsreglane. Inntektene frå emisjons- og rådgivingsverksemda til verdipapirføretak som er bank, gjekk ned med ein halv milliard kroner (63 prosent) samanlikna med 2007, og enda på like over 300 millionar kroner.

Forvaltningskapitalen i norskregistrerte verdipapirfond låg på omkring 290 milliardar kroner ved utgangen av 2008, mot vel 400 milliardar kroner ved utgangen av 2007, ein nedgang på 29 prosent. Nedgangen i forvaltningskapital i 2008 kjem i hovudsak av ein verdireduksjon på investerte midlar på 92 milliardar kroner. Forvaltningsselskapa for verdipapirfond rådde ved utgangen av 2008 over om lag 270 milliardar kroner til aktiv forvaltning, noko som er heile 250 milliardar kroner (48 prosent) lågare enn året før. Hovudårsaka er som nemnt ovanfor at eit forvaltningsselskap for verdipapirfond overførte den aktive forvaltningsverksemda si til eit verdipapirføretak innan same konsern.

Nettoteikninga (medrekna ominvestert utbytte) i 2008 var negativ med om lag 23 milliardar kroner. Ved utgangen av 2008 var det 2,32 millionar partseigarar i norskregistrerte verdipapirfond, mot 2,39 millionar ved utgangen av 2007 (ein investor kan vere partseigar i fleire ulike verdipapirfond).

Driftsinntektene til forvaltningsføretaka vart redusert frå 4,4 milliardar kroner i 2007 til tre milliardar kroner i 2008, ein nedgang på 33 prosent. Samla driftsresultat til forvaltningsføretaka enda på drygt 700 millionar kroner i 2008 mot halvannan milliard kroner i 2007, ein nedgang på 54 prosent. Dei viktigaste inntektskjeldene for forvaltningsføretaka er godtgjering for forvaltning av fond og inntekter frå aktiv forvaltning av porteføljar. Forvaltningsføretaka fekk ei godtgjering for forvaltning av fond på 2,5 milliardar kroner i 2008, ein nedgang på om lag ein milliard kroner jamført med 2007. Forvaltningsføretaka hadde òg ein nedgang i inntekter frå aktiv forvaltning på 42 prosent samanlika med året før. Kapital under aktiv forvaltning var vel 410 milliardar kroner. Driftskostnadene til forvaltningsføretaka låg på 2,3 milliardar kroner i 2008, 600 millionar kroner lågare enn året før.

2.5 Handsaming av einskilde institusjonar

2.5.1 Kaupthing

Tilsynsorganet på Island (FME) tok 9. oktober 2008 kontroll over Kaupthing Banki hf. Dette gjaldt óg Kaupthings filialar i utlandet, medrekna i Noreg. Islandske styresmakter (FME) stengde verksemda i Noreg, sjølv om Kaupthing vart driven vidare på Island. Dette førte til at innskytarar i utanlandske filialar, også i Noreg, ikkje fekk teke ut pengar av banken. Islandske styresmakter garanterte for alle innanlandske innskot på Island. Dette reiste tvil om innskot i utanlandske filialar av islandske bankar, ville bli dekte av den islandske innskotsgarantien. 12. oktober 2008 fastsette Finansdepartementet i Noreg ei forskrift om offentleg administrasjon av bank med hovudsete i framand stat (filialar). Same dag fatta Finansdepartementet vedtak om offentleg administrasjon av den norske filialen av Kaupthing. Føremålet var å sikre ordna kreditoravvikling i den norske filialen av Kaupthing, og å sikre at sentrale omsyn i direktiv 2001/24/EF («winding-up-direktivet») vart følgde.

For å gjere noko med den uvissa som oppstod for innskytarane, og gi tillit til banksystemet og til at innskot i bankar i Noreg var sikre, garanterte den norske stat ved kgl. res. 13. oktober 2008, jamfør St.prp. nr. 6 (2008–2009) om statsgaranti for del av innskot i den norske filialen av Kaupthing, for inntil 400 millionar kroner overfor alle innskytarane i den norske filialen av Kaupthing Banki hf. for del av innskot som er sikra i den islandske innskotssikringsordninga. Norske styresmakter kunne då forskotere det som etter reglane skal dekkjast av den islandske sikringsordninga, mot å overta krava på banken og/eller den islandske sikringsordninga. Dette innebar at innskytarar i den norske filialen av Kaupthing fekk full dekning frå Bankenes sikringsfond og norske styresmakter for innskot inntil 2 millionar kroner per innskytar i filialen. Staten og Bankenes sikringsfond vart ved dette kreditorar i buet etter Kaupthing.

Administrasjonsstyret for den norske filialen av Kaupthing gjorde 30. januar 2009 ei førebels avtale med det islandske Resolution Committee of Kaupthing Banki hf. (administrasjonsstyret på Island) om prinsipp som skal leggjast til grunn for dekning av dei norske kreditorane. Avtala sikrar at alle kreditorar i Kaupthings filial i Noreg kan få full dekning for sine prioriterte krav. Avtala vart inngått med atterhald om godkjenning av styresmaktene i begge land. Kredittilsynet godkjende avtala 3. februar 2009. Islandske styresmakter godkjende avtala 5. februar 2009.

2.5.2 Glitnir

I tråd med fullmakt med heimel i kriselov som var vedteken av det islandske parlamentet 6. oktober 2008, tok det islandske kredittilsynet (FME) 8. oktober 2008 kontroll over Glitnir Banki hf. Glitnir Bank ASA var eit heilått dotterselskap i det islandske finanskonsernet Glitnir Banki hf., og såleis eit norsk rettssubjekt fullt ut underlagt norsk lovgiving og tilsyn. Glitnir Bank ASA fekk 9. oktober 2008 likviditetsstønad på inntil 5 milliardar kroner frå Bankenes sikringsfond. Bakgrunnen for likviditetsstønaden var at Glitnir hadde fått problem med tilførsla av likviditet. Føremålet med likviditetsstønad frå Bankenes sikringsfond var å leggje til rette for sal av verksemda. Eit konsortium av 20 bankar i Sparebank 1-alliansen fekk 4. desember 2008 løyve frå Finansdepartementet til å kjøpe alle aksjane i Glitnir Bank ASA. Finansdepartementet gjorde 19. desember 2008 ei mindre justering i løyvet til bankane i Sparebank 1-alliansen. 20 prosent av aksjane er etter endringa åtte gjennom Samarbeidende Sparebanker Bankinvest AS, som er ått av 16 av bankane i konsortiet av Sparebank 1-bankane som fekk løyve 4. desember 2008.

2.5.3 Landsbanki

Den islandske banken Landsbanki vart 7. oktober 2008 overteken av islandske styresmakter. Verksemda i Noreg vart samtidig innstilt, og arbeidet med å avvikle verksemda tok til. Landsbanki dreiv ikkje bankverksemd i Noreg. Norske styresmakter har fått forsikringar frå Island om at det vil bli stilt til disposisjon nødvendig likviditet slik at den norske verksemda kan avviklast på ein kontrollert måte.

Boks 2.16 Internasjonale initiativ til regelendringar i kjølvatnet av finanskrisa

Basel-komiteen la 20. november 2008 fram ein strategi for å rette opp grunnleggjande svakheiter ved regulering, tilsyn og risikostyring i internasjonalt aktive bankar. Hovudmålet er å styrkje kapitalbufferane og demme opp for risiko som følgjer av høg gjeldsgrad i det finansielle systemet.

Byggjesteinane i strategien er mellom anna:

  • å styrkje Basel II si evne til å fange opp risiko, og i samband med det la komiteen 16. januar 2009 fram forslag til nye reglar for mellom anna komplekse produkt i handelsporteføljen og eksponering på visse einingar utanfor balansen

  • å betre kvaliteten på kjernekapital

  • å byggje kapitalbufferane som kan tærast på under stress og redusere såkalla «medsyklikalitet» (sjå boks 2.4)

  • å vurdere behov for å ta i bruk forenkla bruttomål for gjeldsgrad

  • å styrkje rammeverket for vurdering av likviditet i bankar som har aktivitetar i fleire land

  • å bruke Basel II til å styrkje praksis for leiing og risikostyring i bankane

  • å fremje global samordning og oppfølging for å sikre etterleving av sunne prinsipp

Basel-komiteen planlegg å fremje til høyring ei rekkje nye forslag i 2009 og har søkjelyset retta mot anbefalingane frå G7s Financial Stability Forum.

EU-kommisjonen la 1. oktober 2008 fram eit forslag til revisjon av kapitalkravsdirektivet (Capital Requirements Directive). Dei føreslåtte endringane er i hovudsak ei direkte oppfølging av vegkartet frå finansministrane i EU til motverking av finansuroa, men det blir òg teke omsyn til anbefalingar frå Financial Stability Forum. Forslaga skal forbetre:

  • reglane om store engasjement

  • tilsynet med bankar som har aktivitet i fleire land

  • kvaliteten på ansvarleg kapital

  • likviditetsstyringa i bankar som har aktivitetar i fleire land

  • risikostyringa i bankar som verdipapiriserer eigne porteføljar

2.5.4 Likviditetstiltak

Som følgje av særs vanskeleg tilgang på likviditet i den internasjonale obligasjonsmarknaden, og som følgje av særs dårleg kredittilgang i den norske interbankmarknaden, sette norske styresmakter hausten 2008 i verk ei rekkje likviditetsfremjande tiltak. Desse tiltaka må skiljast frå krisehandsaming etter banksikringslova o.a., ettersom desse tilfella ikkje tek utgangspunkt i soliditetssvikt.

Avtale med Eksportfinans ASA

Eksportfinans ASA forvaltar den statsstøtta ordninga for fastrentelån til eksportnæringane, såkalla CIRR-lån, etter avtale med staten. Eksportfinans tilbyr langsiktig finansiering til utanlandske kjøparar av norsk eksport. Staten garanterer for eksportkredittane gjennom GIEK (det sentrale statlege organet for garantistillingar og kredittforsikring av eksportkredittar). For å sikre eksportkredittane og framleis tilgang til kreditt til norsk eksport, inngjekk staten ved Nærings- og handelsdepartementet 27. november 2008 avtale om å gi lån på marknadsvilkår til Eksportfinans, mot at Eksportfinans tok på seg å vidareføre utlån som kvalifiserer for CIRR-ordninga, jamfør St.prp. nr. 32 (2008–2009). Låna frå staten har løpetid på inntil fem år, og gis over ein periode på inntil to år. Det er sett som krav at låna frå staten berre kan nyttast til å finansiere nye eksportkredittar. Staten har sikra seg ein såkalla preferanseaksje med rett til årleg utbetaling av ein del av overskotet i Eksportfinans. Anna utbyte til aksjonærane må godkjennast av staten. Det er i tillegg sett grenser for leiarløn og bonusar. Dette tiltaket er sett i verk for å sikre finansiering av norsk eksport, og det er ikkje gitt garanti for Eksportfinans’ verksemd eller noverande innlån. EFTA sitt overvakingsorgan (ESA) godkjende avtala 30. januar 2009. Avtala var ikkje å rekne som statsstønad.

Byteordninga

12. oktober 2008 la Regjeringa og Noregs Bank fram to målretta tiltak for å sikre ro og tillit i finansmarknaden. Gjennom nye statsobligasjonar på inntil 350 milliardar kroner gir staten bankane sikkerheit slik at dei kan få nye langsiktige lån. Noregs Bank legg samtidig ut fastrentelån med to års løpetid særleg retta inn mot dei mindre bankane. Gjennom ei ny ordning får bankane statsobligasjonar i byte mot obligasjonar med tryggleik i norske bustadlån. Løpetida på avtalene er opptil tre år. Bankane kan bruke statsobligasjonane som sikkerheit for lån. Som eit tiltak for å lette situasjonen for mindre bankar la Noregs Bank ut fastrentelån, såkalla F-lån, med løpetid på to år. Samtidig vart krava til sikkerheit for lån i Noregs Bank letta. Tiltaka er vidare omtala i avsnitt 2.1.4 og avsnitt 4.3.

2.6 Avsluttande merknader

Føresetnadane for finansiell stabilitet verda over har svekt seg monaleg i 2008. Bankar og andre finansinstitusjonar i USA og Europa har gått over ende, heile marknader har stoppa opp, og styresmakter har sett i verk tiltak av store omfang. Sentralbankane har sikra finansinstitusjonar likviditet etter at pengemarknadene nær stoppa opp, medan regjeringar etter kvart som krisa forverra seg òg har lagt til rette for styrka soliditet i føretaka.

I lengre tid før uroa i 2007 hadde kraftig gjeldsauke i USA og Europa vore finansiert av oljeeksporterande land og framveksande økonomiar i Asia. Høge spareratar i asiatiske land, saman med låge prisar på importerte varer, gav rom for historisk låge renter i Vesten. Dei låge rentene bidrog til auka etterspurnad etter kreditt hos hushald og føretak. Høgare prisar på bustader og råvarer både følgde av, og bidrog til, auka etterspurnad etter kreditt.

Optimisme og framtidstru bidrog til låge påslag for risiko og at risikoen vart undervurdert. Mange har peika på at denne utviklinga syner at marknadene ikkje sjølve klarer å avverje ubalansar og kredittbobler.

Nye føretaksmodellar hos kredittgjevarane kan ha vore medverkande til utviklinga. Medan bankane som gjer lån med sikte på å holde dei til førefall har motivasjon og tradisjon for å vurdere risikoar langt fram i tid, kan dei meir transaksjonsbaserte investeringsbankane og spesialføretaka som gjerne vart oppretta for å finansiere kreditten, ha vore meir opptekne av resultata på kortare sikt.

Reguleringa, særleg i USA og Storbritannia, kan òg ha forsterka desse institusjonane si rolle i kredittsystemet. Finanskonsern kunne til dømes minske avsetningskrava gjennom å opprette dotterføretak. Dei såkalla investeringsbankane, saman med ulike holdingføretak og fond, kunne operere med særs låge kapitalbufferar sidan dei ikkje var underkasta vanlege reglar. Investeringsbankane i USA hadde på det høgaste utlån og verdipapir som var verdsette til meir enn 30 gonger eigenkapitalen i føretaka.

Gode økonomiske førehald og låge tap over lengre tid, kan ha minska kjensla av risiko. Høg lønsemd kan ha bidrege til det same, sjølv om gjengs økonomisk logikk skulle tilseie at høg lønsemd og raske verdistigningar òg inneber høg risiko.

Optimistiske kredittvurderingar gav låg risikovekting og låge avsetningar for tap i føretaka. Kapitaldekninga i dei internasjonale finansinstitusjonane var god i rekneskapen, men desse tala var i mange tilfelle resultat av for låg vurdering av risikoane i eigedelane. Kredittratingsbyråa sine vurderingar av høgrisikopapir, særleg subprimepapir og komplekse instrument, har vore kritiserte i ettertid. Tapsforventningane på subprimelåna var til dømes ofte bygd på faktisk misleghald frå berre dei første par åra desse låna hadde tap, noko som ikkje fanga opp mogelege tap under meir krevjande omstende.

Figur 2.25 Dei sentrale mekanismane i oppbygginga til krisa.

Figur 2.25 Dei sentrale mekanismane i oppbygginga til krisa.

I figur 2.25 er samanhengen mellom dei mest sentrale mekanismane drøfta ovanfor illustrert. Figuren syner nokre av dei kompliserte verknadene frå låge renter og manglande regulering som leidde til høg risiko i systemviktige institusjonar.

Subprimemisleghaldet i USA og verdifallet på samansette produkt, og på dei institusjonane som åtte slike produkt, avslørte i 2007 kor sårbare dei oppbygde strukturane var. I byrjinga av uroa vart bankane sine problem dempa gjennom innhenting av ny kapital frå marknaden. Men etter kvart som det vart klart at eigedelsporteføljane eigentleg var større og hadde høgare risiko, fall aksjekursane og det vart særs vanskeleg å hente inn meir kapital. Ved utgongen av januar 2009 hadde internasjonale bankar nedskreve om lag 790 milliardar dollar, medan dei hadde henta inn vel 820 milliardar dollar i ny kapital, ifølgje Det internasjonale valutafondet. Av den nye kapitalen var 380 milliardar dollar statleg innskotne midlar.

Medan vi i Noreg er vane med at alle delar av finansmarknaden er regulerte av styresmaktene, var om lag halvparten av den amerikanske finansmarknaden utanfor tilsyn og kapitalkrav ved inngangen til krisa, ifølgje berekningar frå Kredittilsynet. Utferding av verdipapir med sikkerheit i bustadlån og fast eigedom låg utanfor amerikansk regulering. I byrjinga rekna ein denne verksemda for å vere marginal, og uviktig for stabiliteten i det finansielle systemet. Men i løpet av nokre få år vart fleire og fleire bustadlån verdipapiriserte, og utgjorde om lag 60 prosent av alle amerikanske bustadlån i 2007, jamfør ovanfor. Såleis vart utferdarane av desse papira i høgste grad systemisk viktige, utan at reguleringa følgde etter. Til samanlikning vart slik verksemd tillaten i Noreg først i 2007, og då strengt regulert. Utferdarane må til dømes oppfylle gjengse kapitalkrav, og det er berre lån med panteverdiar opp til 75 prosent som kan verdipapiriserast.

Boks 2.17 Samansette produkt og investeringsrådgiving

For nokre år sidan auka salet av samansette produkt, mellom anna aksjeindekserte obligasjonar, bankinnskot med aksjeavkastning og liknande produkt. Finansinstitusjonane tilbaud i nokre høve lån til kjøp av produkta. Låna har truleg auka lønsemda ved salet av produkta, men låna har òg auka risikoen og redusert den avkastninga kundane kan vente seg.

I 2004 kom Kredittilsynet med eit retningsgivande rundskriv (4/2004) som mellom anna omhandla krav om at kundane på ein klar måte skulle få opplyst om alle kostnader ved å investere i samansette produkt. I 2005 gjennomførte Kredittilsynet ei undersøking av korleis rundskrivet vart etterlevd. Kredittilsynet opplyste i rapport 29. november 2005 mellom anna at dei største avvika frå rundskrivet var opplysningar om pris og godtgjering.

Etter initiativ frå Finansdepartementet fastsette Kredittilsynet 25. september 2006 ei forskrift som stiller krav til finansinstitusjonane ved sal av samansette produkt. Forskrifta tredde i kraft 1. januar 2007 og vart ytterlegare skjerpa 1. januar 2008. Dei same krava gjeld for verdipapirføretak og er tekne inn i verdipapirhandellova.

Etter den siste endringa av forskrifta om samansette produkt kom Kredittilsynet 12. februar 2008 med eit rundskriv (4/2008) der Kredittilsynet mellom anna legg til grunn at ein ikkje-profesjonell kunde ikkje vil ha naudsynt røynsle og kunnskap til å forstå risikoen i samansette produkt. I rundskrivet står det vidare at slike komplekse, samansette produkt ofte har ein kostnadsstruktur som gjer at produkta heller ikkje gir avkastning i tråd med investeringsmåla til kundane. Saman med informasjon om aggressivt sal, også av lånefinansiering av samansette produkt, frårådde Kredittilsynet bankane å tilby lånefinansiering av desse produkta. Resultatet av styresmaktene si handsaming av sal av samansette produkt er at salet av desse produkta no har stoppa opp i Noreg.

Bankklagenemnda i Noreg ville først ikkje ta stilling til sjølve strukturen i samansette produkt. Finansministeren oppmoda Bankklagenemnda, gjennom Finansnæringens Hovedorganisasjon, om å ta stilling til sjølve strukturen i dei innklaga produkta. I januar 2009 kom Bankklagenemnda med følgjande utsegn:

«Nemndas flertall kom til at banken ikke hadde oppfylt sin bevisbyrde ved å godtgjøre at produktet med den tilbudte lånefinansieringen hadde en tilstrekkelig høy, forventet produktavkastning, og at det var i strid med god bankskikk å gjøre avtalen gjeldende.»

Konklusjonen i avgjerda til nemnda lyder:

«Klager har krav på å bli stilt som om investeringsavtalene og låneavtalen ikke var inngått.»

Bankklagenemnda gav altså fullt medhald til kunden. Det nemnda har uttala, er rådgivande for partane.

Etter oppdrag frå Finansdepartementet 12. februar 2008 har Kredittilsynet gjennomført mange tilsyn hos investeringsrådgivarar i 2008. Dette har ført til at tre verdipapirføretak mista løyve i 2008. I tillegg har fleire føretak fått kritiske merknader frå Kredittilsynet som følgje av investeringsrådgivinga si. Bakgrunnen for at Kredittilsynet tilbakekalla tre løyve i 2008, var særs kritikkverdige forhold ved investeringsrådgivinga til føretaka. Dei forholda som resulterte i at Kredittilsynet tilbakekalla tre løyve, var at investeringsrådgivarane hadde

  • tilrådd produkt som ikkje eigna seg for kundane,

  • tilrådd produkt med samla kostnader som urimeleg minska mogeleg avkastning, og

  • berekna seg marginar som ikkje stod i rimeleg forhold til investeringsrådgivaren sitt bidrag.

Kredittrisikoen til dei norske bankane har dei siste månadane auka markert, særleg med omsyn til den svake realøkonomiske utviklinga. Det er stor uvisse om den vidare utviklinga i norsk og internasjonal økonomi. Medan det kan kome tap framover som vil svekkje soliditeten i bankane, er det lite truleg at vi får ei ny bankkrise. Likevel kan ein ikkje sjå bort frå at einskilde bankar kan få problem i år eller i 2010, og at det i nokre tilfelle kan bli naudsynt med ytterlegare tiltak.

Fotnotar

1.

Rapporteringa som Kredittilsynet mottek, inneheld ikkje kostnadstal for verdipapirføretak som er bank. Driftsresultat er følgjeleg berre kommenterte for verdipapirføretak som ikkje er bank.

Til forsida