St.meld. nr. 35 (1998-99)

Om Noregs deltaking i den 53. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 52. generalforsamling

Til innhaldsliste

2 Konstituering og gang

2.1 Avslutning av den 52. generalforsamlinga

Den 52. generalforsamlinga vart førebels avslutta 23. desember 1997. Ho kom saman att med jamne mellomrom våren og sommaren 1998 for å drøfte uteståande spørsmål på sakslista. Den 52. generalforsamlinga vart formelt avslutta 7. september 1998.

2.2 Oppnemning av delegasjon til den 53. generalforsamlinga

Til å representere Noreg på FNs 53. generalforsamling vart følgjande delegasjon oppnemnd:

Delegerte:
UtanriksministerKnut Vollebæk, leiar
Utviklings- og menneskerettsministerHilde Frafjord Johnson, nestleiar
StatssekretærLeiv Lunde, nestleiar
StatssekretærJanne Haaland Matlary, nestleiar
AmbassadørOle Peter Kolby, nestleiar
1. del av sesjonen:
Delegerte:
StortingsrepresentantSylvia Brustad
StortingsrepresentantOla T. Lånke
Vararepresentantar:
StortingsrepresentantBent Hegna
StortingsrepresentantKenneth Svendsen
StortingsrepresentantInge Lønning
StortingsrepresentantOdd Roger Enoksen
2. del av sesjonen
Delegerte:
StortingsrepresentantGrete Fossli
StortingsrepresentantDag Danielsen
Vararepresentantar:
StortingsrepresentantLeif Lund
StortingsrepresentantGunn Karin Gjul
StortingsrepresentantÅse Gunhild Woie Duesund
StortingsrepresentantIvar Kristiansen
Observatørar:
Forum for minoritetskvinner i NorgeFakhra Salimi
Den norske HelsingforskomitéLillian Hjort
Norsk organisasjon for AsylsøkereBjarte Vandvik
Landsorganisasjonen i NoregBente N. Halvorsen
Næringslivets hovedorganisasjonBørrea Schau-Larsen
FN-sambandetAnita Helland
Eva Gran
Kristeleg Folkepartis UngdomJohn Inge Løvdal
Norges Handikapforbunds UngdomDag Reidar Seiffert Anita Nyborg
Mellomkyrkjeleg rådBjørn Vilberg
Inger Anne Naterstad
Sosialistisk Venstrepartis
kvinnepolitiske utvalEdle Daasvand Skjæveland
Norges FredsrådOle Kopreitan
Bent Natvig
PressemedarbeidarLiv Jørgensen

I tillegg deltok som rådgjevarar for delegasjonen medarbeidarane ved Noregs faste delegasjon til FN og andre norske utanriksstasjonar, samt embets- og tenestemenn som arbeider med FN-spørsmål i Utanriksdepartementet.

2.3 Forsamlingas gang

Den 53. generalforsamlinga vart opna 8. september og førebels avslutta 11. desember 1998.

Dagsordenen for generalforsamlinga omfatta i alt 166 punkt. Saklista for 53. generalforsamling kom til slutt opp i 168 punkt før sesjonen vart formelt avslutta.

I denne stortingsmeldinga er det gjort greie for dei hovudsakene som prega denne sesjonen. Som grunnlag for arbeidet sitt hadde delegasjonen på vanleg måte instruksar frå Utanriksdepartementet. Delegasjonen stod i nær kontakt med dei andre nordiske landa sine delegasjonar, EU-landa sine delegasjonar og andre delegasjonar som det var naturleg å samarbeide med i dei einskilde sakene.

2.4 Konstituering og val av nye medlemmer

Den 53. generalforsamlinga valde Uruguays utanriksminister Didier Opertti til president. Som visepresidentar vart representantane for følgjande land valde: Brunei, Frankrike, Georgia, Kamerun, Kina, Lesotho, Liberia, Marokko, Myanmar, Nicaragua, Russland, San Marino, Senegal, Storbritannia, Surinam, Tyrkia, Turkmenistan, Tyskland, Uganda, USA og Yemen.

Det vart ikkje teke opp nye medlemmer av FN på den 53. generalforsamlinga. FN har dermed framleis 185 medlemmer.

På den 53. generalforsamlinga vart det innvalt fem nye ikkje-faste medlemmer av Tryggingsrådet for perioden 1999-2000. Desse er: Argentina, Canada, Malaysia, Namibia og Nederland.

Til forsida