St.meld. nr. 35 (1998-99)

Om Noregs deltaking i den 53. ordinære generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane (FN) og vidareførte sesjonar av FNs 52. generalforsamling

Til innhaldsliste

3 Oversikt og vurdering av FNs 53. generalforsamling

3.1 Dei viktigaste aktørane

Delvis som ledd i valkampen om ein plass i Tryggingsrådet i perioden 2001-02, heldt Noreg under FNs 53. generalforsamling rekordmange eigne norske innlegg. Valet til Tryggingsrådet finn stad under den 55. generalforsamlinga hausten 2000. Det er nå fire kandidatar til dei to vestlege plassane som skal fyllast ved dette valet. Utanom Noreg er det Irland, Italia og Tyrkia. Det krevst 2/3 fleirtal i generalforsamlinga for å bli vald. Norge var sist medlem i Tryggingsrådet i perioden 1979-80. Kandidaturet har full støtte frå dei andre nordiske landa.

Det nordiske samarbeidet var på den 53. generalforsamlinga betre enn nokon gong sidan Finland og Sverige gjekk med i EU, og det er ein klar vilje til å føre det gode nordiske samarbeidet i FN vidare. Dei nordiske EU-landa er no komne inn i rutinen med EU-samarbeidet i FN, og dette har gjeve dei meir tid til nordisk samarbeid om einskildsaker. Men som følgje av praksisen med felles EU-innlegg vart det berre halde få nordiske innlegg. Eit av dei var om reform av Tryggingsrådet. Der det har vore naturleg, har ein frå norsk side slutta seg til EU sine innlegg og røysteforklaringar.

Noreg samarbeidde også med andre likesinna land om einskildsaker, og har delteke i gjensidig informasjonsutveksling, særleg om økonomiske og sosiale spørsmål. Det gjeld mellom anna i JUSCANZ-gruppa, som består av Japan, USA, Canada, Australia, New Zealand, Noreg, Island og Sveits, og fungerer som eit uformelt forum for utveksling av informasjon og meiningar.

EU stadfesta stillinga som kanskje den mest sentrale politiske aktøren i FN saman med 77-landsgruppa (G77). I dei seinare åra har EU-samarbeidet vorte samordna på stadig fleire område av FN si verksemd. Den interne samarbeids- og forhandlingsprosessen mellom EU-landa er svært tidkrevjande og set visse praktiske grenser for dei einskilde landa sitt forhold til andre FN-medlemsland. EU sin posisjon som ankerfeste i FN har vorte styrkt ved at dei assosierte landa i Sentral- og Aust-Europa følgjer EU samla i dei fleste sakene.

Som følgje av at USA heller ikkje hausten 1998 klarte å gjera vedtak om å betala uteståande gjeld til FN, har landet mista innverknad, og viljen til konsesjonar og kompromiss hjå andre medlemsland har vorte mindre. USA har sjølv vike tilbake for å fremja forslag og initiativ.

Nord-sør-forholdet var prega av dialog på viktige område. Til dømes var det stor semje om spørsmål i tilknyting til globaliseringsprosessen. Forholdet mellom industriland og utviklingsland i FN er likevel merkt av mistru frå utviklingslanda si side, mellom anna som følgje av stillstand når det gjeld utviklingsfinansiering og etterdønningane frå forhandlingane om reform av FN. Utviklingslanda er i aukande grad vare når det gjeld suverenitetsspørsmål og kva dei oppfattar som kondisjonalitet. Dette merkjer ein særleg på menneskerettsområdet, mellom anna spørsmålet om retten til utvikling, og i sosiale spørsmål.

Samtidig heldt tendensen til aukande meiningsskilnad mellom utviklingslanda fram. Det var ikkje semje mellom utviklingslanda korkje om reform og utviding av Tryggingsrådet, om handvåpen eller om finansspørsmål. Spenninga mellom utviklingslanda ser ut til å stige i takt med den aukande ulikskapen mellom desse landa. Eit teikn på dette er at aktive land er i ferd med å forlate grupperingar som Den alliansefrie rørsla og G77. Dette gjeld mellom anna Mexico og Sør-Korea, som no er medlemmer av OECD, og Argentina, som har forlate Den alliansefrie rørsla.

Det er positive teikn til samarbeid på tvers av gruppesystemet i FN på ein del område. Sør-Afrika, som for tida har leiarvervet i Den alliansefrie rørsla, har utmerkt seg ved brubygging til industriland i ei rekkje spørsmål. Ein debatt er også sett i gang innan eit forum for små statar, «FOSS», om korleis samarbeidet mellom dei ulike grupperingane i FN kan betrast.

Russland viste nok ein gong stor aktivitet, til dømes innan økonomiske og sosiale spørsmål. Landet har, i motsetning til USA, betalt inn mykje for å minske restansane til verdsorganisasjonen. Dette har gjeve Russland større truverd som medspelar i FN.

3.2 Reform av FN

3.2.1 Generelt

I Innst. S. nr. 29 (1997 -98) ba utanrikskomiteen Regjeringa om å leggje inn i dei årlege meldingane om Noregs deltaking i generalforsamlinga i Dei sameinte nasjonane ei oppdatering av reformarbeidet i FN. Avsnitt 3.2 inneheld difor både ein gjennomgang av reformforhandlingane i den 53. generalforsamlinga og ei statusoversikt om reformarbeidet i noko vidare sammanheng. Reformvedtak innafor FNs arbeid er også handsama under omtalen av einskildområde i denne meldinga.

Generalforsamlinga i haust viste at dei mellomstatlege forhandlingane om reformer har nådd eit førebels metningspunkt. Skepsisen frå utviklingslanda til denne prosessen veks, noko som førte til at det ikkje vart teke stilling til nye reformforslag.

Dette betyr ikkje at reformarbeidet i FN er stansa opp. Det har skjedd klare endringar og forbetring i FN-systemet som følgje av reformvedtaka på den 52. generalforsamlinga og dei tiltaka Generalsekretæren sjølv har bestemt. I tillegg er det gjennomført reformar og effektivisering i fleire av bistandsorgana og særorganisasjonane i FN.

Det er ei utbreidd oppfatning mellom reformorienterte land at hovudutfordringa nå er å støtte opp under gjennomføring og vidareføring av dei vedtaka som alt er gjorde. I denne samanhengen var det positivt at Generalforsamlinga gjennom sin resolusjon om treårsgjennomgangen av FNs bistandsverksemd gav sekretariatet eit sterkt mandat for oppfølging av tidlegare vedtak om FNs rammeverk på landnivå (UNDAF), harmonisering og forenkling av regelverk og prosedyrer og auka samarbeid med andre aktørar i utviklingshjelpa. Frå norsk side blir det arbeidd målmedvite i styreorgana i dei ulike organisasjonane for å følgje opp reformvedtaka.

Det er eit problem at tonegivande utviklingsland også er negative til reformforslag innafor administrasjon og personellforvalting. Landa i sør meiner at dei reformane som er blitt gjennomførte dei siste åra ikkje har ført til auke i ressursoverføringane til utviklingslanda, slik dei meiner dei vart lova. Dei er redde for at rasjonaliseringa snarare har gjort det lettare for givarlanda å redusere bidraga til FN. Det vil vere viktig for Noreg og andre likesinna land å halde oppe ein konstruktiv dialog med landa slik at reformane kan få breiare støtte.

3.2.2 Oppfølging av generalsekretærens reforminitiativ

I 1997 gjorde generalsekretæren i FN framlegg om ei rad tiltak for å reformere FN-systemet og gjere det meir effektivt. Ein del av Generalsekretærens pakke omfatta avgjerder han sjølv kunne ta, og mellom dei viktigaste initiativa var:

  • integrering av FN si verksemd i kvart einskild land, mellom anna styrking av den lokale FN-koordinatoren si rolle, felles rammeverk for FNs bistand, felles lokale og tenester,

  • oppretting av ei FNs utviklingsgruppe (UNDG) på hovudkontornivå,

  • samanslåing av FN-sekretariatets tre avdelingar innanfor det økonnomiske og sosiale området til ei konsolidert avdeling: Avdelinga for økonomiske og sosiale saker (DESA),

  • reduksjon av FNs administrative utgifter med ein tredel innan utgangen av 2001,

  • reduksjon av dokumentmengda med 25 prosent innan slutten av 1998,

  • reduksjon av talet på tilsette i FN-sekretariatet med 1000 stillingar i løpet av 1998-1999.

Vidare vart det på den 52. generalforsamlinga semje om å lage ein ny leiarskapsstruktur i FN og opprette ei stilling som varageneralsekretær. Det vart og vedteke å opprette eit nytt kontor for samordning av humanitære saker og naudhjelp (OCHA). Generalforsamlinga gjekk vidare med på å overføre ressursar frå administrasjon til utviklingformål gjennom å opprette ein såkalla utviklingskonto der innsparingar frå administrasjonsbudsjettet skal setjast inn.

Ein stor del av desse tiltaka vart sette i verk straks. For å styrke integrasjonen på landnivå under eit felles rammeverk (UNDAF) vart det peika ut 18 pilotland. I desse landa er det etablert samordningssystem under leiing av UNDPs representant, som også er FN-koordinator i landet. Vidare vert det i samråd med styresmaktene i landet utarbeidd eit felles rammeverk for FN-bistanden. FNs særorganisasjonar, som FAO, ILO og WHO, blir inviterte til dette samarbeidet. Røynslene hittil frå desse pilotlanda synest positiv, men det blir i evalueringane av ordninga lagt vekt på at det er behov for sterkare engasjement frå styresmaktene i dei einskilde landa. Innafor ramma av UNDAF vil det også bli lagt sterkare vekt på evaluering, og det skal utarbeidast eit felles sett av indikatorar for å måle resultata av aktivitetane i dei ulike FN-organisasjonane.

Arbeidet med betre samordning er også komme i gong i andre land. Mellom anna vil alle FN-organisasjonar vere samla under felles tak i 30 land i løpet av 1999. Mange FN-koordinatorar blir nå også rekrutterte frå andre FN-organisasjonar enn UNDP, for tida gjeld dette 21 av 120. Dette kan styrke samkjensla mellom dei ulike organa. I nokre land er det også tatt særlege initiativ for å fremje samarbeid mellom FN-organisasjonane og Verdsbanken. Verdsbanken har peika ut 12 land der ein vil arbeide spesielt med å utvikle partnarskap med FN-organisasjonane.

På hovudkontornivå er FNs fond og program samla i FNs utviklingsgruppe (United Nations Development Group - UNDG), leia av sjefen for FNs utviklingsprogram UNDP. Føremålet med denne gruppa er mellom anna at ho skal tene som policy-instrument og samordningsorgan for bistandsverksemda og fremje ein sams FN-profil og felles mål på landnivå. Dette blir gjort til dømes gjennom felles styring og gjennomføring av UNDAF.

Det er eit generelt inntrykk at desse og andre tiltak har styrka samordninga og fellesskapskjensla mellom dei ulike organisajsonane i FN som arbeider med utviklingshjelp. Denne samordninga mellom FNs fond og program har og ført til eit nærare samarbeid med særorganisasjonane i FN, og gjort forholdet til dei multilaterale finansieringsinstitusjonane (Verdsbanken m.fl.) lettare. Men det er enno tidleg å trekkje konklusjonar om verknadene av reformane på det praktiske bistandarbeidet i felten.

Når det gjeld administrative reformar har talet på tilsette i FN-sekretariatet gått ned frå om lag 9500 tidleg i 1997 til 8700 over nyttår 1999, og ytterlegare 200 stillingar skal bort innan utgangen av året. Det er innført rutinar for å redusere omfanget og auke kvaliteten på dokumentasjonen i FN, noko som synest å ha gitt monalege resultat.

Generalsekretæren tok i 1997 òg til orde for meir vidtgåande reformframlegg, slik som nedkorting av generalforsamlinga sine sesjonar, innføring av tidsavgrensing for nye initiativ og omlegging av budsjettprosessen til resultatbasert budsjettering. Vidare foreslo han ein ministerkommisjon som skulle vurdere behovet for gjennomgripande endringar av FN-pakta og sjå på rolla til særorganisasjonane. Han foreslo også at Tilsynsrådet skulle få ansvar for det globale miljøet og allmeningar som hav, atmosfæren og det ytre rommet.

Generalsekretæren gjekk også inn for å sikre FNs finansielle situasjon gjennom å opprette eit kredittfond på opptil ein milliard amerikanske dollar, finansiert mellom anna gjennom frivillige bidrag frå medlemsland.

I tillegg ville han også styrkje FNs miljøarbeid, og nedsette ei internasjonal arbeidsgruppe for å sjå på dette. Oppfølginga av dette er omtala nedafor under 3.2.3.

Dei vidare forhandlingane om forslaga ovafor har gått svært tregt. For fleire av dei, til dømes forslaga om å opprette eit kredittfond, ein ministerkommisjon for å vurdere behovet for endringar i FN-pakta og forslaget om å gi Tilsynsrådet ansvar for nye allmenningar, viste det seg å vere motstand mot både frå land i nord og i sør. Forslaga om å tidsavgrense nye initiativ og endre budsjettprosessen har utviklingslanda sett seg imot. Mange utviklingsland synest nå å sjå dei fleste forslag til innsparingar og reformar som freistnad på å svekke FN. Fleire av forslaga er lagde på is, og det har heller vore liten framgang i forhandlingane om dei forslaga som framleis står på dagsordenen. Det bør likevel seiast at ein ikkje kan sjå alle desse forslaga som like viktige som dei reformane som nå vert sette ut i livet på andre område.

Også i dei einskilde organisasjonane i FN blir det gjennomført reformar. Det er særleg grunn til å trekkje fram Verdas helseorganisasjon WHO. I samband med val av ny generaldirektør i WHO er det gjennomført omfattande reformar i organisasjonen med sikte på å fokusere og målrette verksemda, gjere henne meir oversiktleg og betre styringa av aktivitetane. Noreg har gjort sitt til at desse reformane vart moglege. Reformane er i stor grad ei oppfølging av eit omfattande evalueringsarbeid leia av Noreg. Vidare har Noreg gitt tilskott til ulike prosjekt for å førebu fornyingsprosessen i organisasjonen. Endringane i WHO har også inspirert den nye generaldirektøren Juan Somavia i Den internasjonale arbeidsorganisasjonen ILO, som tok opp si stilling i mars 1999. Han har signalisert ønske om ei sterkare fokusering på kjerneoppgåvene til ILO, slik som arbeid med arbeidsstandardar, sosial tryggleik, sosial dialog og fremjing av sysselsetting. Innan andre særorganisasjonar, slik som UNIDO, freistar ein òg å få til sterkare konsentrasjon om dei oppgåvene som ligg nærast mandata til organisasjonane.

Rolla til FNs utviklingsprogram UNDP har blitt styrka som følgje av organisasjonens rolle i UNDG og UNDAF. Både i UNDP og i UNICEF har det i tillegg dei seinare åra blitt gjennomført ganske omfattande administrative reformar. I UNDP vart det starta ein omstillingsprosess i 1997, noko som mellom anna innebar større delegering til og personellmessig styrking av landkontora. Denne omstillinga er støtta med norske midlar. Etter norsk og nordisk initiativ gjennomførte UNICEF i midten av 90-åra ei administrasjons- og leiarskapsstudie som dei seinare åra har ført til ei kraftig omlegging og effektivisering av UNICEFs struktur og arbeidsmåte. Denne prosessen er nå fullført, og har mellom anna gjort det lettare for medlemslanda å få betre innsikt i verksemda i organisasjonen. UNDP, UNICEF og FNs befolkningsprogram UNFPA har også samordna sine plansyklusar og blitt samde om eit likearta system for budsjettering og rapportering.

3.2.3 Reform på miljø- og busetjingsområdet

I februar 1998 nemnde generalsekretæren opp ei arbeidsgruppe som fekk i oppgåve å utarbeide tilrådingar og forslag for å styrkje FN sitt arbeid på miljø- og busetjingsområdet. Eksekutivdirektøren for FNs miljøprogram UNEP, Klaus Töpfer, leidde arbeidsgruppa. Miljøvernminister Guro Fjellanger deltok i gruppa som einaste europeiske representant på ministernivå.

I arbeidsgruppa la miljøvernminister Fjellanger vekt på at FN treng å utvikle ein einsarta og solid miljøprofil innanfor ramma av FN sin reformprosess. Ho la også vekt på å få etablert ein global møtearena for miljøvernministrar som kan gje overordna miljøpolitiske signal og vurdere det internasjonale samfunnet sitt svar på miljøutfordringar. Vidare vektla ho styrking av UNEP og miljøkonvensjonane sine katalytiske og normative roller.

Arbeidsgruppa sin rapport danna grunnlaget for ein rapport til den 53. generalforsamlinga. På det mellomstatlege området vart det gjort framlegg om å opprette eit årleg globalt miljøvernministerforum for å motverke dagens fragmenterte og tidkrevjande organisering av det mellomstatlege samarbeidet på ministernivå. Vidare vart det gjort framlegg om å opprette ei miljøadministrasjonsgruppe under leiing av UNEPs eksekutivdirektør og med deltaking frå aktuelle FN-organ. Gruppa si hovudoppgåve skal vera å gjera FN-systemet betre i stand til å analysere og agere på utviklingstrekk med omsyn til miljø- og busetjing.

Eit anna hovudønskje i rapporten var å styrkje samarbeidet mellom dei ulike miljøkonvensjonane. Det vart også foreslått tiltak for å styrkje FN sitt hovudkvarter i Nairobi, og for å styrkje UNEP og Habitat og samarbeidet mellom dei. Vidare vart det fremja fleire tiltak for å styrkje samarbeidet med det sivile samfunnet.

Under førebuingane til Generalforsamlinga såg det ut til å vera interesse blant medlemslanda for forslaget om ei miljøadministrasjonsgruppe, men det vart understreka at ei rekkje spørsmål om mandatet til og samansetnaden av gruppa og måten ho er tenkt å fungere på, må avklarast. Dei områda som syntest vera mest omdiskuterte, var organisering av eit globalt miljøvernministerforum, forslaga til betre samordning mellom konvensjonssekretariata, samt nokre av forslaga om sterkare deltaking av frivillige organisasjonar i FN sitt arbeid.

I innlegget sitt i Generalforsamlinga uttrykte miljøvernminister Fjellanger støtte til dei foreslåtte reformtiltaka. Også av dei andre vestlege landa vart rapporten godt motteken, og dei fleste tilrådingane vart støtta. Utviklingslanda viste til at forslaga var omfattande, og at det trongst meir tid til å vurdere dei. Dei meinte difor at det var for tidleg å fatte vedtak i Generalforsamlinga alt no. Det vart ikkje vedteke noko reform på miljø- og busetjingsområdet på haustsesjonen, men saka vert teken opp att til ny handsaming på den vidareførte sesjonen i 1999, kanskje i form av ei eiga arbeidsgruppe. På styremøtet i FNs miljøprogram UNEP i februar 1999 var stemninga blant medlemslanda langt meir positiv, noko som har styrka optimismen framfør den vidareførte generalforsamlingssesjonen våren 1999.

3.2.4 Reform av Tryggingsrådet

Det har vore arbeidd med reform og utviding av Tryggingsrådet sidan den 48. generalforsamlinga. Då vart det nedsett ei arbeidsgruppe open for alle FN sine medlemsland for å vurdere alle sider ved spørsmålet om utviding av medlemstalet i Tryggingsrådet og andre relaterte spørsmål, medrekna Rådet sine arbeidsmetodar og forholdet til dei andre medlemslanda.

Arbeidet i den opne arbeidsgruppa har vore prega av svært stor avstand i synspunkta på prinsippa for korleis ei utviding av Tryggingsrådet bør skje. Sjølv om det rår brei semje om at det trengst ei utviding av Tryggingsrådet, står landa framleis langt frå kvarandre både når det gjeld storleiken på eit utvida Tryggingsråd og om ei slik utviding skal omfatte både faste og ikkje-faste plassar.

Medan dei alliansefrie landa (NAM) opererer med eit tal på 25 medlemmer som eit minimum for eit utvida Tryggingsråd, har USA og Russland gjor det klart at dei ikkje kan akseptere eit Tryggingsråd med meir enn 21 medlemmer. Noreg og dei andre nordiske landa har gått inn for 23 medlemmer.

Italia, Pakistan, Mexico og nokre andre land motset seg aktivt ei utviding med nye faste plassar, og hevdar at dette vil auke den noverande ubalansen og fungere udemokratisk. Likevel er ei stor gruppe medlemsland innstilte på at Tryggingsrådet skal utvidast med både faste og ikkje-faste plassar. Noreg har, til liks med dei andre nordiske landa og mange vestlege og ein del andre land, støtta Tyskland og Japan sine kandidatur til fast plass i Rådet, samtidig som ein går inn for tre nye faste plassar til utviklingsland. Dei nordiske landa har også gått inn for ein auke av talet på ikkje-faste plassar.

I spørsmål knytt til arbeidsmetodane har det etter kvart avteikna seg større semje om trongen for opnare forhold og betre samrådsmekanismar, særleg mellom Rådet og dei troppebidragsytande landa, og her er det alt gjennomført reformer. Dei nordiske landa legg stor vekt på dette.

Debatten i plenum på den 53. generalforsamlinga forsterka inntrykket av at ein er langt frå semje. Eit felles nordisk innlegg vart halde av Finland. Det viktigaste som skjedde under plenumshandsaminga var Generalforsamlinga sitt vedtak av ein resolusjon om at alle vedtak om reform og utviding av Tryggingsrådet må gjerast med to tredels fleirtal av alle medlemslanda i FN. Vedtaket kom som resultat av eit initiativ frå dei landa som er motstandarar av nye faste medlemmer i Tryggingsrådet.

3.2.5 Spørsmål om finansielle og administrative reformer

USA har i fleire år vore oppteke av å få senka landet sin del av FN sin bidragsskala frå 25 til 20 prosent. Etter eit initiativ frå USA, som både Noreg og EU støtta, vart det teke inn ein såkalla revisjonsklausul i vedtaket om bidragsskala for 1998 - 2000 på den 52. generalforsamlinga. Denne klausulen gjorde det mogeleg for USA å få diskutert spørsmålet om senking av «taket» i bidragsskalaen, dersom landet i løpet av våren 1998 betalte eller gav bindande lovnad om å betala ein stor del av den amerikanske bidragsgjelda til FN. Men USA tok ingen skritt for å betala gjelda i 1998. EU-forslaga, som Noreg har slutta seg til, tek sikte på å gjera skalaen rettferdig, enkel, pårekneleg, sjølvjusterande og felles for det regulære budsjettet og dei fredstryggjande operasjonane.

Dei fleste vestlege landa hadde store forventningar til Generalsekretæren sitt forslag om at FN skal gå over til resultatbasert budsjettering. Ein slik reform vil kombinere målstyring, rammeløyvingar og større fridom for sekretariatet med sterkare krav til oppfølging, resultat og resultatrapportering. Men fleire G77-land gjekk imot forslaget. Det vart til slutt semje om at generalsekretæren skal leggje fram budsjettet for 2000-2001 i tradisjonelt format våren 1999, men han skal også leggje fram eit utval av budsjettkapittel i det nye formatet på same tid til orientering.

Generalsekretæren sette også i gang eit omfattande reformarbeid i personalpolitikken, og han la personleg fram på den 53. generalforsamlinga visjonen sin for organisasjonsutvikling i FN og eit breitt reformprogram på personalsektoren. Her forplikta han seg til å skape ein organisasjonskultur som er lydhøyr og resultatorientert, som løner kreativitet og innovasjon, og som fremjar kontinuerleg læring, gode prestasjonar og god leiarskap. Noreg og dei andre vestlege landa gav initiativet si varmaste støtte, medan G77 uttrykte seg langt meir reservert. G77 fryktar at både personalreformene og utviklingskontoen er amerikansk-inspirerte forslag for å redusere budsjettet og personalet og svekkje FN sin innsats til fordel for utviklingslanda. G77 kravde at alle reformer må godkjennast på førehand av Generalforsamlinga. Dei vestlege landa meiner derimot at generalsekretæren som FN sin øvste administrative leiar etter FN-pakta kan organisere sekretariatet etter eige skjønn. Den vidare handsaminga av saka vart utsett til den vidareførte sesjonen.

3.3 Nedrusting og internasjonal tryggleik

Arbeidet med kjernevåpenspørsmål under FNs 53. generalforsamling var prega av fordøming av Indias og Pakistans kjernefysiske prøvesprengingar i mai 1998. Ein resolusjon som sterkt fordømde sprengningane, vart føreslegen av Australia, Canada og New Zealand med mellom andre Noreg som medforslagsstillar. Det lukkast å få vedteke resolusjonen til tross for sterke protestar og taktiske manøvrar frå India og Pakistan under avrøystinga. Indias og Pakistans reaksjonar på fordømingane gjorde det umogeleg å få vedteke eit utkast til resolusjon om prøvestansavtalen som oppfordra land til å oppretthalde moratoria sine på prøvesprengingar i påvente av at avtalen skal tre i kraft. Resolusjonen vart trekt og erstatta av eit vedtak om å vurdere saka på nytt på den 54. generalforsamlinga.

Som ei oppfølging av vedtak i Nedrustingskonferansen i august 1998 om å setje i gang forhandlingar om forbod mot produksjon av spaltbart materiale til våpenformål, vart det vedteke ein resolusjon med oppmoding om å halde fram med forhandlingane. Resolusjonen vart føreslege av Canada, og Noreg var medforslagsstillar.

Brasil, Egypt, Irland, Mexico, New Zealand, Slovenia, Sverige og Sør-Afrika fremja ein resolusjon kalla «Mot ei kjernevåpenfri verd, behovet for ein ny dagsorden». Denne tek til orde for å skape ei kjernevåpenfri verd gjennom ei rekkje parallelle og gjensidig forsterkande tiltak både på det bi,- pluri- og multilaterale nivå. Frå norsk side gav ein uttrykk for at ein fullt ut støtta målsetjinga bak resolusjonen om ei kjernevåpenfri verd og ønske om å ta opp kjernevåpenspørsmål på ein meir praktisk og konstruktiv måte enn det som hittil har vore mogeleg. Men frå norsk side fann ein at resolusjonen underkjende kjernevåpenstatane sitt primæransvar for kjernefysisk nedrusting, den faktiske kjernefysiske nedrustningsvilja som vart vist og tilsynsprosessen etter Ikkjespreiingsavtalen. Noreg avstod difor på resolusjonen saman med blant andre alle ikkjekjernevåpenstatar i NATO med unntak av Tyrkia.

Spørsmål knytt til problema med handvåpen var viktige på generalforsamlinga. Utanriksminister Vollebæk heldt eit eige møte som presenterte den felles forståinga for vidare arbeid som 20 land hadde vorte samde om i Oslo i juli, og gjorde greie for opprettinga av eit norsk-initiert «Trust Fund» for innsamling av handvåpen administrert av FNs utviklingsprogram UNDP.

Generalforsamlinga vedtok, etter initiativ frå Sør-Afrika, å be Generalsekretæren utgreie nærare kva omfang og utbreiing ulovleg handel med handvåpen har og føreslå mogelege tiltak, først og fremst på regionalt nivå. Noreg var medforslagsstillar til resolusjonen. Generalforsamlinga vedtok vidare å kalle saman til ein internasjonal konferanse om alle aspekt ved ulovleg handel med handvåpen, ikkje seinare enn i år 2001.

Konvensjonen om forbod mot bruk, lagring, produksjon og overføring av personellminer (minekonvensjonen) tredde kraft 1. mars 1999. Haustens resolusjon om minekonvensjonen oppmoda til brei deltaking på det første statspartsmøtet i Maputo i mai 1999.

3.4 Regionale konfliktar

3.4.1 Afrika

I Den demokratiske republikken Kongo har forholdet til FN og det internasjonale samfunnet etter Kabila si maktovertaking i 1997 vore prega av usemje om dei grove menneskerettsbrota som ein meiner har funne stad under og etter maktovertakinga. Generalsekretæren sin menneskerettsdelegasjon vart i lang tid hindra i å innleie undersøkingane sine og vart seinare trekt ut av landet. Delegasjonen sin førebelse rapport, grunna på dei funna og vitneavhøyra som har late seg gjennomføre, styrkjer mistanken om at grove menneskerettsbrot har funne stad under ADLF-alliansen og dei allierte si framrykking i det dåverande Aust-Zaire.

I løpet av 1998 er stillinga til Kabila-regjeringa monaleg svekka både nasjonalt, regionalt og internasjonalt. Nabolanda Rwanda og Uganda, som tidlegare var Kabila sine allierte, støttar no ei opprørsrørsle kjend under namnet CRD (Congolese Rally for Democracy). Zimbabwe, Angola, Namibia og Tsjad støttar motoffensiven til Kabila og regjeringsstyrkane. I tillegg opererer andre væpna grupperingar i dette området. Nabolanda sin intervensjon og utviklinga i retning av ein regional storkonflikt har skapt alvorleg uro i det internasjonale samfunnet. Innsatsen som har vore gjort for å løyse konflikten, har i første rekkje skjedd i regional regi, gjennom sør-afrikanske og zambisk-leidde initiativ støtta av FN. Tryggingsrådet har sagt seg villig til å vurdere oppretting av ein FN-leidd fredstryggjande operasjon i Den demokratiske republikken Kongo, dersom partane gjennomfører ei våpenkvile og dei utanlandske styrkane vert trekte tilbake.

Situasjonen i Rwanda har bedra seg, men er framleis spent, særleg nordvest i landet. Etter uttrekkinga av UNAMIR-styrken i 1996 er FN-nærveret redusert til eit politisk kontor. Krigsforbrytartribunalet for Rwanda avsa i 1998 for første gong i rettshistoria ein dom for folkemord. Tryggingsrådet vedtok i april 1998 å opprette eit tredje kammer ved domstolen for å betre kapasiteten, og i november same år valde Generalforsamlinga ni nye domarar til domstolen, blant dei nordmannen lagdommar Erik Møse.

FNs undersøkingskommisjon, nedsett for å granske våpenstraumane og brot på våpenembargoen mot Rwanda, la fram sluttrapporten sin for Tryggingsrådet i november 1998. Rapporten konkluderer mellom anna med at dei tidlegare rwandiske regjeringsstyrkane (ex-FAR) framleis utgjer ein viktig destabiliserande faktor i regionen.

Etter Pierre Buyoya sitt statskupp i juli 1996 har det vore borgarkrigsliknande tilstandar i Burundi. Forsøka på å løyse konflikten har vore fokuserte omkring den såkalla Arusha-prosessen under leiing av tidlegare president i Tanzania, Julius Nyerere. Prosessen har av ulike grunnar så langt hatt få konkrete resultat. Heller ikkje dei regionale sanksjonane har verka slik det var meint, og i januar 1999 vedtok nabolanda å oppheve desse mellombels.

Tidlegare president Sassou Nguesso tok i oktober 1997 makta i Kongo, Brazzaville, etter å ha styrta den sitjande presidenten, Lissouba. FN-innsatsen i landet er no konsentrert om humanitære oppgåver og bistand til atterreising. Mot slutten av 1998 blussa det på nytt opp alvorlege kampar, særskild i hovudstaden.

Eit viktig framsteg i fredsprosessen i Angola vart gjord i april 1998 med innføringa av samlingsregjeringa med medlemmer frå både UNITA og MPLA. Men danninga av samlingsregjeringa vart følgd av ein fase med auka spenning, og UNITA nekta å overgje kontrollen over strategisk viktige område til samlingsregjeringa, trass i at Tryggingsrådet innførte skjerpte sanksjonar for å framtvinge oppfylling av denne delen av Lusaka-avtalane. I løpet av 1998 auka den militære spenninga i Angola, også som følgje av at regjeringsstyrkane og det nasjonale politiet bruka makt for å innta og halde kontrollen over UNITA-kontrollerte område. Framdrifta i fredsprosessen stansa opp, og samarbeidet mellom partane under FN si leiing vart broten. Mot slutten av 1998 innleidde regjeringsstyrkane ein militær offensiv mot UNITAs viktigaste basar nord i landet, og situasjonen utvikla seg på nytt i retning av ein regulær borgarkrig.

I desember 1998 og tidleg i januar 1999 styrta to FN-fly over UNITA-kontrollert område, og ein trur dei vart nedskotne frå bakken. Det vart klart at begge partar i konflikten i realiteten ønskte at FN og MONUA skulle trekkjast ut. Mandatet for MONUA løp ut i februar 1999, og partane si haldning gjer det for tida vanskeleg for FN å medverke til ei fredsløysing.

Ein militærjunta tok i mai 1997 makta i Sierra Leone, men den tidlegare presidenten i landet, Kabbah, vart innsett att i mars 1998 etter at den regionale fredstryggjande styrken ECOMOG tok kontrollen over hovudstaden Freetown og store delar av landet. Tryggingsrådet oppretta observatøroperasjonen UNOMSIL, som skulle gje råd til sierraleonske styresmakter og ta seg av kontakten med ECOMOG. Styrkar med tilknyting til den tidlegare juntaen vidareførte kampane saman med opprørsstyrken RUF, og innleidde mot slutten av 1998 ein offensiv som førte til at dei enno ein gong inntok hovudstaden. ECOMOG styrkane har seinare igjen lukkast i å ta kontroll over hovudstaden, men kamphandlingane fortset i andre delar av landet. UNOMSIL er som følgje av tryggleikssituasjonen trekt ut til nabolandet Guinea.

Den sentralafrikanske republikken vart i 1996 ramma av omfattande sosial uro og væpna samanstøytar utløyst av eit opprør i dei væpna styrkane i landet. Det fransk-afrikanske toppmøtet vedtok i januar 1997 å opprette ein inter-afrikansk fredstryggjande styrke, MISAB, som mellom anna fekk i oppgåve å overvake gjennomføringa av ein fredsavtale og nasjonale val. Parlamentsvala vart gjennomførte i november/desember 1998 på ein tilfredsstillande måte. Generalsekretæren har føreslege at mandatet vert forlengt til etter at presidentvala i landet er gjennomførte i andre halvdel av 1999.

Vest-Sahara-spørsmålet vart lagt fram for Tryggingsrådet i 1975 i samband med påstandar om at Marokko prøvde å innlemme delar av området (tidlegare Spansk Sahara) i sitt eige territorium. I 1991 vedtok Tryggingsrådet å setje i gang ein FN-operasjon for å gjennomføre ei folkerøysting om kva status området skulle ha i framtida (MINURSO). Ei sentral oppgåve for operasjonen er å leie prosessen som skal avgjere kven som er røystefør i folkerøystinga. I løpet av 1998 vart framdrifta i prosessen ramma av usemje om framgangsmåten for å identifisere medlemmer av dei såkalla omstridde folkegruppene, eit spørsmål som er avgjerande for utfallet av folkerøystinga. Noreg deltek i MINURSO med to polititenestemenn.

I første halvdel av 1998 oppstod ein stadig meir spent situasjon i forholdet mellom Etiopia og Eritrea. Motsetningsforholdet mellom dei to landa har ei rekkje årsaker, men kom til uttrykk som ein territoriell konflikt sentrert rundt herredømmet over grenseområdet Badme. I mai/juni braut det ut alvorlege kampar, men utan at det kom til full krig. Tryggingsrådet vedtok i slutten av juni ein resolusjon som støtta den rolla som OAU hadde påteke seg for å finne ei politisk løysing. Burkina Faso, Djibouti og Zimbabwe vart utpeika av OAU som ansvarlege for å utarbeide eit forslag til fredsløysing, og eit forslag til ei rammeavtale for ei slik fredsløysing vart framlagt i november. Forslaget vart godteke av Etiopia, men vart delvis avvist av Eritrea fordi det føresette tilbaketrekking av eritreiske troppar frå dei grenseområda som landet hadde okkupert. OAU-forslaget var ved utløpet av 1998 framleis det sentrale grunnlaget for innsatsen for ei politisk løysing, og frå FN si side har ein lagt vekt på å støtte opp om dette i staden for å lansere konkurrerande prosessar. I februar 1999 braut det ut nye omfattande kamphandlingar i grenseområda mellom dei to landa.

FN trekte seg ut av Somalia i 1994, og utviklinga i landet vert no følgd frå eit politisk kontor i Nairobi og av Generalsekretæren sin spesialrepresentant Kittani. Arbeidet med sikte på ei politisk løysing går i første rekkje føre seg i regional regi, med den regionale samarbeidsorganisasjonen IGAD, Organisasjonen for afrikansk einskap (OAU), Egypt og Etiopia som sentrale aktørar. Frå FN si side er ein oppteken av å supplere og støtte den regionale innsatsen.

USA gjennomførte i august 1998 bombeangrep mot einskildmål i Afghanistan og Sudan. Angrepa, som må sjåast i samanheng med attentata mot amerikanske ambassadar i Dar-es-Salaam og Nairobi, vart frå amerikansk side presenterte som handlingar gjorde i sjølvforsvar mot terroristorganisasjonen til Osama bin Laden. Det vart vidare vist til at målet for angrepet i Sudan var ein fabrikk som framstilte kjemiske våpen. Frå sudansk hald protesterte ein kraftig mot bombinga og dei amerikanske utsegnene. Blant anna vart det vist til at bombemålet var ein fabrikk som berre framstilte lækjemiddel. Sudan kravde at Tryggingsrådet skulle nedsetje ein undersøkingskommisjon for å vurdere tilhøva rundt bombinga. Tryggingsrådet har ikkje gjort noko vedtak om å opprette ein slik kommisjon, men spørsmålet står formelt på Tryggingsrådet sin dagsorden.

Tryggingsrådet i FN vedtok i 1992 sanksjonar mot Libya, i hovudsak fordi landet hadde nekta å utlevere dei to mistenkte etter Lockerbie-ulukka i 1989. Denne saka var uløyst i lang tid. For å skape ny framdrift i saka lanserte Storbritannia og USA i august 1998 eit forslag til løysing som innebar at sanksjonane ville bli suspenderte dersom dei to mistenkte vart framstilte i Nederland for rettergang etter skotsk rett. Tryggingsrådet slutta seg til forslaget. Forslaget vart i prinsipppet godteke på libysk side, og etter nærare forhandlingar, der m.a. Sør-Afrikas president Nelson Mandela spela ei viktig rolle, vart det full semje og dei to mistenkte vart utleverte i april.

3.4.2 Midtausten

Den vanskelege situasjonen i fredsprosessen i Midtausten førte til at det heller ikkje på denne generalforsamlinga var mogeleg å koma til semje om den såkalla «positive» resolusjonen. Denne resolusjonen har vore eit uttrykk for verdssamfunnet si støtte til fredsprosessen i Midtausten og vart i åra 1993-1996 vedteke etter forslag frå Noreg, USA og Russland og med støtte både frå israelsk og arabisk side. I lys av manglande vilje til å koma fram til semje valde Noreg, Russland og USA å ikkje leggje fram resolusjonen. Noreg valde denne gongen å røyste for resolusjonen om palestinarane sin rett til sjølvstyre. Alle EU-land, Russland og eit stort fleirtal av medlemslanda i FN røysta for resolusjonen. USA og Israel røysta mot. Noreg har tidlegare avstått når denne resolusjonen har vore oppe til handsaming, men fann det no rett å røyste for resolusjonen for å gje uttrykk for støtte til prinsippet om rett til sjølvstyre. Men prinsipperklæringa mellom Israel og PLO legg opp til at endeleg status for palestinarane må bli fastlagd gjennom forhandlingar mellom partane.

Eit palestinsk/arabisk forslag om å oppgradere den palestinske observatørdelegasjonen sin status til FN vart ferdighandsama sommaren 1998. Resolusjonen slår fast at palestinarane har rett til å delta i Generalforsamlinga på line med medlemsland, men utan røysterett og rett til å føreslå kandidatar. Noreg røysta for resolusjonen til liks med andre vestlege land (med unntak av USA).

Noreg avslutta deltakinga si i FN sin fredstryggjande operasjon i Sør-Libanon, UNIFIL, i november 1998. Noreg deltek i observatørstyrken UNTSO, som vart oppretta i 1948 for å overvake våpenkvila mellom Israel og nabostatane. Bortsett frå eit symbolsk nærvere i Sinai er observatørane taktisk underordna UNIFIL eller UNDOF. Operasjonen omfattar no 157 militære observatørar.

Tryggingsrådet har regelmessig handsama spørsmål knytte til gjennomføringa av resolusjonane vedtekne i kjølvatnet av Irak sin invasjon av Kuwait i 1990-91 og Golf-krigen. På grunn av mangelfullt samarbeid og mangelfulle opplysningar frå irakisk side har ikkje UNSCOM kunna rapportere at Irak har oppfylt vilkåra i res. 687, noko som er ein føresetnad for ei endeleg vurdering og mogeleg oppheving av sanksjonane mot landet. Som følgje av Iraks manglande samarbeid med FNs nedrustningskommisjon for Irak, UNSCOM, var forholdet mellom FN og Irak tilspissa ein rekke gangar i løpet av året. I mars fikk FNs generalsekretær løfte av den irakiske regjeringa om samarbeid. Tryggingsrådet aksepterte avtalen 2. mars 1998 med resolusjon 1154, som inneheldt ei kraftig åtvaring om dei alvorlegaste følgjer dersom Rådets resolusjonar og den inngåtte avtala med FN ikkje vart etterlevd. Da Irak igjen braut samarbeidet med UNSCOM utover hausten, vedtok Tryggingsrådet 5. november resolusjon 1205. Denne resolusjonen visar til FN-paktas kapittel VII. Den minnar om tidligare resolusjonar, særskild våpenkvileresolusjonen 687 (1991), og fordømmar Irak si beslutning av 31. oktober som eit klart brot på våpenkvileresolusjonen. I desember gjennomførte USA og Storbritannia væpna aksjonar mot mål i Irak. UNSCOMs og IAEAs arbeid i landet var dermed i praksis brote. I januar 1999 vedtok Tryggingsrådet eit opplegg for vidare arbeid med å utarbeide ei felles haldning til Irak-spørsmålet. Opplegget inneber ein gjennomgang og revurdering av både nedrustings- og overvakingsmekanismane, det humanitære programmet under «olje-for-mat»-mekanismen, som har vore det dominerande humanitære programmet i Irak sidan desember 1996, og spørsmål i samband med kuwaitiske krigsfangar, kuwaitisk eigedom og kuwaitiske arkiv.

Tryggingsrådet har sidan 1991 oppretthalde ein FN-observatørstyrke (UNIKOM) for å overvake den avmilitariserte sona ved grensa mot Kuwait. Mandatet er førebels vidareført til april 1999 og kan fornyast ytterlegare.

3.4.3 Mellom-Amerika og Karibia

Fredsprosessen i Guatemala vart i løpet av 1996 ført fram til ein endeleg fredsavtale. FN-operasjonen i Guatemala, MINUGUA, har spela ei sentral rolle i gjennomføringa av fredsavtaleverket. MINUGUAs mandat vart forlengt fram til 31. desember 1999 og vil truleg bli forlengt ut 2000 for å falle saman med utløpet av tidsplanen for gjennomføringa av fredsavtalane. Noreg har gjeve monalege bidrag til fredsprosessen både bilateralt og multilateralt.

Den politiske og økonomiske krisa på Haiti heldt fram også i 1998. Etter oppmoding frå presidenten på Haiti om å halde fram med internasjonal støtte vedtok Tryggingsrådet i 1997 å opprette ein internasjonal sivil politioperasjon (MIPONUH), som har fått mandatet sitt fornya til og med 30. november 1999. I tillegg har FN i samarbeid med Organisasjonen av amerikanske statar ein sivil operasjon, MICIVIH, som har mandat frå Generalforsamlinga fram til 31.12.1999. Det er framleis nært samarbeid mellom MIPONUH og MICIVIH. Også UNDP deltek aktivt i arbeidet for fred og tryggleik på Haiti.

FN sitt nærvere i El Salvador for oppfølging av fredsavtalen vart avslutta i 1998. Oppfølginga vil framover inngå i UNDPs aktivitetar i landet.

3.4.4 Europa

Mandatet til FN sin fredstryggjande operasjon på Kypros, UNFICYP, vart i desember 1998 forlengt fram til juni 1999. Tryggingsrådet har i resolusjonane sine om UNFICYP og om dei FN-leidde meklingsforsøka, teke avstand frå forsøka på å opprette ein eigen tyrkisk-kypriotisk stat på den nordlege delen av Kypros. Den tyrkisk-kypriotiske leiinga har som følgje av EUs avgjerd om å opne tilmeldingsforhandlingar for Kypros avvist vidare substansforhandlingar om ei løysing av Kypros-konflikten grunna på prinsippa i Tryggingsrådet sine resolusjonar og kravd ei revurdering av desse. I 1998 vedtok generalsekretæren å setje i gang ei rekkje fortrulege samtalar på øya leidde av visespesialutsending Ann Hercus. Etter vedtakinga av res. 1217 og 1218 i desember 1998 og fleire appellar til partane om å unngå handlingar som ville kunne føre til auka spenning, mellom anna ytterlegare militær opprusting, vedtok presidenten på Kypros, Clerides, å ikkje utplassere ein serie S-300 rakettar frå Russland.

Som følgje av den negative utviklinga i Kosovo, innførte Tryggingsrådet i 1998 full våpenembargo (res. 1160) mot Den føderale republikken Jugoslavia. Tryggingsrådet vedtok seinare res. 1199, der Tryggingsrådet slutta seg til kontaktgruppa si erklæring av 12. juni 1998, som inneheldt element for ei varig løysing på konflikten i Kosovo. I res. 1203, som vart vedteken i oktober 1998, slutta Tryggingsrådet seg til og støtta avtalane mellom Jugoslavia og OSSE og mellom Jugoslavia og NATO om oppretting av verifikasjonssendelag både på bakken og i lufta. Trass i innsatsen frå kontaktgruppelanda lukkast det ikkje å få til semje i Tryggingsrådet om å godkjenne militære aksjonar i regi av NATO for å sikre etterleving av det internasjonale samfunnet sine krav. I ei presidentfråsegn vedteken i januar 1999 ønskjer Tryggingsrådet velkomne og sluttar seg til kontaktgruppa sine vedtak med sikte på å etablere eit nytt rammeverk og eit tidsskjema for forhandlingar om ei politisk løysing av Kosovo-konflikten. Rådet tok også opp att eit krav frå ei presidentfråsegn vedteken tidlegare i januar om full og uhindra etterforsking av angrep på sivile i samarbeid med Jugoslavia-domstolen.

FNs fredstryggjande styrke og sivile politi i Aust-Slavonia (UNTAES) vart i januar 1998 vidareført gjennom ein sivil politioperasjon samansett av ei støttegruppe på 180 sivile politifolk (UNPSG). I september 1998 vart dette ansvaret overteke av OSSE, og FN-nærveret i Kroatia består etter dette berre av det militære observatørsendelaget på Prevlaka-halvøya, som er eit av dei problemområda som står att i forholdet mellom Kroatia og Den føderale republikken Jugoslavia. Operasjonen (UNMOP) overvakar demilitariseringa av Prevlaka-halvøya og naboområda i Kroatia og Jugoslavia og består av 28 observatørar, mellom dei ein nordmann. Mandatet er førebels forlengt fram til 15. juli 1999.

FN har, etter at den NATO-leidde SFOR-styrken overtok ansvaret for dei fredstryggjande operasjonane i Bosnia, hatt eit sivilt FN-kontor (UNMIBH) i Sarajevo og ein sivil politistyrke (IPTF) på ca. 2000 personar som blant anna overvakar og rettleier dei lokale politistyrkane. FN sine aktivitetar i Bosnia omfattar elles samordning av minerydding og anna arbeid, som vert utført av ulike FN-organisasjonar og Verdsbanken. UNMIBH/IPTF-mandatet er, til liks med SFOR-mandatet i juni 1998, forlengt med eitt år fram til juni 1999. Mandatet blir ikkje ytterligare forlenga grunna Kinas veto i Tryggingsrådet.

I arbeidet med å oppnå fred og forsoning i Bosnia er Den internasjonale krigsforbrytardomstolen for Det tidlegare Jugoslavia eit viktig instrument. Tryggingsrådet vedtok i res. 1166 i mai 1998 å tilsetje ytterlegare tre domarar ved domstolen og å utvide talet på kammer frå to til tre for å gjera domstolen betre i stand til å handtere den aukande saksmengda. Tryggingsrådet fordømde dei jugoslaviske styresmaktene si manglande vilje til samarbeid med Jugoslavia-domstolen ved å vedta res. 1207 i november 1998 og presiserte at alle medlemsland har plikt til å samarbeide med domstolen og domstolen sine organ, mellom anna å etterkoma oppmodingar frå domstolen om hjelp til å gjennomføre arrestordrar.

Noreg har delteke med styrkar til den preventive operasjonen i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia sidan opprettinga i 1993. Styrken, UNPREDEP, bestod opphavleg av ca. 1100 nordiske og amerikanske soldatar, men vart frå oktober 1997 redusert med 350 mann. Styrken har hatt som formål å medverke til å hindre at konflikten i resten av eks-Jugoslavia spreier seg til Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, og har vore ein viktig stabiliseringsfaktor i landet. Tryggingsrådet vedtok i juli 1998, i lys av den urovekkjande utviklinga i den jugoslaviske provinsen Kosovo, å forlengje UNPREDEP sitt mandat utover den opphavleg avtala perioden og dessutan å utvide styrken att opp til 1050 soldatar.

FN sin meklar Cyrus Vance lukkast i 1995 å få til ein interimsavtale mellom Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og Hellas som løyste dei fleste uteståande bilaterale spørsmål. I 1998 har samtalane halde fram med sikte på å koma til semje om eit permanent namn på Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia - hittil utan å lukkast.

3.4.5 Asia

FN sitt engasjement i konfliktane i dei tidlegare sovjetrepublikkane i Kaukasus og Sentral-Asia har omfatta støtte til fredsinnsatsen i regi av Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa OSSE og Samveldet av uavhengige statar SUS, samt etablering av fredstryggjande operasjonar i form av observatørar.

Konflikten i Abkhasia i Nord-Georgia braut ut sommaren 1992 då lokale abkhasiske leiarar starta forsøka på å lausrive regionen frå Georgia. Tryggingsrådet vedtok i desember 1993 å utplassere militære observatørar (UNOMIG). Mandatet vart sommaren 1994 utvida til å omfatte overvaking av dei fredstryggjande (russiske) SUS-styrkane i Georgia som vart utplasserte etter oppmoding frå partane. UNOMIG-styrken vart auka til 136 observatørar. Tryggingsrådet vedtok i oktober 1996 å opprette eit felles FN/OSSE-senter for menneskerettar i Sukhumi i Abkhasia som ein del av UNOMIG. UNOMIG-mandatet er førebels forlengt til 31. januar 1999.

Generalsekretæren konstaterte i 1992 at FN ikkje kunne ta på seg ein meklarfunksjon så lenge OSSE utøvde fredsinnsatsen sin for å løyse konflikten om den armensk-folka enklaven Nagorno-Karabakh. På den 53. generalforsamlinga avstod Armenia i avrøystinga over ein resolusjon om samarbeidet mellom FN og OSSE, etter at eit aserbajdsjansk endringsforslag som understreka at Nagorno-Karabakh var ein del av Aserbajdsjan, hadde vorte teke inn i teksta.

Tryggingsrådet oppretta i desember 1994 eit observatørsendelag på ca. 40 personar i Tadsjikistan (UNMOT) med mandat å hjelpe til med overvakinga av avtalen om våpenkvile og nasjonal forsoning, som var inngått mellom regjeringa og den islamsk-orienterte opposisjonen etter at ein blodig borgarkrig braut ut i 1992. UNMOT skal halde nær kontakt med dei russisk-dominerte SUS-styrkane og med OSSEs sendelag i landet. Vidare skal sendelaget støtte opp om arbeidet til Generalsekretæren sin spesialrepresentant, som saman med Russland har leidd fredssamtalane. Rådet har ved fleire høve i løpet av 1998 uttrykt stor uro over den vedvarande dårlege tryggleikssituasjonen for internasjonalt hjelpepersonell i Tadsjikistan. Til dømes vart fire av UNMOTs tilsette offer for overlagt drap i juli 1998. Omstenda rundt drapa er enno ikkje oppklarte. Drapa illustrerer ei urovekkjande utvikling i ei rekkje av dei konfliktområda der FN er involvert. I større og større grad vert FN-persjonell gjort til direkte mål for væpna angrep, og er ikkje lenger i stand til å oppfylle mandata sine fullt ut. Rådet sa seg også svært lei for forseinkingane i gjennomføringa av fredsavtalen og oppmoda partane til å leggje forholda til rette slik at det som planlagt kan haldast val i løpet av 1999. UNMOT-mandatet er førebels forlengt fram til mai 1999.

Situasjonen i Afghanistan og det internasjonale samfunnet sitt engasjement har i dei seinare åra vore prega av stadige konfrontasjonar med Taliban-regimet, som tok makta i landet i 1997, og som no kontrollerer nær heile det afghanske territoriet. Regimet si handsaming av kvinner og jenter har vore ein særleg grunn til uro. FN sin innsats i fredsprosessen har, i tillegg til humanitær bistand, vore sentrert rundt det politiske nærveret til UNSMA og innsatsen til Generalsekretæren sin spesialutsending Lakhdar Brahimi. Mot slutten av 1998 vart det klart at Taliban-styrkane hadde så godt som nedkjempa nord-alliansen. Samtidig utløyste drapa på iranske diplomatar i Mazar-i-Sharif eit svært spent forhold mellom Iran og Afghanistan og monaleg styrkeoppbygging på begge sider av grensa. Spesialutsending Brahimi lukkast i å minske spenninga gjennom samtalar med regionale leiarar som ledd i eit felles FN/OIC-oppdrag som også tok opp spørsmålet om overgrep mot den etniske Hazara-minoriteten. Ved utgangen av 1998 var situasjonen uavklart og forholdet mellom Taliban-regimet og FN og dei internasjonale hjelpeorganisasjonane i Afghanistan vanskeleg. Taliban-regimet sin manglande respekt for menneskerettane og Taliban-styret si rolle i narkotikaproduksjon er medverkande årsaker til at regimet sitt krav om å representere Afghanistan i FN ikkje er etterkome. Frå FN si side er det gjeve uttrykk for at ei politisk løysing i Afghanistan som tek omsyn til alle etniske og religiøse grupper, er den einaste farbare vegen. Samtidig vert det erkjent at konflikten truleg ikkje kan løysast politisk før dei regionale aktørane trappar ned støtta til dei stridande partane.

Den 26. juli 1998 vart det halde parlamentsval i Kambodsja. Noreg sende valobservatørar og gav også anna valassistanse. Ansvarleg for kuppet i 1997, Hun Sen, vart innsett som rettmessig vald statsminister i ei koalisjonsregjering den 30. november 1998. Landet fekk med dette tilbake plassen sin i FN. Generalsekretæren har utpeikt tre folkerettsekspertar til mellom anna å vurdere om det er ønskjeleg å etablere ein ad hoc-domstol for Kambodsja. Generalforsamlinga vedtok utan røysting ein resolusjon om menneskerettssituasjonen i Kambodsja. Noreg var medforslagsstillar.

Regjeringsskiftet i Indonesia i mai 1998 førte i første omgang til at Indonesia viste ei opnare haldning i spørsmålet om Aust-Timor. Generalsekretæren sin spesialrepresentant for Aust-Timor arbeider for ei fredeleg, politisk løysing for området. Innan ramma av trepartsforhandlingane mellom Indonesia, Portugal og FN fremja han i 1998 eit forslag om spesialstatus, med utstrekt sjølvstyre, for Aust-Timor. Forhandlingane om forslaget vart vanskeleggjorde av reelle samanstøytar og skuldingar om kraftige valdsepisodar på Aust-Timor. Samtalane i den intra-timorske dialogen (All-inclusive Intra-East Timorese Dialogue, AIETD) førte ikkje til vidare framsteg i 1998. Menneskerettssituasjonen på Aust-Timor vart omtala i det norske innlegget om menneskerettsspørsmål i 3. komité. Noreg støttar austtimorske og andre frivillige organisasjonar med mellom anna humanitær bistand. Noreg gjev også støtte, via UNDP, til valførebuingar i Indonesia.

Tryggingsrådet sa seg i ei presidentfråsegn svært lei for Indias underjordiske prøvesprengingar i mai 1998. Etter Rådet sitt syn er gjennomføringa av slike prøvar i strid med og utgjer ein trussel mot det aksepterte de facto-moratoriet om prøvesprengning og mot den internasjonale innsatsen for ikkje-spreiing- og nedrusting. Rådet var også uroleg for verknaden sprengingane kan ha på freden og stabiliteten i regionen. Tryggingsrådet kom med ei ny skarp fordøming då det vart kjent at Pakistan seinare i mai også hadde gjennomført underjordiske prøvesprengingar som ein reaksjon på dei indiske sprengingane. I juni 1998 vedtok Tryggingsrådet res. 1172, der det vert peikt på risikoen for eit kjernefysisk våpenkappløp i Sør-Asia som følgje av prøvesprengingane. India og Pakistan vert oppmoda til omgåande å avslutte utviklinga av kjernevåpen og leveringsmiddel til desse, og Rådet oppmodar land til å hindre eksport av kjernevåpenrelatert utstyr til India og Pakistan. Generalsekretæren vart oppmoda til å rapportere jamleg til Tryggingsrådet om kva India og Pakistan har gjort for å gjennomføre resolusjonen.

3.5 Fredstryggjande operasjonar

Talet på militært personell tilknytt FN sine fredstryggjande operasjonar var per 31. desember 1998 ca. 11 600. Sivilt politi utgjorde på same tidspunkt ca. 2 700. Noreg deltok per 31. desember 1998 i 7 av FN sine 16 operasjonar, med 178 militært personell i 4 operasjonar, og med 27 sivile polititenestemenn i 3 operasjonar. Noreg har også ca. 800 personell i NATO-operasjonen SFOR i Bosnia-Hercegovina.

Etter å ha delteke i UNIFIL i meir enn 20 år, trekte Noreg i månadsskiftet november/desember 1998 ut styrkebidraget sitt i Sør-Libanon. Ein indisk styrke kom inn som erstatning. Samtidig firedobla Noreg sitt styrkebidrag til FN-operasjonen i Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia, UNPREDEP, til 160 personar.

Dei samla utgiftene til FN sine fredstryggjande operasjonar er for 1998 kostnadsrekna til ca. USD 900 millionar, ein nedgang på ca. USD 400 millionar frå 1997.

Den 53. generalforsamlinga handsama som vanleg rapporten frå spesialkomiteen for fredstryggjande operasjonar. Frå norsk side framheva ein mellom anna at det er viktig å halde fast på FN sitt overordna ansvar for å oppretthalde fred og tryggleik, samtidig som ein la vekt på arbeidet med å utvikle samarbeidet mellom FN og regionale organisasjonar. Det vart særleg understreka kor viktig det er å medverke til å styrkje den fredstryggjande kapasiteten i Afrika. Det er no iverksett tiltak for å opprette ei spesialgruppe med dette som formål. Noreg vil delta i gruppa.

For å fremja samordning av innsatsen i eit konfliktområde, vart det i 1998 gjeve brei støtte til ei styrkt rolle for Generalsekretæren sin spesialrepresentant. FN sitt «Standby Arrangements System» (beredskapsordning), grunna på personell- og materiellbidrag frå medlemslanda, med innmelding på førehand, vert sett på som eit viktig bidrag for å auke FN si evne til å reagere raskt.

I tråd med blant anna spesialkomiteen sine tilrådingar vedtok den 53. generalforsamlinga å fase ut det personellet som ei rekkje medlemsland, også Noreg, frå 1993/94 har stilt til kostnadsfri disposisjon for å styrkje sekretariatet sin kapasitet. Frå norsk side har ein understreka kor viktig det er at kvinner deltek i fredstryggjande operasjonar. Det vart påpeikt at dette er eit spørsmål om kompetanse, særleg i samband med barn og kvinner sin lagnad i væpna konfliktar. Arbeidet med dette temaet vil halde fram i 1999.

Sivilt politi vert vurdert som stadig viktigare i fredstryggjande operasjonar, og det vert gjort eit monaleg arbeid med å integrere sivilt politi i regulære fredstryggjande operasjonar.

I det siste er det registrert aukande mangel på respekt for feltarbeidande FN-personell. I ei rekkje tilfelle har dette utarta til aktiv maktbruk, tvang og fiendtlege handlingar. Konvensjonen om tryggleik for FN-personell og tilknytt personell vart vedteken i FNs generalforsamling i 1994. Noreg ratifiserte konvensjonen alt i 1995. Det vert no arbeidd for å få mange nok ratifikasjonar til at konvensjonen skal tre i kraft, og med utvikling av praktiske tiltak. Resolusjonen er bindande for å verne FN-personell og alle som deltek i humanitært arbeid i konflikt- og katastrofeområde.

Behovet for styrkt innsats frå FN og det internasjonale samfunnet si side når det gjeld å førebyggje konfliktar, har fått auka merksemd dei seinare åra, og stod også sentralt i generalsekretæren sine rapportar. Generalsekretæren har etter FN-pakta eit ståande mandat til å initiere forhandlingar og meklingsforsøk i ein potensiell konfliktsituasjon. Det er behov for auka ressursar på dette feltet, og på norsk side tok ein difor under den 51. generalforsamling initiativ til å opprette eit eige fond for preventiv handling som skulle stå til rådvelde for generalsekretæren. Arbeidet med å etablere dette fondet vart avslutta våren 1997, og Noreg har gjeve USD 4 mill. til fondet. Dei samla bidraga til fondet var ved utgangen av 1998 på USD 5,5 mill.

3.6 Økonomiske og sosiale saker

På det økonomiske området var arbeidet prega av den finansielle krisa og ei byrjande nyvurdering av verknadene av fokuseringa på marknadsliberalisering dei siste åra.

Utviklingslanda la vekt på at dei er økonomisk sårbare, som den store auken i kortsiktige kapitalstrøymar og den finansielle krisa dei siste åra har avdekt. Utviklingslanda hevda vidare at krisa illustrerer at det finst eit påtrengjande behov for reform av den internasjonale finansielle arkitekturen. Industrilanda avviste ikkje at det var behov for å vurdere endringar i det noverande systemet, men la også vekt på det nasjonale ansvaret for å etablere opne og velregulerte finanssystem, samt føre ein sunn økonomisk politikk. Eit gjennomgåande trekk i forhandlingane var utviklingslanda sitt ønske om å utvide UNCTAD sitt mandat med omsyn til spørsmål knytt til internasjonal økonomi.

Land frå alle grupperingar understreka at globaliseringa har klare positive verknader, og at det korkje er ønskjeleg eller mogeleg å snu denne trenden. Samtidig var det aukande vilje til å vurdere sosiale og utviklingsmessige verknader av globaliseringa av den internasjonale økonomien. Det var auka merksemd om behovet for å utvikle mest mogeleg robuste og fungerande nasjonale finansielle strukturar og kapasitet slik at ein ikkje er så sårbar overfor internasjonale økonomiske svingingar. Arbeidet bar preg av ei realistisk tilnærming til desse spørsmåla og kva FN kan og bør bidra med.

Utviklingsland og industriland har framleis ulik vektlegging av internasjonal, finansiell og teknologisk bistand på den eine sida og utvikling av sunn nasjonal styring, planlegging og prioritering på den andre. Det vart ikkje oppnådd semje om utviklingslanda sitt ønske om eit snarleg nytt høgnivåmøte om globalisering. Ein vart likevel samde om at temaet vil stå som eige dagsordenspunkt på neste generalforsamling, og at det vil bli drøfta som eit av temaa under høgnivådialogen mellom ECOSOC og Bretton Woods-institusjonane våren 1999.

Ein ventar også at globalisering vert drøfta i samband med det komande arbeidet med å førebu eit høgnivåmøte i FN-regi om finansiering for utvikling. Generalforsamlinga vedtok retningsliner for dette møtet, som den 52. generalforsamlinga vedtok skal finne stad innan år 2001.

Under forhandlingane om gjeldsresolusjonen ønskte utviklingslanda ei liberalisering av gjeldsordninga for fattige land med høg gjeldsbyrde (HIPC), mellom anna i form av nedkorting av gjennomføringsperioden, mellombelse betalingsutsetjingar og ein ny gjennomgang av kriteria. Frå norsk side la ein fram forslag i tråd med den norske gjeldsstrategien som til ein viss grad imøtekom utviklingslanda sine ønske. Andre industriland la vekt på at gjeldssituasjonen for mange utviklingsland har betra seg dei seinare åra. Ein oppnådde til slutt semje om behovet for meir fleksibilitet i HIPC og gjeldskonverteringstiltak for dei fattigaste afrikanske landa, og om behovet for rettferdig byrdefordeling blant kreditorane.

I resolusjonen om gjennomføringa av det første FN-tiåret for fattigdomsutrydding vart det understreka at godt styresett er viktig for fattigdomsutrydding, og at økonomisk vekst bør knytast til sysselsetjing og ei rettferdig inntektsfordeling. Frå norsk side la ein stor vekt på å behalde omtalen av 20/20-initiativet, som er retta mot auka investeringar i grunnleggjande sosiale tenester i utviklingslanda.

3.6.1 Treårsgjennomgang for FN sine operasjonelle aktivitetar

Kvart tredje år vert alle FN sine bistandsaktivitetar gjennomgått. Resolusjonen for året er ei oppfølging av siste treårsgjennomgang, men tek også omsyn til reforminitiativ dei seinare åra og gjev overordna retningsliner for den komande treårsperioden. I forhandlingane la utviklingslanda vekt på å auke ressurstilgangen til utviklingsarbeidet, auke omfanget av samarbeidet mellom utviklingslanda (sør/sør-samarbeid) og å styrkje mottakarlanda si styring med FN sine bistandsaktivitetar på landnivå. Utviklingslanda sin tradisjonelle skepsis til auka samordning prega også forhandlingane. OECD-landa vektla på si side vidareføring av reformtiltak. Dei understreka også at FN-konferansane dei seinare åra bør få ei heilskapleg oppfølging, og utviklingslanda sitt eige ansvar for å leggje forholda til rette for å skape berekraftig utvikling. Vidare la OECD-landa vekt på å styrkje evaluerings- og oppfølgingsmekanismar for å betre effektiviteten i bistanden. Det norske innlegget understreka behovet for eit meir einskapleg FN-system på bistandsområdet, særleg på landnivå. Ein påpeikte særleg at forslaga frå generalsekretæren sitt reforminitiativ bør få ei grundig oppfølging i FN-systemet.

Treårsgjennomgangen av FN sine bistandsaktivitetar resulterte i utbreidd semje om FN-systemet sine prioriteringar på bistandsområdet. For første gong er det - etter vanskelege forhandlingar - teke med ein referanse til menneskerettar i denne samanhengen. Resolusjonen understrekar at det er viktig med ei heilskapleg tilnærming til humanitær og utviklingsorientert bistand, der naudhjelp og meir langsiktig bistand vert vurdert samla gjennom eit samarbeid mellom dei ulike aktørane, mellom anna gjennom såkalla strategiske rammeverk. Det vert understreka at det bør stillast tilstrekkelege ressursar til rådvelde for humanitær bistand, og at slik hjelp ikkje skal føre til at det vert gjeve mindre utviklingshjelp. Elles understrekar ein behovet for auka ressursar til FN sine bistandsaktivitetar, mellom anna behovet for ei jamnare byrdefordeling mellom gjevarlanda.

Resolusjonen gjev eit relativt sterkt mandat til oppfølging av seinare reforminitiativ tilknytt FN-systemet sine bistandsaktivitetar, mellom anna særleg FN sitt rammeverk for felles planlegging på landnivå UNDAF. Han understrekar at UNDAF skal vera eit samarbeid på breitt grunnlag mellom mottakarlanda sine styresmakter, FN-organisasjonane og andre bistandsaktørar for å støtte opp under mottakarlanda sine prioriteringar for utviklingsarbeidet og for oppfølging av dei store FN-konferansane på landnivå. Han gjev også retningsliner for å styrkje andre samarbeidsmekanismar som FN-koordinator-ordninga og FNs utviklingsgruppe UNDG. Resolusjonen oppmodar til auka samarbeid mellom FN sine fond og program, Verdsbanken og regionalbankane for å skape ei betre arbeidsdeling og meir einskaplege strategiar innanfor dei ulike bistandssektorane. Vidare peikar resolusjonen på at FN-systemet skal medverke til å styrkje banda mellom styresmakter, private organisasjonar og den private sektoren si rolle i utviklingsarbeidet.

Resolusjonen understrekar elles behovet for å utvikle indikatorar for ei samordna og einskapleg oppfølging av dei store FN-konferansane. Han oppmodar FN-organisasjonane til auka bruk av felles evalueringar, særleg for å vurdere verknadene av FN si bistandsverksemd, med sikte på å betre kvaliteten i programma.

3.7 Miljø- og ressursspørsmål

Handsaminga av miljø- og ressursspørsmål vart sedd i samanheng med at Generalforsamlinga handsama reform av FN på miljø- og busetjingsområdet som ein del av reformarbeidet i FN (jf. avsnitt 3.2).

Dei fleste sentrale miljødrøftingane går no føre seg i eigne prosessar under dei ulike miljøkonvensjonane. På området miljø og berekraftig utvikling vart sesjonen prega av at ein i 1997 gjennomførte 5-årsgjennomgangen av FN-konferansen om miljø og utvikling UNCED, og at arbeidsoppgåvene og prosessane er veldefinerte gjennom det femårige arbeidsprogrammet for FN-kommisjonen for berekraftig utvikling CSD og i dei ulike konvensjonsorgana. I lys av dette vart det gjort forsøk på å slå saman tidlegare resolusjonar om dei einskilde miljøkonvensjonane til ein felles resolusjon. Dette lukkast ikkje, i første rekkje fordi dei afrikanske landa framleis ønskte ein eigen resolusjon om ørkenspreiingskonvensjonen. Det vart også vedteke ein resolusjon om konvensjonen om biologisk mangfald som støttar opp om prosessen for å vedta ein protokoll om sikker overførsel av genmodifiserte organismar tidleg i 1999.

Det vart vedteke ein resolusjon som oppmodar dei aktuelle konvensjonane til nærmare samarbeid seg imellom, og som ber Generalsekretæren utarbeide ein rapport som grunnlag for ein substansdiskusjon på den 54. generalforsamlinga om dette temaet. Dette vil gje medlemslanda og involverte institusjonar tid til å vurdere desse spørsmåla før Generalforsamlinga eventuelt vedtek å endre dei noverande samarbeidsstrukturane. Det vart frå fleire hald uttrykt ønske om meir tid til å vurdere desse spørsmåla før ein eventuelt institusjonaliserer årlege gjennomgangar av samarbeidet mellom konvensjonane. I tillegg kom at ein gjerne ville sjå dette i samanheng med handsaminga av dei andre reformforslaga for miljø- og busetjingsområdet, som det førebels ikkje er gjort vedtak om.

Generalforsamlinga vedtok også prosedyremessige resolusjonar om oppfølginga av 5-årsgjennomgangen av Agenda 21 og dei andre vedtaka frå Rio-konferansen i 1992, om førebuingane til 5-årsgjennomgangen i 1999 av handlingsprogrammet for berekraftig utvikling i små utviklingsøystatar (SIDS), om internasjonalt samarbeid for å redusere verknadene av El Niño, og om rapporten frå siste rådsmøte i FNs miljøprogram. Noreg var medforslagsstillar til resolusjonane om El Niño og om gjennomgangen av handlingsprogrammet for SIDS.

3.8 Humanitære spørsmål

3.8.1 Samordning av FNs naudhjelp

Som på tidlegare generalforsamlingar var det også på den 53. generalforsamlinga ei samla plenumshandsaming av spørsmål knytt til samordning av naudhjelp og særleg økonomisk bistand og naudhjelp knytt til situasjonen i einskilde land og regionar.

I debatten under dette dagsordenspunktet vart det uttrykt sterk støtte til FNs naudhjelpskoordinator og innsatsen for auka samordning mellom dei ulike aktørane i FN-systemet, og overfor frivillige organisasjonar.

Det vart gjeve brei tilslutning til konklusjonane frå det humanitære segmentet under ECOSOC i juli 1998 og vidareføring av ECOSOC som humanitært tilsynsorgan. Ei rekkje land uttrykte uro over tryggleiken til humanitære arbeidarar og understreka behovet for å sjå naudhjelp, utviklingshjelp, menneskerettar og humanitær bistand i samanheng.

I det norske innlegget ønskte ein velkomne dei nye konsoliderte appellane, som i større grad reflekterer ein humanitær strategi som definerer overordna målsetjingar og arbeidsdeling. Den reduserte oppslutninga om dei konsoliderte appellane var eit tema som mange land, også Noreg, meinte gav grunn til uro. Men det vart samtidig åtvara mot å trekkje for raske konklusjonar om årsakene til dei reduserte bidraga.

Frå norsk side vart det vidare understreka at bistands- og utviklingsstrategiar bør utformast med sikte på å medverke til styrking av lokal kapasitet. Ein tok til orde for at FN bør inkludere eit sterkare element for lokal kapasitetsbygging i dei konsoliderte appellane. Det er spesielt viktig at styrking av menneskerettane vert integrert i atterreisingsfasen for land som har vore gjennom konfliktsituasjonar. Ein uttrykte også sterk uro for auken i valdelege angrep overfor humanitært hjelpepersonell. Ein understreka at alle partar er ansvarlege for å sikre at hjelp når fram til naudlidande, og samtidig garantere for tryggleiken til hjelpepersonellet i dette arbeidet.

EU la fram ein resolusjon om tryggleik for FN-personell og humanitært personell som byggjer på to tidlegare resolusjonar. Statane vert i denne resolusjonen oppmoda til å garantere tryggleiken for FN-personell og humanitært personell. Vidare vert statane oppmoda til å slutte seg til konvensjonen om tryggleik for FN-personell og personell knytt til FN. Nytt av året var ein referanse til Den internasjonale strafferettsdomstolen ICC, og til konklusjonane frå det humanitære segmentet under ECOSOC.

Resolusjonen om humanitær bistand til Sudan vart denne gongen vedteken ved konsensus etter at det to år på rad har vorte røysta over han. Resolusjonen har dei seinare åra i aukande grad vorte politisert. Det har særleg vore diskusjon om balansen mellom nasjonale styresmakter og FNs deltaking og kontroll med distribusjon og fordeling av naudhjelpa gjennom Operation Lifeline Sudan. Det lukkast i år å koma fram til formuleringar som var akseptable for alle partar med omsyn til kontrollen over det humanitære hjelpearbeidet. Resolusjonen inneheld dessutan ei klar oppmoding til partane om å respektere folkerettslege reglar på området humanitær bistand og garantere tryggleiken for humanitært personell.

3.8.2 Bistand til minetiltak

I debatten om bistand til minetiltak nemnde ei rekkje land behovet for meir samordning. Mange understreka at minekonvensjonen var viktig som ramme for bistanden. Statssekretær Janne Haaland Matlary heldt det norske innlegget og framheva behovet for betring av samordning på alle nivå, datainnsamlingssystem, overføring av kompetanse for å styrkje lokal kapasitet, rehabilitering og reintegrering av mineoffer, samt utvikling av ny teknologi og metodologi. EU minna i innlegget sitt om at hovudansvaret for minetiltak ligg hjå dei partane som legg miner. Ei rekkje mineramma land bad om hjelp til minerydding.

Resolusjonen om bistand til minetiltak vart framlagd av det austerrikske EU-formannskapet og ei lang rekkje medforslagsstillarar, også Noreg. Vedtaket av resolusjonen inneber at neste Generalforsamling vil handsame ikkje berre minerydding, men alle minetiltak. Dette er i samsvar med den generelle endringa i fokusering bort frå minerydding som isolert tiltak, med større vektlegging av ein integrert strategi som er samansett av risikominskande tiltak, medvitsgjering, kartlegging, bistand til mineoffer, økonomisk og sosial reintegrering, samt universalisering av Ottawa-konvensjonen. Resolusjonen vektlegg også at bistand må medverke til å utvikle nasjonalt eigarskap, berekraft og styrking av lokal kapasitet i handteringa av problema som ledd i humanitære program. Resolusjonen framhevar den viktige rolla FN spelar med omsyn til samordning av minetiltak, og det vert uttrykt støtte til oppretting av FNs kontor for minetiltak UNMAS.

3.9 Sosiale spørsmål

3.9.1 Spesialsesjonen om narkotika

FNs 20. spesialsesjon om narkotika fann stad i New York 8. - 10. juni 1998. Den norske delegasjonen vart leidd av sosialminister Magnhild Meltveit Kleppa.

I det norske innlegget i generaldebatten vart det lagt vekt på det internasjonale narkotikasamarbeidet som ein grunnpilar i Noregs tilnærming til problemet. Sosialministeren trekte fram at førebyggjande arbeid og rehabilitering av stoffmisbrukarar bør setjast høgare på den internasjonale dagsordenen. Sosialministeren opplyste at den norske regjeringa vil auke bruken av u-hjelpsmidlar gjennom FN-organisasjonar som kjempar mot stoffmisbruk, og at regjeringa vil prioritere dette arbeidet høgare. Ho påpeikte at regjeringa aktar å innarbeide ein «narkotikadimensjon» i norsk utviklingshjelp.

Generaldebatten viste stor grad av semje. Narkotikaproblemet var globalt, kampen måtte førast multilateralt og statane hadde eit felles ansvar. Generaldebatten avspegla samtidig ei samling om dei tradisjonelle måla og verkemidla i narkotikapolitikken, og var lite prega av dei tradisjonelle motsetningane mellom produsentland og konsumentland. Samanlikna med tidlegare FN-møte fekk etterspørselssida denne gongen monaleg merksemd.

Generalforsamlinga vedtok med konsensus ei politisk erklæring som stipulerte konkrete tidsrammer for gjennomføring av konkrete strategiar på dei einskilde programområda. Ein tek sikte på å utrydde eller vesentleg redusere den ulovlege narkotikaproduksjonen innan år 2008 og å starte tiltak for alternativ dyrking og utvikling i dei områda der det vert dyrka narkotika.

Dei andre vedtaka var tematisk avgrensa og handlingsretta orientert.

Rettleiande prinsipp med sikte på å iverksetje etterspørselsminskande tiltak:

  • fremjing av samarbeid på det juridiske området,

  • tiltak for å få kontroll med/minske kvitvasking av pengar tent på ulovleg narkotikahandel,

  • tiltak for å få kontroll med kjemiske stoff som vert bruka som innsatskomponentar ved produksjon av narkotika (precursors),

  • tiltak med sikte på å minske produksjon og omsetning av syntetiske stimulansar av typen amfetamin o.l.,

  • handlingsplan med sikte på å utrydde eller minske vesentleg den ulovlege dyrkinga av narkotika (cannabis, koka og opiumsvalmuen) og iverksetjing av alternative utviklingsprogram i dei aktuelle dyrkingsområda.

3.9.2 Andre sosiale spørsmål

Under handsaminga av sosiale spørsmål heldt Noreg, som vanleg, innlegg om ungdomsspørsmål. Innlegget vart halde av ungdomsdelegaten, som kom frå Noregs Handicapforbunds Ungdom. I innlegget trekte ein fram 50-årsjubileet for menneskerettserklæringa og møta i Portugal for ungdomsministrar og for ungdom i august 1998. Ungdomen sitt ønske om å delta i FN sin reformprosess og å medverke i fredsprosessar vart understreka. Noreg var medforslagsstillar til resolusjon om det internasjonale eldreåret 1999 og om oppfølginga av det sosiale toppmøtet. Det vil bli halde ein spesialsesjon om oppfølging av Det sosiale toppmøtet i Genève frå 26. - 30. juni 2000, og den andre førebuande sesjonen finn stad i mai 1999.

3.10 Menneskerettsspørsmål

Høgdepunkta under den 53. generalforsamlinga var vedtak av erklæringa om menneskerettsforsvararar og markeringa av 50-årsjubileet for menneskerettserklæringa. Etter 13 års forhandlingar, dei siste åra leidd av spesialrådgjevar Jan Helgesen frå Noreg, vedtok Generalforsamlinga utan røysting ei erklæring om menneskerettsforsvararar. Erklæringa ønskjer å gjera arbeidet lettare for personar og organisasjonar som arbeider for menneskerettane nasjonalt og internasjonalt under vanskelege forhold og ofte med livet som innsats. Den 10. desember 1998 markerte FN 50-årsjubileet for menneskerettserklæringa. Fem menneskerettsforsvararar mottok kvar sin pris. Ein sjette, symbolsk pris vart tildelt alle menneskerettsforsvararar i heile verda. I Utviklings- og menneskerettsministeren sitt innlegg under markeringa vart det teke til orde for at sosiale, økonomiske og kulturelle rettar får sin rettmessige plass i forhold til dei sivile og politiske. Særskild norsk støtte til utviklingsland for utarbeiding av nasjonale handlingsplanar for menneskerettar, gjennom Høgkommissæren for menneskerettar, vart kunngjord. Også ei rekkje andre land meinte at dei økonomiske, sosiale og kulturelle rettane bør få meir merksemd. Dei restriktive landa kom med kritiske kommentarar om dobbelmoral, ulik handsaming av land og at dei sivile og politiske rettane ikkje var så viktige for dei fattige. Fleire land nemnde kor viktig menneskerettsforsvararane sin innsats er. Høgkommissæren for menneskerettar understreka at hovudoppgåva framover var iverksetjing av menneskerettsinstrumenta. Ho tok også opp retten til utvikling og den skeive ressursfordelinga i verda, samt dei utfordringane den vitskaplege utviklinga står overfor, også når det gjeld forståinga av menneskerettane.

I Noreg sitt hovudinnlegg i 3. komité om menneskerettar vart behovet for ressursar til Høgkommissæren for menneskerettar og for styrkte menneskerettsmekanismar understreka. Ein framheva dessutan at menneskerettane er udelelege, og ein viste til positive erfaringar frå dialog med andre land. Noreg heldt også innlegg om oppfølging av nasjonale plikter frå Verdskonferansen om menneskerettar i Wien i 1993. Menneskerettsbrott i Burma, Tyrkia, Aust-Timor, Algerie, Kina, Nigeria, Den demokratiske republikken Kongo, Sudan, Sierra Leone, Iran, Irak, Afghanistan, Colombia, Saudi-Arabia og det tidlegare Jugoslavia medrekna Kosovo vart tekne opp. Noreg fremja resolusjonsforslag om vedtak av erklæringa om menneskerettsforsvararar, som vart vedteken utan røysting. Egypt gav, på vegner av 28 land, røysteforklaring som innebar avgrensingar for deira tilslutning til erklæringa. Noreg heldt eit felles nordisk innlegg om urfolksspørsmål, og Noreg var medforslagsstillar til resolusjon om urfolkstiåret. Noreg heldt også innlegg om rasisme, der blant anna tiltak mot etnisk diskriminering i Noreg vart omtala. Det vart gjeve støtte til arbeidet med Verdskonferansen om rasisme som skal haldast i 2001.

Dei politisk motiverte angrepa på menneskerettsarbeidet heldt fram. Dette kom igjen til uttrykk i vanskelege forhandlingar om resolusjonen om retten til utvikling og i forhandlingane om resolusjonar om menneskerettsinstrumenta. Som i fjor braut forhandlingane om resolusjonsforslaget om retten til utvikling saman. Resolusjonen vart lagd fram av Sør-Afrika på vegner av den alliansefrie rørsla, og vart vedteken med 109-1-40. Noreg og andre vestlege land avstod, medan USA røysta mot. USA meinte resolusjonen var ubalansert. Noreg og fleire andre vestlege land gav røysteforklaring der ein sa at ein håpte å koma tilbake til konsensus under menneskerettskommisjonen. Både i forhandlingane om resolusjonen om retten til utvikling og i andre forhandlingar, blant anna om rasismeresolusjonen, hadde ein vanskelege debattar om konsekvensane av globaliseringa for oppfyllinga av menneskerettane.

Forhandlingane om kvinnekonvensjonen, torturkonvensjonen, rasediskrimineringskonvensjonen og om effektiv gjennomføring av menneskerettsinstrumenta vart svært vanskelege. Restriktive land fryktar auka integrering og effektivisering av arbeidet for menneskerettane i FN. Forslag om effektivisering og betring av dei interne arbeidsmetodane i konvensjonsmekanismane, forholdet deira til resten av FN-systemet og om tilbaketrekking av lands reservasjonar møtte stor motstand. Forhandlingane viste at det skal bli svært vanskeleg å få til semje om ei reform av arbeidet til konvensjonsorgana og menneskerettskommisjonen, som vil vera hovudtema under menneskerettskommisjonens 55. sesjon våren 1999. Resolusjonen om auka ressursar til Høgkommissærens kontor vart vedteken utan røysting.

Handsaminga av landresolusjonane gjekk i hovudsak som venta. Denne sesjonen stadfesta og forsterka den reduserte oppslutninga om landresolusjonar dei siste åra. Nedgangen skuldast veksande prinsipiell motstand mot landresolusjonar, regimeskifte i einskildland og aukande politisk motstand mot landresolusjonar. Noreg var medforslagsstillar til resolusjonsforslaga om menneskerettssituasjonen i Iran, Irak, det tidlegare Jugoslavia, Kosovo, Nigeria, Kambodsja, Haiti og Den demokratiske republikken Kongo. Dei fire sistnemnde resolusjonane vart vedtekne utan røysting. Resolusjonane om Rwanda og Afghanistan vart lagde fram av formannen i komiteen. Også resolusjonen om Burma vart vedteken utan røysting. Som i fjor vart teksta om Burma for svak til at Noreg, Canada, Danmark, Finland, Irland og Nederland fann det riktig å gå med som medforslagsstillarar.

Under dagsordenspunktet om barn sine rettar heldt Noreg innlegg der ein oppmoda land til å trekkje reservasjonar til barnekonvensjonen, støtta arbeidet med tilleggsprotokoll til konvensjonen, omtala barnearbeid, funksjonshemma barn sin situasjon, og Internett og media sin påverknad av barn og unge. Samleresolusjonen om barn sine rettar vart vedteken utan røysting. Noreg var medforslagsstillar. Resolusjonen speglar tema i barnekonvensjonen. Noreg heldt også innlegg om flyktningspørsmål, og var medforslagsstillar til resolusjonar om dette.

3.11 Flyktningspørsmål

Handsaminga av flyktningspørsmål i 3. komité viste sterk støtte for Høgkommissæren for flyktningar og kontoret hennar. I debatten vart det uttrykt uro for undergraving av respekten for prinsippa for menneskerettane og asyl, samt uro med omsyn til tryggleiken for humanitært personell. Fleire land understreka kor viktig det er å auke respekten for dei grunnleggjande prinsippa for vern av flyktningar, og peikte på tryggleik og sivil karakter av flyktningleirar som ei hovudutfordring. UNHCR si katalytiske rolle i atterreisinga etter ein konflikt vart understreka, og fleire uttrykte støtte til konseptet om ansvarsfordeling for handtering av flyktningsituasjonar. Det vart halde eit norsk innlegg, som stort sett følgde ovannemnde hovudliner.

3.12 Oppfølging av store FN-konferansar

Handsaminga av kvinnespørsmål på den 53. generalforsamlinga markerte overgangen til førebuingane til femårsgjennomgangen i år 2000 av Kvinnekonferansen i Beijing. I det norske innlegget om kvinnespørsmål vart 20-årsjubileet for likestillingsloven markert. Noreg si ordning med eit likestillingsombod som følgjer opp loven, vekte spesiell interesse. Andre tema i innlegget var blant anna menneskerettar, vald mot kvinner, fattigdom, den frivillige protokollen til kvinnekonvensjonen og handel med kvinner og barn. Mange andre delegasjonar tok også opp handel med kvinner og barn. Noreg sitt forslag om i større grad å sjå kvinner som ei ueinsarta gruppe vart også godt motteke. Det vart lagt fram resolusjonar om kvinnekonvensjonen, om tradisjonar som er skadelege for kvinner og jenter si helse, handel med kvinner og jenter og kvinnene sin status i FN-systemet. Noreg, på vegner av dei nordiske landa, var hovudforslagsstillar til resolusjonen om kvinnekonvensjonen (CEDAW) og medforslagsstillar til dei andre. Forhandlingane om resolusjonen om kvinnekonvensjonen var vanskelege på grunn av motstand særleg frå arabiske land mot omtale av tilbaketrekking av reservasjonar og av effektivisering av CEDAW-komiteen sitt arbeid. I forhold til medforslagsstillarane sitt utgangspunkt vart resolusjonen klart svekka.

Resolusjonen om oppfølging av kvinnekonferansen i Beijing vart vedteken utan røysting. Eit av formåla med resolusjonen er å drive integreringsprosessen av kvinnespørsmål i FN vidare. Frå 5. - 9. juni 2000 vil det bli halde ein spesialsesjon om arbeidet med kvinnespørsmål etter Kvinnekonferansen i Beijing og iverksetjing av Nairobistrategiane for fremjing av kvinner. Spesialsesjonen skal heite «Kvinner 2000: likestilling, utvikling og fred i det 21. hundreåret».

Det vart også halde norsk innlegg om oppfølginga av handlingsprogrammet frå befolkningskonferansen i Kairo. Under generalforsamlinga sin 52. sesjon vart det vedteke å halde ein spesialsesjon for oppfølging av handlingsprogrammet (30. juni - 2. juli 1999). Resolusjonen omhandlar elles hovudtema, organisering og førebuingar til spesialsesjonen. Årets resolusjon stadfesta i hovudsak tidlegare vedtak, men understrekar også behovet for effektiv deltaking av privatorganisasjonar og det sivile samfunnet under førebuingane og gjennomføringa av spesialsesjonen. Generalsekretæren vert elles oppmoda til å søkje ekstrabudsjettære bidrag for å sikre deltaking frå utviklingslanda på den 32. sesjonen i befolkningskommisjonen, som skal førebu spesialsesjonen.

3.13 Finansielle og administrative spørsmål

3.13.1 FN sin økonomiske situasjon og budsjettskissa for 2000-2001

FN sin økonomiske situasjon er prekær og medlemslanda skuldar FN over USD 2 mrd. i ubetalte bidrag. Store delar av året må FN låne inn midlar frå dei fredstryggjande operasjonane til den daglege drifta, noko som vert vanskelegare etter kvart som desse operasjonane minkar i omfang og får mindre budsjett. Ved utløpet av 1998 skulda USA FN USD 1,3 mrd., ein sum som tilsvarar 63 prosent av medlemslanda si samla bidragsgjeld. Dersom det til slutt skulle vise seg at den amerikanske kongressen ikkje går med på betaling av USA si gjeld, eller stiller uakseptable vilkår, står FN overfor ein fundamentalt endra situasjon. Generalsekretæren har uttala at FN i så fall ikkje lenger kan garantere dei troppebidragsytande landa refusjon av utgiftene deira til mannskap og materiell. Det vil då bli vanskelegare for dei gode betalarane å halde fram å forskottere betalinga av USA si gjeld.

Etter svært vanskelege forhandlingar vart det oppnådd ei slags semje om budsjettskissa for 2000 - 2001. Det vanskelegaste spørsmålet var sluttsummen. Noreg påpeikte i innlegget sitt at utflatinga og nedgangen i FN-budsjettet det siste tiåret har ført til større bruk av frivillige bidrag for å finansiere tiltak som normalt skal dekkjast av det regulære FN-budsjettet. Dei viktigaste punkta, som vart godkjende utan røysting, er:

  • Sluttsummen for budsjettskissa skal vera USD 2,545 milliardar, mot USD 2,532 mrd. for budsjettet 1998 - 1999.

  • Forventa utgifter til generalsekretærens særlege politiske sendelag og sivile freds- og menneskerettsoperasjonar skal heretter inkluderast i budsjettskissa, og det skal førast opp USD 86,2 mill. til denne verksemda.

  • Budsjettskissa skal ikkje byggje på innsparingar som ikkje er identifiserte enno.

USA tok i ei posisjonsforklaring avstand frå sluttsummen i budsjettskissa. USA heldt fast ved same tal som for inneverande toårsbudsjett, nemleg USD 2,532 mrd, og uttala at dette vil vera USA sin posisjon når det endelege budsjettet for 2000 - 2001 skal vedtakast på 54. generalforsamling. Japan uttala seg langs dei same linene. (USA og Japan dekkjer til saman 45 prosent av FN sitt budsjett.) G77 sa seg lei for at det ikkje hadde vore mogeleg å oppnå semje om budsjettsummen som vart tilrådd av FNs komitè for administrative og budsjettmessige spørsmål ACABQ, nemleg USD 2,568 mrd., som vil innebera ein kurs/pris-justert nullvekst i FN-budsjettet.

3.13.2 Finansiering av krigsforbrytardomstolane

Sekretariatet sitt budsjettforslag for krigsforbrytardomstolane for 1999 innebar ein markant auke i løyvingane til begge domstolane. Dette speglar veksten i verksemda deira og tillet oppretting av mange nye stillingar for å kompensere bortfallet av kostnadsfritt innlånt personell frå medlemsstatane. Etter vedtak på den 52. generalforsamlinga skal bruken av såkalla gratis personell stanse frå 1.3.1999, med nokre få og tidsavgrensa unntak.

I debatten om budsjettforslaga til krigsforbrytardomstolane støtta dei fleste ACABQ sitt forslag til ei viss nedjustering av sekretariatet sitt romslege stillingsforslag, ettersom svært mange stillingar stod ledige i 1998. Under dei uformelle samråda kom det fram at G77-landa frykta for at Rwanda-domstolen skulle bli ein «B-domstol» i forhold til Jugoslavia-domstolen. Det er samtidig kjent at det har førekome avvik frå FNs reglement for finansielle og administrative spørsmål og ei rekkje administrative problem i Arusha, og FNs avdeling for internkontroll (OIOS) har hittil gjort to inspeksjonar av forholda der. Generalsekretæren har difor bede administrativ avdeling og rettsavdelinga i sekretariatet gje meir støtte til Rwanda-domstolen. Generalforsamlinga vedtok eit budsjett på USD 103,4 mill. for Jugoslavia-domstolen (mot USD 68,3 mill. i 1998) og eit budsjett på USD 75,3 mill. for Rwanda-domstolen (mot USD 50,8 mill. i 1998). Det vart også vedteke at ei uavhengig ekspertgruppe skal gjennomgå domstolane i nært samarbeid med dei. Gjennomgangen skal ta omsyn til domstolane sine statuttar og skal leggjast fram saman med dei nye budsjetta innan 1.11.1999.

3.13.3 Tilsyn og kontroll

Noreg deltok aktivt i handsaminga av dei nye retningslinene for FNs evalueringsarbeid, dei mange rapportane frå FNs revisorråd og årsrapporten frå FNs avdeling for internkontroll (OIOS), og det vart halde norske innlegg i alle tre sakene. Noreg stod også tilslutta eit EU-innlegg i femårsgjennomgangen av OIOSs funksjonar og rapportering. Dei vestlege landa har ei positiv haldning til nytteverdien av OIOS si verksemd for FN-reform og betre effektivitet, ressursbruk og leiing. Dei fleste G77-landa tykkjest også å meine at OIOS si verksemd er verdifull for FN og bør halde fram, men støtta deira kjem ikkje til uttrykk. Saka har vorte politisk omstridd fordi ei mindre gruppe radikale land i G77 går inn for å avgrense OIOSs fullmakter og budsjett. Diskusjonen vil halde fram på den vidareførte sesjonen, og ein må vera budd på at det ikkje vert noko vedtak i saka.

3.14 Juridiske spørsmål

3.14.1 Opprettinga av ein fast internasjonal straffedomstol

Arbeidet for opprettinga av ein fast internasjonal straffedomstol vart ført eit avgjerande steg vidare ved vedtakinga av statuttane for domstolen på ein diplomatkonferanse i Roma sommaren 1998. Resultatet av forhandlingane vart tilfredsstillande sett med norske og likesinna land sine augo, men forhold knytt til domstolen sin jurisdiksjon førte til at mellom anna USA ikkje fann å kunne slutte seg til den framforhandla teksta. Gjennom samråd lukkast det Generalforsamlinga å vedta ein resolusjon som helsa forhandlingsresultatet velkome, samtidig som ein vedtok at det vidare arbeidet med domstolsprosjektet i 1999 vil finne stad i tre sesjonar. I føresegnene som omtalar mandatet for det vidare arbeidet, vart det etter amerikansk oppmoding teke inn formuleringar som inneber at ein skal arbeide for å auke den generelle oppslutninga om statuttane. Frå dei likesinna landa si side vil det vera viktig at desse formuleringane ikkje vert utnytta med sikte på å gjenopne det kompromisset som vart forhandla fram i Roma, samtidig som det er ei sentral målsetjing at domstolen skal få størst mogeleg oppslutning.

3.14.2 Havrettsspørsmål

FN-avtalen om fiske på ope hav, som supplerer FNs havrettskonvensjon av 1982, vart vedteken i 1995. Alle dei tre institusjonane som havrettskonvensjonen opprettar (havbotnstyremakta, havrettsdomstolen og kontinentalsokkelkommisjonen), har tredd i funksjon. Etter ein fase prega av regelutvikling og kodifisering er arbeidet med havrettsspørsmål difor inne i ein konsolideringsfase, der ei sentral målsetjing er å sikre størst mogeleg oppslutning om det internasjonale havrettsregimet. Per februar 1999 er 130 statar partar i havrettskonvensjonen. Avtalen om fiske på ope hav vil tre i kraft når han er ratifisert av 30 statar. Per februar 1999 har 19 statar, mellom desse Noreg, ratifisert avtalen. I eit norsk innlegg til Generalforsamlinga viste ein til at overfiske av ein del artar på ope hav er så alarmerande at ein ikkje kan vente til FN-avtalen trer i kraft med å få uregulert fiske under kontroll. Noreg legg difor vekt på verdien av å innarbeide avtalen sine prinsipp i regionale fiskeriforvaltningsordningar.

Frå norsk side vart også behovet for universell oppslutning og einsarta bruk av havrettskonvensjonen understreka. Dette inneber mellom anna at erklæringar mv. gjeve ved tiltreding med sikte på å modifisere den aktuelle staten sine rettar og plikter i strid med konvensjonen ikkje kan godtakast. Det inneber vidare at havrettskonvensjonens føresegner og prinsipp må danne grunnlaget for utforminga av andre rettslege instrument på havrettsområdet. I det norske innlegget tok ein også opp det aukande problemet som sjørøveri utgjer for skipsfarten, og støtta det arbeidet som vert gjort frå IMO si side på dette området. Generalforsamlinga si rolle som overordna forum for diskusjon og normdanning på havrettsområdet vart understreka. Generalforsamlinga vedtok to hovudresolusjonar om havrettsspørsmål, ein generell resolusjon og ein resolusjon om fiskerispørsmål.

3.14.3 Andre juridiske spørsmål

Generalforsamlinga vidareførte arbeidet med ein konvensjon om tiltak mot kjernefysisk terrorisme grunna på eit russisk konvensjonsutkast. Arbeidet med dette utkastet vil halde fram i 1999, før ad hoc-komiteen nedsett under sjette komité vil ta eit konvensjonsutkast om finansiering av terrorisme opp til handsaming. I debatten om terrorisme vart alle former for terrorisme fordømde, og det vart oppmoda til auka internasjonalt samarbeid for å motarbeide problemet. Debatten avdekte også usemje om innhaldet i omgrepet terrorisme, blant anna i forhold til legitim frigjeringskamp. Noreg stod tilslutta EU-landa sitt innlegg om terrorisme, og frå nordisk side vart det også gjeve uttrykk for at ein ikkje støttar tanken om ein konvensjon som søkjer å utvikle ein generell definisjon av terrorisme.

I 1999 er det hundre år sidan den første internasjonale fredskonferansen i Haag, og året markerer dessutan avslutninga av FNs folkerettstiår. Generalforsamlinga slutta seg til planane for markering av desse hendingane gjennom ei rekkje møte og konferansar om aktuelle folkerettslege spørsmål i 1999. Blant arrangementa inngår også ei markering av 50-årsjubileet for vedtakinga av Genèvekonvensjonane av 1949 og den 27. internasjonale raudekrosskonferansen.

Sjette komité handsamar kvart år folkerettskommisjonens rapport, som dannar grunnlag for ein generell diskusjon om dei folkerettslege emna kommisjonen har til handsaming. Debatten viste at ein var nøgd med kommisjonen sitt arbeid, men oppmoda samtidig til styrkt dialog med medlemslanda og sjette komité. Resolusjonen om folkerettskommisjonen sin rapport vart vedteken med konsensus, og Noreg var blant forslagsstillarane. Det vart halde ei nordisk røysteforklaring som vektla arbeidet med både førebyggjande tiltak og skadebotreglar i forhold til ansvar for handlingar som ikkje er i strid med folkeretten. Under handsaminga av kommisjonen sitt utkast til føresegner om statssuksesjon og følgjene for statsborgarskapet til fysiske personar, heldt dei nordiske landa eit innlegg som la vekt på statane si plikt til å unngå tilfelle av statsløyse.

Folkerettskommisjonen har tidlegare lagt fram utkast til artiklar om retten til atterhald mot normative multilaterale traktatar. På dette punktet vart det halde eit nordisk innlegg som støtta ei nærmare analyse av overvakingsorgana si rolle, samtidig som det vart stilt spørsmål ved kva mekanismar som burde tre i kraft dersom ein uakseptabel reservasjon ikkje vert trekt tilbake.

3.15 Deltaking av frivillige organisasjonar

Under dei store FN-konferansane på 1990-talet vart det innført ein praksis med rett for frivillige organisasjonar til å delta utan omsyn til om dei hadde såkalla konsultativ status overfor FNs økonomiske og sosiale råd ECOSOC eller ikkje. Etter Rio-konferansen vart det difor i 1993 innleidd eit arbeid med å revidere dei eksisterande, meir restriktive retningslinene frå 1968 om FN sitt forhold til dei frivillige organisasjonane. Dette arbeidet vart sluttført i ECOSOC sommaren 1996, og det vart vedteke nye retningsliner (ECOSOC 1996/31). Men det vil framleis vera behov for å gjera unntak frå reglane, slik at frivillige organisasjonar kan halde fram med å følgje arbeidet i dei funksjonelle kommisjonane om oppfølging av konferansane til dei mange organisasjonane det her gjeld, kan få ordna det formelle forholdet sitt til ECOSOC. Det vart også vedteke at Generalforsamlinga skal sjå nærmare på dei frivillige organisasjonane sitt forhold til FN-systemet generelt - også utanfor ECOSOCs virkefelt og dei store FN-konferansane. Dette arbeidet har vore vanskeleg. Under fjorårets generalforsamling vart generalsekretæren beden om å utarbeide ein rapport om deltaking av frivillige organisasjonar og følgjer av endringar i dagens ordning. Rapporten vart vurdert som ufullstendig, og Generalforsamlinga vedtok ein resolusjon der ein bad om ny rapport på grunnlag av kommentarar til den første rapporten. Dette tydde at det heller ikkje i år var mogeleg å koma vidare med denne saka, trass i sterkt ønske om dette, hovudsakleg frå dei vestlege landa. Motstanden kjem frå land som generelt har ei restriktiv haldning til folkeleg deltaking og frivillige organisasjonar, blant andre Egypt, Cuba, Kina og Algerie.

Til forsida