St.meld. nr. 36 (2007-2008)

Nordisk samarbeid

Til innhaldsliste

4 Fagleg samarbeid

4.1 Kultur

Med utgangspunkt i det nordiske globaliseringsprosjektet skal også kultursektoren profilerast sterkare. Nordisk kunst og kultur har stort potensial når det gjeld å profilere nordisk styrke og kompetanse. Felles nordisk satsing kan gi større gjennomslagskraft enn om landa opptrer kvar for seg. Globalisering handlar ikkje berre om å sjå utover og forstå forandringar, men like mykje om å verte klar over eigen styrke og kompetanse. Kulturelt forankra kompetanse er unik og vanskeleg å etterlikne og gir ofte dei sterkaste konkurransefordelane.

Dei nordiske kulturministrane har sett i gang eit arbeid med sikte på å fremje kultur som sjølvstendig profileringsområde i det nordiske globaliseringsprosjektet. Kunst og kultur er allereie på mange måtar med på å fremje Norden som ein interessant kulturregion, og innsatsen på dette feltet skal no gjerast meir systematisk. Dei nordiske kulturministrane har utarbeidd eit policydokument, Det kreative Norden, ein kulturoffensiv som skal styrkje Nordens posisjon i den globale konkurransen. Arbeidet med ein globaliseringsstrategi er gitt høg prioritet av kulturministrane.

Hovudinnretninga i den globaliseringsstrategien kulturministrane har valt, er formulert i to hovudtema: i) kultur, næring og opplevingsøkonomi og ii) kulturelt mangfald og interkulturell dialog. Desse temaa er konkretiserte i fleire fellessatsingar mellom kultur- og næringslivsida innanfor dei kreative industriane, til dømes utbygging av Nordisk Film- & TV Fond og Nordisk dataspelprogram, nordisk kulturbidrag til Verdsutstillinga i Shanghai i 2010 og Den nordlege dimensjons kulturpartnarskap, nordisk samarbeid om oppfølging av UNESCO-konvensjonen av 2005 om eit mangfald av kulturuttrykk, kulturutveksling med dei baltiske landa gjennom felles mobilitets- og residensprogram, nordiske hus som vindauge til nabokulturane og naboregionane våre, internasjonal profilering av Norden gjennom dei nordiske prisane og nordisk satsing på barnekultur.

Språk og kultur heng nøye saman. Dei nordiske språka møter stadig aukande utfordringar i ei globalisert verd og taper gradvis terreng til engelsk. Kultur- og kyrkjedepartementet la våren 2008 fram ei stortingsmelding om ein ny språkpolitikk. Her heiter det at departementet gjennom informative verkemiddel vil oppfordre og stimulere aktørar på kulturområdet til å delta aktivt i nordisk samarbeid. Meldinga nemner ei rekkje tiltak som kan styrkje den nordiske språkforståinga, mellom anna formidlingsprogram om nabolandslitteratur for barn og vaksne i folkebiblioteka, styrking av formidlinga av nordiske film- og tv-produksjonar i Norden og fleire nordiske samproduksjonar for film og fjernsyn, utvikling og formidling av dataspel på andre nordiske språk og utvida nordisk samarbeid om språkressursar. Hovudfokus på kulturområdet i Nordisk Ministerråd har vore konsolidering av den nye strukturen for kultursamarbeidet, som skal styrkje kulturaktørane i Norden og fremje Norden som ein dynamisk kulturregion. Gjennom Nordisk dataspelprogram, mobilitets- og residensprogrammet og kunst- og kulturprogrammet er det opna for nye samarbeidsformer og nye arenaer for å fremje eit mangfald av kulturuttrykk i Norden. Det er òg lagt vekt på oppbygginga av forvaltningsorganet for programma, Kulturkontakt Nord. Det er lagt opp til vidareutvikling og aktiv bruk av Nordisk kulturforum som dialogverktøy for kulturfeltet i Norden. Det vert lagt opp til brei involvering frå alle aktørar i det nordiske kultursamarbeidet. Ei ny innretning på samarbeidet med Nordvest-Russland og dei baltiske landa står òg sentralt i arbeidet på kulturområdet. På eit nordisk-baltisk kulturministermøte i Stockholm i mai 2008 vart det gjort vedtak om å etablere eit nordisk-baltisk mobilitets- og residensprogram i 2009. Gjennom ein temadebatt gav ministrane til beste eksempel på interessante og vellykka tiltak for å fremje barne- og ungdomskultur. Oppfølging av Nordisk Råds rekommandasjon om sameksistens og kulturell kompleksitet i det fleirkulturelle samfunnet er òg ei viktig oppgåve på kulturområdet. Eit forslag til korleis det nordiske samarbeidet kan leggje til rette for å handtere kulturell kompleksitet og fremje sameksistens er under utarbeiding, og det vert planlagt ein konferanse om temaet hausten 2008.

Nordisk kulturfond støttar eit breitt felt av kulturprosjekt som både profesjonelle og amatørar står bak og gjennomfører. Prioriterte område er kunst- og kulturprosjekt som fremjar samarbeid mellom nye grupper og aktørar, aktivitetar for og med barn og unge, nye uttrykks- og formidlingsformer, forståing mellom dei nordiske språka, kunnskap om språka i Norden og rolla deira som kulturberarar, kunnskap om Nordens historie og nye tradisjonar og diskusjon om kunst- og kulturpolitikk. I tillegg til bidragsverksemda har fondet «Årets nordiske utstilling» som satsingsområde og yter annakvart år eit tilskot (maksimalt 3 millionar danske kroner) til eit større utstillingsprosjekt. Årets nordiske utstilling 2007–2008 er eit samarbeid mellom elleve museum på Nordkalotten og dreier seg om kva lys og mørke betyr for livet på Nordkalotten. Styret for fondet har utpeikt utstillinga «Impact – Art in the Age of Climate Change» til Årets nordiske utstilling 2009–2010. Utstillinga skal opnast under FNs globale klimatoppmøte i København i 2009. Utstillinga har som visjon å bruke dei kommunikative og subjektive kvalitetane i kunsten til å engasjere og inspirere befolkninga i Norden.

4.2 Utdanning og forsking (inkl. IKT)

Utdanning

Noreg og dei andre nordiske landa har utdanning, forsking og innovasjon som høgt prioriterte satsingsområde. Innanfor høgare utdanning er det nye Nordisk Master-programmet eit viktig element. Betydelege midlar går til å finansiere forsking og stimulere til meir forsking og innovasjon i næringslivet. Norden har ein lang samarbeidstradisjon på dette området, med eigne nordiske institusjonar som NordForsk, NICe og Nordisk energiforsking. Desse er viktige for å samle dei gode kreftene i Norden. Nordiske institusjonar på området må koplast endå tettare opp mot dei tunge nasjonale satsingane på forsking og innovasjon. Slik har vi betre utsikter til å lykkast med satsingane våre enn om dei nordiske landa og dei nordiske institusjonane skulle arbeide kvar for seg. Slikt samarbeid vert avgjerande for at Norden skal kunne møte dei utfordringane globalisering fører med seg.

Nordisk samarbeid om utdanning går i stor grad føre seg innanfor rammeprogrammet for Nordplus, mobilitets- og nettverksprogrammet til Nordisk Ministerråd. Det nye programmet starta opp i 2008 og er utvida til å omfatte dei tre baltiske landa som fullverdige, betalande deltakarar.

Rammeprogrammet for perioden 2008–2011 omfattar eitt tverrsektorielt program og tre sektorprogram – for skuleområdet, høgare utdanning og vaksnes læring. Nordplus Språk og kultur vert eit reint nordisk program tilknytt rammeprogrammet.

Felles nordiske masterprogram, med delfinansiering frå Nordisk Ministerråd til utviklingsarbeid, vart utlyste i 2007. Dei skal medverke til at høgare utdanningsinstitusjonar i Norden saman kan tilby så høg kvalitet at dei kan hevde seg i den internasjonale konkurransen om dei gode studentane i og utanfor Norden. Tre av dei seks utvalde programma startar opp i 2008, resten året etter.

Det nordiske mastertilbodet er eit viktig element også ved at det kan knytast opp til globaliseringsinitiativet.

Det nordiske masterprogrammet dekkjer så ulike område som eldreforsking, datamaskinteknologi, religionens røter i Europa, energiforsking, plantesjukdommar, havmiljø og klimaendringar. Universiteta i Åbo og Jyväskylä i Finland, Bergen i Noreg, København og Århus i Danmark og Kungliga Tekniska Högskolan i Sverige er hovudkoordinatorar for dei seks utvalde prosjekta, som ei rekkje høgare lærestader i alle dei nordiske landa deltek i.

Det nordiske samarbeidet om grunnopplæring har til hovudformål å arbeide for ei god utdanning for ungdom og vaksne.

Prioriterte område er oppfølging av Nordisk Råds rekommandasjonar om små yrkes- og handverksfag og undervisningsinitiativ for skuleelevar om klima og FNs klimatoppmøte. Elles skal det framleis leggjast vekt på lese- og skriveopplæring og på det pedagogiske innhaldet i førskulen.

Eit språkorganiseringsutval som var nedsett for å vurdere korleis området språk og språkpolitikk best kan organiserast med sikte på å styrkje nabospråkforståinga, leverte sin rapport i slutten av 2007.

Ein komparativ studie av nordisk lærarutdanning vert sett i gang i 2008.

Ein forstudie om leseferdigheitene hos vaksne vart lagd fram i 2007 som grunnlag for ein hovudstudie, som startar opp i 2008.

Forsking og innovasjon

Noreg støttar aktivt opp om den sterke vektlegginga av forsking og innovasjon i det nordiske samarbeidet, mellom anna med etableringa av NordForsk og NICe som sentrale samarbeidsinstitusjonar på nordisk nivå. Dei nasjonale forskingsråda er dei sentrale aktørane i NordForsk. Det nordiske samarbeidet byggjer på nasjonale prioriteringar på område der nordisk samarbeid utgjer ein meirverdi. Det er etablert 16 senter for toppforsking (Nordic Centres of Excellence, NCoE) på områda helse, velferd, global endring, molekylærmedisin og humaniora/samfunnsfag. NordForsk har sett i gang ei evaluering av dei første sentra, og denne vert eit viktig innspel til den vidare utviklinga av ordninga.

Det nordisk forskingssamarbeidet har i 2007 særleg fokusert på klimaforsking. På sesjonen i Nordisk Råd i november vart det lagt fram ein studie av potensialet for nordisk samarbeid om klimaendringar i Arktis og kva konsekvensar dei kan få. På møtet i Punkaharju i 2007 rådde statsministrane til at det vart etablert eit nordisk toppforskingsprogram innan klima, energi og miljø. Ein arbeidsgruppe har fremja forslag om eit tettare forskingssamarbeid om polarforsking i Arktis. Regjeringa støttar opp om desse initiativa. Samla legg dei sterke føringar på det nordiske samarbeidet i åra som kjem, og vil krevje samordning mellom dei ulike områda i Nordisk Ministerråd.

IKT

IKT-koordineringa er basert på ei uformell nordisk IKT-politisk gruppe, i tillegg til at rådgivingsgruppene i MR-U har integrert IKT i arbeidet sitt. Hittil er e-Science valt som grunnlag for det nordiske IKT-samarbeidet.

4.3 Miljø (inkl. tverrfagleg samarbeid)

Det nordiske miljøsamarbeidet er omfattande og dekkjer eit vidt spekter av saker. Samarbeidet er mellom anna ein av dei viktigaste kanalane vi har til å påverke regelverksutviklinga som går føre seg på miljøområdet i EU og andre internasjonale forum. Rammene for det nordiske miljøsamarbeidet følgjer av miljøhandlingsprogrammet for perioden 2005–2008. I tillegg er samarbeidet styrt av politiske initiativ og aktuelle spørsmål som til kvar tid står på den internasjonale dagsordenen.

Prioriterte satsingsområde i miljøsektoren under den finske formannskapen i Nordisk Ministerråd i 2007 var mellom anna EUs kjemikalieregelverk REACH, miljøkonsekvensar ved bruk av nanoteknologi og Austersjøsamarbeidet sett i relasjon til EU-strategien på det marine området. Dette er samarbeidsområde som vert vidareførte i 2008.

Som ei oppfølging av globaliseringsinitiativet frå statsministrane har det svenske formannskapsprogrammet for 2008 sett særleg fokus på arbeidet med klima, miljø og energi. Ei eiga nordisk arbeidsgruppe er oppretta for å hjelpe til med førebuingane til klimakonferansen i København, COP 15, som finn stad i slutten av 2009. Konkret skal denne arbeidsgruppa gjennomføre ei rekkje utgreiingar og prosjekt og halde møte og konferansar for å medverke til ei best mogeleg førebuing av klimakonferansen. Sidan viktige premissar for forhandlingane på klimakonferansen i København vil verte lagde på årets klimakonferanse, COP 14, som finn stad i Polen i desember, har dei nordiske landa innleidd eit samarbeid med Polen på dette området.

Under den svenske formannskapen vert arbeid med kjemikaliar framleis høgt prioritert. Særleg vil det vere fokus på implementeringa av kjemikalieregelverket REACH, som no er på plass, og på at Norden framleis skal vere ei drivkraft i arbeidet med å få på plass eit globalt samarbeid om kvikksølv og andre tungmetall. Sverige har òg prioritert arbeidet med havforureining, der fokus særleg er sett på situasjonen i Austersjøen. Vidare har miljøsektoren sett i gang arbeidet med eit nytt miljøhandlingsprogram for perioden 2009–2012, og eit forslag til nytt program vert lagt fram på Nordisk Råds sesjon i haust.

4.4 Nærings-, energi- og regional­politikk

Dei siste ti åra har vore den sterkaste vekstperioden i verdsøkonomien sidan slutten av 1960-talet. Den samla produksjonen av varer og tenester har auka med 4,1 % årleg sidan 1997. Bak den økonomiske veksten ligg rask teknologisk uvikling, endra institusjonelle og politiske rammevilkår og demografiske endringar. Verdsøkonomien er inne i ein periode kjenneteikna av stadig tettare økonomisk integrasjon mellom land over heile verda. Globaliseringa kan sjåast som ein prosess der verda vert knytt tettare saman ved at flyten av varer, tenester, menneske, kapital og informasjon går raskare, billegare og over større avstandar enn før.

Globaliseringa har hatt betydelege positive konsekvensar for levestandarden både i industriland og utviklingsland. Årsaka til denne positive utviklinga er at handel mellom land gir gevinstar for alle partar ved at tilgjengelege ressursar kan brukast meir effektivt. Mellom anna aukar teknologi- og idémengda som kvart land kan nyttiggjere seg. I tillegg gir internasjonalt samkvem grunnlag for å utnytte stordriftsfordelar og komparative fordelar i landa kvar for seg. Marknader prega av konkurranse medverkar dessutan til kostnadsreduksjon, innovasjon og meir effektiv organisering.

Den territoriale dimensjonen vert stadig viktigare i ei sterkt integrert verd.

Det framtidige nordiske regionalpolitiske samarbeidet skal gjennom nært samvirke mellom ulike vedtaksnivå og sektorar medverke aktivt til å møte utfordringane som globaliseringa fører med seg. Slik kan ein på ein berekraftig måte styrkje utviklinga i Norden på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå.

Det regionalpolitiske samarbeidet har til formål å styrkje den innovative krafta og det økonomiske vekstpotensialet i heile det nordiske territoriet. Tre innsatsområde er sentrale:

  • erfaringsutveksling og oppbygging av ny kunnskap

  • globalisering og grenseoverskridande samarbeid

  • tredje generasjons regionalpolitikk.

Det første satsingsområdet handlar om å vidareutvikle og fornye det veletablerte erfarings- og kunnskapssamarbeidet som er etablert gjennom det nordiske samarbeidet, mellom anna med større vekt på politikkutvikling. Nordregio skal som før ha ei sentral rolle i dette arbeidet. Det andre satsingsområdet vert å utnytte erfaringar frå grense­overskridande samarbeid betre for å fremje eit integrert nordisk næringsliv som svar på den auka globaliseringa. Det tredje innsatsområdet går ut på å etablere det nordiske samarbeidet som ein viktig og verdifull aktør når det gjeld utforming av regionalpolitikk både på nasjonalt nivå og EU-nivå.

Det er utarbeidd utkast til eit nytt regionalpolitisk samarbeidsprogram for perioden 2009–2012. Utkastet skal behandlast på ministermøtet i september. Hovudbodskapen i programmet er at det framleis vil verte lagt vekt på å sjå det nordiske samarbeidet i samanheng med det omfattande europeiske samarbeidet i regionalsektoren.

Med dei utfordringane globalisering, konkurranseevne og klimaspørsmål utgjer, vert behovet for samvirke og samordning mellom periferi og sentrum av ulik storleik stadig tydelegare. Det same gjeld behovet for å byggje ned grensehinder for å møte dei særskilde utfordringane dei nordiske grenseregionane står overfor og utnytte potensialet deira. Med si vektlegging av den territoriale dimensjonen i samfunnsutviklinga har regionalpolitikken ei særskild rolle som strategisk bindeledd mellom ulike politikkområde.

Den nye organisasjonsstrukturen i Nordisk Ministerråd tredde i kraft 1. januar 2006. Dei tidlegare tre ministerråda for høvesvis næring, energi og regionalpolitikk vart då slått saman til eitt felles ministerråd (MR-NER). Den nye strukturen skal effektivisere arbeidet i Nordisk Ministerråd og leggje til rette for å utnytte synergiar mellom dei tre sektorane. MR-NER heldt sitt første møte i det norske formannskapsåret 2006 i Bodø i september, med «Nordområda i eit nordisk og europeisk perspektiv» som felles hovudtema. Bodø-møtet vedtok eit felles kommuniké og ei eiga ministererklæring på energiområdet. Ministermøtet i Helsingfors i september 2007 hadde fokus på å følgje opp globaliseringsinitiativet frå dei nordiske statsministrane, «Mogelegheitenes Norden – svar på globaliseringsutfordringane», med særleg vekt på innovasjonssamarbeid, elmarknad og klimaspørsmål. Dei ulike forslaga i globaliseringsinitiativet, slik det går fram av kommunikéet frå møtet i Punkaharju i juni 2007, inneheld ei rekkje forslag som er svært ulike i karakter, omfang, innhald og tidshorisont. Sekretariatet i Ministerrådet peiker òg på at globaliseringsinitiativet stiller krav om evne til å agere fort og profesjonelt, samle dei nordiske landa om nye initiativ, frigjere budsjettmidlar til gjennomføring av initiativa og arbeide tverrsektorielt.

Energipolitisk samarbeid

Den nordiske energihandlingsplanen som dei nordiske energiministrane slutta seg til i 2005, er no midt i ein gjennomføringsfase. Gjennom ministererklæringane frå Bodø-møtet i 2006 og Helsingfors i 2007 er det nordiske energisamarbeidet vidareført på prioriterte satsingsområde. Globaliseringsinitiativet har gitt ein ny impuls til det nordiske energisamarbeidet. Spørsmål under den nordiske energihandlingsplanen er relevante for dette initiativet. Det er sentralt for det nordiske energisamarbeidet å vere aktiv i samband med utforminga av energipolitikken i Europa innanfor ramma av EU/EØS.

I den finske formannskapsperioden i 2007 vart det arbeidd vidare etter det nordiske handlingsprogrammet for energisamarbeid som gjeld for perioden 2006–2009. Det er lagt vekt på at det nordiske energisamarbeidet må verte ein sterk og aktiv deltakar i utforminga av energipolitikken i Norden og Europa ved å konsentrere seg om desse kjerne­områda:

  • energimarknader

  • berekraftige energisystem

  • norden i det internasjonale energisamarbeidet.

Med tanke på dei energipolitiske rammene som vert utvikla i EU/EØS, er det behov for eit nordisk samarbeid i alle fasar av utforminga av politikk og regelverk. Ei prioritering av det nordiske elektrisitetssamarbeidet vert rekna som spesielt viktig. Dette vart stadfest under møtet mellom dei nordiske energiministrane i Helsingfors i september 2007.

Det går føre seg eit omfattande elmarknadssamarbeid mellom dei nordiske landa. Olje- og energidepartementet er involvert i dette samarbeidet gjennom grupper under Nordisk Ministerråd. Vidare har regulatorane (NordReg) og sentralnettselskapa (Nordel) eit omfattande samarbeid. Utover dette samarbeider konkurransetilsyna i Norden om spørsmål i tilknyting til elektrisitetsmarknaden.

Det nordiske samarbeidet på kraftområdet har resultert i auka forsyningstryggleik, betre utnytting av dei samla nordiske kraftressursane, auka investeringar i overføringssamband mellom landa og auka transparens i marknaden. Det går òg føre seg eit arbeid i retning av ein felles nordisk sluttbrukarmarknad. Dette er viktige steg på vegen mot ein integrert nordisk kraftmarknad. I neste steg vert det viktig å kunne einast om felles nordiske prinsipp for flaskehalshandtering, då dette av mange vert oppfatta som det største hinderet for vidareutvikling i den nordiske kraftmarknaden.

På ministermøtet i Helsingfors i 2007 var dei nordiske energiministrane samde om at auka nett­investeringar og ytterlegare harmonisering av regelverk i den nordiske kraftmarknaden skulle prioriterast for å fremje grenseoverskridande handel i Norden.

Energidimensjonen ved klimapolitikken har lenge vore eit viktig tema for Nordisk Ministerråd, og grunnlaget har vore eit vellykka samarbeid mellom energi- og miljøsektoren med det formål å utnytte synergien som ligg i samspelet mellom globale klimapolitiske utfordringar og energipolitiske utfordringar. Samarbeidet er mellom anna vorte utvikla gjennom den tverrsektorielle klimagruppa.

Det har vore arbeidd med politikkrelevante klimaspørsmål med fokus på korleis dei nordiske landa samarbeider om og medverkar til å fremje prosessane i tilknyting til FNs klimakonvensjon, Kyotoprotokollen og klimaarbeidet etter 2012 (post-Kyoto).

Dette er gjort gjennom analysar av korleis det interne EU-systemet for kvotehandel med aktørar utanfor EU kan forbetrast og utvidast, av erfaringar med bruken av klimamekanismane i Austersjøregionen og av dei energipolitiske føresetnadene for og konsekvensane av nye mål og krav til framtidige klimagassutslepp. Mellom anna er det teke omsyn til utviklings- og analysearbeidet i samband med klimaregimet etter 2012.

Det nordiske samarbeidet vert no tilpassa og organisert ut frå nye globale utfordringar med tanke på klimaregimet etter 2012. Energisamarbeidet drøftar òg korleis ein kan styrkje og innrette samarbeidet i lys av det nordiske globaliseringsinitiativet.

Auka satsing på fornybar energi og energieffektivisering er ein del av det energipolitiske svaret på klimautfordringa. Dei nordiske landa har ei felles interesse av å sjå på korleis dei kan innrette verkemiddelbruken og markere eit leiarskap på desse områda. Dette er viktig ettersom alle land vert påverka av politiske prosessar som går føre seg globalt og i Europa. Difor er utvikling av rammevilkår for energieffektivisering og fornybar energi ei sak dei nordiske landa vier spesielt stor merksemd i samband med direktiv og nye initiativ som vert utvikla i EU/EØS. Under den norske formannskapen i 2006 vart det etablert nye arbeidsgrupper innan fornybar energi og energieffektivisering. Arbeidet heldt fram i 2007 og 2008 og har til mål å følgje prosessane på EU/EØS-nivå.

Dei nordiske energiministrane deltek i Baltic Sea Region Energy Co-operation (BASREC), og underteikna i 2003 ein avtale om etablering av Austersjøregionen som forsøksområde for bruk av dei fleksible mekanismane etter Kyotoprotokollen. Som ei oppfølging av avtalen vart eit investeringsfond for fellesgjennomføringsprosjekt i regionen oppretta. Eit viktig mål er å stimulere til at fellesgjennomføringsprosjekt kan realiserast i energi­sektoren i Austersjøområdet. Fondet vart positivt evaluert i 2007. Dei nordiske landa er pådrivarar i BASREC-samarbeidet. Eit nytt ministermøte innanfor ramma av BASREC finn stad hausten 2008 med støtte frå Nordisk Ministerråd.

Det er viktig å halde fram med det gode samarbeidet på energiområdet om felles utfordringar innan EU/EØS-relaterte tema. I 2007 og 2008 har det vore samarbeidd om forslaget til ein energimarknadspakke og forslaget til ein energi- og klimapakke som er til forhandling i EU. I lys av at Kommisjonen og EU-landa har starta ein ny diskusjon om energipolitikk, er det naturleg med auka fokus i dei nordiske landa på dei felles utfordringane dette inneber. Etter at EU-institusjonane (Kommisjonen, Rådet og Parlamentet) i 2007 har intensivert drøftingane om energispørsmål og nye initiativ i energipolitikken, er det naturleg med ei tett oppfølging innan det nordiske energisamarbeidet. Dette vart tydeleg markert under energiministermøtet i Helsingfors i september 2007 og har vore følgt opp i Nordisk Ministerråd i 2008.

Det er etablert eit velfungerande nordisk samarbeid om energiforsking. Nordisk Energiforsking (NEF) er ein institusjon under Nordisk Ministerråd med sete i Oslo. Institusjonen har til formål å vidareføre og fremje det nordiske samarbeidet på energiforskingsområdet ved å leggje til rette for auka kompetanse, konkurranseevne og verdiskaping i energisektoren i Norden. NEF skal utfylle og styrkje den fellesnordiske energiforskinga. Hovudoppgåver for NEF er å medverke til ein felles strategi for forsking og utvikling på dei delane av energiområdet som er av felles nordisk interesse, og å støtte og utvikle forsking og utvikling på sentrale energifaglege område. I strategien for 2007–2010 er det valt ut fem tematiske område:

  • integrasjon av energimarknaden

  • fornybare energikjelder

  • energieffektivitet

  • hydrogensamfunnet

  • konsekvensar av klimaendringar på energiområdet.

NEF bruker ulike verkemiddel for å nå desse måla:

  • økonomisk støtte til FoU og utvikling av kompetanse

  • arenaer for etablering av forskarnettverk og informasjonsutveksling mellom forskarar, industri og styresmakter

  • konkret oppfølging av forskingsprosjekt og initiativ

  • kommunikasjon og spreiing av forskingsresultat.

Nordisk Energiforsking er samfinansiert av dei nordiske landa med ca. 29 millionar kroner årleg.

Næringspolitisk samarbeid

I det finske formannskapsåret 2007 har arbeidet med nedbygging av grensehinder for næringslivet, entreprenørskap og innovasjon og vidare arbeid med å utvikle Norden til ein grenselaus og konkurransekraftig region vore prioriterte saksområde, som det har vore tidlegare år. Det nordiske næringspolitiske samarbeidet vil i tida framover også vere sentrert om utfordringane og potensialet for næringslivet i Norden som er reflekterte i globaliseringsinitiativa frå dei nordiske statsministrane.

Målsetjinga er at Norden skal vere blant dei leiande regionane i verda når det gjeld konkurranseevne og økonomisk vekst. Satsinga på eit nordisk kunnskaps- og innovasjonsområde skal intensiverast ved mellom anna å koordinere nasjonale forskings- og utviklingsprogram saman med nasjonale innovasjonsprogram.

Ein framtidsretta næringspolitikk føreset auka fokus på entreprenørskap og innovasjon som avgjerande bidrag til auka verdiskaping for å sikre dei nordiske velferdssamfunna. Ikkje minst vart det i 2006 fokusert endå sterkare på betydninga av brukarstyrt innovasjon og på den innverknaden marknaden og forbrukarane har på utforminga av innovasjonspolitikken.

Eit fleirtal av prosjekta vert gjennomførte i regi av Nordisk InnovasjonsCenter (NICe), som er den sentrale og implementerande institusjonen for det nordiske næringspolitiske samarbeidet, og den sitjande formannskapen har til kvar tid eit tett samarbeid med NICe.

Regionalpolitikk

Kjernen i det framtidige nordiske regionalpolitiske samarbeidet er å gå aktivt inn for å møte utfordringane i samband med globaliseringa gjennom nært samvirke mellom ulike vedtaksnivå og sektorar. Slik kan utviklingsgrunnlaget på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå i Norden styrkjast på ein berekraftig måte.

Regionalpolitikken har til formål å utvikle den innovative krafta og det økonomiske vekstpotensialet i heile det nordiske territoriet. Tre innsatsområde er sentrale: i) erfaringsutveksling og oppbygging av ny kunnskap, ii) globalisering og det grenseoverskridande samarbeidet, iii) ein tredjegenerasjons regionalpolitikk. Det er utarbeidd utkast til eit nytt regionalpolitisk samarbeidsprogram for perioden 2009–2012. Utkastet skal behandlast på ministermøtet i september. Hovudbodskapen i programmet er at det framleis vil verte lagt stor vekt på å sjå det nordiske samarbeidet i samanheng med det omfattande europeiske samarbeidet i regionalsektoren. Med dei utfordringane som ligg i globalisering, konkurranseevne og klimaspørsmål, vert behovet for samvirke og samordning mellom periferi og sentrum av ulik storleik stadig tydelegare. Det same gjeld behovet for å byggje ned grensehinder.

4.5 Fiskeri og fangst

På det nordiske ministermøtet i Pori i juni 2007 drøfta ein ei rekkje problemstillingar rundt forvaltninga av torsk i Austersjøen. Fiskeriforvaltninga i dei nordiske landa er svært ueinsarta og inneheld veldokumenterte erfaringar med ulike reguleringstypar over lang tid. Ministrane drøfta erfaringane med ulike tekniske reguleringar som bruk av lukka område, utkast og forbod mot utkast, regulering av fiskeinnsatsen med tillatne fiskedagar på havet og mange andre tiltak. Reguleringane er viktige komponentar i forvaltninga av torsk i Austersjøen og i fiskeriforvaltninga generelt. Det nordiske fiskerisamarbeidet skal arbeide aktivt for å styrkje dialogen mellom fiskarar, forskarar og forvaltarar i Norden og i EU.

Arbeidet med oppfølging av Svolvær-erklæringa frå 2006 om kamp mot UUU-fiske (ulovleg, urapportert og uregulert fiske) vert følgt med stor interesse. I FNs fiskeriresolusjon for 2007 vart FAO oppfordra til å setje i gang eit arbeid med ein bindande, global avtale om hamnestatskontroll for landing av fisk. I oppfølginga av dette har Noreg med støtte frå Nordisk Ministerråd finansiert ei uavhengig fagleg utgreiing som grunnlag for FAO-forhandlingane. I tillegg har Noreg og Nordisk Ministerråd i fellesskap finansiert tekniske konsultasjonar for utarbeiding av ein avtale om hamnestatskontroll i FAO-regi. Konsultasjonane vart haldne i Washington i september 2007. Det er teke sikte på at arbeidet skal føre fram til ein avtale som kan vedtakast av FAO-komiteen for fiskeri (COFI) i 2009. Fiskerisamarbeidet har òg engasjert seg i sporing og miljømerking som verkemiddel mot UUU-fiske. Gode og praktiske ordningar på dette området kan skape meir opne forhold rundt fangst og omsetning av fisk og såleis redusere omfanget av UUU-fiske. Nordisk samarbeid har medverka til at det er utvikla eit fagmiljø og ein fagleg debatt som på sikt kan gi nordisk fiskerinæring ein konkurransefordel.

Klimaspørsmål er no ei viktig sak i fiskerisamanheng, og den påtroppande svenske formannskapen førebudde ein konferanse om klima og hav i april 2008. Arrangementet vart gjennomført i samarbeid med EU og FAO. Føredraga fokuserte på korleis dei klimatiske endringane påverkar havmiljøet i Nord-Atlanteren, Nordsjøen, Barentshavet og Austersjøen, korleis dette kan påverke produksjonsgrunnlaget, utbreiinga og vandringa til dei store fiskebestandane, og kva samfunnsmessige og politiske konsekvensar endringane i fiskebestandane kan få for dei nordiske landa og EU-landa. Resultata frå konferansen vart rapporterte til ministerrådet for fiskeri, havbruk, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) i Växjö juni 2008, og vert ein del av grunnlaget for forslaget til eit felles nordisk forskingsprogram om klimaendringane og følgjene dei får for primærnæringane (sjå nedanfor). I tillegg er det etablert nordiske forskingsprosjekt på området som kan føre til at marine problemstillingar kjem på dagsordenen under klimatoppmøtet i København i 2009.

Ny teknologi og auka offentleg interesse for marin biodiversitet har ført til ein debatt om korleis livet på havbotnen vert påverka av fiske og annan næringsaktivitet. Fiskerisamarbeidet har gjennom ei rekkje konferansar og prosjekt vore med og kasta lys over denne problemstillinga og kva verkemiddel av teknisk og legal art som kan vere tenlege for å forvalte verdifulle areal på havbotnen i ein nordisk og europeisk (EU-) samanheng. Kameraovervaking, bruk av geografiske informasjonssystem (GIS), innføring og bruk av marine verneområde (MPA) og gjennomføring av marindirektivet frå EU er eksempel på prosjekt innanfor dette temaområdet.

Som oppfølging av erklæringa om sel i Austersjøen som dei nordiske og baltiske ministrane vedtok i november 2006, inviterte Finland til ein konferanse om forvaltning av sel i Austersjøen og Nord-Atlanteren i Vasa i oktober 2007, «Selar og samfunn – forvaltning av ressursar og gjensidig påverknad i Austersjøen og Nord-Atlanteren». Formålet med konferansen var å fremje ein dialog om forvaltning av sel og utvikling av ein marknad for selprodukt samtidig som ein tek høgd for regionale forskjellar og ulike haldningar til selfangst. Den tverrfaglege konferansen vart arrangert i samarbeid med NAMMCO (North Atlantic Marine Mammal Commission) og vart ei internasjonal storhending. Deltakarar var forskarar og forvaltarar frå landa rundt Nord-Atlanteren og Europakommisjonen, representantar for fiskarar og frivillige organisasjonar og andre interesserte. Dei utveksla erfaringar og diskuterte strategiar for berekraftig forvaltning av selbestandar og samhandling mellom selar og samfunn innanfor ei økosystembasert tilnærming.

Konferansen vart halden mens Europakommisjonen vurderte eit forslag frå Europaparlamentet om å innføre forbod mot handel med selprodukt. For norsk selfangst er det nyttig at fleire land engasjerer seg aktivt i arbeidet med å forsvare berekraftig bruk av tilgjengelege marine ressursar. I ei erklæring om «Selen og samfunnet» oppmoda MR-FJLS i Växjö Europakommisjonen og andre til å arbeide for ein balanse mellom vern og utnytting av selstammane i Austersjøen og Nord-Atlanteren som tek omsyn til ulike interesser.

4.6 Jord- og skogbruk

Globaliseringsinitiativet vil i hovudsak verte følgt opp på to måtar i ministerrådet for fiskeri, havbruk, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS).

  • Saman med den nye NMR-strategien for berekraft ligg globaliseringsinitiativet til grunn for det nye handlingsprogrammet for perioden 2009–2012. Slik skal aktuelle oppgåver og utfordringar i samband med globaliseringsinitiativet kunne prioriterast generelt og i dei årlege formannskapsprogramma.

  • Eit prosjekt om korleis primærnæringane kan verte påverka av klimaendringane, skal ta utgangspunkt i nasjonale prioriteringar og nasjonale styrkeposisjonar og skal medverke til å styrkje og effektivisere den samla nordiske forskinga på området i tråd med føringar frå statsministrane. Programplanen skal vere ferdig utarbeidd i 2008, og prosjektet skal strekkje seg til 2012 med sikte på vidare drøfting og nordisk anbefaling det året.

Det er utarbeidd eit rammeprogram for perioden 2009–2013. Det skal supplerast av formannskapsprogrammet for kvart år slik at dei til saman dannar handlingsprogram for 2009–2013. Dei årlege formannskapsprogramma skal vere med på å oppdatere handlingsplanen. Rammeprogrammet vart vedteke på ministermøtet i Växjö juni 2006. Dei seks satsingsområda i rammeplanen er å

  • bidra til utviklinga av konkurransekraftig produksjon

  • bidra til å forbetre føresetnadene for dei nordiske landa i møte med klimaforandringa og utfordringane med denne

  • sikre kommande generasjonar genetisk mangfald

  • støtte ei berekraftig utvikling av kyst- og innlandsbygdene i Norden og kulturen deira

  • vidareutvikle den nordiske velferdsmodellen med vekt på god folke- og dyrehelse og høg dyrevelferd

  • bidra til at felles nordiske vurderingar får gjennomslag i internasjonale prosessar og forum.

Klimaendringane og konsekvensane for primærnæringane i Norden var eit gjennomgangstema på sommarmøtet til ministrane i Växjö i juni 2008. Ministerrådet sette søkjelyset på biologiske og næringsmessige sider ved klimaendringane, mellom anna følgjene for primærnæringane og matproduksjonen, og på korleis klimagassutsleppa kan avgrensast. Dette vil medføre auka nordisk innsats i forskings- og innovasjonsarbeidet om klima, energi og miljø.

Ministrane la vekt på å styrkje grunnlaget for framtidige politiske avgjerder i samband med aktuelle regulerings- og forvaltningstiltak.

Nordisk genressurssenter (NordGen) vart etablert 1. januar 2008. Det nordiske genressurssamarbeidet, som tidlegare omfatta Nordisk genbank for planter, Nordisk genbank for husdyr og Nordisk skogbruks frø- og planteråd, vart frå denne datoen samordna i Nordisk genressurssenter. Organisasjonen arbeider for å sikre og utnytte det genetiske mangfaldet hos husdyr, vekstar og tre i dei nordiske landa. God tilgang til genetiske ressursar er ein føresetnad for berekraftig produksjon i landbruket og for å kunne tilpasse produksjonen til eksisterande og endra klimaforhold og andre behov. Bevaring av variasjon innan genetiske ressursar er ein føresetnad for at kommande generasjonar skal kunne utnytte plante- og dyremangfaldet i pakt med nye og endra behov, og for utvikling av meir miljøvennlege produksjonsmåtar. NordGen skal arbeide for berekraftig bruk og bevaring av genetiske ressursar hos husdyr og i skog- og plantemateriale, i nært samarbeid med dei nasjonale programma i Norden og med vekt på informasjon og kunnskapsbygging.

Det nye frølageret på Svalbard (Svalbard Global Seed Vault) vart opna av statsminister Jens Stoltenberg 28. februar 2008, og både verdspresse og faginstitusjonar var godt representerte. Frøkvelvet har alt vist seg som ein stor suksess. Ved opninga hadde det fått inn om lag 268 000 frøaksesjonar frå 20 forskingsinstitusjonar, og det er bestilt innskot for fire-fem år framover. I frøkvelvet kan det oppbevarast duplikatorar av frøsamlingar i genbankar slik at tilsvarande frø kan hentast ut dersom katastrofar, ulykker eller anna fører til at ordinære samlingar går tapt. Frølageret på Svalbard er eit sentralt og viktig bidrag til å sikre det biologiske mangfaldet i landbruket. Spesielt viktig vert det for utviklingslanda, og FAO og den internasjonale traktaten for plantegenetiske ressursar ser med stor interesse på tiltaket.

Det er oppretta eit internasjonalt råd for frøkvelvet. NordGen har ansvaret for drifta gjennom ein eigen avtale mellom Landbruks- og matdepartementet, Global Crop Diversity Trust og NordGen.

Det treårige programmet «Ny nordisk mat 2007–2009» er vorte svært populært i dei nordiske landa. Det skaper rom for utvikling av lokal og regional mat og matkultur, for regional utvikling og verdiskaping og for profilering av nordisk mat og matkultur både nasjonalt og internasjonalt. Det er etablert ei eiga nordisk styringsgruppe med norsk leiing.

Den fellesnordiske satsinga på programmet er på 22,6 millionar kroner over ein treårsperiode. Nordisk Innovasjonssenter yter rundt 10 millionar kroner retta mot innovasjonsaktivitetar. Som følgje av den tverrfaglege strukturen har programmet deltaking frå fleire sektorar i NMR.

Bioenergi har fått stor merksemd i nordisk samanheng dei siste åra. Det har resultert i to ministererklæringar der det var semje om ei felles satsing for å auke kunnskapen om bruk av biologisk materiale til energiformål. Det vert arbeidd med eit oppfølgingsprosjekt i samarbeid med energisektoren.

Bioenergi vart drøfta på ministermøtet i Bjørneborg. Det var semje om at Norden har svært stort potensial for auka bruk av bioenergi, og at det er rasjonelt med eit nordisk samarbeid om kunnskapsutvikling, mellom anna om betre rammevilkår. Auka bruk av bioenergi må sjåast i nær samanheng med klimaproblematikken og behovet for å redusere utsleppa av CO2, som er ei av vår tids største utfordringar. Ministrane understreka at det er viktig at MR-FJLS vert involvert i globaliseringsarbeidet om klima og energi som NMR driv.

4.7 Økonomi- og finanspolitikk

Hovudmåla med nordisk samarbeid på det økonomiske og finansielle området er høg og berekraftig vekst i produksjon og sysselsetjing, låg arbeidsløyse og låg og stabil prisstiging. Vidare skal samarbeidet fremje nordiske interesser internasjonalt. EU-saker har høg prioritet. Samarbeid og informasjonsutveksling om skattespørsmål er òg eit fast innslag på finansministermøta.

I åra framover kjem ei aldrande befolkning til å leggje auka press på dei offentlege finansane. For å møte denne demografiske utfordringa legg alle dei nordiske landa stor vekt på høg yrkesdeltaking og ei styrking av statens formuesposisjon. Dette speglar seg att i ein aktiv arbeidsmarknads- og sysselsetjingspolitikk, pensjonsreformer og målsetjingar om løpande budsjettoverskot i offentleg sektor.

Dei nordiske finansministrane har vedteke å starte eit nytt nordisk økonomisk tidsskrift. «Nordic Policy Review» skal ta opp økonomisk-politiske spørsmål i eit nordisk perspektiv og fremje diskusjonen om slike spørsmål i dei nordiske landa.

For å motverke skatteflukt vedtok dei nordiske finansministrane i 2006 å samarbeide om å inngå avtalar med skatteparadis om informasjonsutveksling. I oktober 2007 vart den første avtalen underteikna med Isle of Man. Avtalen vart godkjend av Stortinget 29. april og trer i kraft med det første. Avtalar med Jersey og Guernsey skal etter planen underteiknast i samband med det nordiske finansministermøtet i oktober i 2008.

Hausten 2007 førte dei nordiske finansministrane ein diskusjon om klimaspørsmål, mellom anna på bakgrunn av FNs klimakonferanse på Bali i desember same året. Det er semje om at dei nordiske finansministrane har ei viktig oppgåve på dette området og skal samarbeide nærmare, mellom anna om førebuingane til klimakonferansen i København i 2009.

Det nordiske samarbeidet på miljøøkonomiområdet går føre seg i ei nordisk kontaktgruppe. Dette er ei felles arbeidsgruppe under EK-Miljø og EK-Finans. Gruppa er eit forum for faglege diskusjonar og gir dei nordiske landa høve til å samordne førebuingar til internasjonale møte, spesielt møte i EU-gruppa for miljøøkonomi (ENVECO). Gruppa har avslutta fleire prosjekt i 2007 og har andre under planlegging og oppstart.

På møtet hausten 2007 diskuterte dei nordiske finansministrane spørsmål i tilknyting til energiforbruk og energiprisar. Det vart utarbeidd ein rapport til møtet som landa skal ta omsyn til i drøftingane om bruk av økonomiske instrument i energipolitikken.

Hausten 2007 vart det arrangert eit seminar i Oslo om effektivisering av offentleg verksemd. Under seminaret utveksla tenestemenn frå dei nordiske landa erfaringar på området. Tilsvarande seminar skal haldast seinare. Sluttrapporten frå prosjektet «Gender budgeting» vart lagd fram i 2007. Dette er eit treårig nordisk samarbeidsprosjekt der representantar for likestillingsstyresmaktene og finansdepartementa har delteke. Prosjektet har medverka til at kjønns- og likestillingsperspektivet er vorte integrert i dei statlege budsjettprosessane i heile Norden, og det er lagt til rette for utveksling av erfaringar om utviklings- og metodearbeid på området.

Den nordiske investeringsbanken (NiB) har til oppgåve å yte investeringslån og stille garantiar på bankmessige vilkår i samsvar med samfunnsøkonomiske omsyn til prosjekt som er av interesse for medlemslanda og andre land som får slike lån. Låneaktivitetane omfattar mellom anna investeringslån til verksemder i to eller fleire medlemsland, finansiering av miljø- og infrastrukturinvesteringar, lån til regionalpolitiske kredittinstitusjonar, ordinære investeringslån utanfor Norden, prosjektinvesteringslån til kredittverdige utviklingsland og land i Sentral- og Aust-Europa. Banken er eigd av dei baltiske landa.

Banken hadde eit overskot på 69 millionar euro, eller 552 millionar kroner, i rekneskapsåret 2007, mot 137 millionar euro i 2006. Reduksjonen har samanheng med auka internasjonale renter og fall i marknadsverdien på handelsporteføljen i banken. I 2008 er motverdien av 25 millionar euro utbetalt til eigarane av overskotet for rekneskapsåret 2007. Dette er ei halvering frå året før. Den norske delen av overskotet er på 4,6 millionar euro, eller om lag 37 millionar kroner.

Samla utlån og garantiar frå NIB ved utgangen av 2006 var på 12,3 milliardar euro, eller om lag 98 milliardar kroner. Uteståande lån og garantiar til medlemslanda var på knapt 10 milliardar euro, eller om lag 80 milliardar kroner. I Noreg vart det inngått låneavtalar på til saman 294 millionar euro i 2007. Ved utgangen av året var samla utlån frå NIB i Noreg på 1,6 milliardar euro, eller 13 % av samla utlån i banken.

Banken har formelt samarbeid med 38 land utanfor Norden og i Baltikum. Lån til desse landa utgjer ein aukande del av verksemda i NIB og utgjorde 17 % av samla utlån og garantiar ved utgangen av 2007. NIB deltek òg i miljøfinansiering. NIB har rekna ut at 39 % av alle prosjekt som NIB har finansiert, har positiv miljøeffekt.

4.8 Sosial- og helsepolitikk

Det er store utfordringar knytte til den nordiske velferdsmodellen. Ikkje minst vil den demografiske utviklinga med ei aldrande befolkning få stor innverknad på behovet for spesialisthelsetenester og kommunale helse- og omsorgstenester. Den yrkesaktive delen av befolkninga går ned etter kvart som det vert fleire eldre. Dei nordiske landa står òg overfor felles utfordringar når det gjeld å hindre utstøyting frå arbeidslivet. Omsorgsoppgåvene aukar samtidig som det er underkapasitet på kvalifisert personell. Globaliseringa har ført til meir mobil arbeidskraft. Mange utviklingsland opplever ein kritisk mangel på helsepersonell. Dette er utfordringar som også dei nordiske landa må vere klar over. Det går fram av st.prp. nr. 1 (2006–2007) at det er ei klar målsetjing for denne regjeringa at Noreg skal avstå frå aktiv og systematisk rekruttering av helsepersonell frå utviklingsland.

Klimaendringar er eit aspekt ved globaliseringa som stiller helsesektoren i heile Norden overfor store utfordringar. Desse omfattar sjølvsagt nye truslar mot folkehelsa, til dømes faren for større utbreiing av smittsame sjukdommar, samtidig som det må etablerast ein best mogeleg helseberedskap for handtering av skred, flaumar og andre naturkatastrofar. Ei anna viktig utfordring er korleis vi kan tilpasse helsesektoren til ein meir klimavennleg produksjon, mellom anna gjennom redusert energiforbruk. Dei politiske satsingane i det nordiske samarbeidet fremjar forsking, innovasjon, klima, energi og miljø. Det er mellom anna foreslått eit nordisk toppforskingsprogram som skal ha fokus på klima, energi og miljø, med helse og velferd som neste steg. Ministerrådet for sosial- og helsepolitikk vil ha eit sterkt fokus på desse satsingane. På norsk side er vi opptekne av å setje søkjelys på både fordelar og utfordringar ved den nordiske velferdsmodellen, mellom anna korleis vi kan sikre at menneske i utkanten av arbeidsmarknaden kan inkluderast.

Som eit ledd i moderniseringa av Nordisk Ministerråd vedtok dei nordiske sosial- og helseministrane i juni 2008 den framtidige institusjonsstrukturen. Endeleg vedtak vert gjort av samarbeidsministrane hausten 2008, og ny institusjonsstruktur skal tre i kraft 1. januar 2009. Vedtaket inneber at det vert etablert ein ny institusjon på det sosiale området med styre i Stockholm, der Nordisk samarbeidsorgan for handikapspørsmål, Nordisk utviklingssenter for hjelpemiddel og Nordisk utdanningssenter for utvikling av sosial service inngår. Nordisk senter for alkohol- og narkotikaforsking og Nordisk utdanningssenter for døvblinde vert omdanna til dotterinstitusjonar under den nye institusjonen. Den nordisk høgskulen for folkehelsevitskap i Göteborg består som institusjon på helseområdet. Helse- og omsorgsdepartementet har i samarbeid med sekretariatet i Nordisk Ministerråd til vurdering ei organisatorisk tilknyting av Nordisk institutt for odontologiske materialer (NIOM) som samarbeidsorgan med vertsinstitusjon i Noreg. Dette vil verte avklart ut på seinsommaren.

Det er viktig å sikre at reguleringa av internordiske trygdespørsmål ikkje kjem i konflikt med EU/EØS-reglane om koordinering av trygderettar. Ei arbeidsgruppe oppretta i april 2008 ser på nødvendige endringar i samband med ei ny EF-forordning som etter planen kjem i 2010.

Europarådet og Nordisk Ministerråd har starta eit samarbeid der målet er å betre situasjonen for personar med nedsett funksjonsevne i nordområda. Det vert arbeidd med oppfølging av ein handlingsplan. Våren 2008 vart det sett i gang ei kartlegging i dei nordiske landa av arbeidet med innovasjon og teknologisk utvikling på hjelpemiddelområdet. Resultata frå kartlegginga skal oppsummerast i ein rapport med konkrete tilrådingar innan utgangen av 2008.

Dei nye alkoholpolitiske utviklingstrekka i EU- og WHO-samarbeidet aktualiserer eit vidare nordisk samarbeid på alkoholområdet. Det er òg utvikla eit samarbeid mellom dei nordiske landa og NMR/NAD om alkoholrelaterte problem overfor partnarskapet for helse og livskvalitet under Den nordlege dimensjon. Dette gir god anledning til fagleg kontakt og samarbeid med dei nye EU-medlemslanda i Austersjøområdet, i tillegg til samarbeidet med Russland. Nordisk senter for alkohol- og narkotikaforsking (NAD) utarbeider den årlege statusrapporten om alkohol som vert lagd fram for sosial- og helseministrane.

Noreg deltek i ekspertgruppa om alkohol under partnarskapet for helse og livskvalitet under Den nordlege dimensjon.

Det uformelle nordiske samarbeidet om narkotikasapørsmål på embetsnivå vert vidareført i 2008 av den svenske formannskapen, som har invitert til eit møte i september. Nordiske førebuingar til FNs høgnivåmøte om narkotika i Wien i mars 2009 vil stå sentralt.

Dei nordiske styresmaktene har dei seinare åra halde møte der ein har diskutert og utveksla erfaringar på området legemiddel. På møtet i mai 2008 vart det vedteke å lage ei prøveordning med felles kunnskapsoppsummeringar. Det neste styresmaktmøtet skal haldast i Noreg hausten 2009.

Dei nordiske landa har lang tradisjon for samarbeid om helseberedskap. Nordisk helseberedskapsavtale (2003) dannar den formelle ramma.

Som ledd i oppfølginga av st.meld. nr. 37 (2004–2005) om flodbølgjekatastrofen i Sør-Asia og avgjerda til utanriksministrane i 2005 om å styrkje samarbeidet mellom dei nordiske landa ved kriser og katastrofar i utlandet, har ei arbeidsgruppe tilrådd eit formalisert samarbeid på områda koordinering av førebyggjande tiltak, varslingsrutinar, gjennomføring av redningsarbeid, etikk, rapportering, evaluering, kommunikasjon, informasjonsutveksling og internasjonalt samarbeid.

Det vert difor arbeidd vidare med ei handbok for styrking av rutinar og prosedyrar for nordisk samarbeid ved kriser og katastrofar i utlandet. Frå norsk side ser vi på dette som eit svært viktig samarbeidsområde.

Dei nordiske sosial- og helseministrane vart i januar 2008 samde om eit tettare samarbeid om spørsmål som gjeld den nasjonale beredskapen mot spreiing av pandemisk influensa.

Felles nordisk produksjon av influensavaksine er i dag ikkje aktuelt, då det i dag knyter seg for stor uvisse til dei teknologiske føresetnadene for eigen vaksineproduksjon. Spørsmålet om ein felles nordisk vaksineproduksjon vil eventuelt verte teke opp til ny vurdering når den teknologiske utviklinga på feltet har komme lenger.

Gjennom deltaking i den nordiske embetsmannskomiteen for helse- og sosialsaker og ministerrådet for sosial og helsepolitikk vil Barne- og likestillingsdepartementet bidra til at barneperspektivet vert vareteke i det nordiske samarbeidsprogrammet på dette området.

4.9 Arbeidsmarknad og arbeidsmiljø

Globaliseringa fører til endringar på godt og vondt også i arbeidslivet. Den nasjonale, nordiske og europeiske arbeidsmarknaden er prega av auka migrasjon av arbeidstakarar og tenester, også frå tredjeland. Det skaper meir effektive, men òg meir konkurranseutsette arbeidsmarknader. Med ein meir internasjonal arbeidsmarknad må dei nordiske landa søkje å sikre tilgangen på kompetent og tilstrekkeleg arbeidskraft. Det skjer i første rekkje gjennom å utnytte innanlandsk arbeidskraft betre, men òg gjennom rekruttering av arbeidskraft frå utlandet.

Innanfor ramma av ministerrådet for arbeidsliv har dei nordiske landa i mange år samarbeidd aktivt om korleis arbeidsmarknads- og arbeidsmiljøpolitikken kan innrettast for å møte dei strukturelle endringane i arbeidslivet. Dermed er kjernen i arbeidsmarknadspolitikken og i arbeidsmiljøpolitikken, og samarbeidet rundt det, høgst relevant for globaliseringsinitiativet.

Ei rekkje prosjekt er gjennomførte på området. Ei større utgreiing om EU-utvidinga og den påfølgjande arbeidsinnvandringa har kasta lys over verknadene på arbeidslivet i dei nordiske landa og dei store avsendarlanda i Baltikum og Polen. Det har vore fokusert på konsekvensane for arbeidsmiljøet, arbeidsvilkåra og lønnsdanninga. Arbeidsministrane har fleire gonger drøfta felles utfordringar med utgangspunkt i problemstillingar som prosjektet har teke opp. Ei anna utgreiing har sett på internasjonaliseringa av dei nordiske arbeidsmarknadene og kva konsekvensar ho kan få for arbeidskraftetterspørselen.

Utfordringane ved globaliseringa kjem til å stå sentralt også i det kommande samarbeidsprogrammet på arbeidslivsområdet. Det kan vere spørsmål om samarbeid om rekruttering av utanlandsk arbeidskraft og migrasjon, eller det kan gjelde utfordringar for det nordiske arbeidslivet og avtalesystemet som følgje av fri flyt av arbeidskraft og tenester. Andre spørsmål kan vere kva globaliseringa får å seie for morgondagens arbeidskraft, for kvalifikasjonsbehova i Norden og for den sosiale dimensjonen i form av arbeidstakarrettar og arbeidsmiljø i ein global økonomi. Prosjektomfanget vert avhengig av dei årlege budsjetta i sektoren.

Ministerrådet for arbeidsliv har samanfatta kjerneoppgåvene for samarbeidet på arbeidslivsområdet slik:

  • Arbeid for å fremje ein velfungerande arbeidsmarknad i Norden, mellom anna ved å bidra til å sikre tilstrekkeleg tilgang på velkvalifisert arbeidskraft

  • Arbeid for å bryte ned og motverke grensehinder for arbeidskraft i Norden og møte utfordringane globaliseringa stiller den nordiske arbeidsmarknaden overfor

  • Arbeid for å fremje eit sikkert og sunt arbeidsmiljø, motverke diskriminering og sosial dumping på arbeidsmarknaden og styrkje velferd og produktivitet i arbeidsliv og samfunn i Norden

  • Arbeid for å sikre gjensidig informasjon og informasjonsspreiing om arbeidslivspolitikken i dei nordiske landa, mellom anna om konkrete tiltak og organiseringa av dei

  • Støtte til nordiske prosjekt som har sterk tilknyting til aktuelle utfordringar på den nordiske arbeidsmarknaden

  • Utveksling av nordiske haldningar og interesser i samband med internasjonalt retta aktivitetar på arbeidslivsområdet, mellom anna gjennom samarbeid for å koordinere nordiske synspunkt i internasjonale forum der det lèt seg gjere.

Eit nytt samarbeidsprogram skal utarbeidast for perioden 2009–2012. Det tek utgangspunkt i endringane dei nordiske landa står overfor som følgje av globalisering, demografisk utvikling og klimaendringar.

4.10 Ernæring og mattryggleik

Ministerrådet for fiskeri, havbruk, jordbruk, næringsmiddel og skogbruk (MR-FJLS) og ministerrådet for sosial- og helsepolitikk (MR-S) vedtok i juli 2006 ein nordisk handlingsplan for betre helse og livskvalitet gjennom mat og fysisk aktivitet. Med utgangspunkt i handlingsplanen er det mellom anna etablert eit nordisk nettverk for fysisk aktivitet, mat og helse i regi av Helsedirektoratet, Statens folkhälsoinstitut og Sundhedsstyrelsen.

Som ei oppfølging av handlingsplanen var eitt av temaa på sommarmøtet i MR-FJLS i 2007 ei erklæring om marknadsføring av mat for barn og ungdom. Formålet er å komme fram til felles, frivillige etiske reglar for å avgrense marknadsføringa av usunne næringsmiddel til barn og unge, noko som må sjåast i samanheng med arbeidet som går føre seg i WHO på området.

Noreg, Sverige og Danmark er samde om å bruke Nøkkelholet som felles, frivillig merkeordning. Det vert arbeidd med felles kriterium for bruk av ordninga, og det er planlagt ei felles høyring om dei sommaren 2008.

Det felles veterinære beredskapssamarbeidet i Norden har hatt høg prioritet sidan strategiplanen vart vedteken i 2006. Målsetjinga er å styrkje førebuingane i dei nordiske og baltiske landa på dyrehelseområdet, mellom anna i forma av felles strategiar mot sjukdommar, felles opplæring og felles bruk av ressursar og utstyr. Prinsippa for ein avtale som skal sikre felles rammevilkår ved rekvirering av personell frå dei andre nordiske og baltiske landa under kriser på dyrehelseområdet, er ut­vikla, og ei felles nordisk-baltisk beredskaps­øving på Bluetongue vart halden i mai 2008.

Eit nordisk pilotprosjekt om risikobasert kjøtkontroll basert på hygiene- og kontrollregelverket i EU er under utvikling. Dette er ei oppfølging av eit treårig prosjekt om risikobasert kjøtkontroll i ein nordisk kontekst som vart avslutta i 2006. Målet med pilotprosjektet er å skaffe dokumentasjon som på sikt kan medverke til ei omlegging av kjøtkontrollen i EU slik at han vert meir kostnadseffektiv.

På møtet i MR-FJLS sommaren 2008 vart det vedteke ein resolusjon om dyrevern og matvarekvalitet. Målet er å fremje dyrevelferd som eit viktig tema i det nordiske samarbeidet, og resolusjonen vert retningsgivande for prioriteringane i det vidare arbeidet.

I det nordiske klimasamarbeidet vert beredskap mot nye plante- og dyresjukdommar ei viktig utfordring dei neste åra.

4.11 Likestilling

Under den finske formannskapen i 2007 og den svenske formannskapen i 2008 er intensjonane i det femårige samarbeidsprogrammet for perioden 2006–2010, «Med fokus på kjønn er målet eit likestilt samfunn», følgde opp.

Ministerrådet for likestilling (MR-Jäm) vedtok i 2007 kjerneoppgåvene for ministerrådet. Vedtaket lettar prioriteringa av innhaldet i det nordiske likestillingspolitiske samarbeidet i framtida, mellom anna sett i lys av erklæringa frå dei nordiske statsministrane i Punkaharju i 2007 og riksgrensedeklarasjonen av 2008 om globalisering. Det opnar òg for eit vidare nordisk-baltisk samarbeid (NB8) og samarbeid på internasjonale arenaer i Europa og FN.

Ministerrådet for likestilling vedtok dessutan at Nordisk institutt for kvinne- og kjønnsforsking (NIKK) held fram som nordisk institusjon ut ein ny kontraktsperiode til 2010. Samtidig endra NIKK namn til Nordisk institutt for kunnskap om kjønn. Ei ny vurdering av statusen til NIKK skal ta til i 2008 og avsluttast i 2009. Grunnlaget for ei eventuell ny organisering vil dermed liggje føre i god tid før den inneverande kontraktsperioden går ut og vedtak om eit nytt samarbeidsprogram skal gjerast.

4.12 Justissektoren

Det nordiske lovsamarbeidet har på grunnlag av Helsingforsavtalen av 1962 til mål å skape mest mogeleg einsarta lovgiving i dei nordiske landa. Det nordiske samarbeidet vert drive fram gjennom kontinuerleg innsats for å utveksle informasjon og erfaringar om lovgivingsarbeid og å tilpasse og revidere lovgivinga med sikte på størst mogeleg samanfall.

Samarbeidet går føre seg i ulike forum: i formelle og uformelle møte på ministernivå (mellom anna inviterte den norske justisministeren dei nordiske kollegane sine til eit møte i Oslo i desember 2007 der dei diskuterte erfaringar frå arbeidet og tiltak mot internettrelaterte overgrep mot barn), i den nordiske embetsmannskomiteen for lovsamarbeid, i ekspertgrupper som møtest fast (til dømes på områda strafferett, familierett, sjørett og selskapsrett), i adhocgrupper med spesielle oppgåver (til dømes er det nyleg nedsett ei nordisk arbeidsgruppe som skal vurdere behovet og utsiktene for eit utvida politisamarbeid med samtenestegjering mellom dei nordiske landa) og direkte mellom saksbehandlarane hos styresmaktene i dei ulike nordiske landa. Samarbeidet er i stor grad uformelt og tilpassar seg behova som gjer seg gjeldande til kvar tid. Frå tid til anna vert det halde nordiske seminar som tek initiativ til eller evaluerer lovtiltak (mellom anna var det nordiske seminaret i 2006 om «grooming» eit godt bidrag til dei nasjonale lovgivingsprosessane). Elles vert det gjennomført etterkontroll og evaluering av lovgiving på område der rettsfellesskapet i Norden har vore stort, men der det med tida kan ha oppstått lovgivingsforskjellar mellom landa som ikkje er like nødvendige eller eigna i eit større nordisk perspektiv. Den omfattande studien av familie- og arvelovgivinga i Norden er eit eksempel på eit arbeid som kan komme til nytte både på nasjonalt og nordisk plan. Det nordiske arbeidet har i stor grad funne ei ny form som følgje av den tilknytinga landa har til EU og EØS. Eit eksempel på det er lovgivinga om aksjeselskap, som tidlegare er vorte til gjennom nordisk samarbeid, men som no i stor grad er regulert av EF-direktiv. Den nordiske arbeidsgruppa for selskapsrett møtest årleg eller oftare for å diskutere gjennomføringa av EU-rettsakter innanfor selskapsretten.

Det nordiske politisamarbeidet er eit velfungerande og ubyråkratisk samarbeid. Samarbeidet er forankra i avtalar og enkelte uniforme lover. Sentralt står politisamarbeidsavtalen frå 2002, som byggjer på avtalen frå 1972. Samarbeidet er karakterisert ved at ei lokal politimakt i stor grad kan samarbeide direkte med lokal politimakt i eit anna nordisk land, og det er regelmessig regional kontakt over grensene. Politiet deltek i ei rekkje ulike nordiske samarbeidsforum, mellom anna er det oppretta ei nordisk gruppe for vitnevern som samarbeider om felles retningslinjer og konkrete fellestiltak i saker som gjeld vern av vitne. Politi og toll i Norden (PTN) er eit samarbeid med utstasjonering av sambandsmenn ulike stader i verda. På oppmoding hjelper sambandsmennene styresmaktene både i vertslandet og dei nordiske landa med å førebyggje og slå ned på kriminalitet. Som eit viktig verkemiddel for å utvikle samarbeidet er det etablert faste årlege møte mellom rikspolitisjefane i dei nordiske landa.

Det er etablert eit nordisk samarbeid om forsking innan kriminalitetsførebygging. Nordisk samarbeidsråd for kriminologi har til formål å fremje kriminologisk forsking i medlemslanda. I tillegg fungerer rådet som eit kontaktorgan mellom kriminologisk forsking og den praktiske kriminalpolitikken i Norden. Oppgåvene til rådet er mellom anna å yte forskingsstøtte og støtte til utgiving av publikasjonen «Journal of Scandinavian Studies in Criminology and Crime Prevention». Oversikt over aktivitetane i rådet ligg på nettsida http://www.nsfk.org/.

Dei nordiske riksadvokatane har etablert eit tilsvarande nettverk for samarbeid og utvikling på påtaleområdet. Ei arbeidsgruppe med representantar for justisdepartementa og påtalemaktene i dei nordiske landa utarbeider no forslag til ytterlegare tiltak for å styrkje samarbeidet. Regionalisering av samarbeidet til òg å omfatte andre austersjøland har ført til at måtar å motarbeide kriminalitet på er sette inn i eit vidare perspektiv, og har såleis utvida samarbeidsarenaen på dette området. Dette er ein opplagd og viktig tilleggsverdi til det veletablerte nordiske samarbeidet. Samarbeidet har dessutan medverka til utviklinga av felles standardar og metodar i kriminalitetsarbeidet i regionen.

Det rettslege samarbeidet mellom dei nordiske landa er regulert i ein avtale mellom Noreg, Danmark, Finland, Island og Sverige frå 26. april 1974. Med avtalen er det gjennomført ein forenkla framgangsmåte for å sende rettsoppmodingar mellom dei nordiske landa. Derimot forpliktar ikkje avtalen i seg sjølv landa til å yte bistand. Slik plikt er mellom anna heimla i den europeiske konvensjonen om gjensidig hjelp i straffesaker av 20. april 1959, som alle dei nordiske landa er tilslutta. Generelt fungerer det nordiske samarbeidet på området godt, med ei enklare og meir uformell samarbeidsform enn den vi har med andre land.

Også når det gjeld utlevering av lovbrytarar er det eit tett samarbeid mellom dei nordiske landa. Utlevering av lovbrytarar mellom dei nordiske landa er i dag regulert av felles nordisk lovgiving. Dei nordiske statane underteikna 15. desember 2005 ein konvensjon om nordisk arrestordre, som inneber at gjeldande fellesnordisk utleveringsordning vert avløyst av eit nytt og meir effektivt system for overlevering av personar som er sikta eller domfelte i eit nordisk land. Ved ot.prp. nr. 39 (2007–2008) fremja Justisdepartementet forslag til ny lov om overlevering som gjennomfører konvensjonen. Lovforslaget vart vedteke i juni 2008, men lova har ikkje tredd i kraft enno.

Samarbeidet mellom dei nordiske landa på beredskapssida er gjennomgåande svært godt. Det er etablert samarbeid på departements- og direktoratnivå mellom dei nordiske landa.

Det nordiske redningstenestesamarbeidet ­NORDRED byggjer på ein rammeavtale mellom Danmark, Finland, Sverige, Island og Noreg om samarbeid over territorialgrensene for å hindre eller avgrense skader på menneske, eigedom eller miljø ved ulykker. Avtalen skal komplettere andre nordiske multilaterale eller bilaterale avtalar på området. Overordna mål er å utveksle informasjon, føre menneske saman og bryte faggrenser. ­NORDRED-kontaktgruppa møtest to til fire gonger i året, og konferansar vert haldne tredjekvart år. Noreg overtek formannskapen i 2009.

Det er utarbeidd ei nordisk tenestehandbok, alarmøvingar er haldne og det er oppmuntra til grensekommunalt og lokalt samarbeid. Ettersom dei norske samarbeidspartnarane i NORDRED er EU-medlemmer, kan EU-direktiv på fagområdet få betydning også for Noreg og samarbeidet mellom NORDRED-landa.

Justisdepartementet deltek i Noregs forskingsråds forskingsprogram «Samfunnstryggleik og risiko (SAMRISK)» saman med mellom andre Samferdselsdepartementet og Utanriksdepartementet. Programmet skal gi auka kunnskap om sårbarheit og risikohandtering på tvers av sektorar og aktivitetsområde. Programstyret for SAMRISK arrangerer konferansen «Is there a Nordic model for social security and safety?» i Oslo i september 2008. Konferansen rettar seg mot forskarar, politikarar, offentleg tilsette, bedrifter og organisasjonar i alle nordiske land. Konferansen er støtta av Nordisk Ministerråd.

Øvinga SweNorEx går av stabelen i første halvår 2009. Øvinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Sverige og Noreg, og 75 % av finansieringa kjem frå EU- mekanismen for samordning av sivil krisehandtering. Scenariet er ein større naturkatastrofe, og samhandling mellom EU og FN er eitt av punkta det er ønske om å øve på.

I juni 2008 vart det halde ein konferanse i regi av Vestnordisk Råd om redningssamarbeid i Nord-Atlanteren. Vestnordisk Råd ønskjer å analysere situasjonen og skape dialog og forsterka samarbeid mellom relevante partar. Noreg er såleis ein viktig aktør og vil delta på konferansen.

I MOU av 26. april 2007 om tryggings-, forsvars- og beredskapssamarbeid mellom Noreg og Island er anskaffing av nye redningshelikopter nemnt som eit potensielt samarbeidsområde. Det er viktig at havområda mellom Noreg og Island er dekte av tilstrekkeleg kapasitet som tryggjer aktivitetane i dette ressursrike området, og at dei norske interessene i nordområda er sikra. Kjøp av same helikoptermateriell kan gi auka høve til samtrening og erfaringsutveksling og opnar for felles ressursutnytting. Noreg har difor inngått ein samarbeidsavtale med Island for å finne ut om eit fellesinnkjøp ville vere tenleg.

Regjeringa støttar opp om det nordiske samarbeidet som skal sikre at marknaden berre tilbyr trygge produkt og forbrukartenester. Eit felles regelverk for ulike typar produkt krev einsarta reglar, og styresmaktene må drive marknadskontroll og tilsyn etter einsarta prinsipp. Særleg i dei nordiske landa, der kultur og klimatiske bruksforhold er tilnærma like, er det fornuftig at felles utfordringar når det gjeld tryggleiken ved produkt og forbrukartenester, kan drøftast i eit breiare forum.

Nordisk-baltisk kontaktgruppe (Nordic-Baltic Contact Group – NBCG) er ei kontaktgruppe på embetsmannsnivå som vart oppretta i 1999. Gruppa har som mandat å bestemme dei nærmare rammene for samarbeidet mellom dei nordiske og baltiske landa i justissektoren og følgje opp prioriteringar som vert fastsette på dei nordisk-baltiske justisministermøta. Gruppa har ein medlem frå kvart av dei nordiske og baltiske landa og ein representant for Nordisk Ministerråd, og møtest ved behov. Estland har formannskapen i NBCG i 2007–2008.

NBCG arrangerer konferansar/seminar og har ansvaret for å førebu dei nordisk-baltiske justisministermøta. Gruppa møttest sist i Levi i Finland i september 2007. Neste justisministermøte skal haldast i Latvia i september 2009.

4.13 Flyktningar og migrasjon

Nordisk samrådsgruppe på høgt nivå for flyktningspørsmål (NSHF) er eit uformelt diskusjonsforum for flyktning-, innvandrings- og integrasjonsspørsmål.

Utlendingsforvaltninga står for førebuing, deltaking og oppfølging av NSHF, med Arbeids- og inkluderingsdepartementet som hovudansvarleg.

Det nordiske samarbeidet er viktig for norske innvandringsstyresmakter. Det er ikkje berre ein arena for å diskutere problemstillingar som er av felles interesse for dei nordiske landa, men opnar ei dør inn til uformell informasjon om møte og prosessar i EU som Noreg ikkje har tilgang til. Møta i NSHF er av uformell karakter, og det vert difor gitt informasjon som er av meir fortruleg art enn den ein får tilgang til gjennom media.

Formannskapen i NSHF går på omgang mellom dei nordiske landa, og det vert utarbeidd eit formannskapsprogram av kvar formannskap over tema som det er ønske om å diskutere på ministermøtet og embetsmannsmøta. Noreg har formannskapen frå juli 2008 til juni 2009, og vi skal vere vertskap for eit embetsmannsmøte i november 2008 og eit kombinert embetsmanns- og ministermøte i juni 2009.

Nordisk utlendingsutval er eit uformelt diskusjonsforum for flyktning-, innvandrings- og integrasjonsspørsmål. Utvalet diskuterer problemstillingar i samband med den praktiske gjennomføringa av flyktning-, innvandrings- og integrasjonspolitikken. Difor står utlendingsforvaltninga for førebuingane, deltakinga og oppfølginga i Nordisk utlendingsutval, mens det er Utlendingsdirektoratet (UDI) som har hovudansvaret.

Nordisk Ministerråd hadde tidlegare eit eige migrasjonsutval under arbeidsmarknadsutvalet. Migrasjonsutvalet vart nedlagt frå og med 2007, og migrasjons- og integreringsfeltet skulle frå same tid vere inkludert i alle utvala på arbeidslivsområdet under Nordisk Ministerråd. I 2007 arbeidde ei adhocgruppe på migrasjonsområdet for å medverke til kunnskapsoverføring om integrering av flyktningar og innvandrarar til utvala på arbeidslivsområdet.

Sidan 2006 har dei nordiske landa utveksla informasjon og erfaringar i integreringsspørsmål på årlege tenestemannsmøte. I 2007 var arbeidsinnvandring, rekruttering og arbeid med mangfald i arbeidslivet tema som vart tekne opp.

Sidan 1968 har dei nordiske landa samarbeidd om felles statsborgarreglar for nordiske innbyggjarar, og landa har inngått ein avtale om gjennomføring av visse føresegner om statsborgarrett. Opphavleg deltok berre Danmark, Noreg og Sverige i dette samarbeidet, men etter kvart er Finland og Island komne i tillegg. Landa møtest som hovudregel éin gong i året på embetsmannsnivå.

4.14 Administrasjon og forvaltning

Dei sentrale statlege arbeidsgivarorganisasjonane i dei nordiske landa har i mange år hatt eit nært samarbeid. Det går føre seg gjennom ein statleg arbeidsgivarkonferanse for alle dei nordiske landa. Konferansen vert halden annakvart år, hausten 2008 i Sverige. I tillegg vert det samarbeidd i grupper som er etablerte på ulike personalpolitiske område.

På den nordiske pensjonskonferansen møtest representantar for dei statlege tenestepensjonsordningane. Noreg arrangerte konferansen i 2007. I 2009 skal Danmark stå som arrangør.

Kvar år vert det halde ein forvaltningspolitisk konferanse på departements- og etatsnivå. I 2007 vart konferansen arrangert av Sverige, mens det er Island som har formannskapen i 2008.

Det er etablert eit nordisk lønns- og personalutval som består av leiande representantar for den statlege arbeidsgivarsida i Norden. Utvalet er eit rådgivande organ for Nordisk Ministerråd (samarbeidsministrane) og Nordisk Råds presidium i lønns- og personalspørsmål.

Nordisk Ministerråd oppretta i 1978 ei tenesteutvekslingsordning for alle grupper av statstilsette i dei nordiske landa. Ordninga har til formål å styrkje samarbeidet mellom dei nordiske statsetatane og å gi impulsar til nytenking på eige arbeidsfelt. Ministerrådet løyver kvart år pengar til stipendmidlar for tenesteutvekslinga. Årleg vert det gjennomført to samarbeidsmøte med dei andre nordiske landa.

Dei nordiske konkurransestyresmaktene har eit nært samarbeid i form av møte om aktuelle nasjonale saker og gjennom nordiske prosjekt. Konkurransestyresmaktene samarbeider òg om utviklinga av konkurransereglane i EU, EØS og andre internasjonale forum.

Det vert halde nordisk plenumsmøte kvart år i august/september med deltaking frå Danmark, Finland, Færøyane, Grønland, Island, Noreg og Sverige. Plenumsmøtet i år fann stad i Danmark i august. Hovudtema var internetthandel, konkurransenøytralitet mellom offentlege og private føretak, bransjeorganisasjonar og deira forhold til kartellsamarbeid og situasjonen i daglegvaremarknaden. Vidare vert det halde årlege møte der direktørane for konkurransetilsyna i dei nordiske landa trekker opp linjene for det nordiske samarbeidet.

Statsbygg er ein del av Nordisk kontakt om statsbyggeri (NKS), som er eit samarbeid mellom organisasjonane for statleg byggherreverksemd og eigedomsforvaltning i dei nordiske landa. NKS er eit organ for utveksling av felles erfaringar på feltet. Frå Danmark deltek Slots- og Ejendomsstyrelsen, frå Sverige Statens fastighetsverk, frå Finland Senatfastigheter og frå Island Framkvæmdassla ríkisins. NKS møtest ein gong i året på leiarnivå. Aktuelle tema som vore behandla i seinare tid, er organisering av den statlege byggje- og eigedomsverksemda, bruk av bygningsinformasjonsmodellar (BIM) og utvikling av internasjonale standardar for dei, usikkerheitsstyring, universell utforming av eigedommar og forvaltning av kulturhistoriske eigedommar. Gjennom arbeidet er det teke initiativ til fleire samarbeidsprosjekt med ein eller fleire av organisasjonane, og Statsbygg har ved fleire høve kunna dra nytte av erfaringane frå dei andre nordiske landa. Det er òg etablert eit eige Nordisk kontaktutval for utanlandseigedommar (NKU). Her vert det utveksla erfaringar om bygging og forvaltning av statlege eigedommar verda over. NKU møtest årleg. Aktuelle tema har vore ønsket om samlokalisering av nordiske ambassadar, klimautfordringar ved bygging og forvaltning og universell utforming.

4.15 Barn og ungdom

Nordisk Ministerråds strategi for barn og unge i Norden frå 2006 er retningsgivande for den samla aktiviteten Ministerrådet driv overfor barn og unge. Ansvaret dei ulike sektorane har for å vareta eit barne- og ungdomsperspektiv, er understreka i strategien. Nordisk barne- og ungdomskomité (NORBUK) rapporterer til dei nordiske samarbeidsministrane om arbeidet i dei ulike sektorane. 2007 var første rapporteringsåret med omsyn til gjennomføringa av strategien.

NORBUK arbeider i hovudsak med unges eiga organisering og unges nordiske samarbeid, nye metodar for unges deltaking og innverknad i demokratiske prosessar, kulturelt mangfald, menneskerettar, internasjonalt samarbeid og koordinering av barne- og ungdomsforsking. Komiteen har i 2007 fått gjennomført ein samanliknande studie av bidragssystemet til barne- og ungdomsorganisasjonane i Norden. Det er òg lagt vekt på å rekruttere og stimulere nye grupper til nordisk samarbeid gjennom eit eige prosjekt, Eitt Norden, der målsetjinga er å skolere ungdom med etnisk minoritetsbakgrunn i prosjektleiing. NORBUK har prioritert å vidareutvikle metoden «menneskebibliotek» ved å sikre at interesserte kan få råd og rettleiing i metoden og å gi støtte til omsetjing til fleire språk. Arbeidet skjer m.a. i samarbeid med Europarådet. Siste året er det lagt vekt på å betre informasjonen ved at det er utvikla ei ny webside for barn og unge i samarbeid med NMRs webredaksjon og dei nordiske public service-stasjonane, representert ved Danmarks radio. Implementeringa av handlingsplanen skal evaluerast i 2008.

De nordiske landa samarbeider om å handtere internasjonale barnebortføringar. Årleg vert det halde uformelle samarbeidsmøte mellom representantar frå dei nordiske landa for å diskutere både generelle problemstillingar og konkrete saker. Hausten 2007 fann møtet stad i Reykjavik. Det er planlagt nytt møte hausten 2008 i Helsingfors.

4.16 Frivillig sektor

Samarbeid med den frivillige sektoren er viktig i nordisk samanheng. Det gjeld særleg Foreininga Norden, som skaper møteplassar og styrkjer den folkelege forankringa av det nordiske samarbeidet. Foreininga Norden administrerer m.a. Norden i Fokus, Hallo Norden og Nordjobb.

I Noreg la regjeringa i 2007 fram st.meld. nr. 39 (2006–2007) «Frivillighet for alle». Meldinga framhevar verdien av mangfaldet i frivillig sektor og det viktige i at sektoren har ei uavhengig stilling, og understrekar at sektoren må ha ein stor grad av eigenfinansiering slik at det frivillige arbeidet kan utvikle seg på eigne vilkår.

Regjeringa legg opp til ein ny og heilskapleg frivilligpolitikk der det overordna målet er å støtte aktivt opp om utviklinga av eit levande sivilt samfunn. Det skal skje gjennom nært samspel med frivillige organisasjonar og ved å støtte og leggje til rette for frivillig engasjement. Det er eit hovudmål å stimulere til auka deltaking og engasjement, særleg frå grupper som i dag fell utanfor det frivillige organisasjonslivet.

Regjeringa vil ta initiativ på nordisk nivå for å sjå på korleis det kan skapast større merksemd om kva frivillig sektor betyr, og kva som må til for at han skal utvikle seg.

Til forsida