St.meld. nr. 45 (1999-2000)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 1999

Til innhaldsliste

5 Internasjonalt samarbeid på eksportkontrollområdet

Våpen av alle slag og anna forsvarsmateriell er omfatta av nasjonale varelister, som kan ha ulik utforming. I det norske systemet er forsvarsmateriell spesifisert på kontroll-liste I. Fleirbruksvarer er spesifisert på kontroll-liste II.

Eksportkontrollen for fleirbruksvarer byggjer på eit internasjonalt samarbeid i fem eksportkontrollregimer og på dei plikter deltakarlanda gjennom dette har teke på seg. Dei fleste industriland, inkludert Noreg, er med i samarbeidet. Målet med samarbeidet er å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen og hindre oppbygging av konvensjonell militær kapasitet som kan skiple stabiliteten i eit område. Dette arbeidet har høg politisk prioritet.

Nokre av dei multilaterale eksportkontrollregima baserer seg på traktatar som forbyr ulike typar våpen: For masseøydeleggingsvåpen gjeld det Traktaten om ikkje-spreiing av kjernevåpen (NPT), Kjemivåpenkonvensjonen (CWC) og Konvensjonen om forbod mot biologiske våpen (BWC). Det internasjonale eksportkontrollsamarbeidet er ikkje juridisk bindande, men politisk forpliktande. Ved medlemskap i eit eksportkontrollregime vert det lagt til grunn at deltakarane gjennomfører dei vedtak som vert fatta gjennom tilpassing av nasjonale lover og reglar.

Dei fem eksportkontrollregima er Australia-gruppa (AG) for produkt knytta til biologiske og kjemiske våpen, Regimet for eksportkontroll av missilteknologi (MTCR), Nuclear Suppliers Group (NSG) og Zangger-komiteen for nukleært materiale, og Wassenaar-samarbeidet ( WA) for konvensjonelle våpen og relaterte fleirbruksvarer. Fellestrekk for dei internasjonale eksportkontrollregima er krav til effektiv nasjonal eksportkontroll i medlemslanda, at vedtak i regima skal respekterast i nasjonal praksis, utarbeiding av lister over produkt som er underlagde eksportkontroll og ei omfattande informasjonsutveksling.

Det er mellom 30 og 38 medlemsland i dei ulike regima, og blant desse finn ein alle dei store industrilanda. Eit oversyn over deltakarlanda i dei ulike regima er vedlagt (vedlegg 3).

Noreg har gått inn for ei utviding av samarbeidet med sikte på opnare tilhøve rundt eksportkontroll og ikkje-spreiing i dei ulike regima. I AG, MTCR og NSG har det vore teke initiativ til dialog om desse spørsmåla med ikkje-medlemer. Medlemslanda arrangerer internasjonale seminar for å medverke til auka forståing for kva eksportkontroll har å seie for å hindre spreiing av masseøydeleggingsvåpen. Noreg har vore aktiv på dette området også i 1999, og m.a. medverka økonomisk til at representantar frå ikkje-medlemsland får høve til å delta på internasjonale møte om eksportkontroll.

Wassenaar-samarbeidet

Wassenaar-samarbeidet (WA) har som føremål å samordne eksport av konvensjonelle våpen og sensitiv høgteknologi (fleirbruksvarer). Samarbeidsforumet vart aktualisert etter oppløysinga av Sovjetunionen og nedlegging av COCOM i 1994. Etter tre års forhandlingar byrja det verksemda si 1. november 1996. WA har 33 medlemsland. Som det einaste av regima har WA eit eige sekretariat i Wien.

Eit grunndokument, Initial Elements, fastset retningsliner for arbeidet i WA i ei innleiande fase. Grunndokumentet etablerer omfattande prosedyrar for informasjonsutveksling mellom deltakarlanda om eksportkontrollpraksis. Det er utarbeidd retningsliner og varelister for å sikre einsarta eksportkontroll for strategiske fleirbruksvarer. Målet er å hindre at det blir bygd opp destabiliserande militær slagkraft i noko område.

For konvensjonelle våpen har dei pliktige informasjonane om den faktiske eksporten til ikkje-medlemmer vore avgrensa til halvårsvis rapportering i same kategoriar som FN-registeret. Det har ført til at Wassenaar-samarbeidet ikkje gjev større kunnskap om våpenoverføringar enn den som alt ligg føre i FN-registeret, bortsett frå dei utfyllande opplysningane som kjem fram i frivillige rapporteringar.

I tillegg til rapportering om faktisk eksport og lisensavslag vert det utveksla opplysningar om konkrete land eller område som gjev grunn til uro. I 1999 var WA- medlemmene m.a. opptekne av utviklinga i Etiopia/Eritrea og i Sentral-Afrika. Det er semje om at ein ikkje skal eksportere våpen til desse områda. Leveransar til og omsetnad av handvåpen i desse områda, og dei konsekvensane slikt utstyr har i ei rekkje regionale konfliktar, har vore tema i diskusjonane. Informasjonsutvekslinga om land og regionar vil verta ført vidare.

I 1999 vart det gjennomført ein grundig gjennomgang av verksemda i WA. Eit fleirtal av medlemmene meiner at manglande innsyn i og drøfting av eksporten av forsvarsmateriell er med å svekke verknaden av samarbeidet. Det vart difor framsett ei rekke forslag om å styrke rapporteringspliktene. Sjølv om det var stort fleirtal for forslaga i denne retning, vart det ikkje semje om meir vidtgåande rapportering på våpenområdet. Noreg fremja m.a. forslag om å klarlegge eigenproduksjonskapasiteten i konfliktområder og om oversyn over lovgjeving og praksis når det gjeld kontroll med våpenmeklarar. Det vart semje om desse forslaga. Eit framsteg i gjennomgangen var semje om at det skal etablerast eit rullerande oversynsdokument over konfliktområder på regional og global basis.

Som fylgje av at ein ikkje nådde fram med meir forpliktande rapporteringskrav i grunndokumentet, vart det uttrykt vilje frå dei fleste medlemslanda om å auka den frivillige rapporteringa om våpeneksporten, særleg når det gjeld opplysningar om avslag på eksportsøknadar. Slike frivillige rapportar vil òg omfatte handvåpen. Neste gjennomgang av Wassenaar-samarbeidet skal haldast i 2003.

Regimet for eksportkontroll av missilteknologi, MTCR

Missilkontrollregimet MTCR vart oppretta med utgangspunkt i G-7 landa i 1987. Noreg kom med i 1990. Det tek sikte på å hindre at land med ambisjonar om å skaffe seg masseøydeleggingsvåpen kan få tilgang på teknologi for missil-levering av slike våpen. Det er 32 medlemsland i regimet og formannskapet går på omgang. Sekretariatsfunksjonen vert ivareteken av det franske utanriksdepartementet som organiserar månadlege møter i Paris. Under plenumsmøta har det i seinare år vorte erkjent at spreiingsland, trass i eksportkontroll-tiltak, har makta å skaffe seg langtrekkande missilar. Dette gjeld til dømes Nord-Korea, India og Pakistan. MTCR har likevel medverka til å hindra at den mest avanserte teknologien har vore tilgjengeleg og utsett mogeleg innføring av nye missil-leverte masseøydeleggingsvåpen.

Medlemmene i regimet søkjer no tiltak som kan komplettere og styrke eksportkontrollen og som kan medverke til å effektivisere ikkje-spreiingsarbeidet. Mellom desse tiltaka er dialog med ikkje-medlemmer som har missilkapasitet for å fremje ansvarleg nasjonal eksportkontroll, framlegg om tillitsskapande tiltak for å hindre misforståingar knytt til missilutskytingar og politiske åtgjerder for å motverke regionale rustningstevlingar.

Eksportkontroll for kjernefysisk materiale

I år 2000 er det tretti år sidan Ikkje-spreiingsavtalen for kjernefysiske våpen, NPT, trådde i kraft. Denne avtalen vert sett på som det viktigaste avtaleverket på rustningskontrollområdet. Han vart i 1995 forlenga på ubestemt tid. I alt 187 land har slutta seg til, berre Cuba, India, Israel og Pakistan står utanfor. Etter avtalens artikkel III er alle ikkje-kjernevåpenland som er part i avtalen, pliktige til å lata sine sivile kjernefysiske installasjonar verta kontrollerte av IAEA. Dette inspeksjonsregimet er no i ferd med å verta styrkt gjennom tilleggsavtalar som sikrar IAEA innsyn i alle typar kjernefysiske anlegg og pålegg partane å rapportere om relevant utførsle.

NPT krev i art. III.2 at partane sikrar at ein ikkje eksporterer materiale som kan brukast i kjernevåpen. Dette er det formelle grunnlaget for det internasjonale samarbeidet om eksportkontroll for nukleært materiale. Zangger-komiteen vart nedsett i 1971 for å sikre ei mest mogeleg lik forståing av dei generelle føresegnene om eksportkontroll i ikkje-spreiingsavtalen. Kina vart i 1997 medlem i Zangger-komiteen, og det er von om at landet også vil søkje medlemsskap i Nuclear Suppliers Group (eksportkontrollregime for kjernefysisk materiale og fleirbruksvarer). Då verksemda i Zangger-komiteen synte seg ikkje å vere tilstrekkeleg til å hindre at land som India og Irak og Pakistan kunne skaffe seg kapasitet på eiga hand til å produsere kjernevåpen vart NSG oppretta i 1976. I NSG samordnar ein eksportkontrollen for alt materiale som kan tenkjast nytta til produksjon av kjernefysiske sprengmekanismar.

FN-registeret for konvensjonelle våpenoverføringar

Generalforsamlinga i FN vedtok i desember 1991 ein resolusjon som oppmoda medlemslanda om årleg å rapportere om sin eksport og import av tyngre konvensjonelle våpen til eit FN-register over slike våpenoverføringar. Frå 1992 har det med varierande oppslutnad vorte rapportert opplysningar til Registeret i sju våpenkategoriar: stridsvogner, pansra stridskøyretøy, tungt artilleri, jagarfly, angrepshelikopter, krigsskip og missilar/missilplattformer.

Noreg står for ein liten del av verdshandelen med tyngre våpen. Etter SIPRIs oversikter låg Noreg på 21 plass med omsyn til eksport av forsvarsmateriell i perioden 1993-97. I 1999 vart det ikkje eksportert noko materiell i FN-registerets kategoriar frå Noreg, medan det vart importert ein del pansra personellkøyretøy og missilar. Frå norsk side støttar ein dei initiativa som er tekne for å utvide FN-registeret til å omfatte fleire våpenkategoriar.

Internasjonale våpenembargoar

Vedtak i Tryggingsrådet i FN om heilt eller delvis å innføre handelssanksjonar mot eit land er bindande for medlemslanda. Pr. 31. desember 1999 er det utarbeidd norske forskrifter basert på sanksjonsvedtak i Tryggingsrådet om heil eller delvis handelsembargo for følgjande land: Afghanistan (Taliban), Angola (UNITA), Den føderale republikken Jugoslavia, Irak, Somalia, Liberia, og Sierra Leone.

I tillegg respekterer Noreg våpenembargoar som OSSE har sett i verk (Nagorno-Karabakh), og likeins dei EU-vedtak som Noreg har slutta seg til. Det gjeld: Bosnia og Herzegovina, Burma, Etiopia, Eritrea, Den føderale republikken Jugoslavia, Kroatia, Den tidlegare jugoslaviske republikken Makedonia og regionen kring dei store sjøane i Sentral-Afrika. Tilslutninga til denne typen vedtak er av politisk karakter og norsk gjennomføring av vedtaka er basert på eksisterande lovgjeving.