St.meld. nr. 45 (1999-2000)

Eksport av forsvarsmateriell frå Noreg i 1999

Til innhaldsliste

7 Eksporten av forsvarsmateriell frå Noreg i 1999

Denne årlege oversikta over eksporten av forsvarsmateriell er basert på innrapporterte sal av varer, teknologi og tenester nemde i Utanriksdepartementets kontroll-liste I. Det er ikkje teke med opplysningar om mellombels utførsle av varer i norsk eige for reparasjon eller demonstrasjon, eller om verdien av varer som vert returnerte til utanlandsk eigar etter reparasjon i Noreg. Verdien av dei utførte produkta kjem fram i dei kvartalsvise rapportane frå eksportbedriftene til Utanriksdepartementet. Verdiane i desse rapportane kan avvike frå verdiane på lisensane, m.a. fordi lisensane kan vere gyldige for eit lengre tidsrom enn eit kvartal, eller ikkje vert nytta fullt ut.

Eksporten av forsvarsmateriell og tenester er framstilt i sju tabellar:

Tabell 7.1; oversyn over land som har motteke forsvarsmateriell frå Noreg etter varegruppene i liste I

Tabell 7.2; eksport av forsvarsmateriell fordelt på varegruppene i liste I

Tabell 7.3; eksport av forsvarsmateriell fordelt på land

Tabell 7.4; utførte tenester knytte til liste I

Tabell 7.5; utførte reparasjonar i Noreg av forsvarsmateriell for utanlandsk oppdragsgjevar

Tabell 7.6; eksport av forsvarsmateriell fordelt på regionar

Tabell 7.7; samanlikning av eksporten i åra 1996-99

Den samla eksporten av forsvarsmateriell i 1999 var om lag 1,3 milliardar kroner. Dei seinaste åra har verdien vore vel 1,1 milliardar.

NATO-landa og dei nordiske landa er dei største mottakarane av forsvarsmateriell frå Noreg, med om lag 75 prosent. Kategori A-materiell (våpen og ammunisjon) vert i hovudsak levert til NATO-allierte og nordiske land. I tillegg har Australia, Brasil, Chile, Irland, Japan, Latvia, New Zealand, Singapore, Sveits, Sør-Korea og Thailand teke imot A-materiell. NATO-landa og dei nordiske landa var også dei største mottakarane av kategori B-materiell (anna militært materiell) i 1999. I tillegg er slikt materiell levert til Argentina, Austerrike, Bulgaria, Dei sameinte arabiske emirata, Egypt, Litauen, Oman, Saudi-Arabia og Taiwan. Det er òg levert noko materiell til FN-styrkar.

Merknader til tabellane

Tabell 7.1 syner dei landa som har motteke forsvarsmateriell frå Noreg, fordelt på varegruppene i liste I.

Tabell 7.2 syner eksport av forsvarsmateriell fordelt på varegruppene i liste I. Som i åra 1996-1998 var størsteparten av eksporten delar og komponentar, deretter ammunisjon, sprengstoff og elektronisk utstyr. Utstyr med sjølvstendig funksjon utgjorde en særs liten del av det totale omfanget.

Tabell 7.3 syner eksport av kategori A- og B-materiell fordelt på land. Sverige og Sambandstatane var største mottakarar i 1999. Ein auke på om lag 165 millionar i høve til tala for 1998 kan forklårast med auka eksport til Sverige og med nokre større einskild-leveransar. Delar og komponentar representerer største delen av eksporten.

Tabell 7.4 syner tenester knytt til forsvarsmateriell for utanlandske oppdragsgjevarar. Sverige var største kjøpar av tenester, følgd av Tyskland og Finland. Tilsaman var desse landa største kjøpare med ca. 85 %.

Tabell 7.5 syner utførte reparasjonar i Noreg av forsvarsmateriell for utanlandsk oppdragsgjevar. Sverige var òg største kjøpar av reparasjonar i Noreg, fylgd av Sambandsstatane, Finland, Frankrike og Nederland. Tilsaman utgjorde desse landa ca. 80%.

Som det går fram av regionoversikta i tabell 7.6, gjekk tre firedelar av eksporten til NATO-land og nordiske land. Det relativt høge talet på B-materiell til Afrika skuldast ein leveranse av sambandsutstyr til Egypt. Mønsteret for hovudmottakarar er ikkje vesentleg endra i høve til tidlegare år.

Tabell 7.7 syner den totale verdien av eksporten i åra 1996-1999, fordelt på kategori A- og B-materiell, tenester, samt reparasjonar utført i Noreg for utanlandske oppdragsgjevarar. Som det går fram, auka eksportverdien av kategori A-materiell frå 1996 til 1999 med omlag 60 millionar kroner, mens auken i forhold til 1998 var om lag 100 millionar. Eksporten av kategori B-materiell auka med vel 180 millionar kroner frå 1996 til 1999. I denne perioden var det variasjonar i eksporten av B-materiell. Auken frå 1996 til 1997 var om lag 180 millionar, og frå 1997 til 1998 fall eksporten av B-materiell med om lag 80 millionar. Eksporten i 1999 var om lag den same som i 1997.

Verdien på utførte tenester auka frå 1996 til 1998 med om lag 26 millionar, men frå 1998 til 1999 fall den igjen med om lag 25 millionar.

Ein hadde ikkje tal for utførte reparasjonar i 1996, men frå 1997 til 1999 auka verdien med om lag 30 millionar.

Totalt sett har mønsteret i eksporten av forsvarsmateriell frå Noreg i åra 1996-1999 ikkje endra seg vesentleg.

32 bedrifter rapporterte om eksport av forsvarmateriell i 1999. I åra 1996-1998 har mellom 25 og 33 bedrifter rapportert om slik eksport kvart år.

Tabell 7.1 - Oversyn over land som har motteke forsvarsmateriell frå Noreg etter varegruppene i liste I

VaregruppeMottakarland
1.Handvåpen m.v. for militært eller anna føremål.Canada, Danmark, Finland, Italia, Latvia, Sambandsstatene, Storbritannia, Sverige, Tyskland.
2.Artilleri m.v.Ingen.
3.Missilsystem, bomber, rakettar, torpedoar, land- og sjøminer, handgranatar.Ingen.
4.Eldleiingsutstyr, søkjarutstyr, utstyr for handsaming m.v. av utstyr i gruppe 1-3.Australia, Canada, Frankrike, Sverige.
5.ABC-våpen m.v.Ingen.
6.Ammunisjon, sprengstoff m.v.Australia, Belgia, Brasil, Canada, Chile, Danmark, Den tsjekkiske republikk, Finland, Frankrike, Hellas, Irland, Italia, Nederland, New Zealand, Portugal, Sambandsstatane, Singapore, Spania, Storbritannia, Sveits, Sverige, Sør-Korea, Thailand, Tyskland.
7.Elektronisk utstyr m.v., ikkje nemt under pkt. 4.Argentina, Austerrike, Canada, Chile, Dei sameinte arabiske emirata, Den tsjekkiske republikk, Egypt, Finland, Frankrike, Irland, Italia, Japan, Litauen, Nederland, Oman, Saudi-Arabia, Sambandsstatane, Spania, Storbritannia, Sveits, Sverige, Taiwan, Thailand, Tyskland.
8.Fartøy m.v.Ingen
9.Luftfartøy og romfartøy, spesielt konstruert eller modifisert for militært føremål.Ingen.
10.Beltebilar, amfibiebilar og andre køyretøy spesielt konstruerte eller modifiserte for militært føremål, med unntak av uarmerte og uvæpna køyretøy konstruerte for køyring på veg; stridsvogner, militære bergingsvogner.Ingen.
11.Verne- og redningsutstyr m.v.Ingen.
12.Hangarar, tilfluktsrom og andre bygningar spesielt konstruerte eller modifiserte for militært føremål.Ingen.
13.Kamuflasjemateriell.Ingen.
14.Fotomateriell.Ingen.
15.Intendanturmateriell spesielt utvikla eller modifisert for militært føremål.Ingen.
16.Materiell spesielt konstruert eller modifisert for opplæring i bruk eller vedlikehald av produkt under 1-15 ovanfor.Dei sameinte arabiske emirata, Tyskland.
17.Komponentar, delar, delsystem og tilleggsutstyr spesielt konstruerte eller modifiserte for produkt under 1-16 ovanfor.Australia, Belgia, Bulgaria, Canada, Danmark, Finland, Frankrike, Hellas, Italia, Japan, FN/Libanon, Luxemburg, Nederland, Sambandsstatane, Singapore, Storbritannia, Sveits, Sverige, Sør-Korea, Tyrkia, Tyskland.
18.Programvare.Ingen.
19.Materiale, maskiner, verktøy m.v.Frankrike, Sverige, Tyskland.
20.Teknologi spesielt knytta til produkt under 1-19 ovanfor.Danmark, Sverige.

Tabell 7.2 Eksport av forsvarsmateriell fordelt på varegruppene i liste I (i tusen kroner)

VaregruppeSum
1.Handvåpen m.v. for militært eller anna føremål497
2.Artilleri m.v.0
3.Missilsystem, bomber, rakettar, torpedoar, land- og sjøminer, handgranatar0
4.Eldleiingsutstyr, søkjarutstyr, utstyr for handsaming m.v. av utstyr i gruppe 1.-3.25 645
5.ABC-våpen m.v.0
6.Ammunisjon, sprengstoff m.v.383 793
7.Elektronisk utstyr m.v., ikkje nemt under pkt. 4288 563
8.Fartøy m.v.0
9.Luftfartøy og romfartøy, spesielt konstruert eller modifisert for militært føremål0
10.Beltebilar, amfibiebilar og andre køyretøy spesielt konstruerte eller modifiserte for militært føremål, med unntak av uarmerte og uvæpna køyretøy konstruerte for køyring på veg; stridsvogner, militære bergingsvogner0
11.Verne- og redningsutstyr m.v.0
12.Hangarar, tilfluktsrom og andre bygningar spesielt konstruerte eller modifiserte for militært føremål0
13.Kamuflasjemateriell0
14.Fotomateriell0
15.Intendanturmateriell spesielt utvikla eller modifisert for militært føremål0
16.Materiell spesielt konstruert eller modifisert for opplæring i bruk eller vedlikehald av produkt under 1-15 ovanfor34 297
17.Komponentar, delar, delsystem og tilleggsutstyr spesielt konstruerte eller modifiserte for produkt under 1-16 ovanfor490 270
18.Programvare0
19.Materiale, maskiner, verktøy m.v.1 311
20.Teknologi spesielt knytta til produkt under 1-19 ovanfor3 070
Sum1 227 446

Tabell 7.3 Eksport av forsvarsmateriell fordelt på land (i tusen kroner)

LandKategori AKategori BTotalt
Australia36 89117 87554 766
Belgia4211 6652 086
Brasil1960196
Canada31 71423531 949
Chile465476941
Den tsjekkiske republikk1 2092491 458
Danmark3 4363 9327 368
Finland2 2416 9649 205
Frankrike55 01220 96475 976
Hellas22 53039322 923
Irland11069179
Italia27 1372 21429 351
Japan1971 3911 588
Latvia21021
Luxembourg7045115
Nederland2 3315 2647 595
New Zealand632487
Portugal23023
Sambandsstatane124 398108 029232 427
Singapore2342 8133 047
Spania14 175014 175
Storbritannia37 66017 80555 465
Sveits33 9815334 034
Sverige134 571228 212362 783
Sør-Korea30684390
Thailand1 0148 4029 416
Tyskland53 05511 57864 633
Land som berre har motteke materiell i kategori B:
Argentina04242
Austerrike0212212
Bulgaria04343
Dei sameinte arabiske emirata036 34436 344
Egypt0153 254153 254
FN-styrkar (i Libanon)0197197
Litauen04040
Oman0522522
Saudi-Arabia01 6471 647
Taiwan 1012 93412 934
Tyrkia01414
Sum583 461643 9851 227 446

1 Sonar til patruljefartøy for tollvesenet

Tabell 7.4 Tenester utførte for utanlandsk oppdragsgjevar (i tusen kroner)

LandPosisjon i liste ITotalt
Finland33 508
Tyskland63 862
Storbritannia6, 81 762
Sambandsstatane6, 8351
Sverige6, 86 947
Taiwan 18770
Sum17 200

1 Klassifiseringsteneste knytt til patruljefartøy for politi

Tabell 7.5 Reparasjonar i Noreg for utanlandske oppdragsgjevarar (i tusen kroner)

LandPosisjon i liste ITotalt
Austerrike76
Belgia1, 178
Canada7, 17132
Danmark1, 7, 17509
Dei sameinte arabiske emirata7793
Finland2, 6, 72 698
Frankrike6, 7, 175 798
Hellas17124
Italia14
Japan741
Nederland172 448
Sambandsstatane6, 7, 17, 197 000
Spania6, 7, 17219
Storbritannia7, 17476
Sveits6, 7, 17956
Sverige1, 4, 7, 1727 948
Tyrkia 1176 339
Tyskland1, 17182
Sum55 681

1 Eksporten galdt reparasjonar av forsvarsmateriell som Noreg leverte til Tyrkia på 1970-tallet

Tabell 7.6 Eksport av forsvarsmateriell, tenester og reparasjonar, fordelt på regionar (i tusen kroner)

RegionTotalt
NATO-land574 772
Øvrige Norden413 089
Øvrige Europa35 491
Latin-Amerika1 179
Australia og New Zealand54 853
Asia67 689
Afrika153 254
Sum1 300 327

Tabell 7.7 . Eksporten av forsvarsmateriell og utførte tenester og reparasjonar i åra 1996-1999 (i tusen kroner)

1996199719981999
A-materiell523 288418 643481 220583 461
B-materiell462 056641 339558 351643 985
Tenester16 06529 04042 13817 200
Reparasjonar-26 07453 58255 681
Sum1 001 40911 115 0961 135 2911 300 327

1 Beløpet er utan reparasjonar

Oversyn over bedrifter som har rapportert om eksport av forsvarsmateriell (kategori A- og B-materiell) i 1999:

AME AS

ARC AS

Bakelittfabrikken AS

Bandak AS

Det norske Veritas AS

Dyno Industrier ASA, Defence Products (nå Dyno ASA)

Dynoplast Stjørdal (nå Polimoon AS)

Ericsson Radar AS

Exide Sønnak AS

Hägglunds Moelv AS

Kongsberg Defence and Aerospace AS

Kongsberg Ericsson Communications ANS

Kongsberg Norcontrol Systems AS

Kongsberg Protech AS

Kongsberg Simrad AS

Krico Norway AS

Kværner Eureka AS

Nammo Raufoss AS

Natech AS

Nera AS

Propartner AS

A/S Scan Matric

Scana Electronics AS

Simrad Optronics ASA

Sonec Kongsberg AS

Thomson-CSF Norcom AS

Thomson-CSF Nortech AS

Ticon Composites AS

Trelleborg Viking AS

Vinghøgs Mek. Verksted AS

Volvo Aero Norge AS

Våpensmia AS