St.meld. nr. 45 (2003-2004)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2004 og fisket etter avtalane i 2002 og 2003

Til innhaldsliste

4 Bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltningsplanar

Her vert det fyrst gjeve ei kort oversikt over metodar for å måle fiskebestandar i felten, utrekningsverktøy (modell), forvaltningsplanar, rådgjeving og dei såkalla referansepunkta. Deretter vert det gjort greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane som Noreg deler med andre land, i tillegg til tilrådd TAC, avtalt TAC og fangstar. Til sist vert dei langsiktige forvaltningsplanane som Noreg har vedteke saman med andre land omtala.

4.1 Bestandsutrekning og rådgjeving

4.1.1 Bestandsutrekning

Bestandsutrekning («assessment») inneber å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fangst-statistikk og data frå vitskaplege tokt. Ved hjelp av ulike matematiske modellar reknar ein ut kor stor bestanden er i dag ved å sjå på kor store årsklassane var i fjor, og så trekkje ifrå dei individa som har døydd p.g.a. fiske og naturleg død (etne av andre, sjukdom, matmangel, alderdom) i løpet av året. Dei viktigaste datakjeldene som blir brukt i slike modellar er:

  • fangststatistikk med stikkprøvar av alderssamansetjing (skal fortelje kor mykje som er blitt fiska i løpet av året av dei forskjellige årsklassane)

  • toktdata (fortel om endringar i talet på fisk i kvar aldersgruppe, i forhold til året føre)

Fangststatistikk

Det er viktig å halde oversikt over kor mange individ som vert teke ut av ein bestand. I nokon tilfelle kan ein sjå om bestanden veks eller minkar ved å samanlikne kor stor fiskeinnsats det ligg bak kvart tonn med fanga fisk frå år til år. Fisket gjev forskarane opplysningar om når, kva, kor og kor mykje det fiskast, og bringer dermed fram viktig informasjon som matast inn i forskarane sine modellar. Desse opplysningane må difor vere så nøyaktige som mogleg. Fiskarane kan oppnå ein kortsiktig gevinst ved å gje opp unøyaktige fangstdata. På den andre sida vil dette kunne slå tilbake på fiskarane etter ei tid, i form av unødig stor reduksjon i fiskebestandane, som det så tek lang tid å byggje opp att.

Toktdata

Havforskningsinstituttet brukar vanlegvis fleire ulike metodar for å måle mengden av fisk i havet:

  • ekkolodd/akustikk

  • trål

  • måling av eggproduksjon

  • merking

Akustisk mengdemåling

Metoden baserer seg på at objekt i havet reflekterer lyd (ekko). Styrken og tidslengda av ekkoet frå ein fisk eller fiskestim er avhengig av fisken sin art og storleik og av tettleiken og volumet av stimen. Desse samanhengane er etter kvart blitt rimeleg godt fastlagde gjennom eksperimentelle og kontrollerte målingar. Ved å måle og lagre ekkostyrke og ekkotidslengd langs kurslinjene, og observere kva slags artar og storleiker som medverkar til dei akustiske målingane ved å ta prøvar (trålfangstar), kan ein rekne ut kva slags fisketettleikar ekkomålingane svarar til. Dei akustiske målingane og analysane blir utførte i BEI («Bergen Echo Integrator»), eit system som er utvikla av Havforskningsinstituttet, og som er i omfattande bruk rundt om i verda.

Bunntrål

Talet på fisk i kvar bunntrålfangst blir rekna om til fisketettleik (talet per flateeining) ved å dividere på det arealet bunntrålen har fiska over. Ved å ta eit stort tal trålstasjonar fordelt i heile utbreiingsområdet til bestanden, får ein fram ei fordeling basert på trålfangst per arealeining.

Måling av eggproduksjonen

Metoden her kan kortfatta skisserast slik: Når ein vet kor mange egg som er gytt og kor mange egg ein hofisk gyt, kan ein finne ut kor mange hofisk som har gytt. Feltdelen, eller eggtalfestinga av metodikken, er i hovudsak lik bunntrålmetodikken. Med planktonhåv vert det teke eit stort tal håvtrekk fordelt i heile gyteområdet. Fangstane av egg blir rekna om til eggtettleikar (tal per flateeining). Multiplisert med tilhøyrande areal og justert for egga sin alder får vi så totalt tal på egg gytt per dag. Gyteområdet vert dekka fleire gonger i løpet av gytesesongen. Når eggmengdene frå kvar dekning blir summert over heile gytesesongen, får ein det totale talet på gytte egg.

Talet på egg som eit individ gyt er avhengig av art og storleik. Store hoer gyt fleire (og større) egg enn små hoer. Samanhengen er fastlagt, og talet på egg per gram hofisk er talfesta. Total mengd gytte egg, dividert med talet på egg per gram hofisk, gjev til slutt vekta eller biomassen av gytebestanden av hofisk. Prøvetaking syner kor mykje hannfisk og hofisk det er i gytebestanden. Vanlegvis er dette forholdet nær 1:1.

Merkeforsøk

I si aller enklaste form kan formelverket som vert nytta skisserast slik:

Talet på fisk i bestand/talet på merkte fisk = Talet på fisk i fangst/talet på merkte fisk i fangst

Dersom ein held greie på talet på merker som vert sett ut, talet på merker som vert funne att, og talet på fisk som vert fanga, kan ein ved hjelp av denne formelen rekne ut mengda av fisk i bestanden.

4.1.2 Metodar for utrekning av bestandar

Bestandsutrekning inneber som nemnt å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fisket, tokt osv., til ein einskapleg fastsetjing av bestanden sin storleik og utnyttingsgrad. Utfallet er grunnlag for utrekning av tilrådde kvoter, og er elles viktig for meir grunnleggjande forskning omkring forhold som avgjer storleiken på bestanden, rekruttering osv.

For dei fleste bestandar av interesse for Noreg blir desse utrekningane gjort i samarbeid med forskarar frå fleire land i arbeidsgrupper innafor ICES (Det internasjonale råd for havforsking). Utrekningsverktøyet er matematiske modeller. Det finst ei rekkje slike modellar, og dette er eit forskingsfelt i rask utvikling. Valet av modell vil avhenge av bestanden sine eigenskaper og kva slags data som er tilgjengeleg. I Noreg brukast hovudsakleg modellar kor føresetnaden er at både fangstane og toktdata ligg føre som talet på fisk fordelt på alder. Det gjer at målingane kan knyttast til årsklassar, og at kvar årsklasse kan følgjast over tid.

VPA (Virtuell PopulasjonsAnalyse)

Dette er ein metode til å rekne ut kor stor ein årsklasse må ha vore bakover i tid, og kor høg fiskedøyinga har vore, ved hjelp av opplysningar om fangst ved alder over ein del år. Dette er ikkje nok for ei fullstendig bestandsutrekning, men mange utrekningsverktøy tek utgangspunkt i denne metoden.

Om ein veit kor mange fisk som har vore fanga av ein årsklasse gjennom ein del år, veit ein også at det må ha vore minst så mange fisk i årsklassen frå starten av. Faktisk må det ha vore endå fleire, fordi ein også må rekne med eit fråfall av andre årsaker enn fiske (naturleg døying). Når ein skal sette opp eit slikt rekneskap, startar ein i praksis med det talet på fisk ein trur framleis er til stades, legg til talet som blei fanga siste år og det som gjekk tapt siste år på grunn av naturleg døying. Då får ein talet som må ha vore i årsklassen året føre. Slik held ein fram bakover i tid. Den naturlege døyinga rekner ein som eit fast relativt (prosentvis) tap kvart år. Fiskedøyinga får ein ved å halde saman fangst og bestand år for år.

VPA fortel altså ikkje kor stor bestanden er i augneblinken. Om ein derimot kan gå ut frå at det no er lite igjen av ein årsklasse, kan ein rekne ut ganske presist kor stor årsklassen har vore i tidlegare år. Utrekninga byggjer på fangststatistikken, og blir villeiande om fangsttala ikkje er riktige.

4.1.3 Forvaltningsplan og rådgjeving

Det er naturen som set grenser for kor mykje som kan haustast av ein fiskebestand. Innanfor denne avgrensinga er det like fullt mange alternative måtar å nytta ressursen på, avhengig av kva slags mål ein har. Ein snakker her om ulike forvaltningsplanar. Desse kan vere tidsavgrensa eller permanente. Ein permanent plan kan for eksempel vere å fiske med ein gitt utnyttingsgrad. Ein tidsavgrensa plan kan for eksempel ta sikte på gjenoppbygging av ein bestand til eit visst nivå. I begge tilfelle bør det vere mogleg å revidere planen undervegs.

Dei forvaltningsplanane som har eksistert fram til no har som regel vore enkle og ufullstendige. Det er difor eit langsiktig mål for norske fiskeristyresmakter at forvaltninga skal vere basert på meir heilskaplege forvaltningsplanar enn dagens, kor det ikkje berre vert teke omsyn til biologiske, men også til økonomiske og andre relevante faktorar.

I ein forvaltningsplan vil berekraft vere ei grunnleggjande norm. Optimal ressursutnytting og stabilitet er andre kriterium som det er rimeleg å ta omsyn til. For å kunne vurdere utnyttingsgrad og bestand i forhold til slike kriterium, er det utvikla biologiske referansepunkt. Tradisjonelt har desse vore brukt i forvaltningsrådgjeving både som grenseverdiar og målverdiar. Nedanfor er det gitt ei oversikt over dei mest vanlege referansepunkta og kva dei betyr, men fyrst er det naudsynt å forklare enkelte vanlege, faglege omgrep.

Døyingstal

Totalt døyingstal (Z) i ein fiskebestand vert delt opp i naturleg døyingstal (M) og fiskedøyingstal (F). Fiskedøyingstalet skal omfatte den del av døyingstalet som skuldast fisket. I praksis vil det like fullt vere vanskeleg å få mål på utkast og døyingstal som skuldast kontakt med fiskereiskap, slik at fiskedøyingstalet i bestandsutrekningar som regel berre omfattar det som blir registrert som ilandført. Naturleg døyingstal omfattar då all annen døying, og er «momentan». Ettersom talverdien som oftast ligg mellom 0 og 1, f.eks. 0,5, oppfattast dette lett som prosentar, dvs. at 0,5 skulle bety 50 % døying. I praksis er forholdet annleis, slik at døyingstalet ofte kan overstige 1 utan at dette betyr 100 % døying.

Samanhengen er vist i tabell 4.1

Tabell 4.1 

Døyingstal0,10,20,30,40,50,60,70,80,91,01,52,0
%9,518,125,933,039,345,150,355,159,363,277,786,5

I forvaltningssamanheng er det som regel berre fiskedøyingstalet som blir presentert, og naturleg døying vil kome i tillegg til denne. Ein fordel ved å bruke «momentant» døyingstal er at dette ofte er tilnærma proporsjonalt med fangstinnsatsen. Ein dobling av fangstinnsatsen tilsvarar omtrent ein dobling av fiskedøyingstalet.

Eit utnyttingsmønster syner korleis utnyttinga er fordelt på kvar aldersgruppe. Dette vil mellom anna vere avhengig av reiskapsseleksjon. Som regel vil utnyttinga vere lågare på ung fisk enn på eldre. Utnyttingsmønsteret er uavhengig av utnyttingsgrad (fiskedøyingstal), og refererer berre til dei relative forhold mellom aldersgruppene. Endringar i utnyttingsmønsteret kan ha stor innverknad på langtidsutbyttet.

Referansepunkt som dannar grunnlag for rådgjeving om fiskekvoter

Føre-var-regelen (eller føre-var-tilnærming) i forvaltning av naturressursar er nedfelt i fleire internasjonale konvensjonar etter Rio-konferansen i 1992. Sidan 1998 har ICES med tida definert og talfesta føre-var-referansepunkt for dei fleste bestandar. Referansepunkta omfattar både utnyttingsgrad (fiskedøyingstal) og storleik på gytebestanden.

Berekraftige fiskeri er eit sentralt omgrep i dei før nemnte internasjonale konvensjonane. Ut frå det langsiktige aspekt som ligg i dette, og ut frå den historiske erfaringa med forvaltning av fiskebestandar, er fiskedøyingstalet rekna som eit viktig kriterium for føre-var-forvaltning. Ein vil sikre seg mot at bestanden vert utsett for ein fiskedøying som på lengre sikt kan føre til samanbrot i bestanden. Ut frå dei historiske bestandsdata og enkle føresetnader om samanhengen i gytebestand/rekruttering, har ein for kvar bestand prøvd å definere ei nedre grense for gytebestand (Blim ) der det er stor sjanse for dårleg rekruttering om gytebestanden kjem under denne grensa. Tilsvarande er det definert ei øvre grense for fiskedøyingstalet (Flim ) som, dersom det vert overskriden over lengre tid, med stort sannsyn vil bringe bestanden ned på det nivået der rekrutteringa er venta å bli dårleg.

Når ein tek omsyn til uvisse i bestandsvurderinga, vil ei føre-var-forvaltning krevje at det vert lagt inn ein sikkerhetsmargin i forhold til desse «absolutte» grenser. Ei føre-var-grense for gytebestand (Bpa ) 1 må difor vere noko høgare enn Blim , og ei føre-var-grense for fiskedøyingstal (Fpa ) må vere noko lågare enn Flim . Denne tryggleiksmarginen vil altså avhenge av presisjonen i bestandsutrekninga og graden av naturleg variasjon i bestanden. Fpa kan sjåast som det høgaste fiskedøyingstalet som vil vere i samsvar med føre-var-forvaltning, men er også knytta til om den er berekraftig. Bpa er fyrst og fremst ei tiltaksgrense. Dersom gytebestanden er lågare enn Bpa bør ein ta det som ei åtvaring og setje inn ekstra tiltak for igjen å få bestanden opp på eit tryggare nivå.

ICES har definert dei «absolutte» grensene (Blim og Flim ) frå historiske bestandsdata og teori om dynamikken i fiskebestandar. Når det gjeld føre-var-grensene (Bpa og Fpa ) er desse mellom anna avhengig av kor stor risiko forvaltninga er villig til å ta. ICES gir difor kun forslag om desse, og det krevst ein dialog med forvaltninga for å fastsetje føremålstenlege verdiar.

Det er verdt å merke seg at ICES sin definisjon av føre-var-referansepunkta er grenseverdiar som tek sikte på at bestanden med stort sannsyn skal halde seg over det nivået der rekrutteringa kan svikte. Grensene er altså ikkje tenkt å vere mål for forvaltninga. For dei fleste bestander, spesielt av botnfisk, er den føreslegne føre-var-grensa for fiskedøyingstalet høgare enn det fiskedøyingstalet som maksimerer langtidsutbyttet, og forvaltninga kan fritt stila mot eit høgare langtidsutbytte ved å setje eit mål for fiskedøyingstalet som er lågare enn føre-var-grensen.

Bruken av føre-var-tilnærminga er komen gradvis til syne i ICES si rådgjeving. Frå og med hausten 1996 vart det i større grad enn tidlegare argumentert mot høge fiskedøyingstal også for ein del bestandar som var godt innafor trygge biologiske grenser. Hausten 1997 blei det for dei fleste bestandar gitt ei åtvaring om kva slags fangstopsjonar som ikkje blei rekna for å vere føre-var, og frå 1998 blei føre-var-referansepunkta innførde. Ei anna omlegging hausten 1998 var at trygge biologiske grenser vart definert ut frå både storleiken på gytebestanden og fiskedøyingstalet, mens dei tidlegare i hovudsak berre vart definert ut frå storleik på gytebestanden. Denne omlegginga gjorde at mange bestandar som før vart klassifisert som innafor trygge biologiske grenser no havna utanfor, sjølv om det ikkje utan vidare hadde skjedd vesentleg endring i bestandssituasjonen. Etter at dette vart presentert har det blitt reist innvendingar mot ei slik inndeling. Det kan verke ulogisk at ei høg utnytting er uansvarlig så lenge gytebestanden er på eit forsvarlig nivå. ICES har ei meir langsiktig grunngjeving for dette: Høgt uttak er ein fare for bestanden på sikt, utan omsyn til noverande storleik på bestanden. Historia stadfestar i høg grad at dette argumentet er relevant.

Figur 4.1 Diagram over fiskedøyingstal og gytebestand (SSB) med referansepunkta Flim
 , Fpa
 , Blim
  og Bpa
  teikna inn. Dei farga felta indikerer ulike tiltakssoner. Grønt: Kan utnyttast; Gult: Tiltaksområde; Raudt: Stopp fisket eller andre drastiske ti...

Figur 4.1 Diagram over fiskedøyingstal og gytebestand (SSB) med referansepunkta Flim , Fpa , Blim og Bpa teikna inn. Dei farga felta indikerer ulike tiltakssoner. Grønt: Kan utnyttast; Gult: Tiltaksområde; Raudt: Stopp fisket eller andre drastiske tiltak

Frå 1999 har ICES nyansert inndelinga i forhold til sikre biologiske grenser og brukar no omgrepet «hausta ut over sikre biologiske grenser» i dei tilfella kor fiskedøyingstalet er for høgt, mens gytebestanden framleis er tilstrekkeleg. Ei ytterlegare nyansering i forhold til trygge biologiske grenser kan illustrerast i eit diagram over fiskedøyingstal og gytebestand med referansepunkta teikna inn (Figur 4.1). Graden av risiko aukar altså nedover og mot høgre i diagrammet. I det grøne feltet er begge kriterium innafor føre-var-verdiar, og det er rom for ein viss valgfridom i kvotefastsetjing. Innafor det gule feltet vil, i dei fleste tilfelle, ein moderat reduksjon i fisket vere tilstrekkelig for å kome raskt tilbake til ei føre-var-forvaltning, mens i det raude feltet krevst kraftige tiltak. For tida går det føre seg ein fagleg diskusjon om å ta i bruk fleire og meir nyanserte formuleringar og dermed også fleire fargenyansar i diagrammet i Figur 4.1.

4.1.4 Rådgjeving frå Det internasjonale råd for havforskning (ICES)

Rådgjevinga frå ICES blir utarbeidd av Den rådgjevande komitéen for fiskeriforvaltning (ACFM). ACFM er sett saman av ein forskar frå kvart av dei 19 medlemslanda i ICES i tillegg til formannen. ACFM møtest to gonger i løpet av året, i juni og oktober. Avhengig av til kva tid dei årlege bestandsutrekningane vert gjennomført for dei ulike fiskebestandane, blir desse utrekningane kvalitetssika og råd til forvaltninga gitt enten om våren eller hausten. Dei siste åra har difor dei viktigaste botnfiskbestandane nord for 62o N samt sild og kolmule blitt behandla av ACFM under vårmøtet, mens råda når det gjeld botnfiskbestandane i Nordsjøen, lodde og makrell har kome om hausten. Råda frå ICES inneheld ei skildring av bestanden sin tilstand, forvaltningsmål, opsjonstabell med konsekvensar av ulik utnytting, rådgjeving samt tabellar og figurar som illustrerer bestandshistoria. Råda er offentlege, og kan lesast for kvar bestand på ICES si internettside www.ices.dk. Havforskningsinstituttet omsetjer rådgjevinga frå ICES til norsk, kommenterar og utdjupar der det er naudsynt, og legg alt ut på Havforskningsinstituttet si internettside www.imr.no. Dette for at det ikkje skal vere tvil om kva som er ICES og Havforskningsinstituttet si offisielle vurdering av bestandssituasjonen og råd til dei forvaltande styresmakter.

4.2 Tilstandsrapportar og rådgjeving for dei viktigaste fiskebestandane i norske farvatn

4.2.1 Norsk-arktisk torsk

Bestanden har si utbreiing i heile Barentshavet opp til polarfronten. I fyrste halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst skrei heilt sør til Stad.

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 660.000 tonn. Dei siste 5 åra har fangsten vore mellom 400.000 og 500.000 tonn. (Figur 4.2). Norsk fangst har dei siste åra vore omlag 45 % av total internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på norsk-arktisk torsk skjer med botntrål, mens i det norske fisket vert 65-70 % av fangsten teken med andre reiskap.

Avtalt kvote har dei tre siste åra vore 395.000 tonn (i tillegg til 40.000 tonn norsk kysttorsk). Sidan 1998 har avtalt kvote vore høgare enn det ICES har tilrådd. (Tabell 4.2).

Figur 4.2 syner utviklinga av bestanden sidan 1946. Bestanden minka frå 1993 til 1999, men har sidan vakse noko. Trass i svært høgt fiskedøyingstal på 5-10 år gamal fisk har betra overleving fram til 5 år gjeve vekst i bestanden. Dei viktigaste årsaker til desse betringar er truleg redusert kannibalisme og betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria.

Tilrådde reguleringar og avtala for 2004

Ved siste bestandsvurdering har ICES klassifisert bestanden til å vere hausta ut over sikre biologiske grenser, men utrekna gytebestand er over føre-var-grensa på 460.000 tonn. ICES tilrådde at fisket i 2004 ikkje bør overskride 398.000 tonn (F=0,40).

Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjon vart i 2002 einige om ein ny forvaltningsregel for torsk. Kvoten for 2004 blei i samsvar med denne regelen sett til 486.000 tonn. Ut frå dei tilgjengelege prognosar svarar denne kvoten til ein F større enn Fpa i 2004. ICES har kommentert at denne regelen i fleire tilfelle vil gje ein kvote som allereie i prognosen tilseier at fiskedøyingstalet blir større enn Fpa , men har ikkje kategorisk avvist at regelen, eventuelt med modifikasjonar, kan gje ei føre-var forvaltning. Om omfattande simuleringar (modell) syner at regelen i det lange løp gir tilstrekkeleg høg tryggleik (ca 95%) for å halde den reelle gytebestanden over Blim , kan regelen reknast for å tilfredsstille føre-var-kriteria. Det vert arbeidd med slike simuleringar for å ha eit betre grunnlag for rådgjevinga for 2005.

Figur 4.2 Norsk-arktisk torsk. Utvikling av totalbestand (tre år og eldre, søyler), gytebestand (skravert del av søylene) og fangst (heiltrukken linje) frå 1946 til 2003.

Figur 4.2 Norsk-arktisk torsk. Utvikling av totalbestand (tre år og eldre, søyler), gytebestand (skravert del av søylene) og fangst (heiltrukken linje) frå 1946 til 2003.

Tabell 4.2 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av norsk-arktisk torsk sidan 1995.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Ingen gevinst ved å auke F681700740501
1996Ingen gevinst ved å auke F746700732579
1997Godt under Fmed< 993850762565
1998F < Fmed514654593388
1999Minka F til under Fpa360480485252
2000Auka SSB til over Bpa i 2001110390414222
2001Høgt sannsyn for SSB > Bpa i 2003263395426321
2002Minka F til under 0.25181395445505
2003Minka F til under Fpa305395653
2004Minka F til under Fpa398486652

4.2.2 Norsk-arktisk hyse

Norsk-arktisk hyse gyt på djupt vatn nordover langs kysten. Det viktigaste gyteområdet er vestkanten av Tromsøflaket. Andre viktige gytefelt er eggakanten utanfor Møre og Romsdal og utanfor Røstbanken og Vesterålsbankane. Oppvekstområda finst langs kysten og i Barentshavet. Ulike årsklassar har ulik utbreiing og dette må det takast spesielt omsyn til i bestandsutrekningane.

Bestandsrådgjevinga frå mai 2003 syner at bestanden har vore hausta for hardt sidan 1992. Grunnen til dette er todelt: Som for torsk har bestandsprognosane gjennomgåande vore for optimistiske. I tillegg har norske og russiske styresmakter avtala uttak som er over dei tilrådde maksimalgrensene.

I utrekningane av hysebestanden sin storleik har ein brukt same reknemodell som for norsk-arktisk torsk. I utrekningane inngår, forutan fangststatistikken, tre seriar av indeksar (relative mål) frå forskingstokt. Toktindeksane som inngår er botntrålindeks og akustisk indeks frå det norske toktet i Barentshavet i februar, og botntrålindeks frå det russiske toktet i Barentshavet i november/desember. I 2002 vart det utført ei ekstra hysedekning i forlenginga av det norske toktet. Denne undersøkinga avdekka rikelege mengder av hyse utanfor det tradisjonelle toktområdet. Andre undersøkingar støttar opp om dette, men avdekker også eit svært interessant fenomen. Det viser seg at denne graden av underdekning varierer frå årsklasse til årsklasse. Konkret gir dette seg utslag i at enkelte årsklassar har ein langt meir vestleg og sørleg (kystnær) fordeling enn andre årsklassar. Denne endringa i fordeling kan også knyttast til årsklassa sin storleik.

Den sterkaste endring i fordeling har vore observert for 1996-årsklassen, og dette blei det tatt spesielt omsyn til ved dei siste bestandsanalysane. Bestandsutrekningane tek også omsyn til den mengde hyse som vert eten av torsk. Dette reknar ein ut frå mageprøvar av torsk. Tendensen til å overvurdere bestanden sin storleik har vore større enn for torsk. Ein mulig årsak til dette kan vere ein varierande grad av utkast og ikkje-bokførte landingar. Ein indikasjon på ein auke i graden av utkast blei observert på seitoktet hausten 2002. Fleire stader langs kysten blei det oppdaga krokskadd hyse som ein reknar med er utkast frå fløytlinefisket.

Figur 4.3 Utviklinga av totalbestanden, gytebestanden og fangst av norsk artisk hyse sidan 1950

Figur 4.3 Utviklinga av totalbestanden, gytebestanden og fangst av norsk artisk hyse sidan 1950

Bestanden av norsk-arktisk hyse var nede på eit svært lågt nivå i 1983-1984. (Figur 4.3). Etter dette gav årsklassane 1982 og 1983 ei auke i bestanden, men dei svake årsklassane 1985-1987 førte til ein ny nedgang fram til 1990. Rekrutteringa vart seinare sterkt forbetra. Spesielt var 1990-årsklassen svært sterk, og den er saman med 1950-, 1969- og 1983-årsklassane ein av fire svært sterke årsklassar etter 1945. Frå 1998 ser det ut til at ein har kome i ein ny situasjon med meir stabilt god rekruttering. Når ein i tillegg observerte ein av dei høgaste yngel-indeksane nokosinne i 2002 og om lag middels indeks i 2003, er grunnlaget for ei svært positiv bestandsutvikling til stades.

Dei totalkvotane som har vore avtala av norske og russiske styresmakter har generelt sett vore over tilrådde kvoter heile tida sidan 1990. (Tabell 4.3). Unntaka har vore 1997 og 2003. Anbefalinga for 2004 er å redusere fisketrykket til under føre-var-nivå. Dette svarar til ein totalkvote lågare enn 120.000 tonn. Den avtalte kvoten for 2004 på 130.000 tonn er ikkje i samsvar med føre-var prinsippet. På den andre sida er gytebestanden over føre-var-nivået på 80.000 tonn.

Tabell 4.3 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av norsk-arktisk hyse sidan 1995.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Ingen langtidsgevinst for F > Fmed12213013897
1996Ingen langtidsgevinst for F > Fmed169170173141
1997Hald F godt under Fmed<242210149134
1998Hald F under Fmed12013094108
1999Minka F til under Fpa<74788293
2000Minka F til under Fpa<37626152
2001Minka F til under Fpa<66858291
2002Minka F til under Fpa<64858486
2003Minka F til under Fpa< 101101120
2004Minka F til under Fpa<120130133

4.2.3 Norsk arktisk sei

Fisket

Utbytet av seifisket nord for 62°N var om lag 135.000 tonn i 2000, 136.000 tonn i 2001 og 155.000 tonn i 2002. (Figur 4.4). Kvoten for 2003 blei fastsett til 164.000 tonn. Noreg dominerer ­fisket (ca. 95 %), og sluttresultatet i 2003 ligg an til å bli vel 145.000 tonn. Det gjennomsnittlege norske utbytet i perioden 1960-2002 er på 132.000 tonn.

Bestandsgrunnlaget

I april 2003 gjennomførte ICES-arbeidsgruppa nye bestandsutrekningar. (Figur 4.4). Gytebestanden var på ein topp i 1998 og har sidan blitt litt redusert, men er forventa å stabilisere seg dersom fiskedøyingstalet vert halden på nivået i dag. Analysen viste ein liten auke i fiskedøyingstalet frå 2000 til 2001 og 2002, men det ligg framleis under føre-var-nivået. Dei siste åra har det vore ein tendens til å overvurdere fiskedøyingstalet og undervurdere bestandsstorleiken i siste utrekningsår. På den andre sida har denne trenden avteke noko siste år.

ACFM konkluderte med at bestanden er innafor sikre biologiske grenser. Gytebestanden er godt over føre-var-nivået på 150.000 tonn, og utnyttingsmønsteret er betre enn tidlegare. ACFM tilrår at fiskedøyingstalet vert halden under føre-var-grensa, noko som svarar til ein fangst på under 186.000 tonn i 2004.

Havforskningsinstituttet støtta tilrådinga frå ICES, og var einig i at ein legg seg under eit føre-var fiskedøyingstal også neste år. Med tanke på gytebestandsutvikling og størst mulig stabilitet i fangst tilrådde Havforskningsinstituttet at ein ikkje sette kvoten for 2004 høgare enn det motsvarande utnyttingsnivået i 2003, dvs. rundt 165.000 tonn. Dette ville i så fall vere på nivå med både gjennomsnittlig totalfangst frå 1960 til 2002 (160.000 tonn), og langtidsutbytet for gjeldande utnyttingsmønster under føresetnad av gjennomsnittleg rekruttering (161.000 tonn).

Det akustiske seitoktet er i fyrste rekkje retta inn mot aldersgrupper som er i ferd med å rekruttere til fisket (3-5 år) og dekkjer i mindre grad kjønnsmoden fisk. Det er vanskeleg å ha pålitelege mål for rekrutterande årsklassar av sei fordi de fyrst kjem inn i toktutrekninga samstundes med at dei kjem inn i not- og snurrevadfisket. Resultat frå dei siste tokta tyder på at utnyttingsgraden av 4-5 år gamal sei er aukande. Dette er spesielt urovekkjande for 4–åringane fordi det var venta at dei nye minstemålsføresegnene som vart innførde i 1999 i større grad ville verne denne aldersgruppa, som i store delar av året er under minstemålet. Dette tilseier også at ein må vere forsiktig i uttaket.

Norske styresmakter fastsette totalkvoten for 2004 til 169.000 tonn. (Sjå tabell 4.4). Dette svarar til eit fiskedøyingstal på omlag 0.24, som er under føre-var-grensa.

Figur 4.4 Sei nord for 62°N. Utviklinga i totalbestanden (2 år og eldre), gytebestanden og fangst. Tala for 2003 og 2004 er prognoser.

Figur 4.4 Sei nord for 62°N. Utviklinga i totalbestanden (2 år og eldre), gytebestanden og fangst. Tala for 2003 og 2004 er prognoser.

Tabell 4.4 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av norsk-arktisk sei sidan 1995.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Ingen auke i F221165168289
1996Ingen auke i F158163171332
1997Minka F til Fmed eller lavere107125144385
1998Minka F til Fmed eller lavere1171451154464
1999Minka F under Fpa871442150428
2000Minka F under Fpa<891253135409
2001Minka F under Fpa<115135136441
2002Minka F under Fpa<1521624154447
2003Halde F under Fpa< 1684164437
2004Halde F under Fpa< 186169411

1 TAC fyrst satt til 125.000 t, auka i mai 1998 etter ekstraordinære bestandsanalysar.

2 TAC satt etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1998.

3 TAC satt etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1999.

4 TAC først satt til 152.000 t, auka til 162.000 t etter bestandsanalysane i april 2002, opphavleg råd frå ICES for 2003 på 168.000 t følgeleg redusert til 164.000 t

4.2.4 Lodde i Barentshavet

Utrekningsmetodar

Totalbestanden av lodde vert målt akustisk kvar haust. Toktet er eit samarbeid mellom Noreg og Russland. Desse undersøkingane gjev eit overslag over mengda av lodde som er eit år og eldre. Eit loddelarvetokt i juni og eit 0-gruppetokt i august gjev tilleggsinformasjon om rekruttering.

Bestandsutrekningane for lodda i Barentshavet vert utarbeidde av ei undergruppe av «Northern Pelagic and Blue Whiting Fisheries Working Group» i ICES, som møtest etter hausttoktet Bestandsestimatet frå det årlege hausttoktet vert brukt direkte som mål for bestandsstorleiken, og prognosar og kvotetilrådingar vert rekna ut i spesielle modeller der også modning, vekst og naturleg døyingstal inngår. Estimata for naturleg døyingstal tek omsyn til mellom anna mengda og storleikssamansetjinga av torsk i Barentshavet, og kor mykje av loddebestanden ein meiner at denne torsken kjem til å eta. I prognosane blir det teke omsyn til uvisse i dei ulike målingane og i føresetnadane som inngår.

Bestandsgrunnlaget

Figur 4.5 viser utviklinga i bestand og fangst frå 1973 til 2003. Loddebestanden sin biomasse vart monaleg redusert frå 2002 til 2003, og situasjonen må kallast eit bestandssamanbrot. Dette skuldast først og fremst at årsklassane 2000 og 2001 i 2003 berre var 0.2 og 0.1 gonger så talrike som tilsvarande aldersgrupper var i 2002. Dette kom både av at desse årsklassane var svakare i utgangspunktet, og at dei har hatt eit auka naturleg døyingstal. Den rekrutterande 2002-årsklassen var noko meir talrik enn den føregåande årsklassen, men hadde vesentleg lågare gjennomsnittsvekt.

Samanbrotet i bestanden skuldast tre faktorar; svake rekrutterande årsklassar (trass i stor larveproduksjon kvart år), auka naturlege døyingstal og redusert individuell vekst (særleg på 1-åringane). Samanbrotet skuldast ikkje fisket. Hausten 2003 vart det målt store sildemengder (hovudsakleg 2002-årsklassen) i det sørlege og austlege Barentshavet. Det er difor grunn til å tru at den dårlege overlevinga av loddelarver i denne perioden kan ha samanheng med dette. Den auka naturlege døyingstalet på eldre lodde kan, i alle fall langt på veg, skuldast at ein veksande torskebestand beitar på ein sterkt minkande loddebestand. Nedgangen i vekst på 1-åringane var uventa; vanlegvis plar svake årsklassar ha god individuell vekst.

I 2004 og i 2005 vil bestanden vera på eit svært lågt nivå. Den vidare utviklinga i bestanden er i stor grad avhengig av rekrutteringa frå 2003-årsklassen. Som nemnt er denne årsklassen talrik på larve- og 0-gruppestadiet. Den sterke 2002-årsklassen av sild vil vera i Barentshavet enno eit par år, og kan påverke rekrutteringstilhøva for lodde negativt.

Figur 4.5 Utvikling i totalbestand (mørk + lys søyle), gytebestand (lys søyle) og fangst (kurve) av lodde 1973-2003

Figur 4.5 Utvikling i totalbestand (mørk + lys søyle), gytebestand (lys søyle) og fangst (kurve) av lodde 1973-2003

Tabell 4.5 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av lodde i Barentshavet sidan 1998.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1998Ikkje fiske001931,8
1999SSB> 500,000 t<79801051718
20005% sannsyn for SSB< 200 000 t<4354354102097
20015% sannsyn for SSB< 200 000 t<6306305752019
20025% sannsyn for SSB< 200 000 t<6506506431291
20035% sannsyn for SSB< 200 000 t<3103102811279
2004Ikkje fiske00

1 Førebels tal.

Reguleringar

Med den uvissa ACFM reknar med knyter seg til prognosen, vil det, sjølv utan eit fiske vinteren 2004, vera svært stor risiko for at gytebestanden vert mindre enn 200.000 tonn, som ACFM har valt å nytta som Blim . Med bakgrunn i bestandssituasjonen og desse utrekningane, rådde ACFM hausten 2003 til at det ikkje burde opnast for eit loddefiske i Barentshavet vinteren 2004. Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen vedtok på sitt møte i november 2003 å forby fiske på Barentshavslodde vinteren 2004. (Sjå tabell 4.5).

4.2.5 Norsk vårgytande sild

Den vaksne bestanden av norsk vårgytande (NVG) sild gjennomfører årlege vandringar som dekkjer store deler av det nordlege Atlanterhav. Gytinga i februar går føre seg på Norskekysten frå Stad til Vesterålen, beitevandringa frå mai til august er i havområda mellom Noreg, Færøyane, Island, Jan Mayen og Svalbard, medan overvintringa frå september til januar har skjedd i Vestfjorden, Ofotfjorden og Tysfjord frå tidleg på 90-talet. Dei siste to åra har ein stor del av bestanden overvintra i havet vest og nord for Vesterålen. Sildebestanden fiskast av Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland. Silda oppheld seg for det meste i norske farvatn og Noreg er også største fiskerinasjon.

Etter det totale bestandssamanbrotet på slutten av 60-tallet blei bestanden bygd opp att til det som kan kallast historiske nivå. (Figur 4.6). Oppbygginga gjekk sakte og fyrst rundt 1997 var fangsten tilbake på nivå som likna situasjonen før samanbrotet. I 2004 er gytebestanden utrekna å vere om lag 6 millionar tonn og forventast å vekse noko til neste år. Deretter følgjer ein nedgang før det igjen er forventa at gytebestanden vil vekse frå rundt 2006 då den sterke 2002-årsklassen vil byrje å rekruttere.

Figur 4.6 Utviklinga i gytebestanden av NVG sild sidan 1950.

Figur 4.6 Utviklinga i gytebestanden av NVG sild sidan 1950.

Dei norske fangstane (figur 4.7 og tabell 4.6) vert tekne i overvintringsområda og på gytefeltet, med varierande fordeling mellom dei to områda frå år til år. Vinteren 2004 blei det fiska ein relativt stor del i fjordane medan lite blei teke på gytefelta. Russland fiskar det meste av sin kvote i norske farvatn; på gytefelta i februar og i havet vest og nord av Troms og Nordland i august-september. Island fiskar i mai og juni i internasjonalt farvatn i Norskehavet, med enkelte fangstar i eige havområde når bestanden er tilgjengeleg der. I år kor ei sildeavtale er inngått har Island også fiska i Jan Mayen og Svalbardsonen. EU og Færøyene har fiska på gytefelta og i Norskehavet.

I dei internasjonale sildeavtalane som er inngått mellom dei fem partane dei seinare år, er Noreg sin del av fangsten sett til 57 %. Noreg sin del har i praksis lege rundt 60 % med i overkant av 62 % av rapporterte fangstar i 2003. (Tabell 4.6). Dei totale rapporterte fangstane har alle år lege noko under tilrådd TAC. (Tabell 4.7).

Figur 4.7 Utviklinga i total og norsk fangst av NVG sild sidan 1950.

Figur 4.7 Utviklinga i total og norsk fangst av NVG sild sidan 1950.

Situasjonen våren 2004

ICES har tilrådd eit fiske på 825 000 tonn for 2004. Grunnlaget for kvotetilrådinga er ein utnyttingsgrad som kyststatane (EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland) vart einige om i 1999. Det er derimot ikkje oppnådd semje om å føre vidare denne fordelinga i 2004, og det er i skrivande stund difor usikkert om kor mykje den enkelte kyststat kjem til å fiske dette året. Noreg har sett ein kvote for det norske fisket som motsvarar 57%, i samsvar med dei tidlegare fempartsavtalane.

Tabell 4.6 Fangst (tusen tonn) av norsk vårgytende sild 1993-2003.

  199319941995199619971998199920002001200220031
Færøyane2,957,152,860,068,155,564,234,454,823,0
Island21,1174,1165,0220,2197,8203,4186,477,6126,3102,6
Noreg199,8380,8529,8699,2861,0743,9740,6716,6495,0485,0433,1
Russland32,674,4102,0119,3168,9124,0157,3158,3110,9109,7100,6
EU40,1180,4116,489,278,593,467,954,829,1
Total232.4479,2903,11216,71426,51223,01235,31218,9785,8830,6688,3
Fastsett kvote200,02221500,01300,01300,01250,0850,0850,0710,02

1 Førebels tal

2 Ikkje internasjonal semje om totalkvote

Tabell 4.7 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestanden sin storleik (1000 tonn) av norsk vårgytande sild sidan 1995.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstGytebestand
1995Ingen auke i F513Ikkje avtalt9064873
1996Hald SSB over 2.5 millionar tonn1Ikkje avtalt12176522
1997Hald SSB over 2.5 millionar tonn1150014207778
1998Ikkje gå over haustingssregelen2130012237038
1999Ikkje gå over haustingssregelen1263130012356525
2000Ikkje gå over haustingssregelen1500125012075259
2001Ikkje gå over haustingssregelen7538507704773
2002Ikkje gå over haustingssregelen15888508095098
2003Ikkje gå over haustingssregelen710Ikkje avtalt5200
2004Ikkje gå over haustingssregelen825Ikkje avtalt5655

1 Gytebestanden må haldast større enn 2.5 millionar tonn

2 Må haustast innafor haustingssregelen

4.2.6 Nordsjøsild

Nordsjøsild er ein fellesbestand for Noreg og EU. Ein finn nordsjøsild i Nordsjøen og Skagerrak-Kattegat (ungfisk). Den norske kvoten blir fiska av ringnotfartøy, trålarar og kystfartøy, dels i eit direkte fiske og dels som bifangst i industritrålfisket. Utviklinga i fisket frå 1960, er vist i figur 4.8 Fangsttala er henta frå ICES si sildearbeidsgruppe 2003, og vil ikkje alltid vere i samsvar med offisielle tal. Etter kollaps i bestanden, og stopp i fisket på midten av 1970-tallet, auka fangstane jamt utover 1980-talet og nådde ein topp på 770.000 tonn i 1989. Tidleg på 1990-talet var årleg oppfiska kvantum på 500.000-600.000 tonn. Dette førte til ei negativ utvikling i bestanden, og vart tilrådd å avgrense fisket. Kvoten vart difor redusert. I 1996 blei det teke vel 265.000 tonn, og av dette vart ca. 38.000 tonn ungsild fiska som bifangst i industritrålfisket. I 2002 var fangstane auka til vel 350.000 tonn og uttaket av småsild var redusert.

EU-Noreg-avtala om forvaltning av nordsjøsilda, vart innført i 1998. I følgje avtala har Noreg 29% av totalkvoten for direktefiske av sild. Eventuelle bifangstar i det norske industritrålfisket blir trekte frå denne kvoten. EU innførte i 1997 ein eigen bifangstkvote for industrifisket. Denne bifangstkvoten har ikkje blitt oppfiska i åra etter 1997.

Den avtalte kvoten for sild i Nordsjøen (tabell 4.8) har lenge vore lågare enn kvantumet som blir fiska. Dette skuldast hovudsakleg to forhold: a) utstrekt bruk av feilrapportering. Det vil seie at det blir fiska nordsjøsild som blir rapporterte som fangstar teke i andre område, b) fisket etter småsild. Bifangstane av småsild var tidlegare på eit svært høgt nivå (100-200.000 tonn). Dette fisket var i prinsippet uregulert. Etter den nye ordninga vart innført vart bifangstane av småsild i 2000-2002 redusert til 20.000 tonn årleg. Feilrapportering i 2002 vart estimert til ca. 31.000 tonn og utsleppa vart estimerte til ca 17.000 tonn. Det er med andre ord framleis stor usikkerheit i fangststatistikken og dette planter seg vidare til usikkerheit i bestandsvurderinga.

Bestandsgrunnlag

Hardt fiskepress gjennom fleire år førte til at gytebestanden av nordsjøsild vart kraftig redusert i åra 1989-1993, frå ca. 1,2 million tonn til ca. 470.000 tonn. (Figur 4.8). Fiskepresset på den vaksne delen av bestanden auka kraftig utover i 90-åra og det vart fiska store mengder småsild i industrifisket. Kvotene vart helde på eit jamt nivå, samtidig som bestandsnivået var i kraftig nedgang. Dette førte til at rekrutteringa til den vaksne bestanden vart dårleg og vesentleg dårligare enn det som skulle til for å oppretthalde storleiken på bestanden med eit slik fiskepress. Strenge reguleringar av både bifangstfisket, og på fangstar av vaksen sild, vart innført på midten av 1990-årene (EU-Noreg avtala). Dette førte til ein auke av gytebestanden, til ca 800.000 tonn i 1998–2000. I dei to neste åra steig gytebestanden til ca. 1,3 million tonn i 2001 og ca. 1,6 million tonn i 2002. Gytebiomassen har auka som følgje av reduserte fangstar, sterk rekruttering og oppfølging av strenge forvaltningstiltak som har redusert uttaket av både ungsild og vaksen sild.

Figur 4.8 Utviklinga i gytebestand og fangst av nordsjøsild sidan 1960.

Figur 4.8 Utviklinga i gytebestand og fangst av nordsjøsild sidan 1960.

Rådgjeving

Etter innføringa av eit strengt forvaltningsregime (Noreg-EU) i 1998, er bestanden av Nordsjøsild no i god vekst. Fyrst i 2002 vart den estimerte gytebestanden (biomassen) klassifisert til å vere innafor sikre biologiske grenser. Forvaltningsstrategien som Noreg og EU er einige om seier at F for vaksen sild ikkje skal overstige 0,25, og for ungsild skal F ikkje overstige 0,12. EU og Noreg har dei siste åra vedteke kvoter som tilsvarar ein F på 0,2. I 2004 er den avtalte kvoten 500.000 tonn for vaksen sild og 52.000 tonn for ungsild.

Rådgjevinga for 2004 var i stor grad basert på to sterke årsklasser (1998 og 2000) på veg inn i fisket. Observasjonar frå ulike tokt indikerer at desse årsklassane er av dei sterkaste for perioden 1960-2002. Sterke årsklassar har tidligare vist tendens til lågare modningsrate enn gjennomsnittleg og dette vil kunne føre til negativ effekt på den estimert gytebiomassen. Det er indikasjonar på 2002-årsklassen er svært svak. Bestandsestimata er i stor grad avhengig av kvaliteten på fangsttala (feilrapportering, utslepp) og at kvotene ikkje blir overfiska. Dette påverkar i stor grad om forvaltningsstrategien for nordsjøsild lukkast.

Tabell 4.8 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av Nordsjøsild sidan 1995.

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstGytebestand
1995Langsiktig gevinst forventa med lågare F429440566482
199650 % reduksjon av avtalt TAC200200265463
1997F = 0.2186186234557
1998F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.1276276329736
1999F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.1296296336850
2000F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.1301301329829
2001F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.13013013231271
2002F(vaksen) = 0.2, F(ungfisk)< 0.13013013531588
2003F(vaksen) = 0.25, F(ungfisk) = 0.124524522231
2004F(vaksen) = 0.25, F(ungfisk) = 0.15525522491

4.2.7 Makrell

Den nordaustatlantiske makrellbestanden består av tre gytekomponentar, sørleg-, vestleg- og nordsjømakrell. Vestleg og sørleg makrell er på eit høgt nivå, medan Nordsjø-komponenten framleis er på eit lågt nivå. Bestandsmålingar vert gjort kvart tredje år og i 2002 blei det observert teikn til vekst i Nordsjøbestanden for fyrste gong på meir enn 25 år. Sidan 2001 har makrellfisket vore regulert i heile utbreiingsområdet.

Fisket

Fisket etter makrell føregår hovudsakleg i direkte fiskeri med snurpenot og trål. I Biscaya og utanfor Portugal vert makrell stort sett teke som bifangst av trålarar. Det norske fisket føregår hovedsakleg med snurpenot, men trål og tradisjonelle reiskapar som garn og snøre vert også brukt.

I byrjinga av 90-åra auka dei internasjonale makrellfangstane frå ein stabil årsfangst på 600.000-650.000 tonn til over 800.000 tonn i 1993 og 1994. Dette førte til nedgang i bestanden, og fangstnivået måtte ned. Strenge reguleringar med lågare kvoter førte til at fangstane fall til 563.000 og 570.000 tonn i 1996 og 1997. (Figur 4.9). Dei viktigaste fangstområda er Nordsjøen (område IV), Norskehavet (område IIa) og vest av 4° vest (områda VI og VII).

Figur 4.9 Gytebestand og fangst av nordaustatlantisk makrell 1972-2003. Fangst i 2003 estimert til 646.000 tonn

Figur 4.9 Gytebestand og fangst av nordaustatlantisk makrell 1972-2003. Fangst i 2003 estimert til 646.000 tonn

I 2002 hadde Noreg ein disponibel kvote på 182.637 tonn makrell. Totalt blei det fiska 184.300 tonn, og over 99 % av landingane gjekk til konsum. Fangstfordelinga gjennom året fordelte seg på vanleg måte med mindre enn 1% fyrste halvår, 83 % i tredje kvartal og resten i fjerde kvartal. I 2003 var den norske kvoten på 159.556 tonn. Mellombels norsk fangststatistikk viser at kvoten blei teken, og at nesten alt blei levert til konsum. Den internasjonale fangststatistikken for 2003 er enno ikkje klar.

Uttaket frå bestanden er større enn det som vert landa, i og med at det vert dumpa og sleppt makrell på feltet. Dette påfører bestanden ekstra døying. I og med at det nesten ikkje finst data for dette, kan det ikkje gis gode overslag på kor stort utkastet er.

Makrellen som vert fiska i Nordsjøen, Skagerrak og Norskehavet stammar frå tre gyteområde: 1) Nordsjøen, 2) sør og vest av Irland og 3) utanfor Portugal og Spania. Makrell frå det sørlegaste gyteområdet blei inntil 1994 behandla som ei eiga eining. Norske og internasjonale merkeforsøk viser at også makrell som gyter i dei sørlege og vestlege områda etter gyting vandrar til Norskehavet og Nordsjøen for å beite. Makrellens vandringar er altså så omfattande at fisk frå alle tre gyteområda vert blanda og fiska på i Nordsjøen, Skagerrak og Norskehavet i andre halvår. Det er umulig å skilja desse tre komponentane i fangstane. Difor vert makrellen forvalta som ein bestand, den nordaustlantiske makrellbestand. Utviklinga av bestanden og oppfiska kvantum sidan 1972 er vist i figur 4.9. Gytebestanden er no utrekna til vel 3 millionar tonn. Den vestlege komponenten utgjer ca 85% og Nordsjøkomponenten har vore lav (1-5%) heilt sidan den blei fiska ned på byrjinga av 1970-talet.

Noreg, EU og Færøyane har sidan 1999 vore einige om at uttaket av bestanden skal tilsvare eit fiskedøyingstal på 0,15-0,2. ICES tilrår ein kvote for 2004 på inntil 545.000 tonn som tilsvarar Fpa = 0,17. Dette er same kvote som blei tilrådd for 2003. I forhandlingane mellom dei tre partane blei totalkvoten sett til 545.000 tonn og Noreg disponerer ca 145.000 tonn.

For å verne makrellen i Nordsjøen vert det framleis tilrådd å stenge den sørlege delen for makrellfiske heile året og den nordlege delen i perioden februar-juli.

Tabell 4.9 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av nordaustatlantisk makrell sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstGytebestand
1995Råd gitt for kvar gytekomponent6457562729
1996Monaleg reduksjon av F4525642729
1997Monaleg reduksjon av F4705702851
1998F = 0,15-0,2 (Noreg-EU avtala)4985496672875
1999F = 0,154375626093147
2000Fpa = 0,176426126673117
2001Fpa = 0,176656706783428
2002Fpa = 0,176946837183147
2003Fpa = 0,175425933091
2004Fpa = 0,175455903070

Tabell 4.9 viser at fangstuttaket ligg til dels godt over både tilrådd og avtalt fangst. At fangsten har vore høgare enn avtalt skuldast hovedsakleg fisket i internasjonalt område og i Færøysona, i tillegg til eit generelt overfiske i andre område. I 2001, som var fyrste året med avtale også for den internasjonale sona, er fangstkvantumet meir i samsvar med avtalt kvote.

4.2.8 Sei i Nordsjøen og vest av Skottland

I dei siste åra har landingane lege rundt 110.000 tonn bortsett frå i 2000 og 2001 då landingane var rundt 95.000 tonn. (Figur 4.10). Fangstane frå vest av Skottland har i dei seinere år utgjort ca. 9 % av totalfangstane. Ein reknar med at landingane frå Nordsjøen for 2002 er 117.000 tonn som er 18.000 tonn mindre enn avtalt TAC. På grunn av lave kvoter og utkastpåbudet i EU-sona var det i 2000 og 2001 eit omfattande utkast av sei. For 2000 reknar ein med eit utkast på meir enn 20.000 tonn, og for 2001 på 15.000 tonn. Den norske delen av totalfangsten i denne perioden har vore over 48 %. Mellombelse oppgåver for 2003 tyder på at norsk fangst, inkludert bifangst til oppmaling, vil bli ca. 60.000 tonn. Dette er ca. 21.000 tonn mindre enn kvoten på 80.800 tonn. Av det norske fisket er det trålarflåten som tek mesteparten (ca. 80 %). Notfisket inkluderar også ungsei nær kysten. Noreg disponerer 52 % av totalkvoten.

Figur 4.10 Sei i Nordsjøen og vest av Skotland. Utvikling av gytebestand (SSB) og landingar sidan 1967. Tala for 2004 og 2005 er prognosar.

Figur 4.10 Sei i Nordsjøen og vest av Skotland. Utvikling av gytebestand (SSB) og landingar sidan 1967. Tala for 2004 og 2005 er prognosar.

Frå og med 1999 er det laga ei felles utrekning for seibestandene i Nordsjøen og vest av Skottland. Ein kan difor ikkje samanlikne tala frå tidlegare år med noverande utrekningar. Nordsjøbestanden er i alle høve svært stor i forhold til bestanden vest av Skottland, så alle utrekningar vert styrt av data frå nordsjøbestanden. Eit av dei største problema ved bestandsutrekninga er manglande rekrutteringsdata. Det blei sett i gang 0-gruppetokt på sei i 1999, men denne tidsserien er hittil for kort til å kunne brukast.

I byrjinga av 1970-åra var totalbestanden av sei i Nordsjøen og vest av Skottland på nesten 1,3 millioner tonn, men den blei så redusert til ca. 718.000 tonn i 1999, for så å auke opp mot ein million tonn i 2002. (Figur 4.10). Gytebestanden som i 1974 var på 555.000 tonn, nådde eit minimum på 93.000 tonn i 1991, men er no utrekna til 430.000 tonn i byrjinga av 2004. 1998- og 1999-årsklassen ser ut til å vere over middels, medan mellombelse data indikerer at 1995-1997-årsklassane er rundt eller under middels. Fiskedøyingstala har vist ein synkande trend sidan 1986, og er utrekna til å ha vore 0,21 i 2002.

Det er gjort framlegg om at for sei i Nordsjøen og vest av Skottland er Bpa 200.000 tonn (under dette nivået er det hovedsakleg produsert midlare og dårlegare årsklassar), og Fpa er sett til 0,40.

Gytebestanden har sidan 1999 vore innafor biologisk sikre grenser.

Tabell 4.10 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av sei i Nordsjøen sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstGytebestand
1995No increase in F107107113135
1996No increase in F111111110157
1997No increase in F113115103196
1998Reduce F by 20%9797100196
1999Reduce F to Fpa104110107209
2000Reduce F by 30 %758587201
2001Reduce F by 20 %878790230
2002F < Fpa135135117240
2003F < Fpa<176165364
2004F < Fpa<232190436

ACFM har tilrådd at fiskedøyingstala i 2004 bør vere lågare enn Fpa (0,40), som tilsvarar ein fangst i Nordsjøen på 232.000 tonn. Dei fastslår samtidig at det ikkje er noko langsiktig gevinst i å auke fiskedøyingstala over dagens nivå. Ein vil auke stabiliteten i fangst over ein tiårsperiode ved å oppretthalde dagens fiskedøyingstal og avgrense uttaket til 162.000 tonn i Nordsjøen. Noreg og EU blei enige om ein totalkvote på 190.000 tonn for 2004. (Sjå tabell 4.10). Av dette kan Noreg disponere 98.800 tonn, kor alt kan fiskast i EU-sona.

4.2.9 Torsk, hyse og kviting i Nordsjøen

Bunntrål- og snurrevadfisket til konsum fiskar torsk, hyse og kviting i blanding. Industritrålfisket og bomtrålfisket etter flatfisk medfører ei auke i døyingstala særleg for dei yngre årsklassane.

Torskelandingane har falle frå 300.000 tonn i 1981 til ca 54.000 tonn i 2002. (Figur 4.11). Norsk fiske i 2002 var på 5.200 tonn, og landingane i 2003 ser ut til å bli på ca 4.200. Dette er ca 450 tonn mindre enn den norske kvoten på 4.641 tonn. Noreg disponerer 17 % av total TAC.

Figur 4.11 Gytebestand og fangst av torsk i Nordsjøen, Skagerrak og Kanalen.

Figur 4.11 Gytebestand og fangst av torsk i Nordsjøen, Skagerrak og Kanalen.

Årsfangstane (inkludert utkast) av hyse låg på omkring 200.000 tonn i åra 1980-1987 og fall gradvis til 86.700 tonn i 1990. (Figur 4.12). I 2001 blei det fanga 165.200 tonn kor 118.000 tonn blei kasta ut. Berre 24 % av fangsten i 2001 blei brukt til konsum, medan det i 2002 blei fanga 101.000 tonn kor 44.700 tonn blei kasta ut. Norsk fangst i 2002 var 3.941 tonn inkludert bifangst i industritrålfisket. Prognosen for 2003 er vel 2.700 tonn, medan norsk kvote var 9.580 tonn. Noreg disponerer 23 % av total TAC.

Figur 4.12 Gytebestand og fangst av hyse i Nordsjøen og Skagerrak.

Figur 4.12 Gytebestand og fangst av hyse i Nordsjøen og Skagerrak.

Fangstane av kviting er vist i figur 4.13. Utbytet har vore stabilt dei siste ti år, medan det er monaleg lågare enn i perioden 1960-1980. Skottland tek om lag ein tredjedel av totalfangsten. Dei norske landingane er hovedsakleg bifangst i industritrålfisket. Noreg hadde ein kvote på 1.600 tonn i 2003. Mellombelse fangsttall indikerer at fangsten vil bli rundt 54 % av dette. Noreg disponerer 10 % av total TAC.

Figur 4.13 Gytebestand og fangst av kviting i Nordsjøen og Kanalen.

Figur 4.13 Gytebestand og fangst av kviting i Nordsjøen og Kanalen.

Bestandsutrekningane er basert på ein kombinasjon av fiskeriavhengige data og toktdata. Noreg medverkar med totalfangst og toktdata. Frå og med 1996 vert det laga ei felles utrekning for torskebestandane i Nordsjøen, Skagerrak og Kanalen, for hysebestandane i Nordsjøen og Skagerrak og for kvitingbestandene i Nordsjøen og Kanalen. Ein kan difor ikkje samanlikne tala frå tidlegere år med noverande utrekningar. Bestandane i Nordsjøen er i alle høve svært store i forhold til dei to andre områda, slik at alle utrekningar vert styrt av data frå Nordsjøen. I 2003 hadde alle tre bestandene såkalla «benchmark assessment» som tyder at ein går gjennom alle data og nyttar mange forskjellige utrekningsmetodar.

Gytebestanden av torsk blei redusert frå ca. 277.000 tonn i 1970 til langt under Blim i 2001 som er 70.000 tonn. (Figur 4.11). ICES var ikkje i stand til å rekne ut storleiken på bestanden fordi fangsttala for dei seinere åra er svært usikre, men alle metodar tilseier at gytebestanden framleis er godt under Blim . Den sikre biologiske grensa (Bpa ) er vurdert å vere 150.000 tonn. Dagens fiskemønster medfører høg døying på eitt- og toåringar, slik at berre ca. 15 % av eittåringane overlever til dei er tre år. 1996-årsklassen har vore sterk, men på grunn av stort fiskepress har den ikkje fått bygd opp gytebestanden. Sidan 1997 har alle årsklassar vore svake eller middels, og års-klassane 1997, 2000 og 2002 er dei svakeste årsklassane som er registrert. Det er difor ikkje venta at gytebestanden vil auke over 150.000 tonn i næraste framtid sjølv om fiskedøyingstala vert kraftig redusert.

Tabell 4.11 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av torsk i Nordsjøen sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstGytebestand
1995Monaleg reduksjon i innsatsen12012073
199680% av F(94) = 0.714113010777
199780% av F(95) = 0.6513511510283
1998F(98) burde ikkje overstige F(96)15314012272
1999F = 0.60 for å byggje opp att SSB1251327859
2000F mindre enn 0.55< 79815945
2001Lågast mogleg fangst048,64133
2002Lågast mogleg fangst049,343,939
2003Ikkje fiske027,3
2004Ikkje fiske027,3

På tross av stort fiskepress har hysebestanden produsert fleire gode årsklassar sidan 1990, særleg er 1999-årsklassen svært sterk. Gytebestanden er i 2004 vurdert til å vere mellom 250.000 og 380.000 tonn, og soleis over Bpa på 140.000 tonn. På grunn av unøyaktige fangsttal fastslår arbeidsgruppa i ICES at fiskepressnivået er usikkert. Alle årsklassane etter 1999 er under middels, og årsklassane 2001 – 2003 ser ut til å vere svært svake, så dersom fiskepresset ikkje vert minka vil gytebestanden ganske snart havne under Bpa .

Tabell 4.12 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av hyse i Nordsjøen sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangst m/utkastGytebestand
1995Monaleg reduksjon i innsats; blanda fiskeri120140147
1996Må ta omsyn til blanda fiskeri120154176
1997Må ta omsyn til blanda fiskeri114138190
1998Ingen auke i F100,3115128160
1999Redusér F(95–97) med 10 %7288,6111112
2000F mindre enn Fpa< 51,77310088
2001F mindre enn Fpa< 5861165241
2002F mindre enn Fpa< 94104101399
2003Ingen fangst av torsk0 torsk55
2004Ingen fangst av torsk0 torsk77

Kvitingbestanden vert no rekna for å vere utanfor sikre biologiske grenser (Bpa =315.000 tonn). Gytebestanden har avteke dei siste 20 åra, og var på det lågaste nivå som er observert i 1998. (Figur 4.13). Det er vanskeleg å sei noko om trendane i gytebestand og fiskedøying for dei siste åra, men alt tyder på at desse går i riktig retning.

Tabell 4.13 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (1000 tonn) av kviting i Nordsjøen sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangst m/utkastGyte­bestand
1995Monaleg reduksjon i innsats; blanda fiskeri8198249
1996Blanda fiskeri; ta omsyn til rådet for torsk6769222
1997Blanda fiskeri; ta omsyn til rådet for torsk7454194
1998Ingen auke frå 1996-nivået546040163
1999Minst 20% reduksjon av F(95–97)40,44455162
2000Lågast mogleg fangst03055200
200160 % reduksjon av F(97–99)19,43043218
2002F ikkje større enn 0.37<333240210
2003Ingen fangst av torsk0 torsk16
2004Ingen fangst av torsk0 torsk

ACFM tilrår at fisket etter torsk vert stoppa. Sidan torsk vert teke i eit blandingsfiske, tilrår ICES at alle fiskeri som fangar torsk vert stoppa eller regulert slik at det blir minimale bifangstar av torsk. Ein gjenoppbyggingsplan bør lagast og iverksetjast for at gytebestanden av torsk kan vekse til over Bpa . Ein kan ikkje oppnå den nødvendige reduksjon i fiskedøying berre ved å redusere TAC. Gjenoppbyggingsplanen må innehalde tiltak for å hindre direkte fiske av torsk, redusere bifangst av torsk i fisket etter andre artar og hindre utkast og feilrapportering av torsk i alle fiskeri. Fiskedøyinga på hyse må vere under Fpa i 2004. For kvitingen vil eit tilsvarande tal vere i underkant av 26.000 tonn.

Noreg og EU er blitt einige om følgjande totalkvoter for 2004: 27.300 tonn torsk, 77.000 tonn hyse og 16.000 tonn kviting. (Sjå tabell 4.11, 4.12 og 4.13). Noreg disponerer 4.641 tonn torsk, 15.391 tonn hyse og 1.600 tonn kviting. Alt kan fiskast i EU-sona.

4.3 Langsiktige forvaltningsplanar

Det er eit sentralt mål for norske fiskeristyresmakter å få til ei berekraftig forvaltning av alle dei kommersielle fiskebestandane som Noreg deler med andre land. Ein viktig føresetnad for å oppnå dette målet, er at ei langsiktig forvaltningsplan med konkrete mål- og grenseverdiar er på plass for den aktuelle bestand. Hittil har Noreg vore med på å vedta langsiktige forvaltningsplanar for alle fellesbestandane i Barentshavet saman med Russland, dei viktigaste botnfiskbestandane og sild i Nordsjøen saman med EU, makrell i Nordaust-Atlanteren saman med EU og Færøyane, og norsk vårgytande sild saman med EU, Russland, Island og Færøyane.

4.3.1 Presentasjon av dei ulike forvaltningsplanane

4.3.1.1 Fellesbestandane i Barentshavet

Norsk arktisk torsk

Den 8. november 2002, i samband med 31. sesjon i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen i Kabelvåg, vedtok Noreg og Russland følgjande forvaltningsplan for norsk arktisk torsk som skal gjelde for den årlege kvotefastsettinga frå og med 2004:

  • Rekn ut gjennomsnittlig TAC-nivå for dei 3 komande år basert på Fpa2 . TAC for neste år fastsetjast til denne utgangsverdien av TAC for desse 3 åra

  • påfølgjande år gjentakast utrekninga av TAC for dei neste 3 år basert på oppdatert informasjon om bestandsutviklinga, like fullt såleis at TAC ikkje skal endrast med meir enn +/- 10 % av TAC for føregåande år

  • dersom gytebestanden faller under Bpa3 vil partane måtte vurdere lågare TAC enn det planen tilseiar

Forvaltningsplanen for torsk skal ta vare på omsynet til:

  • å leggja til rette for eit langsiktig høgt utbytte

  • ynskje om stor grad av stabilitet i TAC frå år til år

  • full utnytting av den til einkvar tid tilgjengelege informasjon om bestandsutviklinga

Norsk arktisk hyse

Same dag som Noreg og Russland vedtok forvaltningsplanen for norsk arktisk torsk vedtok dei ein tilsvarande forvaltningsplan for norsk arktisk hyse som også skal gjelde for den årlege kvotefastsettinga frå og med 2004:

  • Rekn ut gjennomsnittlig TAC-nivå for dei 3 komande år basert på Fpa4 . TAC for neste år fastsetjast til denne utgangsverdien av TAC for desse 3 åra

  • påfølgjande år gjentakast utrekninga av TAC for dei neste 3 år basert på oppdatert informasjon om bestandsutviklinga, like fullt såleis at TAC ikkje skal endrast med meir enn +/- 25 % av TAC for føregåande år 5

  • dersom gytebestanden faller under Bpa6 vil partane måtte vurdere lågare TAC enn det planen tilseiar

Også forvaltningsplanen for hyse skal ta vare på omsynet til:

  • å leggja til rette for eit langsiktig høgt utbytte

  • ynskje om stor grad av stabilitet i TAC frå år til år

  • full utnytting av den til einkvar tid tilgjengelege informasjon om bestandsutviklinga

Lodde i Barentshavet

Samtidig med forvaltningsplanane for torsk og hyse, vedtok Noreg og Russland også følgjande forvaltningsplan for lodde:

TAC skal ikkje setjast høgare enn at, med 95 % sannsyn, minst 200.000 tonn lodde får høve til å gyte.

4.3.1.2 Botnfisk og sild i Nordsjøen

Noreg og EU vedtok forvaltningsplanar for torsk, hyse, sei og raudspette i Nordsjøen fyrste gong 2. desember 1999. Desse forvaltningsplanane har sidan blitt ført vidare kvart einaste år, seinast 24. januar 2004 i samband med fiskeriforhandlingane med EU for 2004.

Torsk i Nordsjøen

Forvaltningsplanen for torsk i Nordsjøen består av følgjande delar:

  1. Alle forsøk skal gjerast på å oppretthalde eit minimumsnivå på gytebestanden større enn 70.000 tonn (Blim ).

  2. For 2000 og følgjande år vart Partane einige om å avgrense fisket sitt på basis av ein TAC i samsvar med eit fiskedøyingstal på 0.65 for aktuelle aldersgrupper som definert av ICES.

  3. Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 150.000 tonn (Bpa ), skal fiskedøyingstalet nemnt under pkt. 2 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av forholda som rår då. Ei slik justering skal sikre ein sikker og rask atterreising av gytebestanden til eit nivå langt over 150.000 tonn.

  4. For å redusere utkast og for å auke gytebiomassen av torsk, vart Partane einige om at fiskemønsteret skal, samstundes som ein hugsar at også anna botnfisk blir hausta i desse fiskeria, bli forbetra i lys av ny vitskapleg rådgjeving frå mellom anna ICES.

  5. Partane skal, som det passar seg, vurdere og revidere desse forvaltningstiltaka og strategiane på basis av eventuelle nye råd frå ICES.

Hyse i Nordsjøen

Forvaltningsplanen for hyse i Nordsjøen består av følgjande delar:

  1. Alle forsøk skal gjerast på å oppretthalde eit minimumsnivå på gytebestanden større enn 100.000 tonn (Blim ).

  2. For 2000 og følgjande år vart Partane einige om å avgrense fisket sitt på basis av ein TAC i samsvar med eit fiskedøyingstal på 0.70 for aktuelle aldersgrupper som definert av ICES.

  3. Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 140.000 tonn (Bpa ), skal fiskedøyingstalet nemnt under pkt. 2 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av forholda som rår då. Ei slik justering skal sikre ein sikker og rask atterreising av gytebestanden til eit nivå langt over 140.000 tonn.

  4. For å redusere utkast og for å auke gytebiomassen av hyse, vart Partane einige om at fiskemønsteret skal, samstundes som ein hugsar at også anna botnfisk blir hausta i desse fiskeria, bli forbetra i lys av ny vitskapleg rådgjeving frå mellom anna ICES.

  5. Partane skal, som det passar seg, vurdere og revidere desse forvaltningstiltaka og strategiane på basis av eventuelle nye råd frå ICES.

Sei i Nordsjøen

Forvaltningsplanen for sei i Nordsjøen består av følgjande delar:

  1. Alle forsøk skal gjerast på å oppretthalde eit minimumsnivå på gytebestanden større enn 106.000 tonn (Blim ).

  2. For 2000 og følgjande år vart Partane einige om å avgrense fisket sitt på basis av ein TAC i samsvar med eit fiskedøyingstal på 0.40 for aktuelle aldersgrupper som definert av ICES.

  3. Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 200.000 tonn (Bpa ), skal fiskedøyingstalet nemnt under pkt. 2 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av forholda som rår då. Ei slik justering skal sikre ein sikker og rask atterreising av gytebestanden til eit nivå langt over 200.000 tonn.

  4. Partane skal, som det passar seg, vurdere og revidere desse forvaltningstiltaka og strategiane på basis av eventuelle nye råd frå ICES.

Raudspette i Nordsjøen

Forvaltningsplanen for raudspette i Nordsjøen består av følgjande delar:

  1. Alle forsøk skal gjerast på å oppretthalde eit minimumsnivå på gytebestanden større enn 210.000 tonn (Blim ).

  2. For 2000 og følgjande år vart Partane einige om å avgrense fisket sitt på basis av ein TAC i samsvar med eit fiskedøyingstal på 0.30 for aktuelle aldersgrupper som definert av ICES.

  3. Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 300.000 tonn (Bpa ), skal fiskedøyingstalet nemnt under pkt. 2 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av forholda som rår då. Ei slik justering skal sikre ein sikker og rask atterreising av gytebestanden til eit nivå langt over 300.000 tonn.

  4. For å redusere utkast og for å auke gytebiomassen av raudspette, vart Partane einige om at fiskemønsteret skal, samstundes som ein hugsar at også andre demersale artar blir hausta i desse fiskeria, bli forbetra i lys av ny vitskapleg rådgjeving frå mellom anna ICES.

  5. Partane skal, som det passar seg, vurdere og revidere desse forvaltningstiltaka og strategiane på basis av eventuelle nye råd frå ICES.

Sild i Nordsjøen

Noreg og EU vedtok ein forvaltningsplan for sild i Nordsjøen fyrste gong 2. desember 1997. Denne har sidan blitt ført vidare kvart einaste år, seinast 20. desember 2002 i samband med fiskeriforhandlinane med EU for 2003. I tillegg til å fastsette fordelinga av bestanden, inneheld forvaltningsplanen følgjande delar:

  1. Alle forsøk skal gjerast på å oppretthalde eit nivå på gytebestanden som er større enn det lågaste biologisk aksepterte nivå (MBAL) på 800.000 tonn.

  2. Ein forvaltningsstrategi for mellomlang sikt, kor årlege kvoter skal bli satt for det direkte fisket og for bifangstar i andre fiskerier som definert av ICES, som skal reflektere eit fiskedøyingstal på 0.25 for 2-åringar og eldre og 0.12 for 0-1-åringar, skal setjast i verk.

  3. Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 1.3 millionar tonn, vil fiskedøyingstala nemnt under pkt. 2 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av dei presise forholda som rår då for å sikre rask atterreising av gytebestanden til nivåer langt over 1.3 millionar tonn.

    Atterreisingsplanen nemnt ovanfor kan, mellom anna , inkludere ytterlegare avgrensingar av innsatsen i form av spesielle lisensar for fartøy, regulering av fiskedøgn, stenging av område og/eller periodar, spesielle meldingskrav eller andre passande kontrolltiltak.

  4. Bifangst av sild kan berre landast i havnar kor passande prøvetakingsordningar for effektivt å kunne overvake landingane har blitt etablert. Alle landa fangstar skal trekkast frå dei respektive kvotane som er sett, og fiskeria skal stoppast omgåande når kvotane er oppfiska.

  5. Partane skal, om det passar seg, konsultere og justere forvaltningstiltak og strategiar på basis av eventuelle nye råd frå ICES inkludert råd basert på vurderinga av talrikdommen til den yngste årsklassen.

4.3.1.3 Makrell i Nordaust-Atlanteren

Noreg, EU og Færøyane vedtok ein forvaltningsplan for makrell i Nordaust-Atlanteren fyrste gong 19. november 1999. Denne har sidan blitt ført vidare kvart einaste år, seinast 4. november 2003. Forvaltningsplanen består av følgjande delar:

  1. For 2001 og følgjande år vart Partane einige om å avgrense fisket sitt på basis av ein TAC i samsvar med eit fiskedøyingstal i området 0.15 – 0.20 for aktuelle aldersgrupper som definert av ICES, om ikkje framtidig vitskapleg rådgjeving krev endring av fiskedøyingstalet.

  2. Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 2.300.000 tonn (Bpa ), skal fiskedøyingstalet nemnt under pkt. 1 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av forholda som rår då. Ei slik justering skal sikre ein sikker og rask atterreising av gytebestanden til eit nivå langt over 2.300.000 tonn.

  3. Partane skal, som det passar seg, vurdere og revidere desse forvaltningstiltaka og strategiane på basis av eventuelle nye råd frå ICES.

4.3.1.4 Norsk vårgytande sild

Noreg, EU, Russland, Island og Færøyane vedtok ein forvaltningsplan for norsk vårgytande sild saman med fyrste gong 20. oktober 1999. Denne vart ført vidare seinast 9. november 2001. 7 Forvaltningsplanen består av følgjande delar:

  1. Alle forsøk skal gjerast på å oppretthalde eit nivå på gytebestanden som er større enn det kritiske nivået (Blim ) på 2.500.000 tonn.

  2. For 2002 og følgjande år vart Partane einige om å avgrense fisket sitt på basis av ein TAC i samsvar med eit fiskedøyingstal mindre enn 0.125 for aktuelle aldersgrupper som definert av ICES, om ikkje framtidig vitskapleg rådgjeving krev endring av dette fiskedøyingstalet.

  3. Om gytebestanden skulle falle under eit referansepunkt på 5.000.000 tonn (Bpa ), skal fiskedøyingstalet nemnt under pkt. 2 bli justert i lys av dei vitskaplege vurderingane av forholda som rår då for å sikre ein sikker og rask atterreising av gytebestanden til eit nivå langt over 5.000.000 tonn. Basisen for ei slik justering skal som eit minimum vere ein lineær reduksjon av fiskedøyingstalet frå 0.125 ved Bpa ( 5.000.000 tonn) til 0.05 ved Blim (2.500.000 tonn).

  4. Partane skal, som det passar seg, vurdere og revidere desse forvaltningstiltaka og strategiane på basis av eventuelle nye råd frå ICES.

4.3.2 Generelle merknader

Med enkelte få unntak 8 er det no på plass langsiktige forvaltningsplanar for samtlige av dei viktigaste kommersielle fiskebestandane som Noreg deler med andre land. Som nemnt i innleiinga er dette ein viktig føresetnad for å oppnå målet om ei berekraftig forvaltning av desse bestandane. På den andre sida vil ikkje ein forvaltningsplan nødvendigvis alltid vere tilstrekkelig for å bringe opp/halda dei aktuelle bestandane på eit berekraftig nivå. Torskebestanden i Nordsjøen er til dømes eit eksempel på dette. Det er mellom anna også viktig å ha eit beskatningsmønster som er tilpassa den enkelte art og ein effektiv kontroll med fiskeuttaket. Norske styresmakter arbeider difor også aktivt med dette. Ein må vidare rekne med at det kan ta ei viss tid fra ein forvaltningsplan er vedtatt for å bygge opp att ein bestand, til denne bestanden faktisk kan seiast å vere på eit berekraftig nivå. Uavhengig av om alle dei føresetnadene forvaltarane kan påverke er oppfylt, kan det dessutan vere vanskeleg å bygge opp att ein bestand om dei naturlege tilhøva ikkje ligg til rette for det.

Fotnotar

1.

pa = «precautionary approach» = «føre var»

2.

Føre-var-grensen for fiskedøyingstalet for norsk arktisk torsk er no 0.40.

3.

Føre-var grensen for gytebestanden av norsk arktisk torsk er no satt til 460.000 tonn.

4.

Føre-var-grensen for fiskedøyingstalet for norsk arktisk hyse har hittil vore satt til 0.35.

5.

På grunn av dei større naturlege fluktuasjonane i hysebestanden enn i torskebestanden, vart Noreg og Russland den 14. november 2003, i samband med 32. sesjon i Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen i St. Petersburg, samde om å vurdere prosentsatsen for dei årlege endringane i TAC for hyse på ny fram mot 33. sesjon i fiskerikommisjonen.

6.

Føre-var-grensen for gytebestanden av norsk arktisk hyse har hittil vore satt til 80.000 tonn.

7.

I mangel av ein fempartsavtale for 2004 er også forvaltningsplanen sett ut av kraft inntil vidare. I 2003 var totalfangsten i samsvar med forvaltningsplanen.

8.

Kviting i Nordsjøen og kolmule.

Til forsida