St.meld. nr. 45 (2003-2004)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2004 og fisket etter avtalane i 2002 og 2003

Til innhaldsliste

6 Fisket etter avtalane i 2002 og 2003

I omtalen av fisket etter avtalane for 2002 og 2003 har ein lagt hovudvekt på i kva grad Noreg og dei partane som blir tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane. Først blir norske kvotar i andre statar sine soner og utnyttinga av desse presenterte, jamfør punkt 6.1 nedanfor. Deretter, i punkt 6.2, blir andre statar sine kvotar i norske område og utnyttinga av desse kvotane presenterte. Kommentarane med omsyn på kvoteutnytting omfattar berre åra 2002 og 2003.

I det følgjande blir omgrepet «fellesforvaltning» nytta om ein del sentrale artar. Fellesforvaltning tyder at to eller fleire land/samanslutningar av land har avtala å forvalte ein art saman fordi arten opptrer i sonene til fleire land. Dette inneber at det i dei årlege kvoteforhandlingane blir avtalt totalkvote for arten, og total tilleten fangst (TAC) blir fordelt på dei aktuelle avtalepartane.

6.1 Norsk utnytting av kvotar

I avsnitt 6.1 og 6.2 er kvotane henta frå dei årlege kvoteavtalane, med eventuelle oppdateringar. Med mindre noko anna er sagt, er fangsttala baserte på kva fartøya har rapportert fiska frå dei ulike jurisdiksjonsområda, anten til Fiskeridirektoratet eller til ansvarlege i 3. land, dvs. styresmaktene i kyststaten. Desse rapporterte fangsttala frå fartøy på fiskefelta kan avvike frå dei tala i sluttsetelstatistikken som viser utlossa kvanta. Symbolet (–) i tabellane tyder anten ingen fangst eller ingen kvote.

6.1.1 Noreg – Russland

6.1.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning for artane torsk, hyse og lodde. Noreg sine kvotar (etter overføringar til 3. land) og fangstar 1 av desse bestandane går fram av tabell 6.1. Delar av dei norske kvotane for desse bestandane kan fiskast i russisk økonomisk sone, sjå tabell 6.2.

Tabell 6.1 Oversikt over norske kvotar (etter over­føring til 3. land) og fangst på fellesbestandane i Barentshavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2002200320022003
Torsk195.335195.435221.559207.727
Hyse50.83557.50051.43056.426
Lodde384.000183.000397.736179.375

Forskingsfangst er inkluderte i fangsttala, men ikkje i kvotetala.

Tabell 6.2 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2002200320022003
RØS:
Torsk140.000140.0001.0613.468
Hyse20.00020.0001.6065.282
Haneskjel----
Reker3.0003.00002.492
Grønlandssel5.00010.000--
Lodde390.000186.000129.04266.715
Steinbit1.5001.500435593
Flyndre1.0001.00000
Bifangstkvote50050084483

6.1.1.2 Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone går fram av tabell 6.2. Av dei norske fangstane nord for 62°N i 2002 fiska Noreg 0,5 % av torskefangstane og 3,2 % av hysefangstane i RØS. Tilsvarande tal for 2003 var 1,7 % for torsk og 9,4 % for hyse. Noreg tek altså små fangstar av torsk og hyse i RØS, sett i høve til dei totale norske fangstane.

I 2002 deltok ingen reketrålarar i fisket etter reker i RØS, medan 19 deltok i 2003. Noreg sin haneskjellkvote var ikkje talfesta i 2002 og 2003. Fisket skal vere eit prøvefiske i eit nærmare avgrensa område. Vilkåra for dette fisket skal avtalast nærmare mellom Noreg og Russland. Slike vilkår blei ikkje fastlagde korkje i 2002 eller 2003, grunna manglande interesse frå næringa.

6.1.2 Noreg – EU

6.1.2.1 Fellesbestandane

Noreg og EU har felles forvaltning for artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell sør for 62°N, sjå tabell 6.3. Delar av dei norske kvotane for konsumfiskbestandane kan fiskast i EU si sone av Nordsjøen, sjå tabell 6.4.

Tabell 6.3 Norske kvotar (etter overføringar til EU og 3. land) og fangstar1 på fellesbestandane i Nordsjøen

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2002200320022003
Torsk7.8804.1144.9714.441
Hyse21.7256.2912.3382.144
Sei66.00080.80058.79461.561
Kviting4.1001.6004538
Raudspette2.3902.4691.9871.961
Makrell161.246159.556161.529150.756
Nordsjøsild74.800114.93077.377114.204

1 Desse fangstane er førebels statistikk frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

Kvotane og fangstane av sei og makrell omfatta Skagerrak i tillegg til Nordsjøen.

Noreg sine kvotar av sei, makrell og sild blei godt utnytta dei to åra. Dei store makrellfangstane i Nordsjø-området må sjåast i samanhang med at Noreg hadde høve til å overføre inntil 100.000 tonn av makrellkvoten nord for 62°N i 2002 og i 2003 til fiske i Nordsjøen (ICES-område IVa). Likeins kunne makrellkvoten vest av 4°V på 14.100 tonn i 2002 og 12.020 tonn i 2003, fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen. Dette forklarer også den låge utnyttinga av Noreg sin makrellkvote vest av 4°V (sjå tabell 6.4).

Noreg fiskar også norsk vårgytande sild (NVG-sild) i Nordsjøen i perioden januar til mai. Totaltala i Nordsjøen for alle sortar sild for åra 2002 og 2003 er 79.888 tonn og 114.612 tonn.

Makrell- og sildekvotane blir fordelte mellom ringnotfartøya, trålarane og kystfartøya. Fangsttala inneheld ikkje norske bifangstar frå industritrålfisket. Bifangstane varierer frå år til år i storleik og art. Frå slutten av 1980-talet har sild utgjort det største innslaget av bifangst i leveransane til oppmaling.

6.1.2.2 Norske kvotar i EU sine farvatn (EUF), og inkludert kvotane tildelt Noreg frå EU i grønlandske farvatn (EUGRL), med tilhøyrande fangstar

Noreg fekk tildelt kvotar av blåkveite, kveite og uer for fiske i grønlandsk sone både av EU og Grønland. For desse artane gjer ein den føresetnaden at EU-kvoten først blir utnytta. Noreg nyttar desse kvotane i så stor grad, at med denne føresetnaden kan talet for fangst i enkelte tilfelle vere lik kvotetala slik dei vert viste i tabell 6.4. Eventuelle fangstar ut over EU-kvotane blir avrekna mot Noreg sine kvotar tildelt av Grønland (sjå tabell 6.6).

Tabell 6.4 Oversikt over Noreg sine kvotar (etter overføringar til EU og 3. land) og fangstar i EU sine farvatn og tildelte kvotar frå EU i Grønlandske farvatn

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2002200320022003
EUF, Nordsjøen:
Torsk17.5804.1141.6551.329
Hyse120.8456.291426470
Sei165.70080.80023.55219.896
Kviting14.1001.410101
Raudspette12.3902.4691.6551.584
Makrell147.386240.1359.758210
Sild150.00050.00010.95845.782
Augepål5.0005.000-3
Tobis50.00075.00054.7685.696
Brisling35.00015.00028-
Reke100100--
Hestmakrell1.6001.60020130
Andre artar5.0005.0002.7233.753
EUF, Vest om 4°V:
Makrell14.10012.020-210
Kolmule120.000120.000121.736120.350
Blålange500300101116
Lange9.5009.5005.3135.452
Brosme5.0005.0002.9402.315
Pigghå20020002
Håbrann10010062
Kombinert kvote600600--
Blåkveite95095024380
Andre artar3.0003.0001.7092.159
EUGRL, Vestgrønland:
Blåkveite920800920800
Kveite2002001026
Skolest/Isgalt o.a.7153151125
EUGRL, Austgrønland:
Reker2.5002.5001.4532.372
Blåkveite1.0558001.055800
Kveite200200194192
Uer1.0003.5751.0003.405
Lodde6.7006.7006.7006.700
Skolest/isgalt o.a.2852855789

1 For disse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

2 Omfattar ikkje overføringar til Nordsjøen frå andre område. Overføringar til 3. land er heller ikkje trekte frå.

6.1.2.3 Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar i EU sine farvatn og tildelte kvotar frå EU i Grønlandske farvatn, med tilhøyrande fangstar, går fram av tabell 6.4. I EU-sona i Nordsjøen kunne norske fartøy til saman fiske 55.000 tonn av industriartane augepål og tobis i 2002 og 80.000 tonn i 2003. Det er den norske industritrålarflåten (omlag 60-70 fartøy) som fiskar på denne kvoten. Inntil 5.000 tonn augepål kunne fiskast i EU-farvatn vest av 4°V i 2002 og 2003. Dette skulle avreknast den samla industrikvoten for augepål og tobis. Det vart ikkje fiska augepål vest av 4°V korkje i 2002 og 2003.

Norske fartøy kunne i tillegg fiske på desse artane utan avgrensingar i norsk økonomisk sone. Samla fiska dei norske industritrålarane i følgje sluttsetelstatistikken 128.300 tonn augepål/kolmule og 176.000 tonn tobis i Nordsjøen i 2002. Tilsvarande sluttseteltal for 2003 var 145.342 tonn augepål/kolmule og 29.641 tonn tobis. Fisket i EU-sona utgjorde altså for tobis ein mindre del av totalfangsten av tobis enn fjoråret, medan det ikkje vart fiska augepål/kolmule i EU-sona av norske industritrålarar korkje i 2002 eller i 2003.

Av Noreg sin kolmulekvote vest av 4°V kunne opptil 40.000 tonn fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa) både i 2002 og 2003. Innanfor den samla kolmulekvoten kunne norske fartøy fiske inntil 9.000 tonn vassild i 2002 og inntil 500 tonn vassild i 2003. I tillegg fiska norske fartøy desse åra kolmule i internasjonalt farvatn vest av dei britiske øyane, i færøysk sone og i eit direkte fiske i NØS nord for 62°N av mindre omfang. I følgje norske sluttseteltal fiska dei norske fartøya totalt 558.100 tonn i 2002 og 851.395 tonn i 2003 i desse områda. Fangsttala inkluderer også kolmule som er fiska av industritrålarane i Nordsjøen.

Det var høve til å overføre 2.000 tonn mellom kvotane for lange, brosme og blålange i 2002. I 2003 var det høve til å overføre 2.000 tonn mellom kvotane for lange og brosme. Desse kvotane kunne berre fiskast med line vest av 4°V (ICES område Vb, VI og VII). I dette fisket kunne norske fartøy ha bifangst av andre fiskeslag med inntil 25% til kvar tid. Den totale bifangsten av andre fiskeslag var i 2002 og 2003 avgrensa til 3.000 tonn, og den blei rekna mot den totale kvoten av lange, blålange og brosme som var på 15.000 tonn i 2002 og mot den totale kvoten av lange og brosme som var på 14.500 tonn i 2003.

Blålange, lange, brosme, pigghå, brugde og håbrann kunne også fiskast i Nordsjøen. Kombinertkvoten galdt linefiske etter havmus, mora, skjelbrosme, isgalt og skolest.

Kvoten «andre artar» i Nordsjøen omfattar fiske på artar der det ikkje er fastsett kvotar for Noreg i EU-sona. Eit unntak er sjøtunge som norske fartøy berre kunne ha som bifangst.

Blåkveitekvoten kunne fiskast i EU sine farvatn nord for 62°N og vest av 4°V. Fisket vest av 4°V kunne berre utøvast med line. Norske fartøy fiska 240 tonn i 2002, og 80 tonn i 2003.

Loddefisket ved Jan Mayen/Island/Grønland blir nærmare omtala i punkt 6.1.6.

6.1.3 Noreg – Færøyane

Tabell 6.5 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i færøysk sone

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2002200320022003
Lange2.3502.1142.350
Brosme4.2221.9501.9461.919
Blålange112
Sei1.0001006456
Blåkveite7575126
Håbrann/Pigghå300300--
Breiflabb252501
Makrell6.6006.100-6.100
Hestmakrell250230--
Kolmule35.00036.20035.00036.200
Andre artar-822888822

6.1.3.1 Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i færøysk sone går fram av tabell 6.5. I 2002 hadde Noreg ein botnfiskkvote for lange, brosme, sei og blålange på til saman 5.222 tonn i færøysk sone, men maksimalt 1.000 tonn sei. I tabell 6.5 står botnfiskkvoten oppført under lange og sei. Kvoten for botnfisk omfatta også bifangst av andre botnfiskartar, til saman opp til 1.200 tonn for 2002. Fisket kunne drivast med seigarn og bankline, men sei kunne også fiskast med trål. Samla vart det fiska 5.124 tonn botnfisk i færøysk sone i 2002. Direkte fiske etter blåkveite og breiflabb skal ikkje avreknast kvotane for botnfisk.

I 2003 vart botnfiskkvoten splitta på dei enkelte artane. Noreg blei tildelt ei kvote på 2.350 tonn lange/blålange. I tabell 6.5 er kvoten og fangsten av lange/ blålange ført på lange. Kvoten av andre artar kunne berre bli fiska som bifangst. Fisket etter desse artane vart elles drive på same måte som i 2002. Samla vart det fiska 5.147 tonn botnfisk i 2003.

Norske fartøy hadde høve til å fiske 75 tonn blåkveite og 25 tonn breiflabb i 2002 og 2003 med garn i eit prøvefiske i færøysk sone. Eit fartøy var lisensiert i 2002 men starta ikkje prøvefisket. Ingen fartøy var lisensiert for dette fisket i 2003. I 2002 vart det til saman fiska 12 tonn blåkveite og i 2003 vart det fiska seks tonn. Norske fartøy starta ikkje fiske etter breiflabb i 2002, men fiska eitt tonn breiflabb som bifangst i 2003. Det vart heller ikkje starta prøvefiske etter håbrann/pigghå i desse åra slik det er løyve til.

Norske ringnotfartøy plar fiske kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen, det vil seie i april/mai. Norske fartøy fiska 35.000 tonn kolmule i 2002 og 36.200 tonn i 2003.

6.1.4 Noreg – Grønland

Tabell 6.6 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2002200320022003
Vestgrønland:
Blåkveite600600600580
Austgrønland:
Blåkveite525525452124
Kveite393393--
Uer400400227-
Vest- og Austgrønland:
Torsk6006002114

6.1.4.1 Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone går fram av tabell 6.6. Fisket etter blåkveite med trål ved Vestgrønland måtte skje sør om 64°30" N eller nord for 68°N og med ei avgrensing på 6 fartøy i fiske samstundes i sona. Det deltok 5 trålarar i fisket i 2002 og 2003. I fisket etter blåkveite ved Austgrønland deltok 8 linefartøy og 4 trålarar i 2002, medan 2 linefartøy og 5 trålarar deltok i 2003.

I 2002 var det 18 og i 2003 var det 17 reketrålarar som tilfredsstilte krava til deltaking i dette fisket ved Austgrønland (kvoten er tildelt av EU, sjå tabell 6.4). Maksimalt 15 fartøy kunne fiske etter reker samstundes i grønlandsk sone. Totalt 11 fartøy deltok i rekefisket i 2002 mot 13 fartøy i 2003.

I 2002 vart det fiska 1.227 tonn uer av ei kvote på til saman 1.400 tonn (samansett av 1.000 tonn uer tildelt Noreg for eit fiske i grønlandsk sone etter den bilaterale avtala med EU og 300/100 tonn frå Grønland). I 2003 vart det fiska 3.405 tonn uer av ei kvote på til saman 3.975 tonn.

I fisket etter kveite ved Austgrønland er det berre høve til å fiske med line. I 2002 fiska 2 linefartøy, og i 2003 fiska 7 linefartøy. I 2002 og 2003 fekk dei fritt fiske innanfor totalkvoten.

I dei siste åra har det ikkje vore mogleg å utnytte torskekvoten som følgje av den dårlege bestandssituasjonen for torsk ved Grønland (Aust- og Vestgrønland). I 2003 har det vore eit betre fiske enn tidlegare år. Om situasjonen for bestanden betrar seg, vil dette kunne bli ein viktig kvote for norske fartøy. Noreg hadde også høve til å ha inntil 10 % samla bifangst av andre artar i 2002. I 2003 vart bifangstkvoten avgrensa til 150 tonn av andre artar.

6.1.5 Noreg – Island, om fisket etter botnfisk ved Island, og fisket etter lodde

Tabell 6.7 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i islandsk sone

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2002200320022003
Brosme, lange, blålange500500491490
Kveite--1812
Uer--1621
Anna--8184
Lodde13.98213.98213.98213.982

6.1.5.1 Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i islandsk sone går fram av tabell 6.7. I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy også høve til å ha inntil 25% bifangst av andre artar. Loddekvotane er inkludert i dei norske loddekvotane for sesongane 2001/2002 og 2002/2003.

6.1.6 Noreg-Grønland-Island; lodde ved Jan Mayen, Grønland og Island

I følgje den gjeldande trepartsavtalen (fiskeriavtalen) for lodde, varar sesongen for loddefisket frå 20. juni til 30. april. Det er likevel ikkje tillete for norske fartøy å drive fiske etter 15. februar i islandsk sone. I sesongen 2002/03 fiska ikkje norske fartøy om vinteren, i motsetnad til sesongen 2003/2004 då 10 fartøy fiska om vinteren.

Tabell 6.8 versikt over Noreg sine kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2002/03 og 2003/04

  Kvotar (tonn)Fangstar (tonn)
Art2002/20032003/20042002/20032003/2004
Lodde115.55686.682124.61284.212

6.1.6.1 Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2002/03 og 2003/04 går fram av tabell 6.8.

Noreg hadde ein førebels kvote frå starten av sesongen 2002/03 på ((1.040.000 tonn x 8%) + 6.700 tonn(EU) + 13.980 tonn («Smottholavtala»)) ») + 15.674 tonn (kompensasjon frå Island)) =119.554 tonn. TAC vart først redusert i løpet av sesongen til 910.000 tonn, slik at norsk kvote etter trepartsavtala for sesongen 2002/2003 blei 109.154 tonn. TAC vart deretter justert opp til 990.000 tonn, slik at endeleg norsk kvote for sesongen 2002/ 2003 vart 115.556 tonn.

På grunn av at endeleg TAC for sesongen 2002/2003 vart justert ned frå 1.040.000 tonn til 990.000 tonn vart det trekt frå 50.000 tonn lodde frå TAC for å balansere overfisket frå fjoråret mellom forhandlingspartane før fordeling av loddekvoten for sesongen 2003/2004. For sesongen 2003/ 2004 vart det fastsett ein førebels kvote på 83.282 tonn (((832.500 tonn – 50.000 tonn) x 8%) + 6.700 tonn (EU) + 13.982 tonn («Smottholavtala»)). TAC vart i løpet av sesongen auka til 875.000 tonn, slik at norsk kvote etter trepartsavtala for sesongen 2003/2004 blei 86.682 tonn.

Til saman blei det fiska 124.612 tonn i sesongen 2002/03 av totalt 78 ringnotfartøy. Dei tilsvarande tala for 2003/04 sesongen var 84.212 tonn og 70 deltakande ringnotfartøy. Trepartsavtala gjeld sesongen 2002/03, medan 13.870 tonn frå «Smottholavtala» gjeld kalendaråret 2002. Det same gjeld EU-kvoten på 6.700 tonn. Tilsvarande gjeld for 2003. Mellom anna på bakgrunn av dette er det postulert at det først blir fiska på «smottholkvoten», så EU-kvoten og til sist kvoten etter trepartsavtala.

6.1.7 Noreg – EU (Sverige – Danmark), om fisket i Skagerrak/Kattegat.

Torsk, raudspette og reker kan fiskast i Skagerrak. Dei andre artane i Skagerrakavtalen kan fiskast både i Skagerrak og Kattegat.

Tabell 6.9 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar1 i Skagerrak/Kattegat

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2002200320022003
Torsk230127145193
Hyse265133146183
Kviting36272320
Raudspette1282665871
Sild10.67010.6706.9678.461
Makrell--289188
Brisling3.7503.7501.151861
Reker4.7304.7303.7093.733

1 Fangsttala er førebels tal frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

6.1.7.1 Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 6.9. Dei viktigaste fiskeria for Noreg i Skagerrak er fisket etter reker og sild. Fangstane av torsk i tabellen omfattar berre fiske utanfor grunnlinja. I 2002 blei det fiska 498 tonn innanfor grunnlinja, mens det tilsvarande talet for 2003 var 569 tonn.

For sei og makrell blei kvotane fastsette i den bilaterale kvoteavtala mellom Noreg og EU. I 2002 og 2003 var det høve for norske fartøy til å fiske inntil 3.000 tonn makrell i Skagerrak. Det var norske kystfartøy som fiska makrell i Skagerrak.

I 2002 blei sildekvoten delt med 3.000 tonn til kystgruppa og det resterande kvantumet til ringnotgruppa. Same fordelinga galdt i 2003. Brisling blei fiska av kystbrislingflåten, mens rekekvoten blei fiska av kystreketrålarane.

6.1.8 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet.

Tabell 6.10 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar1 i det nordvestlege Atlanterhavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2002200320022003
Torsk----
Lodde----
Uer----
Reker--11.55422.925

1 Fangsttala er innmeldte tal til Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet.

6.1.8.1 Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet går fram av tabell 6.10. Det har ikkje vore fastsett loddekvote i NAFO-underområde 3NO sidan 1992. Då hadde Noreg ein loddekvote på 9.000 tonn. Dei seinaste åra har det også vore forbod mot torskefiske. I 2000 var fyrste gong norske fartøy fiska uer i NAFO-underområde 1F. Det er ikkje fastsett uerkvote i dette området. Noreg har og høve til å fiske mellom anna blåkveite i NAFO-underområde 3LMNO under «others-kvoten».

Rekefisket i NAFO tok til våren 1993, då norske reketrålarar saman med reketrålarar frå Færøyane og Grønland starta fiske på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap har utvikla seg til å bli eit viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sidan av fisket ved Grønland. Dette til tross for at fangstkvantumet er redusert samanlikna med fangstnivået dei første åra etter at dette fisket tok til. Rekefisket vart innsatsregulert i 1996. Både i 2002 og 2003 hadde norske fartøy høve til å fiske reker i 1.985 døgn i NAFO området. Dette fisket kunne utøvast med opptil 32 fartøy. I 2002 hadde eitt norsk fartøy i tillegg høve til å fiske 67 tonn reker i NAFO-underområde 3L, men denne kvoten vart ikkje nytta. I 2003 hadde eit norsk fartøy høve til å fiske 145 tonn i dette området. Kvoten vart oppfiska. Totalt fiska 11 reketrålarar i 2002 med til saman 1.317 fangstdøgn. Totalfangsten blei då 11.554 tonn. Tilsvarande tal for 2003 var 11 fartøy som fiska til saman 22.925 tonn i løpet av 1.855 døgn.

6.1.9 Norsk fiske i Irmingerhavet.

Tabell 6.11 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i Irmingerhavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2002200320022003
Uer3.5964.2614.5813.199

6.1.9.1 Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i Irmingerhavet går fram av tabell 6.11. Fisket etter uer i Irmingerhavet var ikkje kvoteregulert før 1996. I 2002 og 2003 deltok høvesvis 4 fartøy og 8 fartøy i uerfisket.

6.1.10 Norsk vårgytande sild – Fempartsavtala

Frå og med 1997 vart firepartsavtala frå 1996 (Færøyane, Island, Russland og Noreg) ei fempartsavtale ved at EU også vart delaktig i prosessen med å fastsetje totalkvote, fordele denne og delta i fisket saman med dei fire andre partane.

Tabell 6.12 Oversikt over kvotar og fangstar i fempartsavtala etter overføringar.

NasjonKvote (tonn)Fangst (tonn)
  2002200320022003
EU73.84048.49350.97440.336
Færøyane45.14030.60933.13728.922
Grønland12.4062.795
Island132.080103.234127.19590.795
Noreg484.500433.100495.992436.399
Russland114.40096.702116.486122.846
Totalt850.000712.138826.190732.086

1 Grønland er i 2002 og 2003 i bilateral avtale med Færøyane gitt kvotar på høvesvis 2.406 og 2.800 tonn

Tabell 6.13 Oversikt over fangstar av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2002

Nasjon/SonerInt. farvatnEUFærøyaneIslandJan MayenSvalbardNØSTotalt
EU22.89210.1015.6454.92112.54356.102
Færøyane12.4468354.34614.67432.301
Grønland2.4062.406
Island36.27721.12363.9755.822127.197
Noreg793488.786489.579
Russland26.65857521.42065.689114.342
Totalt102.73810.10128.17896.662596.173823.193

Tabell 6.14 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2003

Nasjon/SonerInt. farvatnEUFærøyaneIslandJan MayenSvalbardNØSTotalt
EU8.7131.4899.5142.24321.66640.366
Færøyane4.1879383705.2963.62014.51128.922
Grønland2.7952.795
Island78.5678937.7133.6228.3443.598102.737
Noreg160436.239436.399
Russland16.8737422.01983.880122.846
Totalt111.2952.4271.3377.71318.43236.226559.776737.206

1 Fangsttala er innrapporterte frå deltakende land under kvoteforhandlingane i København i 2003.

6.1.10.1 Kommentarar til oversikta (tabellane 6.12, 6.13 og 6.14):

Noreg har i dei siste åra nytta kvoten sin fullt ut. Både i 2002 og 2003 vart kvoten stort sett fiska i NØS, medan eit lite kvantum vart fiska i internasjonalt farvatn.

Det russiske fisket etter norsk vårgytande sild føregjekk i hovudsak i norsk økonomisk sone i 2002 og 2003. I tillegg fiska Russland ein del sild i internasjonalt farvatn og i Svalbardsona. Russland hadde tilsaman eit kraftig overfiske av NVG-sild i 2003.

Island fiska meir i internasjonalt havområde i 2003 enn i 2002. I følgje innrapporterte tal til norske styresmaktar vart dei islandske fangstane i Jan Mayen sona redusert frå vel 21.100 tonn i 2002 til ca. 3.600 tonn i 2003. I 2002 fiska ikkje islandske fartøy NVG-sild i si eiga sone. I 2003 fiska dei derimot ca. 7.700 tonn.

Det færøyske fisket har føregått i dei fleste sonene i 2002 og 2003.

EU utnytta ca. 76% av kvoten i 2002 og hadde ca. 90 % utnytting av kvoten i 2003.

6.2 Utanlandsk utnytting av kvotar i norske havområde i 2002 og 2003

6.2.1 Russland – Noreg

6.2.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har som nemnt felles forvaltning for artane torsk, hyse og lodde. Følgjande oversikt for 2002 og 2003 viser Russland sine kvotar og fangstar av desse artane etter overføring frå Russland til Noreg, men før kvotetildeling frå Russland til 3. land. (Sjå tabell 6.15). Russisk forskingsfangst går ikkje fram av tala.

Tabell 6.15 Russiske kvotar og fangstar1 på fellesbestandane i Barentshavet, etter overføring til Noreg og før overføring til tredjeland

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2002200320022003
Torsk143.550143.550163.815163.119
Hyse34.30043.50033.73735.263
Lodde260.000124.000219.44692.794

1 Tala er førebelse tal rapporterte frå russiske styresmakter til norske styresmakter.

Tabell 6.16 Oversikt over Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2002200320022003
NØS N 62°N:
Torsk140.000140.00053.39656.088
Hyse20.00020.0004.6986.146
Sei5.0005.0003.1893.108
Blåkveite--431169
Steinbit2.0002.0001.0831.120
Uer7501.000547367
Snabeluer2.7501.0002.516386
Kolmule41.54241.54224.42317.486
Lodde253.000124.00010.62855.755
Andre artar3.0003.000244192
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Reker----
Sild7.200-545-

6.2.1.2 Kommentarar til oversikta

Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.16. Av torskekvoten i NØS i 2002 blei 38 % fiska. Tilsvarande tal for 2003 var 40 %. Russland hadde ei utnytting av sin kvote av hyse i NØS på 23 % i 2002 og på 31 % i 2003.

Sei- og uerkvotane kunne berre nyttast til bifangst i 2002, medan steinbit- og snabeluerkvotane skulle dekka både direkte fiske og bifangst. I 2003 var det i tillegg ikkje lovleg å drive eit direkte fiske etter snabeluer. Kolmulekvoten kan også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen. Russland fiska ikkje kolmule i fiskerisona ved Jan Mayen korkje i 2002 eller 2003.

Kvoten av andre artar for 2002 og 2003 er ikkje spesifisert.

6.2.2 EU – Noreg

6.2.2.1 Fellesbestandane

I Nordsjøen har Noreg og EU som nemnt felles forvaltning for artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell. Delar av EU sine kvotar for konsumartane kan fiskast i NØS, sjå tabell 6.18. EU sine kvotar og fangstar 2 av desse bestandane etter overføring frå Noreg til EU, men før kvotetildeling frå EU til 3. land i 2002 og 2003 går fram av tabell 6.17.

Tabell 6.17 EU sine kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen etter overføring frå Noreg til EU og før overføring til tredjeland

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2002200320022003
Torsk41.42022.65938.67720.984
Hyse82.27544.65550.41739.222
Sei64.80079.20053.24838.822
Kviting36.90014.40015.09810.887
Raudspette74.61070.78266.99863.095
Makrell23.69322.06325.06026.184
Nordsjøsild146.327284.000148.808224.592

Kvotane for sei og makrell omfattar Nordsjøen og Skagerrak. I 2002 og 2003 vart makrellkvoten fullt utnytta. Også sildekvoten vart godt utnytta i 2002. EU sine fangstar av makrell blir kommentert i punkt 6.2.2.2.

Tabell 6.18 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2002200320022003
NØS, N 62°N:
Torsk16.35516.35516.41616.188
Hyse1.8502.2009981.386
Sei3.2403.6003.1343.556
Blåkveite1001004827
Uer1.50050078142
Snabeluer1.50050029470
Makrell14.10012.020--
Andre artar45045018754
NØS, Nordsjøen1 :
Torsk236.20020.1209.7836.001
Hyse262.08032.14610.65310.528
Sei266.15080.18212.16610.995
Kviting225.1909.946925340
Raudspette231.50030.0002.8592.429
Makrell223.93322.32329.32424.178
Nordsjøsild250.85050.91014.9929.998
Augepål50.80050.800316.8253.712
Kolmule-419.00018.78117.877
Tobis150.000131.00013.6216.090
Reke1.0401.040727829
Andre artar11.00011.0009.0578.302
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule1.0001.000-21

1 EU sine kvotar i NØS i Nordsjøen, er både i 2001 og 2002 sett saman av to kvoteavtaler; avtala mellom EU-Noreg og avtala mellom Sverige-Noreg. Avtala mellom Sverige og Noreg er dessutan presentert under 6.2.7.

2 For disse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

3 EU kan fiske 40.000 tonn av denne kvoten som tobis

4 Bifangst i augepålfisket

Som nemnt i punkt 6.1.2.2 om norske kvotar på fellesbestandane merka (*) i EU-sona syner tabell 6.18 på tilsvarande måte kor mykje EU og Noreg er samde om at EU-fartøy kan fiske i NØS.

6.2.2.2 Kommentarar til oversikta

EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde går fram av tabell 6.18. Frå og med 1998 har EU ein kvote av torsk nord om 62°N som tilsvarer 4,14% av TAC for norsk-arktisk torsk. I åra 2002 og 2003 har EU nytta torsk-, sei-, hyse- og blåkveitekvotane nord om 62° N svært godt.

EU sin makrellkvote nord om 62°N kunne også fiskast sør om 62°N i ICES-område IVa i 2002 og 2003. Dette forklarer avvika mellom kvote og fangsttal for Nordsjøen. EU sin kvote av blåkveite og samlekvoten for andre artar nord for 62°N er bifangstkvotar.

EU sine fangstar i NØS sør for 62° N som del av EU sine samla fangstar utgjer i 2002 og 2003 følgjande prosentar, for torsk 25% og 29%, for hyse 21% og 27%, for sei 23% og 28%, for kviting 6% og 3% og for raudspette 4% og 4%.

EU sin samla makrellkvote i NØS var 38.033 tonn i 2002 og 34.343 tonn i 2003. EU utnytta 77% av denne kvoten i 2002 og 70% i 2003. EU sine fangstar av sild i NØS i Nordsjøen av samla fangstar utgjer 10% i 2002 og 5% i 2003.

Augepålkvoten gjeld augepål og kolmule i 2002. Ved fiske etter augepål/kolmule og/eller tobis i 2002 kunne den einskilde kvoten overskridast med inntil 40.000 tonn under føresetnad av at samla fangst av augepål/kolmule og tobis ikkje oversteig 200.800 tonn. EU si utnytting av industrikvoten på 200.800 tonn i 2002 var 25%.

I 2003 fekk EU ei eiga kvote på kolmule i NØS sør om 62°N. EU fekk samstundes rett til å fiske 40.000 tonn av kvoten av augepål som tobis. EU utnytta kvoten av kolmule særs godt, og utnyttingsprosenten var 94 % i 2003. Kvoten av augepål og kvoten av tobis vart utnytta med 7% og 5%.

EU hadde ei utnytting på 82% av kvoten andre artar i Nordsjøen i 2002 og 76% i 2003.

6.2.3 Færøyane – Noreg

Tabell 6.19 Oversikt over Færøyane sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2002200320022003
NØS, N 62°N:
Torsk4.3004.3004.2774.310
Hyse452528452528
Sei350450520561
Blåkveite--126
Uer--178
Kolmule500500-1
Lodde13.0009.00011.2708.760
Makrell9.59011.175--
Andre artar170180149
NØS, Nordsjøen:
Sei1.4001.4001.021487
Nordsjøsild1.2007001.418770
Augepål19.50019.5004.5378.332
Makrell--9.77011.248
Hestmakrell4001.00044159
Håbrann/pigghå3003001-
Andre artar28028034774
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule100100--
Reker505013-

6.2.3.1 Kommentarar til oversikta

Færøyane sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.19. Færøyane sine kvotar av torsk, hyse og uer nord om 62°N var samansett av kvotane frå Noreg og tildelingar frå Russland. Etter avtale med Noreg kan delar av Færøyane sine kvotar i russisk økonomisk sone (RØS) fiskast i NØS. I 2002 utgjorde kvotane frå Noreg 1.700 tonn torsk, 350 tonn hyse, 350 tonn sei og 40 tonn andre artar, medan kvotane frå Noreg i 2003 representerte 1.700 tonn torsk, 400 tonn hyse, 450 tonn sei og 50 tonn andre artar. Differansen mellom kvotane i oversikta i tabell 6.19 og kvotane frå Noreg syner altså det kvantum Færøyane kunne fiske av russisk tildelte kvotar i NØS.

Makrellkvoten til Færøyane kunne også fiskast i NØS i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES område IVa). I praksis har kvoten dei siste åra vorte fiska i Nordsjøen.

Færøyane sin seikvote sør for 62°N inkluderer bifangst av sei i andre fiskeri. Det same gjeld for sildekvoten. Augepålkvoten på 19.500 tonn i 2002 og 2003 omfattar også tobis, kolmule og brisling. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og brisling samla under augepål. Færøyane fiska ikkje brisling i NØS i 2002. Dei fiska 130 tonn brisling i 2003.

Kvotane på hestmakrell og håbrann/pigghå kan også fiskast nord for 62°N.

Både i 2002 og 2003 har Færøyane fiska kvotane av torsk og hyse i NØS nord om 62°N. Makrellkvoten vart nytta fullt ut både i 2002 og 2003. Det stod att ein del av seikvoten sør for 62°N både i 2002 og 2003.

6.2.4 Grønland – Noreg

Tabell 6.20 Oversikt over Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2002200320022003
NØS, N 62°N:
Torsk4.0604.3604.0594.363
Hyse850850593847
Sei950950823939
Andre artar1501507968
NØS, Nordsjøen:
Torsk1001003119
Sei1.0001000694736
Andre artar--3025

6.2.4.1 Kommentarar til oversikta

Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.20. Grønland har nytta torske-, hyse- og seikvotane godt i 2002 og 2003. I 2002 overførte Grønland torske- og hysekvote tildelt frå Russland til NØS på høvesvis 2.360 tonn og 520 tonn. I 2003 var netto overføringar høvesvis 2.660 tonn torsk og 520 tonn hyse frå RØS til NØS.

I NØS sør for 62°N hadde Grønland i 2002 og 2003 ein kvote på 1.100 tonn torsk, hyse og sei samla. Av dette kunne torsk og sei utgjere høvesvis maksimalt 100 tonn og 1000 tonn. I 2002 og 2003 fiska eitt fartøy botnfisk i NØS i Nordsjøen. Sjå tabell 6.20.

6.2.5 Island – Noreg

Island fekk ein torskekvote i NØS nord for 62° N på 3.660 tonn både i 2002 og 2003 som eit resultat av «Smottholavtala». Sjå tabell 6.21.

Tabell 6.21 Oversikt over Island sine kvotar og fangstar i 2002 og 2003.

ArtKvotar (tonn)Fangst (tonn)
  2002200320022003
Torsk3.6603.6603.6373.561
Hyse1--355274
Sei1--6876
Anna1--6657

1 Bifangst inntil 30 %

6.2.6 EU (Sverige – Danmark) – Noreg, om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan fiskast berre i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både Skagerrak og Kattegat.

Tabell 6.22 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2002200320022003
Torsk6.8703.7736.5683.726
Hyse6.0353.0174.4952.101
Kviting1.9641.473229164
Raudspette8.27913.0146.6436.344
Nordsjøsild69.33069.33066.32766.955
Brisling46.25046.25030.80833.630
Reker5.4205.4203.9014.826

6.2.6.1 Kommentarar til oversikta

EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 6.22. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har også andre EU-land mindre kvotar.

Tabell 6.22 syner at EU nyttar dei fleste kvotane i Skagerrak/Kattegat godt. På autonomt grunnlag kvoteregulerar EU også andre bestandar enn dei som det er fastsett kvotar på gjennom avtala om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat. Desse er tunge, lysing og sjøkreps.

6.2.7 Sverige – Noreg

Tabell 6.23 Oversikt over Sverige sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2002200320022003
NØS, Nordsjøen:
Torsk200426370211
Hyse880789287249
Sei1.3509821.295944
Kviting1901906538
Industrifisk800800458781
Makrell2402602.5662.760
Nordsjøsild8509105722.346
Reke140140142134
Andre artar--705104

6.2.7.1 Kommentarar til oversikta

Sverige sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 6.23. I oversikta er fangstane av kviting og lyr samla under kviting. Fangstane av lyr utgjorde 59 tonn i 2002 og 31 tonn i 2003. Industrifiskkvoten til Sverige omfattar kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell, av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og hestmakrell samla under industrifisk. I 2002 fiska svenske fartøy 43 tonn industrifisk og i 2003 fiska dei 781 tonn. Svenske fartøy fiska 415 tonn hestmakrell i NØS i 2002. I 2003 vart det ikkje fiska hestemakrell i NØS.

I samband med at Sverige blei medlem i EU frå 1. januar 1995, fekk svenske fartøy høve til å fiske i NØS i Nordsjøen på EU sine kvotar av torsk, hyse, sei, kviting, makrell og sild i medhald av avtala mellom EU og Sverige. Sverige sine kvotar tildelt av EU forklarer kvifor Sverige tilsynelatande har overfiska nokre av kvotane som er presenterte i tabell 6.23.

I hovudsak er det svenske fisket retta mot kvotane deira av torsk, sei, makrell, sild og reke.

6.2.8 Polen – Noreg

Tabell 6.24 Oversikt over Polen sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2002200320022003
NØS, N 62°N:
Kolmule----
Andre artar----
NØS, Nordsjøen:
Torsk--3333
Sei750750748717
Andre artar75755742
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule----

6.2.8.1 Kommentarar til oversikta

Polen sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde går fram av tabell 6.24. Kvoten av andre artar nord for 62°N gjeld bifangst i fiske etter kolmule. Grunna den uavklarte situasjonen for kolmule vart det ikkje gitt kolmulekvote til Polen i 2003.

Frå og med 1995 blei Polen sitt kvotearrangement i Nordsjøen endra. Botnfiskkvoten blei då omgjort til ein seikvote, der det var tillate med inntil 10 % bifangst av andre artar i fisket etter sei. Polske fartøy er primært interesserte i sei. Polakkane har utnytta seikvoten godt både i 2002 og 2003.

Fotnotar

1.

Desse fangstane er frå sluttsetelstatistikken til Fiskeridirektoratet.

2.

Fangsttala er frå EU-kommisjonen.

Til forsida