St.meld. nr. 45 (2008-2009)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2009 og fisket etter avtalane i 2007 og 2008

Til innhaldsliste

3 Dei ulike fiskeriavtalane for 2008

I tråd med dei etablerte rammeavtalane fører norske styresmakter kvart år forhandlingar med andre land.

Dei viktigaste tosidige forhandlingane for 2009 er førte med Russland, EU, Færøyane og Grønland. Det er også ført forhandlingar med EU på vegne av Danmark og Sverige om fiske i Skagerrak og Kattegat, og med EU på vegne av Sverige om ein avtale om svensk fiske i Noreg si økonomiske sone. Som følgje av det polske EU-medlemskapet frå 1. mai 2004 har Noreg sagt opp den tosidige rammeavtalen med Polen og avtalen opphøyrde frå 1. januar 2007.

Noreg har i 2008 også samarbeidd med Island og Grønland om gjennomføring av trepartsavtalen om regulering av lodde i området mellom Island, Grønland og Jan Mayen og med Island om kvotebyte og oppfølging i tråd med Smottholsavtalen.

Det vart også i 2008 gjennomført fempartsforhandlingar om norsk vårgytande sild mellom Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland. 13. november 2008 vart det underteikna ein kyststatsavtale for 2009.

Noreg tek vidare del i årlege trepartsforhandlingar om makrell med EU og Færøyane og i forhandlingane om internasjonale makrellreguleringar. Noreg har også vore med i forhandlingane som, etter fleire år, endeleg førte til ein avtale om eit internasjonalt forvaltningsregime for kolmule. Avtalen er vidareført mellom Noreg, Island, Færøyane og EU i 2009, og Russland har i 2009 slutta seg til partane si regulering av kolmule i NEAFC-området.

Noreg er medlem av og tek del i dei årlege møta i dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane NAFO (Northwest Atlantic Fisheries Organization) og NEAFC (Northeast Atlantic Fisheries Commission). Noreg deltek i samarbeidet i IWC (International Whaling Commission) og NAMMCO (North Atlantic Marine Mammal Commission) om forvaltninga av kval. Som medlem i CCAMLR (Commission for the Conservation of Antarctic Marine Living Resources) er Noreg representert på møta til organisasjonen. Noreg tek også del i det internasjonale fiskerisamarbeidet innan organisasjonen ICCAT (International Commission for the Conservation of Atlantic Tunas) og i den regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen SEAFO (Southeast Atlantic Fisheries Organization).

3.1 Det førebuande arbeidet

Noreg er medlem i Det internasjonale råd for havforsking, ICES. ICES er ein ubunden, vitskapleg organisasjon som gjev regionale fiskeri- og miljøorganisasjonar, EU og statane ved Nord-Atlanteren råd om forvaltninga av dei marine ressursane og det marine miljøet i området. ICES hadde ein rådgivande komité for fiskeriforvaltning, Dette er no endra med etableringa av ACOM (Advisory Comittee). Dette er nærmare omtalt i kapittel 4.1.4. ACOM hentar inn vitskapleg bakgrunnsmateriale frå medlemslanda og arbeidsgruppa til ICES, og gjev årlege råd om fangstmengder for dei viktigaste fiskeslaga i Nordaust-Atlanteren.

Dei årlege forhandlingane Noreg fører med andre land er baserte på rådgjevinga frå ICES.

Figur 3.1 Dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving

Figur 3.1 Dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving

Figur 3.1 viser dei ulike statistikkområda som ICES nyttar i si rådgjeving.

Det ligg ei balansert vurdering til grunn for Fiskeri- og kystdepartementets utnemning av delegasjonar til dei forskjellige fiskeriforhandlingane som Noreg deltek i. Vurderinga byggjer i hovudsak på at dei partane forhandlingane vedkjem skal vere representerte, at delegasjonen må ha ein handterleg storleik, og dessutan forhandlingstaktiske omsyn. Tradisjonelt har delegasjonane bestått av representantar frå Fiskeri- og kystdepartementet, Utanriksdepartementet, Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, Norges Fiskarlag, Norsk Sjømannsforbund, Fiskeri- og havbruksnæringens landsforening og Norges Kystfiskarlag. Dei seinare åra har Kommunanes Sentralforbund og Sametinget vore medlem av delegasjonen for dei bilaterale forhandlingane med Russland. Kven forhandlingane kan seiast å vedkome vil like fullt kunne vurderast på sjølvstendig grunnlag frå år til år.

Før forhandlingane med andre land om forvaltningsspørsmål startar, held Fiskeri- og kystdepartementet konsultasjonar med organisasjonane i næringa. På desse møta gjer ein greie for tilrådingane frå ICES, og opplegget for forhandlingane med dei enkelte landa vert drøfta. Her legg ein grunnlaget for kva som skal vere instruksen til forhandlingsdelegasjonen. Den endelege klareringa av instruksen er det fiskeri- og kystministeren som har ansvar for. Dersom særlege omsyn talar for det, rådfører fiskeri- og kystministeren seg med resten av regjeringa.

3.2 Kvoteavtalane for 2009

3.2.1 Noreg – Russland

Avtalar om gjensidige fangstkvotar

Dei viktigaste fiskebestandane i Barentshavet har eit utbreiingsområde som dekkjer norsk og russisk sone og fiskevernsona rundt Svalbard. År om anna er det også mogleg å fiske torsk i internasjonalt farvatn.

I regi av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen fører Noreg og Russland årleg kvoteforhandlingar om totalkvotar for fellesbestandane i Barentshavet. Fellesbestandane er nordaust-arktisk torsk, nordaust-arktisk hyse og lodde. Partane vart i 2007 einige om å forvalte kongekrabbebestanden kvar for seg i sine respektive økonomiske soner frå og med 2007. Partane er også einige om at resultata frå felles forskingsinnsats som gjeld bestandsvurderingar, migrasjon og innverknaden krabben har på økosystemet framleis skal drøftast på dei årlege sesjonane.

Partane avtalar også fordeling av kvotane mellom Noreg, Russland og tredjeland. Det er semje mellom partane om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane. Etter avsetjing til tredjeland vert kvotane for nordaust-arktisk torsk og nordaust-arktisk hyse fordelte med 50 % til kvar av partane. Tredjelandskvoten av nordaust-arktisk torsk og hyse vert fordelt med 60 % til Noreg si økonomiske sone (NØS) og 40 % til Russland si økonomiske sone (RØS). Avtalen opnar for at partane kan fiske delar av sine kvotar på desse bestandane i sona til den andre parten. Loddebestanden er fordelt med 60 % til Noreg og 40 % til Russland.

Kvoteavtalen for 2009 mellom Noreg og Russland vart underskriven i Bergen 16. oktober 2008.

Partane vart samde om ein totalkvote (TAC) for nordaust-arktisk torsk på 525 000 tonn i 2009, medrekna 21 000 tonn murmansktorsk. Dette er i tråd med beskatningsstrategien vedteken under den 31. sesjonen i fiskerikommisjonen og vidareutvikla under den 33. sesjonen. Den positive utviklinga med redusert overfiske sidan 2005 har vore eit vesentleg bidrag til ein beskjeden auke av kvoten for 2008 og ein betydeleg auke i 2009. Det er framleis grunn til å uroe seg over situasjonen for norsk kysttorsk. Kvoten for 2009 vart difor ikkje fastsett høgare enn til 21 000 tonn, som er det same som året før.

Det er sett av ein torskekvote til tredjeland på 71 800 tonn. Av dette kan 20 280 tonn fiskast i fiskevernsona ved Svalbard. Resten av kvoten til tredjeland er fordelt med 29 970 tonn til NØS og 21 550 tonn til RØS. Med overføring av ein del av den russiske kvoten til Noreg, er den samla norske kvoten av torsk nord for 62ºN på 234 100 tonn.

Avtalen med Russland har redusert kvoten til forskings- og forvaltningsformål frå 11 000 tonn i 2008 til 9000 tonn i 2009 for kvar av partane.

For nordaust-arktisk hyse har Noreg og Russland avtalt ein totalkvote på 194 000 tonn, inklusive forskingsfangst. Det er sett av ein hysekvote til tredjeland på 8900 tonn, som er delt med 5340 tonn til NØS og 3560 tonn til RØS. Russland har overført 4500 tonn nordaust-arktisk hyse til Noreg i 2009. Etter overføring er den norske kvoten på 93 050 tonn og den russiske på 84 050 tonn.

Noreg har tradisjonelt gitt Russland tilgang til å fiske store delar av torske- og hysekvotane sine i Noreg si økonomiske sone. Dette er både av biologiske omsyn (større fisk lenger vest), og av kontrollomsyn som er betre med ei vestleg fordeling av fisket. Av omsyn til balansen i kvoteavtalen er Noreg og Russland også for 2009 samde om like høve til å fiske torsk og hyse i sonene til kvarandre. Såleis kan Russland fiske 140 000 tonn torsk og 20 000 tonn hyse av sine kvotar i Noreg si økonomiske sone, og Noreg har høve til å fiske det same kvantumet torsk og hyse i Russland si økonomiske sone.

I perioden 1993-1999 var det ikkje loddefiske i Barentshavet. I 1999 opna ein for eit eksperimentelt fiske av lodde innanfor ein kvote på 80 000 tonn, og i 2000, 2001 og 2002 vart kvoten auka til høvesvis 435 000, 630 000 og 650 000 tonn. For 2003 vart det fastsett ein kvote på 310 000 tonn lodde. Loddebestanden har store naturlege svingingar, og partane er einige om ikkje å fastsetje TAC høgare enn at det er 95 % sannsynleg at 200 000 tonn får høve til å gyte. På denne bakgrunnen, og i tråd med beskatningsstrategien, har partane bestemt at det ikkje skulle drivast noko kommersielt loddefiske i perioden 2004-2008. For 2009 er det i tråd med den vitskaplege rådgjevinga, gjort vedtak om ein totalkvote for lodde på 380 000 tonn. I tillegg kjem ein kvote på 5000 tonn lodde til forskingsformål for kvar av partane.

I det russiske fisket på eksklusive norske bestandar i 2009, er Russland heller ikkje i år tildelt kvote for eit direkte fiske på snabeluer (Sebastes mentella) på grunn av den vanskelege situasjonen for bestanden. Russland sin kvote for bifangst av vanleg uer (Sebastes marinus) og snabeluer er vidareført frå i fjor og utgjer 2000 tonn. Vidare har Russland ein kvote på 15 000 tonn sei, der 8000 tonn i bifangst ved fiske av torsk og hyse, og 7000 tonn i direkte fiske. Russland har også ein kvote på 3000 tonn steinbit som anten kan takast i eit direkte fiske eller som bifangst.

Russland kan i tillegg fiske 10 268 tonn kolmule i Noreg si økonomiske sone og i fiskerisona ved Jan Mayen utanfor 12 nautiske mil. Russland kan vidare fiske 3000 tonn andre artar som bifangst.

I lys av bestandssituasjonen for blåkveite vil Russland føre vidare forbodet mot eit direkte fiske etter blåkveite i si eiga sone i 2009. Med unntak av eit avgrensa tradisjonelt kystfiske med konvensjonelle reiskapar, er det også i område under norsk fiskerijurisdiksjon forbod mot eit direkte fiske etter blåkveite i 2009. Russland opplyste om at dei ville gjennomføre eit avgrensa forsøksfiske på blåkveite i russisk økonomisk sone i 2009.

I det norske fisket på eksklusive russiske bestandar i 2009, har Noreg fått desse kvotane i russisk økonomisk sone: 25 000 tonn reker, 1200 tonn steinbit, 500 tonn flyndre for både direkte fiske og bifangst og 500 tonn andre artar som bifangst. Den norske kvoten på grønlandssel i Austisen er sett til 7000 vaksne dyr i 2008.

Noreg og Russland vart under den 35. sesjonen samde om å forvalte bestanden av kongekrabbe kvar for seg frå og med 2007. Noreg informerte den russiske part om at den norske totalkvoten ikkje var fastsett då forhandlingane vart førde. Den russiske part orienterte om at den russiske kvoten av kongekrabbe førebels var fastsett til 2 976 000 individ for 2009. Partane vart einige om at resultat frå felles forskingsinnsats på bestandsvurderingar, migrasjon, og innverknaden krabben har på økosystemet framleis skal vere eit tema under dei årlege sesjonane. Stortingsmeldinga vart handsama 3. mars 2008. Den norske kvoten for 2008 vart etter det sett til 1925 tonn hannkrabbar, 450 tonn skada hannkrabbar og 235 tonn hokrabbar. Det er første gong kvoten er fastsett i tonn. Ein reknar med at dette tilsvarar 679 000 hannkrabbar og 110 000 hokrabbar.

Kontroll

Innanfor ramma av Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen har Noreg og Russland dei seinaste åra gradvis utvida fiskerisamarbeidet til nye område. I 1992 vart partane samde om å innleie eit utvida samarbeid om forvaltnings- og kontrollspørsmål under fiskerikommisjonen. I 1993 vart dei samde om å etablere Det permanente utval for forvaltnings- og kontrollspørsmål på fiskerisektoren . Gjennom dette samarbeidet er ei rekkje konkrete tiltak sette i verk for å betre kontrollen med ressursane både på sjø- og landsida. Mellom anna er det etablert rutinar for eit auka samarbeid mellom kontrollstyresmaktene i dei to landa, inkludert utveksling av informasjon om fangst- og landingsdata.

Noreg og Russland innførte gjensidig satellittsporing av fiskefartøy frå 1. september 2000. Under forhandlingane i Tromsø i november 2000 underteikna partane eit memorandum om kontrollsamarbeid mellom Fiskeridirektoratet og Kystvakta på norsk side og russiske styresmakter (Murmanrybvod) og Grensetenesta på russisk side. Dette dokumentet formaliserer i stor grad samarbeidet om utveksling av informasjon og inspektørar, og styrkjer kontrollen med fiskeria i begge land. På grunn av omstruktureringar på russisk side vart memorandumet korrigert i tråd med dette under den 34. sesjonen. Det reviderte memorandumet vart underteikna 16. oktober 2008.

Hovudsaka for det permanente utvalet i 2005 var å utarbeide ein analyse om «avtalte tiltak for betring av regulerings- og kontrollsystema i Barentshavet og Norskehavet», der ein skulle sjå på status for regulerings- og kontrolltiltak som eksisterer på fiskeriområdet og setje kriterium for å oppnå eit optimalt regulerings- og kontrollregime. Vidare skulle ein sjå på tiltak for å oppnå eit optimalt nivå på regulering og kontroll med fisket og analysere kva som kan skape vanskar for å få til eit slikt nivå.

Dei viktigaste momenta utvalet kom fram til er: Det må kunne utførast kontrollar som er eigna til å avdekkje dei mest alvorlege brot på reguleringane og det må følgjast opp med sanksjonar. Vidare må ein ha kontrollsamarbeid med tredjeland og utveksle kontrollinformasjon. Ein må og ha datasystem som kan kommunisere informasjon automatisk. Til alt dette trengst det auka ressursar.

Under 37. sesjon i Bergen 13. oktober 2008, vart partane einige om følgjande for 2009:

«Partene orienterte hverandre om kontrollaktiviteten i sine farvann i 2008 med særlig vekt på omlasting og kvotekontroll. Man konstaterte at arbeidet med problemene med ulovlig fiske og omlasting i Barentshavet og Norskehavet viser en positiv utvikling, men problemene er ennå ikke løst.

Løpende utveksling av informasjon om omlastinger til havs og landinger i tredjelands havner av fisk som utgjør fellesbestander i Barentshavet og Norskehavet (ICES I og II) på fartøynivå. Den norske side er rede til å gjennomføre slik utveksling. Den russiske side mener at med innføring av havnestatskontroll og endring i russisk lovgivning, som fra 1. januar 2009 krever at man bringer fangete bioressurser fra russiske fiskefartøy inn til russisk tollområde, har behovet for utveksling av informasjon om omlastinger til havs og landinger i tredjelands havner mistet sin aktualitet.

Den russiske side informerte den norske side om at pilotprosjektet innenfor utveksling av satellittsporingsdata fra fangstfartøy i Barentshavet og Norskehavet (ICES I og II) på fartøynivå avsluttes 1. desember 2008. Pilotprosjektet har fungert tilfredsstillende siden 1. oktober 2006. Partene er enige om å fortsette arbeidet med undertegning av «Omforent protokoll om overenskomst mellom Norge og Russland innenfor saker som gjelder satellittsporingssystem på fangstfartøy». Den russiske side vil informere den norske side om når de interne prosedyrer mht. omforening av ovennevnte protokoll er avsluttet.

Partene var enige om å videreføre samarbeidet i NEAFC med sikte på videreutvikling av regimet for havnestatskontroll vedrørende fiskeressursene i NEAFCs konvensjonsområde.

Partene var enige om å samarbeide om gjennomføring av inspeksjoner av fiskefartøyer i NEAFC-reguleringsområdet og Det tilstøtende området i Barentshavet under inspeksjon av fartøyer. Her skal partene i samsvar med Ordning (Vedlegg 6, Protokoll fra Det permanente utvalg av 19. – 23. mai 2008) og Instruks (Vedlegg 5, Protokoll fra 36. sesjon) gi inspektører fra en part anledning til å oppholde seg på den andre parts fartøyer for å gjennomføre inspeksjoner av fartøyer med egen stats flagg som driver fiske i NEAFC-reguleringsområdet og Det tilstøtende området i Barentshavet.

Partene er enige om å fortsette arbeidet med å etablere kontrollavtaler med relevante tredjeland for å få mer fullstendig informasjon om landinger i disse landene.

Partene understreket nødvendigheten av at det ble ført kontroll med overholdelsen av vedtatte tiltak. Regelbrudd som avdekkes ved kontroll vil medføre tilstrekkelige sanksjoner.

Partene er enige om å videreføre arbeidet i analysegruppen. Gruppen består av representanter fra Fiskeridirektoratet og Kystvakten på norsk side og Barentsevo-Belomorskoe territoriale avdeling av Goskomrybolovstvo og FSBs grenseavdeling i Murmansk fylke på russisk side. Eksperter kan engasjeres i gruppens arbeid. Arbeidsgruppen skal i 2009 ha møter etter behov, men minst to ganger i året eller slik som formennene i kommisjonen bestemmer.

Arbeidsgruppen skal:

  • samarbeide innenfor sammenstilling av informasjon på fartøynivå for norske og russiske fartøy for å avdekke mulige brudd på fiskerilovgivningen;

  • i samsvar med beslutning fra 36. sesjon utarbeide og fremlegge på 38. sesjon metoder for samlet analyse av satellittsporingsdata og informasjon om transport og landing av fisk i havner fra norske og russiske fartøy;

  • beregne totalt uttak av torsk og hyse i de aktuelle områder ved å anvende metoder for analyse av satellittsporingsdata og informasjon om transport og landing av fisk i havner.

Arbeidsgruppen rapporterer om sitt løpende arbeid på møtene i Det permanente utvalg og fremlegger rapport om sitt arbeid direkte til formennene i kommisjonen.

Partene er enige om å fortsette arbeidet i underutvalget under Det permanente utvalg for utarbeidelse av tiltak for å bedre kontroll og sikre anvendelse av straffetiltak i forbindelse med brudd på fiskeribestemmelsene i Barentshavet og Norskehavet. Utvalget består av, foruten fiskeri- og kontrollmyndigheter, av politi og påtalemyndigheter og toll- og skattemyndigheter. Partene har gitt formennene i Det permanente utvalg i oppdrag rettidig å definere omfanget av spørsmål for møtene i Underutvalget for å forberede og trekke inn nødvendige etater når det gjelder vurdering av disse spørsmål. Underutvalget rapporterer om sitt løpende arbeid på møtene i Det permanente utvalg.

Partene vil arbeide videre med å få representanter for de relevante myndigheter til å delta i underutvalgets møter.

Partene er enige om at for å oppnå større grad av harmonisering av kontrolltiltak er det nødvendig å gjennomføre gjensidig utveksling av inspektører som observatører i forbindelse med landingskontroll av fangster fra norske fartøy i norske havner og fra russiske fartøy i russiske havner.

Den russiske side informerte den norske side om at fra 1. januar 2009 blir det obligatorisk for norske fartøy som fisker i RØS, å sende fangstrapporter en gang i døgnet, hver tiende dag og hver måned. Den russiske side vil innen 15. november 2008 informere den norske side om formatet for innsendelse av informasjonen.

Den norske side meddelte den russiske side om sin interesse for å åpne ytterligere ett kontrollpunkt i RØS, beliggende lenger mot nord enn det eksisterende kontrollpunktet. Den russiske side vil informere den norske side om prosedyren for å innlevere slik søknad.»

Sjølv om det bilaterale fiskerisamarbeidet med Russland framleis er utfordrande, er det grunn til å understreke at det er oppnått reell framgang sidan 2006. Dette har og gjeve konkret utslag i redusert overfiske. I følgje berekningar gjort av Fiskeridirektoratet har overfisket av torsk i Barentshavet vorte redusert frå ca 100 000 tonn i 2005, til 80 000 tonn i 2006, 40 000 tonn i 2007 og 15 000 tonn i 2008.

3.2.2 Noreg – EU (fisket i Nordsjøen, Barentshavet, vest av Dei britiske øyane og ved Grønland)

Strukturen i avtalane

På grunnlag av rammeavtalen med EU om fiskeri, har Noreg frå 1978 og fram til i dag inngått årlege kvoteavtalar om Noreg og EU sitt fiske i Nordsjøen, Noreg sitt fiske vest av Dei britiske øyane og EU sitt fiske i Noreg si økonomiske sone i Barentshavet. Noreg vert også tildelt kvotar frå EU i grønlandske farvatn. Avtalen inneheld føresegner om forvaltning av felles fiskebestandar og gjensidig løyve til å fiske i den andre parten si fiskerisone. Partane har såleis eit felles ansvar for å forvalte fiskeressursane i Nordsjøen, mellom anna ved årleg å fastsetje største tillatne fangstmengder (totalkvotar) for desse bestandane. Det har frå 1979 vore semje mellom Noreg og EU om delinga av totalkvotane for fellesbestandane av torsk, hyse, sei, kviting og raudspette i Nordsjøen. Partane kom i 1997 også fram til ein avtale om fast fordeling av totalkvotane for nordsjøsild.

Eit anna element i kvoteavtalen er byte av kvotar på dei eksklusive bestandane og på enkelte bestandar i Nordsjøen og vest av Dei britiske øyane. I denne utvekslinga av kvotar skal det vere balanse i dei gjensidige tildelingane.

Nivået og omfanget av kvotebytet er grovt sett ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hjå partane, men nivået avheng også av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane.

I samarbeidet mellom Noreg og EU er det framleis område der det trengst felles tiltak for å betre fiskeriforvaltninga.

Etablering av forvaltningsplanar og betring av beskatningsmønsteret

Innanfor ramma av det bilaterale fiskerisamarbeidet er Noreg i ein prosess med EU i spørsmålet om langsiktige tiltak i forvaltninga av viktige kommersielle fiskebestandar i Nordsjøen. Det har vore ein tidkrevjande prosess frå einsidige norske merknader i dei årlege kvoteavtalane, til eit meir forpliktande samarbeid for å finne løysingar på problema. Noreg og EU inngjekk i 1997 ein avtale om forvaltning og fordeling av nordsjøsild. I 1999 vedtok Noreg og EU forvaltningsplanar for sei, torsk og hyse som legg fast bestandsnivå og tiltaksgrenser som grunnlag for å fastsetje kvotar. Forvaltningsplanane skal ivareta omsynet til ei forsvarleg forvaltning og bidra til føreseielege rammer. For 2009 vart partane, i tråd med råd frå ICES, einige om reviderte forvaltningsplanar for sei og nordsjøsild.

I arbeidet med å forbetre beskatningsmønsteret i Nordsjøen er utkast av fisk eit særleg og samansett problem. Utkast skjer ofte når ein tek opp fisk som det ikkje er att kvote på, når fisken er under gjeldande minstemål eller når fisken er teken i strid med gjeldande bifangstreglar. I tillegg vert det ofte fiska meir enn naudsynt, for å kunne velje ut den økonomisk sett mest verdfulle fisken (high-grading/utsortering). Resten vert kasta ut, og dette undergrev dei fastsette forvaltningstiltaka. Den utkasta fisken går ikkje inn som ein del av fangststatistikken, sjølv om han døyr i denne prosessen. Når fisken ikkje vert teken i land eller registrert som fangst, vert det naturleg nok eit avvik mellom registrert fiskedød og faktisk fiskedød. EU praktiserer eit utkastpåbod, medan utkast av fisk er forbode i Noreg. Ei løysing på utkastproblemet har vore ei hovudutfordring for Noreg og EU. Noreg har teke dette opp med EU jamleg og saka blei heilt avgjerande under forhandlingane om ein kvoteavtale for 2009. Partane har avtalt ei rekkje tiltak for å redusere problemet med utkast. EU har gått med på å innføre forbod mot utsortering (high-grading). Dette er ein praksis der fiskarane kastar ut fisk av reine økonomiske omsyn, og er ikkje tillete i Noreg. Noreg og EU arbeider for å etablere eit system for stenging og opning av fiskefelt for å beskytte yngel, ungfisk og gytefelt i Nordsjøen. I tillegg ser partane på kva ein kan gjere med regelverket for å betre seleksjonen i fiske.

For botnfiskbestandane i Nordsjøen er det særskilt torsken som har vore i dårleg forfatning.

I 2001 reduserte Noreg og EU totalkvoten drastisk, i tillegg til at ein inngjekk eigne avtalar om tekniske tiltak for å betre beskatningsmønsteret i Nordsjøen. Situasjonen vart ikkje betre og kvotane vart difor redusert med ytterlegare 45 % i 2003 i forhold til 2002. Totalkvotane i 2003, 2004 og 2005 var på same låge nivå medan kvoten vart ytterlegare redusert i 2006 og 2007. Etter ein liten auke i 2008 til 22 152 tonn vart kvoten auka til 28 798 tonn i 2009. Dette må sjåast i samanheng med at ein vart einige om ei rekkje tiltak for å redusere utkast. Partane er også einige om ein ny gjenoppbyggingsplan for torsk, som igjen skal bringe bestanden opp på eit berekraftig nivå.

Kontroll

Arbeidet for skjerpa kontroll og overvaking av ressursuttaket i Nordsjøen er ei viktig oppgåve. Dette skjer til dømes gjennom utveksling av fangststatistikk og landingsdata, inklusiv fiskeaktivitet frå tredjeland, ved utveksling av observatørar som kontrollerer og overvakar og ved satellittsporing av fiskefartøy. Gjensidig satellittsporing vart innført 1. januar 2000.

Frå 1. februar 2004 vart det innført like prosedyrar for landing og veging av pelagiske fangstar og eit standard vasstrekk frå slike fangstar på 2 %. Basert på erfaringane frå innføringa av desse nye vegings- og vasstrekkprosedyrane i fleire EU-land, vart Noreg, EU og Færøyane under trepartforhandlingane om forvaltninga av makrell hausten 2008, samde om ei ytterlegare skjerping av kontrollen med sjølve fisket og med landingar av makrell. Ein var også einige om å fokusere meir på kontroll på havet. I 2009 skal det leggjast særleg vekt på tiltak for å redusere utkast og utsortering (high-grading) og hindre at slepping fører til død fisk. På bakgrunn av det sterke fokuset på kampen mot UUU-fiske (ulovleg, urapportert og uregulert fiske) er kontroll no eit svært sentralt tema i samarbeidet mellom Noreg og EU. Under forhandlingane hausten 2008, vart partane einige om at arbeidsgruppa av kontrollekspertar som har arbeidd med kontroll av pelagiske fangstar, skal fortsetje sitt arbeid med ulovleg, urapportert og uregulert fiske.

2009-avtalen

Etter tre forhandlingsrundar underteikna Noreg og EU, i Oslo 10. desember 2008, ein kvoteavtale for 2009.

Tabell 3.1 Følgjande kvotar er fastsett for ­fellesbestandane i Nordsjøen i 2009 (tonn)

FiskeslagTACKvotar til NoregKvotar til EU
Torsk28 798489623 902
Hyse42 1108685133 425
Sei125 93465 48660 448
Kviting15 173151713 656
Raudspette55 5001105152 615
Makrell63 82641 30722 518
Sild171 00049 590142 871

1 Kvote til Noreg etter overføring av tusen tonn hyse og tusen tonn raudspette til EU.

I tråd med forvaltningsplanane er totalkvotane for hyse og sei sett til 42 110 og 125 934 tonn i 2009. Kvitingkvoten på 15 173 tonn er ein nedgang frå 2008. Kvoten for raudspette er noko auka frå 2008 til 2009.

Totalkvoten for makrell er i 2009 sett til 495 514 tonn mot 373 937 tonn i 2008. Av totalkvoten for 2009 kan 63 826 tonn fiskast i Nordsjøen og Skagerrak, 113 863 tonn i Noreg si økonomiske sone nord om 62ºN og i internasjonalt farvatn, og 317 825 tonn kan fiskast i EU sitt jurisdiksjonsområde. Den norske makrellkvoten er på 190 802 tonn.

Bestanden av nordsjøsild er bekymringsfull fordi det har vore sviktande rekruttering dei seks siste åra. Partane bad difor ICES om råd for å revidere forvaltningsplanen for å sikre at planen er berekraftig. Basert på den nye forvaltningsplanen vart kvoten for 2009 på 171 000 tonn.

Partane har høve til å fiske delar av dei enkelte kvotane i den andre parten si sone i Nordsjøen.

Tabell 3.2 Etter avtalen kan Noreg og EU fiske følgjande kvantum fisk på andre fellesbestandar i 2009 (tonn)

FiskeslagKvotar til ­Noreg i EU-sonaKvotar til EU i norsk sone
Augepål10001000
Kolmule63 2004000
Tobis20 000
Blålange150
Lange5638850
Brosme3350170
Kombinert kvote140
Pigghå50
Reker500
Hestmakrell3600
Andre artar27205000
Tunge90
Breiflabb1550
Sjøkreps1210

Avtalen inneheld detaljerte føresegner om kvar desse kvotane kan fiskast og føresegner om kva andre artar og mengder som kan inngå i fisket på dei enkelte kvotane.

Dei norske banklinekvotane (blålange, lange og brosme) er på same nivå som i 2008. Kolmulekvoten til Noreg i EU-sona vart redusert frå 108 000 tonn i 2008 til 63 200 tonn i 2009. Breiflabbkvoten til EU i norsk sone er redusert frå 1610 tonn til 1550 tonn, og EU sin kvote på sjøkreps vart redusert frå 1250 tonn til 1210 tonn.

Mellom anna på grunn av reduksjon i kolmulekvoten og auke i torskekvoten, kunne ikkje EU gi Noreg full kompensasjon for deira torskekvote i Barentshavet. EU blei derfor tildelt 19 324 tonn av eit tilbod på 21 073 tonn. Kvota blei seinare auka til 20 074 tonn etter at EU kunne tilby Noreg 7500 tonn tobis i EU-sona.

Tabell 3.3 EU er tildelt følgjande kvotar på eksklusive norske bestandar nord for 62°N i 2009 (tonn)

FiskeslagKvote
Norsk-arktisk torsk19 324
Norsk-arktisk hyse2500
Sei3000
Blåkveite (bifangst)50
Anna (bifangst)350

EU sin kvote på torsk nord for 62ºN for 2009 er noko auka frå 2008, medan hysekvoten er på same nivå som i fjor. EU har tidlegare også vore tildelt ein kvote på uer gjennom kvotebytet, men denne kvoten er teken ut av kvotebytet. Samstundes pliktar Noreg å gje EU ein tilleggskvote av uer på permanent basis utanom kvotebytet i tråd med brevveksling av 2. mai 1992. Dette kvantumet er i 2009 på 1500 tonn. Uerkvoten kan berre takast som bifangst nord om 62ºN.

Tabell 3.4 Noreg er i 2009 tildelt desse kvotane på eksklusive EU-bestandar (inkludert bestandar i grønlandske farvatn) (tonn)

FiskeslagKvote
Brisling (EU-sona)10 000
Blåkveite (EU-sona)350
Reker (Grønland si sone)3500
Blåkveite (Grønland si sone)1624
Uer (Grønland si sone)3000
Kveite (Grønland si sone)150
Skolest og isgalt (Grønland si sone)120
Torsk (Grønland si sone)500

I grønlandske farvatn er den norske kvoten på blåkveite på same nivå, kvoten på kveite og uer er redusert, medan kvotene på reke er auka. Den norske kvoten på brisling i EU-sona vart redusert til 10 000 tonn. Loddekvoten ved Grønland er tatt ut av kvotebytet for 2009 som følgje av den vanskelege bestandssituasjonen. Nytt i 2009 er at Noreg også har fått torskekvote ved Grønland.

3.2.3 Noreg – Færøyane

Dei årlege avtalane mellom Noreg og Færøyane opnar for eit gjensidig fiske i sonene til partane. I forhandlingane med Færøyane vert det lagt vekt på at det skal vere nokolunde balanse i det gjensidige fisket. Den gjensidige balansen er berre i liten grad redusert i 2009 i forhold til i 2008.

Kvoteavtalen mellom Noreg og Færøyane for 2009 vart inngått i København 3. februar 2009. Etter avtalen er Færøyane tildelt kvotar i Noreg si økonomiske sone, i fiskerisona ved Jan Mayen og i fiskevernsona ved Svalbard.

I NØS nord om 62ºN har Færøyane i 2008 høve til å fiske 1951 tonn nordaust-arktisk torsk, 1460 tonn nordaust-arktisk hyse, 1500 tonn sei og 100 tonn andre artar (uer og blåkveite) som bifangst. Samanlikna med 2008 vart kvoten på torsk og hyse auka. Kvoten på torsk er auka med 97 tonn og hysekvoten er auka med 120 tonn. Færøyane sin seikvote skal også dekkje bifangst i fisket etter torsk og hyse.

Færøyane har fått ein kvote på 1505 tonn makrell nord om 62ºN. Dette er ein auka på 371 tonn frå 2008. Avtalen opnar også for at makrellkvoten kan fiskast i Nordsjøen nord om 57º30"N. Det er ingen loddekvote for 2009.

I dei årlege avtalane mellom Færøyane og Russland får Færøyane kvotar på mellom anna nokre av dei artane som er nemnt ovanfor. For å sikre ei rasjonell utnytting av kvotane har Noreg i ei rekkje år gitt Færøyane høve til å fiske delar av dei kvotane dei har fått av Russland i Noreg si økonomiske sone. I 2009 kan Færøyane gjennom denne ordninga fiske 2300 tonn nordaust-arktisk torsk og 200 tonn andre artar (uer, sei og blåkveite) i NØS nord om 62ºN. Overføringane frå russisk til norsk sone går inn i balanserekneskapen for kvoteutvekslinga mellom partane. Overføringa av kvotar frå russisk sone til fiske i NØS skjer etter russisk aksept. Kvotane kan ikkje takast i fiskevernsona ved Svalbard. I kvoteavtalen pliktar Færøyane å avgrense sitt totale fiske i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt av Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor norsk eller russisk fiskerijurisdiksjonsområde.

Av den samla kvoten av andre artar nord om 62ºN på 100 tonn tildelt av Noreg og 200 tonn tildelt av Russland, kan Færøyane ikkje fiske meir enn 150 tonn uer. Uer og blåkveite kan berre takast som bifangst. I Noreg si økonomiske sone sør om 62ºN er Færøyane tildelt 500 tonn brisling og 100 tonn andre artar. Kvotane omfattar også bifangst av andre artar, utanom sei, sild og augepål. Augepål kan i 2009 berre fiskast som uunngåeleg bifangst som avdregnes kolmulekvota. Vidare kan færøyske fartøy fiske 50 tonn sei og 442 tonn sild. Kvotane omfattar også bifangst i andre fiskeri. Kvoten på hestmakrell redusert frå 1000 til 200 tonn. Kvotane kan også fiskast nord om 62ºN.

3.2.4 Noreg – Grønland

Det har vorte forhandla fram årlege fiskeriavtalar mellom Noreg og Grønland sidan 1991. For norske fiskarar er kvotane på dei kommersielt viktige artane blåkveite, uer og torsk av størst verdi. I tillegg til desse kvotane får Noreg mellom anna reker, blåkveite og uer frå EU i grønlandske farvatn.

Etter protokollen av 5. desember 2008 kan grønlandske fiskarar i 2009 ta desse kvanta i norske jurisdiksjonsområde:

I NØS nord om 62ºN: 1625 tonn nordaust-arktisk torsk, 360 tonn nordaust-arktisk hyse, 730 tonn norsk-arktisk sei og inntil 150 tonn andre artar som bifangst (uer og blåkveite). Torskekvoten kan også fiskast i fiskevernsona ved Svalbard. Dette elementet gjeld så lenge trepartsavtalen om lodde står ved lag. Kvoten på torsk og hyse er på same nivå som i fjor. Kvoten på sei blei redusert med 70 tonn. Som ein del av avtalen kan Grønland fiske delar av dei torske- og hysekvotane som Grønland er tildelt av Russland i Noregs økonomiske sone nord om 62ºN, under føresetnad av russisk aksept av ei slik ordning. Også dette elementet gjeld så lenge trepartsavtalen om lodde står ved lag.

I avtalen forpliktar Grønland seg til å avgrense det totale fisket sitt i Barentshavet til dei artane og kvotane dei har fått tildelt i avtalane med Noreg og Russland, utan omsyn til om fisket skjer i eller utanfor Noregs og Russland sitt jurisdiksjonsområde.

I NØS sør om 62ºN: 925 tonn sei, som er det same som i 2008. Andre botnfiskartar kan berre fiskast som bifangst, men avgrensa til 110 tonn og innanfor norske føresegner om bifangst.

Noreg kan fiske desse kvanta i Grønland si sone i 2008:

Ved Vest-Grønland: 700 tonn blåkveite, noko som inneber ein auke på 50 tonn. Ved fiske etter blåkveite ved Vest-Grønland i 2009 kan trålfisket føregå sør om 64º30"N eller nord om 68ºN med inntil seks trålarar i sona samstundes. Noreg må melde frå innan utgangen av januar kor stor del av kvoten ein ønskjer å fiske nord om 68ºN, maksimum er 200 tonn.

Ved Aust-Grønland: 375 tonn blåkveite, 600 tonn uer fiska med pelagisk trål, 100 tonn uer fiska med botntrål/line og 235 tonn kveite. Kvotane av blåkveite er redusert med 50 tonn, medan kvotane av uer fiska med botntrål er dei same som i 2008. Kvoten av uer fiska med pelagisk trål er på same nivå som i 2008. Kvoten av kveite vart redusert med 15 tonn.

Ved Vest- og Aust-Grønland: 750 tonn torsk. Kvoten er på same nivå som i 2008.

I tillegg kjem 150 tonn av andre artar som bifangst.

Noreg og Grønland inngjekk ein avtale om kontrollsamarbeid 4. mars 2005. Avtalen skal søkjast vidareførd i 2009.

3.2.5 Noreg – Island

Gjennom trepartsavtalen av 15. mai 1999 mellom Noreg, Island og Russland om visse samarbeidsforhold på fiskeriområdet (Smottholsavtalen), greidde norske og russiske styresmakter å gjere slutt på det uregulerte islandske fisket på regulerte bestandar i internasjonalt område i Barentshavet (Smottholsavtalen er omtalt i St.meld. nr. 49 (1998–1999)). Den tosidige avtalen mellom Noreg og Island, også av 15. mai 1999, regulerer bytet av fisk mellom Island og Noreg.

Etter den tosidige avtalen kan Island i sesongen 2009 fiske 4720 tonn nordaust-arktisk torsk i NØS nord om 62ºN. For 2008 var tilsvarande tal 3820 tonn. I tillegg kjem ein bifangstkvote av andre artar i torskefisket på 30 %. Som kompensasjon for den islandske torskekvoten har norske fiskarar ein kvote botnfisk og ein loddekvote i Islands økonomiske sone (IØS). Botnfiskkvoten ligg fast på 500 tonn pluss bifangst. Loddekvoten vert justert i takt med totalkvoten for norsk arktisk torsk. For 2008 var loddekvoten 14 592 tonn og ifølgje avtalen har Noreg krav på 18 031 tonn lodde for fiske i 2009/2010. Det vart mellombels ikkje sett nokon loddekvote i IØS i 2009, og utsiktene for 2010 er usikre. Noreg vil difor med bakgrunn i avtalen gå inn i forhandlingar om alternativ kompensasjon for bortfall av loddefiske ved Island.

3.2.6 Noreg – EU (fisket i Skagerrak/Kattegat)

Dei årlege avtalane om fisket i Skagerrak/Kattegat byggjer på trepartsavtalen av 1966 mellom Noreg, Danmark og Sverige. EU forhandlar på vegne av Danmark og Sverige.

Avtalen fastset totalkvotar og fordelinga av desse for bestandane torsk, hyse, kviting, raudspette, sild, brisling og reker. Fordelinga av totalkvotane er basert på det tradisjonelle fiskemønsteret i området. Fordelingsmønsteret har vore stabilt. Det norske fisket utgjer ein liten del av det totale fisket, og silde- og rekefisket er av størst interesse for norske fiskarar. EU (Danmark og Sverige) har størstedelen av dei enkelte kvotane.

Noreg og EU vart 10. desember 2008 samde om reguleringane for fisket i Skagerrak og Kattegat i 2009.

Tabell 3.5 Kvotane som gjeld for 2009 (tonn)

FiskeslagTACKvotar til NoregKvotar til EU
Torsk41141333981
Hyse25901092481
Kviting1050191031
Raudspette93501879163
Reker11 62054156205
Sild37 722503232 690
Brisling52 000390048 100

Totalkvotane for torsk er noko auka, medan totalkvotane for reke, raudspette, kviting og brisling er dei same som i 2008. Kvotane for hyse og sild er redusert.

Etter den tosidige fiskeriavtalen mellom Noreg og EU kan visse norske fartøy fiske delar av den norske makrell- og seikvoten avsett for Nordsjøen også i Skagerrak. Etter den same avtalen kan svenske fiskarar ta eit kvantum på 1865 tonn makrell i Skagerrak og i Nordsjøen i 2009.

Det skjer ei utveksling mellom sildebestandane i Nordsjøen og Skagerrak/Kattegat. Det tidlegare høge fisket etter ungsild frå nordsjøsildbestanden i ulike fiskeri med småmaska reiskapar i Skagerrak, er dei siste åra vesentleg redusert. Reguleringane av sildefisket i Skagerrak følgjer av reguleringstiltaka for sild i Nordsjøen. Det er fastsett ein bifangstkvote på totalt 8373 tonn nordsjøsild i industritrålfisket og i brislingfisket i Skagerrak/Kattegat i 2008. Norske fiskarar kan i 2009 fiske inntil 20 % av den norske skagerrakkvoten på sild i norsk sone av Nordsjøen.

I følgje Skagerrak-avtalen, som er frå 1966, er havet utanfor 4 nautiske mil å sjå på som ope hav. I dag har Noreg 12 nautiske mils-territorialfarvatn og økonomisk sone utanfor det. Det finst såleis ikkje ope hav i Skagerrak. Noreg har difor starta ein prosess med sikte på å endre rammeverket, slik at det vert i tråd med moderne havrett.

3.2.7 Noreg – EU (Sverige)

Strukturen i avtalen med Sverige har vore stabil, og det har såleis ikkje vorte opna for nye fiskeri.

Kvoteavtalen om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen i 2009 vart underskriven av Noreg og EU i Brussel 10. desember 2008.

Svenske fiskarar fekk desse kvotane i norske farvatn i 2009:

I NØS sør for 62ºN: 382 tonn torsk, 707 tonn hyse, 880 tonn sei, 190 tonn samanlagt av lyr og kviting, 164 tonn reker, 846 tonn sild, 242 tonn makrell, 800 tonn industrifisk (av denne kvoten kan inntil 400 tonn vere hestmakrell) og andre fiskeslag på eit tradisjonelt nivå. Kvotane er ei vidareføring av nivået i 2008.

3.2.8 Forvaltninga av norsk vårgytande sild

Norsk vårgytande sild (NVG-sild) er den største fiskebestanden i Nordatlanteren og den største sildebestanden i verda. Frå 1996 til 2003 inngjekk Noreg, EU, Færøyane, Island og Russland årlege kyststatsavtalar om forvaltinga av silda. I desse fempartsavtalane hadde Noreg ein eigardel på 57 %. Med basis i prinsippet om sonetilhøyring, la Noreg fram krav om ein høgare norsk del. Partane kom ikkje fram til nokon fempartsavtale i åra 2003-2006. Men i denne perioden inngjekk Noreg bilaterale avtalar med Russland, og for 2006 også med EU.

18. januar 2007 vart det på ny underteikna ein kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvalting av NVG-silda for 2007. Denne avtalen gav Noreg 61 % av NVG-silda. Avtalen inneheldt og ein langsiktig forvaltningstrategi. Partane var også samde om bilaterale avtalar om sonetilgang.

Etter semje mellom kyststatane vart avtalen vidareført for 2008 og TAC sett til 1 518 000 tonn i tråd med rådgjevinga frå ICES. For 2009 har kyststatane sett TAC til 1 643 000 tonn. Noregs del på 61 % ligg fast og utgjer 1 002 230 tonn. Sildebestanden er i svært god forfatning og vert hausta berekraftig. Partane er einige om å vidareføre den felles forvaltningsplanen frå 2007 som har til formål å sikre eit høgast mogleg langtidsutbytte. I følgje ICES er forvaltningsplanen i tråd med føre-var-prinsippet.

Etter semje mellom partane er det innført kvotefleksibilitet frå årsskiftet 2008/2009. Dette gjev kvar av partane høve til å overføre 10 % av den nasjonale kvoten til påfølgjande år. Det er også høve til å forskotere 10 % av kvoten for påfølgjande år. Alt overfiske (også utover 10 %) må likevel trekkjast frå kvoten for det etterfølgjande året. Det var semje om at denne avgrensinga også gjer det mogleg å sanksjonere overfiske utover 10 %.

I tilknyting til kyststatsavtalen er det også inngått bilaterale avtalar om sonetilgang:

  1. Fartøy frå Island kan fiske 238 399 tonn sild i fiskerisona rundt Jan Mayen og i NØS nord for 62ºN, men ikkje meir enn 44 361 tonn i NØS. Om Island skulle nytte mindre enn 32 860 tonn av dei 44 361, får Island ein tilleggskvote frå Noreg på 1643 tonn. Norske fartøy kan fiske 115 523 tonn i islandsk økonomisk sone.

  2. Fartøy frå Færøyane kan fiske 80 061 tonn sild i norske jurisdiksjonsområde nord for 62ºN, men ikkje meir enn 67 224 tonn i NØS. Norske fartøy kan fiske 38 508 tonn sild i Færøyanes fiskerisone.

  3. Fartøy frå EU og fartøy frå Noreg kan fiske 96 263 tonn i kvarandre sine farvatn nord for 62ºN.

  4. Fartøy frå Russland kan fiske heile sin kvote i norske farvatn nord for 62ºN.

3.2.9 Regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen

Ein trepartsavtale om loddebestanden ved Island, Grønland og Jan Mayen vart underskriven 12. juni 1989. Rammeavtalen om reguleringane i loddefisket er forhandla på nytt tre gonger: 25. juni 1992, 29. juni 1994 og 18. juni 1998. Dei mest sentrale elementa i desse avtalane omhandlar kva prosentdelar dei tre partane skal ha av totalkvoten for lodde, og i kva omfang partane kan fiske av sin kvote i sonene til dei andre partane kvar loddesesong.

Island valde 30. oktober 2002 å seie opp trepartsavtalen med Noreg om regulering av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen. Avgjerda hadde verknad frå 1. mai 2003. På denne bakgrunnen opna nye forhandlingar mellom partane i juni 2003. Forhandlingane førde fram til ein ny avtale basert på hovudelementa i den tidlegare avtalen. Den nye avtalen vart underteikna 9. juli 2003. Hovudendringa var at avtalen gjeld for eitt år om gongen, framfor tre år i den gamle avtalen. Vidare vart artikkel 10 om satellittsporing teken ut, fordi punktet var forelda. Ingen av partane sa opp avtalen innan fristen i 2008, og avtalen gjeld dermed til og med 31. mai 2010. Neste frist for å seie opp avtalen er 30. november 2009.

3.2.10 Forvaltninga av kolmule

Noreg, EU, Færøyane og Island har inngått ein kystatsavtale om forvaltninga av kolmule i 2009. Kyststatskvoten for 2009 er 543 043 tonn kolmule. Kyststatane har gjennom NEAFC lagt til rette for ei avsetning til andre lands fiske i internasjonalt farvatn slik at TAC for kolmule for 2009 er 590 000 tonn.

Bestandssituasjonen for kolmule har vore dårleg dei seinare åra pga sviktande rekruttering. Kyststatane har difor blitt samde om ein ny forvaltningsplan. Planen inneber ei gradvis nedtrapping av fisket over to år til eit berekraftig nivå. Dette har ført til ein rikeleg reduksjon av kvotane for 2009. Frå 2011 skal fisket skje på føre-var-nivå.

Noreg og EU er einige om auka gjensidig sonetilgang for 2009. Dette inneber at norske fartøy kan fiske 68 % av den norske kyststatskvoten i EU-sona i 2009 mot 65 % i 2008. Norske fartøy kan i tillegg fiske 63 200 tonn kolmule i EU-sona i medhald av den årlege kvoteavtalen mellom Noreg og EU for 2009. Noreg kan til saman fiske 160 114 tonn kolmule i EU-sona.

I kyststatsavtalen har norske fartøy fått auka sonetilgang til færøysk sone i 2009 Tilgangen for norske fartøy er auka frå 4 % til 12 %. I tillegg har Noreg i medhald av den bilaterale avtalen med Færøyane fått ein kvote på 11 300 tonn. Norske fartøy kan såleis fiske inntil 76 514 tonn kolmule i færøysk sone i 2009.

Den norske totalkvoten er på 231 873 tonn kolmule i 2009. I kyststatsavtalen er det opna for kvotefleksibilitet frå eit år til eit anna på inntil 10 %. Den norske totalkvoten inkluderer også unytta kvote frå 2008.

3.2.11 Forvaltninga av makrell

På bakgrunn av ekspansjonen i det uregulerte makrellfisket i internasjonalt farvatn, fremma Noreg, EU og Færøyane eit felles forslag om regulering av makrellfisket i internasjonalt farvatn, på det ekstraordinære årsmøtet i NEAFC 8.-9. februar 1999. Forslaget vart vedteke mot stemmene til Russland og Island.

Med det felles forslaget aksepterte Noreg og EU implisitt at Færøyane er kyststat til makrellbestanden. Dette førte til at dei tre partane kunne starte forhandlingar om etablering av eit nytt forvaltningsregime for makrell. Drøftingane vart sluttførte 19. november 1999 då dei tre partane underteikna ein avtale om forvaltninga av makrell i Nordaust-Atlanteren for 2000.

Trepartsavtalen inneheld ein sameint langtidsstrategi for forvaltninga av makrell som skal sikre at uttaket av bestanden skjer innanfor forsvarlege biologiske rammer. Avtalen vart revidert og endra hausten 2008 etter råd frå ICES. Dette vil gje grunnlag for eit berekraftig fiske og høgt langtidsutbytte.

Sjølv om partane har inngått avtalar om makrell i åra etter 1999, har det heile tida vore usemje mellom Noreg og EU om forvaltningsregimet for makrell. Hovudproblemet er deling av kvoten mellom partane. Til no har Noreg og EU berre avtalt årlege ad hoc-arrangement for makrellen. På norsk side har ein meint at Noreg har eit rettkome krav på ein større del av makrellen. Det norske kravet er til no avvist av EU.

Det vert i dag sett makrellkvotar for tre forvaltningsområde. Ut frå ei vurdering av utbreiinga til bestanden, tilgjenge og beskatningsmønster, har Noreg gjort framlegg overfor EU om å opprette eitt forvaltningsområde for makrell med ein TAC som skal fordelast mellom partane. Noreg har til no ikkje fått gjennomslag for dette. Problemet er at EU fastset ein særskilt makrellkvote i det sørlegaste utbreiingsområdet til bestanden (Biscaya). Noreg og Færøyane har i alle år protestert mot dette og vist til at det ikkje er biologisk grunnlag for ein slik unilateral komponent. For at saka ikkje skulle sementerast heilt, varsla Noreg i forhandlingane om ein avtale for 2009, at vi ville etablere ein tilsvarande unilateral komponent, om EU ikkje gjekk med på å inkludere sin i forvaltninga. Forhandlingane gav difor som resultat at Noreg og Færøyane har etablert ein unilateral komponent som er lik EU sin unilaterale komponent.

På årsmøtet i NEAFC vedtok partane ei regulering av makrell i internasjonalt farvatn som inneber ein kvote for dette området på 57 885 tonn i 2009. Det vart sett av 29 706 tonn til Russland, 26 442 tonn til kyststatane og 1738 tonn til Island. Island har reservert seg mot NEAFC-reguleringa.

For 2009 gjeld difor følgjande kvotar:

Fordelt kyststat TAC511 287
NEAFC57 885
EU sitt sørlege komponent35 819
Nor/Fær unilateral komponent35 819
Totalt640 810

3.2.12 Forvaltninga av uer

Uerbestanden i det nordaustlegen Atlanterhavet består av to artar som finst i Irmingerhavet og i Norskehavet.

Uer i Irmingerhavet

ICES sitt råd for 2009 var at ein ikkje skulle fange meir enn 20 000 tonn.

Partane i denne prosessen om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet er kyststatane Island, Grønland og Færøyane og ikkje-kyststatane EU, Noreg og Russland. Det er inga formell semje om fordelinga, men det finst ein ad hoc fordelingsnøkkel frå 1996, som nokre av partane delvis har basert seg på. I og med at enkelte statar fastsette større kvotar enn dei burde vart det samla uttaket også i 2008 altfor høgt. EU og Noreg heldt seg til avtalen og fiska i samsvar med fordelingsnøkkelen frå 1996. I praksis er den gamle ordninga vidareførd i 2009, med mindre justeringar i tid- og områdeavgrensingane. Det sistnemnte inneber eit noko betre vern av uerlarvar. I avtaleteksten heiter det at ingen av partane skal fiske meir enn dei kvotane partane fastset for 2008. I praksis inneber dette at det samla fisket kan bli tre til fire gonger så stort som ICES tilrår, under føresetnad av at det er mogeleg å finne så mykje uer som kan fiskast.

Det ligg no føre ein førebels uoffisiell ICES-rapport som stadfester det kyststatane har hevda om at det eigentleg er tre ulike uerbestandar i Irmingerhavet, og to av dei finst i internasjonalt farvatn. ICES har også lukkast i å dele desse opp i tre ulike forvaltningsdelar. Denne rapporten kan danne grunnlaget for vurdering av sonetilhøyrsle, og dermed kanskje bidra til ei permanent fordeling av irmingerhavsuer, noko som i sin tur venteleg kan medverke til ei betre forvaltning av desse bestandane.

Snabeluer i Norskehavet

I 2005 starta eit nytt fiskeri etter uer i den internasjonale delen av Norskehavet. Denne uerbestanden er hovudsakleg i norsk sone, men dreg på næringsvandring til internasjonalt farvatn tre månader om hausten.

ICES tilrår nullfiske. Den norske haldninga var og er at det er viktig av omsyn til bestanden å få regulert dette fisket.

Noreg inviterte dei andre NEAFC-partane til drøftingar hausten 2008, knytt til ønsket vårt om å få stoppa fisket etter uer i internasjonalt farvatn i Norskehavet.

Noreg fremma forslag i NEAFC om nullfiske i 2007 og 2008, men fekk ikkje gjennomslag. NEAFC vedtok derimot ein totalkvote på 15 500 tonn for 2007 og 14 500 tonn for 2008. For 2009 vart totalkvoten sett til 10 500 tonn. Den pelagiske ueren i dette området er ufordelt mellom partane, og fisket er regulert som eit «olympisk» fiske, der alle fiskar inntil fisket vert stogga når totalkvoten er teken, i perioden september- november.

Etter initiativ frå Noreg er det sett i gong ein forhandlingsprosess for å etablere ein formell fordelingsnøkkel for norskehavsueren. Førebelse utrekningar tyder på at sonetilhøyrsla til Noreg ligg rundt 90 %.

3.2.13 NAFO

Det overordna målet til Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO) er å bidra gjennom konsultasjonar og samarbeid, til langsiktig bevaring, optimal utnytting og rasjonell forvaltning av fiskeressursane i konvensjonsområdet. NAFO har i 2009 12 medlemsland, mellom anna frå Nord-Amerika, Asia og Karibia. Fire av medlemslanda er kyststatar til konvensjonsområdet: USA, Canada, Frankrike (på vegner av St. Pierre et Miquelon) og Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland). NAFO-sekretariatet ligg i Dartmouth i Canada.

Figur 3.2 NAFO sitt konvensjonsområde

Figur 3.2 NAFO sitt konvensjonsområde

NAFO har i dei seinare åra lagt vekt på å modernisere organisasjonen, inkluderte naudsynte endringar av sjølve NAFO-konvensjonen, og har vedteke ein revidert konvensjonstekst. Den nye konvensjonen tek mellom anna omsyn til føre-var-prinsippet, økosystembasert forvaltning, etablering av ein mekanisme for tvisteløysing og strukturelle endringar av organisasjonen. Endringane av konvensjonen vart vedtekne på årsmøtet i 2007. På årsmøte i 2008 vart den reviderte konvensjonsteksten vedteken i plenum.

Noreg har kvoterettar i NAFO sitt reguleringsområde på 9,26 % av torskekvoten i underområde 3M, og 30 % av totalkvoten for lodde i 3NO. Grunna den dårlege bestandssituasjonen for torsk og lodde er det forbod mot eit direkte fiske av desse artane i NAFO-området. Moratoriet på torsk vart oppretthalde for 2009.

Noreg har sidan 1993 fiska reker på Flemish Cap. Det føregår to separate rekefiskeri på Flemish Cap, eitt i område 3 og eitt i område 3 L. Rekebestanden i område 3 M er ikkje kvoteregulert, men vert regulert ved å avgrense talet på fartøy og fiskedøgn. Spørsmålet om å innføre kvoteregulering i staden for å regulere talet på deltakande fartøy og fiskedøgn har vore drøfta fleire gonger, utan at partane hittil har klart å kome fram til ei endeleg avklaring. Spørsmålet om ei kvoteregulering i underområde 3M, vart drøfta på eit særskilt møte i mai 2008. Partane kom heller ikkje denne gongen fram til ei avklaring fordi dei ikkje vart samde om fordelinga partane imellom. Saka vart ikkje følgd opp seinare på årsmøtet. På årsmøtet hausten 2007 vedtok partane same regulering som tidlegare år, slik at norske fartøy også i 2008 kunne fiske i til saman 1985 fiskedøgn i underområde 3M, og 32 norske fartøy kunne ta del i fangsten. Denne ordninga vart vidareførd i 2009. I underområde 3L har totalkvoten auka frå 25 000 tonn i 2008 til 30 000 tonn i 2009. Auken inneber at den norske rekekvoten i 3L aukar frå 287 til 344 tonn i 2009.

På årsmøtet i 2003 vart partane etter til dels lange og vanskelege forhandlingar einige om at dei over ein fireårsperiode skal trappe ned kvoten på blåkveite frå 20 000 tonn i 2004 til

16 000 tonn. Det var også semje om ein plan for å byggje blåkveitebestanden opp att. Planen gav ein kvote på 16 000 tonn for 2008. Heile kvoten er delt mellom dei som har fiska mest på blåkveite i NAFO-området dei siste åra. Noreg er ikkje blant desse landa, og kan ikkje fiske blåkveite før totalkvoten kjem opp på 30 000 tonn eller meir. På årsmøte i 2008 vart det vedteke at kvoten på blåkveite frå 2008 (16 000 tonn) skal førast vidare i 2009.

NAFO har dei siste åra arbeidd for å implementere fiskeriresolusjonen vedteke av FN i 2006 (UNGA 61/105) om å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem vert skåna. NAFO har og arbeidt med FAO sine retningslinjer for djuphavsfiske på ope hav. Ulike område i konvensjonsområdet er delt inn i tre kategoriar: noverande område, stengde område og nye fiskeområde. NAFO vedtok på årsmøtet i 2006 å stengje fire sensitive område i perioden 2007-2010 for fiske med botnreiskapar. Det er no i tillegg vedteke regelverk som regulerer botnfiske og fartøya sine handlingar ved samanstøyt med sårbare marine økosystem (når utrekningar viser 100 kg korallar og/eller 1000 kg svamp per fangst) i noverande område og nye område. Det er stilt strenge krav når det gjeld rapportering og plikt til å ha ein vitskapleg observatør om bord i nye område. Fartøyet pliktar ved samanstøyt, uavhengig av område, å stoppe fisket, rapportere hendinga og flytte minst 2 nautiske mil frå staden med sårbare marine økosystem.

Hamnestatskontrollregimet for NAFO vart vedteke på årsmøtet i 2008. Teksten baserer seg i stor grad på NEAFC sitt system. NAFO si svarteliste vart på NEAFC sitt årsmøte i 2007 inkludert i NEAFC si svarteliste.

Noreg skal vere vertskap for årsmøtet 2009 i Bergen i september.

Meir informasjon finst på NAFO sine heimesider: http://www.nafo.int.

3.2.14 NEAFC

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen skal sørgje for langsiktig bevaring og optimal utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområdet. NEAFC sin viktigaste funksjon er i dag å bidra til utviklinga av gode regionale kontrollregime og ei utvikling mot ei meir økosystembasert forvaltning av havområda. NEAFC sine myndigheitsområde er i utgangspunktet avgrensa til områda utanfor 200-milssonene. Når det gjeld reguleringar av fisket på bestandar som vandrar både innanfor og utanfor 200 nautiske mil, har kommisjonen i første rekkje ein samordnande funksjon. NEAFC kan likevel gjere vedtak om reguleringstiltak innanfor den økonomiske sona til ein part, dersom vedkomande part ønskjer det og støttar at eit reguleringstiltak vert sett i verk. NEAFC-konvensjonen gjeld i utgangspunktet for alle fiskeressursar i konvensjonsområdet, med unnatak av sjøpattedyr og langtmigrerande artar i den utstrekninga dei er omfatta av andre internasjonale avtalar (for eksempel tunfisk). Partane til NEAFC er Danmark (på vegner av Færøyane og Grønland), EU, Island, Noreg og Russland. Sekretariatet ligg i London.

Figur 3.3 NEAFC sitt konvensjonsområde. Myndigheitsområde er merka i oransje

Figur 3.3 NEAFC sitt konvensjonsområde. Myndigheitsområde er merka i oransje

NEAFC har i første rekkje ein samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom partane sine økonomiske soner og ope hav. Det gjeld makrell, kolmule, norsk vårgytande sild og uer. Det vert gjort kyststatsavtalar for desse bestandane.

I desember 2005 vart kyststatane for første gong samde om ei regulering av fisket etter kolmule. For 2007 har kyststatane inngått ein avtale som er ei vidareføring frå 2006. Kvoten i NEAFC sitt reguleringsområde var i 2007 268 550 tonn, der Russland var tildelt 137 000 tonn og Grønland 10 000 tonn. Resten er fordelt mellom kyststatane etter fordelinga fastsett i kyststatsavtalen (sjå kapittel 3.2.10). For 2008 har kyststatane inngått ein avtale som er ei vidareføring frå 2006 og 2007, men med ein monaleg redusert TAC. Kvoten i NEAFC sitt reguleringsområde var i 2008 181 748 tonn, der Russland vart tildelt 92 718 tonn og Grønland 6768 tonn. Det ligg vidare i NEAFC-reguleringa at den relative delen dei ulike partane er tildelt, skal gjelde i framtida. For Russland sin del betyr det at deira kvote for 2008 inneheld eit tillegg på 16 282 tonn, som skal fasast ut innan 2012. Den særskilte overføringa til Russland er 16 237 tonn i 2009 og vil bli redusert til 8000 tonn i 2010 og til 4000 tonn i 2011. Ingen tilleggskvote vil bli tilgjengeleg i 2012. Noreg, EU, Færøyane og Island vart einige om forvaltninga av kolmule for 2009. Denne semja inneber ein betydeleg reduksjon av kvotane. Reduksjonen heng saman med den dårlege bestandssituasjonen etter sviktande rekruttering dei seinare åra. Totalkvoten for kolmule for 2009 er på 590 000 tonn. Innanfor denne kvoten vil partane i NEAFC leggje til rette for ei avsetning til andre land sitt fiske i internasjonalt farvatn.

NEAFC vedtok i 1996 for første gong eit avgrensa uttak på oseanisk uer i Irmingerhavet. Island, Færøyane og Grønland er rekna som kyststatar. Partane i NEAFC vart på årsmøtet i 2006 samde om reguleringstiltak for fiske av uer i Irmingerhavet i 2007 og fastsette ein totalkvote på 46 000 tonn, mot 62 416 tonn i 2006. For 2008 vart partane ikkje samde om ei regulering på årsmøtet i november 2007. Det vart difor gjennomført forhandlingar mellom kyststatane i januar og februar 2008 og det vart deretter vedteke ei NEAFC-regulering på 46 000 tonn for 2008 ved ei postavstemning mellom NEAFC-partane. Denne reguleringa er vidareført til 2009 med marginale justeringar i tid- og områdeavgrensingane. Dette er gjort trass i rådet frå ICES for 2009 om at det ikkje bør fangast meir enn 20 000 tonn. Delar av uerbestanden i Irmingerhavet, som vert forvalta av NEAFC, har dei seinaste åra vore observert og delvis utnytta i NAFO-området.

Noreg foreslo på årsmøtet i november 2006 eit forbod mot å fiske uer i Norskehavet i 2007, men med høve til å ha inntil 15 % bifangst. Forslaget fekk ikkje tilslutning, men partane i NEAFC slutta seg til ei regulering som forbaud fiske av uer i ICES statistikkområde I og II i perioden 1. januar til 30. juni 2007. NEAFC behandla saka på eit ekstraordinært årsmøte i juni 2007 og vedtok ein TAC på 15 500 tonn for 2007. For Noreg var det avgjerande at det vart fastsett ei regulering for 2007 slik at ein unngjekk eit uregulert fiske, og Noreg aksepterte difor ein TAC som ikkje var i samsvar med vårt primære ønskje om eit forbod mot fiske av uer i 2007. På årsmøtet i 2007 foreslo Noreg igjen eit forbod mot fiske av uer i 2008, basert på den best tilgjengelege vitskaplege rådgjevinga. Igjen fikk ikkje Noreg gjennomslag for sitt syn og det vart fastsett ein kvote på 14 500 tonn for 2008. Partane vart i tillegg einige om å gjennomføre eit forskingstokt på uer i 2008 for å skaffe meir kunnskap om ueren i Norskehavet. Det er gjennomført eit første møte mellom partane om fordeling av uer våren 2008. På årsmøtet i 2008 fremma Noreg, som i 2007, forslag om fiskeforbod. ICES si siste tilråding er eit nullfiske. Etter fleire diskusjonsrundar, der eit nullfiske ikkje var aktuelt, vedtok NEAFC ein redusert totalkvote på 10 500 som regulering for 2009.

Noreg, EU, Færøyane, Island og Russland har inngått ein avtale om forvaltninga av norsk vårgytande sild for 2009. Totalkvoten i 2009 er 1 643 000 tonn. Den norske delen på 61 % ligg fast og utgjer 1 002 230 tonn. Kvoten er fastsett i tråd med råd frå ICES for 2009 og inneber ein auke samanlikna med kvoten i fjor. Den norske kvoten i fjor var på 925 980 tonn. Partane er einige om å vidareføre den felles forvaltningsplanen som har som mål å sikre eit høgast mogleg langtidsutbytte. Ifølge ICES er forvaltningsplanen i tråd med føre-var-prinsippet.

På årsmøtet i NEAFC i 2000 vedtok partane for første gong ei regulering av fisket etter makrell i internasjonalt farvatn. Kvoten for dette området vart for 2007 fastsett til 47 939 tonn og for 2008 sett til 43 629 tonn. Island har reservert seg mot denne reguleringa (sjå kapittel 3.2.11). For 2009 gjev avsetninga til NEAFC ein makrellkvote på 57 884 tonn. Denne kvoten vert fordelt etter fastsette prosentar. Kyststatane får 50 % til fordeling, dvs. 26.440 tonn, Russland får 47 % som tilsvarar 29 706 tonn og Island 3 % – 1738 tonn. Kyststatane vil overføre 2500 tonn frå deira felleskvote til Russland i 2009. Dette kvantumet vil bli redusert til 1500 tonn i 2010, og det vert ingen tilleggskvote tilgjengeleg i 2011. Island kravde også på årsmøtet i 2008 å bli behandla som kyststat på makrell, og har difor reservert seg mot NEAFC-reguleringa.

NEAFC har hatt ein prosess med sikte på å etablere eit forvaltningsregime for djuphavsressursane utanfor jurisdiksjonsområda til kyststatane. I 2004 vedtok NEAFC å redusere innsatsen i fisket etter djuphavsartar med 30 %. På årsmøtet i november 2006 var det semje om ein ytterlegare reduksjon av innsatsen med 5 %, til 65 % for 2007. Denne vart ført vidare for 2008 og 2009. Det har ikkje kome nye ICES-tilrådingar for djupvassartar sidan 2006. I 2008 fekk kvar avtalepartnar kvote på orange roughy på 150 tonn. Det vart ikkje vedteke tilrådingar om orange roughy for 2009. Noreg har ikkje noko fiske på denne bestanden.

På årsmøtet i 2006 tok Noreg opp spørsmål knytt til tapte og etterlatne garn i djuphavsfiske. Som følgje av dette vart det vedteke eit mellombels forbod mot fiske med garn på djupare vatn enn 200 meter inntil NEAFC har utvikla eit teknisk regelverk for garnfiske, mellom anna med reglar om røkting av garn. Seinare er dette forbodet vidareført og det gjeld også for 2009.

NEAFC har arbeidd for å tilpasse organisasjonen til utviklinga i internasjonal havrett, i tråd med m.a. prinsippet om føre-var og økosystemforvaltning. Noreg har vore ein sentral pådrivar for denne utviklinga.

Partane har slutta seg til endringar i konvensjonsteksten for å gi organisasjonen mandat til å gjennomføre ei meir heilskapleg og økosystembasert forvaltning av ressursane i konvensjonsområdet. Forslaget inneber at konvensjonsteksten vert oppdatert i høve til den utviklinga som har skjedd på dette området sidan 1982, så som havrettstraktaten, FN-avtalen om fiske på det opne hav mv. Partane har også slutta seg til ei erklæring der dei forpliktar seg til å tolke konvensjonsteksten i tråd med dei vedtekne konvensjonsendringane fram til desse trer i kraft.

NEAFC vedtok i 2004 å stengje fem område for botntråling og fastståande reiskapar, for perioden 1. januar 2005 til 31. desember 2007. Denne stenginga vart på årsmøtet i 2007 forlenga til å gjelde også i 2008. På årsmøtet i 2006 vart det vedteke å stengje ytterlegare fem område for botntråling og fastståande reiskapar for å verne korallrev, og stenginga gjeld ut 2009.

På bakgrunn av tilråding frå ICES fremma Noreg eit forslag om å revidere dei stengde områda. Det norske forslaget vart behandla på eit ekstraordinært årsmøte i NEAFC i juli 2008, der Noreg foreslo at dei eksisterande verneområda med forbod mot botnfiske, oppretta i 2004, skulle opphevast og erstattast av fem nye område, tre større og to mindre.

Partane sende det norske forslaget vidare til ICES for vurdering. ICES tilrådde å halde fast på dei lukka områda med ein del justeringar – utvidingar av områda.

Noreg fremma på årsmøtet i november i 2008 nytt forslag om lukking basert på rådgjevinga frå ICES, men sidan partane framleis ikkje hadde klart å førebu seg tilstrekkeleg til å ta standpunkt vart saka utsett, og dei eksisterande verneområda vart forlenga til 31. mars 2009.

Noreg sitt reviderte forslag vart behandla på nytt i eit ekstraordinært møte i NEAFC i mars 2009. Forslaget vart vedteke med nokre mindre justeringar og sendt partane til formell avgjerd i skriftleg prosedyre i tråd med NEAFC sitt reglement. Det norske forslaget og NEAFC sine vedtak er i tråd med FNs fiskeriresolusjon frå 2006 og FAO sine retningslinjer om botnfiskeri, vedtekne i august 2008. Sjå meir detaljert om oppfølginga av FN-resolusjonen 61/105 i kapittel 3.2.13, NAFO.

På årsmøtet i 2005 oppretta NEAFC for første gong ei såkalla svarteliste. Det vil seie ei liste over fartøy som ikkje har rett til å fiske i NEAFC sitt reguleringsområde eller som har motteke fisk frå slike fartøy. Med det nye regelverket er grunnlaget for å svarteliste fartøy betra. Reglane gjeld for fartøy som ikkje fører flagget til eitt av medlemslanda i NEAFC. Fram til 1. mai 2007 omfatta regelverket berre aktivitet i internasjonalt farvatn, men etter regelendringa gjeld det også aktivitet i medlemslanda sine økonomiske soner. Svartelista fartøy skal ikkje få løyve til å gå i hamn eller ta i mot sørvis eller forsyningar, føreta mannskapsbyte og liknande i hamnene til medlemslanda. På årsmøtet i 2007 vedtok NEAFC at fartøy som står på svartelistene til NAFO, CCAMLR og SEAFO og som ikkje er flagga i nokon av NEAFC-landa, skal inkluderast i svartelista til NEAFC. Det vart også vedteke at NEAFC skal sirkulere si svarteliste til desse organisasjonane.

NEAFC har, som første regionale fiskeriforvaltningsorganisasjon, etablert reglar for hamnestatskontroll (Scheme of Control and Enforcement) som har vist seg å vere eit effektiv verkemiddel i kampen mot ulovleg fiske. Det nye regelverket vart sett i kraft 1. mai 2007. Reglane om hamnestatskontroll er omtala nærare i kapittel 5.3. NEAFC har også sett i verk eit omfattande opplegg for satellittovervaking av fiskeria i Nordaust-Atlanteren.

Meir informasjon finst på NEAFC sine heimesider: http://www.neafc.org/

3.2.15 IWC og NAMMCO

IWC

Noreg er medlem av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen, IWC, som regulerer fangst av større kvalartar. IWC vart oppretta for å sikre ei berekraftig forvaltning av kvalressursane, og Noreg deltek på årsmøta og andre møte om forvaltning av kval. I 1982 vedtok IWC eit totalforbod mot all kommersiell kvalfangst. Noreg har reservert seg mot dette forbodet, og er difor ikkje bunden av det. Frå 1994 til 2006 arbeidde IWC utan å lukkast med å få på plass eit revidert forvaltningsregime. Det var tanken at eit revidert forvaltningsregime skulle opne for kommersiell kvalfangst.

Hovudsaka i IWC er no diskusjonen om kva som skal vere IWC si oppgåve i framtida. Det er uklart om det kan bli semje om noko som helst. Noreg kan vanskeleg gå med på kompromiss som ikkje opnar for at IWC igjen tek til med å forvalte kvalressursane.

Forskarane i IWC har etablert spesielle prosedyrar for vurdering av dei ulike kvalbestandane og uttaket av dei. Kvoteutrekningsmodellen, som er svært konservativ, er utvikla slik at han kan brukast til å rekne ut kvotar for alle bardekvalartar. Den norske kvoten vert fastsett på bakgrunn av det arbeidet som er gjort i IWC sin vitskapskomité. For 2009 har Noreg autonomt fastsett ein norsk kvote på 885 dyr.

Under vitskapskomiteen sitt møte i 2008 var det ein gjennomgang der all ny kunnskap (teljingar, genetiske data, etc.) vart oppsummert og diskutert. Den norske delegasjonen presenterte eit forslag til nytt bestandsestimat basert på teljingane for perioden 2002-2007. Det nye estimatet er 103 000 dyr for totalområdet, 79 000 for den austlege delen og 24 000 for Jan Mayen-området. Dette estimatet er veldig nær estimatet frå førre teljeperiode (107 000), men er nok omeir usikkert. Det står att noko utregningsarbeid for å redusere usikkerheita før estimatet kan godkjennast for bruk i IWC sin reviderte forvaltningsprosedyre, RMP. Punktestimatet (103 000) er akseptert. Under diskusjonen av forslaget vart det fremma ei liste med forslag til kva som bør gjerast før endeleg godkjenning. Modellen som vert brukt til å rekne ut usikkerheita til bestandsstorleiken, er tidlegare akseptert, men det ligg føre ei rekkje forslag til korleis han kan gjerast betre. Det nye bestandsestimatet vil difor først bli ferdigbehandla på IWC sitt årsmøtet i juni 2009.

Meir informasjon finst på IWC sine heimesider: http://www.iwcoffice.org/

NAMMCO

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen, NAMMCO, vart etablert i 1992. Hovudoppgåva var å arbeide for vern og forvaltning av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren basert på vitskaplege råd. Arbeidet er konsentrert om småkval, sel og kvalross, men studiane og samarbeidet omfattar òg dei store kvalartane. Noreg er saman med Færøyane, Grønland og Island medlem i kommisjonen. Danmark, Russland, Canada og Japan møter regelmessig som observatørar, og Canada og Russland tek aktivt del i arbeidet i arbeidsgrupper.

NAMMCO har lukkast godt i arbeidet med å forbetre jaktmetodar, eit arbeid som har interesse langt utover medlemslanda i NAMMCO. Representantar frå alle dei nordiske landa, Russland, Japan, Canada og USA deltek i dette arbeidet. Resultata gjev grunnlag for å forbetre jaktmetodane og setje nye standardar for jakt på sjøpattedyr. Arbeidet er no særleg relevant for dei drøftingane som går føre seg i EU om mogleg innføring av handelsrestriksjonar for produkt av sel.

NAMMCO sin vitskapskomité driv forsking på sjøpattedyr i Nord-Atlanteren

Arbeidet med å utvikle fleirbestandsmodellar går sakte fordi ein ventar på framdrift i nasjonale forskingsprosjekt. Dette arbeidet er viktig for forvaltninga av dei marine ressursane, og Noreg går inn for at NAMMCO skal prioritere arbeidet med økosystembasert tilnærming til forvaltning av sjøpattedyra i våre havområde.

Meir informasjon finst på NAMMCO sine heimesider: http://www.nammco.no/

3.2.16 CCAMLR

Figur 3.4 CCAMLR sitt konvensjonsområde

Figur 3.4 CCAMLR sitt konvensjonsområde

Kommisjonen for bevaring av marine levande ressursar i Antarktis, CCAMLR, vart oppretta i 1981 med Noreg som ein av grunnleggjarane. «Bevaring» er i konvensjonen definert slik at det omfattar rasjonell utnytting av ressursane. I byrjinga vart CCAMLR omtala som krill-konvensjonen. Utanom fisket etter krill føregår det eit direkte fiske etter antarktisk tannfisk, patagonisk tannfisk og makrell-isfisk i området.

CCAMLR vedtek årleg tilrådingar av totalkvotar for dei ulike artane i konvensjonsområdet, som utgjer det meste av Sørishavet. CCAMLR deler ikkje totalkvotane mellom dei enkelte medlemmane. Det er såleis ope for eit «olympisk» fiske, der alle fiskar inntil fisket vert stogga når totalkvotane er tekne. Kvotane er likevel delt på nokre underområde. Føremålet med det er å hente inn informasjon frå nærast heile området gjennom å spreie fangstane.

Noreg fastsette 13. mars 1998 ei føresegn om regulering av fiske med norske fartøy i Antarktis (CCAMLR-området). Føresegna gjeld for norske statsborgarar og personar busette i Noreg som driv fiske med norske fartøy i havområda på den sørlege halvkula, som er underlagt konvensjonen av 20. mai 1980 for bevaring av levande marine ressursar i Antarktis. Det er forbod mot å drive fiske utan at det er innhenta løyve frå norske styresmakter. I fangstsesongen 2003–2004 tok for første gong eit norsk fartøy del i fiske i Antarktis, nærare bestemt i eit forsøksfiske etter patagonisk tannfisk i Rosshavet. Det same fartøyet har fiska i dette området til og med 2007, men deltek ikkje i 2008 eller 2009. Alt fiske med norsk fartøy skal gjennomførast med vitskaplege observatørar frå andre CCAMLR-partar om bord. På dette viset hjelper fiskefartøya til med innsamling av data som kan nyttast av CCAMLR si vitskapskomite.

Det er innført eit fangstdokumentasjonssystem for å overvake internasjonal handel og vise at patagonisk tannfisk som vert importert til eit medlem av organisasjonen, er fanga i samsvar med CCAMLR sitt regelverk eller teken utanfor CCAMLR-området. Det skjer ei kontinuerleg evaluering for å betre systemet og tette eventuelle smotthol. Noreg sette i verk dette systemet i mars 2000.

Det er store krillressursar i Sørishavet. I 2000 vart det gjort ei akustisk mengdemåling av førekomstane av krill i store delar av område 48. Resultatet av kartlegginga var ei biomasse rekna ut til 44 millionar tonn, og ein tilrådd fangst på 4 millionar tonn, delt nokolunde likt mellom dei fire underområda av område 48. For å gjennomføre den tilrådde fangsten er det eit vilkår at det vert oppretta område for forvaltninga som har mindre geografisk utstrekning enn dei fire underområda. Arbeidet med dette er ikkje ferdig. Den maksimale fangsten for heile område 48 er 620 000 tonn inntil desse mindre områda er etablerte. Dei siste åra har totalfangsten vore mellom 100 000 og 150 000 tonn. For sesongen 2008/2009 (1. desember 2008 – 30. november 2009) har Noreg meldt på fire fartøy for krillfiske i CCAMLR, men bare eittt har begynt fisket. Med tida kan fisket etter krill bli særs viktig i CCAMLR-området, og det er fleire norske og utanlandske firma som viser interesse for dette. Noreg har gjort avtale om vitskapleg ­observasjon av dette fisket med andre land.

Noreg deltok på CCAMLR sitt årsmøte i 2008. Det har lenge vore sett søkjelys på det ulovlege fisket (innanfor dei økonomiske sonene) og det uregulerte fisket (på det opne hav innanfor konvensjonsområdet) etter patagonisk tannfisk, såkalla UUU-fiske. Sjølv om estimata for UUU-fiske er usikre, er det teikn som tyder på at omfanget no er monaleg mindre enn for få år sidan. Nye tiltak vedtekne i 2008 er særskilde tiltak for vern av sårbare marine økosystem. Her må det gjerast ei vitskaplig vurdering av korleis fiske med reiskapar som kjem i kontakt med botnen, verkar på slike økosystem. Fartøy som fiskar med slike reiskapar må flytte seg og melde frå om dei kjem i kontakt med sårbare habitat under fiske. Fleire nye tiltak med særleg omsyn til sårbare økosystem er på plass for å svare til krava om vern i FN-fiskeriresolusjonen 61/105 frå 2006.

Meir informasjon finst på CCAMLRs heimesider: http://www.ccamlr.org/

3.2.17 ICCAT

Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk, ICCAT, vart etablert i 1969. Denne regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonen har ansvar for bevaring og forvaltning av tunfisk og tunfiskliknande artar i Atlanterhavet og Middelhavet. ICCAT har 48 kontraherande partar (medrekna EU som part). Organisasjonen sitt kompetanseområde omfattar omkring 30 artar, mellom anna makrellstørje som særleg i 1950-åra vart fiska i store kvanta langs norskekysten. Overfiske har ført til ein kraftig reduksjon i bestanden og førekomstane i våre farvatn er i dag nærast ikkje-eksisterande.

Frå slutten av 1990-talet tyda førekomstar av makrellstørje i norske farvatn på at bestanden kunne komme til å ta opp att sitt gamle beitevandringsmønster og igjen bli tilgjengeleg for fiske i norske farvatn. Som følgje av dette møtte Noreg som observatør i ICCAT frå 1998 til 2003. I tråd med våre havrettslege plikter til samarbeid med dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane som forvaltar bestandar som opptrer i våre farvatn og for å sikre oss høve til eit framtidig fiske på makrellstørje, vart Noreg medlem av ICCAT i 2004. Føremålet med den norske deltakinga har i første rekkje vore å søkje å bidra til ei forvaltning som sikrar gjenoppbygging av makrellstørjebestanden i det austlege Atlanterhavet. Deltakinga i ICCAT er også viktig for Noreg fordi organisasjonen spelar ei aktiv rolle internasjonalt når det gjeld utforming av regelverk.

ICCAT fastset kvotar for periodar på fire år, og gjeldande kvoteperiode for makrellstørje går frå 2007 til 2010. I samband med kvotefastsettinga for denne perioden fekk Noreg for første gong forhandla fram ein kyststatskvote på austleg makrellstørje (bestandskomponent som dekkjer Middelhavet og det austlege Atlanterhav) som gjenspeglar ein fast del. Kvoten for 2007 var på 53,34 tonn og skal i tråd med gjenoppbyggingsplanen, jf. nedanfor, reduserast årleg. Fram til 2007 hadde Noreg høve til å fiske på ein samlekvote på 1000 tonn for land utan kvote.

Makrellstørjebestanden er i svært dårleg forfatning på grunn av høgt overfiske over lang tid og dårleg vern av ungfisken i Middelhavet. På årsmøtet i 2005 la Noreg fram eit forslag om betre vern av ungfisk i Middelhavet. Mange land støtta forslaget, men det vart ikkje vedteke. Betre vern av ungfisken i Middelhavet er nødvendig for at bestanden på nytt kan bli så stor at han kjem ut i Atlanteren på beitevandring i større omfang.

På årsmøtet i 2006 vedtok ICCAT ein gjenoppbyggingsplan for austleg makrellstørje som etablerer eit omfattande kontrollregime og tilhøyrande forvaltningstiltak. Planen inneber ei gradvis nedtrapping av totalkvoten (TAC) i kvoteperioden. TAC vart likevel sett dobbelt så høgt som tilrådd av ICCAT sin vitskapskomité (29 500 tonn for 2007 med nedtrapping til 25 500 tonn i 2010 -mot tilrådd 15 000 tonn kombinert med innføring av andre tiltak, inkl. stans i fisket i heile gytesesongen og kontroll av uttaket). Noreg støtta innføringa av dei foreslått kontrolltiltaka, men gjekk i mot gjenoppbyggingsplanen fordi forvaltningselementa var utilstrekkelege. På bakgrunn av bestandssituasjonen har Noreg fastsett forbod mot fiske og landing av makrellstørje i norske farvatn.

Den stadig dårlegare bestandssituasjonen og mangelen på oppfølgjing av kontrolltiltaka i gjenoppbyggingsplanen førte også til at nedjustering av dei fastsette kvotane på makrellstørje vart hovudtema under årsmøtet hausten 2008. Noreg støtta eit forslag om å setje TAC til 15 000 tonn, dvs i tråd med den vitskaplege tilrådinga. Fleirtalet i ICCAT gjekk imidlertid inn for ein mindre reduksjon av TAC. Denne vart sett til 22 000 tonn for 2009, medan TAC for 2010 vart sett til 19 950 tonn.

Meir informasjon finst på ICCAT sine heimesider: http://www.iccat.es/

3.2.18 SEAFO

Figur 3.5 SEAFO sitt konvensjonsområde

Figur 3.5 SEAFO sitt konvensjonsområde

Den søraustatlantiske fiskeriorganisasjonen, SEAFO, vart etablert 20. april 2001 og har hovudsete sitt i Namibia.

Det overordna målet til SEAFO-konvensjonen er langsiktig bevaring og berekraftig bruk av marine ressursar i det søraustlege Atlanterhavet. Partane pliktar å innføre tiltak som skal sikre ein langsiktig berekraftig bruk av fiskeressursane i konvensjonsområdet. Konvensjonsområdet er avgrensa til det opne hav, og omfattar såleis ikkje dei økonomiske sonene til kyststatane i området.

SEAFO-konvensjonen vart underteikna av dei fire kyststatane Angola, Namibia, Storbritannia (på vegne av St. Helena) og Sør-Afrika, og dessutan EU, Island, Noreg, Sør-Korea og USA. Noreg ratifiserte konvensjonen 12. februar 2003. Sør-Afrika er nytt medlem etter at dei ratifiserte konvensjonen i fjor. Konvensjonen er elles ratifisert av Angola, Namibia og EU-kommisjonen. SEAFO-konvensjonen tok til å gjelde 13. april 2003. Det vart i fjor semje med Namibia om ein hovudkvarteravtale for SEAFO.

Dei norske kommersielle interessene i SEAFO-området er relativt små. Kartlegginga av fiskeripotensialet er mangelfull, og det er såleis vanskeleg å vurdere kva for interesser norske fiskarar kan få i området i framtida. Ein viktig grunn til at Noreg ratifiserte SEAFO-konvensjonen er at Noreg prinsipielt er ein sterk tilhengar av regionalt samarbeid om felles fiskeriressursar, og at Noreg også deltek aktivt i ei rekkje andre regionale fiskeriorganisasjonar. Norsk deltaking i SEAFO kan både gi innsyn i statspraksisen i området og høve til å påverke den. Vidare vil Noreg sitt to- og fleirsidige bistandsengasjement i regionen kunne styrkjast ved å delta i SEAFO.

Som vi veit vert UUU-fartøy svartelista av regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonar, og Noreg har no gjort opptaket til ein prosess som skaper ei global svarteliste ved at dei regionale fiskeriforvaltningsorganisasjonane godkjenner svartelistene til kvarandre. På årsmøtet i SEAFO i oktober 2007 vart det bestemt at SEAFO skal godkjenne listene frå CCAMLR, NAFO og NEAFC. For fire år sidan etablerte SEAFO ein lettversjon av eit system for hamnestatskontroll som det var semje om. På møtet i 2007 vart dette vesentleg utbygd. Det inkluderer no utpeiking av spesielle hamner, etablering av eit SEAFO-register over slike hamner, krav om notifisering før ein kjem til hamna, forbod mot mottak av UUU-fangstar, inspeksjonsprosedyrar og krav om utfylling av ein harmonisert inspeksjonsrapport.

På møtet i 2008 vedtok SEAFO særskilde tiltak for vern av sårbare marine økosystem etter den modellen som NAFO og NEAFC nyttar. Her må det gjerast ei vitskapleg vurdering av korleis fiske med reiskapar som kjem i kontakt med botnen, verkar på slike økosystem. Fartøy som fiskar med slike reiskapar må flytte seg og melde frå om dei kjem i kontakt med sårbare habitat under fiske. Fleire nye tiltak med særleg omsyn til sårbare økosystem er på plass for å svare til krava om vern i FN-fiskeriresolusjonen 61/105 frå 2006.

Meir informasjon finst på heimesidene til SEAFO: http://www.seafo.org

Til forsida