St.meld. nr. 45 (2008-2009)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2009 og fisket etter avtalane i 2007 og 2008

Til innhaldsliste

5 Fisket etter avtalane i 2007 og 2008

I omtalen av fisket etter avtalane for 2007 og 2008 er hovudvekta lagt på i kva grad Noreg og dei partane som får tildelt kvotar i norske område, faktisk utnyttar desse kvotane. Først presenterer vi dei norske kvotane i sonene til andre statar og utnyttinga av desse, jf. kapittel 5.1 nedanfor. Deretter, i kapittel 5.2, presenterer vi kvotane andre statar har i norske område og utnyttinga av desse. Kommentarane til kvoteutnyttinga omfattar berre åra 2007 og 2008.

I dei neste avsnitta vert omgrepet «felles forvaltning» nytta om ein del sentrale fiskebestandar. Felles forvaltning tyder at to eller fleire land/samanslutningar av land har avtala å forvalte ein bestand saman, fordi bestanden finst i sonene til fleire land. Dette inneber at det i dei årlege kvoteforhandlingane vert avtalt ein totalkvote for bestanden, som vert fordelt på dei aktuelle avtalepartane.

5.1 Norsk utnytting av kvotar

I kapittel 5.1 og 5.2 er kvotane henta frå dei årlege kvoteavtalane, med eventuelle oppdateringar. Fangsttala er baserte på landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet eller på det fartøya har rapportert fiska frå dei ulike jurisdiksjonsområda, anten til Fiskeridirektoratet eller til ansvarlege i tredjeland, det vil seie styresmaktene i kyststaten. Rapporterte fangsttal frå fartøy på fiskefelta kan avvike frå tala i landings- og sluttsetelstatistikken som viser utlossa kvanta. Symbolet (–) i tabellane tyder anten ingen fangst eller ingen kvote.

5.1.1 Noreg – Russland

5.1.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning av artane torsk, hyse og lodde. Noreg sine kvotar (etter overføringar til tredjeland) og fangstar av desse bestandane går fram av tabell 5.1. Delar av dei norske kvotane for desse bestandane kan fiskast i russisk økonomisk sone, sjå tabell 5.2.

Tabell 5.1 Oversikt over norske kvotar (etter over­føring til 3. land) og fangst på fellesbestandane i Barentshavet

ArtKvotar1 (tonn)Fangstar2 (tonn)
  2007200820072008
Torsk192 500195 413213 164209 789
Hyse74 05076 50071 23872 781
Lodde2000500019245149

1 Kvotetala for lodde inneheld forskingsfangst. For åra 2007 og 2008 vart det avsett 7000 tonn torsk til forskingsfangst. Avtalen med Russland for 2008 opna for å avsette 11 000 tonn torsk til forskings- og forvaltningsføremål, men ein fann det tilstrekkeleg å vidareføre kvoten på 7000 tonn. Avtalen for 2008 opna vidare for å avsette 4000 tonn hyse til forskings- og forvaltningsføremål. Noreg avsette 2000 tonn hyse og 2000 tonn gjekk såleis inn i disponibel kvote for norske fartøy.

2 Fangsttala er henta frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 12. mars 2009 og inneheld forskingsfangst. Når det gjeld lodde er alt forskingsfangst.

Oversikta ovanfor syner at torskekvotane nord om 62ºN er noko overfiska begge åra, med utnyttingsgrad på vel 110 % i 2007 og 107 % i 2008. Utnyttingsgraden for hyse var på om lag 96 % i 2007 og 95 % i 2008. Bakgrunnen for dette er samansett. Trålarane og andre havfiskefartøy har fastsette kvotar praktisk talt utan overregulering, og dei held seg stort sett innanfor desse kvotane. Kystfiskeflåten består av mange fartøy som stadig vert meir effektive. Varierande grad av deltaking i fisket i kystflåten gjer det nødvendig å regulere fisket med såkalla overregulering. Overregulering er differansen mellom summen av maksimalkvotane og gruppekvoten. Overreguleringa vert uttrykt i prosent av gruppekvoten. Når eit fiskeri er regulert med maksimalkvotar er summen av maksimalkvotane større enn gruppekvoten. Differansen vert omtalt som overregulering. Dersom summen av maksimalkvotane er 13 000 tonn og gruppekvoten er 10 000 tonn, er overreguleringa 30 %. Tilgangen på fisk kan variere frå år til år, mellom anna på grunn av vêrforhold langs kysten. Dersom fiskeristyresmaktene bommar med graden av overregulering for kystfiskeflåten og ikkje greier å korrigere dette i tide, kan det føre til at dei fastsette kvotane vert overfiska. Ulike forhold kan også føre til at kvotane ikkje vert fiska eller utnytta fullt ut.

Tabell 5.2 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2007200820072008
Torsk140 000140 00049791505
Hyse20 00020 00036821227
Reker300030001530570
Grønlandssel15 00010 0006153-
Steinbit15001500935442
Flyndre100010001-
Bifangstkvote50050034227

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 16. mars 2009.

5.1.1.2 Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i russisk økonomisk sone (RØS) går fram av tabell 5.2. Av dei norske fangstane nord om 62ºN i 2007 fiska Noreg 2,3 % av torskefangstane og 5,2 % av hysefangstane i RØS. Tilsvarande tal for 2008 var 0,7 % for torsk og 1,7 % for hyse. Noreg tek altså små fangstar av torsk og hyse i RØS sett i høve til dei totale norske fangstane.

I 2007 deltok fem reketrålarar i fisket etter reker i RØS, medan to deltok i 2008. Når det gjeld grønlandssel var det ingen norske fartøy som gikk til Austisen for å fangste i 2008.

5.1.2 Noreg – EU

5.1.2.1 Fellesbestandane

Noreg og EU har felles forvaltning av artane torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell i Nordsjøen, sjå tabell 5.3. Delar av dei norske kvotane for konsumfiskbestandane kan fiskast i EU si sone av Nordsjøen, sjå tabell 5.4.

Noreg sine kvotar av torsk, sei, raudspette, makrell og sild vart godt utnytta dei to åra. Dei store makrellfangstane i nordsjøområdet må sjåast i samanheng med at Noreg hadde høve til å overføre inntil 100 000 tonn av makrellkvoten nord om 62ºN til fiske i Nordsjøen (ICES-område IVa). Likeins kunne makrellkvoten vest av 4ºV på 10 200 tonn i 2007 og 9300 tonn i 2007, fiskast i den nordlege delen av Nordsjøen. Dette forklarer også den låge utnyttinga av den norske makrellkvoten vest av 4ºV (sjå tabell 5.4).

Tabell 5.3 Norske kvotar (etter overføringar til EU og tredjeland) og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen1

ArtKvotar (tonn)Fangstar2 (tonn)
  2007200820072008
Torsk3011338430714124
Hyse6950737517111462
Sei61 68567 86846 36661 465
Kviting219015951292
Raudspette1118110511681051
Makrell131 965120 450131 698121 492
Nordsjøsild106 56363 960105 03763 843

1 Norsk totalkvote og fangst inklusive forskingsfangst.

2 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 3.mars 2009. Fangstala for sei og sild er både frå ICES-område IIIa og IV, medan makrelltala er frå ICES-område IIa, III a, IV og VIa.

Noreg fiska ikkje norsk vårgytande sild (NVG-sild) i Nordsjøen i 2007 eller 2008.

Makrell- og sildekvotane vert fordelte mellom ringnotfartøya, trålarane og kystfartøya. Fangsttala inneheld ikkje norsk bifangst frå industritrålfisket. Bifangstane varierer frå år til år i storleik og art.

5.1.2.2 Norske kvotar i EU sitt farvatn (EUF) og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn (EUGRL), med tilhøyrande fangstar

Noreg fekk i 2007 og 2008 tildelt kvotar av blåkveite, kveite og uer for fiske i grønlandsk sone både av EU og Grønland. For desse artane er det i denne meldinga rekna at EU-kvoten vert utnytta først. Noreg nyttar desse kvotane i såpass stor grad at med denne føresetnaden kan talet for fangst i enkelte tilfelle vere lik kvotetala slik dei er viste i tabell 5.4. Eventuelle fangstar ut over EU-kvotane vert avrekna mot Noreg sine kvotar tildelte av Grønland (sjå tabell 5.6).

Tabell 5.4 Oversikt over Noreg sine kvotar (etter overføringar til EU og tredjeland) og fangstar i EU sitt farvatn, (EUF) og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn

Område/artKvotar (tonn)Fangstar (tonn)
  2007200820072008
EUF, Nordsjøen1 :
Torsk2301133848601273
Hyse269507798634480
Sei261 68567 86823 81428 135
Kviting221901785-17
Raudspette2111811051195972
Makrell33 89731 134160529 390
Sild250 00058 35639 49841 934
Augepål1000100056522
Tobis20 00020 000447421 835
Brisling18 81210 06310 4431266
Reker--33
Hestmakrell1600160023553
Sjøtunge10090515
Andre artar472027201080670
EUF, vest om 4ºV3
Makrell10 200930083948
Kolmule412 161304 269404 126307 567
Blålange16015014399
Lange5780563845935158
Brosme43400335022372451
Pigghå505024
Håbrann---1
Kombinert kvote140140117199
Blåkveite35035013615
EUGRL, Vest-Grønland5 :
Blåkveite800800800800
Kveite200100517
Skolest/Isgalt o.a.6606094
EUGRL, Aust-Grønland5
Reker3250325018351530
Blåkveite800824352119
Kveite200100131100
Uer350035002932
Skolest/isgalt o.a.660601311

1 Fangsttala er henta frå Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 6. mars 2009. Alle artar er fangst i EU-sona i ICES-område IV bortsett frå: Makrell ICES-område IIa, IIIa & IV, og sei & sild ICES-område IIIa & IV.

2 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

3 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 12. mars 2009. Fangsttala på artane blåkveite, blålange, lange og brosme inneheld også fangst i EU-sona i ICES-område IV og IIa.

4 Av den samla kvoten for lange og brosme kan inntil 25 % være bifangst (maksimalt 3000 tonn i 2008).

5 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 12. mars 2009.

6 For 2008 har Noreg ein felles kvote ved Vest- og Aust-Grønland på 120 tonn skolest/isgalt.

5.1.2.3 Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar i EU-farvatn og tildelte kvotar frå EU i grønlandske farvatn, med tilhøyrande fangstar, går fram av tabell 5.4. Fleire av desse kvotane, som torsk og sei, kan også fiskast i norsk sone. I EU-sona i Nordsjøen kunne norske fartøy berre fiske 1000 tonn augepål i 2007 og 2008 grunna dårleg bestandssituasjon. EU og Noreg vart i samband med kvoteforhandlingane for 2008 samde om å gjennomføre eit samordna forsøksfiske etter tobis for perioden 1. april til 6. mai 2008. Av ein kvote på 20 000 tonn i EU-sona fiska norske fartøy 21 835 tonn tobis i 2008.

Etter at kyststatane vart samde om forvaltning av kolmule i desember 2005, fekk Noreg auka tilgang i EU-farvatn. I tillegg til fiske i EU-sona, fiska norske fartøy desse åra kolmule i internasjonalt farvatn vest av Dei britiske øyane, i færøysk sone og i NØS sør om 62ºN. I følgje norske sluttseteltal fiska dei norske fartøya totalt 539 585 tonn kolmule i 2007 og 418 289 tonn i 2008 i desse områda.

Det var høve til å overføre 2000 tonn mellom kvotane for lange, brosme og blålange i 2007 og 2008. Desse kvotane kunne berre fiskast med line vest av 4ºV (ICES område Vb, VI og VII). I dette fiskeriet kunne norske fartøy ha bifangst av andre fiskeslag med inntil 25 % til kvar tid. Den totale bifangsten av andre fiskeslag var avgrensa til 2000 tonn i 2007 og 3000 tonn i 2008, og han vart rekna mot den totale kvoten av lange, blålange og brosme, som var på 9340 i 2007 og 9138 i 2008.

Blålange, lange, brosme, pigghå, brugde og håbrann kunne også fiskast i Nordsjøen. Kombinertkvoten gjaldt linefiske etter havmus, mora, skjelbrosme, isgalt og skolest.

100 % av uerkvoten vart overført til og fiska i internasjonalt farvatn. Kvoten «andre artar» i Nordsjøen omfattar fiske på artar det ikkje er fastsett kvotar for til Noreg i EU-sona.

Loddefisket ved Jan Mayen/Island/Grønland vert nærare omtala i punkt 5.1.6.

5.1.3 Noreg – Færøyane

5.1.3.1 Kommentarar til oversikta

Tabell 5.5 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i færøysk sone

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2007200820072008
Lange/blålange2406252518291201
Brosme1759184714781095
Sei1001058053
Håbrann/Pigghå30---
Makrell17821625--
Hestmakrell230230--
Kolmule19 15015 06011 41011 978
Andre artar891891195117

1 Kvotekontrollen på Færøyane per 9. mars 2009.

Noreg sine kvotar og fangstar i færøysk sone går fram av tabell 5.5.

Fisket etter botnfisk kunne drivast med seigarn og line, men sei kunne også fiskast med trål. Kvoten av andre artar kunne berre fiskast som bifangst. Samla vart det fiska 3582 tonn botnfisk i færøysk sone i 2007, tilsvarande tal for 2008 var 2466 tonn botnfisk. Dette gjev ein utnyttingsgrad på om lag 69 % i 2007 og 46 % i 2008. Makrellkvota kan også fiskast i norske farvatn og er derfor ikkje utnytta i færøysona.

I 2008 var den norske utnyttinga av kvotane i færøysk sone endå lågare enn i 2007. Dette har mellom anna samanheng med høge torskekvotar i norsk sone og høge drivstoffutgifter som gjorde det dyrare for fartøya å gå så langt.

Norske ringnotfartøy brukar å fiske kolmule i færøysk sone mot slutten av kolmulesesongen, det vil seie i april/mai. Norske fartøy fiska 11 410 tonn i 2007 og 11 978 tonn i 2008.

5.1.4 Noreg – Grønland

5.1.4.1 Kommentarar til oversikta

Tabell 5.6 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2007200820072008
Vest-Grønland:
Blåkveite650650650535
Aust-Grønland:
Blåkveite425425--
Kveite324250-45
Uer542700--
Vest- og Aust-Grønland:
Torsk625750626770

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 9. mars 2009. Heile kvoten frå Grønland kunne også fiskast i internasjonalt farvatn, sjå punkt 5.1.9.

Noreg sine kvotar og fangstar i grønlandsk sone i 2007 og 2008 går fram av tabell 5.6. I tillegg kan norske fartøy fiske i grønlandsk sone på kvote tildelt av EU (sjå tabell 5.4). Fisket etter blåkveite med trål ved Vest-Grønland måtte skje sør om 64º30ºN eller nord om 68ºN, og med ei avgrensing på seks fartøy i fiske samstundes i sona. Det deltok fem trålarar i fisket i 2007, medan berre tre trålarar deltok i 2008. I fisket etter blåkveite ved Aust-Grønland deltok to line fartøy og to trålarar i 2007, medan to line fartøy og to trålarar deltok i 2008.

I begge åra var det 17 fartøy som tilfredsstilte krava til deltaking i rekefisket ved Aust-Grønland (kvoten er tildelt av EU, sjå tabell 5.4). Maksimalt 15 fartøy kunne fiske etter reker samstundes i grønlandsk sone. Totalt fem fartøy deltok i rekefisket både i 2007 og 2008.

I 2007 vart det fiska 30 tonn uer av ein kvote på til saman 4042 tonn. Kvoten vart altså dårleg utnytta, noko som også var tilfellet i 2008 då det vart fiska berre 31 tonn uer av ein kvote på til saman 4200 tonn. Heile kvoten frå Grønland kunne fiskast i internasjonalt farvatn, medan halve kvoten frå EU kunne fiskast i internasjonalt farvatn (sjå kapittel 5.1.9).

I fisket etter kveite ved Aust-Grønland er det berre høve til å fiske med line. Både i 2007 og 2008 deltok to linefartøy. I begge åra kunne dei fiske fritt innanfor totalkvoten.

Før 2003 har det ikkje vore mogleg å utnytte torskekvoten som følgje av den dårlege bestandssituasjonen for torsk ved Grønland. I 2007 og 2008 vart desse kvotane godt utnytta.

5.1.5 Noreg – Island, om fisket etter botnfisk og lodde i islandsk sone

Tabell 5.7 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i islandsk sone

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2007200820072008
Brosme, lange, blålange500500490492
Kveite--104
Uer--1321
Anna--12782
Lodde31 056-35 758-

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 22. mars 2009.

5.1.5.1 Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i islandsk sone går fram av tabell 5.7. I tillegg til kvoten på 500 tonn botnfisk hadde norske fartøy også høve til å ha inntil 25 % bifangst av andre artar. Noreg utnytta botnfiskkvotane ved Island godt både i 2007 og i 2008.

5.1.6 Noreg – Grønland – Island: lodde ved Jan Mayen, Grønland og Island

I følgje den gjeldande trepartsavtalen (fiskeriavtalen) for lodde varer sesongen for loddefisket frå 20. juni til 30. april. Det er likevel ikkje tillete for norske fartøy å drive fiske etter 15. februar i islandsk sone.

Tabell 5.8 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar på lodde i sesongane 2007/2008 og 2008/2009

  Kvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
Art2007/20082008/20092007/20082008/2009
Lodde31 056-35 758-

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 22. mars 2009.

5.1.6.1 Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvoter og fangstar på lodde i sesongane 2007/2008 og 2008/2009 går fram av tabell 5.8.

ACFM tilrådde for sesongen 2007/2008 ein TAC på 308 000 tonn lodde under føresetnad av at fisket starta i byrjinga av november 2007. Det norske loddefisket vart opna 20. november 2007. Noreg hadde ein førebels kvote på totalt 39 125 tonn og heile kvoten kunne fiskast i Island si økonomiske sone (IØS). På grunn av at Island berre fann lite lodde i januar 2008, gjekk norske fartøy til Island først mot slutten av januar. Fiskeri- og landbruksministeriet på Island bestemte at det norske loddefisket kunne halde fram til og med 15. februar og at 40 norske fartøy kunne fiske i IØS samtidig.

Endeleg TAC for 2007/2008 vart seinare sett til 207 143 tonn lodde. Den norske totalkvoten for sesongen 2007/2008 vart då redusert frå 39 125 tonn til 31 056 tonn. Kvoten var samansett av 16 571 tonn frå trepartsavtalen og 14 485 tonn frå avtalen mellom Noreg og Island om fisket i Barentshavet. Heile kvoten kunne fiskast i IØS.

På grunn av låg gytebestand er det ikkje opna for loddefiske i 2008/2009.

Til saman vart det fiska 35 758 tonn lodde i sesongen 2007/2008 av totalt 50 ringnotfartøy. Overfisket på om lag 4700 tonn i 2007/2008 skal trekkjast frå den norske kvoten neste sesong. Fisket vart ikkje opna i 2008/2009.

Til og med 2004 har eit element i den årlege kvoteavtalen mellom Noreg og EU vore ei overføring av lodde i grønlandsk sone til Noreg. EU hadde ikkje nok loddekvote i 2004 til å oppfylle avtalen sin overfor Noreg. Noreg har dermed 7965 tonn lodde til gode frå 2004. Dersom EU igjen får tilgjengeleg loddekvote, skal det leggjast til rette for at norske fartøy kan fiske denne ved første høve.

5.1.7 Noreg – EU (Sverige – Danmark), om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan fiskast i Skagerrak. Dei andre artane i Skagerrakavtalen kan fiskast både i Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.9 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2007200820072008
Torsk9292185132
Hyse141120152170
Kviting27191414
Raudspette17018715579
Sild29251689235184024
Makrell--1329625
Brisling390039001643895
Reker5415541559285177

1 Landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 6. mars 2009.

2 Inntil 40 % (30 %) av sildekvoten i Skagerrak kunne fiskast i Nordsjøen i 2007 (2008).

5.1.7.1 Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 5.9. Dei viktigaste fiskeria for Noreg i Skagerrak er fisket etter reker og sild. Fangstane av torsk i tabellen omfattar berre fisket utanfor grunnlinja. I 2007 vart det fiska 494 tonn torsk innanfor grunnlinja, medan det tilsvarande talet for 2008 var 379 tonn.

For sild og makrell vart kvotane fastsette i den bilaterale kvoteavtalen mellom Noreg og EU. I 2007 og 2008 var det høve for norske fartøy til å fiske inntil 3000 tonn makrell av kvota i Nordsjøen, i Skagerrak.

I 2007 vart sildekvoten delt med 3000 tonn til kystgruppa og det resterande kvantumet til ringnotgruppa. Same fordelinga gjaldt i 2008. Kystbrislingflåten fiska om lag 42 % i 2007 og 23 % i 2008 av brislingkvoten, og kystreketrålarane tok rekekvoten.

5.1.8 Norsk fiske i det nordvestlege Atlanterhavet

Tabell 5.10 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2007200820072008
Reker 3M--1982451
Reker 3L245284246146

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 24. mars 2009.

5.1.8.1 Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i det nordvestlege Atlanterhavet går fram av tabell 5.10. Det har ikkje vore fastsett loddekvote i NAFO-underområde 3NO sidan 1992. Då hadde Noreg ein loddekvote på 9000 tonn. Dei seinaste åra har det også vore forbod mot torskefiske. I 2000 fiska norske fartøy for første gong uer i NAFO-underområde 1F. Det er ikkje fastsett uerkvote i dette området. Noreg har også høve til å fiske mellom anna blåkveite i NAFO-underområde 3LMNO under «others-kvoten».

Rekefisket i NAFO tok til våren 1993, då norske reketrålarar saman med reketrålarar frå Færøyane og Grønland starta fiske på rekefelta ved Flemish Cap. Rekefisket ved Flemish Cap utvikla seg på 1990-tallet til å verte eit viktig driftsalternativ for rekeflåten ved sida av fisket ved Grønland. Rekefisket vart innsatsregulert i 1996. Omfanget av dette fisket har vorte mindre då tal på norske trålarar med reketråling som einaste driftsalternativ i mellomtida har gått sterkt attende. Både i 2007 og 2008 hadde norske fartøy høve til å fiske reker i 1985 døgn i NAFO-underområde 3M. Dette fisket kunne drivast med opptil 32 fartøy. Norske fartøy hadde i tillegg høve til å fiske 245 tonn i 2007 og 284 tonn i 2008 i område 3L.

I 2007 fiska ein reketrålarar i 3M til saman 1982 tonn. I 2008 fiska eitt fartøy 451 tonn. I 2007 fiska eitt norsk fartøy 246 tonn i 3L, medan eitt norsk fartøy fiska 146 tonn i same område i 2008.

5.1.9 Norsk fiske i Irmingerhavet

Tabell 5.11 Oversikt over Noreg sine kvotar og fangstar i Irmingerhavet

ArtKvotar (tonn)Fangstar (tonn)1
  2007200820072008
Uer383741814340486

1 Inkluderer også fangstar under kvote tildelt av EU og Grønland, jf. tabell 5.4 og 5.6

5.1.9.1 Kommentarar til oversikta

Noreg sine kvotar og fangstar i Irmingerhavet går fram av tabell 5.11. Tala inkluderer ikkje norsk fiske i Smotthavet (internasjonalt farvatn i ICES-område IIa). Fisket etter uer i Irmingerhavet var ikkje kvoteregulert før i 1996. Ved berekning av fangstuttak på uer i Irmingerhavet nytta norske fiskarar i 2007 norske omrekningsfaktorar som låg noko høgre enn det andre land i NEAFC nytta. For 2008 vedtok NEAFC ein felles faktor på 1,7.

Norske fangstar gjekk ned frå 4340 tonn i 2007 til 486 tonn i 2008. Årsaka til dette var redusert deltaking på grunn av høge drivstoffprisar, og at det vart funne lite uer.

Det har utvikla seg eit større fiske etter snabeluer i internasjonalt farvatn i ICES statistikkområde II (Smotthavet), og fartøy frå Noreg har òg delteke i dette fisket. I 2007 rapporterte norske fartøy 1813 tonn og i 2008 778 tonn frå dette området.

5.1.10 Norsk vårgytande sild

Noreg sine kvotar og fangstar av norsk vårgytande sild går fram av tabell 5.12.

Tabell 5.12 Oversikt over kvotar og fangstar1 etter overføringar

NasjonKvote (tonn)Fangst (tonn)
  2007200820072008
EU83 32898 82282 45196 958
Færøyane66 04878 32964 24674 261
Island
Noreg780 800925 980779 552961 603
Russland164 096194 607162 434193 119
Totalt1 280 0001 518 0001 265 3101 544 284

1 Fangsttala er førebelse og innrapporterte frå deltakande land. Norske tal er frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 17. mars 2009.

Tabell 5.13 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2007

Nasjon/ SonerInt. farvatnEUFær. soneIslandJan MayenSvalbardNØSTotalt
EU6249498300-536-74 86882 451
Færøyane9776-10 7759.1848649-25 86264 246
Island23 368-7799104 4046438-34 618176 627
Noreg597-----778 955779 552
Russland39 623-131051598913 132102 329162 434
Totalt79 61349820 184113 63921 61213 1321 016 6321 265 310

1 Fangsttala er dels innrapporterte frå deltakande land, kvotekontrolldata per 17. mars 2009 og dels frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 17. mars 2009.

Tabell 5.14 Oversikt over fangstar1 av norsk vårgytande sild i ulike soner i 2008

Nasjon/ SonerInt. FarvatnEUFær. soneIslandJan MayenSvalbardNØSRussisk soneTotaltBalanse 2009
EU6570700---976179 927-96 9581864
Færøyane19 368-365784937646-35 097-74 2614068
Island18 811-4445127 91825 416-41 753-218 343- 2283
Noreg12 532---2687-946 384-961 603- 35 623
Russland23 118-793-933425 709134 13827193 1191488
Totalt80 399700889526 41145 08335 4701 237 299271 544 284

1 Fangsttala er førebelse og dels innrapporterte frå deltakande land, kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 17. mars 2009 og dels frå landings- og sluttsetelregisteret i Fiskeridirektoratet per 17. mars 2009.

5.1.10.1 Kommentarar til oversikta (tabellane 5.12, 5.13 og 5.14)

18. januar 2007 vart det underteikna ein kyststatsavtale mellom EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland om forvaltning av norsk vårgytande sild for 2007. Noreg hadde ein kvote på 780 800 tonn i 2007.

For 2008 vart det skrive under på ein kyststatsavtale som gav ein totalkvote på 1 518 000 tonn. Kyststatane vart også einige om å innføre kvotefleksibilitet over årsskiftet for 2008. Det vart høve til å føre over inntil 10 % av ubrukt kvote til neste år. Det vart også høve til å forskottere inntil 10 % på neste års kvote. Alt fiske utover kvote skal trekkjast frå kvoten neste år.

I 2007 nytta ikkje Noreg kvoten sin fullt ut, utnyttingsgraden låg på 99,8 %. I 2008 vart det fiska 35 623 tonn meir enn den norske kvoten på 925 980 tonn. Dette kvantumet skal trekjast frå norsk kvote for 2009. Både i 2007 og 2008 vart kvoten fiska i NØS, bortsett frå små kvantum i internasjonalt farvatn og ved Jan Mayen.

I 2007 fiska russarane eit betydeleg kvantum norsk vårgytande sild i internasjonalt farvatn. Det russiske fisket i område under norsk fiskerijurisdiksjon for 2007 vart stoppa 22. november 2007.

Islendingane fiska 104 404 tonn og 127 918 tonn sild i 2007 og 2008 i si eiga sone. Norske styresmakter stoppa det islandske fisket i NØS nord om 62ºN 16. november 2007 og 1. desember 2008. Island fiska ikkje sild i Svalbardsona i 2007 og 2008.

Færøyane utnytta 97 % av kvoten for 2007 og 95 % av kvoten for 2008, medan EU sin utnyttingsgrad låg på 99 % i 2007 og 98 % i 2008. EU sitt fiske etter norsk vårgytande sild i område under norsk fiskerijurisdiksjon for 2007 vart stoppa 5. desember 2007. Færøyane sitt fiske etter norsk vårgytande sild i NØS nord for 62ºN vart stoppa 8. desember 2008.

5.2 Utanlandsk utnytting av kvotar i norske havområde i 2007 og 2008

5.2.1 Russland – Noreg

5.2.1.1 Fellesbestandane

Noreg og Russland har felles forvaltning av torsk, hyse og lodde i Barentshavet. Oversikta for 2007 og 2008 viser Russland sine kvotar og fangstar av desse bestandane etter overføring frå Russland til Noreg, men før kvotetildeling frå Russland til tredjeland (sjå tabell 5.15). Russisk forskingsfangst går ikkje fram av tala.

Tabell 5.15 Russiske kvotar og fangstar på fellesbestandane i Barentshavet etter overføring til Noreg og før overføring til tredjeland

ArtKvotar1 (tonn)Fangstar2 (tonn)
  2007200820072008
Torsk159 500158 650194 295179 224
Hyse64 25065 50050 02265 038

1 Kvotetala inneheld ikkje murmansktorsk og kvote disponibel for forskings- og forvaltningsformål. For åra 2007 og 2008 vart det avsett ein kvote på 21 000 tonn murmansktorsk.

2 Fangsttala er førebelse og rapportert frå russiske styresmakter til norsk styresmakter og inkluderar fangst av murmansktorsk.

Tabell 5.16 Oversikt over Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2007200820072008
NØS N 62ºN:
Torsk140 000140 00043 88352 842
Hyse20 00020 00013 27414 000
Sei20 00015 00011 47311 125
Blåkveite--338532
Steinbit2000200020162165
Uer1000100010901219
Snabeluer1000100012411099
Kolmule32 14521 75547581364
Norsk vår­gytende sild164 096194 607103 601136 077
Andre artar30003000611369
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Sild--590410 332
Kolmule--666786

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 17. mars 2009.

5.2.1.2 Kommentarar til oversikta

Russland sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.16. Av torskekvoten i NØS i 2007 vart 31 % fiska. Tilsvarande tal for 2008 var 38 %. Russland hadde ei utnytting av sin kvote av hyse i NØS på 66 % i 2007 og på 70 % i 2008.

Snabeluer- og uerkvotane kunne berre nyttast til bifangst i 2007 og 2008, medan steinbitkvoten skulle dekkje både direkte fiske og bifangst. I 2007 vart det opna for eit direktefiske etter sei på 5000 tonn innanfor kvoten på 20 000 tonn. I 2008 kunne russiske fartøy fiske 5000 tonn sei innanfor kvoten på 15 000 tonn i eit direktefiske. Kolmulekvoten kunne også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen. Russland sin sildekvote i NØS nord om 62ºN kunne også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen.

Kvoten av andre artar for 2007 og 2008 er ikkje spesifisert.

5.2.2 EU – Noreg

5.2.2.1 Fellesbestandane

I Nordsjøen har Noreg og EU felles forvaltning av torsk, hyse, sei, kviting, raudspette, sild og makrell. Delar av EU sine kvotar på konsumartane kan fiskast i NØS, sjå tabell 5.18. EU sine kvotar og fangstar av desse bestandane etter overføring frå Noreg til EU, men før kvotetildeling frå EU til tredjeland i 2007 og 2008, går fram av tabell 5.17.

Tabell 5.17 EU sine kvotar og fangstar på fellesbestandane i Nordsjøen etter overføring frå Noreg til EU, og før overføring til tredjeland

ArtKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2007200820072008
Torsk16 56418 38616 59815 063
Hyse46 98338 36228 80620 500
Sei59 16065 23244 91243 149
Kviting21 42016 06516 1479880
Raudspette49 14347 87547 59234 254
Makrell18 93417 43277 13915 961
Nordsjøsild242 155142 871231 191119 928

1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå EU per 31. desember 2007 og 31. desember 2008, fangsttal for sild for heile 2007 og 2008 per 30. september 2008 vart utdelt under forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2008.

Kvoten for sild og makrell omfattar Nordsjøen og Skagerrak. Med omsyn til makrell er EU og Noreg samde om ei fleksibel ordning som gjer det mogleg for EU å fiske 105 000 tonn av makrellkvoten i EU-sona i Nordsjøen i staden for vest av 4ºV.

Tabell 5.18 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2007200820072008
NØS, N 62ºN:
Torsk16 97417 05716 67316 987
Hyse3000250032432312
Sei3950385237763287
Blåkveite75502116
Uer750750220172
Snabeluer750750294187
Kolmule312 100228 089452115
Makrell10 2009300--
Sild74 99588 93975 22779 927
Andre artar450350247228
NØS, Nordsjøen2 :
Torsk314 77916 36242995056
Hyse335 65529 24299959255
Sei360 04066 11213 85722 817
Kviting314 70211 074745742
Raudspette320 16519 65324092135
Makrell319 17617 67423 08913 116
Nordsjøsild350 84650 84637771740
Augepål500050001732
Kolmule330 900236 889499770
Tobis20 00020 00019 2314675
Reker1064664251206
Andre artar11 150888074687721
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Sild--536-
Kolmule--71-

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 17. mars 2009.

2 EU sine kvotar i NØS i Nordsjøen er både i 2007 og 2008 sett saman av tre kvoteavtalar: avtalen mellom EU og Noreg, avtalen mellom Sverige og Noreg og «kolmuleavtalen». Avtalen mellom Sverige og Noreg er presentert under 5.2.7.

3 For desse fellesbestandane avtalar EU og Noreg storleiken på TAC for kvar bestand, fordeling av TAC på dei to partane, eventuelle kvotebyte og kor mykje partane kan fiske i dei respektive sonene.

5.2.2.2 Kommentarar til oversikta

EU sin kvotar og fangstar i norske jurisdiksjonsområde går fram av tabell 5.18. Frå og med 1998 har EU ein kvote av torsk nord om 62ºN som tilsvarer 4,14 % av TAC for nordaustarktisk torsk. I åra 2007 og 2008 har EU nytta torske-, sei- og hysekvotane nord om 62ºN godt.

EU sin sildekvote nord om 62ºN kunne også fiskast i fiskerisona ved Jan Mayen.

EU sin makrellkvote nord om 62ºN kunne også fiskast sør om 62ºN i ICES-område IVa i 2007 og 2008. Dette forklarer avvika mellom kvote og fangsttal for Nordsjøen. EU sin kvote av uer, blåkveite og samlekvoten for andre artar nord om 62ºN er bifangstkvotar.

EU sin kolmulekvote bestod av kvantum gjennom EU-avtalen og kolmuleavtalen. I 2007 kunne EU fiske 1000 tonn gjennom EU-avtalen nord for 62ºN og i fiskerisona ved Jan Mayen, 311 100 tonn gjennom kolmuleavtalen (NØS og i fiskerisona ved Jan Mayen). I tillegg kunne EU fiske 19 800 tonn sør for 62ºN. I 2008 kunne EU fiske 228 089 tonn gjennom kolmuleavtalen i hele NØS og i fiskerisona ved Jan Mayen. I tillegg kunne EU fiske 8800 tonn sør for 62ºN.

EU sine fangstar i NØS sør om 62ºN som del av deira samla fangstar i høve til kvote, utgjer i 2007 og 2008 desse prosentane: for torsk 29 % og 31 %, for hyse 28 % og 32 %, for sei 23 % og 35 %, for kviting 5 % og 7 % og for raudspette 12 % og 11 %.

EU utnytta 67 % av kvoten på andre artar i Nordsjøen i 2007 og 87 % i 2008.

5.2.3 Færøyane – Noreg

Tabell 5.19 Oversikt over Færøyane sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar1 (tonn)Fangstar2 (tonn)
  2007200820072008
NØS, N 62ºN:
Torsk4580463445324686
Hyse1217134011971340
Sei1060155010411542
Blåkveite--429
Sild29 00034 39225 16034 422
Kolmule--17544
Makrell16 24314 814--
Andre artar3450450171143
NØS, Nordsjøen:
Sei600487-115
Nordsjøsild750442766637
Kolmule31 70023 010-25
Brisling500500--
Makrell16 24314 81491145771
Hestmakrell30001000-75
Håbrann/pigghå30---
Andre artar280100-68
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Kolmule--13090
Sild--86177370

1 Kvotar etter overføringar frå RØS til NØS.

2 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 17. mars 2009.

3 Inkludert kvote på snabeluer på 150 tonn.

5.2.3.1 Kommentarar til oversikta

Færøyane sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.19. Færøyane sine kvotar på torsk, hyse, sei og uer nord om 62ºN er samansett av kvotane frå Noreg og tildelingar frå Russland. Etter avtale med Noreg kan delar av Færøyane sine kvotar i russisk økonomisk sone (RØS) fiskast i NØS. I 2007 utgjorde kvotane frå Noreg 1800 tonn torsk, 1217 tonn hyse, 1010 tonn sei og 100 tonn andre artar, medan kvotane frå Noreg i 2008 var på 1854 tonn torsk, 1340 tonn hyse, 1550 tonn sei og 100 tonn andre artar. Differansen mellom kvotane i oversikta i tabell 5.19 og kvotane frå Noreg syner altså det kvantum Færøyane fekk fiske i NØS av kvotane dei hadde i russisk økonomisk sone. Både i 2007 og 2008 har Færøyane fiska kvotane av torsk, hyse og sei i NØS nord om 62ºN.

Færøyane kunne fiske totalt 39 000 tonn og 46 252 sild tonn i norsk havområde i 2007 og 2008. Av desse 29 000 tonn og 34 392 tonn nord for 62ºN.

I 2007 og 2008 kunne 30 000 tonn og 23 010 tonn av kolmulekvoten fiskast nord for 62ºN og i fiskerisona ved Jan Mayen.

Makrellkvoten til Færøyane kunne også fisk­ast i NØS i den nordlege delen av Nordsjøen (ICES sitt område IVa). I praksis har kvoten dei siste åra vorte fiska i Nordsjøen.

Færøyane sin seikvote sør om 62ºN inkluderer bifangst av sei i andre fiskeri. Det same gjeld for sildekvoten. I 2007 fiska Færøyane ingenting av seikvoten sin, medan i 2008 utnytta dei 24 % av kvoten.

Kvoten på hestmakrell kan også fiskast nord om 62ºN.

5.2.4 Grønland – Noreg

Tabell 5.20 Oversikt over Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2007200820072008
NØS, N 62ºN:
Torsk4020402533113230
Hyse92510608341010
Sei850800810511
Sild3300-3270-
Andre artar1501509492
NØS, Nordsjøen:
Torsk--4017
Sei925925617864
Andre artar1001101514

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 17. mars 2009.

5.2.4.1 Kommentarar til oversikta

Grønland sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.20. Grønland har nytta torske- og hysekvotane godt i 2007 og 2008. Grønland fiska 64 % av seikvoten i 2008.

Grønland overførte torske- og hysekvotar tildelte frå Russland til NØS tilsvarande 3025 tonn i 2007 og 3100 tonn i 2008.

I 2007 fiska to fartøy og i 2008 fiska eitt fartøy botnfisk i NØS i Nordsjøen.

5.2.5 Island – Noreg

Island fekk ein torskekvote i NØS nord om 62ºN på 3792 tonn i 2007 og 3820 tonn i 2008 som eit resultat av Smottholsavtalen. Sjå tabell 5.21.

Tabell 5.21 Oversikt over Island sine kvotar og fangstar i 2007 og 2008 i NØS nord for 62°N

ArtKvoter (tonn)Fangst1 (tonn)
  2007200820072008
Torsk3792382036793827
Hyse2--327412
Sei2--215131
Sild34 56040 98636 33941 699
Anna2-113815660
Fiskerisona ved Jan Mayen:
Sild151 168220 262629129 970
Kolmule--20-
Annet--10405

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet pr 17. mars 2009.

2 Bifangst inntil 30 %.

5.2.5.1 Kommentarar til oversikta

Island kunne fiske til saman 151 168 tonn og 220 262 tonn sild i 2007 og 2008 i fiskerisona ved Jan Mayen. Av desse kunne 34 560 tonn og 40 986 tonn fiskast i NØS nord av 62ºN.

5.2.6 EU (Sverige – Danmark) – Noreg, om fisket i Skagerrak/Kattegat

Torsk, raudspette og reker kan berre fiskast i Skagerrak. For dei andre artane gjeld kvotane både Skagerrak og Kattegat.

Tabell 5.22 Oversikt over EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2007200820072008
Torsk2759306327512451
Hyse3219273615441244
Kviting1473103113791
Raudspette8330916372246922
Nordsjøsild60 10944 78158 37539 082
Brisling48 10048 10017 2436097
Reker6205620543803558

1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå EU per 31. desember 2007 og per 31. desember 2008, fangsttal for sild 2007 blei utdelt under forhandlingane mellom Noreg og EU hausten 2008.

5.2.6.1 Kommentarar til oversikta

EU sine kvotar og fangstar i Skagerrak/Kattegat går fram av tabell 5.22. Det er i hovudsak Danmark og Sverige som fiskar på desse kvotane, men for enkelte artar har også andre EU-land mindre kvotar.

Tabell 5.22 syner at EU nyttar dei fleste kvotane i Skagerrak/Kattegat godt. På autonomt grunnlag kvoteregulerer EU også andre bestandar enn dei det er fastsett kvotar på gjennom avtalen om regulering av fiskebestandane i Skagerrak/Kattegat. Desse bestandane er tunge, skolest, lysing og sjøkreps.

5.2.7 Sverige – Noreg

Tabell 5.23 Oversikt over Sverige sine kvotar og fangstar i norske havområde

Område/artKvotar (tonn)Fangstar1 (tonn)
  2007200820072008
NØS, Nordsjøen:
Torsk382382363382
Hyse70770711276
Sei880880731880
Kviting1901904044
Industrifisk800800422756
Makrell242242242242
Nordsjøsild846846608782
Reker164164151122
Andre artar--109266

1 Fangsttala er basert på innrapporterte tal frå Det Svenske Fiskeriverket.

5.2.7.1 Kommentarar til oversikta

Sverige sine kvotar og fangstar i norske havområde går fram av tabell 5.23. Industrifiskkvoten til Sverige omfatta kolmule, augepål, tobis, brisling og hestmakrell, av dette kunne det fiskast maksimalt 400 tonn hestmakrell. I tabellen er fangstane av augepål, kolmule, tobis og hestmakrell samla under industrifisk. I 2007 fiska svenske fartøy berre 442 tonn industrifisk, medan dei i 2008 fiska 756 tonn.

I samband med at Sverige vart medlem i EU frå 1. januar 1995, fekk svenske fartøy høve til å fiske i NØS i Nordsjøen på EU sine kvotar av torsk, hyse, sei, kviting, makrell og sild i medhald av avtalen mellom EU og Sverige.

I hovudsak er det svenske fisket retta mot kvotane deira av torsk, sei, makrell, sild og reker.

5.2.8 Rekefisket ved Svalbard

I 1996 vart rekefisket ved Svalbard regulert ved å setje grenser for innsatsen i fisket. Etter forskriftene kan berre nasjonar som har drive eit tradisjonelt fiske etter reker ved Svalbard delta i dette fisket med eit avgrensa tal på fartøy (Canada, Færøyane, Grønland, Island, EU, Noreg og Russland). For å motverke at rekefisket ekspanderer, vart rekefisket frå 1997 for dei aktuelle landa også regulert med fiskedøgn. Av same årsak vart maksimalt tal tilletne fiskedøgn redusert med 30 % frå 1. januar 2006.

Tabell 5.24 Oversikt over fangst av reker ved S­valbard

  Fangstar1 (tonn)Maksimalt tilletne fiskedøgn
Land2007200820072008
EU113031510801080
Færøyane1055278922922
Grønland--450450
Noreg12 730395157955795
Island--7070
Russland80-32563256
Canada--108108

1 Kvotekontrollen i Fiskeridirektoratet per 17. mars 2009.

Til forsida