St.meld. nr. 45 (2008-2009)

Om dei fiskeriavtalane Noreg har inngått med andre land for 2009 og fisket etter avtalane i 2007 og 2008

Til innhaldsliste

4 Bestandsutrekning, rådgjeving, tilstandsrapportar og langsiktige forvaltingsplanar

I dette kapitlet er det først ei kort oversikt over metodar for å måle fiskebestandar i felten, utrekningsverktøy (modellar), forvaltingsplanar, rådgjeving og dei såkalla referansepunkta. Deretter vert det gjort greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane som Noreg deler med andre land, i tillegg til tilrådd TAC, avtalt TAC og fangstar. Til sist kjem ein omtale av dei langsiktige forvaltingsplanane som Noreg har vedteke saman med andre land.

4.1 Bestandsutrekning og rådgjeving

4.1.1 Bestandsutrekning

Bestandsutrekning («assessment») inneber vanlegvis å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fangststatistikk og data frå vitskaplege tokt. Ved hjelp av ulike matematiske modellar reknar ein ut kor stor bestanden er i dag ved å sjå på kor store årsklassane var i fjor, og så trekkje frå dei individa som har døydd på grunn av fiske og naturleg død (blitt etne av andre, sjukdom, matmangel, alderdom) i løpet av året. Dei viktigaste datakjeldene i slike modellar er:

  • fangststatistikk med stikkprøver av alderssamansetjing (skal fortelje kor mykje som er blitt fiska i løpet av året av dei ulike årsklassane)

  • toktdata (fortel om relative endringar i talet på fisk i kvar aldersgruppe i forhold til året før)

Fangststatistikk

Det er viktig å halde oversikt over kor mange individ som vert tekne ut av ein bestand. I nokre tilfelle kan ein sjå om bestanden veks eller minkar ved å samanlikne kor stor fiskeinnsats som ligg bak kvart tonn med fanga fisk frå år til år. Fisket gjev forskarane opplysningar om når, kva, kvar og kor mykje det vert fiska, viktig informasjon som vert mata inn i modellane til forskarane. Desse opplysningane må difor vere så nøyaktige som mogleg.

Toktdata

Havforskingsinstituttet brukar vanlegvis fleire ulike metodar for å måle mengda av fisk i havet:

  • ekkolodd/akustikk:

  • trål

  • måling av eggproduksjon

  • merking/gjenfangst av fisk

Akustisk mengdemåling

Metoden baserer seg på at objekt i havet reflekterer lyd (ekko). Styrken og tidslengda på ekkoet frå ein fisk eller fiskestim er avhengig av art og storleik på fisken, og av kor stor og tett stimen er. Desse samanhengane er etter kvart vorte rimeleg godt fastlagde gjennom eksperimentelle og kontrollerte målingar. Ved å måle og lagre ekkostyrke og ekkotidslengd langs kurslinjene og observere kva slags artar og storleikar som medverkar til dei akustiske målingane ved å ta prøver (trålfangstar), kan ein rekne ut kva slags fisketettleik, art og storleik ekkomålingane svarar til. Dei akustiske målingane og analysane vert utførte i BEI (Bergen Echo Integrator), eit system som er utvikla av Havforskingsinstituttet og som er i omfattande bruk rundt om i verda. Ei evaluering av dette systemet for eit par år sidan konkluderte med at BEI ikkje ville tilfredsstille framtidige økosystemrelaterte krav, og at det etterkvart også ville vere vanskeleg å vedlikehalde. Eit nytt system – Large scale survey system (LSSS) – er difor utvikla, og vart i løpet av 2007 teke i bruk i all akustisk mengdemåling.

Botntrål

Talet på fisk i kvar botntrålfangst vert rekna om til fisketettleik (tal per flateeining) ved å dividere på det arealet botntrålen har fiska over. Ved å ta eit stort tal trålstasjonar fordelt i heile utbreiingsområdet til bestanden, får ein fram ei fordeling basert på trålfangst per arealeining. Talet på fisk i kvar arts- og storleiksgruppe vert justert basert på kunnskap vunnen gjennom eksperiment, om kor mange fisk som vil vike unna trålen eller som vil sleppe gjennom maskene på trålen.

Måling av eggproduksjonen

Metoden her kan kortfatta skisserast slik: Når ein veit kor mange egg som er gytt og kor mange egg ein hofisk gyt, kan ein finne ut kor mange hofisk som har gytt. Feltdelen, eller eggtalfestinga i metodikken, er i hovudsak lik botntrålmetodikken. Med planktonhåv tek ein eit stort tal håvtrekk fordelt i heile gyteområdet. Fangstane av egg vert rekna om til eggtettleik (tal per flateeining). Multiplisert med tilhøyrande areal og justert for alderen til egga, får vi så totalt tal på egg gytt per dag. Gyteområdet vert dekka fleire gonger i løpet av gytesesongen. Når eggmengdene frå kvar dekking vert summerte over heile gytesesongen, får vi det totale talet på gytte egg.

Talet på egg som eit individ gyt er avhengig av art og storleik. Store hoer gyt fleire (og større) egg enn små hoer. Samanhengen er fastlagt, og talet på egg per gram hofisk er talfesta. Total mengd gytte egg, dividert med talet på egg per gram hofisk, gjev til slutt vekta eller biomassen til gytebestanden av hofisk. Prøvetaking syner kor mykje hannfisk og hofisk det er i gytebestanden. Vanlegvis er dette forholdet nær 1:1.

Merkeforsøk

I si aller enklaste form kan formelverket som vert nytta skisserast slik:

Talet på fisk i bestanden/talet på merkte fisk = Talet på fisk i fangst/talet på merkte fisk i fangst.

Dersom ein held greie på kor mange merke som vert sette ut, kor mange merke som vert funne att og kor mange fisk som vert fanga, kan ein ved hjelp av denne formelen rekne ut mengda av fisk i bestanden.

4.1.2 Metodar for utrekning av bestandsstorleik

Bestandsutrekning inneber som nemnt å kombinere tilgjengeleg informasjon frå fisket, data frå tokt der relative bestandsendringar vert observert, og beskatningsgraden (fisketrykket). Utfallet er grunnlag for rådgjeving om fiskekvotar, og er elles viktig for meir grunnleggjande forsking på tilhøve som avgjer storleiken på bestanden, rekruttering osv.

For dei fleste bestandar av interesse for Noreg vert desse utrekningane gjort i samarbeid med forskarar frå fleire land i arbeidsgrupper innanfor Det internasjonale råd for havforsking, ICES. Utrekningsverktøyet er matematiske modellar. Det finst ei rekkje slike modellar, og dette er eit forskingsfelt i rask utvikling. Valet av modell vil avhenge av eigenskapane til bestanden og kva slags data som er tilgjengelege. I Noreg brukar ein hovudsakleg modellar der føresetnaden er at både fangstane og toktdata ligg føre som tal på fisk fordelt på alder. Medan talet på fisk i fangstane er eit absolutt tal, er talet på fisk målt på tokt eit relativt tal; ein indeks. Det gjer at målingane kan knytast til årsklassar, og at kvar årsklasse kan følgjast over tid.

VPA (Virtuell PopulasjonsAnalyse)

Dette er ein metode for å rekne ut kor stor ein årsklasse må ha vore bakover i tid og kor mykje fisk som har dødd som følgje av fiske (s.k. fiskedød, dvs. den delen av bestanden som er hausta i fiskeria), ved hjelp av opplysningar om fangst ved alder over ein del år. Dette er ikkje nok for ei fullstendig bestandsutrekning, men mange utrekningsverktøy tek utgangspunkt i denne metoden.

Om ein veit kor mange fisk som har vore fanga av ein årsklasse gjennom ein del år, veit ein også at det må ha vore minst så mange fisk i årsklassen frå starten av. Faktisk må det ha vore endå fleire, fordi ein også må rekne med eit fråfall av andre årsaker enn fiske (naturleg død). Når ein skal setje opp ein slik rekneskap, startar ein i praksis med den mengda fisk ein trur framleis er til stades og legg til det som vart fanga og det som gjekk tapt siste år på grunn av naturleg død. Då får ein den mengda fisk som må ha vore i årsklassen året før. Slik held ein fram bakover i tid. Den naturlege døden reknar ein som oftast som eit fast relativt (prosentvis) tap kvart år. Fiskedøden får ein ved å samanhalde fangst og bestand år for år.

VPA fortel altså ikkje kor stor bestanden er i augneblinken. Om ein derimot kan gå ut frå at det no er lite att av ein årsklasse, kan ein rekne ut ganske presist kor stor årsklassen har vore i tidlegare år. Utrekninga byggjer på fangststatistikken og vert villeiande om fangsttala ikkje er rette.

For somme artar brukar vi ikkje metodikk basert på fangststatistikk. I våre farvatn gjeld det først og fremst lodda. Her brukar ein den akustiske målinga av bestanden som eit absolutt mål for bestandsstorleiken, og nyttar så modellar som tek omsyn til at den naturlege dødsraten mellom målinga og gytetidspunktet vil variere med kor mykje torsk og andre rovdyr som er i området, som basis for rådgjevinga om kvotar.

For dei fleste artane og bestandane i våre farvatn har ein berre data og relevant informasjon frå fiskeria å støtte seg til når bestandsstorleiken skal estimerast og evaluerast. Rett kvantifisering av kor stor fiskeinnsats (inkl. endring av effektivitet) som ligg til grunn for eit rapportert fangstkvantum er eit nødvendig forskingsområde framover for å kunne relatere fiskeridata til bestandsstorleik på ein påliteleg måte.

4.1.3 Forvaltingsplanar og rådgjeving

Det er naturen som set grenser for kor mykje som kan haustast av ein fiskebestand. Innanfor denne avgrensinga er det like fullt mange alternative måtar å nytte ressursen på, avhengig av kva slags mål ein har. Vi snakkar her om ulike forvaltningsplanar. Desse kan vere tidsavgrensa eller permanente. Ein permanent plan kan for eksempel vere å fiske med ein gitt utnyttingsgrad. Ein tidsavgrensa plan kan for eksempel ta sikte på å byggje opp att ein bestand til eit visst nivå. I begge tilfelle bør det vere mogleg å revidere planen undervegs.

Dei forvaltningsplanane som har eksistert fram til no har som regel vore enkle og ufullstendige. Det er difor eit langsiktig mål for norske fiskeristyresmakter at forvaltninga skal baserast på meir heilskaplege forvaltningsplanar enn dei vi har i dag, der det ikkje berre vert teke omsyn til biologiske, men også til økonomiske og andre relevante faktorar.

I ein forvaltningsplan er berekraft ei grunnleggjande norm. Optimal ressursutnytting og stabilitet er andre kriterium det er rimeleg å ta omsyn til. For å kunne vurdere utnyttingsgrad og bestand i forhold til slike kriterium, er det utvikla biologiske referansepunkt. Tradisjonelt har desse vore nytta i forvaltningsrådgjeving både som grenseverdiar og målverdiar. Nedanfor er det eit oversyn over dei vanlegaste referansepunkta og kva dei tyder, men først er det nødvendig å forklare enkelte vanlege, faglege omgrep.

Død

Total dødsrate (Z) i ein fiskebestand vert delt opp i naturleg dødsrate (M) og fiskedødsrate (F). Fiskedødsraten skal omfatte den delen som skuldast fisket. I praksis vil det like fullt vere vanskeleg å få mål på utkast og død som kjem av kontakt med fiskereiskapar, slik at fiskedødsraten i bestandsutrekningar som regel berre omfattar ilandført registrert fangst. Naturleg dødsrate omfattar då all annan død. Forskarane nyttar «momentane» dødsrater. Ettersom talverdien som oftast ligg mellom 0 og 1, til dømes 0,5, vert dette lett oppfatta som prosentar, slik at 0,5 skulle bety 50 % død. I praksis er tilhøvet slik at dødsraten ofte kan overstige 1 utan at dette betyr 100 % død. Dette kjem av at talet står i høve til det gjennomsnittlege talet på fisk til stades gjennom perioden ein nyttar (t.d. eit år), og ikkje til talet ved starten av perioden. Samanhengen er vist i tabell 4.1.

Tabell 4.1 Samanheng mellom dødsrate og % av bestandsstorleik ved starten av året

Dødsrate0,10,20,30,40,50,60,70,80,91,01,52,0
% av bestandsstorleik ved starten av året9,518,125,933,039,345,150,355,159,363,277,786,5

I forvaltningssamanheng er det som regel berre fiskedødsrate som vert presentert. Naturleg død kjem i tillegg til dette. Ein fordel ved å bruke «momentan» dødsrate, er at dette ofte er tilnærma proporsjonalt med fangstinnsatsen. Ei dobling av fangstinnsatsen tilsvarar omtrent ei dobling av fiskedødsraten.

Eit haustings- eller utnyttingsmønster syner korleis haustinga/utnyttinga er fordelt på kvar aldersgruppe. Dette vil mellom anna vere avhengig av reiskapsseleksjon. Som regel vil utnyttinga vere lågare for ung fisk enn for eldre. Utnyttingsmønsteret er uavhengig av utnyttingsgrad (fiskedødsrate), og refererer berre til det relative tilhøvet mellom aldersgruppene. Endringar i utnyttingsmønsteret kan ha stor innverknad på langtidsutbytet.

Referansepunkt som dannar grunnlag for rådgjeving om fiskekvoter

Føre-var-regelen (eller føre-var-tilnærminga) i forvalting av naturressursar er nedfelt i fleire internasjonale konvensjonar etter Rio-konferansen i 1992. Sidan 1998 har ICES med tida definert og talfesta føre-var-referansepunkt for dei fleste bestandane. Referansepunkta omfattar både utnyttingsgrad (fiskedødsrate) og storleik på gytebestanden.

Berekraftige fiskeri er eit sentralt omgrep i dei før nemnde internasjonale konvensjonane. Ut frå det langsiktige aspektet som ligg i dette, og ut frå den historiske erfaringa med forvaltning av fiskebestandar, er fiskedødsraten rekna som eit viktig kriterium for føre-var-forvaltning. Ein vil sikre seg mot at bestanden vert utsett for ein fiskedød som på lengre sikt kan føre til samanbrot i bestanden. Ut frå historiske bestandsdata og enkle føresetnader om samanhengen mellom gytebestand og rekruttering, har ein for kvar bestand prøvd å definere ei nedre grense for gytebestanden (Blim ), der det er stor risiko for dårleg rekruttering om gytebestanden kjem under denne grensa. Tilsvarande er det definert ei øvre grense for fiskedødsraten (Flim ) som, dersom ho vert overskriden over lengre tid, svært sannsynleg vil føre bestanden ned på eit nivå der rekrutteringa er venta å verte dårleg.

Når ein tek omsyn til uvisse i bestandsvurderingane, krev ei føre-var-forvaltning at det vert lagt inn ein tryggleiksmargin i høve til desse «absolutte» grensene. Ei føre-var-grense for gytebestanden (Bpa ) 1 må difor vere noko høgare enn Blim , og ei føre-var-grense for fiskedødsraten (Fpa ) må vere noko lågare enn Flim . Denne tryggleiksmarginen vil altså avhenge av presisjonen i bestandsutrekninga og graden av naturleg variasjon i bestanden. Fpa kan sjåast som den høgaste fiskedødsraten som vil vere i samsvar med ei føre-var-forvaltning, men er også knytt til om ho er berekraftig. Bpa er først og fremst ei tiltaksgrense. Dersom gytebestanden er lågare enn Bpa , bør ein ta det som ei åtvaring og setje inn ekstra tiltak for å få bestanden opp igjen på eit tryggare nivå.

ICES har definert dei «absolutte» grensene (Blim og Flim ) ut frå historiske bestandsdata og teori om dynamikken i fiskebestandar. Når det gjeld føre-var-grensene (Bpa og Fpa ), vil verdien på desse mellom anna avhenge av kor stor risiko forvaltninga er villig til å ta. ICES kjem difor berre med framlegg om føre-var-grenser, og det krevst ein dialog med forvaltninga for å fastsetje føremålstenlege verdiar.

Det er verdt å merke seg at ICES sin definisjon av føre-var-referansepunkta er grenseverdiar som tek sikte på at det er svært sannsynleg at bestanden skal halde seg over nivået der rekrutteringa kan svikte. Grensene er altså ikkje tenkt å vere mål for forvaltninga. For dei fleste bestandar, spesielt av botnfisk, er den føreslåtte føre-var-grensa for fiskedødsraten høgare enn fiskedødsraten som gjev maksimalt langtidsutbytte, og forvaltninga kan fritt stile mot eit høgare langtidsutbytte ved å setje eit mål for fiskedødsraten som er lågare enn føre-var-grensa.

Bruken av føre-var-tilnærminga er komen gradvis til syne i ICES si rådgjeving. Frå og med hausten 1996 vart det oftare enn før argumentert mot høge fiskedødsrater også for ein del bestandar som var godt innanfor trygge biologiske grenser. Hausten 1997 åtvara ICES om kva slags fangstopsjonar som ikkje vart rekna for å vere føre-var for dei fleste bestandane, og frå 1998 vart føre-var-referansepunkta innførde. Ei anna omlegging hausten 1998 var at ein definerte trygge biologiske grenser ut frå både storleiken på gytebestanden og fiskedødsraten, medan dei tidlegare i hovudsak berre vart definert ut frå storleiken på gytebestanden. Denne omlegginga gjorde at mange bestandar som før vart klassifiserte innanfor trygge biologiske grenser no hamna utanfor, sjølv om det ikkje utan vidare hadde skjedd ei vesentleg endring i bestandssituasjonen. Det er sidan reist innvendingar mot ei slik inndeling, i og med at det kan verke ulogisk at ei høg utnytting er uansvarleg så lenge gytebestanden er på eit forsvarleg nivå. ICES har ei meir langsiktig grunngjeving for dette: høgt uttak er ein fare for bestanden på sikt, utan omsyn til noverande storleik på bestanden. Historia stadfestar i høg grad at dette argumentet er relevant.

Frå 2004 har ICES endra omgrepa og snakkar no om å «hauste på ein ikkje berekraftig måte» i dei tilfella der fiskedødsraten er for høg. I dei tilfella der fiskedødsraten er over Fpa , men under Flim , seier vi no at «det er risiko for at bestanden ikkje er hausta berekraftig». Når fiskedødsraten er under Fpa , seier vi no at «haustinga er berekraftig». Vidare, når det gjeld gytebestanden, seier vi no at om bestanden er i god forfatning og over Bpa , har den «god reproduksjonsevne». Om bestanden er under Bpa , men over Blim , heiter det at den har «risiko for sviktande reproduksjonsevne», og til sist, om bestanden er i dårleg forfatning og under Blim , har den «sviktande reproduksjonsevne». Ei ytterlegare nyansering i høve til reproduksjonsevna kan illustrerast i eit diagram over fiskedødsrate og gytebestand med referansepunkta teikna inn (figur 4.1).

Figur 4.1 Diagram over fiskedødsrate og gytebestand med referansepunkta Flim
 , Fpa, Blim
  og Bpa
 . Dei farga felta indikerer ulike tiltakssoner. Grønt: kan utnyttast. Gult: tiltaksområde. Raudt: stopp fisket eller andre drastiske tiltak

Figur 4.1 Diagram over fiskedødsrate og gytebestand med referansepunkta Flim , Fpa, Blim og Bpa . Dei farga felta indikerer ulike tiltakssoner. Grønt: kan utnyttast. Gult: tiltaksområde. Raudt: stopp fisket eller andre drastiske tiltak

Graden av risiko aukar altså nedover og mot høgre i diagrammet. I det grøne feltet er begge kriteria innanfor føre-var-verdiar, og det er rom for ein viss valfridom i kvotefastsetjinga. Innanfor det gule feltet vil, i dei fleste tilfelle, ein moderat reduksjon i fisket vere tilstrekkeleg for å kome raskt tilbake til ei føre-var-forvaltning, medan det i det raude feltet vil krevjast kraftige tiltak.

Ved Havforskingsinstituttet har det ei tid blitt diskutert eit anna referansepunkt som går på talet på fisk i bestanden over ein viss (kjønnsmoden) alder. Grunngjevinga for dette er mellom anna at det

  • vil sikre betre at vi har tilstrekkeleg med eldre fisk i bestanden

  • vil gjere at vi unngår uvisse knytt til vektmålingar og kjønnsmodning som er nødvendige parameter for å måle gytebestanden i biomasse (tonn)

  • vil relatere bestandsstorleik til uttaksgrad (fiskedød) på ein meir direkte måte.

4.1.4 Rådgjeving frå Det internasjonale råd for havforsking (ICES)

Rådgjevinga frå ICES vert frå og med våren 2008 utarbeidd av den nye rådgjevande komiteen, ACOM. ACOM er sett saman av ein forskar frå kvart av dei 20 medlemslanda i ICES i tillegg til leiaren. ACOM vil heretter vere ICES sin einaste rådgjevingskomité for utarbeiding av vitskaplege råd for kyst-/havressursar og økosystem. ACOM vil basere sitt arbeid og sine råd på ekspertgrupper som vil utføre dei vitskaplege analysane, kvalitetsikringsgrupper («review groups») som også vil bruke uavhengige medhjelparar og grupper som vil lage utkast til råd, Advisory Drafting Groups. Alle desse gruppene vil få støtte og sekretærhjelp av ICES-sekretariatet i København. Det vert også ei viss omlegging av den siste delen av prosessen når sjølve rådet skal utformast. Her vert det lagt opp til ein videokonferanse med ACOM-medlemane, med mål om å leggje til rette for ei meir fagleg ansvarleg tilnærming og ein meir kostnadseffektiv arbeidsmåte. Dr Mike Sissenwine frå USA, tidlegare president i ICES, er formann i ACOM. Formennene i dei tidlegare rådgjevingskomiteane i ICES (ACFM, ACE og ACME) vart viseformenn i ACOM og saman med formannen utgjer dei ACOM si styringsgruppe. Dette skal sikre ein kontinuitet i rådgjevingsprosessen i omleggingsfasen.

For å sikre ei størst mogleg openheit i prosessane som fører fram til råda frå ICES er det opna for at observatørar frå einskilde interesseorganisasjonar kan ta del i møta til ACOM og i møta til gruppene som lagar utkast til råd. Observatørar kan også ta del i arbeidet med kvalitetssikring av råda. Observatørane må godkjennast av dei einskilde nasjonale delegatane.

ACOM kjem med råd fleire gonger om året, men råda for bestandar som Noreg er mest avhengig av kjem på fire ulike tidspunkt – bestandar i Barentshavet (utanom lodde) i juni, bestandar i Nordsjøen litt seinare i juni og dei pelagiske bestandane makrell, NVG-sild, lodde og kolmule i oktober. Rådet på reke i Barentshavet og Skagerrak/Nordsjøen vil kome i november. Råda frå ICES inneheld ein omtale av tilstanden til bestanden, forvaltningsmål, opsjonstabell med konsekvensar av ulik utnytting, rådgjeving og dessutan tabellar og figurar som illustrerer historia til bestanden. Råda er offentlege og kan lesast på internettsida til ICES, http://www.ices.dk.

Havforskingsinstituttet omset rådgjevinga frå ICES til norsk, kommenterer og utdjupar der det trengst, og legg alt ut på sin internettside, http://www.imr.no. Dette for at det ikkje skal vere tvil om kva som er ICES si vurdering og kva som er Havforskingsinstituttet si offisielle vurdering av bestandssituasjonen og råd til dei forvaltande styresmakter.

4.2 Tilstandsrapportar og rådgjeving for dei viktigaste fiskebestandane i norske farvatn

Noreg haustar i alt 2-3 millionar tonn årleg frå om lag 90 ulike bestandar til ein førstehandsverdi av 12 milliardar kroner. I dei neste kapitla skildrar vi dei økonomisk viktigaste bestandane.

4.2.1 Nordaust-arktisk torsk

Bestanden er utbreidd i heile Barentshavet opp til polarfronten. I første halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst skrei heilt sør til Stad.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 660 000 tonn. I perioden 1994-1998 var samla årleg fangst over 700 000 tonn, minka så til 415 000 tonn i 2000, og auka etter det gradvis til omlag 640 000 tonn i 2005 inkludert overfiske (figur 4.2). Frå 2005 til 2007 gjekk fangsten ned frå om lag 640 000 tonn til snaue 500 000 tonn. Her er det lagt til grunn tal for eit urapportert overfiske (sjå under), noko som er omstridt. Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45 % av total rapportert internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på nordaust-arktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket er 65-70 % av fangsten teken med andre reiskapar.

For perioden 2002-2005 er det i følgje Fiskeridirektoratet berekna eit årleg urapportert overfiske på 100 000 tonn. For 2006 var talet 80 000 tonn, i 2007 på 40 000 tonn og i 2008 på 15 000 tonn. Dette er ein kraftig nedgang i overfisket, noko som dels heng saman med innføringa av NEAFC sitt hamnestatsregime frå 1. mai 2007, aktivt bilateralt samarbeid og auka merksemd om problemet både i næring og opinion.

Utrekningsmetodar

Grunnlaget for utrekningane er toktresultat, årleg totalfangst (rapportert pluss berekna urapportert fangst) og prøvetaking frå fisket. Bestandsstorleik er talfesta gjennom ein «fangst ved alder analyse» styrt mot toktresultat for dei siste åra. Heile analysen er gjort med ulike modellar som i store trekk har gitt samstemte resultat. For tida er mengda urapportert fangst truleg den største kjelda til uvisse i resultata.

Bestandsgrunnlaget

Figur 4.2 syner utviklinga av totalbestanden sidan 1946. Bestanden minka frå 1993 til 1999. Den auka att fram til 2003, og var stabil i perioden 2003-2007, før ein fekk ei auke frå 2007 til 2009 (2009 er vist som ein prognose i figur 4.2). Ein viktig grunn til auken etter 1999 er truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria. Gytebestanden er i dag høg samanlikna med det han var i åra 1950-1990. Tidlegare kjønnsmodning er ein viktig grunn til dette.

Tilrådde reguleringar og avtalar for 2009

I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES bestanden til å ha god reproduksjonsevne, og at fisket er berekraftig.

ICES tilrådde ein kvote for 2009 (473 000 tonn, sjå tabell 4.2), i tråd med den sameinte haustingsregelen med ei grense på maksimalt 10 % endring av kvoten frå eit år til eit anna. Urapportert fiske vil undergrave dei måla som ligg bak haustingsregelen. ICES påpeika og at utøvinga av torskefisket må ta omsyn til behovet for vern av kysttorsk og behovet for redusert bifangst av uer. Etter ei totalvurdering av situasjonen i 2008 kom partane fram til ein kvote for torsk i 2009 på 525 000 tonn, ein auke med omlag 20 prosent, medan det normale skal vere inntil 10 prosent endring frå eit år til det neste. Bakgrunnen for denne avgjerda er at det Det internasjonale råd for havforsking (ICES) har vurdert bestandssituasjonen til å vere langt betre enn det som er lagt til grunn dei siste åra. Det er likevel eit sentralt punkt i årets avtale at partane i neste års forhandlingar skal vende tilbake til den vedtekne strategien.

Sjølv om kvoten på torsk er større enn haustingsregelen tilseier, så vil kvoten for 2009 likevel vere under føre-var-nivået. Basert på rådet frå ICES vil det fangstnivået ein er blitt einige om innebere at gytebestanden veks ytterlegare til 2010, og fiskepresset på bestanden er venta å verte det lågaste sidan 1991.

Den sameinte fangstregelen er svært viktig for å oppretthalde ei god forvaltning av denne bestanden. Regelen har ført til at fiskerikommisjonen har avtalt torskekvoten i samsvar med ICES sine råd for 2005 og 2006. I heile perioden 1998-2004 var kvotane høgare enn tilrådingane frå ICES, noko dei også var for 2007-2009. Avvika for 2007 og 2008 skuldast at kommisjonen og ICES nytta ulike tal for urapportert fiske når kvoten vart rekna ut på bakgrunn av forvaltningsregelen. I 2009 blei partane einige om auke kvoten på omtrent 20 %, sjølv om det føreligg ein etablert forvaltningsstrategi. Grunnlaget for dette var ICES si vurdering av bestandssituasjonen i år. Det er eit sentralt punkt i avtalen for 2009 at ein i 2010 skal tilbake til den vedtekne strategien.

Figur 4.2 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk torsk. Bestandsstorleiken i 2009 er usikker sidan dette er ein prognose med ei vurdering av kor stor fangsten vart i 2008

Figur 4.2 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk torsk. Bestandsstorleiken i 2009 er usikker sidan dette er ein prognose med ei vurdering av kor stor fangsten vart i 2008

Tabell 4.2 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk torsk sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Ingen gevinst ved å auke F681700740529
1996Ingen gevinst ved å auke F746700732572
1997Godt under Fmed< 993850762589
1998F < Fmed514654593386
1999Minka F til under Fpa360480485293
2000Auka SSB til over Bpa i 2001110390415241
2001Høgt sannsyn for SSB > Bpa i 2003263395426356
2002Minka F til under 0.25181395535498
2003Minka F til under Fpa305395552548
2004Minka F til under Fpa398486606654
2005Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer485485641602
2006Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer471471538579
2007Minka F til under Fpa , ta omsyn til vern av kysttorsk og uer309424487613
2008Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer409430650
2009Bruk haustingsregelen, ta omsyn til vern av kysttorsk og uer473525

4.2.2 Nordaust-arktisk hyse

Fisket

Hyse vert fiska gjennom heile året, i hovudsak som bifangst i trålfisket etter torsk, særleg når bestandsnivået er lågt. Historiske rapporterte årsfangstar har variert mellom 21 000 og 322 000 tonn sidan 1950. Gjennomsnittleg årsfangst er 125 000 tonn. Dei siste åra har Russland og Noreg stått for meir enn 90 % av landingane. Dei rapporterte fangstane i 2007 var 147 000 tonn. I dei seinare åra er det kjent at fisk som omlastas i ­Barentshavet underrapporterast. Storleiken på dette overfisket er usikkert på grunn av eit lite datamateriale, men har blitt berekna for åra 2002-2007 og utgjer minst 5-35 % av det rapporterte uttaket, avhengig av metode og data som ligger til grunn.

Utrekningsmetodar

I utrekningane av kor stor hysebestanden er har ein tradisjonelt brukt same reknemodell som for nordaust-arktisk torsk. Utrekningane er basert på fangststatistikken, men også tre seriar av indeksar (relative mål) frå forskingstokt inngår. Bestandsutrekningane tek også omsyn til den mengda hyse som torsken et. Dette reknar ein ut frå mageprøver av torsk.

Toktindeksane som inngår er botntrålindeks og akustisk indeks frå det norske toktet i Barentshavet i februar, og botntrålindeks frå det russiske toktet i Barentshavet i november/desember. Det har vore eit problem at området dekka av tokt har variert i ulike år. Særleg har dekkinga av russisk sone vore for dårleg i nokre år, og det har spesielt innverknad for den yngre hysa (1-3 år) som ofte har stor utbreiing i russisk sone. Likevel har vi god grunn til å rekne med at indeksane frå tokt fangar opp hovudtrekka i bestandssvingingane godt.

Bestandsgrunnlaget

Bestanden av nordaust-arktisk hyse var nede på eit svært lågt nivå i 1983-1984 (figur 4.3). Etter dette gav årsklassane 1982 og 1983 ein auke i bestanden, men dei svake årsklassane 1985-1987 førte til ein ny nedgang fram til 1990. Rekrutteringa vart seinare sterkt forbetra. Spesielt var 1990-årsklassen svært sterk, og den er, saman med 1950-, 1969- og 1983-årsklassane, ein av fire svært sterke årsklassar etter 1945. Frå 1998 ser det ut til at vi har kome i ein ny situasjon med meir stabilt god rekruttering. Alle årsklassane etter 1998 ser ut til å ha rekruttert godt til den delen av bestanden som overlever til 3-års alder, men 0-gruppe-undersøkingane av 2007 og 2008 årsklassen indikerer rekruttering under middels. Grunnlaget for ei svært positiv bestandsutvikling er framleis til stades, om bestanden vert forvalta etter vedtekne reglar.

Tilrådde reguleringar

I siste bestandsvurdering klassifiserte ICES bestanden til å ha god reproduksjonsevne og berekraftig fiskepress. ICES tilrådde ein kvote for 2009 på 194 000 tonn (tabell 4.3) i tråd med den sameinte haustingsregelen.

Dei totalkvotane som har vore avtalte mellom norske og russiske styresmakter har generelt sett vore over tilrådde kvotar i heile perioden sidan 1990 (tabell 4.3). Unntaka er 1997, 2003 og 2009. Utrekningane i 2008 vart rekna for å vere for usikre til å kunne bruke haustingsregelen som grunnlag for tilråding. Utrekningane er enno usikre, mellom anna på grunn av store mengder ikkje-rapporterte fangstar. I 2006, 2007 og 2008 vart det lagt fram dokumentasjon på ikkje-rapportert fiska hyse for åra 2002-2007, rekna til å ugjere minst mellom 9-35 % av rapportert fiska hyse. Meir spesifikt går noko av denne usikkerheita ut på om bestanden verkeleg er større no enn han var på 1990-talet som utrekningane viser (figur 4.3), medan tokta ikkje viser ein høgre bestand no enn på 1990-talet. Uansett så er det liten tvil om at bestanden er på eit høgt nivå, og etter ei totalvurdering vart tilrådinga for 2009 difor utarbeidd med bakgrunn i den sameinte haustingsregelen for hyse.

Figur 4.3 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk hyse 1950-2008

Figur 4.3 Utviklinga i bestand og fangst av nordaust-arktisk hyse 1950-2008

Tabell 4.3 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaust-arktisk hyse sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstarGytebestand
1995Ingen langtidsgevinst for F > Fmed122130142173
1996Ingen langtidsgevinst for F > Fmed169170178220
1997Hald F godt under Fmed<242210154203
1998Hald F under Fmed<120130101155
1999Minka F til under Fpa<747883123
2000Minka F til under Fpa<376269115
2001Minka F til under Fpa<668590142
2002Minka F til under Fpa<6485115159
2003Minka F til under Fpa<101101139197
2004Minka F til under Fpa<120130158220
2005Minka F til under Fpa<106117159254
2006Minka F til under Fpa<112120153242
2007Avgrens totalfangst<130155161277
2008Avgrens totalfangst<130150
2009Avgrens totalfangst<194194

4.2.3 Norsk-arktisk sei

Fisket

Utbyttet av seifisket nord for 62ºN var på 176 000 tonn i 2005, 212 000 tonn i 2006 og 197 000 tonn i 2007 (figur 4.5), medan gjennomsnittsutbyttet for 1960-2007 var på 162 000 tonn. Kvoten for 2008 vart fastsett til 247 000 tonn, medan samla utbytte vert på rundt 190 000 tonn. Noreg dominerer fisket (ca. 95 %), og det gjennomsnittlege norske utbyttet i perioden 1960-2006 var på 135 000 tonn. Dei ti siste åra har trålfisket stått for 40 % av dei norske landingane, not 25 %, garn 20 % og line, snurrevad og jukse 15 %.

Utrekningsmetodar

For sei nord for 62ºN brukar ein metoden XSA (eXtended Survivors Analysis) til å rekne ut bestandsnivået. I utrekningane inngår fangststatistikken (tal landa fisk fordelt på aldersgrupper), ein tidsserie med data for fangst per eining innsats frå trålfisket og indeksar for ulike aldersgrupper frå eit akustisk tokt.

Bestandsgrunnlaget

I april 2008 gjennomførte ICES nye bestandsutrekningar (figur 4.4). Seibestanden nord for 62ºN er i god forfatning. Låg utnyttingsgrad etter 1995 har verka positivt på rekruttering og utvikling i bestanden (figur 4.4). 1999- og 2002-årsklassene var gode, elles har rekrutteringa i seinare år vore middels eller lågare. Bestanden var på eit historisk høgt nivå i 2000-2005, men det er sidan registrert ein bratt nedgang i både umoden bestand og gytebestand. Indeksane frå kysttoktet hausten 2008 er om lag 30 % under 2007 nivået, og dei lågaste sidan 1991.

Tilrådde reguleringar

ICES klassifiserte bestanden til å ha god reproduksjonskapasitet og til å vere hausta berekraftig. Fiskedødsraten er stabil og har sidan 1995 vore under føre-var-nivået (F=0,35), og gytebestanden har sidan 1994 vore godt over føre-var-nivå (220 000 tonn). ICES evaluerte i 2007 den føreslegne haustingsstrategien (HCR) til å vere i tråd med føre-var-tilnærminga. For 2009 tilrådde ICES at utnyttingsgraden vart sett i høve til denne haustingsregelen eller lågare, noko som tilsvarer ein kvote for 2009 på 225 000 tonn eller lågare.

Havforskingsinstituttet støtta tilrådinga frå ICES og tilrådde at utnyttingsgraden i haustingsregelen vert sett tilsvarande utnyttingsgraden for maksimalt langtidsutbytte (F=0,32). Dette ville gje ein kvote for 2009 på 214 000 tonn.

Norske styresmakter har ved fastsetjinga av kvoten for 2009 på 225 000 tonn (tabell 4.4) lagt til grunn den nye haustingsstrategien med ei utnyttingsgrad på føre-var-nivå (F=0,35). Kvoten er 9 % lågare enn kvoten for 2008 men om lag 40 % over gjennomsnittsutbyttet for 1960-2007. Gytebestanden er venta å verte vidare redusert i 2009-2010 ved eit uttak på føre-var-nivå.

Figur 4.4 Utviklinga i bestand og fangst av sei nord for 62°N. Tala for 2009 og 2010 er prognosar

Figur 4.4 Utviklinga i bestand og fangst av sei nord for 62°N. Tala for 2009 og 2010 er prognosar

Tabell 4.4 Tilrådd TAC, fastsett TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av norsk-arktisk sei sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACFastsatt TACFangstarGytebestand
1995Ingen auke i F221165168388
1996Ingen auke i F158163171484
1997Minka F til Fmed eller lågare107125144495
1998Minka F til Fmed eller lågare1171451153591
1999Minka F under Fpa871442150612
2000Minka F under Fpa<891253136724
2001Minka F under Fpa<115135136807
2002Minka F under Fpa<1521624155936
2003Halde F under Fpa< 1684164160889
2004Halde F under Fpa< 186169162988
2005Halde F under Fpa< 215215177890
2006Halde F under Fpa<202193,5212927
2007Halde F under Fpa<249225197834
2008TAC i.h.t. HCR eller lågare<2472471905810
2009TAC i.h.t. HCR eller lågare<225225

1 TAC først sett til 125 000 tonn, auka i mai 1998 etter ekstraordinære bestandsanalysar.

2 TAC sett etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1998.

3 TAC sett etter ekstraordinære bestandsanalysar i desember 1999.

4 TAC først sett til 152 000 tonn, auka til 162 000 tonn etter bestandsanalysane i april 2002, opphavleg råd frå ICES for 2003 på 168 000 tonn følgjeleg redusert til 164 000 tonn.

5 Førebels tal.

4.2.4 Lodde i Barentshavet

Utrekningsmetodar

Totalbestanden av lodde vert målt akustisk kvar haust. Toktet er eit samarbeid mellom Noreg og Russland. Desse undersøkingane gjev eit overslag over mengda av lodde som er eitt år og eldre. Eit loddelarvetokt i juni (ikkje utført i 2006-2008) og undersøkingar av 0-gruppe under eit økosystemtokt i august–september gjev tilleggsinformasjon om rekruttering.

Frå og med 2005 vert bestandsutrekningane for lodda i Barentshavet utarbeidde av ei undergruppe kalla “Arctic Fisheries Working Group” i ICES. Gruppa møtest etter økosystemtoktet i august-september, og estimerer storleiken på loddebestanden. Bestandsestimatet frå dette toktet vert brukt direkte som mål for bestandsstorleiken, og prognosar og kvotetilrådingar vert rekna ut i spesielle modellar der også modning, vekst og naturleg dødsrate inngår. Estimata for naturleg død tek omsyn til mellom anna mengda og storleikssamansetjinga av torsk i Barentshavet, og kor mykje av loddebestanden ein meiner at denne torsken kjem til å ete. I det reknestykket inngår også temperaturen i dei områda torsken beitar på lodda, då dette påverkar kor fort torsken fordøyer lodda, og difor også kor mykje han kan ete. I prognosane tek ein omsyn til uvisse i dei ulike målingane og i føresetnadane som inngår.

Figur 4.5 Utviklinga i bestand og fangst av lodde frå 1973-2008

Figur 4.5 Utviklinga i bestand og fangst av lodde frå 1973-2008

Bestandsgrunnlaget

Figur 4.5 viser utviklinga i bestand og fangst frå 1973 til 2008. Biomassen til loddebestanden vart mykje redusert frå 2002 til 2003, og situasjonen må kallast eit bestandssamanbrot. I 2004 og 2005 held han seg på eit lågt nivå, men har sidan vore i vekst. Rekrutteringa har svikta dei siste åra, men teke seg opp etter 2004.

Samanbrotet i bestanden etter 2002 skuldast først og fremst to faktorar: Svake rekrutterande årsklassar (trass i stor larveproduksjon kvart år) og auka naturleg død. Samanbrotet skuldast ikkje fisket. Dei siste åra har det vorte målt store sildemengder (hovudsakleg 2002-årsklassen, men no også 2004-årsklassen) i det sørlege og austlege Barentshavet. Det er difor grunn til å tru at den dårlege overlevinga av loddelarvar i denne perioden kan henge saman med dette. Auka naturleg dødsrate for eldre lodde kan, i alle fall langt på veg, skuldast at ein veksande torskebestand beita på ein sterkt minkande loddebestand. Silda er no på det næraste ute av Barentshavet. Hausten 2008 vart det målt gode verdiar både for 0-gruppe og 1-åringar, og bestanden er i vekst.

Tabell 4.5 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og modnande bestand hausten før (tusen tonn) av lodde i Barentshavet sidan 1998

ÅrRåd frå ICES SSB=gytebestandTilrådd TACAvtalt TACFangstarModnande bestand
1998Ikkje fiske001932
1999SSB > 500 000 t< 79801051718
20005 % sannsyn for SSB < 200 000 t< 4354354102097
20015 % sannsyn for SSB < 200 000 t< 6306305752019
20025 % sannsyn for SSB < 200 000 t< 6506506591291
20035 % sannsyn for SSB < 200 000 t< 310310282279
2004Ikkje fiske000294
2005Ikkje fiske0211174
2006Ikkje fiske000437
2007Ikkje fiske0414844
2008Ikkje fiske010110

1 forskingskvote.

Reguleringar

Den modne delen av bestanden vart hausten 2008 målt til 2,5 millionar tonn, og basert på det fastsette Den blanda norsk-russiske fiskerikommisjonen ein totalkvote for vinteren 2009 på 390 000 tonn, i tråd med tilrådinga frå ICES.

4.2.5 Norsk vårgytande sild

Den vaksne bestanden av norsk vårgytande (NVG) sild er på årlege vandringar som dekkjer store deler av det nordlege Atlanterhavet. Gytinga i februar går føre seg på norskekysten i hovudsak frå Stad til Vesterålen. Beitevandringa frå mai til august er i havområda mellom Noreg, Færøyane, Island, Jan Mayen og Svalbard, medan overvintringa frå september til januar har skjedd i Vestfjorden, Ofotfjorden og Tysfjord frå tidleg på 1990-talet til 2001. Frå vinteren 2001/2002 til vinteren 2006/2007 endra dette seg og bestanden har i aukande grad overvintra i havet nord og nordvest for Vesterålen. Denne endringa er no fullført ved at heile bestanden overvintrar i havet. Bestanden har dermed endra vandringsmønsteret sitt og vil truleg halde fram med å overvintre i havet. Det er Noreg, Island, Færøyane, EU og Russland som fiskar på denne sildebestanden. Silda oppheld seg for det meste i norske farvatn, og Noreg er også største fiskerinasjonen.

Etter det totale bestandssamanbrotet på slutten av 1960-talet vart bestanden bygd opp att til det som kan kallast historiske nivå (figur 4.6). Oppbygginga gjekk sakte, og først rundt 1997 var fangsten tilbake på eit nivå som likna situasjonen før samanbrotet. I 2009 er gytebestanden rekna å vere om lag 12,6 millionar tonn.

Figur 4.6 Utviklinga av bestand og fangst av NVG-sild. Førebels fangst for 2008

Figur 4.6 Utviklinga av bestand og fangst av NVG-sild. Førebels fangst for 2008

Dei norske fangstane (tabell 4.6) vert tekne i overvintringsområda og på gytefeltet med varierande fordeling mellom dei to områda frå år til år. Russland fiskar det meste av sin kvote i norske farvatn, på gytefelta i februar og i havet mellom Svalbardsona og Troms i august–oktober. I 2008 fiska Island store deler av kvoten sin i islandsk og færøysk sone i mai-august og gradvis inn i internasjonal sone og seinare norsk sone i Norskehavet i løpet av hausten. EU og Færøyane har fiska på gytefelta og i Norskehavet. I år der det har vore sildeavtale har Island, Færøyane og EU også fiska i Jan Mayen- og Svalbardsona. Sjå også kapittel 5.1.10.

Rådgjeving

ICES har tilrådd eit fiske på 1 643 000 tonn for 2009. Bakgrunn for kvotetilrådinga er ein utnyttingsgrad som kyststatane (EU, Færøyane, Island, Noreg og Russland) vart einige om i 1999 (F= 0,125). Det vart semje mellom kyststatane om ein totalkvote på 1 643 000 tonn for 2009 og ei fordeling av den totale årlege fangsten. Dei vart også samde om å føre vidare utnyttingsgraden frå tidlegare i 2009.

Tabell 4.6 Fangst (tusen tonn) av norsk vårgytande sild 1997-2008

  199719981999200020012002200320042005200620072008
Færøyane6068,155,568,634,132,327,942,865,163,164,274,3
Island220,2197,8203,418677,7127,2117,9102,8156,5159,3176,6218,3
Noreg861743,9740,6713,5495487,2477,6477,1580,8567,8779,5961,6
Russland168,9124157,3163,3109113,8122,8115,9132,1120,8162,4193,1
EU116,489,278,5766047,243,255,668,859,582,597
Total1426,512231235,31207,4775,8807,7789,4794,21003,3970,512711544,3
Fastsett kvote1500130013001250850850----12801518

ikkje avtalt

Tabell 4.7 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og storleiken på gytebestanden (tusen tonn) av norsk vårgytande sild sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstGytebestand
1995Ingen auke i F513Ikkje avtalt9065023
1996Hald SSB over 2,5 millionar tonn-1Ikkje avtalt12176586
1997Hald SSB over 2,5 millionar tonn-1150014207941
1998Ikkje gå over haustingsregelen-2130012237360
1999Ikkje gå over haustingsregelen1263130012356944
2000Ikkje gå over haustingsregelen1500125012075926
2001Ikkje gå over haustingsregelen7538507764883
2002Ikkje gå over haustingsregelen8538508085131
2003Ikkje gå over haustingsregelen710Ikkje avtalt7896689
2004Ikkje gå over haustingsregelen825Ikkje avtalt7947500
2005Ikkje gå over haustingsregelen890Ikkje avtalt10037989
2006Ikkje gå over haustingsregelen732Ikkje avtalt97011 506
2007Ikkje gå over haustingsregelen12801280127111 613
2008Ikkje gå over haustingsregelen15181518154411 869
2009Ikkje gå over haustingsregelen1643164312 6003

1 Gytebestanden må haldast større enn 2,5 millionar tonn.

2 Må haustast innafor haustingsregelen.

3 Framskriving.

4.2.6 Nordsjøsild

Fiskeri

Noreg og EU forvaltar nordsjøsilda i fellesskap. Det finst nordsjøsild i Nordsjøen og Skagerrak-Kattegat (ungfisk). Fisket går føre seg i eit direkte fiske med ringnotfartøy og trålarar og som bifangst i industritrålfisket. Utviklinga i det internasjonale fisket frå 1960 er vist i figur 4.8. Fangsttala er henta frå sildearbeidsgruppa til ICES i 2009, og er ikkje heilt i samsvar med offisielle tal. Etter eit samanbrot i bestanden og stopp i fisket på midten av 1970-talet, auka fangstane jamt utover 1980-talet og nådde ein topp på ca. 890 000 tonn i 1988. Tidleg på 1990-talet var årleg oppfiska kvantum på 600 000-700 000 tonn. Dette førte til ei negativ utvikling i bestanden, og det vart tilrådd å avgrense fisket. Kvoten vart difor redusert og halden på eit lågt nivå i 1996-1997. Etter dette auka fangstane til 664 000 tonn i 2005. Deretter har fangstane gått ned til om lag 260 000 tonn i 2008.

Noreg og EU har ein avtale om forvaltning av nordsjøsilda frå 1998. Avtalen vart revidert i 2004. ICES har i dei siste åra åtvara mot ei negativ utvikling i bestanden, og sju år med dårleg rekruttering gav stor grunn til uro. Som følgje av dette, vart forvaltningsavtalen oppdatert i 2008. Den reviderte avtalen seier at fiskedødsraten for ungsild ikkje skal overskride 0,05, og ikkje over 0,25 for vaksen sild når gytebiomassen er over 1,5 mill tonn. Det er også avtalt ein reduksjon av fiskedødsraten når gytebiomassen er under 1,5 millionar tonn, men over 800 000 tonn. Avtalen har fastsett årlege endringar av TAC på +/- 15 %, nå gytebiomassen er over 800 000 tonn. Når forvaltningsregelen fører til ein gytebiomasse lågare enn 1,5 millionar tonn vert fiskedøden sett etter gitte formlar.

Den avtalte kvoten for vaksen sild til konsum i Nordsjøen (tabell 4.8) har lenge vore lågare enn kvantumet som vert fiska. Dei siste åra har dette kvantumet lege 10-15 % over kvoten, men auka i 2008 til nær 20 %. Dette kjem hovudsakleg av utstrekt feilrapportering. Det vil seie at det vert fiska nordsjøsild som vert rapportert som fangstar tekne i andre område. Bifangstane av småsild var tidlegare på eit svært høgt nivå (100 000-200 000 tonn). Dette fisket var i prinsippet uregulert. Etter innføringa av den nye ordninga vart bifangstane av småsild reduserte til under 20 000 tonn årleg.

Bestandsgrunnlag

Hardt fiskepress gjennom fleire år førte til at gytebestanden av nordsjøsild vart kraftig redusert i perioden 1989-1993: frå ca. 1,2 millionar tonn til ca. 470 000 tonn (figur 4.7). Fiskepresset på den vaksne delen av bestanden auka kraftig utover i 1990-åra, og det vart fiska store mengder småsild i industrifisket. Kvotane låg på eit jamt nivå, samtidig som bestandsnivået gjekk kraftig nedover. Dette førte til ei vesentleg dårlegare rekruttering til den vaksne bestanden enn det som skulle til for å halde storleiken på bestanden oppe med eit slikt fiskepress. Strenge reguleringar av både bifangstfisket og fangstar av vaksen sild vart innførte i midten av 1990-åra (EU-Noreg avtalen). Dette førte til ein auke i gytebestanden til ca. 850 000 tonn i 1998–2000. I dei neste åra steig gytebestanden til ca. 1,8 millionar tonn i 2004, men med ein reduksjon til under 1,0 millionar tonn (Føre-var-gytebiomasse=1,3 mill tonn) i 2007. Det er no teikn til ein mindre auke i gytebestanden i 2008 samanlikna med føregåande år, frå 0,995 millionar tonn til om lag 1,0 mill tonn.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild sidan 1960. Føre-var-nivået gjeld biomassen av moden nordsjøsild

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild sidan 1960. Føre-var-nivået gjeld biomassen av moden nordsjøsild

Rådgjeving

Etter innføringa av eit strengt forvaltningsregime (Noreg-EU) i 1998 vart det god vekst i bestanden. Først i 2002 vart den estimerte gytebestanden (biomassen) klassifisert til å vere over føre-var-nivået. På grunn av låg middelvekt og sein modning av 2000-årsklassen, fekk vi ein nedgang i gytebestanden fram til 2008. Det har vore ein serie av svært låge rekrutteringar frå 2001 til 2008. Førebels estimat av 2008 årsklassen tyder på at den er sterkare enn dei siste 5-6 årsklassane. Den sterke årsklassen frå 2000 er framleis godt representert i bestanden. Det er enno ikkje offisielt råd frå ICES, men signala tyder på at bestanden har redusert reproduksjonskapasitet og at fiskedødsraten er over avtalt mål. Forvaltningsstrategien Noreg og EU er samde om seier at F for vaksen sild ikkje skal overstige 0,25. For ungsild skal F ikkje overstige 0,05. EU og Noreg har dei siste åra vedteke kvoter som ligger over råda frå ICES. Dette kjem mellom anna av forvaltningsplanen som seier at kvoten skal reduserast med maksimalt 15 % frå år til år. I 2008 vedtok Noreg og EU likevel ein kvotereduksjon på 40 %. For 2009 heldt ein seg til råda og kvoten vart sett til 171 000 tonn i det direkte fisket og EU sin bifangstkvote til 15 985 tonn. I følgje avtalen har Noreg 29 % av totalkvoten for direkte fiske av sild. Eventuelle bifangstar i det norske industritrålfisket vert trekte frå denne kvoten. EU innførte i 1997 ein eigen bifangstkvote for industrifisket. Denne bifangstkvoten har ikkje vorte fiska opp.

Tabell 4.8 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordsjøsild frå 1995-2009

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACBi-fangst- kvoteTotal sildefangst IV, VIId3Gyte-­bestand
1995Langsiktig gevinst forventa med lågare F4291440510516
199650 % reduksjon av avtalt TAC11561156244207233
1997F = 0,2159115924175238
1998F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,1254125422268338
1999F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,1265126530290333
2000F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,1265126536284346
2001F(vaksen) = 0,2 F(ungfisk)< 0,2Scenarier26536296323
2002F(vaksen) = 0 2 F(ungfisk)< 0,1Scenarier26536304353
2003F(vaksen) = 0,25 F(ungfisk)=0,12Scenarier40052414450
2004F(vaksen) = 0,25 F(ungfisk)=0,1Scenarier46038484550
2005F(vaksen) = 0,25 F (ungfisk)=0,1Scenarier53550568639
2006F(vaksen) = 0,25 F(ungfisk)=0,12Scenarier45543490511
2007Få gytebestanden tilbake til Bpa innan 2008Scenarier34132361388
2008F(vaksen )= 0,17 F(juv)=0,08Scenarier20119228245
2009Ny forvaltningsregelScenarier17116
2010F(vaksen) = 0,15 F(ungfisk)=0,05Scenarier

Vekter i tusen tonn

1 Fangst i direkte fiske i IV og VIId

2 Revidert i juni 1996, ned frå 263

3 Landingar gitt av arbeidsgruppa (HAWG) og vil ikkje i alle høve korrespondere med offisiell statistikk

4.2.7 Makrell

Den nordaustatlantiske makrellbestanden består av tre gytekomponentar: sørleg makrell, vestleg makrell og nordsjømakrell. Vestleg og sørleg makrell er på eit relativt høgt nivå, medan nordsjøkomponenten framleis er på eit lågt nivå. Gytebestanden har auka med 40 %, frå 1,7 millionar tonn i 2002 til 2,5 millionar tonn i 2007. Bestandsmålingar vert utførte kvart tredje år, og i 2008 vart nordsjøbestanden målt til å vere berre 5 % av nivået på 1960-talet. Sidan 2001 har makrellfisket vore regulert i heile utbreiingsområdet.

Fisket

Fisket etter makrell føregår hovudsakleg i eit direkte fiskeri med snurpenot og trål. I Biscaya og utanfor Portugal vert makrellen stort sett teken som bifangst av trålarar. Det norske fisket føregår for det meste med snurpenot, men trål og tradisjonelle reiskapar som garn og snøre vert også brukt.

I byrjinga av 1990-åra auka dei internasjonale makrellfangstane frå ein stabil årsfangst på 600 000–650 000 tonn til over 800 000 tonn i 1993 og 1994. Dette førte til nedgang i bestanden, og fangstnivået måtte ned. Strenge reguleringar med lågare kvotar førte til at fangstane fall til høvesvis 563 000 og 573 000 tonn i 1996 og 1997 (figur 4.9). Dei viktigaste fangstområda er Nordsjøen (område IV), Norskehavet (område IIa) og vest av 4°V (områda VI og VII) (sjå figur 3.1).

Figur 4.8 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell. Fangst og gytebestand i 2008 og 2009 er predikerte verdiar

Figur 4.8 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell. Fangst og gytebestand i 2008 og 2009 er predikerte verdiar

I 2008 hadde Noreg ein disponibel kvote på 120 450 tonn makrell. Totalt vart det fiska 121 487 tonn, og over 99 % av landingane gjekk til konsum. Fangstfordelinga gjennom året fordelte seg på vanleg måte med mindre enn 0,5 % første halvår, 64 % i tredje kvartal og resten i fjerde kvartal. I 2009 er den norske kvoten på 190 822 tonn. Den internasjonale fangststatistikken for 2008 er enno ikkje klar.

Uttaket frå bestanden er større enn det som vert landa, i og med at det vert dumpa og sleppt makrell på feltet. Det fører til auka dødsrate. I og med at det nesten ikkje finst data for dette, kan det ikkje gjevast gode overslag over kor stort utkastet er. Analysar viser at dette uttaket har vore så stort at totalfangsten sannsynlegvis har vore minst 60 % høgare enn oppgjeve. Innan pelagisk sektor tyder tilbakemeldingar frå norske og samarbeidande lands kontrollstyresmakter på at det urapporterte fisket av makrell er sterkt redusert, spesielt dei siste åra. Ein har med eksperimentelle forsøk på fiskefeltet dei siste to åra kvantifisert neddreping grunna trenging av makrell før slepping. Denne dødsraten er potensielt mykje større enn tidligare rekna med. Frå norsk side vil det verte jobba grundig framover med problemstillinga for å redusere denne uønska dødsraten. Fangstane frå kyststatane er venta å verte tett på 500 000 tonn for 2008. Island har i tillegg rapportert fangstar på 112 000 tonn makrell i islandske farvatn i 2008. Men ICES har ikkje uavhengige kjelder som kan stadfeste artssamansetjinga i dei islandske fangstane.

Makrellen som vert fiska i Nordsjøen, Skagerrak og Norskehavet stammar frå tre gyteområde:

  • Nordsjøen

  • Sør og vest av Irland

  • Utanfor Portugal og Spania.

Makrell frå det sørlegaste gyteområdet vart inn til 1994 behandla som ei eiga eining. Norske og internasjonale merkeforsøk viser at makrell som gyt i dei sørlege og vestlege områda vandrar til Norskehavet og Nordsjøen for å beite etter gytinga. Vandringane til makrellen er altså så omfattande at fisk frå alle tre gyteområda vert blanda og fiska på i Nordsjøen, Skagerrak og Norskehavet i andre halvår. Det er uråd å skilje desse tre komponentane i fangstane. Difor vert makrellen forvalta som ein bestand, den nordaustatlantiske makrellbestanden. Utviklinga av bestanden og oppfiska kvantum sidan 1972 er vist i figur 4.9.

Gytebestanden vert målt ved eggtokt kvart tredje år, sist i 2007 i dei vestelege og sørlege gyteområda og i Nordsjøen i 2008. Desse gytebestandsmåla har til 2003 vore brukt som absolutte verdiar i utrekningane, men ICES har no nytta dei som relative verdiar. Eggtokta viser at gytebestanden har gått ned sidan 1998, medan dei innmelde fangstane ikkje er store nok til å gje ein slik reduksjon. Gytebestanden vert no berekna slik at ein nyttar trenden i gytebestanden frå eggtokta, slik at utrekningane passar med fangstane. Dette fører til ei anna oppfatning av bestandsnivået. Gytebestanden i 2003 og 2004 vart rekna til 1,7 og 1,9 millionar tonn, som er 40 % lågare enn det 2003- og 2004-gytebestanden vart rekna til når eggtokta vart nytta som absolutte verdiar. Den vestlege komponenten utgjer ca. 85 %, og nordsjøkomponenten har vore låg (1-5 %) heilt sidan han vart fiska ned på byrjinga av 1970-talet. På grunn av dei nemnde problema med fangsttala vert utrekningane av gytebestanden svært usikre. Gytebestanden vart vurdert til 2,9 millionar tonn i 2008.

Noreg, EU og Færøyane har sidan 1999 vore einige om at uttaket av bestanden skal tilsvare ein fiskedødsrate på 0,15-0,2 som tilsvarar eit årleg uttak på 14-18 % av gytebestanden. ICES tilrådde ein kvote for 2008 på inntil 456 000 tonn som tilsvarar F= 0,20 og er noko høgare enn Fpa = 0,17, men innanfor Noreg-EU-avtalen. Avtalen mellom kyststatane vart revidert hausten 2008. Til grunn låg eit omfattande forskararbeid for å kartleggje moglege reglar for kvoteberekning med tanke på fangstnivå, stabilitet og låg risiko for bestanden. Kyststatane er no einige om at dersom den samla fangsten ikkje fører til ein mindre gytebestand i kvoteåret enn 2,2 millionar tonn, skal fangsten svare til ein fiskedødsrate på mellom 0,20 og 0,22. Likevel skal ikkje kvoten endrast meir enn 20 % frå eitt år til det neste, sjølv om dødsraten då fell utanfor det vedtekne intervallet. Dersom slike fangstar fører til ein mindre gytebestand enn 2,2 millionar tonn skal mindre fiskedødsrate leggjast til grunn.

For å verne makrellen i Nordsjøen vert det framleis tilrådd å stenge den sørlege delen for makrellfiske heile året, og den nordlege delen i perioden februar–juli.

Tabell 4.9 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk makrell sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstGytebestand
1995Råd gitt for kvar gytekomponent6457562402
1996Betydeleg reduksjon av F4525642365
1997Betydeleg reduksjon av F4705702425
1998F = 0,15-0,2 (Noreg-EU- avtalen)4985496672334
1999F = 0,154375626162383
2000Fpa = 0,176426126752175
2001Fpa = 0,176656706872145
2002Fpa = 0,176946837271731
2003Fpa = 0,175425936171713
2004Fpa = 0,175455326111884
2005F = 0,204204225432352
2006F = 0,204874444292449
2007F = 0,205095005792231
2008F = 0,204564566002900
2009F = 0,226566052900

4.2.8 Sei i Nordsjøen og vest av Skottland

I dei siste åra har landingane i snitt lege rundt 110 000 tonn (figur 4.10). Fangstane frå vest av Skottland har i dei seinare åra utgjort ca. 9 % av totalfangstane. Ein reknar med at landingane frå Nordsjøen for 2007 er 100 000 tonn. Det er ca. 36 000 tonn mindre enn avtalt TAC. På grunn av låge kvotar og utkastpåbodet i EU-sona var det i 2000 og 2001 eit omfattande utkast av sei. I 2000 reknar ein med at det var eit utkast på meir enn 20 000 tonn, og i 2001 på 15 000 tonn. Den norske delen av totalfangsten dei siste ti åra har vore like over 50 %. Førebelse oppgåver for 2007 tyder på at norsk fangst i Nordsjøen, inkludert bifangst til oppmaling, har vore ca. 45 000 tonn. Dette er om lag 16 000 tonn mindre enn kvoten på 61 090 tonn. Av det norske fisket er det trålarflåten som tek mesteparten (om lag 80 %). Notfisket inkluderer også ungsei nær kysten. Noreg disponerer 52 % av totalkvoten i Nordsjøen.

Figur 4.9 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen og vest av Skottland. Tala for 2006 og 2007 er prognosar

Figur 4.9 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen og vest av Skottland. Tala for 2006 og 2007 er prognosar

Frå og med 1999 er det laga ei felles utrekning for seibestandane i Nordsjøen og vest av Skottland. Nordsjøbestanden er svært stor samanlikna med bestanden vest av Skottland, så alle utrekningar vert styrte av data frå nordsjøbestanden. Eit av dei største problema ved bestandsutrekninga er manglande rekrutteringsdata. Det vart sett i gang 0-gruppetokt på sei i 1999. Denne tidsserien viste seg å vere lite eigna og i 2004 vart det starta opp eit tokt på kysten som skal undersøkje to- og treåringar.

I byrjinga av 1970-åra var totalbestanden av sei i Nordsjøen og vest av Skottland opptil 1 million tonn. Han vart redusert til ca. 260 000 tonn kring 1990 (figur 4.9), for så å auke til vel 570 000 tonn i 2008. Gytebestanden, som i 1974 var på 555 000 tonn, nådde eit minimum på 99 000 tonn i 1991, men er no utrekna til underkant av 300 000 tonn i byrjinga av 2009. Både undersøkjingar og kommersielle data viser at 2004-årsklassen kan vere svært sterk. På grunn av stor uvisse både i VPA og rekrutteringsestimat er styrken imidlertid sett lik snittet på dei tre sterkaste årsklassane dei siste 20 åra. Det gjev eit meir konservativt resultat. Fiske­dødsraten har gått nedover sidan 1986, og er utrekna til å ha vore 0,25 (22 %) i 2007.

Det er gjort framlegg om at Bpa for sei i Nordsjøen og vest av Skottland skal vere 200 000 tonn (under dette nivået er det hovudsakleg produsert middels og dårlege årsklassar), og Fpa er sett til 0,40 (33 %). Gytebestanden har sidan 1997 hatt godt reproduksjonspotensial.

Tabell 4.10 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av sei i Nordsjøen/Skagerrak sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstGytebestand2
1995Ingen auke i F107107113136
1996Ingen auke i F111111110156
1997Ingen auke i F113115103195
1998Reduser F med 20 %9797100194
1999Reduser F til Fpa104110107204
2000Reduser F med 30 %758588191
2001Reduser F med 20 %878790213
2002F < Fpa135135116206
2003F < Fpa<176165102238
2004F < Fpa<2111190100280
2005F < Fpa<1501145112284
2006F < Fpa<123,31123117280
2007I samsvar med forvaltingsplan<123,8112394280
2008I samsvar med forvaltingsplan<137136112<300
2009I samsvar med forvaltingsplan126126

1 Forvaltninga av sei må sjåast i samanheng med tilstanden til bestanden av torsk.

2 Gytebestanden er kombinert for Nordsjøen og vest av Skottland.

ACFM har tilrådd at forvaltningsplanen som EU og Noreg er blitt einige om skal brukast (F=0,30). Dette tilsvarar ein fangst i Nordsjøen på 136 500 tonn. Noreg og EU vart einige om ein totalkvote på 135 900 tonn for 2008. Av dette kan Noreg disponere 70 668 tonn, der alt kan fiskast i EU-sona (sjå tabell 4.10).

4.2.9 Torsk, hyse og kviting i Nordsjøen

I botntrål- og snurrevadfisket til konsum tek ein ei blanding av torsk, hyse og kviting. Industritrålfisket og bomtrålfisket etter flatfisk fører til ein auke i dødsraten, særleg for dei yngre årsklassane.

Torskelandingane har falle frå 300 000 tonn i 1981 til ca. 24 000 tonn i 2007. Ein skal vere merksam på at det er utrekna at totalfangsten inkludert utkast og «svarte landingar» var ca. 44 000 tonn i 2007 (tabell 4.11). Norsk fiske i 2006 var på 2733 tonn, og landingane i 2007 ser ut til å verte om lag 3056 tonn. I 2007 vart omkring halvparten (~24 000 tonn) av all torsk som vart fiska kasta ut igjen. Målt i talet på så utgjorde dette om lag 80 %. Vi reknar med at lite av dette overlevde.

Årsfangstane (inkludert utkast) av hyse låg på kring 220 000 tonn i åra 1980-1986 og fall gradvis til eit nivå på 100 000–170 000 tonn i årsperioden 1991-2002 (figur 4.10). Etter dette har fangstnivået vorte ytterlegare redusert til kring 60 000 tonn. I 2006 vart det fanga 56 000 tonn, der 18 000 tonn vart kasta ut, medan det i 2007 vart fanga 63 200 tonn, der ca. 31 000 tonn vart kasta ut. Norsk fangst i 2007 var ca. 1800 tonn inkludert bifangst i industritrålfisket. Prognosen for utkast i 2009 er om lag 9000 tonn, medan den norske kvoten er 8685 tonn. Noreg disponerer 23 % av total TAC.

Utbytet av kviting har vore stabilt dei siste ti åra, men er monaleg lågare enn i perioden 1960-1980 (figur 4.10). Storbritannia tek om lag 80 % av totalfangsten. Dei norske landingane er hovudsakleg bifangst i industritrålfisket. Noreg hadde ein kvote på 1790 tonn i 2008. Førebels fangsttal indikerer at den norske fangsten vert rundt 129 tonn. Noreg disponerer 10 % av total TAC.

Gytebestanden av torsk vart redusert frå ca. 250 000 tonn i 1970 til langt under Blim , som er 70 000 tonn, sidan 1999. ICES var ikkje i stand til å rekne ut storleiken på bestanden fordi fangsttala for dei seinare åra er svært usikre, men alle metodar tilseier at gytebestanden framleis er godt under Blim . Grensa for god reproduksjonsevne (Bpa ) er vurdert å vere 150 000 tonn. Dagens fiskemønster fører til høg dødsrate for eitt- og toåringar, slik at berre ca. 15 % av eittåringane overlever til dei er tre år. 1996-årsklassen har vore sterk, men på grunn av stort fiskepress har det ikkje lukkast å få bygd opp att gytebestanden. Sidan 1997 har alle årsklassar vore svake eller middels, og årsklassane 1997, 2000, 2002, 2004 og 2006 er dei svakaste som er registrert. Det er difor ikkje venta at gytebestanden vil auke over 150 000 tonn i næraste framtid, sjølv om fiskedødsraten vert kraftig redusert.

Etter dei gode årsklassane 1999 og 2000 har det blitt lenger mellom dei gode, og berre 2005-årsklassen kan reknast som ein god årsklasse. Dei andre er til dels svært svake. Gytebestanden er i 2008 vurdert til å vere omlag 222 000 tonn, og såleis over Bpa på 140 000 tonn. Fiskepressnivået i 2006 vart vurdert til å vere 0,42. Dersom fiskepresset og utkastet ikkje minkar vil gytebestanden nokså snart hamne under Bpa .

Det er ikkje nok informasjon om kvitingbestanden til å vurdere gytebestand og fiskedødsrate. Dei fleste analysar indikerer at bestanden er på eit svært lågt nivå.

ACOM tilrår at det ikkje vert fiska nordsjøtorsk i 2009. Sidan ein fangar torsk i eit blandingsfiske, tilrår ICES at alle fiskeri der torsk er med vert regulerte, slik at det vert minimale bifangstar av torsk. Vidare bør det lagast og setjast i verk ein attreisingsplan for at gytebestanden av torsk kan vekse til over Bpa . Ein kan ikkje nå den nødvendige reduksjonen i fiskedødsraten berre ved å redusere TAC. Attreisingsplanen må innehalde tiltak for å hindre direkte fiske av torsk, redusere bifangst av torsk i fisket etter andre artar og hindre utkast og feilrapportering av torsk i alle fiskeri. Den vedtekne forvaltningsplanen for hyse (F=0,3) gjev ein fangst på omlag 54 000 tonn, der 44 700 tonn av dette er sett av til konsumlanding og 9000 tonn til utkast. For kviting bør konsumfangsten ikkje vere høgre enn 5900 tonn.

Noreg og EU er samde om desse totalkvotane for 2009: 28 798 tonn torsk, 42 110 tonn hyse og 15 173 tonn kviting (sjå tabellane 4.11, 4.12 og 4.13). Noreg disponerer 4896 tonn torsk, 8685 tonn hyse og 1517 tonn kviting. Alt kan fiskast i EU-sona.

Tabell 4.11 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av torsk i Nordsjøen sidan 19951

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangstGytebestand
1995Kraftig reduksjon i innsatsen12022973
199680 % av F(94) = 0,714113020477
199780 % av F(95) = 0,6513511517783
1998F(98) burde ikkje overstige F(96)15314018372
1999F = 0,60 for å byggje opp att SSB12513213959
2000F mindre enn 0,55< 79819645
2001Lågast mogleg fangst048,67633
2002Lågast mogleg fangst049,38239
2003Ikkje fiske027,37743
2004Ikkje fiske027,352Under Blim
2005Ikkje fiske027,352Under Blim
2006Ikkje fiske023,254Under Blim
2007Ikkje fiske019,963Under Blim
2008Ikkje fiske022,164Under Blim
2009Ikkje fiske028,7

1 Fangst inkluderer totalt estimert uttak i Subarea IV, Divisjon VIId og IIIa.

Tabell 4.12 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av hyse i Nordsjøen (ICES Subarea IV) sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangst m/utkastGytebestand
1995Kraftig reduksjon i innsats; blanda fiskeri120140147
1996Må ta omsyn til blanda fiskeri120154176
1997Må ta omsyn til blanda fiskeri114138190
1998Ingen auke i F100,3115128160
1999Reduser F(95–97)med 10 %7288,6111112
2000F mindre enn Fpa< 51,77310088
2001F mindre enn Fpa< 5861165241
2002F mindre enn Fpa< 94104101399
2003Ingen fangst av torsk0 torsk5276250-380
2004Blandingsfiske vurderingar0 torsk8565289
2005Blandingsfiske vurderingar926657302
2006Blandingsfiske vurderingar395255238
2007Blandingsfiske vurderingar55,45261289
2008Blandingsfiske vurderingar49,349,3222
2009Blandingsfiske vurderingar44,742,1

Tabell 4.13 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kviting i Nordsjøen (ICES Sub-area IV) sidan 1995

ÅrRåd frå ICESTilrådd TACAvtalt TACFangst m/utkastGytebestand
1995Kraftig reduksjon i innsats; blanda fiskeri8198231
1996Blanda fiskeri; ta omsyn til rådet for torsk6769201
1997Blanda fiskeri; ta omsyn til rådet for torsk7454172
1998Ingen auke frå 1996-nivået546040140
1999Minst 20 % reduksjon av F(95–97)40,44455140
2000Lågast mogleg fangst03055172
200160 % reduksjon av F(97–99)19,43043193
2002F ikkje større enn 0,37< 333240184
2003Ingen fangst av torsk0 torsk1638150
2004Ingen fangst av torsk0 torsk1625129
2005Ingen fangst av torsk0 torsk28,522105
2006Ingen fangst av torsk<snitt 2002-2004=17,323,82995
2007Ingen fangst av torsk<snitt 2003-2005=15,123,878
2008Ingen fangst av torsk<snitt 2004-2006=15,117,960
2009Ingen fangst av torsk< 11,015,2
Figur 4.10 Utviklinga i fangst av torsk, hyse og kviting i Nordsjøen, Skagerrak og Kanalen

Figur 4.10 Utviklinga i fangst av torsk, hyse og kviting i Nordsjøen, Skagerrak og Kanalen

4.2.10 Kolmule

Kolmulebestanden i det nordaustlege Atlanterhavet består truleg av to hovudkomponentar; ein nordleg som har si utbreiing i Norskehavet og sørover til sørvest av Irland, og ein sørleg som held til i Biscaya og vidare sørover mot Gibraltar og Nord-Afrika. Det er uklårt kor mykje desse komponentane blandar seg under gyting og beiting, difor vert all kolmule sett på som ein felles bestand i bestandsutrekningane og rådgjevinga i ICES. Hovudfisket føregår om våren på gytefelta langs eggakanten vest av Dei britiske øyane og ved Færøyane. Noreg opererer her med ringnotsnurparar utstyrte for flytetråling. Fangst av kolmule har òg føregått på beiteområda i Norskehavet om sommaren, også då med flytetrål. Elles tek industritrålflåten kolmulen gjennom heile året i Norskerenna.

Internasjonal fangststatistikk frå 2008 er enno ikkje ferdig, men fisket er venta å verte om lag 1,2 millionar tonn (figur 4.11). Den norske flåten fiska om lag 417 000 tonn kolmule i 2008. Kolmuletrålarane tok den største delen av fangsten, om lag 78 %, resten vart fiska av industritrålarane i Nordsjøen og langs kysten nordover. Noreg sin del av totalfangsten i 2008 var om lag 34 %.

Etter ein svært langvarig forhandlingsprosess vart kyststatane (Noreg, EU, Færøyane og Island) den 16. desember 2005 samde om forvaltninga og fordelinga av kolmule frå 2006 og framover. Dette gav ein totalkvote på 2,0 millionar tonn i 2006. Målet er at gytebestanden skal vere større enn føre-var-grensa (2,25 mill. tonn) og at fiskedødsraten skal verte mindre enn føre-var-grensa (0,32). Inntil desse måla er nådde, skal totalkvoten reduserast med minst 100 000 tonn kvart år.

Tilrådinga frå ACFM for 2009 var eit samla uttak på maksimalt 384 000 tonn, slik at fiskedødsraten ikkje overstig føre-var-grensa. Dersom den føreslegne to-års nedtrappings-forvaltningsplanen som senka F til Fpa i 2011, vart vedteken, kunne ein fiske 408 000 tonn. Etter tunge forhandlingar der problemet var den store nedgangen i kvote, vart partane einige om ein totalkvote på 590 000 tonn. Det vart også semje om ei nedtrapping til Fpa i 2011. Etter overføringar kan norske fartøy fiske 231 973 tonn kolmule i 2009. Totalkvoten i 2009 er langt større enn tilrådinga, og venteleg kjem fiskedødsraten over grenseverdien. Berre god rekruttering kan halde oppe bestanden og fisket. Slik det ser ut no er årsklassene 2005, 2006 og 2007 alle svake. Det er uråd å unngå sterk nedgang i bestanden dersom rekrutteringa ikkje vert høgre og uttaket held fram med å overstige tilrådingane frå ICES. Gytebestanden kjem etter dette med stort sannsyn under Bpa i 2009, og det vil redusere tilrådingane ytterlegare for 2010.

Figur 4.11 Utviklinga i bestand og fangst av kolmule

Figur 4.11 Utviklinga i bestand og fangst av kolmule

Fotnotar

1.

pa = precautionary approach = føre var

Til forsida